Vikebygd kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Vikebygd kyrkje
FylkeRogaland fylke
KommuneVindafjord kommune
ProstiNordre Ryfylke
BispedømmeStavanger bispedømme
Koordinater59.591325,5.586922
FellesrådVindafjord kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121400301
Soknekatalognr07100103
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Soknet vert først nemnt i 1315 og vert då kalla Vikøar sokn i Aalfjorden. Rekneskapane for kyrkja er kjende frå 1615 og det har då venteleg stått ei stavkyrkje i Vikebygd. Denne kyrkja har truleg lege der som den gamle kyrkjegarden i Vikebygd ligg. Ho vart riven i 1682 då det vart oppført ei tømmerkyrkje på same staden. Tømmerkyrkja vart riven og materialane selde i 1873. Ei ny kyrkje i lafteplank var oppført av byggmeister O. Vangberg lengre nede ved fjorden. Ho vart vigsla 16. oktober 1872 av biskop Birkeland. 1800-talskyrkja vart råka av lynnedslag og brann ned 16. april 1926. Den neste kyrkja, som også vart plassert ved fjorden, var ei bindingsverkkyrkje inspirert av stavkyrkjearkitekturen. Kyrkja var teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker og vart vigsla 11. juli 1928 av biskop Hognestad. 8. desember 1930 brann også denne kyrkja ned og den noverande kyrkja vart oppført, også denne teikna av Alvsaker. Ho vart vigsla i 1937 av A. Fleischer. Det er ei murkyrkje som ligg plassert omlag 70 m opp frå kyrkjestaden ved sjøen, ved den gamle kyrkjegarden og kyrkjestaden, men på hi sida av vegen.

Mellomalderkyrkja †

Dei skriftlege kjeldene gjev følgjande opplysningar om mellomalderkyrkja som truleg har vore ei stavkyrkje.

Bygningen

Kyrkja har truleg hatt rektangulært forma skip og smalare, rett avslutta kor. Det har vore våpenhus og tårn og det er nemnt ein sval på nordsida av kyrkja. Mål for kyrkja manglar i kjeldene, men i 1646-47 vart kyrkja avstiva ved at to tre, 25 alner lange, mest 15 m, vart sette inn "Langs igiennem Kirchen". Kjeldene nemner tak over "hoffuedt Kirchenn".

Vegger. På 1600-talet har veggene i kyrkja vore bordkledde utvendes. Koret har truleg hatt rett avsluttning i aust, utfrå opplysningar i rekneskapane om bordkledning og vindauge i den austre gavlen.

Dører. Det vart laga ei "drøbsschie" framfor kyrkjedøra i 1639-40, i 1653-55 vart det laga eit dørjarn.

Vindauge. Rundt 1660 vart det laga fem nye vindauge til kyrkja. Det er uklart om dette var fornying av eksisterande vindauge, eller om det vart teke ut nye lysopningar i veggene. I synfaringa frå 1661-65 vert det peikt på at det må lagast nye luker eller lemmar framfor vindauga, det går fram at det er fleire vindauge på sørsida i skipet og aust i gavlen, i 1668-70 er det kjøpt og innsett tre nye vindauge "udj Corit paa den østre Ende", medan nordveggen i kyrkja har eitt vindauge (RA, rentekam., rekn., PK 46).

Golv og fundament. Kyrkja hadde bordgolv på golvåsar. I 1662-64 er det brukt tre tylfter "Kiøbmands Bord" til utbetring av golvet.

Tak. Kyrkja har hatt sperretak med sutak tekt med spon. I 1618-20 vart sutaket oppattnya med fire tylfter gode "Saugebord" og samstundes vart "denn gamble spaan" forbetra med 5600 spøner. I 1621-23 er det nemnt sutak over "hoffuedt Kirchenn". I 1659-61 er det brukt sju sperrer inne i koret, 12 alner lange, og 12 kne som er brukte "j bindingerne i Corit".

Himling. Kyrkja har på 1600-talet truleg hatt loft. I 1665-67 er det brukt ein del bord, mellom anna til "Lemmen, inde i Kirchen". Alternativt kan dette gjelda eit galleri.

Tårn. Tårnet har truleg vore vest i skipet, ettersom det i rekneskapane er snakk om "Sutaget vnder taarnet". I 1627-29 vart det bygt nytt tårn. Tårnstavane var 12 alner lange og ein fot breie og tjukke. Vidare vart det brukt to tylfter 12 alner lange bjelkar og åtte tjukke 12 alner lange bjelkar, tre tylfter ni alner bjelkar og eit 24 alner langt spir. Det vart brukt ei tylft ni alner lange bjelkar til sperrer. Kåpa på tårnet vart tekt og tårnet bordkledd. Til kledning vart brukt 9 ½ tylfter "Kiøbmands bord". Tårnet vart tjørebredt. Arbeidet skjedde under leiing av ein byggmeister som brukte seks veker og tre dagar på nybygget. Alt i 1665-67 vart dette tårnet reve ned. Det var då "aldeelis til Needfaldz" og eit nytt tårn vart bygt opp.

Tilbygg. I 1621-23 vart ein sval vølt, i 1624-26 vart det kjøpt tre "staffuer, som stander i Vdsualen", kvar tre alner lang. i 1630 vart det bygt ein ny sval, til denne vart det brukt ni stavar på fire alner, ti sperrer på 4 ½ alen, to "Baand som holder Sualen till Kirchenn" og to 24 alner lange tre til naglar og ein svill. Til sutaket vart brukt fem tylfter kjøpmannsbord. Det er elles nemnt bindingsverk i våpenhuset.

Inventar

Altar. Altaret har hatt dør med lås.

