Vikøy kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Vikøy kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneKvam kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.349116,6.176353
FellesrådKvam kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123800101
Soknekatalognr07090103
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk listeført (1650-1850)


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Kyrkja er første gongen nemnd i 1316. [1] Det var truleg den same stavkyrkja som vart ståande på staden fram til dagens kyrkje vart reist. Den nye kyrkja vart oppført etter typeteikningar av arkitekt Linstow under leiing av byggmeister Lars Endresen Rosseland og vigsla 24. juli 1838. Det vart feira hundreårjubileum for kyrkja i 1938.

Kyrkja ligg Ved Ytre Samlafjorden i Hardanger, søraust for Nordheimsund. Riksvegen skil mellom kyrkjegarden og strandområdet og naustrekka ved fjorden. Den gamle Vikøy prestegard ligg nordvest for kyrkjegarden.

Tidlegare kyrkje

Den tidlegare kyrkja i Vikøy var ei stavkyrkje. Ved synfaringa frå 1661-65 var det ei kyrkje med skip og kor og tårn og med ein sval på nordsida. Taket var tekt med spøner og kyrkja var tjørebredd.[2]

Ved synfaringa i 1686 er det stadfesta at kyrkja er ei stavkyrkje, ”temmelig vell conditionerit og inden stor och fuldkommen med Taarn paa”.[3]

Også i 1709 var kyrkja ”temmelig i behold”. Ein del av kyrkja var då tekt med bord, resten med spøner. Innvendes var kyrkja ”Vell ornerit och med Kiøn ornamenter Ziret”.[4]

Den meir omfattande beskrivinga frå 1721 har også med måla på kyrkja. Skipet var 24 alner langt og 14 alner breitt, koret 10 alner langt og 11 alner breitt, våpenhuset 4 alner langt og 5 alner breitt. Kyrkja var framleis ei stavkyrkje ”med et Taarn paa som Ao 1712 er opbygt”. Ho var i god stand, inni var ho ”Smuch mahlet”.[5]

Kyrkja frå 1838

Bygningen

Kyrkja er ein enkel bygning i seinempir, bygd opp som eit rektangel med koret inkludert i bygningskroppen. I vest står eit firkanta tårn.

Kring 1900 skreiv Bendixen om kyrkja at ho er ”en liden, temmelig uanselig bygning”. Han gjev følgjande mål på bygningen: Kor og skip er begge 9,14 m breie, skipet er 14,50 m langt, koret 7 m. Tårnet er 4,6 m langt og 4,4 m breitt. Bendixen konkluderer med at ”Hele bygningen giver et yderst tarvelig indtryk”. [6]

Vegger

Sjølve bygningskroppen er ein lafta stamme der stokkane inn mot kyrkjerommet er flathøvla og fuger og sprekker er sparkla. Bortsett frå ved gallerifronten og ved korskiljeveggen har ikkje veggene opplengjer innvendes, men dei er ved jarnnaglar festa til opplengjer på utsida av tømmerveggene. Nord- og sørveggen har åtte opplengjer kvar, vestveggen fire, austveggen er dels dekt av ein panelvegg bak alteret og ikkje tilgjengeleg. Langveggene er bundne saman på tvers med 15 kraftige, firskorne bindbjelkar. Opplengjene ved gallerifronten er festa med skråstilte jarnstag til korresponderande bindbjelke.

Utvendes er kyrkja kledd med liggjande panel. Panelen er til dels av eldre, ufasa bord og nede på nordsida er borda opp til 34 cm breie. Hjørna er innkassa med enkle, ståande hjørnebord, og nede er veggen avslutta med skråstilt vatnbord over grunnmuren. Panelet er kvitmåla. Eit underliggjande, eldre målingslag har ein gråkvit farge.

Portalar og dører

Kyrkja har fløydører til tårnfot og skip i vest og dør i sørveggen, lengst aust i skipet. Inne i kyrkja er det dører mellom kor og preikestol og mellom orgelgang og galleri. Dørene i kyrkja er gjennomgåande fyllingsdører med tre fyllingar, den i midten ståande, rektangulær og dei øvre og nedre kvadratiske.

Inngangen i vest er utvendes dekt med enkel låg trekantgavl på konsollar. Innafor konsollane har døra profilerte gerikter borne av ein enkel base på kvar side. Sjølve døra er trekt noko inn frå vegglivet og rundt døra og på ei midtlist er det skore eit mønster med repeterte v-former. Framfor vestinngangen er det skiferdekt trapp i tre steg. Frå øvre nivå går det rampe med smijarnsrekkverk rundt søre hjørne på tårnet og vidare ned til bakkenivå ved sørvestre hjørne av skipet.

Inngangen i sør har ei ytterdør av to ståande bord samla utvendes med to labankar og to enkle gangjarn. Innvendes er døra ei fyllingsdør med to rektangulære fyllingar. Geriktene utvendes har hjørneklossar og døra er dekt av låg gavl. Ei steintrapp med seks steg fører opp til døra.

Frå orgelgangen til galleriet og frå koret til preikestolen er enkle dører med tre fyllingar. Også her har geriktene hjørneklossar.

På orgelgangen står ei eldre dør som ikkje er i bruk. Det har vore ei ytterdør med labankdør av to ståande bord feste med to labankar utvendes, og med to fyllingar dekorerte med renessanseornament innvendes. Døra kan ha høyrt til i den tidlegare kyrkja og kan ha stått ut mot gang eller våpenhus ettersom ho ikkje er vêrsleten på utsida.

