Valestrand kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Valestrand kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneSveio kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater59.675029,5.466897
FellesrådSveio kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121600201
Soknekatalognr06010301
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Valestrand kyrkje er først nemnd i 1567 (Bendixen 1904-1913, s. 150). Den første kyrkja som er omtala i kjeldene er ei stavkyrkje. Denne stod truleg på same kyrkjestaden som den neste kyrkja, tømmerkyrkja frå 1707, på garden Valen nord i Sveio kommune. Då det vart aktuelt å byggja ny kyrkje for soknet att i siste halvdel av 1800-talet, hadde busetnadsmønsteret endra seg, slik at ein etter kgl. Res. Av 8.6.1872 flytta kyrkjestaden lengre sør, til Ulveraker gard, der kyrkja frå 1873 står no. På den gamle kyrkjetufta vart det oppført eit kapell i 1949, Valen kapell, der det i stor grad vart nytta tømmer og innbu frå tømmerkyrkja frå 1707 (sjå Valen kapell).

Stavkyrkja

"Wallestrands Kirche, Er een Gammel Stafue bygning, huor till siden er bøgt et støche Tømmer som er Chorit och itt støcke af Kirchen". (Synfaring 1686.) Kyrkja er kjend frå rekneskapar frå 1609 og fram til den nye tømmerkyrkja vart reist i 1707. I denne bolken er det ikkje nemnt tømmerarbeid ved kyrkja som truleg har stått som ei stavkyrkje med tømmertilbygg i aust alt tidleg på 1600-talet.

Bygningen

Vegger. Hovuddelen av skipet har hatt stavvegger og denne delen har truleg vore ei tidlegare, mindre stavkyrkje. Resten av skipet og koret har hatt tømmervegger og har vore eit tilbygg til stavkyrkja. Som støtte for veggen er det i 1624-26 sett skorder på nordsida av kyrkja. Det er fleire stader nemnt utvendes bordkleding, til dømes i 1636-38 då det er kjøpt bord til bordtak på sørsida av kyrkja og bjelkar til "Opstander Att Nagle Bordtagett faest thill". Innvendes i koret vart det laga "Paneeluerck" i 1630-32.

Dører. I 1621 er det "Kiøbtt Tho stourrre tyche firre scharrenn bord, som ved Kirche dørren bleff Inndsatt", kanhenda som nye portalplankar. I 1636-38 er det laga ei ny kyrkjedør. Elles er det ingen opplysningar om dørene i kyrkja.

Vindage. Det er få opplysningar i rekneskapane om vindauge i stavkyrkja. I 1618-20 er laga "nogen" nye vindaugskarmar som ein har lete "Indhugge och Inndsette", men det står ingenting om plassering, i 1627-29 er vindauge på nordsida av skipet omtalte og synfaringa frå 1661-63 viser til eit vindauge på sørsida av koret. Det har nok også vore vindauge på sørsida av skipet. Mot slutten av 1600-talet er det sett inn to vindauge over kyrkjedøra, dette kan vera ein reparasjon. Ved synfaringa i 1686 var fleire ruter knuste. Det går elles fram at det på utsida av vindauga har vore luker som har gått i renner på sidene og vorte heiste opp med tau gjennom veggen over vindauga. Mellom dei gåvene som Falk Larsen gav til kyrkja var eit par vindauge (sjå elles Valen kapell).

Golv. Golvet i kyrkja er berre nemnt ein gong (1662-64). Då vart det lagt ned 18 bord.

Tak. I synfaringa frå 1661-65 vert det påpeikt at det trengst nytt sutak på nordsida av kyrkja, koret og svalen. Arbeidet vart utført, og taket som vart lagt var eit tak av tjørebredde bord. Etter synfaringa i 1686 vart det utført ei tilsvarande fornying av taka på sørsida av kyrkja. Fram til midten av 1600-talet var kyrkja tekt med eikespon.

Himling. I 1630-32 er "Holtt 2 Snedker der de Hoffled oc samen ploiet Lofftitt vdj Coritt". I skipet har det ifølgje rekneskapen frå 1680-81 vore kvelv: "forferdiget Huelvingen udj Kirchen som mestedelen var løs, huorpaa 6 dags Arbed er anvendt."

Tårn. Kyrkja hadde to små klokker frå den første inventarlista frå 1612 og fram til ho vart riven. I denne perioden er "Klochehussit" nemnt i 1687-89 og "taarnitz nodre og søre side" i 1699-1701. Kyrkja må såleis ha hatt tårn, men det er uvanleg at det ikkje er omtala oftare i samband med tjørebreing og reparasjonar.

Tilbygg. Svalgang, stegehus og våpenhus. Kyrkja hadde sval på nordsida og eit stegehus, enten som ein eigen bygning eller som tilbygg til kyrkja på sørsida. Stegehuset fekk nytt tak av bord i 1624-26. I 1662-64 vart det oppført nytt stegehus. Av materialane som er nemnde er åtte tylfter bord, to nye stavar og fire drivskier. Våpenhus er nemnt i 1636 og i synfaringa frå 1661-65 er både sval og våpenhus nemnde.