Altartavle. Fløy av katekismetavle, udatert, på Bergen Museum (BM NK 5). Den eine lange rammedelen manglar. Fyllinga er sett saman av to bord, det eine er sprukke. Fyllinga er 109 x 51,2 cm, med ramme 119 x 64,5 cm. Ramma er laus i tre delar og det eine fyllingsbordet er sprukke. Ramma har profil mot for fylling og profil på begge sider mot fyllinga. Fyllinga har innskrift i gul fraktur på raudbrun botn på begge sider. På det som må ha vore innsida står dei ti bodorda: Oc gud talede alle disse ordt: ...., på den andre utsida er det andre sitat frå Exodus 20, truleg versa 22-23, og frå vers 4. Ramma er mørk grøn med lysare renessanseornament.

Altarring. Det er i 1630-32 laga ein skammel til bruk framfor alteret.

Døypefont †. Døypefont av kleber. Fonten stod i kyrkja frå 1872. Fonten hadde rund kum, 47 cm i ytre diam. og 39 i indre, 30 cm høg. Skaftet var sylinderforma og avslutta med ring øvst og nederst, 21 cm høgt. Jamnt utskråna fot med tverrmål tilsvarande kummen og 29 cm høg. Bendixen omtalar fonten i samband med kyrkja frå 1872. Han tidfester fonten til romansk tid. (Bendixen 1904, s. 155).

Preikestol. I 1630-32 vart det laga ein skammel til bruk i preikestolen.

Benker og faste stolar. I 1636-38 vart det betalt for ein ny stol i kyrkja. Kyrkjegolvet under "Mandfolchstoelene" vart utskft i 1665, det har då truleg vore benker på sørsida for menn og på nordsida for kvinner.

Galleri. Det er nemnt lem i kyrkja og det er uvisst om dette var loft eller galleri.

Rituelle kar. Kalk og disk. I 1653-55 vart kalken og disken utbetra med sølv og forgylling. I inventarlista frå 1659-61 har kyrkja følgjande rituelle kar: ein kalk og disk av sølv og eit dåpsfat (”Bækken”).

Parament. I 1673 vart det laga ein ny altarduk av seks alner lerret. Kyrkja hadde ifølgje inventarlista frå 1659-61 eit kvitt altarklede, ein messehakel og ein messeserk.

Klokker. I samband med at det vart bygt nytt tårn i 1627-29, vart ei klokke i kyrkja send til København og omstøypt. Presten Daniell Pittersen la ut for støypelønna.

Møblar. Det går fram av rekneskapen for 1618-20 at kyrkja hadde eit skap med lås.

Etter rekneskapen for 1673 står det innført i kyrkjestoleboka at kyrkja sin beholdning skal "lefueris till Sognepresten till hielp till samme Kirchis Bygning af ny, efftersom den wed ingen reparation Kand hielpis, mens will endelig forderligst af ny opbyggis, huortil Almuen Thømberit har belofuit att forære". Kyrkja vart nedbroten i 1682.

Tømmerkyrkja frå 1682 †

Tømmerkyrkja vart truleg oppført på den same staden som mellomalderkyrkja hadde stått, og stod på den gamle kyrkjegarden som ligg omlag 70 meter frå sjøen.

Ålmenta og presten Peter Heltberg gav det meste av tømmeret til den nye kyrkja, resten vart innkjøpt av kyrkja sjølv og dette er opprekna i rekneskapen for 1680-81 og 1682, i 1682 er det også opprekna kva Peter Heltberg har lagt ut for. Kyrkja betalte primært for sperreverk og tårnmaterialar og materialar til våpenhuset. Dei materialane presten kosta vart kjøpte hjå Hans Andersen Aarwiig, Anders Schatland og Colben Fadzell. Smeden Hans Øe leverte spikar og boltar til kyrkja. 12 vindaugskarmar vart laga av Rafuns Snekkar. "Glasmageren" har stått for spikar og anna "till winduerne at beslaa" og Tomis smed har laga lange jarn til vindauga og eitt lås til den store kyrkjedøra. Den nye kyrkja vart bordkledd og tjørebredd, og det vart laga lemmar eller luker framfor vindauga.

Fjeldberg hovudkyrkje med Eid, Ølen og Vikebygds anneks vart ved kyrkjesalet i 1723 seld til Her Erland Michelsen for 470 Rdr. Croner. Skøyte for kyrkja er innført i kyrkjestolebok l.nr. 131.

Kyrkja vart oppført i 1682 av "Johannes Øffre-Mielde, Olle Bysem et Consortes" (Stiftsskrivarrekneskapen). Kyrkjebyggjarane har samstundes hatt synfaring på Skånevik kyrkje og på "Dahle Schoug, huor en deel Tømmer bleff huggit".

Det har vore problem med stabiliteten i bygningen, og i 1720-22 har "Stifftschriveren Betalt til 4 Kirche Bøggere som opschrude kirchen Saasom dend gandsche hafde forschudt Sig, saa og bebundet Taarnet. Opsadt 6 Knæer med Roed 3 paa huer Side udj Kirchen, for at KircheVeggen iche schulle forschyde Sig, [...] 6 Oplenger uden paa Kirche Væggen [...] 2 Krydsbaand, det eene Bag alteret, og det andet ved Kirchedørren ligeledes at tiltreche vægene som hafde forskudt sig [...] 18 store Bolter og 12 Hage Spiger, som Blef igiennemSlagne de 6 Knæer og oplenger".

Kyrkja var ei tømmerkyrkje "med eet lidet Taarn paa" (Synf. 1686) – truleg ein takryttar. Skipet var rektangulært, men kort i forhold til breidda, koret smalare og rett avslutta. Våpenhus "af Stave".

I synfaringsforretninga frå 1686 er måla på kyrkja oppgjevne slik: Skipet var 19 alner langt og 16 alner breitt, koret 10 alner langt og 11 alner breitt, våpenhuset var seks alner i kvadrat. Ved synfaringa frå 1721 skil måla seg som vanleg noko frå desse. Skipet vart då oppgitt å vera 18 alner langt og 14 alner breitt, koret var ni alner langt og 10 alner breitt, våpenhuset fem alner langt og 8 ½ alen breitt.

