Utne kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Utne kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneUllensvang kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.422825,6.622232
FellesrådUllensvang kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123100301
Soknekatalognr05070101
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Anne Marta Hoff

Utne sokn høyrde tidlegare inn under Kinsarvik, men med auke i folketalet vart det naudsynt med eiga kyrkje og kyrkjegard på vestsida av Sørfjorden. Kyrkjegard på staden vart vedteken ved kgl. res. i 1886. Løyve til bygging vart gjeve ved kgl. res. av 14. oktober 1885. Kyrkja vart oppført etter teikningar av Peter Andreas Blix under leiing av byggmeister Iver Opedal i perioden 1892 – 1895 og vigsla 5. juni 1895 av biskop Frederik W. Hvoslef.

Utne ligg på nordspissen av Folgefonnhalvøya, kyrkja står på garden Grove, like søraust for den tradisjonsrike gjestgjevarstaden, no Utne Hotell, og har godt utsyn mot nord, aust og vest.

Innhold

Bygningen

Utne kyrkje er ei langkyrkje av lafteplank, ei hallkyrkje med eitt skip, utan mellomstolpar, med eit smalare og lægre kor med dei vanlege, men her ekstra breie og rommelege sideromma, sakristi på sørsida og opphaldsrom for dåpsfolk på nordsida. På vestsida av skipet er det tårn med våpenhus i tårnfoten og trapperom på sidene. På sørsida av skipet er det ein inngang med eit lite våpenhus.

Dimensjonar: Skipet er 19 m langt og 10,19 m breitt, koret 6,5 m langt og 6,32 m breitt, våpenhuset i vest 4,5 m langt og 4,25 m breitt, sideromma til koret er 5,10 x 4,15 m. Kyrkja ar 400 sitjeplassar.[1]

Vegger

Utvendes er veggene kledde med liggjande staffpanel og kvitmåla. Innvendes står øvre del av tømmerveggene synleg, medan nedre del, om lag to meter, har ståande veggpanel av perlestaff, avslutta oppe med profilert listverk. Tømmeret er profilert.

Langveggene i skipet er ved seks opplengjer delte i sju felt. Opplengjene er avslutta oppe ved kne inn mot kyrkjerommet som støtte for bindbjelkar. Over raftehøgd held langveggene fram i ein todelt, låg knevegg av ståande panel. Veggen dekkar ytre del av sperrefestet. Veggene i koret er tilsvarande med profilerte lafteplankar og brystning, og med knevegg i overkant.

I langveggen nord i skipet er det fem rektangulære opningar for vindauge, i sørveggen fire, og dør i midtfeltet. I koret er det eit vertikalt tredelt vindauge i austveggen, midtdelen er høgre enn sidedelane. Det har tidlegare vore femdelt, i det to lægre sidedelar av vindauget er att-tetta. Plankane frå dei lafta sideromma til koret er ikkje gjennomgåande inn til koret.

I sideromma har lafteplankane glatte sider og står utan opplengjer, men veggen har same struktur elles, med brystvern og knevegg med perlestaff i overkant.

Portalar og dører

Kyrkja har dels opphavlege dører. Nye dører er kopiar av dei gamle.

Hovudinngangen i vest har fløydører vest i tårnfoten og vest i skipet. Dei ytre dørene er skilde ved ein midtpost. Dei har fire store og fire små fyllingar med fris i ramme. Dei små er plasserte oppe og nede, dei øvste har rundboga øvre avslutting. Tverrliggjande ramtre er profilerte. Utvendes er kraftige gangjarn med utsveifa ornament feste til dørblada. Midt på døra er det festa dørringar og dørene har også nøkkelskilt av jarn. På ringfestet på dørringen innvendes er inngravert AÅ 1993. Ytterdøra har overlys med fire låge, sidestilte vindaugsruter i rektangulær ramme. Fløydøra inn til skipet har dørblad med fire, glatte fyllingar.

Sørportalen i skipet har eitt dørblad, dette er noko breiare enn dørblada i vest, med 2x3 fyllingar, dei øvste rundboga. Våpenhuset framfor sørportalen har to inngangar utafrå. Den eine og opphavlege er mot trapp i sør. Døra mot vest, som er forma som ein kopi, er laga i samband med rullestolrampen som er lagd opp etter sørveggen i skipet. Dørene mellom koret og sideromma har 3x2 fyllingar.

