Ullensvang kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Ullensvang kyrkje
FylkeHordaland
KommuneUllensvang
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin
FellesrådUllensvang kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123100201
Soknekatalognr07080501
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Hans-Emil Lidén, Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Ullensvang kyrkje ligg på eit nes på sørsida av frukt- og turiststaden Lofthus på austsida av Sørfjorden i Hardanger der elva Opo renn ut i sjøen. Nord og nordvest for kyrkjestaden ligg prestegard, borgstove, telthus og kyrkjestove.

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje med eit lægre og smalare, rett avslutta kor i aust. Etter stilen ved vindauge og portalopningar er kyrkja oppført 1250-1300, etter segn skal ho vera oppført av skottar. Opphavleg stod kyrkja utan tårn.

I 1883-85 vart ho utvida mot vest etter restaureringsplan frå Chr. Christie og eit tårn vart sett opp framfor vestinngangen. Ingeniør, seinare arkitekt, H. Børve sto for arbeidet. Den opphavlege vestportalen vart då sett inn som portal vest i tårnet og tårnfoten fungerer som våpenhus. Det vart også sett til to tverrstilte tilbygg i nygotisk stil på sørsida av kyrkja, eitt ved koret som sakristi og eitt vest i skipet som er både kontor og venterom for dåpsfølgje. Vest på nordveggen vart eit tilsvarande tilbygg laga som trappe- og lagerrom. Tilbygga er grunnmurte. Dei har dør inn til kyrkja og ut til kyrkjegarden.

Etter opplysningar frå Christie var skipet før utvidinga 17,6 m langt og 13,6 m breitt, utvendes målt, medan koret målte 9,6 x 9,4 m som no. Etter forlenginga vart skipet 25,3 m langt. Tårnet har ei grunnflate på 4,1 x 5,1 m, utvendes målt. Tårngesimsen ligg knapt to meter høgre enn mønet over skipet.

I samband med restaureringa i 1880-åra vart mykje inventar frå 1600-talet fjerna frå kyrkja.

I 1958 vart kyrkja sett i stand og dels restaurert under leiing av Arnstein Arneberg. Mykje av det nygotiske interiøret frå 1870-talet vart då teke vekk og interiøret vart prega av 1950-talet, inspirert av 1600-talet med dører framfor benkene etc. Veggene fekk ny puss innvendes, og det vart lagt kvelving over skipet.

Murane

Både mellomalderkyrkja og dei nye tilbygga er mura av brotstein. Hjørne, vindauge og portalinnfatningane er markerte med kleberstein. Det er ikkje noko synleg, utkragande sokkelskift, korkje utvendes eller innvendes. I sørmurane i skipet og koret og austgavlen i koret laga det seg frå gamalt sprekker som ein freista å utbetra. I 1659 vart kalk frå Huglo i Sunnhordland innkjøpt til arbeidet. I 1665 vart to 27 alner lange (truleg langsgåande) bjelkar lagde inn "offuer predichestollen". I 1835 fanst i vestre del av skipet "suffisante Tverbindinger fra ældre tider af", og i koret, bak alteret, var det også "en suffisant jernbinding". I 1880 var det tre "forankringsbjelker oppe i muren".[1] Sørmuren i koret ser ut til å ha vore bordkledd ein periode. I 1665 vart koret kalkslege på sørsida og mange små hol vart utspekka "som icke tilforn kunde sees, førend bordtaget bleff fra reffuet". I 1705-06 vart gavlane i kyrkja gjort lægre i samband med at taka vart pannetekte.

I dag er yttermurane, bortsett frå innfattingsteinane, dekte av tjukk rappa/skvetta sementpuss frå restaureringa, medan murane innvendes i 1958 fekk ein ujamn, kosta sementpuss som let den ujamne brotsteinsmuren komma til syne. Pussen er påført ei tynn kalkslemming. Alle gamle innfattingsteinar vart i 1883-84 reinhogne og polerte slik at dei no vanskeleg kan skiljast frå dei nye steinane som vart sette inn ved restaureringa. I tilbygga er det brukt ein spesiell type kleberstein frå garden Kvitno ved Sørfjorden. Denne steinen har stort innhald av jarnhalding karbonat som gjer at han ser ”rusta” ut.

Murane er frå 1,2 m til 1,5 m tjukke. Mellom aust-vindauget i sørmuren i skipet og sørportalen går muren frå å vera 1,5 m tjukk til 1,4 m. Korbogen ligg ca. 25 cm lengre sør enn midtaksen i skipet, men står rett i forhold til aksen i koret. Samla peikar dette på at kyrkja kan vera oppført i to fasar.

Portalar og dører

Kyrkja har vestportal i tårnet og fløydør vest i skipet. I sørmuren i skipet er ein attmurt portal. Koret har sørportal som no fører ut til sakristitilbygget, sakristiet har dør ut i vest. Det er dører vest i langmurane til sidetilbygga i nord og sør og frå dei tre tilbygga ut i vest.

Vestportalen stod før 1883-85 vest i skipet, men vart ved oppføringa av tårnet flytta vestover. Portalen har inntrekt døranslag med ein trestegs portalnisje på utsida. Portalnisjen har tre par slanke søyler med profilerte basar. Søylene på sørsida har profilerte skivekapitel, søylene på nordsida har tilsvarande kapitel prydde med stivtlauvsornamentikk. Mellom ytste søylepar og paret innafor er det sett inn ei rad med hundetannsornament. Bogepartiet har ytst ein vulst med pålagt band (fillet) som korresponderer med ytre søylepar. Innafor finn vi hundetannsornamentet frå vangane som held fram over i bogen. Over midtre søylepar står ein dobbel vulst skilt av holkil, og over indre søylepar igjen en dobbel vulst der den kraftigaste har eit pålagt band. Over bogen er det ein markant dekkboge forma som vulst/holkil med pålagt band i overgangen. Bogen kviler på to konsollar i form av ballar med stivtlauvsornament. Både konsollane og kapitela med stivtlauv er truleg hogne i 1883-85, mange av vange- og bogesteinane elles tykkjest også vera nyhogne.

Hjørna innvendes i portalen er prydde med spissa vulstprofil som går ubroten over i bogepartiet. Portalen har ei ny rektangulær dør med spissboga overlys. Breidde mellom døranslaga er 131 cm, døropninga er 428 cm høg. Innvends opning er 173 cm brei og 487 cm høg.

Den attmurte sørportalen i skipet viser inneropninga og litt av portalgjennomslaget innvendes. Utvendes er konturane av opninga synleg. Portalen har klebersteins døranslag i flog med ytterlivet. Hjørna mot ytterlivet er avfasa. I øvre del av portalen er det hogge ut ein liten fals som viser at portalen har vore dels attmurt og nytta som vindauge i ein periode. Attmuringa slik ho står no er truleg frå 1883-85. Opninga innvendes viser at portalen må ha hatt skrånande vangar. Vangane har klebersteinsinnfatning opp til bogen, men sjølve bogen, som er pussa, er truleg mura av brotsteinsheller. Opninga innvendes er 206 cm brei. Utvendes er breidda mellom anslaga 105 cm, høgda er 352 cm.