Korskiljet

Austre del av bygningskroppen er frådelt som kor med ein vegg vest for det austre vindaugsparet i langveggene. I korskiljeveggen er det ei vid koropning med sidestilte søyler som ber ein flat rundboge. Bogen er dekorert på begge sider med eit skore ornament med ne-månar i rekkje til venstre og ny-månar til høgre. Mot skipet er det i tillegg festa eit skriftband av tre ovafor, der det står med gullmåla versalar på svart botn: DIT ORD ER DEN RETTE LÆRDOM. HELLIGHED. ER I GUDS HUS DEN RETTE PRYDELSE. PSAL. 93, 5 VERS. KIRKENS BYGMESTER LARS ENDRESEN RÖSSELAND 1839.

Nede i korbogen er sjølve trappa på tre steg flankert av rekkverk og høgdeskildnaden på sidene er markert ved brystvern. Brystvern og rekkverk er forma som andreaskrossar mellom postar dekte med handlist. I nordre del av korskiljeveggen er det dør til preikestolen

Vindauge

Kyrkja har fire rektangulære vindauge i kvar langvegg. Kvart vindauge har fire ståande rektangulære rammer og i kvar ramme er det to ruter skilde med sprosse, kvar rute er igjen firdelt ved andreaskrossforma sprosse. Innafor kvar ramme vart det i 1965 sett opp ei innerramme med udelt glas. Utvendes er vindauga dekte med låg gavlform og enkle, profilerte gerikter. Innvendes har geriktene skorne ornament i form av samanhengande kvadratiske romber. Aust- og vestveggen har ikkje vindauge.

Golv og fundament

Golvet ser ut til å vera originalt i heile kyrkja. Det er lagt av breie, totoms pløygde plankar i jamne skift i lengderetning, og festa med trenaglar, dels runde, dels firkanta, til runde golvbjelkar som er flatskava i over- og underkant. I 1970-åra vart det festa glasfibervatt mellom bjelkane som isolasjon under golvet.

Fundamentet er av flate steinar lagde i tørrmur. Øvre delen, om lag 65 cm høg, ligg utvendes i flog med veggen, medan sokkelen på nord og sørsida går om lag 30 cm lengre ut. I aust er det ikkje markert noko særskilt sokkelskift. Terrenget skrår noko ned mot aust, ved vesthjørna ligg sokkelen i bakkenivå, medan han ved austhjørna ligg om lag 55 cm over. Det er lågt kryperom under heile kyrkja, under korskiljet er det heil mur, med unntak av eit hol for tekniske instalasjonar. Golvbjelkane er stadvis fundamenterte med tørrmur. Grunnen er fylt opp med grus.

Tak

Kyrkja har eitt saltak over kor og skip. Taket er ein sperrekonstruksjon med gavlar i bindingsverk. Sperrebanda korresponderer med bindbjelkane og har sperrer og to hanebjelkar. Hanebjelkane er feste til sperrene på halv ved og sikra med trenagle. I tillegg har om lag annakvart band ein loddbein hengebjelke som er festa nede med jarnband til ein langsgåande dragar over bindbjelkane. Dragaren er festa med boltar til bindbjelkane. Oppe er hengebjelken forma som ein gaffelkross der dei skrå sidearmane er feste til bjelken og til sperrene på halv ved sikra med trenagle. I mønet er sperrene truleg tappa inn i hengebjelken som også er forma for å ta opp trykk frå sperrene. Dei enkle sperrebanda møtest på halv ved sikra med trenagle.

På utsida av sperrene ligg store laskar, mest som ekstra sperrer. Dei smalnar heilt av før dei når mønet, nedst går dei fritt og i lengderetning er det lagt inn ein langsgåande bjelke mellom sperrene og laskane på kvar side. Begge kviler på bindbjelkane som stikk utafor langveggene under takskjegget.

Sperrene ber tak av sulagde bord som underlag for rekter, lekter og ruteheller. Då Bendixen skreiv om kyrkja kring 1900, var ho ”tækket med rød tagsten (pander), hvad der nu er yderst sjelden at se”.[7]

Himlingar

Heile kyrkja har flat himling av bord lagde på tvers av bindbjelkane i lengderetning. Ved veggene under himlinga går det ei taklist som er like høg som bindbjelkane.

Tårn

Vest for skipet står eit firkanta bindingsverktårn med lik grunnflate i alle tre høgder. Det har fire kraftige hjørnestolpar som er utveksla i tredje høgd, og to mellomstolpar på kvar side. Horisontalt ligg det losholtar mellom hjørnestolpane, og i sideretning er desse avstiva med skråband. Som høgdeskilje er det lagt horisontale kryssband mellom hjørnestolpane til feste for golvbjelkar og golvbord.

Utvendes er veggene i tårnet panelte med liggjande bord og med enkle hjørnekassar som kyrkja elles. I våpenhuset er veggene panelte innvendes med ståande, pløygde bord. Arealet under trappa på nordsida i våpenhuset er også panelt inn med same type bord og fungerer som lager med vask. På gallerigangen har bindingsverket opphavleg stått bert. Sekundært er det i samband med isolering panelt mellom konstruksjonselementa med liggjande skuggepanel.

Frå orgelgangen opp til tredje høgd er det oppgang på sørsida, og derfrå opp til eit halvgolv med klokkestol via trapp på nordsida.

