Valen kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Valen kapell
FylkeHordaland fylke
KommuneSveio kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater59.695092,5.476025
FellesrådSveio kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121600401
Soknekatalognr05030601
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk listeført (1650-1850)


Anne Marta Hoff


Valen kapell høyrer inn under Valen sokn. Det ligg ved Valevåg heilt nord i Sveio prestegjeld, vest for hovudvegen. På austsida av vegen, noko lengre sør, ligg heimen til komponisten Fartein Valen.

Rundt kapellet ligg ein kyrkjegard innhegna av natursteinmur, dette er den gamle kyrkjestaden for Valestrand kyrkje. Kyrkjestaden vart flytta sørover til Ulveraker ved oppføringa av den noverande Valestrand kyrkje i 1873. Gamlekyrkja vart reven og tømmeret nytta til skulehus i Ørevik. Dette vart reve i 1939 då bygda fekk ny skule, og tømmeret og ein del inventar som også var teke vare på, vart brukt til oppføring av Valen kapell som vart oppført etter krigen under leiing av Erik Kvammen frå Etne. Kapellet vart bygt på den gamle kyrkjetomta over kormurane til kyrkja frå 1707.

Innhold

Bygningen

Valen kapell er ei langkyrkje med tømra kor og skip og med våpenhus av reisverk i vest. Skipet er 6,85 m langt og 5,75 m breitt. Koret er 3,10 m langt og 3,74 m breitt. Våpenhuset er 1,56 m langt og 2,30 m breitt, alt utvendes målt. Bygningen er utan tårn. Våpenhus, skip og kor har separate saltak tekte med ruteheller over skip og kor og lappskifer over våpenhuset. I austre møne av skipet står vindfløyen frå den tidlegare kyrkja. Han er av jarn og forma som ei pil med årstalet 1707 brote gjennom fjøra.

Vegger

Veggene i skipet er oppførte med tømmer frå kyrkja frå 1707. Tømmeret er lafta på nytt, anten ved oppføringa av skulen eller ved oppføringa av kapellet. Nokre stader er det nummerering av tømmerstokkane med romartal i heile stokkebreidda. Det er dekorativ måling på tømmeret og stokkane er berre enkelte stader forsøkt tilpassa målinga.

Vestveggen i skipet ber spor etter tidlegare, større døropning, no attfylt med nyare tømmer. Veggene i koret er nye, dei er ikkje lafta saman med veggene i skipet. Utvendes er veggene kledde med sulagde, glattkanta bord og tjørebredde.

Dører

Kapellet har tre dører; vest i våpenhuset, vest i skipet og i nordveggen i koret. Døra vest i våpenhuset har labankdør med to labankar på innsida og to smijarns gangjarn på utsida. Fem ståande bord med not og fjør. Smijarns dørring og krok på utsida. Nyare. Dør vest i skipet. Fyllingsdør med tre store, liggande fyllingar. Døra er kledd utvendes med fem ståande profilerte bord med not og fjør. Ytre karm er forma som ei ramme med etter måten store dimensjonar. Dør nord i koret, som den i skipet, men mindre. I tillegg til desse tre dørene er det ei dør til kjellaren på nordsida av kapellet. Dørene er raudmåla utvendes. Korskiljet er ein rektangulær opning, noko smalare enn koret med klassiserande listverk og blomar i hjørna.

Vindauge

Kapellet har to vindauge sør i skipet og eitt sør i koret. Vidauga er torams med midtpost og kvar ramme er delt i 2x5 blyinnfatta ruter. Vindauga har hengsla utvendige lemmer. I vestgavlen i skipet er eitt smalt vindauge med fire ruter over einannan. Ytre listverk og lemmer er raudmåla.

Tak

Kapellet har sperretak med åtte enkle sperrefag over skipet og bindbjelkar i raftehøgd. Sperrene ber liggjande plankar, fire på kvar side, som underlag spikarfeste for bordtak av over- og underliggande bord i fallretning og yttertak av heller. Klokka er hengd opp i bjelkar festa til sperrene. Koret har tre enkle sperrefag.