Sørportalen i koret er spissboga med inntrekt, profilert døranslag og svakt skrådde vangar. Ytterhjørne i anslaget har ein uvanleg brei, trykt vulst med breitt pålagt band (fillet), flankert av nedsenkte vulstar mot murliv og dør. Profilane held ubrote fram i bogepartiet. Dekklista er forma som ein vulst med underskåren holkil, skilt av eit pålagt band. Lista er boren av to konsollar forma som seksblada rosettar. Breidda mellom anslaga er 90 cm, høgda er 307 cm. Innvendes har opninga klebersteinsinnfatning opp til og med første bogestein på kvar side. Desse ber ein flat overliggjar med underside 325 cm over korgolvet, breidda i opninga innvendes er 139 cm.

Dørene frå 1883-85, frå skipet ut til tilbygga i nord og sør og vestdøra ut til tårnfoten, fekk rektangulære, kleberinnfatta opningar. Døra til trapperommet i nord er plassert i ein høg, spissboga nisje som rekk over gallerinivå og også omfattar døra frå trapperommet inn til galleriet. Utgangsdørene frå dei nye sidetilbygga fekk konsollbårne rette overliggjarar.

Korskilje

Mellom kor og skip er det ein spissboga korboge med kleberinnfatta vangar og boge. Vederlagssteinane for bogen har konsollprofil. Mot skipet har bogen har ein nedsenka spissa hjørnevulst med grunn, nedsenka vulst utafor. Mot koret er bogen skarpkanta. Klebersteinane i korbogen vart "oppudsede" i 1883. Korbogen er 322 cm brei og 554 cm høg.

På loftet fann B.E. Bendixen det han meinte var restar av det gamle korskiljet i kyrkja, mellom anna ei søyle og ”et stykke med udskaarne slyngninger, som øverst har en tretagget krone (med tredelt blomst mellem kugler) og paa hver side en nøgen, svævende genius, der holder i kronen”.[2]

Vindauge

Vindauge i skipet. I skipet er det to lansettforma vindauge i sørmuren i skipet, eitt i aust og eitt i vest, det vestlegaste med kløverbladboge. I nordmuren i skipet er det tre lansettforma vindauge, det vestlegaste med kløverbladboge. Det er også sett inn lansettforma vindauge i dei nyare delane av kyrkja, to i kvart av sidetilbygga, fire vest i skipet (to i første og to i andre høgd) og eit større over portalen vest i tårnet. Som lydluker i tårnet er det utforma trekopla, rundboga vindauge i nord, vest og sør.

Det kan sjå ut som mellomaldervindauga i sørmuren i skipet stod med opphavleg utføring fram til restaureringa i 1883-85. Då har ein gått over og dels nya opp att kleberinfattinga utvendes. Austvindauget i sørmuren har same utforming som vindauga sør og nord i koret, bortsett frå at lysopninga her er enkelt lansettforma og kleberinnfattinga utvendes er utan vulst. Opninga innvendes er 200 cm brei og 384 cm høg. Vestvindauget i sørmuren har same form, her er også lysopninga kløverbladforma. Vindauget er 180 cm breitt innvendes, høyda er 384 cm. Austvindauget i nordmuren er av same form, med vanleg lansettboge i lysopninga. Innvendes er opninga 196 cm brei og 422 cm høg. Vidauget midt på nordmuren har tilsvarande utforming. Invendes er opninga 197 cm brei og 425 cm høg. Vindauget vest i nordmuren har same form, og her er det kløverbladforma boge i lysopninga. Innvendes er opninga 190 cm brei og 417 cm høg. Klebersteinane i opninga innvendes er gamle og vekslar ikkje regelfast mellom korte og lange steinar slik det vart gjort ved restaureringa i 1883-85. Det kan her ha vorte nytta innfattingstein frå eit vindauge i den gamle vestgavlen (sjå nedafor). Dei andre vindauga i nordmuren må også vera restaurerte, og kan henda utvida i høgda. I et brev frå Christie til formannen i byggjekomiteen, lensmann Aga, vart det i 1882 bede om at arkitekt Børve lagar "en nøiagtig Tegning af de Vinduer som bliver forandrede".

Før restaureringa i 1883-85 var det eit lansettforma vindauge med kløverbladboge over vestportalen. Etter Christies oppmåling av kyrkja frå 1860 hadde nordmuren berre to vindauge. Dette vert stadfest av B.E. Bendixen som opplyser at "paa hver af skibets sider har der været 2 vinduer, i vestre bryst 1, alle kløverbladbuede, saavidt det nu kan sees".[3] Innsetting av nye ruter og nye vindauge vert gong på gong omtalte i rekneskapane. Ved en bispevisitas i 1867 vert det klaga over at "Det store vindue bag altertavlen i Choret har 4 forskjellige slags ruder, der giver et næsten anstødelig indtryk, og bør snarest muligt forandres". I 1883 vart dette vindauget "oppudset". Midtpost og grindverk måtte "nedtages da de staar omtrent løs".[4]

Vindauge i koret. Koret har lansettforma vindauge i sør- og nordmuren, begge med kløverbladsboge. Aust i koret er det eit spissboga grindverksvindauge, sett saman av tokopla høge vindauge med kløverbladsbogar og med firpass mellom kløverbogane under spissbogen.

Vindauga sør og nord i koret er enkle og traktforma. Lysopninga sit rett innafor ytterlivet i muren. Utvendes er vindauga innfatta med kvadrar dekorerte med ein enkel, nedsenka vulst i hjørnet mellom murliv og vindauge. Opningane er spissboga innvendes og har kvaderinnfatting opp til vederlagsnivå, medan sjølve bogen er mura av hellstein og pussa. Lysopningane er høvesvis 172 x 35 cm og 221 x 35 cm, medan opningane innvendes er 139 x 323 cm og 141 x 351 cm. Austvindauget har skrånande smiger og spissboga opning innvendes. Hjørna mellom smig og innvendes murliv har ein brei, flat, nedsenka vulst med pålagt band. Smigane er elles glatte. Utvendes er dei to høge vindauga innramma av nedsenka vulst som gjev dobbel vulstprofil på midtposten. Firpassopninga er også innramma av nedsenka vulst. Vindauget er utvendes overdekt av ei list som kviler på to konsollar utforma som hovud. Over bogetoppen på dekklista står et tredje hovud. Opninga innvendes er 203 cm, høgda 524 cm. Breidda på vindauget målt i smigen innafor kleberinnfattinga er 129 cm, høgda 431 cm.

Repositorier og andre opningar i murane

I austmuren i koret er det to repositorier, eit ved kvart hjørne. Repositoriet i nord har jarndør og døropninga måler 25 x 27,5 cm. Repositoriet i sør er ope. Det er 71 cm breitt, 30 cm høgt og 42 cm djupt.

Over døråpninga vest i skipet har gavlmuren ei stor spissboga opning mellom galleriet og gallerigangen i tårnet.

