Uggdal kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Uggdal kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneTysnes kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.008700,5.498349
FellesrådTysnes kyrkjelege fellesråd
Kirke-id122300201
Soknekatalognr05090301
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Første gongen kyrkja på Uggdal (Opdal før 1933) er nemnd, er i 1288 i samband med ei testamentarisk gåve frå Gaute i Talgje. I 1340 er Uggdal sokn og Uggdal kyrkje nemnde. Uggdal kyrkje ligg no på ein terrasse på garden Myklestad på Uggdalseidet. Den forrige kyrkja var ei tømmerkyrkje frå 1630-åra som stod noko lengre ute på terrassen.

Det vart gjeve løyve til oppføring av den ståande kyrkja 7.10.1874 etter teikningar av kyrkjebyggar O. Vangberg med kyrkja i Os som mønster. Kyrkja, som har plass til 650 personar, vart vigsla 31.5.1876. Rundt 1900 vart det utført større vølingarbeid ved tårnet. I samband med 75-årsjubileet i 1951 og 100-årsjubileet i 1976 vart det utført omfattande arbeid ved kyrkja.

Kyrkja frå 1630-åra †

Den første kyrkja ein kjenner noko meir til i Uggdal vart i følgje ein ekstrakt av kyrkjerekneskapen for 1639-40 truleg oppført ein gong rundt 1630: "Opdals KK. Som aff ny for nogle aars tiidt effter sallig Velb. Jenns Jiulls bestilling er opbygtt och iche endnu fuldferdiget og er borttschyldig 230 daler". Jens Juel var dansk adelsmann, tinginga av kyrkja må ha skjedd i tidsrommet 1618-29 då han var statthaldar i Norge.

I 1696-98 vart det utført større arbeid ved kyrkja. Arbeidet omfatta mellom anna ny tårnhette og legging av pannetak på kyrkja og vart utført av Aschild Tebstad og Johannes Rachnes.

Våren 1721 vart kyrkja sterkt skadd i ein storm og kjølar, vindskier og ein god del takpanner laut fornyast. Om hausten i 1774 vart kyrkja råka av lynnedslag som i følgje kallsboka gjorde stor skade. Kyrkjeeigaren H. Formann laut skaffa nye takpanner til heile kyrkja. Sameleis måtte han "med sin reise til Bergen opsøge de dueligste mænd i bygningskunsten, at faa nogle hjem i Opdahls kirke for der at optegne alt af træverk behøvendes af længde og tykkelse at blive hugget og tilbringe lige til kirken før det næste aar tog sin begyndelse".

Bygningen

Kyrkja frå 1630-talet vart oppført i tømmer. I synfaringa frå 1721 heiter det at skipet er 27 alen langt og 16 alen breitt, koret er 13 alen langt og 12 alen breitt. Kyrkja var truleg orientert på vanleg måte med koret i aust. Ho hadde tårn i vest og eit våpenhus, truleg i bindingsverk, men måla på dette er ikkje kjende. Sval er nemnd ein gong i kjeldene.

Veggene. Kyrkja har hatt tømmervegger. Utvendes har veggene vore kledde med bord feste til opplengjer og tjørebredde. I samband med den nemnde reparasjonen i 1696-98 vart veggene oppskrudde og styrkte ved hjelp av opplengjer og kne.

Dører. Kyrkja har hatt tre dører, ei i våpenhuset, ei mellom våpenhuset og kyrkja og ei i koret.

Vindauge. Talet og forma på vindauga i kyrkja er ikkje kjend. Det har vorte laga fleire nye vindauge utover på 16- og 1700-talet, såleis eit i koret i 1671, eit ved preikestolen i 1700 og fire nye i 1702-04, to av dei på sørsida i skipet. Glasa var innsette i bly og styrkte med jarnstenger. På utsida hadde vindauga luker som vart heiste opp og ned ved hjelp av tau.