Tårnet er avslutta oppe med flat, pyramideforma hjelm. Hjelmen er tekt med lappskifer og har ein stor kross av impregnert og kvitmåla tre som avsluttande merke. Krossen vart utskift i 1983, tidlegare kross var kledd med kopar.[8] Hjelmen kviler på ei ramme som er festa med kraftige sjølvgrodde kne til hjørnestolpane. Fundamentet for hjelmen er eit bjelkelag med tre x tre ruter der hjørnerutene har skråstilte losholtar, medan dei fire siderutene har rette losholtar som alle peikar inn mot midten. Over midtruta ligg to bjelkar som feste for kongen. Mellom hjørnesperrene er det på kvar side tre mellomsperrer under bordtekkinga som ber den ytre tekkinga.

Det er inngangsdør vest i våpenhuset og dør til skipet i aust. I andre høgda er det dør til galleriet og frå andre til tredje høgd er det golvluke. I første høgd på sørsida, og over trappa i andre høgd på nordsida er det eit vindauge med fire ruter i ei ramme, kvar rute delt i fire med andreaskross-sprosser. Klokkestova har tre rektangulære lydopningar med tofløya luker. Over desse er det utvendes festa rundbogar til panelet slik at det framstår som rundboga opningar.

Interiør

Altaret med altartavle står sentralt aust i koret. Preikestolen nordaust i skipet ved korskiljeveggen. Dei delane av koret som ligg rett austafor sidedelane i korskiljeveggen er delte frå resten av koret ved halvvegger med rundboga opningar over brystvern. Opningane på nordsida er panelte ut mot langveggen, medan dei i sør står opne. Altarområdet aust i koret er avgrensa ved tverrgåande knefall og golvet aust for dette ligg eit steg høgre enn elles i koret. Tømmerveggen bak altar og altartavle er dekt av eit ståande panelfelt som svingar ut til sidene i nedre del og er avgrensa ved kraftig listverk. Det er to dåpsstader nord i koret. Ein døypefont like ved kortrappa ved nordre brystvern og over denne, noko lengre bak, heng ein dåpsengel.

Skipet har brei midtgang med faste benkerekker på kvar side heilt vest til inngangen. Orgel på djupt vestgalleri, piano under preikestolen.

Fargar

Då Bendixen registrerte kyrkja var veggene blåmåla innvendes, dei flate himlingane, like høge i kor og skip, var kvite, medan dei enkle benkerekkene var umåla.[9]

Kyrkja vart pussa opp innvendes til 100-årsjubileet i 1938.[10]

Ei omfattande endring skjedde i interiøret i 1985 under leiing av Olav Aksnes i samarbeid med Distriktsantikvaren i Bergen. Tømmerveggene vart avluta og golvet, benkene, brystvernet i korskiljet, preikestolen og galleriet vart måla grå og stafferte med raudt, blått og ein mørkare gråfarge. Himlingane har ein broten kvitfarge. På benkevangane har ein teke fram og spart ei eldre måla nummerering frå 1 til 11 på kvar side, utført av rosemålaren Thomas Ellingsen Steine.[11]

Tekstilar

I 1955 vart det lagt ned ny midtgangsløpar og teppe i koret. Teppa var handvovne av tre kvinner i bygda, Johanna Ålvik, Guri Tveit og Magnhild Valland etter fargeframlegg frå Kristi Mæland.[12]

Midtgangen har no brei løpar i raudt. Dette stoffet dekkar også kortrappa og vestre del av koret. Aust for knefallet har golvet eit teppe med djupare raudfarge.

Lys og varme

To loddpiper etter tidlegare omnar vart tekne ned under restaureringa i 1985. Over midtgangen heng no tre lysekroner, det er lampettar på veggene og ny, enkel armatur under galleriet. Altarområdet er opplyst av punktlys frå korskiljet. Kyrkja vert oppvarma med termostatstyrte omnar under benkene.

Inventar

Altar

Altaret er truleg konstruert saman med den panelte bakveggen og er ikkje tilgjengeleg frå austsida. Det har rektangulær grunnform med djupt skrådde framhjørne. Altaret er konstruert av ståande bord samla med kraftig, klassiserande sokkelprofil nede og med profilert listverk under enkel bordplate av bord i breidderetning. Altaret er måla lyst grått, med sokkel og gesims i mørkare gråfarge og ei raud list. Høgde 108 cm, breidde 250 cm, djupn 91 cm.

Altartavle

Ved Bendixens registrering kring 1900 var det berre eit ”simpelt, hvidt trækors med kløverbladformede arme” på altaret, og det panelte feltet på austveggen var blåmåla.[13]

Krossen er no vekke og feltet har fått dei same fargane som interiøret elles. I staden for krossen er renessansetavla frå stavkyrkja plassert på altaret.

Altartavla er eit godt utført renessansearbeid i ei høgd. Innskrift på tavla daterer henne til 1633. Tavla har eit høgt fotstykke, hovuddelen er delt inn i tre, flankert av vengjer og krona med klassisk gavl.

Fotstykket er smalt nedst og vidar seg ut til hovuddelens breidde. Det har to sidestilte biletfelt med skriftfelt mellom.

Nedre del av hovuddelen har tre skriftfelt mellom konsollar. Konsollane ber pilastrar som har diamant og dukatformer, og ber ein øvre, tredelt arkitrav med hundetannsornament i underkant og under gavlfeltet.

Sidedelane i hovuddelen har to biletfelt, det nedste minst, medan det breiare midtfeltet berre har eitt. Vengjene er symmetriske med diamantform over og under sirkulær medaljong omgitt av bandsnoingsornament. Gavlen er låg og alle tre sider er understøtta av tannsnitt.

Biletfelta er innramma med djupt listverk. I midtfeltet og i dei øvre bileta på sidene har ramma ein knekk utover i øvre del. I tillegg er biletet i midtfeltet ramma inn av ein portal med dukatornamnet og diamantbossar. Bileta på fotstykket er måla på plater, medan dei i hovuddelen er måla på ståande bord.