Golv

Kyrkja har olja tregolv som var lagt ved restaureringa i 1883-85. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet.

Tak

Før 1705 hadde kyrkja bratte tak som var tekte med spon lagt på sutak. I 1630 vert det opplyst at det vart lagt eikespon på taket. Før 1705 hadde koret ein kvelv som vart vølt i 1656-58. På gavlane over skipet vart det sett opp to eikekrossar i 1702. I mars 1705 bles taket over skipet ned. "Murleger, bielcker och sperr" vart "oprefne och sønderbrudt".[5]

Etter denne hendinga valde ein å gjera takflatene mindre bratte.

Och som gauflerne ware megit spitze och forhøye udi begge brøst, samt muren ower alt meget brusten och brøstfeldig, er betinget m. Anders Nielsen Muurmester till at afbryde begge gauflerne och kirchen ower alt fuldkommen reparere och forferdige, samt indlegge bielcher och murleyer førend taget kunde paaleggis.[6]

I tillegg til nytt sutak over skipet og ”tag og bordtag” på våpenhuset, vart det lagt nye lemmar (himlingar) ”af høflede och well sammenpløyede bord” over både kor og skip. Arbeidet vart utført av Johannes Raknes og Ole Birkeland, og det vart det kjøpt inn materialar for 79 Rdr.

Taka vart no tekte med panner, i alt vart 13 000 takpanner kjøpte til arbeidet. ”4 bygningsmænd fra Nordhordlehn” vart leigde til dette arbeidet og 13000 panner vart innkjøpte.

Taka frå 1705 kan ha vorte liggjande fram til restaureringa i 1883-85. Dei hadde sperreband som var sette saman av sperrer, kryssande undersperrer, to hanebjelkar og bindbjelkar i gesimsnivå. Ved arbeida i 1883 vart 12 bindbjelkar i skipet tekne vekk.

Taket over skipet har i dag 28 sperreband, sju av desse har bindbjelkar. I 1883-85 vart det sett inn hengebjelkar som batt mønet saman med undersperrer og hanebjelkar for å styrkja takkonstruksjonen. I tillegg vart himlingane skifte ut. I 1958 vart himlingen frå 1880-åra skift ut att (sjå nedafor). For å få til dette, laut midtdelen av både nedre og øvre hanebjelke takast vekk, og nedre del av hengbjelkane kappast. For å stabilisera taket, vart det då sett inn jarnkonstruksjonar.

Taket over koret er analogt til taket over skipet. Det har tre sperreband med bindbjelker og seks mellomband utan. Begge taka er no tekte med ruteheller frå Sollesnes i Hardanger. Nedst på takflatene er det to rekker med rettstilte heller. Tilbygga frå 1880-åra vart tekte med valdresstein.

Himlingar

Dei flate lofta i kor og skip vart i 1883-85 skifte ut med erstatta med høgre, knekte himlingar som følgde undersperrene opp til undersida av dei nedste hanebjelkane. Rester av denne himlinga kan ein enno sjå over dagens himling. I 1958 vart himlinga frå 1883-85 skift ut med ei spissboga himling som går heilt opp til kryssingspunkta for undersperrene. For å få dette til, laut ein fjerna nedre del av hengbjelkane og midtdelen av både dei nedre og dei øvre hanebjelkane.

Tårn

Kyrkja hadde ikkje tårn før 1883-85 då det vart oppmura vest for skipet med våpenhus gjennom tårnfoten og med klokkestove under tårnhetta. Ytre hjørne, gesims og lydluker er innfatta med kleberstein. Lydlukene har nygotisk form med tre kopla, spissboga opningarr på kvar side. Trapperom til gallerihøgd i tilbygg nord for vestre del av skipet, vidare oppgang i sjølve tårnet. Tårnhetta er tekt med kopar og har fire skrådde, kopartekte gavlar kronte med spir og kule, og inntrekt, spiss, åttekanta hjelm krona med kule og kross med smijarnsornament. Etasjeskilje av tre. Golv i tårnfoten av skiferheller.

Tilbygg

Nytt våpenhus vart oppført i 1645-57. Det fekk nytt tak i 1671. I 1690 laut ein fornya våpenhuset att og sameleis etter stormen i 1705 då våpenhuset vart bygt av tømmer. I 1717 vart våpenhuset måla ”paa søre side med tran og røed farve”. Ein ny kleve ”neden i kirchen at sette udi forwahring tiere kiedler” vart oppsett i 1653-55. Samstundes vart ein ny svale eller eit stegehus bygt på nordsida av kyrkja.

I 1883-85 fekk kyrkja vesentlege tilbygg etter plan av Chr. Christie (sjå ovafor). Vestre del av skipet, tårnet, tverrstilte siderom nord og sør for vestre del av skipet og sør for koret vart då tilsette.

Interiør

Kyrkjerekneskapane gjev glimt av interiøret i kyrkja på 16- og 1700-talet. I koret fanst, utanom prestestolen og ein brurestol, ein skriftestol frå 1642, fornya i 1693, bak alteret. I tillegg fanst det i 1630 ein stol ”giort i kirchen thiel aabenbahr modtuillig synder”. Over alteret stod ein ”himmel”, kan henda ein baldakin frå mellomalderen. I 1653 vart døypefonten som tidligare hadde stått ”mit paa kierchegulffuit”, etter biskopens ynskje flytta til den øvste ”quindfolcke stoll”, dvs. lengst fram i skipet, på nordsida av midtgangen. Han vart omgitt av ”panel och sprinchelwerch”. Omkring 1840 vart den gamle døypefonten av kleber ”hvis enkelte Stykker nu findes adspredte i Kirken”, sett saman og stilt opp ”Wed Chorets nordre Piller” (korbogevange) der han står framleis.

Murane i skipet var truleg kledde med brystpanel. I 1684 vart såleis ”paneelwerchet paa den søre siden i kirchen som var forfalden, igien opslaget”. I skipet stod eit galleri, i 1684 vart det laga ei trapp ”fra pulpituret op till den øfuerste lem”.

På kyrkjeloftet fann B.E. Bendixen restar av ein klokkarstol med namna ”Casparus Laurentii 1669” og ”Severinus Severini” rissa inn i rygg og sete. Han såg dessutan fleire store panelstykke som han meinte kunne stamma frå koret og kunne ha utgjort bakvegger i korstolar. På en av dei stod innrissa H.L.O. 1612.[7]

Interiøret i kyrkja, slik det står i dag, fekk si utforming i 1958. Koret har eit moderne, lågt altar. Den gamle altartavla heng på nordmuren i skipet. Døypefonten står på nordsida i korbogen. Preikestolen står i søraustre hjørne i skipet med oppgang frå midtgangen. Orgelgalleri i vest.

Fargar

Kvitkalka murar med blågrå klebersteinsinnfatningar i kor og skip. Kvite himlingar med ornament og figurdekorasjonar. Trappa, preikestolsoppgangen, midtgangen og korgolvet har lys blått teppe. Skipet har trebrunt golv. Elektrisk lys og varme i form av røyromnar under benkene i skipet.