Himling

Flat himling over skip og kor.

Golv og fundament

Golv av plankar. Golvet i koret ligg eitt steg høgre enn golvet i skipet. Kapellet kviler på tørrmur av flat, skifrig naturstein. Under vestre del av kapellet ligg restane av ein eldre bygningsdel som skal ha vore gravkjellar under koret på kyrkja frå 1707. Rommet er no i bruk som lagerrom og veggene er lite tilgjengelege. Nedre del av vestmuren og nordmuren har restar av eldre puss, golvet har skiferheller som skal ha lege der då gravkammeret vart utgreve i 1940. Austre del av kapellet står på fjellgrunn med lagerplass under golvet.

Interiør

Altar og brurastolar i koret. Preikestolen er plassert direkte på trinnet mellom kor og skip som er trekt ut mot sørvest. Stolar på begge sider av midtgangen. Lite harmonium nordaust i skipet. Stige til loftet vest i skipet.

Tømmerveggene i skipet har restar av interiørmåling frå 1700-talet. På nordveggen er det fire samanhengande stokkar med drapperi og rankemåling. Ein stokk midt i nordveggen har svart skuggemåling, botnen er gråkvit og stokken har restar av rankemåling. Det finst fleire stokkar med gråkvit botn og ranker, men dei fleste har raud botn. Målinga er truleg samtidig og utført av same hand. Veggene i koret og parti av veggene i skipet er ved oppføringa av kapellet tilpassa den eldre målinga med raudt og grått. I koret er veggene måla med brun brystning med svarte lister oppe og nede og skuggemåling bak altartavla. Over brystninga har veggene raud grunnfarge. Dørene er innvendes grå med svarte fyllingar og raudt listverk. Golvet i skipet er måla beige, korgolvet er lakka. Det ligg ein fiskebeinsmønstra bastløpar i midtgangen. Himlingane er gråmåla, bindbjelkane er raude.

Inventar

Altar

Kasseforma altar av umåla ståande bord. H. 101 cm, br. 120 cm, dj. 60 cm.

Altarring

Sirkelsegmentforma med plass til to eller tre. På kvar side i rekkverket er det ei ramme med fylling, sentralt er det ope med to sidestilte runde søyler med terningkapitél. Knefallet er stoppa og trekt med svart ullstoff. Profilert handlist. Hovudfarge grå med svart og raud staffasje. I handlista er det sentralt laga hol for plassering av smijarnsring til dåpsfat. Kasseforma kneleskammel med skrå topp. Heile skammelen stoppa og trekt med lyst, naturfarga skinn festa med saum.

Altartavle

Måleri frå altartavla i Valestrand kyrkje. Måleriet har her fått rundboga profilert ramverk. Toppstykket frå Valestands-tavla er plassert over inngangsdøra i vest. Måleriet er måla med olje på lerret, usignert. Motiv: Ecce Homo. Jesus er framstilt i halvfigur med kvitt lendeklede, raud kappe knytt saman over brystet, tornekrone og stråleglorie. Han har langt, krølla hår og skjegg, opne oppoverretta auge, halvopen munn, bloddråpar på panne, hals og øvre del av brystet. Karnasjonsfargen er grå-kvit, bakgrunnen mørk og einsfarga. Hendene er falda og samanbundne med handjarn med kjetting. I skriftfeltet nederst har det på blå botn stått "Se det menneske". Dette er vekke, det står att fem stiftar med hovud måla i ein sterk blåfarge. Feltet er sekundært utfylt med måla svart botn med tre gråkvite bogar.