Bygningen

Vegger. Veggene i kor og skip var tømmervegger, i våpenhuset reisverk. Kyrkja var bordkledd utvendes og tjørebredd.

Korskilje. Følgjande opplysning finst om korskiljet i kyrkja: "Herforuden schall Sognepresten hafue under arbeid at Lade afdeele Chorit med Bord och Pillere som hand self vill Bekoste." (Sokneprest Heltberg sin rekneskap 1690, nedskreven av stiftsskrivar Herman Garmann.)

Vindauge. Då kyrkja vart bygd vart det laga 12 vindaugskarmar. Vindauga har vore avstiva med lange jarn og utvendes dekte med lemmar eller luker som gjekk i "trechRender" (1720-22). Det har vore eit vindauge eller ein opning med luke i brystet der ein har teke inn stegane.

Golv. Kyrkja har hatt bordgolv på golvåsar. I 1708-10 vart det lagt nytt golv i våpenhuset av "udschaat Bord og Tilaaser".

Tak. Kyrkja har hatt sperretak med hanebjelkar og har vore tekt med sutak. Nytt tak på sørsida av skipet alt i 1687-89. Nytt tak på nordsida i 1690-92. Det er lagt to renner mellom skipet ("HofuidKirchen") og våpenhuset i 1690-92, 7 alner lange, "Huormed hafdes megen Vmage, Formedelst bordtagetz nedtagelse och igien opleggelse". Takskjegget har truleg vore underkledd med bord, i 1705-07 er det såleis lagt "5 Brede Bord opunder Kirchetaget imellem Veggen”.

Himling. I 1689 vart det lagt nytt loft over koret og skipet, eit arbeid som tok seks veker.

Tårn. Tårn og tårnhue var bordkledd. Tårnhua har truleg vore pyramideforma, ettersom det i 1717-19 vart utført vølingsarbeid på "Taarnhuens Østre Side".

Tilbygg. "Udkirchen" er nemnt i 1690-92, dette kan vera våpenhuset.

Inventar

Altartavle. a) Katekismetavle, sjå Mellomalderkyrkja. b) "j Ny schildret altertafle given af Sognepresten og almuen Anno 1704" (Inventarliste 1696-98). Dette er truleg den altartavla som Bendixen beskriv i samband med kyrkja frå 1872. "Paa den øvre taarngang, der bruges til folkebibliothek, findes hele midtpartiet af den gamle alteropsats. Øverst er malet Kristus med korsfanen i glorie (opstandelsen). Hovedbilledet fremstiller Kristus paa korset, mellem Maria og Johannes, paa siderne, men langt tilbage de to røvere, i baggrunden Jerusalem, ved korset spyd og stang med svamp, ved Johannes en halvbueformet figur, længre borte et skelet, og ved korsets fod hjærneskal og knogler. Nederst er malet Nadveren med indstiftelsesordene. Mellem disse felter og paa siderne af dem gaar en bred rand med blomster." (Bendixen 1904-1913, s. 155.)

Døypefont. Sjå mellomalderkyrkja.

Preikestol. Preikestol nemnd i 1711-13 då ein har vølt foten under preikestolen.

Benker og faste stolar. Ved synfaringsforretninga i 1686 var det berre to benker, ein på kvar side i kyrkja, og det vart påpeikt at ålmenta måtte kosta nye benker (”stolle”). Det mangla då også benker i våpenhuset. I neste rekneskapsbolk er det oppført 11 nye benker på kvar side. I 1693-95 er det meldt at kyrkja har laga benker framfor benkene – langs midtgangen – som ungdommen skal sitja på.

Rituelle kar. Kyrkja hadde ein liten forgylt kalk og disk. i 1711-13 er vekta oppgitt til 15 Lod og ½ quintin. Kalk og disk vart selde i 1873. Dåpsfat. Eit stort bekken av massing som fanst i kyrkja frå 1872. Etter Bendixen var bekkenet utan ornament (1904-1913, s. 155).

Parament. Ein kvit altarduk (Inventarliste 1696-98). Messehaklar. a) Ein gammal raud messehakel som var kommen frå Fjellberg kyrkje (1690). b) Messehakel av "sort Trip med Crucifix", kjøpt i 1709. Messeserk. Kyrkja hadde i 1690 to messeserkar, den eine gammal.

Lysstell. Rundt 1690 har ålmenta gjeve eit par lysestakar til kyrkja som før det ikkje hadde lysestakar. Etter Bendixen hadde "De to dreiede messingstager ... en eiendommelig form, med en stærkt udspringende og skraanende fod, og derover en kugle, langstragt stilk, lysplade og pig, 35 cm høie".

Klokker. a) "j forliden Kloche i Tornet" er nemnt i 1690. b) Ny klokke 1833. Denne hang også i kyrkja frå 1872. Etter Bendixen var ho 35 cm høg og 44 cm i tverrmål, av bronse, "nederst med 3 trappetrinslignende afsatser, i øverste kant gaar et baand med halvkredse rundt klokken og længere nede en indskrift i to linjer og med latinske uncialer omkring klokken: "Giuten i Gøtheborg hos A. Øfversstrøms Enka. Af O.A. Brandtberg 1833"; nedenfor de 3 omtalte afsatser gaar igjen det samme baand med halvkredse, omtr. 3 cm. bredt."

Bøker. I år 1700 vart det kjøpt ei salmebok in octavo.

Kyrkja frå 1872†

Bygningen

Kyrkja var ei langkyrkje med tredelt skip under saltak, smalare kor med brotne hjørne i aust under saltak med valming. Sakristi og dåpsventerom på sidene av koret. I vest hadde kyrkja tårn med kvadratisk plan, inntrekt klokkehus toppa med inntrekt åttekanta hjelm. Kyrkja hadde 380 sitjeplassar. Kyrkja var oppført i lafteplank, kledd med liggjande panel og kvitmåla.