Glassmåleri

Alt 1873 vart det meldt at ”Chorvinduet er nu ankommet fra Tydskland”, og i 1875 at det store vindauget i koret ”til dels af farvet Glas” no er innsett. I 1884 vart dette vindauget bytt ut med eit nytt glasmåleri levert av W. Worral & Co i London. Christie, som tydlegvis hadde tinga vindauget, måtte vedgå for byggjekommiteen at det var komme inn ein feil i innskrifta. I vindauga i skipet og i vindauga elles vart det sett inn glas frå firmaet Hrn. Dr. H. Oidtmann & Co, Linnich bei Aachen. Dette var enkelt grønt glas med ”en smal farvet bord langs med Kanterne”. I 1955 vart dei nåverande glasmåleria av Bernhard Greve sette inn i koret, og måleriet frå 1884 flytta til dei nedre vindauga i vestgavlen i skipet (sjå nedafor).

Alle vindauga i koret no er prega av kraftige, djupe fargar, hovedsakelig blått og rødt. Gule glorier.

Det tokopla, høge vindauget aust i koret har ei samanhengande framstilling med Bodskapen til Maria som hovudmotiv. Engelen Gabriel er sentral i nordre vindauge og Maria med Den heilage Ande i form av ei due i søre vindauge. Over dei er vist englar som svingar røykelseskar. Under Gabriel er vist Dei tre heilage kongane, under Maria ei framstilling av Maria og Elisabeths møte. Firpassfeltet i svikelen over dei to vindauga har ei framstilling av den tronande Kristus. Innskrift nede på nordre vindauge: ”AD. MCMLV B.Greve inv. fec.”. På søndre vindauge: ”1955 G.A. Larsen. B. Greve inv.et fec.”.

Vindauget nord i koret har ei framstilling av Jesu oppstode og pinseunderet, medan sørvindauget i koret framstiller Jesu dåp og Nattverden. Begge måleria har følgjande innskrift nede ”Gave 1938 fra fru Karoline Tokheim. G.A. Larsen, B. Greve fec.”.

Sørvindauget i vestmuren i skipet har ei framstillinga av Kristus og Maria, Lasarus’ søster. Kvinne på kne framfor Kristus under søyleboren baldakin. Under framstillinga er det eit skriftband med innskrift: Jeg er opstandelsen og livet. S. John 11.25.

Nordvindauget i vestmuren i skipet viser Jesus og kvinna ved brønnen under baldakin. Under er det eit skriftband med innskrifta: Hvo som tror paa (mig) skal aldri tørste. W. Worral & Co, London 1884. Lyse fargar: raudt, grønt, gult og blått. Dei to vindauga i vestmuren vart gjevne av engelske sjøfolk.

Interiørmåleri

Himlingane i kor og skip har figurativ måling utført av Anders Ragnvald Andersen (1918-1979) i 1958. Stilen er prega av 1950-talet, med inspirasjon frå italiensk 1300-tal i dei måla arkitekturelementa.

Himlinga i koret. Fire dekorativt innramma felt med måla framstillingar av dei fire evangelistane i form av ståande menn med bøker og med evangelistsymbola i eigne rammer under. Mellom symbolfelta stiliserte livstre. Kvitt tak med blå bakgrunn for figur- og symbolfelt.

Himlinga i skipet. Figurfriser i form av langsgåande band nedst på kvar side av himlinga. Under banda er det ei brei sikksakkbord, og over banda eit smalare skriftband. Banda har raud-orange botn og figurane er hovudsakleg måla i kvitt og blått. Bandet på nordsida har, frå vest, ei framstillinga av ein engel med sverd, ein einhjørning og jomfru Maria framstilt sitjande. Vidare to englar med krosstavar som flankerer ei vekt under draperi. Deretter seks ståande læresveinar med bøker. Tomas og Matteus flankerer ei kyrkje med open forhall. Filip og Bartolomeus flankerer eit stilisert livstre. Simon Peter og Andreas flankerer skip med segl. Lengst aust finn vi ei framstilling av Det himmelske Jerusalem. Bandet på sørsida har, frå vest, ei framstilling av to ståande englar som flankerer fjell med sju paradisfloder. To musiserande englar som flankerer fonténe på postament omgitt av fuglar. Seks læresveinar: Judas Iskariot og Simon Kananeus flankerer vinranke. Judas Taddeus og Jakob flankerer kyrkjebygning med open alterbaldakin i gavlen. Johannes og Jakob flankerer stilisert livstre med fuglar. Lengst aust: brennande by (Babylon). Taket elles og bindbjelkane er kvite med blå ornament.

Inventar

Altar

Altaret frå 1886 med utskjæringar av Lars Kinsarvik står no i borgstova ved kyrkja.[8] Ved restaureringa i 1958 vart det sett inn eit nytt altar. Dette er eit kassealtar av tre der fronten er inndelt i tre kvadratiske fyllingar i ramme. Fyllingane har måla dekorasjonar ved Arneberg og Andersen. Midtfeltet framme har krosslam i rombefelt med ein engel i kvar av dei fire sviklane. På kvar side gresk kross med ulike symbol i kvadratar på krossarmane og i kvadratar i dei fire hjørna.

Altartavle

B.E. Bendixen såg restane av eit seingotisk altarskåp som låg på kyrkjeloftet. Han beskreiv snodde søyler med baldakin og fial og eit forstykke for ein liten helgenfigur, og låge, gjennombrotne masverksfelt. Delar av dette utstyret var alt på hans tid festa til ei altartavle frå slutten av 1700-talet som no heng på nordmuren i skipet. Etter det Bendixen opplyser, vart tavla restaurert og sett opp att på altaret i 1908. [9]

Altartavla, som etter brosjyren for kyrkja skal vera frå 1699, har element frå det seinmellomalderske altarskåpet (masverk, restar av snodde søyler og baldakinar). Tavla er eit snekkararbeid i to høgder med figurmotiv i biletfelt. Øvre høgd er noko smalare enn nedre. Måleria er flankerte av tynne, runde søyler over flat bakgrunn. Rammene har smale vengjer av skore rankeverk avgrensa innafor bogar. Over den lågt gavlforma øvre avsluttinga kviler to basunblåsande englar. Dei held ei lukka bøylekrone mellom seg. Måleria har framstillingar av Nattverden i hovudfeltet og Krossfestinga i toppfeltet. Hovudfargane er kvitt, brunt, raudt og grønt med noko gull. Bileta er måla av Hans Sager i 1707, Nattverden etter eit stikk i Merians bibel, Maria og Johannes i Krossfestinga etter eit måleri av Antonis van Dyck.[10]

Altaret står i dag utan tavle.

Kneleskammel

Kneleskammel i tre med stoppa og skinntrekt knefall.

Altarring

Altarringen er frå arbeida i kyrkja i 1958. Han er halvsirkelforma med dreia balustrar og smal handlist med hylle for særkalkar. Brei, skinntrekt knelepute.