Interiør

Kjeldene gjev få opplysningar om interiøret i kyrkja. Interiøret må ha gjennomgått vesentlege endringar i samband med tømmerutvidinga. Rundt 1630 har det vore utført omfattande arbeid i koret i det det er lagt loft og utført panelingsarbeid. Samstundes er det laga ein klokkarstol.

Inventar

Altar. 1636-38: "For Alter Borett Att Sammen driffue” er betalt for ”2 karlle j dagh".

Altartavle. Det går fram av rekneskapane at "WelÆdle Hr Borgemester Falch Laursen" mellom andre gåver har gjeve ei ny altartavle til kyrkja. Tavla er måla av soknepresten på Stord 1686-1706, Didrik Muus (E.Horneland). (Sjå Valen kapell.)

Dåpshus. I 1630-32 vart det betalt for ”14 Bord till Funtestoelenn”, truleg å forstå som eit dåpshus, og for ”Horn Lim som der till Kom".

Preikestol og preikestolshimling vart laga i 1621-23. (Sjå Valen kapell.)

Benker og faste stolar. I 1618-20 vart det laga to lange fotskamlar framfor benkene. I samband med istandsettinga av koret rundt 1630 vart det laga ein klokkarstol i koret og ein lang benk. Noko seinare vart benken i våpenhuset "Ferdig giort". Synfaringa i 1661-65 påpeikar at to benker på mannssida er forfalne og må vølast, sameleis tre benker på kvinnesida.

Rituelle kar. Kalk og disk. I den første inventarlista frå 1612 er nemnt "Enn Kalch och disk aff Sølff forgyldtt". Mot slutten av 1600-talet står det "j Kalch oc Disch paa 24 Lod Sølf". Vinkanne. I 1612 hadde kyrkja ei vinkanne av tinn, sidan ikkje nemnd. Dåpsfat er rekna opp mellom inventaret i 1690 og 1696 som eit massing fontebekken (sjå Valen kapell).

Parament. Kyrkja har, særleg mot slutten av 1600-talet, vore etter måten rikt utstyrt med tekstilar. Altarduk. Kyrkja hadde to gamle altardukar i 1612, sameleis i 1661. I 1690 er det oppført tre kvite lerrets altardukar på inventarlista. I tillegg til desse viser ei tilskrift til lista frå 1696 at Christine Kortkamps gav ein altarduk med breie, kvite kniplingar rundt til kyrkja.

Altarklede. I 1661 er det berre oppført eit stykke raudt klede, truleg altarklede. Lista frå 1690 har tre klede; eit raudt kledes altarklede, eit klede av raud bomull (”kattun”), og "j dito af røtt Trøgt Krepp med en Schildret Kant neden om". Dei same tre pluss to nye er nemnde i 1696. Det eine nye er "j Røtt Kledes AlterKlede gifuen af Schipper Østen Olsen Ao 1694", det andre står i ei tilskrift: "... och et røt Flosses alterklede, med Sølf Kniplinger om... forærit af Fogdens Kieriste madm. Christine Kortkamps". (I Valen kapell, kledet ber årstalet 1695).

Kalkduk. I 1690 og 1696 er nemnt "j silchesyed Tørklede paa Kalchen".

Messehaklar. Den første inventarlista frå 1612 fortel at kyrkja hadde ein messehakel av "Gull Tafft". Den same er nemnd i 1661. I eit tilskrift til lista står det at "Een ny rød Messehagel med soort fløyel for oc bag er giffuen till s. Agnethe Pedersdatter Svegnings hukommelse som døde .. 17, anno 1663 aff P.O. Svegning, P.Loci". Lista frå 1696 har berre med den siste; "j Rød fjfschafftes Messehagel med sort fløyels Kaars". BM har ein messehakel frå Valestrand (NK 6), det er uvisst om det er den same.

Messeskjorte. I 1612 ein messeserk, ein ny kjøpt 1627-29, i 1661 ein messeserk, i 1690 to gamle, sameleis i 1696. I tillegg har Christine Kortkamps gjeve ein ny.

Lysstell. I 1612 og 1661 hadde kyrkja to gamle lyssestakar, ein av jarn og ein av massing. Listene frå 1690 og 1696 oppgjev to ulike massing lysestakar og ein liten av massing. Listene har også med ei lysesaks og ei lykt. I ei tilskrift vert det opplyst at dei gamle lysestakane av massing er omstøypte til to nye, arbeidet er betalt av "Hr. Borgemester Falch Laursen" i 1705. (Sjå under Valen kapell.)

Klokker. Etter rekneskapane har kyrkja hatt to små klokker.

Bøker. Kyrkja har to bøker oppførte på inventarlista frå 1612, ei altarbok og ei salmebok. Ei ny altarbok vart kjøpt i 1656-58. Lista frå 1661 har berre ei altarbok, medan dei frå 1690 og 1696 berre har ei salmebok. I tillegg er det tilført at det er kjøpt ei ny salmebok "in octavo" i 1700.