Vegger. Kyrkja hadde lafta vegger i skip og kor. Veggene var bordkledde utvendes med liggjande, sulagt panel. Innvendes stod tømmerveggene utan kledning. Veggflatene var brotne av tre høge vindaugsopningar på kvar av langveggene i skipet og på dei skråstilte veggflatene i koret. Sideskipa var skilde frå midtskipet ved firkanta midtromsstolpar med avfasa hjørne. Stolpane med sidestilte kne, støtta opp under langsgåande bjelkar i overgangen mellom himlingane i sideskip og midtskip.

Dører. Kyrkja hadde enkle fyllingsdører med liggjande rektangulære fyllingar. Hovudinngang vest i tårnet overdekt med lite saltak på konsollar.

Korskilje. Koret opna seg mot skipet i mest full breidde og høgde ved ei rundboga opning markert med listverk toppa med ein kross mot skipet. Nede var opninga utfylt med brystning med balustrar over fyllingar. Brystningane var avslutta ved meklarstolpar som flankerte trappestega mellom skip og kor.

Vindauge. Vindauga i skipet og i koret var høge, smale og dekte med trekant. Vindaugsflatene var oppdelte med sprosser. Mindre vindauge med same form i kortilbygga og i tårnet.

Golv. Kyrkja hadde bordgolv. Golvet i koret låg to steg høgre enn golvet i skipet.

Tak. Saltak over skipet, saltak med valming mot aust over koret. Valma tak over kortilbygga. Taket var kledd med panner.

Himling. I midtskipet var himlinga tønnekvelva, i sideskipa flat. Koret hadde tønnekvelv med tre stikkbogar mot aust. Himlingane var panelte med liggjande panel.

Tårn. Kyrkja hadde firkanta tårn i bindingsverk i fire høgder, klokkerommet i femte høgda var inntrekt og avslutta ved inntrekt åttekanta hjelm toppa med kule og kross.

Tilbygg. Sakristi og dåpsventerom var bygde til i hjørna mellom kor og skip.

Interiør

Kyrkja hadde døypefont på nordsida i koret og preikestol aust i skipet med oppgang frå sørsida i koret. Benker på sidene av midtgangen. Tverrgalleri i vest. Himlingane var etter Bendixen kvite, veggene lyse, benkene gule og søylene brune. Over korbogen var det måla (?) ein kross med kløverbladarmar. (Bendixen 1904-1913, s. 154.)

Inventar

Altar. Kasseforma altar med brotne hjørne.

Altartavle. a) Tavle frå 1704, sjå kyrkja frå 1682. b) Einetasjes altartavle med rundboga nisje i plant felt flankert av kannelerte søyler som bar topplist og gavlforma toppstykke flankert av mindre gavlar, alle tre avslutta oppe ved gylte krossar. I midtgavlen var måla eit halvt solmotiv. Framfor nisjen ein kopi i gips av Thorvaldsens Kristus.

Altarring. Runda altarring med stoppa knefall og balusterrekkverk.

Døypefont. Sjå mellomalderkyrkja.

Preikestol. Preikestolen hadde åttekanta form og faga hadde rektangulære fyllingar i rammer. Skålforma botn som kvilte på åttekanta stolpe. Preikestolen var gulmåla med brun staffasje.

Benker. Benkene hadde svungne, bakoverlente vangar, skrå salmebokylle, og opne ryggar. Gulmåla.

Galleri. Tverrgalleri med boga framspring vest i skipet.

Orgel. Landrog, 1912. Orgelet hadde sju stemmer fordelte på to manualar og anhengspedal. (Kolnes, 1993.)

Skulptur. Kopi av Thorvaldsens Kristus i gips, sjå altartavle.

Rituelle kar. Kalk og disk nye i 1872, kalken hadde ein kross i relieff på kupa (Bendixen).

Parament. Altarduk, med "sømmet bord". Messehakel "af rødt fløyel har gyldent kors med straaler i armenes vinkler" (Bendixen).

Lysstell. Altarstakar. Sjå kyrkja frå 1682.

Klokker. To klokker i tårnet. a) Klokke frå 1833, sjå kyrkja frå 1682. b) Stålklokke støypt i Bochum i 1872, h. 59 cm, diam. 75 cm (Bendixen).

Diverse. Skip. Det hang ein skipsmodell, ein tremasta fregatt, frå lemmen. Skipet hadde eit stort segl på bakmasta og bar innskrifta: ”Skibets navn er fregaten den Torn(?). Torbjørn Trondsen Ø(vre)vik” (Bendixen).

Kyrkja frå 1928†

Den neste kyrkja som var oppført i prestegjeldet var Vestre Vikebygd kyrkje i 1926. Kyrkja heiter no Førde kyrkje og ligg i Sveio prestegjeld. Austre Vikebygd kyrkje vart oppført att i 1928 etter teikningar av arkitekt Torgeir Alvsaker. Kyrkja vart vigsla 11. juli 1928 av biskop Hognestad. Ho brann ned 8. desember 1930.

Kyrkja var ei treskipa langkyrkje i tre med høgre midtskip og inspirert av stavkyrkjearkitekturen. Kyrkja hadde rektangulær plan, men inngangspartiet i vest og det apsidale altarparti i aust stakk ut frå grunnforma. Nord for koret var det venterom for dåpsborn, sør for koret sakristi. I vest hadde kyrkja våpenhus med trapper rundt hjørna i nordvest og sørvest. Våpenhuset utgjorde første høgda i vesttårnet. Kyrkja hadde omgang dekt av pulttak og spisse saltak over inngangar og skip og kor.