Døypefont

Klebersteins døypefont frå mellomalderen. Fonten er sett saman av kum, skaft og fot. Kummen har sylindrisk grunnform, utvendes er sida dekt av to breie holkilar. Skaftet er sylindrisk med breiare overkant som ber kummen. Foten er nærast kvadratisk med sirkulær vulst rundt nedsenkinga for skaftet, brei fas med hjørneblad og rett standkant. Steinen i kummen er hardare enn i skaft og fot. Det er uttappingshol gjennom alle delar. Fonten er 101 cm høg. Kummen måler 66 cm i diameter, indre mål er 52 cm og han er 31 cm djup. Skaftet har ein diameter på 33 cm, grunnflata i foten er 56 x 59 cm.[11]

Preikestol med oppgang

Preikestolen, som er eit snekkararbeid frå tidleg 1600-tal, vart teken ned ved restaureringa i 1880-åra og oppbevart på loftet. Etter ei restaurering i 1947-48 ved Ove Kvale og Finn Krafft, Riksantikvarens restaureringsatelier, vart han sett opp att i kyrkja. To nye sidefelt vart då sette til.

Stolen er eit tidleg renessansearbeid med enkle, klare former. Han har seks sider, kvar side med storfelt og øvre og nedre smalfelt. Under handlista er det sett inn ei tannsnittlist. Hjørna i øvre smalfelt er dekte av diamantbossar, i storfelta av kanellerte pilastrar, i nedre smalfelt av konsollar. Storfelta har skorne portalfelt med tobandsslyng i bogen og rosettar i sviklane. Botnen er kanta og løkforma. I hjørna er det lagt på lister som nede samlast i ein profilert knopp.

Felta har opphavleg hatt måla innskrifter. Tidleg på 1700-talet vart storfelta dekte av måleri på lerret av Luther, Melanchton og Christian 3 (sjå nedafor under måleri). Fjerde felt fekk eit landskapsmåleri med et stort tre, måla rett på treplata. Seinare vart preikestolen måla grå. Gråmålinga og måleria, med unntak av landskapet med treet, vart tekne vekk ved restaureringa i 1947-48.

Dei opphavlege fargane var gult, dels med sinoberraude flekker, sinoberraudt og grønt. Desse reine fargane var stramma opp med laserte, djupare parti i terrakotta, blåsvart og svart. Tidleg på 1700-talet fekk stolen barokkfargar i mønjeraudt, lyst grønt og svart.[12] Dei opphavlege fargane er reetablerte.

Innskrifter

Nordsida, øvre smalfelt: ”Gud af gantske hierte / neste lige som dig sielf”. Storfelt: ”Esechiel 33. Saa sandelig som / jeg lefver siger den / Herre. Herre jeg hafver / ingen behagelighed til / den ugudeligis /død men at den / ugudelige omvender / sig fra sit / væsen og lever”. Nedre smalfelt: ”Saa tro vi oc paa Jesum Ch / ristum paa det vi skulle bli / ve retferdige formedelst” (held fram på lista nedafor smalfeltet:) ”troen til christum”.

Andre felt frå nord, øvre smalfelt: ”Johann 4: Gud er en mand / de skulle tilbede”. Storfelt: ”Sirach 1 cap. / Herrens fryct / er den rette / gudstieneste / hun beskermer / og retter dig / giør hiertet ... / oc gifver fryd / og glede / i Petriz frykter / Gud ærer / kongen”. Nedre smalfelt: ”Apocalipsis iohan: 13 cap: Guds lam er ihielslaget / af verdens begyndelse”.

Tredje felt frå nord, øvre smaltfelt: ”oc de hannem tilbede / hannem i aanden oc san ...”. Storfelt: ”Hvo som / frycter Her / ren hannem / skal det gaa / vel og naar / som hand / hafver trøst / behof skal / hand blif / ve velsignet”. Nedre smalfelt: ”Johann: 8 Sandelige, sandelige / jeg siger eder. Dersom nogen / ...older mit ord, hand skal icke” (på lista under) ”see døden evindelige”.

Fjerde felt frå nord, øvre smalfelt: ”Mattæi 4 Du skalt Gud alene ...”. (Storfeltet har maleri av landskap med tre). Nedre smalfelt: ”... Jerem: 3 cap. Herrens / barmhiertighed hafver in / gen ende men hun er hver” (på lista under) ”morgen ny”.[13]

Preikestolbrystninga er 119 cm høg, botnen 66 cm høg. Diameteren på stolen er 180 cm.

Frå restaureringa i 1880-åra og fram til preikestolen vart sett inn att, hadde kyrkja ein preikestol som var utført av Lars Kinsarvik.[14]

Oppgangen går opp frå korbogen etter søndre del av austmuren i skipet. Denne vart laga ved nyoppsettinga av preikestolen.

Preikestolshimling

Åttekanta, flat himling. Seint 1600-tal eller tidleg 1700-tal. Himlingen har marmorert sarg og krone av skårne rankemotiv. Undersida er dekorert med skymåling i grått på gråblå botn. I midten er det eit rundt felt med ei gul sol innramma av skoren, grønmåla laurbærkrans. Under himlingen heng ei skoren, gylt due. Himlinga er 185 cm i diameter.

Lesepult

Standard lesepult i tre med to bein samla med tverrstilte sprosser og med skråstilt bokbrett som kan regulerast i høgda. Lys grå.

Benker

Ved restaureringa i 1880-åra vart det laga benker etter teikning av Lars Kinsarvik.[15] Kyrkja fekk nye benker i 1958. Benkepartia i skipet er avgrensa mot midtgangen med vangar og dører, og ved brystningar framme og like bak like bak galleristolpane. Benkene er lagde opp i brystningar på langmurane. Benkevangane er rette med gavlforma, profilert overdekking. Dørene har profilert fylling og er laga med utgangspunkt i dei gamle benkedørene. Benkene har ryggar av ramme med fire liggjande fyllingar og med salmebokhylle i overkant. Benkene er måla i to gråfargar, vanger og dører er lyst blå med dekorativ måling i dørfyllingane.

Galleri

Tidlegare hadde kyrkja eit djupare galleri som skrådde ned mot aust. I 1958 vart dette erstatta av dagens galleri.

Galleriet er lagt opp på fire stolpar som ber galleribjelken i framkant og fire stolpar ved vestveggen. I lengderetning ligg det bjelkar over dei fire stolpane ved vestveggen og eit stykke forbi galleribjelken der gallerifronten er bygd opp. På tvers av og over desse bjelkane ligg golvbjelkar for gallerigolvet. Himlingen under gallerigolvet er på kvar side runda ned mot langmurane. Gallerigolvet er avtrappa i tre høgder med plass for jærstolar. Spelepulten står ved sørmuren. Orgelfronten er todelt og plassert vest på galleriet, sentralt mellom dei to delane er det opning til andre høgda i tårnet.

Den høge galleribrystninga er delt inn i tre felt av fire rundskulpturar (sjå nedafor under skulptur).

Stolpar og bjelkar er måla i raudoker med gylte ornament på stolpane. Fyllingane i brystninga er mørkegrå med kvite og gylte ornament.