På fotstykket er bileta flankerte av måla blomebukettar og mellom bileta er skrive med no gulkvit skrift på svart botn: Gud till ære, oc Vigørs kiercke till beprydelse hafuer [tolk? Tollak?] Olufsen pastor Her Sammesste[ds?] denne tafle af ny oprette oc forstafere lade: ANNO 1633 Udj May. Biletfeltet til venstre viser Opphevinga av slangen i ørkenen, medan feltet til høgre viser Jesu dåp.

Skriftfelta nedst i hovuddelen korresponderer med bileta over. Innskriftene er frå venstre: Dersom du bekiender Jesum met din mund at hand er Herren oc troer i dett hierte at gud opueckte hannem fra de døde da bliffue du salig Rõ 10”.

I midten: Han er saar i gort [giort] for wore mesgierninger skyld oc knuset for wore synders skyld. Straffen Ligger paa Hannem paa det at VI skulle hafue fred oc [maae?] helbrede vorde ved hans saar.

Til høgre: Min siel bier allene effter gud, thi hand er mott [mitt] haab hand er min trøst, min hielp oc min beskiermelse at ieg ey sk[a]l falde. Psalm. 62.

Krossfestinga er den sentrale framstillinga på tavla. Til venstre for denne er Johannes(?) måla i det øvre feltet og ei allegorisk framstilling av Trua, ei kvinne med krusifiks og kalk, i det nedre. På høgre sida er Maria, Jesu mor, framstilt i det øvre feltet og ei allegorisk framstilling av Vona, ei kvinne med anker og fugl, i det nedre. Sentralt er måla eit englehovud på gesimsen. Hovudfargane i tavla er svart og grått med staffering i raudt og gull.

Altarring

Høgdeskiljet mellom austre og vestre del av koret er forma som ei knelepute som er skrådd, stoppa og trekt med mørkebrunt skinn med saum mot den glatte foten. Rekkverket har tettstilte, kraftige balustrar på bjelke og ber ei brei handlist som er stoppa og trekt som kneleputa. Knefallet har port framfor nordre og søndre altarhjørne.

Døypefont

a) Dåpsengel. Engelen er skoren i tre, måla og gylt. Han svevar med begge hendene framstrekte med dåpsfat i bladkrans i den eine og med bok i den andre. Kroppen er skråstilt med knea som legste punkt. Engelen er kledd i ein knesid, klassiserande kjole samla med belte i livet og med knopp over knea og på overarmane. Kjolen er kropsnær, men bak på oversida går han opp og bak i flagrande faldeverk. Vengjene er detaljerte fuglevengjer. Engelen heng i jarnstag frå bjelke over himlingen. Engelen var i bruk omkring 1900.[14] Sidan har han lege på loftet fram til han vart restaurert og teken i bruk att i samband med arbeida i 1985.[15]

b) Døypefont av kleberstein. 1900-talet. Fonten er sett saman av tre delar, kum, skaft og fot. Dei tre delane er åttekanta eller firkanta med brotne hjørne. I oversida av kummen er det runda nedsenking for dåpsfat. Overkanten er utvendes markert med smal vulst, og botnen er innsvinga og avslutta med ein vulst over firkanta, rett fot med brotne hjørne. Foten har også smal vulst der han tek opp skaftet, hjørna er brotne, men i det foten skrår ut til fire sider, smalnar brytinga av, og foten svingar ned over rett standkant med kvadratisk plan. Fonten kviler på ei treplate.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har seks glatte, ulikt breie fag og lesebrett vendt mot sørvest. Sidene er avslutta med enkelt, kraftig listverk oppe og nede. Oppe stør det opp under brei handlist stoppa og trekt med mørkebrunt skinn som er festa med saum til handlista. Under nedre listverk har preikestolen nærast halvkuleforma botn med seks innsvinga sider og er avslutta under med rund knopp. Preikestolen er festa til innkassa forsterking ved korskiljeveggen. Oppgangen er via trapp gjennom dør i korskiljeveggen. Stolen er måla lyst grå med staffering i mørkare grått, raudt og gull.

Benker og faste stolar

Kyrkja har truleg framleis dei opphavlege benkene, men dei er endra. Benkene har rette gavlar med låg gavlforma øvre avslutning og er tappa ned i benkestokkar som flankerer midtgangen. Ved langveggene er den kraftige handlista felt inn i tømmeret. Ryggane er heile og sette saman av ståande bord som somme stader går heilt ned til golvet, medan dei i dei fleste benkene er avskorne noko over golvet, og berre nokre få bord går heilt ned.

Benkeplatene er i tillegg støtta opp med nokre enkle bein i framkant. Ein del av benkene har hylle under setet. I setehøgd i benkevangen er det restar av to gjennomgåande tappar med kvadratisk snitt. Dette tydar på at tidlegare benkefjøler har vore heilt flate og festa noko høgre enn dagens. På utsida av vangen mot midtgangen er det ved kvar benk festa eit sete som kan fellast ned. Desse seta vart først brukt av konfirmantane, no vert dei tekne i bruk når det er fullt i kyrkja.

Benkene på gallerieter er truleg opphavlege galleribenker. Dei har også øvre gavl på vangane. Benkefjølene er felte inn i vangane og har ei understøtte som i bakre del også går opp som støtte for to horisontalt stilte ryggbord.