Veggene var i reisverk med mellomstolpar. Sideskipa var skilde frå midtskipet ved rundboga arkaderekker avstiva ved andreaskrossar. Kyrkja hadde hovudinngang i vest med sideinngangar til trapperromma og inngangar i sør og nord ved austenden i skipet. Dørene var rundboga. Omgangen og apsiden hadde samanhengande rekkje av låge vindauge men kløverbladforma lysopning inndelt ved sprosser. Over omgangen i triforiehøgd var det trekopla større vindauge med same form. Taket var eit sperretak som bar åsar som underlag for ytterkledninga. Tårnet var fikanta med åttekanta hjelm avslutta ved kule og spir. Interiøret i kyrkja hadde mellomalderske trekk med rundbogar og kløverbladbogar, sikksakkborder og rankeskurd.

Kyrkja frå 1937

Dagens kyrkje i Vikebygd har 350 sitjeplassar.

Bygningen

Kyrkja er ei einskipa langkyrkje i mur med skip med rektangelforma grunnplan og med inngang frå vest. Smalare kor i aust avslutta ved inntrekt apside. Stort firkanta klokketårn med møterom i grunnhøgda søraust for skipet. Møterommet kan opnast mot skipet. Tilbygg med gang, sakristi og kombinert kjøkken og venterom for dåpsborn i hjørnet mellom tårn og kor med inngang frå aust. Langveggene i skipet er brotne av seks høge, rektangulære vindauge på nordsida og tre på sørsida. Skipet har saltak avslutta mot eit litt lægre og slakare pulttak på kvar side. Koret har saltak. Sakristitilbygget har kopartekt, mest flatt saltak med flat gavl over inngangen. I nordhjørnet mellom skip og kor er eit lite vindfang i tre under pulttak. Klokkerommet øvst i tårnet er panelt utvendes. Tårnet er dekt med inntrekt åttekanta hjelm avslutta med flat kule med ring rundt midten og spir med vindfløy med årstalet 1936 og to tverrstenger. Kjellar under austdelen av kyrkja.

Vegger

Kyrkja har murvegger og er stabilisert med jarnanker fleire stader. Veggene i skip, kor, tårn og sakristi har kvitmåla ujamn puss utvendes over fundament av glattpussa mur. Trapper utvendes i pussa mur med skiferheller på stega. Klokkehus, øvre del av gavlane og kortilbygget i nord har panel, alt utvendes treverk er brunmåla. Veggene innvendes i skipet er glattpussa og delte vertikalt ved flate murpilastrar mellom vindauga. Framfor pilastrane er det søyler innkledde med ståande profilerte bord i åttekanta form. Søylene er samanbundne med pilastrane ved brystning nede og kross mellom to tverrliggarar oppe. Søylene har kapitél med tre utsvinga lister med tverrifla kant over einannan. Veggene i koret har høge brystningar i ramverk med kryssfinérfyllingar.

Dører

Utvendige dører har høge, smale dørblad i ramverk med fem kvadratiske fyllingar over einannan. Stjerner og blomar i tre monterte midt på fyllingane. Hovudinngangen i vest og sakristiinngangen i aust er inntrekte med klassiserande omramming i murverket. Inngangen i vest er overdekt av rundboge i muren. Han fører inn til våpenhus i vestre del av skipet i full breidde. Våpenhuset har rundboga utgangsdør mot sør og tre inngangsdører til skipet, den i midten ei fløydør. Vindfanget på nordsida av koret har fyllingsdør og dør inn til skipet frå aust. Innvendige dører har ramme med tildels ei stor, nokre med fleire mindre kryssfinérfyllingar. Dei med ei fylling, vest og aust i skipet, har ein påmontert kross med strålar i hjørna, som ved veggsøylene.

Korskilje

Koret opnar seg mot skipet i full breidde. Brei, høg rundboge i mur med tre resessar.

Vindauge

Vindauga i kyrkja er høge, smale og rektangulære i ulike storleikar, dei største på sidene i skipet, dei minste oppover langs trappa i tårnet. Tre vindauge i vestgavlen i gallerihøgd. Vindauga i skipet har ruter i farga glas i ulike grøne og brune tonar. Aust i apsiden eit samanhengande band med sju vindauge med glasmåleri med sylindriske jarnstolpar stilte utafor og innafor sprossene.

Tak

Taket over skipet har fem sperrefag i tillegg til gavlane. På nedre del av sperrene er det utvendes lagt stikksperrer som ber den slakare, nedre delen av taket. Innvendes er det lagt stikksperrer frå veggsøylene opp til sperrene. Eit sperrefag er elles sett saman av sperrer, saksesperrer og hanebjelkar som tenger, alt bolta saman og dels lagde på einannan på halv ved. Kvart fag er i tillegg avstiva ved fem loddbeine jarnstag og det går vassbeine stikkbjelkar frå murkronene, over veggsøylene og inn til langsgåande dragarar der himlingsbogen tek til. Dragarane er borne av murane i kortveggene og elles feste ved jarnstag til taksperrene. Taka er tekte med lappskifer.

Tårn

Tårnet er mura i fem høgder med kvadratisk grunnplan. Første høgda har møterom, i andre høgda står kyrkja sitt opphavlege orgel med spelepult. Orgelprospektet er plassert i opning mot skipet øvst på den søraustlege delen av veggen i skipet. Tredje høgda rommar også delar av det opphavlege orgelet. Femte høgda er klokkerom og her er den øvre delen av treverk. Klokkerommet er dekt med himling. Frå ramme i fjerde høgda går det fire, frå murkrona fire konvergerande gratsperrer opp i hjelmen.