Orgel

Orgel frå 1909

Det første orgelet i kyrkja vart bygt i 1909 av Theodor Thorsen. Det hadde ni stemmer fordelte på to manualar og pedal. Pneumatisk overføring. Dette orgelet vart overført til Utne kapell då dagens orgel vart installert.

Orgel frå 1959

Dagens orgel vart levert i 1959 av J. H. Jørgensen, Oslo og har 21 stemmer pluss to transmisjonsstemmer fordelte på to manualar og pedal. Elektropneumatisk overføring. Pipene står på kvar side av opninga inn til tårnet, med dei største pipene nærast opninga. Spelepulten står på sørsida på galleriet.

Måleri

Portrett

a) Presteportrett i sakristiet. Olje på lerret. På massingskilt under: Olaf Olafsen 1889-1913. Brystportrett av Olafsen i prestekjole på mørk bakgrunn. Signert på høgre side: N. Bergslien. Tung, gylt ramme. Lysmål 60 x 80 cm.

b) Portrett. Olje på lerret. På skilt under: Christian 3. Bendixen skriv at det er ein ”kurfyrste, formodentlig Fredrik den vise af Sachsen”.[16] Truleg tidleg 1700-tal. Usignert. 62 x 46 cm. Portrettet heng i tilbygget sør for skipet, tidlegare på preikestolen.

c) Dobbeltportrett. Olje på lerret. På skilt under: Martin Luther og Philip Melanchton. Truleg tidleg 1700-tal. 61x 86 cm. No i tilbygget sør for skipet, tidlegare på preikestolen.

Epitafier

Epitafium over sokneprest Døsen (vekkomme). Bendixen såg eit epitafium på kyrkjeloftet som ikkje lengre finst i kyrkja. Det var ei innramma tavle med innskrift på latin og norsk, svarte bokstavar på kvit grunn, over sogneprest Henrik Tobiassen Døsen (1669-91) og kona Margrethe Thorlaksdatter.

Epitafium over sokneprest Jan Brose. Epitafium frå 1732, årstalet finst på epitafiet. Epitafiet er av tre, sett saman av ståande bord. Epitafiet har ovalforma skriftfelt med oval skoren og måla ramme. Ein bladkrans med blomar oppe, nede og på sidene omgjev skriftfeltet, kransen er omgitt av akantuslauv på flat botn, i øvre halvdel ber to sidestilte puttiar ei brei krone som toppar ramma. Skriftfeltet har kvit skrift på svart botn, utskjæringane er måla i raudt, grønt, gull og litt kvitt. Puttiane har karnasjonsfarge, raude kinn og gullhår, krona er gylt. Innskrift:[17]

Magtr GREGORIUS JANI BROSIUS

SISTE GRADUM LOCUS IPSE MONET PERPENDE VIATOR

QVE TEGIT HIC IUNCTIM MEMBRA REPOSTA LAPIS?

BROSIUS HIC CUM CON IUG(c?)IBUS PROPE DORMTUTRIS QVÆ

ALTERA GIERDRUMIA ET BUGGIA PRIMA FUIT

ILLAFUIT GENETRIX QVATUOR BIS PROTULIT ORTUS

TRES CUM MATRE POLUM QVINQUE HABITANTUE SOLUM!

Her huiler udi denne grav, en Helligdommens wægter

Som disse guds Huus prydning gav av COLDING BROSES slægter

En mand av gammel Levi blod oc selv en ræt Levit

derfor Guds Folck i gabet stod en sand ISRAELIT

I Fyrretyve Trende aar Hand Herrens Huus betiente

En anden Nehemias var hvis aand af Iver brendte

For Herrens TEMPELS velbehag og fæders Bygnings værck

Han derfor stræbet Nat og dag og var i aanden stærck

Han Herrens huus forsynte vell gud ei hans huus forglæmte

Men gaf ham […] Til hv og siæll Hans tarv/ og gjerning fremte

Den siste dag han levet her til Guds Huus var hans agt

Men som ELIAS hæle[?] Kiær han blev til himlen bragt

Det udi [.en] og MARMOR bør med Jærn til P[?]ande Præntet

At aldrig nogen Guds mand før I vores tid er hæntet

Paa saadan hærlig Helgne skic til himlen I Sit Kald

Som denne Guds ven [her hensof?] i Kald et saligt fald

NATs. AO 1660 DENAT. AO

1732 D. 3 May ÆTAT. 72 ½

OFF. 43. PREP: 9.

Epitafium over presten Christian Bolle Rørdam. Rørdam var f. 1743 i Skjelland, død 1802. Enkel, klassiserande minnetavle sett saman av to ståande bord og omgitt av ei smal ramme. Hovudforma er rektangulær, overkanten svingar opp mot ei stilisert, sentral krone. Tavla har raud botn og gul skrift, ramma og krona er svart med ei gul kule oppe på krona.

Innskrift:[18]

Ærværdig Salig Mand

CHRISTIAN BOLLE RÖRDAM

Er fød i Wigertæds Præstegaard i Siælland 1743. 26. M..

Fra sine Forældres Huus blev han 6 ½ Aar gammel Sent til Valsø Alle, at undervises i Christenmom, skrivning og regning. Fra Aaret 1750 blev han undervist i sprog og videnskaber til han var 14 Aar 1756 Conformeret i sin Daabes pagt 1760 blev han inskreven blant studenternes Tal fraSkolen blev han end berørømmelig[sic] Testamoni demiterit

1769 blevev[sic] han Ordinerit til Præst for Den Evangeliske Lutherske menighed paa St. Thomas og St. Jean i Vestindien. Paa Samme stæd Var han Præst 17 aar 1776 tiltraade han med sin famelie Reisen fra St. Thomas til Kiøbenhavn, for at søge videre befordring. 1778 blev beskikket Til Sognepræst for Kingservigs Præstegield 1779 som var 7de Søndag efter Trinitates holt han sin første prædiken her i Ullensvangs Kirke. 1793 blev han tillige udnævnt til Provst over Hardangers Provsti hvilke æmbede han forestod til sin Død. 1802 behagede det Gud wed en stille Død at opløse Smerters baand for dene værdige Mand i det han salig hensov her paa Ullensvangs præstegaard Den 21. Okt. efter at han i 59 aar, 6 maaneder 3 Ugger og 3 Dage, havde været en Wandringsmand paa veien til Evigheden og i 33 Aar, 5 maaneder og 15 Dage en Tro og Utrættelig Religions Lærer I Jesu Kirke.

TIL ÆRE MINDE er Denne Tavle bekosted af Undertegnede som i dette Zion af Den naade-Kronede Hr. Rørdam i sin Daabes pagt er bleven confirmeret og fra den tid af i 32 aar har været fraværende men nu atter er Kommen til Dene Menighed,

Arne Torguls son Jaastad

Tavler

Prestetavle. I tårnfoten på sørmuren heng ei tavle med liste over ”Sognepræster i Ullensvag (sic) efter den rene Læres fremskin ved D. Luther ført frem til 1778”. Svart tavle, kvit skriveskrift. Svart, profilert list. Kløverbladforma overside.