Tak. Kyrkja vart oppført med tjørebredd sutak på sperrer. I den nemnde hovudvøla i 1696-68 fekk ho pannetak på lekter på den gamle takkonstruksjonen. Pannene vart kjøpte i Bergen. Utfrå opplysningar i kyrkjerekneskapane kan taket lengst vest, på nord- og sørsida av tårnet, har vore pulttak som har lege noko lægre enn på resten av skipet.

Tårn. Kyrkja har hatt tårn av bindingsverk i vest frå ho vart oppført. Mellom dei arbeida som Askild Tebstad og Johannes Rachnes etter kontrakten skulle gjera i 1696-98, var å laga ei ny tårnhette. Etter rekneskapen for desse åra har den nye tårnhetta vore høgre enn den gamle. Tårnkonstruksjonen var i 1711-13 svært forfallen og bindingsverket vart vølt med nye bjelkar og eikenaglar.

Våpenhus. Ein finn få opplysningar om våpenhuset. Det har vore bordkledd og truleg ein bindingsverkskonstruksjon.

Himling. Det vart lagt loft i kyrkja i 1674, i koret truleg i 1671, før dette har det vore open takkonstruksjon. I samband med synfaringa i 1661-65 vart det såleis peikt på at det mangla lem i kyrkja.

Sval. Svalen er nemnd ein gong i rekneskapane. Dette er i 1711 då det er kjøpt tre 10 alner lange bjelkar til svalen.

Interiør

Etter synfaringa frå 1721 var kyrkja "Indvendig Smuch mahlet". Med grunnlag i observasjonane til I. Lillehei (Heggland 2, s 371) og I. Dahl (brev i RAA) er det rimeleg å tru at det har vore draperimåling i brystningshøgd og dekorativ måling med blomemotiv over draperiet. Midt på kvar av langveggene har det vore måla ein nisje med figurframstilling i lekamsstorleik (Apostlar?). På takbjelkane var orda frå Matt. 23, 34-37 måla.

Inventar

Altartavle. Altarskåp frå seinmellomalderen på Bergen Museum (MA 193). Skåpet kom inn til museet frå Uggdal kyrkje i samband med nybygging i 1876. Det er mest sannsynleg ein nordtysk produksjon og vert tidfest til tidleg 1500-tal (Engelstad 1500-1510, BM 1505-1520, Bendixen slutten av 1400-talet eller omkring 1500).

Altarskåpet er ein triptyk med blindfløyar, sett saman av eit korpus-felt med skorne figurar, to hengsla fløyar med skorne figurar inni og målarstykje på utsida og to blindfløyar med målarstykkje på framsida. Dei to hengsla fløyane dekkar blindfløyane når skåpet er opna. Skåpet kviler på ein predella med konkav utkragning.

Skåpet er av eik, men er under produksjonen tilsett eit stykke av eit anna treslag som er sett inn i samband med ei stor, primær sprekke i den sentrale skulpturen. Ein slik framgangsmåte er uvanleg i nordtysk samanheng (Restaureringsrapport Turi Wilson 1972 og –73, RAA).

Korpusfeltet er flankert av todelte, snodde søyler som står på høge postament og ber ein boge med utskore lauvverk. I denne ramma er hovudmotivet, Marias kroning, framstilt i skulptur. Kristus, Maria og Gud Fader sit på ein bladfriskront, høgrygga benk på eit rutegolv. Den Heilage Ande er framstilt som due over hovudet til Maria. Kristus ber tornekrune over langt, mørkt hår og skjegg. Han har lendeklede og kappe festa ihop i bringa med ei rund spenne. Elles er han framstilt med naken overkropp og nakne bein og dei fem såra er synlege. Høgre handa hans held om verdskula som kviler på det høgre kneet hans. Blikket kviler på Maria og med venstre handa set han den liljetagga kruna på hovudet henna. Under kruna bøljar Maria sitt lange hår nedetter dei kappekledde skuldrane. Ho sit med ansiktet halvt vendt mot Kristus og med hendene samla framfor bringa. Under den fotside kappa ber ho kjole. Til høgre Gud Fader som løfter venstre handa i signingsgest over Maria. Han er framstilt med keisarkrune, langt hår og langt skjegg. Ansikt og blikk er vendt mot Maria. Kappa er samla på brystet med ei stor ruteforma spenne med måla edelsteinar. Under kappa ber han kjortel og underkjortel. Attributtet som han har halde i høgre handa, er borte. Dua er sentralt plassert over benkeryggen. Ho har glorie, er omgjeven av strålar og skykrans på sirkelrundt felt.