Bendixen skriv at medhjelparen har stolen sin i det avdelte korområdet på sørsida, medan ”præstens stol eller sakristiet” var i det avdelte rommet på nordsida. Her var det kring 1900 også panelt, men ei av dei rundboga opningane var berre ”Dækket af en rød gardin”.[16]

Galleri

Galleriet er festa i vestveggen, i langveggene, og i tillegg understøtta av tre søylepar som flankerer midtgangen og ber to bjelkar i lengderetning. På desse ligg sju golvbjelkar som feste for gallerigolvet. Den fremste av desse ber gallerifronten som er sett saman av ujamnt breie, pløygde bord, samla med listverk oppe og nede. Gallerigolvet har opning på sidene ved dei vestre vindauga i langveggene, sikra ved rekkverk. Det er avtrappa for benker på sidene og for spelepulten sentralt.

Borda i gallerifronten er umåla, men listverket er måla med blått, raudt og gull. Dei berande stolpane er lysgrå med mørkare grå innslag, gallerigolvet er grått, himlinga under galleriet har ein broten kvitfarge.

Skulptur

Sjå døypefont, dåpsengel.

Måleri

Det er tre presteportrett i kyrkja, eit lite, eldre i sakristiet og to større, nyare i klokkarstolen.

a)Presteportrett. Måla med olje på lerret spent opp på ei ramme. Festa i ei glatt, lakka treramme med lysmål 34 x 26 cm. På den indre ramma er skrive på baksida med blekk: Fredrik Kristian Bruun. Sokneprest i Vikør 1829-38. (Deretter i Hurdalen) Døde der 1858. På den ytre ramma er skrive med blyant: Stoltenberg [?].

b) Presteportrett. Måleri med olje på lerret i treramme, lysmål i ramma 85 x 76 cm. Signert nede i høgre hjørne: Mons Breidvik 1911. Innskrift på massingskilt nede på ramma: PROST J.A.B. CHRISTIE * 1842 † 1929. PREST I KVAM 1886 – 1918.

c) Presteportrett. Måleri med olje på lerret i treramme, lysmål i ramma 85 x 76 cm. Signert nede i høgre hjørne: Ole Frövig (1951). Innskrift på massingskilt nede på ramma: SOKNEPREST REALF OTTESEN * 1860 †1945. PREST I KVAM 1888 – 1908 OG 1918 – 1930.

Tavler

Epitafium

Epitafium frå første halvdel av 1600-talet, omkring 1630, no på søndre del av korskiljeveggen. Tavla er flankert av kanelerte pilastrar med høge basar med diamantbossar og kapitel av lister. Gesims med skriftfelt og tannsnitt under toppbrettet. Ramma er flat og umåla i underkant, og kan ha stått på eit bord eller liknande. Biletfeltet har profilert ramme, skift i nedre del og eit figurmåleri som inkluderer skrift i øvre del.

Innskrift på gesimsen: Ære være Gud i det høye, fred paa Jorden etc. Det naivistisk utførte måleriet har ein sirkel med innskrift: Lader smaa Börn komme til mig oc forhindrer dennom icke Thi Guds Rige hörer saadanne smaa Börn til. (S.O.M. skriff: X. Lan.)

I sirkelen framstilling av Krossfestinga med INRI på krossen og hovudskalle under til høgre. Sentralt ein knelande, lettkledd person. Til venstre Jerusalem og oppe til venstre truleg Gud Fader i skya omgjeven av englehovud. I sviklane utafor sirkelen fire (engle)hovud med vengjer. Ved Jesu venstre side innskrift: See det Guds Lam, som bar Verdens Synder. I nedre del kan det meste av innskrifta lesast:

Til dig min Gud saa kommer ieg
Fra Verdsens d.ffui.. oc vrede
Saa visselig foruenter jeg mig
Det euige liff oc glede.
Derfaare lad fare min fader kienne
Min Moder oc di[slige?]
Den sorg i bærer i Verden her
Vi findes dog i Guds Rige.
Farer vel min kiere fader oc Moder
Mine bønner ...
Ser Guds Rige at ...
Ønsker aff hierte ...

Fargane på ramma er i hovudsak raudt, måleriet er i gult, kvitt og raudt på svart botn.

Bendixen tolkar tavla som overdelen av den altartavla som no står på altaret. Begge delar var ved hans registrering lagra på loftet.[17]

Nummertavler

Enkle nummertavler med runda list som ramme. Tavlene er delte vertikalt ved ei sentral list. Ramma er måla raudbrun, delelista kvit. Botnen er svartmåla med Før. og Efter. oppe over kvit strek. Salmenummer av kvitmåla metallsiffer opphengde på stiftar.

Tavle

På søndre del av vestveggen i tårnfoten heng ei fylling i ramme med tilsette profilerte lister. Fyllinga har ei utskoren innskrift med latinske kapitelar: TOBI:12.CAP.BONA EST ORATIO CUM JEJVNIO ETC. Omsetting i ramme under feltet: Tobias’ bok kap. 12. God er bøn med faste etc. Her er det også forklart at feltet er ei dørfylling, datert 1650 – 1750 og at det er utlånt frå Kvam bygdemuseum.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

a) Duk sydd på panamavove bomullstoff (Aida) med svart lintrå. Krossmotiv. Broderiet er falma, duken er ikkje i bruk.

b) Lik a i stoff og broderi. Sydd på 1970-talet. Duken er ikkje i bruk.

c) Altarduken er sydd på eit panamavove bomulstoff (Aida) med perlegarn og har ei 25 cm brei bord av hardangersaum på tre sider. I midtpartiet i borda er saumen sterkt gjennombroten og har diagonale ruter med vekselvis krossar og åttebladroser. I bakkant har duken to hakk som må ha vore laga som tilpassing til ei altartavle. Duken kan ikkje vera sydd for dette altaret.