Himling

Himlinga i skipet er flat på sidene og har femkanta kvelving der øvre del er flat og mellomfelta er skrådde på sidene og i aust og vest. Desse utgjer ei ramme for midtfeltet. Denne øvre delen er forma som ein himmel med lys gråblå botnfarge og rutemønster i sølvfarga listverk med stjernemønster. Dei nedre skrå felta og dei flate sidehimlingane har grønbeisa, tverrliggande skuggepanel. Konstruktive element er markerte med blå farge og gul-orange listverk. På den blå gesimskanten er det måla bibel-sitat med store gullfarga versalar i sjalongmåling.

På sørsida: ++ SJAA GUDS LAM, SOM TEK BURT VERDENS SYND! JOH.1.29. + SO ELSKA GUD VERDI, AT HAN GAV SON SIN, DEN EINBORNE, SAA KVAR DEN SOM TRUR PAA HONOM, IKKJE SKAL VERTA FORTAPT, MEN HAVA ÆVELEG LIV. Joh.3.16 +.

På nordsida: + HERRE, EG ELSKAR DI HUSVIST, OG DEN STAD DER DIN HERLEGDOM BUR. SALME 26,8 + TIL ÆVELEG TID, HERRE, STEND DIT ORD FAST I HIMMELEN. SALME 119,89 + LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD! JEREM. 22,29. ++

Koret har tønnekvelv, rutemønstra ved gullfarga lister på djup blå himmel med stjerner, flest på midten. Apsidekvelvingen er gullfarga med kvit due med kvite strålar som går ned over dei sju glasmåleria.

Golv

Golv i skip og kor av smale, langsgåande bord. Golvet i skipet er inndelt i felt som korresponderer med veggpillarane og benkeområda ved nedfelte bord av eik. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet.

Interiør

Flyttberr døypefont og lesepult nord i koret. Preikestol i søraustre hjørne i skipet med oppgang frå sakristet. Galleri med orgel over våpenhuset i vest. Opphavleg orgel i tårnet med prospekt aust i sørveggen i skipet. Benker på begge sider av midtgangen med passasje på sidene. Benker langs langveggene. Tidlegare, før det nye orgelet, var det fleire benker på galleriet. Desse er no plasserte i andre rom.

Interiøret er prega av gjennomført bruk av ramverk med kryssfinérfyllingar, påsette dekorelement, dei særeigne veggsøylene og bruken av flate lister i himlingar og på altarring. Særmerkt for interiøret er også den gjennomførte bruken av smijarn i armatur og på preikestolen. Smijarnsarbeidet er utført av kunstsmeden Gunnar Gundersen i samarbeid med arkitekt Alvsaker. Kryssfinérfyllingane finst på den høge brystninga i koret, i alle innvendes dører, i benkeryggar, gallerifront, på preikestol, døypefont og lesepult. Altarringen er også kledd med kryssfinér.

Fargar

Veggene innvendes er kvitmåla. Gråblå himlingar med sølvdekor. Grønbeisa sidefelt i himlinga. Rammer i tre er lysebrune med gule og svarte profilar, finérfyllingane er brun- og grønbeisa. Konsruktive element blå med gul og orange staffasje. Langs midtgangen fram til altaret ligg ein grøn løpar. Grått teppe i altarringen. Ripsvevd løpar med kristogram og stjerner i sakristiet, tidlegare også andre stader.

Glasmåleri

Glasmåleri i apsiden. Sju rektangulære bilete, usignerte. Motiv: Jesus i midtfeltet signar borna. Kvart felt har ramme av spissboge av gulbrun kvaderstein på doble, korintiske søyler. Botnfargen i felta er blå. I ytterfelta mor med eitt barn, i dei to mellomfelta: to born i kvart. Midtfeltet: Jesus med venstre handa på hovudet til barnet. Med høgre handa held han barnet si hand. Jesus framstilt med kvit kjole, raud kappe, elles ulike fargar.

Lys og varme

Elektrisk lys og varme.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med sider og front i ramverk med finérfyllingar og dør til skap på baksida. H.100 cm, br. 171 cm, dj. 80 cm.

Altartavle

Retabel av ramme med kryssfinérfylling festa til baksida av altaret. Retablet er 27 cm høgt med eit høgre framskote midtfelt som utgjer fotstykke for ein kross med innsenka metallkross med v-forma snitt, og med solsegment og tre strålar i kvart krosshjørne. På fotstykket skore og gullfarga kristogram. På sidene er det måla bibel-sitat med versalar i gull. På venstre sida: SJÅ DER ER GUDS LAMB,/ SOM TEK BURT/ VERDENS SYND, og på høgre: JESU, GUDS SONS BLOD,/ REINSAR OSS/ FRÅ ALL SYND.

Altarring

Altarringen er rund med opning ved altaret på sørsida. Breitt stoppa og skinntrekt knefall, stoppa og skinntrekt handlist. Heil brystning av grønbeisa kryssfinér som skrår utover, utvendes dekorert med sølvfarga kross- og aksmotiv mellom flate lister.

Døypefont

Utskråna firkanta kum med brotne hjørne og med dekkplate i finér med åttekanta hol for dåpsfat. Rett, firkanta skaft med runde søyler i hjørna og finérfyllingar med knekt ramme til kvar side. Utskråna, firkanta fotplate. Fargar som elles.

Preikestol

Preikestolen i det sør-austre hjørnet i skipet har kortside mot nord og langside mot vest og brote hjørne med lesebrett mot nord-vest. Oppgang frå sakristiet ved trapp gjennom sørvestre hjørnet av skipet og døropning heilt aust i sørveggen i skipet. Preikestolen er dekt med fyllingspanel frå golvet og opp til handlista. Panelet dekkar skåp under preikestolen. Handlista er stoppa og skinntrekt. Utvendes er det i overkant av preikestolen ei smijarnsfrise med vekslande hjarte og krossar og lyshaldar for stearinlys på kvar side av lesebrettet.