Nederst på korpus eit smalt skriftfelt med innskrifta "Sancta trinitas un' deus mie nobis" – Sancta trinitas unus deus, miserere nobis.

Innsida av dei hengsla fløyane er delte inn i to felt der kvart felt har ei innramming tilsvarande den i korpuspartiet. Felta har figurframstillingar i skulptur. Øvre felt på venstre fløy viser ei strålekransmadonna, nedre felt St. Kristoffer, øvre høgre felt døyparen Johannes, nedre felt på høgre fløy Jacob den eldre.

Maria som himmeldronning står på månesigd, omgjeven av strålar, med tallerkforma glorie bak hovudet, krune og langt, bøljande hår. Med høgre handa stør ho opp under venstre foten til det nakne Jesusbarnet som ho ber på venstre armen. Barnet held kule mellom hendene.

Kristoffer med langt krølla hår og skjegg har kort, framknept klednad med belte i livet, skulderveske, nakne bein og ei kappe rundt seg. Han står med den høgre foten i ein "haug" med vatn og den venstre oppå. Med den løfta venstrehanda held han rundt ein stokk. Han ber Jesusbarnet på høgre skuldera og stør høgre handa til hofta. Barnet har kjortel og kort hår og lyfter høgrehanda i signingsgest. Venstrehanda ligg over panneluggen til Kristoffer.

Døyparen Johannes er framstilt med langt hår og skjegg, med kamelhårskappe festa med tau rundt livet og med kappe over. Under beina eit dyrehovud (Kamel?). Den nakne venstrefoten stikk fram under kappa. Johannes held boka i venstre handa og med den høgre peikar han på Lammet som kviler på boka.

Jacob den eldre har kjole, skulderveske, kappe og pilegrimshatt med skjell, pilegrimsstav i høgre handa (defekt) og ei åpna bok i venstre. Skriftfeltet nede på venstre fløy har innskrifta Sancta Maria ora pro - Santa Cristoffer ora. På høgre fløy Santa Johannes babtis - Santa Jacop ora pro. Innskriftene er ufullstendige avdi dei er avskorne ved tilpassing til skapet.

Fargar. I første stand er gull den dominerande fargen i det både grunnen, innramminga (lauvverket) og dei fleste kleda er gylte. I tillegg er det nytta blått og raudt som kappefôr. I korpus er blått og raudt brukte samla, Maria har hatt raud kjole med gylt blomemønster, Gud Fader raud kjortel med blått blomemønster. Dua er kvit med gylt strålekrans på raud botn i blå skykrins. I fløyane er fargane brukte diagonalt slik at madonnaen og Jacob har raudt kappefôr, medan Kristoffer og Johannes har blått. Bak hovuda til Kristoffer, Johannes og Jacob er ein glorie prenta inn i gullgrunnen. I korpus har benkeryggen eit stort blomemønster i gullgrunnen.

Andre stand. Utsida av dei hengsla fløyane og blindfløyane har i alt 8 måla helgenframstillingar. Øvst på venstre fløy Peter, nedst evangelisten Johannes, øvst på høgre fløy Paulus, nedst St. Georg. På venstre blindfløy Hieronimus og Peter Martyr, på høgre blidfløy Sta Katharina(?) og Sta Margaretha.

St. Peter er framstilt med kort skjegg og bart og utan hår. Han held boka med begge hendene. Den store nøkkelen held han inntil seg med høgre handa. Drakta er rik i grønt med gullmønster med raude kantar og med ei laus grå kappe over høgre skulder.