Timeglas. Kyrkja kjøpte eit timeglas i 1627-29, dette er oppført på listene frå 1690 og 1696.

Kyrkja frå 1707

Kyrkja vart oppført av kyrkjebyggarane Johannes Raknes og Ole Birkeland. I stiftsskrivaren sin rekneskap er det innført følgjande: "Anno 1706: den 12. Aug. Er i Herrens Naufn accorderit med Johannes Rachnes och Ole Bircheland at oppbygge Walestrands Kirche af ny, efftersom den gamble Stave Kirche war aldelis forfalden, Kirchen Lang inden Nafvene 19 Alen, Bred 16 Alen, Choret 10 Alen langt och 11 Alen bredt, med sin tilbørlige høyde af 9 Alen, samt et velschichet Taarn paa vestre ende och et lidet Waabenhuus, med meere effter Contractens tilhold,...".

Tømmerkyrkja vart nedriven etter at soknet hadde fått ny kyrkje i 1873. Delar av tømmeret vart då lafta om og sett opp som skulehus i Ørevik i 1874. Bygda fekk ny skule i 1938 og kyrkjetømmeret vart bygd opp att som Valen kapell på den gamle kyrkjetufta og vigsla 31.juli 1949.

Bygningen

"Saasom denne Kirche var een megit Ældgammel StaveBygning, som gandsche var forfalden och aldeelis ubrugelig, er den effter høy øfrigheds Resolution och befaling nedtaget och igien opsat och forferdiget een ny Bygning af Tømmer..." (Rekneskap 1705-07). I forlenginga av det siterte følgjer så detaljerte utgiftspostar for materialane til kyrkjebygget. Måla for kyrkja utfrå materiallista, alt i skjellandske alner, vik noko av frå dei måla stiftsskrivar Hvid gjev i synfaringa frå 1721, men det er små avvik, og dei sistnemnde måla viser seg ofte å vera upresise. Skipet må i alle høve ha vorte noko mindre enn det skriftsskrivaren hadde forhandla med bygningsmennene om. Utfrå opplysningane i rekneskapen har kyrkja hatt tømra skip og kor, tårn og eit tilbygd våpenhus, truleg i bindingsverk, alt bordkledd og tjørebredd, taka tekte med panner. Kyrkja har mest sannsynleg vore orientert med koret i aust og inngangen i vest. Etter materiallista har skipet vore 16x13 alner (Hvid: 16x14) koret 10x10 alner (Hvid 10x11). Våpenhuset sine mål går ikkje fram av materiallista (Hvid sine mål: 5x6 Al.), men utfrå opplysningar om kjøl på våpenhuset og anna, kan ein sjå at våpenhuset har utgjort ein eigen bygningsdel utan tårn over. Tårnet har venteleg vore plassert frå raftehøgd vest i skipet. (Bendixen les: "En ny tømmerbygning med taarn paa et vaabenhus.." medan det står slik i synfaringa: "Een nye Tømmer Bygning, med Taarn paa, og eet Waabenhus".) I prostens synfaringsprotokoll frå 1852 er dei innvendige måla oppgjevne: "Kirkens Skib indvendig befandtes at være 14 3/4 Al. langt og 12 1/2 Al. bredt, af hvilken Bredde Gangen indtager 3 3/4 Al.- Choret hvori Alteret og S[t?]ole Langs Væggene indtager den største Plads er 9 Al. langt og 9 1/2 Al. bredt."

Vegger. Veggene i skipet og koret var lafta opp av flattelgd tømmer, noko av tømmeret er framleis i bruk som vegger i skipet i Valen kapell. Utvendes var veggene bordkledde og tjørebredde.

Dører. Ved nybygginga er det ikkje særleg nemt materialinnkjøp til kyrkjedøra, men "et nyt fuldkommen Laas och et par hengsler for Kirchedørren". Få år seinare (1711-13) er det laga ei ny kyrkjedør og det er gjort greie for kostnad for bord og hengsler i rekneskapen.

Vindauge. Kyrkja vart oppført med åtte vindauge, seks nye og to frå stavkyrkja. Det er elles opplysningar i rekneskapane om ei luke "paa det østre brøst" til stegen når denne skulle leggjast på lemmen, og ei luke i tårnet.

Golv. Materialar til eller arbeid med golvet er ikkje særleg nemnt i samband med kyrkjebygginga, kanskje har materialar frå stavkyrkja vorte nytta.

Tak. Etter materiallista ser det ut for at det har vore lagt bindbjelkar (”Sperlagbielcher”) tvers over skipet og koret og at skipet har hatt tolv sperrefag. I skipet og kanskje i koret har det vore undersperrer eller saksesperrer og begge stader hanebjelkar. Kortaket (11 alner lange sperrer) har vore mindre enn taket over skipet (12 alner). Sperrene i våpenhustaket var sju alner lange. Over sperreverket vart det i utgangspunktet lagt bordtak av god material som vart tjørebredd.