Dørene har profilerte gerikter. Inn mot kyrkjerommet og skipet har geriktene hjørneklossar, i skipet med Georgskrossar, i koret med krossblom.

Utvendes er dørene måla raudbrune, jarnet svart. Inn mot våpenhuset er inngangsdøra i vest og døra mot skipet i aust måla bleikt gule, med beige og brunbeige fyllingar. Innsidene mot skip og kor står umåla.

Korskiljet

Koret opnar seg mot skipet i full breidde og mest full høgde. Opninga har form av ein kløverbladboge. Det sentrale bogesegmentet er avgrensa i breidda av tømmerveggene aust i skipet som her gå lengre inn mot midten, medan dei to nedre bogesegmenta er danna av kne som formidlar overgangen til heil korbreidde. Høgdeskildnaden mellom kor og skip er markert med låge og korte brystningar på sidene av kortrappa, på sørsida er det avbrote av preikestoloppgangen. Brystningane har små pilarar mellom profilert base og handlist og er avslutta mot midten og i ytterkant med små meklarar.

Vindauge

Vindauga i skipet har ytre og indre glas i same ramme. Dei er framstilte som nygotiske, trekopla vindauge delte vertikalt av to postar og horisontalt er dei delte i to. I tillegg er to små kvadratiske felt avgrensa oppe i dei øvre hjørna. Lysopningane utgjer tre høge og smale vindauge med kløverbladforma øvre avslutting. Det midtre går heilt opp, medan dei kvadratiske felta på sidene har ei åttepassforma lysopning med innskrive treeiningssymbol over kløverbladforma. Rammene er ikkje hengsla. Indre glas har antikkglas, små, farga ruter lagde i bly. Ytre glas er gjennomskinlege, ufarga og udelte. Postar, sprosser og gerikter er profilerte og/eller fasa. Gerikter med hjørneklossar.

Vindauget aust i koret er no tredelt ved to postar. Lysopningane er kløverbladforma, medan rammene er rektangulære – den i midten høgre enn dei to på sidene. Gerikter og hjørneklossar som på vindauga i skipet. Opphavleg hadde vindauget fem rammer, der dei ytste var enno lægre. Desse vart vekktekne i samband med at B. Greve laga glasmåleri til vindauga i 1950-åra.

I sakristiet er det eit stort vindauge mot aust med tre postar. Horisontalt er det delt i to som i eit krysspostvindauge. Dei øvre lysopningane har flat boge i overkant. Mindre vindauge i sideveggene.

Eit lite vindauge i austgavlen i skipet gjev lys til loftet.

Golv og fundament

Både skip og kor har golv av langsgåande, pløygde totoms plankar som er festa til eit kraftig bjelkelag. Golvet i koret ligg to steg høgare enn golvet i skipet, medan golva i korets siderom ligg på nivå med golvet i skipet. I tårnfoten er det tilsvarande golv som i kyrkja elles.

Fundamentet for veggene er av tukta stein lagd i tørrmur med ein skiljemur mellom kor og skip. Bjelkelaget er understødd med stein i kor og skip. I koret ligg det ein langsgåande dragar i botn av bjelkelaget, i skipet to. Desse ber tverrbjelkar til feste for golvet. Det er rommeleg kryperom under koret, lægre under skipet der ein bergnabb går opp mot midten. Masse frå fundamentet vart ved bygginga tømt vest for kyrkja og utgjer litt av kyrkjebakken.

Tak

Skipet og koret er dekte av kvar sitt saltak der kortaket er noko lægre enn taket over skipet.

Over sideromma til koret er det valma tverrstilte saltak, over sideromma til tårnet er det valma pulttak. Inngangane i sør og vest er overdekte med små saltak. Taka er tekte utvendes med lappheller og saltaka har gjennombroten mønekam.