Altarklede

Kring 1900 fanst det eit gammalt raudt altarklede i kyrkja. Det var

usædvanlig forsiret; det har i midten et kors med bred list af guldgalloner, besat med stjærner omkring, en lignende bord langs randen og indenfor denne to guldbaand med store buer imellem, i hjørnerne en firkant med roset.[18]

I dag står altaret udekt under altarduken, men det finst ein rest som kan vera frå eit altarklede frå 1736, men knappast det som er nemnt over, og to nyare altarklede i kyrkja.

a) Fragment av raudbrunt klede med fôr av lin og med ornamentikk og innskrift av applikerte border i sølv. Fragmentet er ovalt, 29 cm høgt og 31 cm breitt. Ein oval av sølvband formar underlag for applikerte ranker som også er forma av ulike sølvband. I ovalen er skrive med smale, applikerte sølvband: GIVET AF SOGNE-PRÆSTEN OG ALMUEN TIL GUDS ÆRE 1736.

b) Altarklede frå tidleg 1900-tal. Høgraudt klede med likearma kross av gullband kring blomekross av smal gullsnor i leggsaum. Dobbelt gullband etter kanten nede.

c) Altarklede frå 1960-80 i raudt, handvove linstoff i kypertbinding. Fronten er delt i tre ved påsydde gullband. I midtfeltet er det ein latinsk kross i gullband, omgitt av brodert solmotiv i svart og kvit lintråd. Sidefelta har treeiningssymbol broderte med svart og kvit lintråd. Kledet er umerkt, men kjem truleg frå Den Norske Husflidsforening.

Preikestol- og lesepultklede eller -antependier

Kyrkja har høge lesepultklede, korte preikestolklede og stolaer i dei fire liturgiske fargane frå Slabbinck. Dei kvite og fiolette er sydde i same stoff som tilsvarande messehaklar.

Preikestolklede

Raudt klede, ca. 1970(?). Kledet har applikert raud treforma kross med skåler under armane og ei lysblå due svevande framfor krossen. På den runda nedkanten er det festa ei eldre gullfrynse. (Dette preikestolkledet er ikkje frå Slabbinck.)

Grønt klede med kross over sirkel med innskriven trekant. Baksida raud med nedovervend due.

Kvitt klede med stjerne eller krone (tosidig).

Fiolett klede med lys eller krosslam (tosidig).

Lesepultklede

Grønt med oppslegen bibel og aks. Den andre sida raud med kross og eldtunger.

Fiolett med stjerneforma kross. Den andre sida er kvit med same motivet, men med fire ekstra taggar slik at stjerneforma dominerer.

Messehaklar

a) Messehakel frå 1800-talet av tunn, mørk vinraud fløyel med kross av gullband på ryggsida og kanta med det same bandet. Hakelen er festa med fire hekter på høgre skulder. (Saumen på venstre skulder er øydelagd.) Fôret er av ubleika linlerret. Spor viser at hakelen tidlegare må ha hatt ein større kross. Høgde: 105 cm, breidde nede 77 cm.

b) Messehakel med smal form med rettvinkla avslutting nede. Hakelen er frå 1900-talet og laga av vinraud fløyel med fôr av lys raud bommullssateng. Ryggkross og kanting av enkle gullband. Feste med tre hekter på venstre skulder. Høgde 115 cm, breidde ved skulder 59 cm.

c) Grøn messehakel i rettsida form (1960-1980). Stoffet er grønt, satengvove i slike og lin (?), med fôr av lys gult viskose(?)-lerret, kanta med smale gullband og festa med tre hekter på venstre skulder. Forsida har kristogram med strålar på sidene i leggsaum med gullsnor, strålane forsterka av raude stilkesting. Ryggsida har ein stor applikert kross i lys beige stoff kanta med gullband og gullfarga, enkle stilkesting. På krossen ein brodert kross som, saman med strålane ut frå krossen, er i leggsaum med gullsnor. Den broderte krossen har markeringar med raud stilkestingsaum og knutar. Hakelen er merkt innvendes med merket til Den norske husflidsforening. Høgde 121 cm. Breidde ved skulder 64 cm.

d) Fiolett messehakel, 1987. Vid og sid form. Stoffet er ein holbragdvariant i viskose(?), fôret eit rosa/lilla lerret i kunststoff. På forsida har hakelen kristogram, på ryggsida latinsk kross med tornekrone, alt sølvfarga. Merkt Slabbinck, Belgia, 1987. Høgde 120, breidde 134.

e) Kvit messehakel, 1988. Vid og sid form. Lerretsstoff (viskose?) fôra med kvitt kunststoff-lerret. Forsida og ryggsida har begge gullfarga kristogram, forsida med strålekrans. Hakelen er merkt Slabbinck, Belgia, 1988.

Stolaar

Fiolett, raud og kvit stola utan motiv i dei same stoffa som messehaklane frå Slabbinck.