I neste rekneskapsbolk, 1708-10, er det innført i rekneskapane at det er gjeve 4000 panner til kyrkjetaket. Gjevaren er ikkje nemnd her, det kan ha vore Falch Larsen. Gåva omfatta også pannespikar, lektespikar, opplengespikar (truleg å forstå som rekte-spikar) og jarnanker, medan kyrkja har kjøpt lekter og opplengjer til å festa lektene på, både til skip, kor og våpenhus. Alle taka har såleis fått pannetak samstundes og i synfaringa frå 1721 står det óg at kyrkja er "tægt overalt med Pander". Det var klokkaren som hadde arbeidet med å leggja pannetaket.

Himling. Få år etter at kyrkja var oppført (1711-13) betalte stiftsskrivaren klokkaren Niels Nielsen for å leggja lem av 16 tylfter bord over kyrkja. Over våpenhuset vart det lagt inn lem i 1717-19. Lem over koret er nemnd i 1852 i prostens synfaringsprotokoll. Korlemmen er då sagt å vera svak og at han fleire stader der han er vølt manglar måling.

Tårn. "Valestrands Kirche, Er een nye Tømmer Bygning, med Taarn paa..." (Synf. 1721). Tårnet har vore firkanta, bordkledd og plassert vest i skipet. Materiallista fortel at dei fire hjørnestavane var firkanta, 3/4 alner i kant og 14 alner lange, medan spiret var 16 alner. Til tårnet er det kjøpt åtte "Soeler", fire på åtte og fire på seks alner. Dette kan vera materiale til ei nedre og ei øvre ramme for tårnet. I 1708-10 er "Taarnet og Kaaben" tjørebredde.

Interiør

Etter prostens visitas 1852 var det benker langs veggene i koret på begge sider av altaret og i skipet på begge sider av ein 3 3/4 alner brei midtgang.

"Anno 1718, er denne Kirche Indvendig paa Almuens Bekostning meget smuch mahlet" (Synfaring 1721). Kyrkja har vore måla på den vanlege måten i tida med ei brystning som har illudert draperi og med rankemåling. Restar av denne målinga finst idag i omrota stand på veggene i Valen kapell.

Inventar

Inventaret i tømmerkyrkja var mykje det same som i stavkyrkja før ho vart riven. Kalk og disk er i den første inventarlista etter nybygget oppgjevne med same vekt som tidlegare, 24 lod, medan vekta i 1720-22 er sett til "19 Lod 3 qvinten". I tillegg til det gamle kjem "j Messing lyse blachert paa PrædikeStolen givet af hr. Falch Larsøn" i 1708-10, sameleis ei lysekrone som ikkje er innskreven i rekneskapane, men som etter innskrifta vart gjeven til kyrkja i 1714 av ekteparet Falch Larsen og Christina Kortkamps. Kyrkja har i samband med nybygget fått ei kiste til "ornamenternes forvaring" i gåve.

I 1836 hadde prosten denne kommentaren til inventaret ved visitasen. "Det rød(e) Alterklædet mangler nogle Snorer, som ere afløsnede; Tavlen eller Pungen er meget beskadiget; på Døbefadet er et Hul, og det er fortæret af Er." Av visitasmeldinga frå 1852 går det fram at kyrkja då hadde ein Brochmanns huspostill (sjå Valen kapell).

Kyrkjegard og gravminne

Sjå under Valen kapell.

Kyrkja frå 1873

Ny kyrkje vart oppført på Ulveraker etter teikningar av arkitekt O. Vangberg. Kyrkja vart oppført av Jacobsen og Thorsen, Skudesneshamn, og vigsla 15. oktober 1873 av biskop Birkeland. Kyrkja har oml. 400 sitjeplassar.

Bygningen

Valestrand kyrkje er ei langkyrkje tømra opp i lafteplank med tredelt skip med rektangulær grunnplan og smalare og lægre kor med tresida avslutting mot aust. Det er sakristi og gang i hjørnet mellom skip og kor i sør og venterom for dåpsborn og gang i nord. Framfor vestveggen i skipet har kyrkja tårn med kvadratisk grunnplan. Kyrkja har liggjande panel og er kvitmåla utvendes. Takskjegget er underkledd med liggjande bord på profilerte stikksperrer. Tårnet er dekt med flat pyramideform som går over i inntrekt, åttekanta hjelm, dekt med lappskifer og avslutta med kross. Skipet er dekt med saltak, kor og kortilbygg har valma tak, alle tekte med ruteheller. Kyrkja kviler på ein grunnmur av dels skifrig naturstein. Under koret er det kjellar med bårerom og utgang mot aust.

Vegger

Kor og skip er lafta saman, sideromma er også lafta saman med skip og kor. Langveggene i skipet er avstiva med fem opplengjer på kvar side, og desse korresponderer med fem par mellomstolpar i skipet. Veggene i koret er avstiva ved ei opplengje på kvar langvegg. Tømmerveggene er ikkje kledde innvendes. Utvendes er dei kledde med sulagde, profilerte bord.