Saltaka er sperreverkskonstruksjonar der skipet har 11 sperreband med hanebjelke. Sperrebanda er avstiva med hanebjelke, i tillegg har annankvart sperreband bindbjelkar under loftsgolvet og hengebjelke frå mønet til bindbjelken. Det ligg truleg også nedre hanebjelkar under loftsgolvet og over den øvre delen av himlinga. Hanebjelkane er utført som tenger omkring sperrer og hengebjelkar og festa med jarnnagle med mutter. Bindbjelkane er festa til sperrene på halv ved. Over hanebjelken ligg det langsgåande dragarar med kløft for sperrene. I mønet er sperrene kløfta inn i hengebjelkaneen i hovudsperrebanda, eller i kvarandre.

På sperrene ligg det åsar, dels understødde med klossar/konsollar, som ber ståande over- og underliggjarar, til feste for rekter, lekter og skiferheller.

Taket over koret er også eit sperretak, men med saksesperrer. Sperrene ber åsar og bordtak som i skipet.

Himlingar

Himlingen over skipet er femdelt og formar ein tilnærma tønnekvelv, med to skrå flater på kvar side av eit horisontalt midtfelt. Flatene har perlestaffpanel og er ved profilerte bjelkar delt inn i seks fag vertikalt, tilsvarande inndelinga av langveggene. Kvart fag er igjen delt i to underfag ved mellomliggande bjelkar. Bjelkane som skil mellom dei seks faga går frå krysningspunkta mellom opplengjer og bindbjelkar. Dei knekker med himlingsflatene og er ved hjelp av pålaskingar runda og utgjer rundbogar innvendes, medan dei mellomliggjande bjelkane berre følgjer himlingsflatene. I nivå over den midtre delen av himlinga er det lagt eit flatt loftsgolv i heile breidda. Golvet har fire små opningar ned til oversida av himlingen. Himlingen er festa til langsgåande bjelkar på begge sider av hengebjelkane og i knekkane.

Himlingen over koret er firedelt med to skrå flater på kvar side av mønet. Også her går himlingane opp frå ein todelt knevegg av ståande bord over tømmerveggen. Vertikalt er himlingen delt i fire felt ved tre bjelkesystem. I knekken mellom sideflatene er det lagt inn berande dragarar som stør seg på kraftige, ornamenterte kne i aust og vest og på kne ved langveggene. Bjelken som deler kneveggen er også berande. Både dragaren og bjelken går gjennom korskiljeveggen og endar i profilerte bjelkehovud understøtta av opplengjer. Himlingane er overdekte med isolasjon.

Våpenhus i sør

Det vesle våpenhuset sør for skipet er opphavleg. Tidlegare hadde det berre dør mot sør, døra mot vest vart laga i samband med at det vart laga rullestolsrampe. Rommet har ikkje vindauge. Det er panelt med liggjande staffpanel utvendes og innvendes, tekt med saltak, også innvendes panelt i saltakform. Begge gavlane er innvendes kledde med ståande staffpanel der kvart bord er avslutta i konkav bogeform i nedkant. Golvet er av smalare bord og lyst gråmåla. Dørene er som elles i kyrkja, den nye er laga som kopi av dei opphavlege.

Tårn

Tårnet i vest er ein tømmerkonstruksjon med fire høgder, hjelm med fire hjørnespir og originale trapperom på sidene. Innvendes er trappeoppgangar, panel og andre bygningsdetaljar opphavlege med nygotisk fasa og profilert snekkarverk.

Første høgda vert nytta som våpenhus, andre høgda som møterom, tredje høgda som lagerrom og i fjerde høgda er det klokkestove.

Tømmerveggene er avstiva ved hjelp av opplengjer feste til veggen. Utvendes og i den nedre delen innvendes er veggene kledde med panel. Uvendes er veggene artikulerte ved at vindauge og lydluker har enkle vatnbord i over og underkant. I tredje høgda følgjer borda veggen rundt tårnet (til saltaket over skipet) og over vindauga her er det to slike horisontale bord.

Hjelmen er åttekanta med hjørnesperrer og ei mellomsperre på kvar kant. Hjelmen er avstiva ved to bjelkelag av 2x2 kryssande bjelkar som deler hjelmen i tre nivå. I første nivå, på dei sidene som vender aust-vest-sør-nord, er konstruksjonen styrkt ved andreaskrossar, medan hjørna har trekanta opningar til fire små hjørnespir. I nivåa over er det andreaskrossar i hjørneflatene. Kvart av dei fire hjørnespira har konge og seks gratsperrer.