Preikestol

Preikestol i eik med tre bevarte felt og to hjørnesøyler. Felta har nedre smalfelt med fylling og glatte storfelt med ståande bord innramma med profilert list. Hjørnesøylene står på rette glatte postament mot flat bakgrunn. Runde koniske søyleskaft med vulst under midten av søyleskaftet og nedst som base. Søylene er avslutta oppe ved korintiske kapitél som ber karnissprofilert topplist over storfelta. Original fargesetting i svart og trefarge.

Benker og faste stolar

48 jærstolar og to nyare benker. Ein eldre benk er bevart i kjellaren.

Orgel

Harmonium frå Vestres Orgel & Pianofabrikk - Haramsøy.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. Toskafts bomullsduk med påsydd hardangersaumsbord med tungekant og stjernemotiv på aidastoff.

Altarklede av raud silkefløyel på toskafts naturfarga lin botn, fôra med naturfarga linlerret. På framsida våpenskjolda til Falch Larsen og Christine Kort Kamps med initialane FLS og CKK over og årstalet 1695 under. Motiva er stoppa og brodert med sølvtråd og silketråd i ulike fargar. Altarkledet heng ned langs sidene og på framsida av altaret, det er lagt under kryssfinérplate og stifta fast.

Dukar. To brikkar til pidestallane i hardangersaum merkte "VK 1966". Duk med hardangersaum til sidebord.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Nyare. Flat kronplate, nedsvinga hue over rett hals med to riller. Utsvinga korpus som endar i vulst over rett, nedbøygd slagring. Mellom rillene: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI NAUEN PR. TØNSBERG 1948. På den eine sida av korpus: GJEVEN AV KJØPMANN JOHAN ERIKSEN VALEVAAG, og på den andre: "GUD ER KJÆRLIGHET". Diam. 53 cm, h. 54 cm.

Bøker

a) Bibel. "BIBLIA, Det er Den Gandske Hell. Skriftes Bøger, Efter den 1699 udgangne Huus- og Reyse-bibel. Kjøbenhavn, Udi det Kongelige Waysen Huses Bogtrykkerie, paa gode Venners Bekostning, Trykt af Gottmann Friderich Kisel, Aar 1738". Skinntrekt treperm med defekte spenner. Bibelen inneheld fleire handskrifter, mellom andre: "Denne Bibel er Kjærken paa Wahlestrand tilhørende ...”.

b) Brochmands Huspostill. Ryggen er vølt, dei første blada er vekke, dateringa usikker. Boka har skinntrekt treperm med defekte spenner. I boka ligg ein lapp skreven på engelsk med norsk omsetting. "This book was sent over from Norway in 1914 as a present to Lars Walen from his father Lars A. Walen whose home was at Valevaag, per Bergen in the western part of Norway. (This book edited 1671).” Under den norske omsettinga: ”Bilag til Jesper Brochmands huspostille. Ei utgåve frå 1731 er i Valen kapell". På ein annan lapp: "Present to Valo Chapel By Lars & Anna Walen, Glenfield, N.Dak. U.S.A. Feb. 5th 1953. Den siste trykte lina i boka har tilvising til ei bok utgjeven 1731, postillen kan ha det same utgjevingsåret.

Nummertavle

Svart tavle med profilert ramme. Tavla er vertikalt todelt med kvit strek og For Prædiken og Efter Prædiken er måla i kvit fraktur.

Møblar

To ulike, høgrygga barokkstolar. Stolane høyrde til i Valestrand kyrkje og vart selde til ein mann i bygda på auksjonen i 1873 i samband med rivinga. Stolane vart kjøpte attende i 1988. a) Sete og rygg er stoppa og trekte med vadmål. Ryggen går opp i ein boge sentralt. Ryggstolpar og toppstykke har utskjæringar med ranker. Konturskoren sarg, svinga frambein og konturskore H-kryss. Utskoren dekor med lauvverk og profil på sargen. Dreia bakbein. b) Sete og rygg er stoppa og trekte med vadmål. Ryggen går opp i ein boge sentralt. Toppstykket har utskjæringar med akantus og krona skjold. Frambeina er s-forma med rankeskurd og kviler på løveføter. Bindingsbrett med blomeskurd og to puttiar som ber eit krona, hjarteforma skjold. Dreia H-kryss og bakbein.