Benker

Vangane har rett bakkant og utskore framspring for setefjøl i framkant. Rett rygg av ramverk med fyllingar. Formskorne setefjøler. Skrå salmebokhylle øvst på ryggen. Fargar: svart setefjøl, vangar og ramer gulbrune med gule lister, grønbeisa finérfyllingar.

Galleri

Vestgalleri over våpenhuset i same breidde som kvelvingen over skipet. Den austre delen av galleriet og galleribrystninga er noko breiare og har eit framskote midtparti i tre steg. Framspringet er støtta av sidestilte stolpar. Fyllingar og fargar på brystninga som elles i kyrkja.

Orgel

a) Orgel i tårnet. Landrog, 1937. Sju stemmer fordelte på to manualar og pedal. Pneumatisk overføring (Kolnes, 1993, s. 345). Prospektet har to kvadratiske opningar i øvre del av sørveggen i skipet på kvar side av den austlege veggsøyla. Opningane har rutenett av spiler over jamnstore metallpiper flankert av tre større piper på kvar side. Profilert listverk under opningane.

b) Orgel på galleriet. Gebr. van Vulpen, Utrecht, 1989. 13 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Mekanisk overfring (Kolnes, 1993, s. 345). Prospektet oppbygd i eik med framskytande, høgre midttårn med to-delte rektangulære felt på kvar side. Store metallpiper i midtfelt og sidefelt, mindre i to høgder i mellomfelta. Sterkt profilert listverk over og under pipefelta som i hjørna er utfylte med gullmåla rankeornamentikk. Vengjer av utskorne og gullmåla ranker.

Rituelle kar

Kalk. Sølv, innvendes gylt. Halvkuleforma kupa med nebb og forsterka kant. Kort skaft, rund nodus og utsvinga fot avslutta med steg over standkant. Blomemotiv i ovalar på nodus. Kløverbladkross over lysande sol på kupa. Stpl. 830 S, sju kuler (Bergen), N. Mål: h. 18,5 cm, diam. 11,3 cm. Særkalkar. 60 stk., sølv. Flat kupa. Glatt knopp på høg fot. Kross på kupa, inngravert langs kanten: A.V.KYRKJA 1937. Stpl. 830 S, ?, N, 2.

Disk. Plett. Åttekanta disk med flat rand, fordjupa rund botn. Inngravert i botnen likearma kløverbladskross på lysande sol. Diam. 16 cm, rand 3 cm, botn 10 cm. Stpl. N, sju kuler (Bergen), MÅ, P.

Kanne. Tinn. Pæreforma med utbøygd hellekant med lok med knopp. S-forma hank. Dobbel gresk kross på lysande sol på korpus. Stpl. BM med fugl, TINN, NORGE.

Dåpsfat. Plett. Åttekanta med rund botn. Stpl. sju kuler (Bergen), MÅ, P, N. Diam. 39 cm, rand 6 cm, botn 20 cm, h. 5,4 cm.

Kanne. Plett. Kanna har høg hals som går ut i brei hellekant og vidar seg ut mot kuleforma korpus over utsvinga profilert fot. S-forma hank. Inngravert på korpus i fraktur: Fra "Vikebuen"/ 15.10.1950. På motsett side: Due på sky med strålekrans. Stpl. TH.MARTHINSEN GP.

Parament

Altarduk. Kvit toskafts lin med kvitsaum. Sid med enkle border på kortendane, framsida kortare med ei brei, tredelt bord i dobbel uttrekkssaum, midtdelen med orda: KJÆRLIGHET ER LYSETS KILDE – KJÆRLIGHET ER LIVETS ROT på kvar side av eit høgre midtfelt med eit stilisert blomemotiv.

Messehakel. Smal, rettsida messehakel av raud, tynn ull i krosskypert. Svarte og gule trådar innlagde i veven. Fôr av sennepsfarga toskafts silke. Hakelen er levert av DNH. Ryggsida har smal kross av sølvband med innvovne drueranker, alfa og omega under krossarmane. Botnen er brodert med vinranker med blad og drueklasar og ei frukt (granateple?), brodert med lagd sølvsnor og svarte kontursting på begge sider av snora. Framsida har ein kalk i gul og gull plattsaum med oblat med kross over, innskreven i ein mandorla med livsflodar i hjørna. Botnen har tilsvarande rankemotiv som ryggsida. Hakelen har dobbel kontur langs kanten utfylt med ranke. Ei vid bomulls messeskjorte. Lesebrettklede på preikestolen av raud brokade med liljemotiv. Motiv: såmann og tre fuglar brodert med gråbrun, sennepsgul og orange silketråd, motiv. Kanten gul med ulike krossmotiv.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar. Altarstakar. Plett. Rett, sylindrisk skaft med balusterprofilar oppe og nede, utsvinga skål med lyspipe og vulstforma fot over rett profil på fotplate. Graverte rankemønster på fot og lysskål. Sikksakkbord rundt skaftet. Stpl. Sju kuler (Bergen), MÅ, P, N. Plett. H. 31,5 cm, diam. 16,3 cm. To massing lysestakar, trearma i jugendform. H. 49 cm, br. 28 cm. Toarma sølv lysestakar, rokokkoform, standard gullsmedvare. Inngravert: DIAKONISSE KARI ALNE TIL MINNE. Stpl. 830 S Lo. H. 22 cm, br. 29 cm.

Lysekroner og lampettar. Kunstsmed Gunnar Gundersen har levert smijarnsarbeid til kyrkja. I tillegg til den nemnde frisen langs handlista på preikestolen har han laga to store lysekroner og lampettar langs veggene i skipet, ei på kvar av dei frittståande søylene og to lampettar på vestveggen på galleriet. Lysekronene er bygde opp som tre hjul over einannan. Dei to nedste som friser med krossar og hjarte. Det øvste berre som ein ring. Vertikalt er dei feste ved midtstong og tre plater med stjernemotiv med strålar. Ringane er utfylte med rankeverk, utfyllinga i det nedste hjulet svingar sentralt ned mot ein samlande ring med skål og kule under. Kvar krone har ni lys i nedre ring, seks i midtre og tre i øvre. Diam. 1,30 m. Lampettane er trarma og dekorerte med kross og hjartemotiv. Elles standard armatur.