Oppgangen til andre høgda er gjennom trapper i trapperom på nord- og sørsida. Herifrå går det trapp til tredje høgda i vinkel ved vest- og nordveggen og vidare opp til fjerde høgda ved austveggen.

Våpenhuset har i tillegg til fløydørene i aust og vest dører til trapperomma i nord og sør. I andre høgd er det full opning til orgelgalleriet. Dørene til trapperomma på kvar side har fire flate fyllingar. Oppgangen frå andre høgda er (sekundært) innpanelt i tredje høgda og har paneldør.

I vest- og langveggene i tårnet er det vindauge i trapperomma. Vindauga har ei ramme og to ruter, den øvste rundboga. Vest i andre høgda er det eit stort vindauge over hovudinngangen med tre sidestilte rammer, den øvste ruta i alle er rundboga. Indre glas har farga småruter i bly. Tre av veggene i tredje høgda har vindauge. Kvar ramme har to ruter, den øvste med rundboga glas. Det er to rammer i to karmar mot sør og nord og fire rammer i fire karmar, to og to plasserte saman, mot vest. I klokkestova er det fire lydluker, to mot vest, ei mot nord og ei mot sør. Desse har rektangulære karmar med luker av tre med tre diagonalstilte ruter der sjølve lysopninga er firpassforma. Lukene er sette saman av fire bord og to labankar. Mot aust, over mønet i skipet, er det eit lite vindauge med to glas i ei ramme.

Golva i tårnet er bordgolv på bjelkelag. Det ligg også golv over fjerde høgda under hjelmen. Dette er delt i ni kvadrat der kvadratet i midten er ope. I dei fire hjørnekvadrata er golvborda lagde diagonalt, medan det i dei fire sidekvadrata ligg parallelt med veggen.

Under trappa på nordsida i våpenhuset er det sekundært plassert toalett og eit lite lagerrom med vask. I andre høgda funger orgelet som skilje i opninga mot kyrkjerommet. Rommet vest for orgelet er innreidd med stolar og bord, i taket heng to store hjullysekroner av mellomalderform. I klokkestova står klokkestolen med tre langsgåande golvbjelkar festa i tømmerveggene, tre midtstolpar stødde med kne og ein overliggjar.

Interiør

Interiøret i Utne kyrkje har bevart den særeigne heilskapen som Blix skapte ved oppføringa av kyrkja. Det viser høg kvalitet i alle detaljar, frå utforminga av einskildelementa til den samlande fargesettinga.

I koret er altaret plassert sentralt i aust og glasmåleriet i austveggen knyter seg visuelt til altaret. Altarringen, som har tre sider av eit rektangel, fyller mykje av breidda av koret. Døypefonten er plassert ved nordre brystning i korskiljet, preikestoloppgangen frå sakristidøra går over søndre brystning. I nordvestre hjørne i koret er det stol og bord for klokkar, ved oppgangen til preikestolen står brurestolar og lesepult.

Skipet har benkeområde sør og nord for midtgangen. Benkene går heilt bak til vestveggen. Framfor sørinngangen er det ei opning med plass for rullestolar med meir. Her står ein monter. På nordsida er det opning framfor ein jarnomn. Vest i skipet er det eit djupt orgelgalleri med opning mot andre høgda i tårnet. På kyrkjeloftet er det lagra ein del tidlegare inventar.

Fargar

Kyrkjerommet er dominert av gulna treverk i himlingar og på vegger. Benkene står også trekvite. Dekorative border og dekorelement i kyrkjerommet er opphavlege. Brystningane i korskiljet er raudmåla og gerikter og lister i koret har ulike varme gråtonar. Dei farga glasrutene, trefargen og målinga på nokre inventarstykke, gjev eit varmt, men noko mørkt inntrykk av rommet. Golvet er grått med raud midtgangsløpar.