Messeskjorter

Det heng fire messeskjorter av ulik alder og kvalitet i kyrkja.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to klokker, ei frå mellomalderen og ei frå 1850. For å letta arbeidet til kyrkjetenaren, vart det i 1987 montert elektrisk klokkeringing i kyrkja ved Olsen og Nauen, Tønsberg. ”Men sume sakna den flotte, kunstferdige manuelle ringinga til kyrkjetenar Kristen Vikøy.”[19]

a) Mellomalderklokke. Klokka har krone med seks runda bøylar og midtboge, flat kroneplate, runda hue med to riller over og under, etter måten rett hals. Korpus er avslutta med to riller over ut- og nedbøygd slagring, slagringen er flat i underkant. Ny kolv er skrudd fast til kroneplata. Diameter 86 cm, høgde med krone 81 cm, høgde utan krone 62 cm.

b) Klokke frå 1850. Klokka har krone med seks firkanta bøylar og midtboge. Runda kroneplate som går over i runda hue og så ut mot rett hals avgrensa av to riller. Øvre del av korpus er rett, nedre del og øvre del av slagringen sterkt utskrådd før slagringen knekker rett ned. Slagringen skrår opp innvendes. Øvre del av slagringen har innskrift med rille over og under. PRAHLS STØBERI I BERGEN 1850. Diameter 69 cm, høgde med krone 74 cm, høgde utan krone 56 cm.

Orgel

Orgel frå Olsen & Jørgensen, 1920, merkt Opus 484, Kristiania.[20] Orgelet har pneumatisk overføring og følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Spelepulten står sentralt på galleriet, vend mot aust, orgelverket er bygd inn i to frådelte rom i dei vestlege hjørna på galleriet. Nærast spelepulten er det på kvar side eit felt med synlege metallpiper, og ein boge bind dei to felta saman over midtgangen.

Orgelet vart restaurert til 150-årsjubileet for kyrkja i 1988, det vart gjort reint, reparert og alle piper vart stemde.[21]

Bøker

a) Bibel i skinnband med siselerte massinghjørne. Illustrert. Trykt i Kjøbenhavn av Ludvig Dietz 1550. Reparert i 1910 av C. Monsens bokhandel i Bergen.

b) Bibel. På ein innlagt lapp: ”Bibel frå 1589 (ny omsetjing etter at Kristian 3. sin Bibel var utseld) Fredrik 2. sin Bibel med Luthers fortalar, kapittelsummariar og marginalnotar.” Illustrert. Siste innbindinga er utført hjå E. Andreassen i Stavanger i 1889.

Møblar

Brurastolar

Brurastolar i eik med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr. Stolane har dreia h-sprosse og bakbein og skorne forbein, bindingsbrett og toppstykke. Innskrift med brun skriveskrift under setet: Til Vikøy Kyrkja Frå Øvre Steinsdalen Kvendeforening ved Anna L. Steine, Kristi O. Byrkjeland. På sargen: laga av Ola T. Steine 1957.

Andre stolar

Kyrkja har ein del brunbeisa furustolar, ein større med armlene og stoppa rygg og sete, trekt med skinn festa med saum, fleire utan armlene med h-sprosse, stoppa sete trekt med skinn festa med saum og med ryggfjøler mellom toppstykke og ryggsprosse. På alle desse stolane går ryggstolpane opp over toppstykket.

Offerkar

Bendixen fortel at ”Den gamle almissepung med sin bjælde findes fremdeles”, men no er han ikkje i kyrkja.[22]

Offeret vert no samla inn i nye offerposar av grøn fløyel med motstilte handtak i brunbeisa tre.

Ved offer på altar vert det nytta ei vanleg bastkorg eller ei treskål med innskrift på plate under botnen: Skåla er dreia av Einar Kaldestad. Sylvbeslaga er handlaga av Bj. Bjørgum 1988. Brent inn under: 1986 EK. Mål diameter 35 cm, høgde 13 cm.

Blomstervasar

a) To sølv blomevasar med høg sylingdrisk korpus som svingar inn mot rund fot. Innskrift på korpus på begge: Latinsk kross med strålar og VIKØY KYRKJA 1954. Stempel: 830 S, MÅ som krone over sju kuler (Magnus Aase, Bergen), N i kvadrat og 18. Høgde 25 cm, diameter 12,5 cm.

b) To sølv blomstervasar, traktforma korpus på knopp over rund, flat fot. Innskriftene er like på begge. På korpus: VIKØY KYRKJA 1972 og latinsk kross med strålar. Innskrift på plate under foten: TIL MINNE OM MIN MORFAR ARNE O. STEINE HAN VAR DEN SISTE KYRKJEEIGAREN I VIKØY INGA STEEN F. HOPLAND. Stemplet er truleg dekt av gips under foten. Høgde 23 cm, diameter 10,5 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje

Ein kjenner til ei utviding av kyrkjegard i 1876.[23] Etter den og før 1914 låg kyrkjegarden i hovudsak nordvest og aust for kyrkja, men også med eit stykke på sørsida. Området hadde eit areal på 1813 m2. Dette året vart det vedtek ei utviding på 1000 m2 sørafor kyrkjebygningen, i Kyrkjedalen.[24] Utvidinga vart vigsla til bruk i 1916. Frå 1940 vart det arbeidd med ei vidare utviding sørover i Kyrkjedalen og mot Kyrkjeelva i søraust. Dette førte med seg at den tidlegare sørmuren vart riven og ny mur oppført ved elva. Også på vestsida vart det laga mur oppunder den bratte skråninga. Murarbeidet skal ha vorte utført av Johan Rosseland og Ola H. Vikør.[25]

Stiftsdireksjonen gav 21. juli 1951 løyve til utviding mot nord og vest med i alt 2470 m2. I 1955-56 vart det lagt mur kring kyrkjegarden. Arbeidet vart utført av Høgenes og Småbrekke. Samstundes vart kyrkjegarden tilplanta, dels med prydbusker, og det vart lagt singelgangar. Lærar Alfred Aa på Framnes Ungdomsskule teikna port og lykter til kyrkjegarden.[26] Den nyaste parsellen ved Vikøy kyrkje vart vigsla 17. sept. 1995. Parsellen var opparbeid av Kjosås Maskin AS, etter teikningar av Olav Tveitnes ved Vestlandskap.[27]

Bygningar knytte til kyrkjegarden

På kyrkjegarden sørvest for kyrkja står det to bygningar, ei reiskapsbu lengst sør og eit hus med kapell, kjølerom og toalett.