Prestetavle. På nordmuren heng ei tilsvarande tavle med namn på sokneprestar Ullensvang fram til 1973.

Donnatortavle. På orgelgangen heng ei stor, svart tavle med kvit skrift. Tavla gjev eit oversyn over ”Guds Børn som af hellig Andact have givet til denne Alter-tafles Bekostning”.

Skulptur

Altarkrusifiks i tre 1958, gotiserande. Skore av treskjærar Valevatn, Lofthus. Kristusfiguren har grå karnasjon og raudt lendeklede. Krossen er raud og grøn med stiliserte bladstenglar i gull som veks ut i symmetriske skot. Høgde 99 cm.

Galleriskulptur. På gallerifronten på konsollar over dei fire galleristolpane står det rundskulpturar skorne av Valevatn 1958. Figurane framstiller frå sør: St Johannes med ”Ecce Agnus Dei”, St. Maria med barnet, St. Paulus og St. Olav.

Rituelle kar

Kalk

Kyrkja eigde i 1620 ein gylt altarkalk. I 1686 laut det ”giøris een liden ring om det øferste af Kalchen som om er meget tynd huilchen ring derom will loddes”.[19] I 1690 vart kalken omtalt som gammal og ”wil endelig omgiøres”.[20] I 1723 vart det opplyst at han vog 24 lodd.

Om kalken i kyrkja i dag er den same, er han i tilfelle omgjort i sokneprest Windings tid (1732-1757), eller han kan vera ny frå denne tida. Kalken har runda, høg kupa, åttekanta øvre og nedre skaftledd, glatt, runda nodus med rille i samanføiinga, rund fot som skrår ut i seksflika standplate. Innskrift nede på foten: Hr. Niels Winding. Innskrift på standplata: W: 28 Lod 2 ½ qt. Kalken er 23 cm høg, øvre diameter er 11,8 cm, nedre diameter 13,4 cm.

Særkalkar

I tillegg til dei to nattverdsetta frå Thune (sjå nedafor), har kyrkja nyare særkalkar, standardtype i plett, gylte innvendes, kross, stempla GP og tårn.

Disk

Forgylt sølv, 16- eller 1700-tal. Rund disk med fordjuping av kvadrat over firpass. I botnen siselert mønster med Guds hand løfta i signingsgest og sol og måne i rankekrans. Ustempla. Diameter 15,5 cm, høgde ca 0,6 cm.

Nattverdsett

To like nattverdssett i sølv, ikkje i bruk. 1950-åra. Runde stativ med to sirklar med 8 + 14 særkalkar og ein kross i midten. På kvar av særkalkane er inngravert kross og Ullensvang kyrkja. Alt er stempla Thune 830 S. Stativet har ein diameter på ca 27 cm og er ca 12 cm høgt.

Oblatøskjer

To like oblatøskjer i bretanniametall. 1877. Berre den eine er i bruk. Medaljong med Kristus med vin og brød. Innskrift: Dette er mitt legeme. Innskrift under: Ullensvang kyrkja 1877. Stempel: C. W. Kurtz, Stuttgart. Øskjene er om lag 22 cm høge og loket har ein diameter på 15,7 cm.

Kanner

Tre store, like kanner. To av dei er opphavleg vinkanner, men er ikkje i bruk, den tredje vert nytta til dåpsvatn. Bretanniametall. Kannenene er utførte i nygotisk stil med medaljongar med Guds lam og innskrift: DETTE ER MIT BLOD DET NYE TESTAMETES. Innskrift under botnen: Ullensvangs kirke 1877. Stempel: C. W. Kurtz, Stuttgart. Kannene er 45 cm høge, diameter ved hanken 22 cm.

Dåpsfat

I 1620 hadde kyrkja eit nytt massingbekken som stod i fonten. Noverande dåpsfat er av kopar. Det har brei rand og grunn, bolleforma fordjuping. Diameter 42 cm.

Parament

Tidlegare parament

Altarklede og altarduk. Kyrkja fekk nytt altarklede i 1620 og ny alterduk i 1636-41. Ein ny dreiels altarduk med frynser vart innkjøpt i 1691.

Messehaklar. Kyrkja fekk nye messehaklar i 1677 og 1834. Hakelen frå 1834 kan vera den svarte som er i borgstova.

Messeserkar. Messeserk vert nemnd i 1620 – denne var utsleten i 1662. Nye messeserkar er nemnde i 1668-70 og 1703.

Altardukar

Det finst eldre altardukar oppbevarte i borgstova (ikkje registrerte). I kyrkja er det to dukar, ein frå før 1950 (altarduk b), med bord i hardangersaum, og ein ny som også har bord i hardangersaum (altarduk a).

Altarklede

Eit altarklede (antependium) vart gjeve til kyrkja i 1717 av sokneprest Jørgen Jensen Brose. Det er no i borgstova. Kledet er av raudt ullstoff. På midten ein brodert laurbærkrans med band rundt initialane H.J.J.B og K.O.D.G. (Kirsten Gjerdrum) aar 1717. Mål: 226 x 98 cm.

Antependium

Antependium frå 1880-åra. Raudt ullstoff med gullfrynser. I borgstova.

Messehaklar

a) Svart messehakel. Ein messehakel i svart lerret med bleikraudt linfôr. (I borgstova.) Hakelen har tilnærma rektangulær framside og rygg med avrunda hjørne nede. Halsopning i front. Opninga er kanta med blått band og kan knytast med band. Messehakelen er elles kanta med mønstra band som også formar eit kalkforma mønster på framsida. Ryggsida har stor kvit kross av påsydd silkestoff. Hakelen er svært falma og sleten. Eit stykke av ryggen er utrive. Ryggen er 100 cm høg, framstykket 86 cm. Breidda er 61-72 cm.

b) Raud fløyels messehakel med skulderhekter (i borgstova?). 1800-åra. Kanta med smal gullbord. Gullbroderte krossar både på framsida og på ryggsida. Svært falma og sleten.

c) Raud messehakel. Brodert på fôret: DNH. Smal, runda form. Silke eller viskose fantasibinding. Fôr av linfarga viskoselerret(?). Ryggsida har applikert og brodert y-kross med sirkel i krossmidten, framsida tilsvarande, men hovudstammen er avslutta like under sirkelen. Krossarmane har kvit botn og brodert, stilisert vinranke i svart, gull, blå og raud silketråd. Sirkelen på ryggsida har blå, applikert botn med pelikan som pikkar seg til blods for ungane sine, brodert med kvitt, blått raudt og svart og omgitt av sirklar i svart, gull blått og kvitt. Sirkelen på framsida har blå, applikert botn med kristogram, alfa og omega omgitt av sirklar i svart, gull og kvitt.

d) Kvit messehakel. Lapp på fôret: Den Norske Husflidsforening Oslo (Husfliden) Norge. Smal, runda form. Ull, kypertvariant. Fôr i gult silkelerret. Hakelen er dekorert med applikerte, handvovne band og tvinna gullsnor, supplert med broderi. Framsida har stolpe avbroten av sirkel med kristogram i brysthøgd. Ryggsida har gaffelkross med broderte blomerankar mellom banda i dei to sidearmane.

e) Grøn messehakel under utarbeiding/planlegging.

f) Fiolett messehakel under utarbeiding/planlegging.