Dører

Hovudinngangen vest i tårnet er overbygt med saltak på konsollar. Kyrkja har fløydør med fire kvadratiske fyllingar i kvar fløy vest i tårnfoten, vest i skipet og vest på orgelgalleriet. Enkle fyllingsdører med fire liggjande fyllingar i austveggen i skipet til gangar med dører til trapp ut på kyrkjegarden i nord og i sør. Fyllingsdører mellom sakristi og gang og mellom sakristi og kor, på nordsida mellom gang og rom for dåpsborn.

Korskilje

Koret opnar seg mot skipet i mest full breidde ved ei rundboga koropning skoren ut i veggtømmeret og kanta med profilert listverk. Koropninga er flankert av brystningar med vegg av bord under balusterrekkverk. Brystningane er lagt opp i meklarstolpar ved trappa, stolpane er avslutta oppe med kule. Måla i grått, gult og rosa med mørk rosa, marmorert kule.

Vindauge

Kvar av langveggene i skipet har fire høge, smale vindauge dekte med trekant. Yttervindauga er delte vertikalt ved to postar og horisontalt ved sprosser og dannar 5x3 ruter. Trekanten delt ved sprosser i seks ruter. Dei sekundære innervindauga har klårt katedralglas og er todelte og inndelte med sprosser med 3x3 ruter i nedre ramme og 3x2 ruter i øvre ramme. Den dekkande trekanten i innervindauget har glasmåleri (sjå inventar). Koret har tilsvarande vindauge i veggene mot nordaust og søraust. Sakristi og rom for dåpsborn har mindre vindauge av same form og trekanta overlys over dørene. Tårnet har vindauge som i sakristi på nord- og sørsida i tårnfoten og mindre i vest i andre og tredje høgda. I klokkerommet gavlforma luker til tre sider.

Golv

Lakka golv av breie furubord. Korgolvet ligg to steg høgre enn golvet i skipet og er dekka med grønt teppe. Kyrkja har støypt fundament med bårerom i kjellaren under koret.

Tak

Taket over skipet er eit sperretak med 18 sperrefag med sperrer og hanebjelke som kviler på dragarar på mellomstolpane i skipet. Fem av sperrefaga korresponderer med opplengjer og mellomstolpar i skipet. Desse har i tillegg til sperrer og hanebjelke ein spinklare, ekstra, øvre hanebjelke, horisontale stikkbjelkar frå raftestokkane til mellomstolpane og undersperrer med utgangsunkt i mellomstolpane i raftehøgd og med toppunkt over øvre hanebjelke. Materialane er lagde saman på halv ved og sikra med tapp. Sperretaket ber åsar med bordtak av over- og underliggjande bord i fallretning som underlag for skifertaket.

Himling

Skipet har flat himling i sideskipa og tredelt himling som følgjer undersperrer og hanebjelke i midtskipet. Koret har tredelt himling, avslutta ved tre trapesforma felt i aust. I skipet er faginndelinga understreka ved listverk. I koret er bjelkane i sperrefaga synlege på undersida. Himlingane i skip og kor vart i 1936 underkledde med huntonitt og inndelt i rutenett ved hjelp av listverk.

Tårn

Tårnet er i bindingsverk med fire gjennomgåande hjørnestolpar og er dekt med inntrekt åttekanta hjelm over pyramideform. Tårnet har fire høgder; tårnfot med våpenhus, gallerigang, lagerrom og klokkerom. Etasjeskilje ved hjelp av rammer feste til tårnstolpane. Mellom rammene er det to mellomstandarar på kvar side. Sidene er også avstiva ved andreaskrossar og kne. Tårnfoten og gallerigangen er innvendes kledde med ståande panel. Pyramideforma kviler på fire bjelkar som skrår opp frå midten av kvar side i øvre ramme i tårnet og opp til midtmasta i hjelmen. Dei åtte gratsperrene i hjelmen kviler på stjerne over øvre ramme.

Interiør

Flyttberr døypefont sentralt framfor altaret i koret. Preikestol søraust i skipet med oppgang over korskiljebrystninga. Vestgalleri med orgel.

Fargar

Fargar: Rundt 1900 var himlingen kvitmåla, veggene gule, stolpane brune og benkene lys blå. Det var måla ein kløverbladskross over korbogen. Døypefonten var grå, preikestolen var kvit med gullister og lys gule felt. I det eine feltet var ein gylt kross over krosslagde greiner (Bendixen, s.150).

Interiøret fekk nye fargar i 1936 - hovudfargane i interiøret vart då raudt og gult, himlingen lyseblå.

Veggene er no matt gule med gråbeige brystningar skilt frå ved ei grå stripe. Opplengjer og mellomstolpar er grå, mellomstolpane med marmorering i ein mørkare gråfarge. Profilert gesimslist og konstruktive ledd i himlingen markert med grått mot kvitt himling. Under gesimslista er det måla ei enkel bord. Listverket rundt dører, vindauge, på korskiljet, galleribrystning, orgel, preikestol og stolar i koret er måla i kvitt, lys grått, grått og rosa. Fyllingar i dører og på galleribrystning er marmorerte i rosa. Fyllingar i faste stolar i koret og på preikestolen er gule med gull i listverket. Benkene er gråblå med brune rammer og benkefjøler, og lysegrøne fyllingar med grå fris.