Glasmåleri

I austveggen i koret, bak altaret, er eit tredelt glasmåleri signert B. Greve 1952 nede i høgre hjørnet. I midten er Jesus framstilt i det han heng død på krossen med krossglorie og kryssa bein på fotbrett. Under krossen er det ein slange, ein hovudskalle og stein. Til venstre Maria og sol, til høgre Johannes evangelisten og måne. Oppe i kvart hjørne ein skråstilt, tilbedande engel. Nede i hjørna er Longinus til venstre og to personar til høgre, den eine med stang med svamp. Stjerner i bakgrunnen.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme. Den elektriske oppvarminga kom ikkje før i 1960, før dette fyrte ein i vedomnar. Ein del av desse står framleis i kyrkja. I 1975 vart det lagt isolasjon over himlingane og tre år seinare vart det blæse isolasjonsmasse inn i veggene på kyrkja.

Inventar

Altar

Altaret har to fyllingar på kvar side, 2x2 framme, og to dører til skåp på baksida. Fyllingane er av skråstilte panelbord, framme i stråleform der strålane går ut frå ramma som skil fyllingane og som har form som ein kross. Hjørna framme er forma som rundstavar. Ramverket er forsiktig profilert. Fyllingane er måla i bleikt gult og beige (annankvart bord). På ramma framme, i krossmidten, er måla eit motiv i brunt, grønt og bleikgult med vigslingskross sentralt og ranker til fire sider. Bordplata kviler på utarbeidd listverk. Altaret er lite, berre 125 cm breitt og 79 cm djupt, men med større (original) bordplate, 157x97 cm. Høgda er den same framme og bak på altaret i det det står rett på korgolvet, 100 cm.

Altartavle

a) Retabel frå 1895. Då kyrkja var ny, hadde altaret eit retabel teikna av Blix. Retablet er tredelt med eit midtfelt krona med ein kross og med lægre sidefelt. Dei tre kvadratiske felta er skilde med ståande postar og har ulike sirkelforma ornament sentralt, med kross- og stråleformer. Det heng no på veggen over sørinngangen i skipet.

b) Altartavle frå 1952. I samband med plasseringa av Greves glasmåleri aust i koret i 1952, vart det avgjort at retablet frå 1895 laut skiftast ut. Den nye tavla vart skoren av snikkar Knut Utne og treskjerar Per P. Utne og måla av Ola Sæter. Signert på baksida: 1953. O.S. og Sæters signatur. Tavla har fotstykke med innskrifta ’Han er vår fred’ i gotisk fraktur, flankert av kross og alfa og omega på kvar side. Hovuddelen er eit breiare, femdelt liggjande rektangel med eit særeige kristogram (chi-rho) i mandorla i sentrum og to evangelistar på kvar side i Bibelens rekkefølgje frå venstre. Hovudfargar er raudt og gull, blått og brunsvart.

Altarring

Altarringen har tre sider av eit tilnærma kvadrat og er avslutta mot aust ved låge meklarar. Det er open passasje på begge sider av altaret. Handlista er brei, avrunda og boren oppe av små, runde pilarar med kapitel og base av ringar. Pilarane er samanbundne med konturskorne bord i overkant og utgjer ein arkade. Kneleputa er skrådd, stoppa og trekt med skinn festa med saum over rett fot. Handlista er svart med raud og gull list i underkant. Arkadepartiet er i to blåfargar med kvitmarmorerte søyleskaft stafferte med raudt og gull. Skinnet er mørkt brunt, foten raud og grå skilt med gullfarga list.

Golvet i altarringen ligg i same nivå som korgolvet. Det er kledd med eit mangefarga (grønt, raudt, kvitt og svart), mønstra teppe i ull. Innskrift på massingskilt på nordveggen: The sanctu(a)ry carpet was given by worshippers at English services in this church during 1970-1976. Kneleskammelen i altarringen er også ei gåve frå engelske turistar.

Døypefont

a) Døypefont frå 1895. Døypefonten som vart laga til kyrkja. Fonten er femsida med femsida pyramideforma lok og femsida flat kum med profilerte lister på sidene. Skaftet er ein femsida stolpe med fem utskorne konsollar under kummen og fem kne, gjennombrotne av rankeskurd, som vidar seg ut nedover og kviler på ein fot av fem små bjelkar som er feste i stjerneform til skaftet.

b) Døypefont frå 1960. Døypefont frå 1960. Alle tre delar av fonten er åttekanta. Kummen er flat med sidefelt med lutherroser sentralt og likearma krossar ved hjørna. Fire av sidene på skaftet har skorne symbol, tre ringar, kristogram, Guds hand og jesusmonogram med kross. Under tre av motiva står høvesvis AD, 1960 og UK. I mellomfelta er det symmetriske rankar med bær og blad med ein kombinasjon av lutherrose og krossblom i toppen. Foten svingar ut mot rett standkant. Nede i kummen står skrive: Gaave, fraa Utne Konelag, 1961.