Evangelisten Johannes er etter vestleg tradisjon framstilt som ein ung, skjegglaus mann. Som attributt ber han kalk med giftslange i venstre handa.

Paulus har martyrvåpenet, sverdet, i venstre og bok i høgre handa. Han er framstilt som gamal mann med langt skjegg og utan hår. Raud drakt med gullmønster, grøn kappe med gulbrunt for.

St. Georg er som Johannes etter tradisjonen framstilt som ung mann utan skjegg. Han har den vanlege frisyren med små krøllar som ein krans om hovudet. I venstre hand held han lanse med krossfane, med høgre løftar han sverdet, klar til å stikka det i den levande draken som han held fast under høgre foten. Georg ber platerustning, raud hatt med fjør og ein gul, mønstra våpenkjole.

St. Hieronymus er vist i det han lækjer løva som strekjer seg opp mot han og søkjer hjelp etter som ho har fått ei torne i poten. Han har den uttrekte torna i høgre handa og bok i ei veske i venstre. Hieronymus er kledd som kyrkjefar med kardinaldrakt og kardinalhatt.

Peter Martyr er vist som preikar med bok og med martyrvåpena krumsabel gjennom skallen og dolk gjennom brystet. Han er kledd i dominikanardrakt. Som elles er han framstilt som ein kraftig mann, men her utan skjegg.

Øvst på høgre blindfløy restane av framstilling av ein kvinneleg helgen. Øvst i biletet del av eit sverd, det kan då vera Katharina. Ho har rik drakt med gullmønster og puffermar, og langt hår.

I det nedste feltet på høgre blindfløy Sta Margaretha, tradisjonelt framstilt som ei vakker, ung kvinne med krosstav og vigslevasskar. Ved føtene hennar ligg draken, overvunnen ved hjelp av krossen. Margaretha ber perleband om det lange, bøljande håret, ho har /grøn og raud kjole/ med brei gullkant nede og grøn kappe med /brandgult/ fôr.

Som bakgrunn for dei åtte helgenbileta er det måla ei mura brystning med blå himmel over. Bileta er skilde horisontalt ved ei brei gullbord med planteslyngningar.

Predellaen har eit sterkt skadd måleri av Kristi "svededuk", halden oppe av to englar.

Mål: Korpus; h. 157cm, br. 99cm. Hengsla fløyar; h. 157cm, br. 49,5 cm dj. 12 cm. Blindfløyar; h. 159 cm, br. 49,5 cm, dj. 3,5 cm. Predella; h. 42,5 cm, br. 146 og 201 cm, dj 30 cm.

Altarring. I 1705-07 vart det etter rekneskapen "Giort et nyt fulkommen stort Tralverk om alterfoden". Knefallet har fått trekk i raudt klede og stopping i 1827.

Døypefont. ”Font” (Dåpshus?) er nemnt i 1702-04, han er då vølt og flytta "til Weggen".

Preikestol. Preikestolen er nemnt i ei inventarliste frå 1687-89: "... j God altertafle og Predichestoel". Om denne preikestolen skriv sokneprest Arentz i kallsboka i 1832:"... og udviser udi Opdahls Annex Kirke, en meget deylig mahlet Tavle med gyldne Bokstaver paa Opdahls Kirkes Prædikkestol, saaledes med fulde Ord meget vel tegnet.- ’Gud til Ære, Opdahls Kirke til Prydelse, haver Sogne-Præsten for Tysnæs Kald Her Otte Maltesen og hans Kiære Hustrue Margrethe Peders Datter, denne Prædikkestol ladet bekoste og opsette Anno 1684 –’". I 1714 er trappa opp til preikestolen vølt. Om og evt. korleis kyrkja var utstyrt med preikestol før 1684 er ukjent.