To messeskjorter, ei av lin og ei av bomull.

Lysstell

Tidlegare lysstell

I 1620 vert det nemnt ein lysestake til altaret. I 1662 hadde kyrkja to små massing lysestakar og ein lysestake av tre. En forgylt monstrans av kopar som fanst i kyrkja i 1620 kan ha vorte gjort om til lysestake. I inventarlista for 1690 er det notert at en gammal, gylt kopar lysestake ikkje finst lengre. To udugelege lysestakar og ei gammal lysekrone skal gjerast om til eit par ”skjønne” altarstakar. Nye alterstakar vert nemnde i 1703, dette kan vera dei som finst i kyrkja i dag.

I 1662 fanst det ei gammal lysekrone i kyrkja og i tillegg ei massingkrone som allmugen hadde gjeve. Ei gammal lysekrone vart omstøypt i 1703, dette kan vera den lysekrona som heng i kyrkja i dag.

Altarstakar

a) To eldre altarstakar av massing. Stakane står på tre kuler. Brei fot, balusterforma skaft, vid lysskål og pigg. Det er laga lyspiper med krage og konisk form som vert sette på piggen. Innskrift på balusteren: M:N:S:F og E:H:D:A. Høgde 47 cm, diameter fot 21,5 cm.

b) Seks nyare altarstakar på altaret. Sølv. Stakane har vid, utsvinga fot på standkant, vulst under sylinderforma skaft, og utsvinga lysskål med integrert pipe. På standkant kross med stråleglans og ULLENSVANG KYRKJA. Under botnen: KAROLINE TOKHEIM. Stempel: 830 S og N i kvadrat. På ein stake M. AASE 203 (830 S). Høgde 27,2 cm, diameter 16,1 cm.

Andre stakar

Sjuarma lysestake, standard sølvsmedvare. Stempel 830 S, timeglas, TH. MARTHINSEN.

Lysekroner

Eldre lysekrone

Ei lysekrone frå 1700-talet for levande lys. Krona har ringforma oppheng, balusterfoma stamme som er avslutta nede med kule og knopp. På stammen er to plater med feste for seks lysarmar i kvar. Armane er s-forma og ber lysskål og smal lyspipe.

Nyare lyssetting

Seks nye lyspendlar i skipet og to på galleriet, små kroner i barokk type under galleriet.

I sakristiet og rommet for dåpsfølgje heng to lysekroner med ”mellomalderform” (arkitekt Christie). Kronene er av smijarn, opne, sylinderforma og med krossar og stjerner i gjennombrote arbeid mellom ein øvre og ein nedre ring. Montert med seks elektriske pærer.

Klokker

a) Mellomalderklokke (ca. 1200). Klokka har oppheng av seks runde bøylar og midtboge. Flat kroneplate, ut- og nedrunda hals avslutta med to riller, rett korpus avslutta med to riller over ut- og nedsvinga slagring. Diameter 53 cm, høgde med krone 64,5 cm, høgde utan krone 53 cm.

b) Mellomalderklokke (14-1500). Oppheng av seks kanta bøylar og midtboge. Flat kroneplate, halsen knekker ned, skrått ut og ned over skriftband med to riller over og under. Svakt utskrådd korpus som endar i rille over ut- og nedsvinga slagring. Innskrift på bandet: CAPA[N?]A . IST . A . AD . HONORE . SCT . FRACISCI . FCA. (Klokka er gjort til ære for St. Franciscus.) Klokka er påstøypt diverse merke under skriftbandet: ei kalvariegruppe i sirkel, ein biskop, eit løvehovud, eit skjold med ei løve med øks m.fl. Diameter 72 cm, høgde med krone 72 cm, høgde utan krone 62 cm. Klokkestolen ber innskorne initialar I.I.O. 1884.

Bøker

Tidlegare bøker

Ein bibel ”aff det gamble slag”, ei altarbok og ei salmebok vert nemnde i 1620. I 1648-49 vart det betalt tre riksdalar for ein bibel som ”aff øfrigheden til kircherne ehr opschichet”. I 1656-58 kjøpte kyrkja ei ny altarbok. I 1690 fanst ei gammal altarbok ”in octavo” og ein gammal bibel ”in folio” i kyrkja. Ei ny altarbok ”in quarto” vart innkjøpt i 1691, men den ”forkom i branden udi Bergen Ao 1702”. Ny salmebok vart innkjøpt 1700. Ein ”Christiani Terti bibell in folio” vert nemnd i 1711.[21]

Møblar

Stolar. I koret står 12 nyare stolar av renessansetype med skinntrekt sete og rygg og to brudestolar av barokktype med høg rygg, trekte med gyllenlêr. I sakristiet finst noko av det inventaret som vart teikna av arkitekt Christie.

Blomstervasar

To like blomebeger på altaret. Sølv. Kvadratisk standplate og rund, utskrådd korpus som øvst og nedst er avslutta med smal perlestavbord. Kring midten av begera heng krossar. Innskrifter på kupa: TIL ULLENSVANG KYRKJA FRAA MARGRETA OPPEDAL 1948. På standplata på den eine står ”HER HEVE EG FENGE LAGT FRAA MEG MI SAARASTE HJARTESUT”, på den andre ”SÆLE ER DEI SOM ER REINE I HJARTA. DEI SKAL SJÅ GUD”. Stempel: THUNE 830 S. Høgde 25,6 cm, diameter oppe 14,4 cm.

Diverse

Timeglas. På preikestolen oppsats med fire timeglas. Høgde 75 cm.

KYRKJEGARD OG GRAVMINNE

Kyrkjegard

Avsnittet er ikkje ferdig utarbeidd.

Kjelder

Utrykte kjelder

Synfaringsforretningar, Statsarkivet i Bergen

Trykte kjelder

Ekroll, Ø., Med kleber og kalk, Oslo 1997

Solhaug, M. B., Middelalderens døpefonter i Norge, Vol I-II, doktoravhandling, Oslo 2001

Bilete


Fotnotar

  1. Rapport frå arkitekt Børve
  2. Bendixen 1904 - 13, s. 504
  3. Årsberetning for Fortidsminneforeningen 1880 s. 69
  4. Børves rapport
  5. Rekneskap
  6. Rekneskap
  7. Bendixen 1904 - 13, s. 505
  8. Brosjyre
  9. Bendixen 1904-13, s. 502 f
  10. S. Christie 1973
  11. Jfr. Solhaug 2001, II, s. 97
  12. Rapport, Finn Krafft
  13. Innskrifta er transkribert av H.E. Lidén
  14. Brosjyre
  15. Brosjyre
  16. Bendixen 1904-13, s. 504
  17. Transkribert av Anne Marta Hoff 2005
  18. Transkribert av Anne Marta Hoff, desember 2005
  19. Synfaring 1686
  20. Rekneskap
  21. Rekneskapar