På annankvar fylling på galleribrystninga og på annankvar benkevange er det måla kryssande greiner. På det vestlege preikestolsfeltet er måla ein gullkross over to kryssande rosegreiner. Midtfeltet på gallerifronten har innskrift: Soli Deo Gloria 1973. Over korbogen er måla ein gul kross med kløverbladarmar på postament og med to greiner ut frå basen.

Det går ein rosa løpar med grå kantar langs midtgangen fram til altarringen. Golvet i koret er dekt med grønt teppe.

Glasmåleri

Sekundære glasmåleri i innervindauga i koret. Ytst mot karmen går ei ramme med perleband med grøne krossrosettar, i hjørnene er det felt inn roser som i ein rosenkrans. Begge vindauga har eit rektangulært biletfelt nede som framstiller eit kvitt lam på ein bakgrunn av grøne akantusranker på blå botn. Midt i glasflata er det sett inn eit sekskanta motivfelt innramma av djupraud ramme. Over og under det sekskanta motivfeltet er det småruta glas i ulike grå-lilla tonar. Motivfeltet i nord har ei framstilling av Maria med barnet på fanget med ein av dei tre kongane og to gjetarar. Motivfeltet i sør har ei framstilling av Utferda til Egypt. Maria med barnet på eselryggen, Josef framfor. Glasmåleria er avstiva ved horisontale metallsprosser og signerte: G.Rognaldsen, Bergen.

I gavlfelta i innervindauga i skipet er det glasmåleri med framstilling av evangelistsymbola på nordsida, frå vest: ørn, okse, løve, engel. På sørsida frå aust: To fuglar og aks, sol og hengjande aks, aks som reiser seg, ståande aks.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming. Interiøret vart måla og himlingane kledde med plater i 1936.

Inventar

Altar

Stort kasseforma altar med brotne hjørne framme. Baksida har dør til skåp i altaret. Gråmåla. H. 102/119 cm, br. 220 cm, dj. 92 cm (bordplata) og 79 cm.

Altartavle

Nygotisk altartavle i ei høgd med rundboga biletfelt flankert av kanellerte pilastrar avslutta ved klassiserande kapitél og fialar og med vimperg med stiliserte krabbar og kross over biletfeltet. Vimpergen var tidlegare utfylt med ornamentalt listverk (sjå Valen kapell). Sekundært er det her måla ein engel i skykrans. Innramminga av biletfeltet er gullfarga. Botnen gråmarmorert. Basen under det heile er grå. Pilastrar, kapitél, fialar og vimperg er grå og rosa med gull staffasje.

Biletfeltet var tidlegare mindre og inneheldt ei framstilling av Ecce Homo (sjå Valen kapell) Feltet har no ei framstilling av Jesus og Peter på Genesarets sjø. Jesus står på vatnet med høgrehanda lyft til signing. Med venstrehanda held han rundt høgre handleden til Peter som står til livet i vatn og strekkjer begge armane opp mot Jesus. I bakgrunnen læresveinane i båt. Sjøen fyller to nedre tredeler av flata, avslutta med gallileiske åsar og med himmelen over. Jesus har kvit kjortel med gullkant i halsen og raud kappe lagt over venstre skulder. Peter har brun kjortel og sennepsfarga kappe. Landskapet er mørkt og uklårt. Kvite skumtoppar, litt lysning over åsane. Under måleriet er det eit skriftfelt med kvit frakturskrift på svart botn: "Herre frels mig! Matth. 14,30.” Måleriet er signert i nedre høgre hjørne: Malet af O.Ol(b?)sen, Haugesund 1906.

Altarring

Rund altarring med port ved sørenden av altaret. Stoppa, skinntrekt knefall. Rosa baluster-rekkverk. Rosa, marmorert handlist. Golvet i altarringen er eitt steg høgre enn korgolvet og dekt av grønt teppe.

Døypefont

Døypefont i tre. Åttekanta kum med rundt hol for dåpsfat. Åttekanta kanellert skaft. Profilert åttekanta fot over kvadratisk fotplate.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har åttekanta botn og sju felt med rektangulære fyllingar i ramme. Profilert listverk oppe og nede, nede avslutta ved hengjebord over innsvinga botn mot åttekanta kannelert skaft på åttekanta vulst over firkanta fotplate. Oppgang frå koret ved svungen trapp over korskiljebrystninga. Trappevangen har skrå fyllingar i ramme. Han held fram som brystning framfor ein fast stol i hjørnet mellom oppgangen og galleribrystninga.

Benker

Benker på nord og sørsida i skipet, festa i golvet. Bakoverlente, svungne vangar, ryggar med fyllingar i ramme. Hylle under setefjøla. Tilsvarande benker på nord- og sørsida på galleriet. Enkle, faste veggbenker langs veggene i skip og kor, brunmåla. Faste stolar i hjørna vest i koret.