Kiste. Lita kiste til lys. Sinka hjørne. Loket er hengsla med smidde gangjarn feste under loket og bak på kista. Innvendes vertikalt delt i 2x3 rom. Jarnlås. Skoren dekor på loket H. 38 cm, br. 48 cm, dj. 35 cm.

Offerkar

a) Klingpung. Kapellet har ei dreia stong med jarnring i enden som tidlegare har bore klingpung av stoff. b) Koparbøsse på massingbase med massing hjørnestenger, lok med hengelås, kopar-knopp på loket. c) Offer vert no samla inn i ei treskål av eik med fløyel i botnen. IHS er prenta i fløyelen.

Diverse

Skjold. Ovalt, krumma treskjold, 35 x 26,3 cm. Skjoldet har svart botn, smal gull ramme og gull innskrift i boge oppe: "Falck Lauritzsøn Dalhoff" og nede: "1696". Mellom innskriftene er Falks våpen med ein falk på ein bakketopp flankert av tre sett ein i ei ramme av falde-og rankeverk. Falken er naturalistisk framstilt med raud hette og sløyfe. Sentralt over våpenet er det eit hjarte og over dette kronar ein større falk framstillinga. Våpenet er måla i grønt, raudt, kvitt, brunt og svart, falde og rankemotivet er i kvitt, raudt og brunt. På baksida av skjoldet er det rissa inn eit mønster og div. blyantinnskrifter, mellom anna Walestrand og Nõ 1.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden er avgrensa ved tørrmur av skifrig naturstein, ein del av muren er forhøga med nettinggjerde. Inngangen er gjennom smijarnsport ved sørenden av koret. Det er graver på den mindste delen av kyrkjegarden nord for kapellet, nokre få på vestsida, dei fleste på sørsida. På sørsida er den vestre delen av kyrkjegarden delt i to nivå ved ein skrånande mur.

Kyrkjegarden har minnesmerke over prost Jan Koren 1690-1742, sokneprest til Stord med Valestrand 1724-1742. Minnesmerket er reist av etterslekta i 1949. Då gravkammeret under den gamle kyrkja vart tømt same året i samband med oppføringa av kapellet, vart restane av graver lagde ned i fellesgrav ved dette minnesmerket. I nordvestre hjørne av gravplassen står gravminnet over Fartein Valen. Gravminnet har bronserelieff av komponisten i profil signert OE (Ottar Espeland) 1957. Innskrift: FARTEIN VALEN 1887-1952. Slekta hans er også gravlagd her. Eldre gravplater er samla ved sørvestre hjørne av kapellet, m.a. plater frå 1880, 1885, over kirkesanger Jan Rometvedt 1899 og gravminne over sogneprest Erik Olsen 1816-1881. På fire av dei øvste hellene i den skrånande muren er det innhogne innsrifter med store, usymetrisk plasserte bokstavar og siffer.

Gravkammer

Kjellaren under kapellet skal vera identisk med gravkammeret under koret i gamle Valestrand kyrkje. Muren er tildels vanskeleg å sjå avdi kjellaren er i bruk som lager/reiskapsbu. Nedre delen av vestmuren og nordmuren har restar av gammal puss. På golvet skiferheller som skal ha lege på golvet i gravkammeret då dette vart utgreve i 1940.

Kolerakyrkjegarden i Leirevågen

Kyrkjegarden ligg eitt kort stykke frå sjøen inn i skogen. Kyrkjegarden er omgitt av tørrmur av skifrig naturstein og har inngang med smijarnsport mot sjøen i vest. Ingen bevarte gravminne. Kyrkjegarden er kjend gjennom fartein Valens komposisjon ”Kirkegård ved havet”.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Munnleg informant: Martin Natås.