Preikestol med oppgang

Preikestolen frå kyrkja si oppføringstid har korg med nærast kubisk form der sida mot aust er open mot oppgangen. Kvart av sidefelta har to små rundboga portalfelt. Framme er det ei firkanta fylling med skoren og måla solkross med motiv i sviklane. Hjørna er runda og ber krossblomar. Profilert listverk avsluttar korga oppe og nede. Handlista er stoppa og trekt med raud fløyel festa med saum på skinnband.

Botnen i preikestolen er flat og boren av fire kryssande bjelkar med konturerte endar. Kryssingspunkta er borne av fire bein med rundbogar mellom. Foten er eit dobbelt kryssande bjelkelag og beina kviler på kryssingspunkta. I tillegg er dei støtta av kne og kraftige sprosser.

Oppgangen har seks trappesteg med gelender på begge sider. Profilert handlist på rekkverk av profilerte bord. På meklarane er det skore inn ein variant av solkross i øvre del og ein georgskross som øvre avslutting.

Benker og faste stolar

Benkene i kyrkja er dei originale. Dei har rette vangar av plankar med fasingar og med utskore ornament i overkant. Ornamentet varierer mellom ulike former for sol- og krossmotiv. Ved golvet er vangen felt ned i bakkant av ein sokkel, på framkanten av sokkelen kviler ein pilar som ber sarg for benkeplata. Baksargen er tappa inn i vangen. Ryggplata er skrå med salmebokhylle oppe i bakkant. Kvar benk har i tillegg til gavlane ei understøtting av to beinpar forma som nedre del av vangen.

Galleri

Djupt vestgalleri. Galleriet kviler på to tverrgåande bjelkar, ein ved gallerifronten og ein ved vestveggen. Bjelkane er feste i langveggene og i tillegg støtta av fire stolpar kvar. Over desse ligg det golvbjelkar med konturskorne endar mot kyrkjerommet. I aust, mellom stolpane som flankerer midtgangen, har galleriet eit lite, sekundært framspring for det nye orgelet. Her er gallerifronten fjerna og ryggverket til orgelet sett inn. Gallerifronten er elles opphavleg og ein del av Blix’ plan, stavkyrkjeinspirert med arkadar av doble søyler med terningkapitel samanbundne med kløverbogar. Eit felt på kvar side har ornament med viglingskrossar.

Den flate himlingen under galleriet har panel med staff lagt i same retning som golvbjelkane og festa i golvet. Golvet på orgelgangen utgjer også øvste steget i gallerigolvet som trappar nedover mot aust i fem nivå. Benkeparti med originale benker, noko enklare enn dei i skipet, flankerer orgelet. Golvet er gråmåla.

Biletvev

Ein biletvev med dåpsmotiv heng på nordveggen i koret over døypefonten. Veven er signert DI og GL. Skrive på baksida: Teikna av Dagfinn Instanes 1994. Vove av Gerd Lofthus 1994-95.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduk i kvit lin med hardangersaum i OXO-motiv med symbol i åttekanta felt mellom andreaskrossar: chi-rho med alfa og omega og kross med ’inri’.

Altarklede

Altaret hadde tidlegare eit krapraudt klede med gullfrynser (Bendixen). No har det klede av blå fløyel med gullfrynser.

Kyrkja brukar to småbord ved nattverd til særkalkar. På desse ligg det hardangersaumdukar. Fire pidestallar, også med hardangersaumsbrikker, vert brukte ved graverder.