Galleri

Tverrgalleri vest i skipet med framspring over midtgangen. Galleribjelkane er festa til langveggene. Dei er også festa til dei to vestlege para av mellomstolpar og er lagde over to austvest-gåande bjelkar på to par stolpar som flankerer midtgangen. Brystning av rektangulære fyllingar i ramme, avgrensa ved profilert listverk oppe og nede. Himlingen under galleriet er flat, gallerigolvet er avtrappa i seks steg på begge sider av orgelet.

Orgel

a) 1914 †. Levert av Olsen & Jørgensen Orgelfabrikk, Oslo.

b) Orgel frå Gebr. van Vulpen, Utrecht. Orgelet er no utstyrt med 10 av 21 stemmer. Det har to manualar og pedal, det øvre manualet er framleis dødt. Pipene er i hovudsak av bly. Mekanisk overføring. Prospekt med tre framspringande hovudtårn, det høgste i midten, og to mellomliggande pipefelt på kvar side. Pipeopningane og utskorne rankeornament i pipefelta gullfarga. Rikt profilert listverk måla i kvitt, grått og rosa. Vest i skipet heng teikning av "Orgelentwurf für die Kirche Valestrand - Norwegen, Gebr. van Vulpen - Utrecht - Holland 20-11-1986", der også det prosjekterte ryggpositivet er teikna inn. Dette vil stå i utspringet. Det er planlagt med eit tårn i midten og to flate pipefelt på kvar side. Orgelet er eit minneorgel for Fartein Valen.

Rituelle kar

Kalk. Halvkuleforma kupa, sekundært forhøga. Det tilsette stykket ligg utafor kanten på den opphavlege kupaen, skøyten er utvendes ornamentert ved tvinna slangar. På eine sida eit lite pålodda stykke. Øvre og nedre skaftledd er rette og har list oppe og nede med stjernemønster mellom profilar. Flattrykt nodus med drevne kuleformer i ein ring over og under midtlista, ni kuler over og ni under. Botnen utanom kulerendene har gravert dekor. Foten svingar ut mot standkant over fotplate. Standkanten og midtlista på nodus har også stjernemønster mellom profilar. Inrissa under foten: "XXIIII LOT". Stpl. to kroner eller liljer.

Særkalkar. Sølv. 43 stk. Flat kupa, høg fot med glatt knopp øvst. Innskrift: VALESTRAND KYRKJE 1954 , latinsk kross. Stpl. 830 S, MÅ (?), N.

Disk. a) Sølv. Tallerkforma disk med rund botn og flat rand. Latinsk kross på randa. Diam. 12,2 cm, rand 1,3 cm. Stpl. Sju kuler (Bergen), 1873, ID (eller CD), 5M, 13 1/3. b) Sølv. Tallerkforma med flat botn og runda rand. Diam. 16,6 cm, rand: 2,4 cm. Stpl. 830 S. TH.MARTHINSEN.

Ause, standard sølvsmedvare. Stpl. 830 S, Lo, NM. Skål til ausa. Sølv? Skåla er innsvinga mot botnen. På begge sider latinsk kross med strålekrans. Ustpl. Øvre diam. 12,5 cm, botn 7,8 cm, h. 4,6 cm.

Dåpsfat. Plett? Rundt bolleforma dåpsfat. Ustpl. Diam. 33 cm, rand 3,4 cm, h. 5,8 cm.

Kanne. Plett. Pæreforma korpus med opphøgd hellekant og svungen hank. Høg, utsvinga fot. På korpus due i strålekrans. På foten inngravert: Kyrkja i Valestrand. Stpl. K. HESTNES. H. 32 cm, diam. (ved foten) 14,1 cm.

Parament

Altarduk. a) Brei hekla bord med kalkar og krossar mellom vinranke med drueklasar. b) Kvit, toskafts linduk med bord i hardangersaum sydd med lin framme på duken. Motivet er krossar og kroner. Over kronene brodert INRI.

Antependium av rustraudt, toskafts ullstoff med myggtjeld. Gullfrynser i nedkant. Antependiet er rynka over framsida av altaret. Applikasjon på framsida: Sirkelrundt, grønt felt med applikert krosslam i kvit brokade med brodert raud sigersfane og gul krosstav. Lammet har gul krossglorie på lilla botn, og står på boka med sju segl. Sirkelfeltet er innramma av gjennombrote gullband.

Messehakel. a) Skjoldforma messehakel i klar raud fløyel kanta med to tvinna gullsnorer. Fôr av raud, toskafts bomull. Motiv på ryggsida: Latinsk kross av to breie gullband. Strålar frå krosshjørna. b) Vid messehakel med skrå sider i raud brokade. Rosa silkefôr. Ryggsida har gaffelkross applikert med raud fløyel kanta med smale gullband. Krossen har kvadratisk felt over krysset i raud fløyel kanta med gullband og gult og raudt snodd silkeband. På feltet er det med gult brodert kristogram med alfa og omega på sidene. Framsida har gaffelkross. c) Grøn messehakel i grov, toskafts vev. Vid form. Motiv på ryggsida: Mørk grøn applikert gaffelkross, kanta med grøne, snodde band. På krossarmane tre aks med stoppa gullfolie og gull-lister som konturar. Motiv på framsida: Gaffelkross. Messeskjorter. 3 bomulls messeskjorter - ei med stor vidde.