Reiskapsbua er eldst og er eit enkelt bindingsverkhus med ope røst. Veggene er kledde utvendes med panel. Enkel inngangsdør på nordsida. Tre små vindauge høgt på veggen i aust og eitt i vest. Saltaket vender nord – sør og er tekt utvendes med lappskifer.

Bårehuset med kapell er oppført etter teikningar frå firma Sverre Skjelbreid. Huset vart vigsla 3. febr. 1983 av prost Augun Østtveit. I kapellet var det då altarbord, den gamle altarkrossen frå kyrkja vart sett opp på veggen, kapellet fekk 20 stolar og eit vove veggteppe.[28] Bårehuset ligg rett nord for reiskapsbua med eit slakare saltak i retning aust – vest. I bakre del er det murt opp eit kjølerom, medan den fremste delen er i bindingsverk. Utvendes er huset panelt med unntak av baksida. På sørsida er det inngang til gang til kjølerommet, på nordsida toalett, og sentralt aust i bygget er fløydør til gravkapell. I gavlen over døra er det overlys med tre større ruter.

Kyrkjegarden i Tørvikbygd

Ein kyrkjegard i Tørvikbygd sør for Vikøy høyrer også til under Vikøy sokn. Ved gravferder her nyttar ein Bedehuset i Tørvikbygd som stod ferding i 1987 og vart vigsla til kyrkjeleg bruk av biskop Thor With samstundes som det vart vigsla som bedehus. Ettersom Tørvikbygd tidlegare høyrde til Jondal sokn på hi sida av fjorden, vart det arbeidd med å samla midlar til eiga kyrkje i bygda, men ved overføring til Kvam og Vikøy sokn i 1965, vart dette mindre aktuelt. Dei innsamla kyrkjemidlane vart nytta til innkjøp av kyrkjeleg utstyr til det nye bedehuset.[29] Det er gudstenester i bedehuset om lag fire gonger i året.

Gravplassen ligg på innsida av Tørvikavatnet ved Tørvikbygd og har ein tilnærma trekanta plan. Grensa følgjer ei grov på ei side medan dei to andre sidene ligg inntil eit drivhusanlegg. Plassen er avgrensa ved ulike slag gjerde og hekk mot alle sider og har fire inngangar, ein gjennom klokketårnportal i nord, ein i vest, ein i aust og ein liten port på sørsida med trapp ned til bekken. Det er tre gravfelt på gravplassen, avgrensa av singelgangar kanta med brustein. På sørsida er det planta hagtorn innafor hekken, på nordsida nokre poplar.

Det finst gravminne attende til 1930, brukte gravminne er lagra ved poten på austsida. Gravplassen er utstyrt med vatnpost og benk på hjørnet av eit av felta.

Tårnet og klokka i Tørvikbygd er ikkje registrerte.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Kallsbok på kyrkjekontoret
  2. Kyrkjeverja. Diverse arkivmaterial
  3. Synfaring 1661-65. Riksarkivet. Rentekammeret, IV, Ulike rekneskapar 1606-1815, A.d. Bergens stift, 46, 1659-1668
  4. Synfaring 1686. Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, boks 1732, Hardanger og Voss
  5. Synfaring 1709. Riksarkivet, Rentekammeret, realistisk ordnet avdeling, pakke 3
  6. Synfaring 1721. Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, Nr 1719, legg 3, Hardanger
Trykte kjelder
  1. ”Vikøy kyrkjegard”i Vikøy kyrkje 150 år, Vikøy sokneråd 1989, s. 92-98
  2. Aksnes, O.A., a) ”Vikøy kyrkje – vern og vedlikehald” i Vikøy kyrkje 150 år, Vikøy sokneråd 1989, s. 85-87
  3. Aksnes, O.A., b) ”Vikøy kyrkjegard” i Vikøy kyrkje 150 år, Vikøy sokneråd 1989, s. 92-98
  4. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904 – 1913
Oppmålingsteikningar og fotografi
  1. Kyrkjeverja. Diverse kartmaterial

Bilder

Fotnoter

  1. DN XI 7
  2. Synfaring 1661-65
  3. Synfaring 1686
  4. Synfaring 1709
  5. Synfaring 1721
  6. Bendixen 1904 – 13, s. 252
  7. Bendixen 1904-13, s. 451
  8. Kallsbok, s. 52
  9. Bendixen 1904-13, s. 452
  10. Aksnes 1989, s. 85
  11. Same staden, s. 87
  12. Same staden, s. 85
  13. Bendixen 1904-13, s. 452
  14. Bendixen1904-13, s. 452
  15. Kallsbok, s. 54
  16. Bendixen 1904-13, s. 452
  17. Bendixen 1904 – 13, s. 454
  18. Bendixen 1904-13, s. 453
  19. Kallsbok, s. 55
  20. Kolnes 1993, s. 368
  21. Kallsbok på kyrkjekontoret, s. 57
  22. Bendixen 1904-13, s. 453
  23. Aksnes 1989 b, s. 92
  24. Arkivmaterial hjå kyrkjevergjen
  25. Aksnes 1989 b, s 93
  26. Arkivmaterial hjå Kyrkjevergjen
  27. Kallsbok, s. 60
  28. Kallsbok, s. 52
  29. Kallsbok på kyrkjekontoret, s. 56