Messehaklar

a) Eldre djup raud fløyel med gullband etter kanten og som kross på ryggen.

b) Kvit ull messehakel med applikert aksmønster framme og på ryggen. 1880-talet? Kypertvove stoff. Gult silkesatin för. Umerkt.

c) (Plomme)raud messehakel av ullerret, med applikerte motiv i gullfarga stoff og med kvitt broderi. På framsida kross med øvre krossarm som P og med alfa og omega på sidene. Brodert ring om krossen. Ryggsida har kross med sentral due (!). Fôr av kypertvoven viskose(?). Hakelen er merkt: Vanpoulles LTD, Westment Makers, London S.W.I.

d) Den messehakelen som vert mest brukt er i gullfarga brokade. På ryggsida har han ein raud gaffelkross med Jesusmonogram i krossmidten, enklare gaffelkross framme. Vanpoulles LTD. Svart gravferdskappe. Det vert ikkje brukt preikestolklede, lesepultklede og antependium i kyrkja.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

To klokker i tårnet – begge laga til kyrkja då ho var ny. Innskrifter på korpus på begge: LAXEVAAGS VÆRK 1894.

a) Den største har diameter: 64,3 cm, høgde 59 cm med krone.

b) Den minste har diameter 45,5 cm og høgde 36,2 cm med krone.

Orgel og andre instrument

Orgel I 1909 fekk kyrkja eit orgel frå Ullensvang kyrkje. Det var laga av Thorsen. Orgelet hadde ni stemmer fordelte på to manualar og pedal, og pneumatisk overføring.[2]

Nytt orgel 1971, Paul Ott, Göttingen. Som Ott-orgela til vanleg, har orgelet enkle, kasseaktige former med ulike trekanta delar. Orgelet har ryggverk, brystverk, hovudverk og sidetårn. Stemmene er fordelte på to manualar og pedal.

Piano framme i kyrkja.

Bøker

Bibel 1550. Gåve frå Arild Haaland.[3]

Nummertavler

Høge, rektangulære nummertavler med kløverbogeramme. Raud karm, grøn list, gråkvit botn.

Møblar

Kyrkja har diverse småmøblar som er laga i Blix’ formspråk. (Bord, lesepult etc) Lesepult, klokkarstol og brudestolar, sjå foto. Kopi av stolane, 6 stk., i sakristiet, trekte med blå fløyel.

Omnar

Dei to omnane i hjørna aust i skipet er leverte av Laxevaag Verk. ”Dei er utifrå vakre omnar” [4] Ein stor omn lengre vest i skipet, ein omn i sakristiet og same sort i dåpsrommet.

Offerkar

Bøsse ved altaret som også vert nytta til gåver ved gravferd. Bøssa er dreia av Torkel N. Trones 1991. Denne vert også nytta til gåver ved gravferder. Elles stoffposar med trehandtak.

Blomstervasar

Kyrkja har ulike standard blomevasar. To vasar i sølv med traktforma korpus og utsvinga fot. Tre ornamentale bøylar som støtte mellom nedre del av korpus og foten. Innskrift på foten: FRÅ VINES-UTNE OG LANGESÆTER KVINNELAG, og på korpus: Utne kyrkja 1951.

Diverse

Skipsmodel, Gåve frå Arild Haaland.[5]

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden

Kyrkjegarden ligg på austsida av kyrkja, på den andre sida av tilkomstvegen. Han er sekundært utvida i retning av kyrkja og den gamle er skuleplassen er inkludert. Kyrkjegarden har åtte felt totalt, felt A-J. A-feltet nedst mot sjøen er eldst, dette er utvida mot aust. Jord til gravplassen er henta oppe frå dalen. I aust utgjer Utneelva grensa for kyrkjegarden medan gamleskulen og Utne Grannahus utgjer grensene mot sørvest. Den tidlegare sløydsalen i skulehuset fungerer som arbeidsrom og reiskapshus for kyrkjetenaren.

Gravminne

Av særskilde gravminne kan nemnast ei gruppe monolittar som er sette opp over medlemmer av Agafamilien.

Kjelder

Utrykte kjelder

Opplysningar frå kyrkjeverja

Trykte kjelder

Jubileumsbok: Utne sokneråd, Utne Kyrkja : 5. juli 1895 – 1995, Voss 1995

Kolnes, S. J., Norsk orgelregister, Førdesfjorden 1993

Bilete


Fotnotar

  1. Notat i Norges Kirkers redaksjon
  2. Kolnes 1993, s. 367
  3. Jubileumsbok
  4. Jubileumsbok, s. 27
  5. Jubileumsbok, s. 36