Klokker

a) Krone med midtboge og seks bøylar. Flat kroneplate, rett hals med tre riller, utsvinga korpus over nedbøygd slagring. Mellom rillene på halsen er det ein bladkrans i øvste mellomrommet og innskrift i nedre: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN, TØNSBERG. Innskrift på korpus: AUSTRE VIKEBYGD KYRKJA/ 1936 på eine sida og ÆRA VERE GUD I DET HØGSTE! på den andre. Diam. 74 cm, h. 69 cm.

b) Som a, men mindre. Same innskrift oppe. På korpus: AUSTRE VIKEBYGD KYRKJA/ 1936. På motsett side: LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD! Diam. 62,5 cm, h. 59 cm.

Nummertavler

Tre nummertavler i skipet. Ei over døra i nordaustveggen, ei på nordveggen, ei på sørveggen. Rektangulær finérplate delt i fire (salme/vers og før/etter), flankert av runde søyler på konsollforma fotstykke. Søylene ber topplist. Sentralt over topplista to utskorne motståande fuglar. Brunbeisa finérplate, gulbrun ramme med gule og svarte stafferingar, fuglane gullfarga.

Lesepult

Lesepult og skap i koret, med same utforming som døypefonten.

Møblar

Brurastolar i renessansetype i eik. Stoppa sete og rygg trekte med raudt skinn. Treskurd på toppstykke og frambein.

Fire enklare stolar med H-kryss, laust stoppa sete, rett tilbakelent stoppa rygg, toppstykke krona med stilisert krone. Rundt felt sentralt på toppstykket med innskreven kross med ein stråle i kvart hjørne. Sete og rygg trekte med fløyel.

Blomstervasar

a) To sølvvasar. Traktforma korpus med utbøygd kant på utsvinga, flat fot avslutta med holkil over standkant. Inngravert i fraktur på korpus: Vikebygd Kirke, på foten med versalar: DIAKONISSE KARI ALNE TIL MINNE. Stpl: 830 S, kalk i oval, A. Mål: h. 22,8 cm, diam. 11,7 cm.

b) To vasar, plett. Pokalforma. Inngravert på foten: FRA BARNEFORENINGEN "VIKEBUEN" 6-11-1955. Stpl. Tårn, N, GP.

Diverse

Smijern. Eldre vindfløy med årstalet 1927 bevart i kyrkja.

Kyrkjegard og gravminne

Vikebygd har tre kyrkjegardar i tillegg til kolerakyrkjegardane på Dommarsnes og i Årvika.

a) Den eldste kyrkjegarden ligg på andre sida av vegen frå dagens kyrkje. Mellomalderkyrkja og tømmerkyrkja skal ha lege her, truleg i sørvestre hjørne av kyrkjegarden. Ein stein i hjørnet nordvest mot vegen er merkt 1901. Kyrkjegarden er omgitt på alle sider av låg mur med nettinggjerde, for ein del er han oppbygd i høve til terrenget rundt. Det finst ein del eldre gravminne. Gjennombrotne støypejarnskrossar frå 1912, 1918, 1908, 1888, 1913 og 1918. To støypejarnskarmar med gjennombrote rekkverk og jarnkrossar. Denne kyrkjegarden var også i bruk på den tida dei to kyrkjene låg nede ved fjorden.

b) Kyrkjegarden ved kaien som vert kalla Parken. Her låg kyrkene frå 1872 og frå 1928. Begge brann ned. Grunnmuren av det apsidale koret og kortilbygget i den siste av dei to kyrkjene og slagringen av kyrkjeklokka, brukt som blomsterbed, finst der enno. Kyrkjegarden er ein oppmurt terrasse. Han har aldri vore ibruk som gravplass unnateke to graver frå 1920-talet i det nordvestre hjørnet. Gravene er omgjevne av enkel jarnstong.

c) Ny kyrkjegard anlagt rundt den nye kyrkja då denne vart oppførd i 1938. Oppbygd med støttemur av naturstein. Nytt tregjerde av liggjande bord.

d) Dommarsnes. Kjend som kolerakyrkjegard og ligg slik til, men har også vore nytta som vanleg gravplass. Fem synlege gravminne idag. To av dei er inngjerda med støypejarnsrekkverk. Gravminna er frå 1860 og 70-åra, to frå 1862. Alle fem er jarnkrossar.

e) Årvik kolerakyrkjegard.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Munnlege informantar: Arne Sjo og Helge Alne.
  2. Statsarkivet, Bergen (SAB). Stiftsamtmannsarkivet, boks 1734, legg 3, Synfaring 1686, Sunnhordland.
  3. Stiftsamtmannsarkivet, boks 1817, Stiftsskrivarrekneskapen.
  4. Stiftsamtmannsarkivet, boks 1719, legg 3, Synfaring 1721, Sunnhordland.
  5. Prestearkiva, Kyrkjestolebok l.nr. 122, 1615-1682.
  6. Prestearkiva, Kyrkjestolebok for Fjelberg, 1615-1695 (1723).
  7. Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 131.
  8. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Kyrkjerekneskapar, Pk. 46, Bergen Stift, 1659-1668, Synfaring 1665, Sunnhordland.
Trykte kjelder
  1. Diplomatarium Norvegicum (DN).
  2. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-1913.
  3. Vikebygd kyrkje, 50 år. Festskrift.Vikebygd sokneråd 1987.
  4. Kolnes, S.J., Norsk orgelregister, 1328-1992, Førdesfjorden 1993.
Oppmålingsteikningar
  1. Ark. Vaardal-Lundes kontor.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)