Lysstell

Altarstakar. To massing altarstakar, nyare. Stakane har vid, djup lyskrage, balusterforma skaft, vid, utskrådd, profilert fot med profilar. Skjold med innskrift på den eine: FOR LOVI/ VART GJEVI/ GJENNOM MOSES. JOH. 1.17. Innskrift på den andre: NÅDEN OG/ SANNINGI/ KOM VED/ JESUS KRISTUS./ JOH. 1.17. Lyspiper for kubbelys. Innskrift på foten: K.S. 1949, CHR. S. 1949. H 40 cm, br.(fot) 20 cm.

Lysekrone. Nyare. Lysekrone av barokk form med kule, balusterforma midtstong med fire plater med seks lyshaldarar på kvar, minkande i storleik oppover. Innskrift på kula: DE ER LJOSET I VERDI/ MATT. 5,14. på eine sida og: VALESTRAND KYRKJE 1965 på den andre. Lysarmaturen elles er i svartlakka meltall med gull staffasje. I sideskipa kroner med tre høgder med fire omvendt bøtteforma lampehaldarar i kvar høgd, mellom lyskransane er det festa blomar og basunblåsande englar til midtstonga. På og under galleriet hjulforma kroner med seks lyshaldarar i kvar. Kronene i koret er nærast aksforma med sju lyktforma lyshaldarar. Sjuarma smijarns stake med massingplate på fot: Til Minne, Thomas Larsen Drivenes.

Klokke

Svakt boga kronplate, nedbøygd hue, rett hals med ornamentband og innskrift, utsvinga korpus, smal og breiare vulst over rett, nedskrådd slagring. Innskrift mellom bladornament: STØBT AV HENRJCH GRØTCHL.. J BERGEN ANNO 1810. Diam. 55 cm, h. 51 cm.

Bøker

BIBELEN, Grøndahl & Søn, Chra. 1885. Sandhed til Gudfrygtighed. Hus-Postille. Mandal 1883.

Nummertavler

Over dørene aust i skipet er det to sekskanta tavler med profilert listverk. Kronte av to basunblåsande englar symmetrisk plasserte med ryggen mot einannan. I sviklane oppe og nede greinmønster. Oppe på tavla i nord: alfa og kristogram, oppe på tavla i sør omega og kristogram. Begge tavlene er dekorerte med ei harpe nedst. To nummertavler på langveggene. Rektangulære, med rosemåling i hjørna på rammene. Ved inngangen salmebokhyller med med treskurd medfialar på sidene og akantuskroning med harper i midten, ei bord med hjarte nedst.

Møblar

To karmstolar. To brurastolar i koret.

Offerkar

Offeret vert samla inn i treskål på altaret.

Blomstervasar

To vasar. Plett. Traktforma med avtrappa fot. Innskrift på foten: VALESTRAND KYRKJA 1950. Stpl. AW. ornament, 40. H. 30 cm, diam. 12,5 cm.

Diverse

Lysglobe.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Ulveraker kyrkjegard ved Valestrand kyrkje vart opparbeidd i samband med bygginga av kyrkja. Kyrkja og kyrkjegarden ligg på ei stor, dels utfylt flate. Det går singelgang rundt kyrkja. Kyrkjegardsmuren som omgjev kyrkja og den eldste delen av kyrkjegarden som ligg sør og for ein del aust for kyrkja, er oppbygd i omlag 70 cm høgde med skifrige heller og med lågt nettinggjerde oppå. Kyrkjegarden er utvida med eit stort stykke mot sør. Her er gjerdet på muren teke vekk og den nye kyrkjegarden ligg eit steg under. Denne er omgjeven av mur, men mot beitemarka i sør er det berre eit enkelt nettinggjerde. Den nye delen av kyrkjegarden er omgjeven av singelgang. På vest- og sørvestsida av kyrkja er det i 1982-83 laga parkeringsplass og nytt reiskapshus med toalett.

Gravminne

Gravminna går attende til tidleg 1900-tal, men det finst einskilde gravminne frå slutten av 1800-talet (1878 og 1871).

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Munnlege informantar: J. Furdal og J.Lønning.
  2. Statsarkivet i Bergen (SAB). Stiftsamtmannsarkivet, boks 1718, Stiftsskrivarrekneskapen.
  3. Stiftsamtmannsarkivet, nr. 1719, legg 3, Sunnhordland, Synfaring 1721.
  4. Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 132.
  5. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Rekneskapar, Kyrkjer, pk. 46, Bergens Stift, 1659-1668, Synfaring 1661-1665, Sunnhordland.
Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-1913.
  2. Horneland, E., Gamlekyrkja og kapellet på Valen i Valestrand, Sunnhordland XXIX, 1948.
  3. Tvedt, T., Valestrand kyrkje, 1873-1973. Jubileumsskrift. 1973.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)