Benker og stolar. I 1670 må kyrkja etter opplysningar i rekneskapen ha hatt stolar eller benker både på manns- og kvinnesida. Ein ny stol vart bygd i 1702. Kyrkja hadde på denne tida (1717-19) ein særskild brurastol. Ny skriftestol vart skaffa til kyrkja i 1674.

Galleri. Følgjande opplysning kan gjelda galleri, eller det kan vera ein del av loftet: "Lagt et nyt støche Lem nedre i Kirchen, som fattedis, dertil forbrugt 4 tylter Bord och een Bielche – 5 alen lang, koster tilsammen med arbeidsløn 4 Rdr 3 mrk".

Rituelle kar. Kalk og disk av gylt sølv, "af Tyfue bortstaalen" ei tid før synfaring i 1686. I 1694 vart det kjøpt kalk og disk av tinn. I ei innventarliste frå 1720-22 er det oppført at kyrkja har ein sølv kalk og disk, innvendes gylt, som veg 17 Lod. Rekneskapen for same året viser at stiftsskrivaren har betalt over fire riksdalar for å "omgiøre og forgylde" kalken. Ettersom han ikkje er nemnd i tidlegare lister over inventaret, (t d den forrige frå 1714-16), kan denne kalken og disken ha kome frå ei anna kyrkje eller det kan vera den stolne som er kommen tilrettes. I 1827 og -28 vert det peikt på at kalken er for trong og må utvidast.

I 1687 er det kjøpt ei brødøskje. Eit massingfat i fonten (heile perioden).

Parament. Altarduk. Ein gammal altarduk (først nemnt 1687), denne vart sett i stand fleire gonger. I 1719 gav soknepresten ein ny altarduk til kyrkja. Altarklede. Altarklede er ikkje ført opp i listene over inventaret, men vart etter rekneskapen sett i stand i 1714-16. I 1817 vart eit slete, raudt altarklede nemnt. Messehakel. I følje den første lista over inventaret i 1687-89 hadde kyrkja "j gl. blommit Messehagel". Det går seinare fram at denne var av fløyel. På BM er eit fragment av stoff frå Uggdal, truleg frå ein messehagel (MA ..., nr kan bli endra) Broderi av Jacobus major. Foto. Messeskjorter. Kyrkja hadde ei gammal messeskjorte i 1670. I 1682 er det gjort ein ny messeserk og kyrkja er vidare fram til salet i 1723 oppført med 2 messeskjorter.

Lysstell. Så langt attende som vi kan følgja kjeldene har det vore to massing lysestakar i Uggdal kyrkje (sjå nedafor). I 1704 vart det kjøpt ei lysesaks til kyrkja.

Prosesjonsstavar, BM (MA 192 a og b). To like med stenger i furu og lyshaldarar i eik. a) Stav med snodd øvre del og glatt nedre del under knopp, krossblomar på lyshaldar, seingotisk, rundt kapitél som ber sekskanta plate. b) Tilsvarande, men lyshaldar defekt. Krittgrunn med raud, grøn (og gylt) farge. Like mål: h. 191 cm, diam 4,5 cm, br. Lyshaldar 17 cm.

Klokker. Etter rekneskapane frå 1670-åra og fram mot kyrkjesalet har kyrkja to klokker, ei mindre og ei større. Frå 1693 er det innført at den minste klokka er bresta.

I 1832 er det innført i visitasprotokollen at det manglar ei klokke som kyrkje-eigaren (Synnestvedt) er ansvarleg for. Den eine klokka vart ved uforsiktig ringing øydelagd i 1837 og vart omstøypt (sjå nedafor). Det er innført i bispens visitasprotokoll i 1841 at "Med Klokken kan i dens nærværende Stand ikke ringes".

Andre inventarstykke. Ein tjørekjel på 1/2 tønne. Stige.

Kyrkja frå 1876

Bygningen

Uggdal kyrkje er ei treskipa langkyrkje i tre tilnærma orientert med inngang i vest og kor i aust. Skipet har rektangulær grunnplan og saltak. Koret er smalare og lægre med tresida avslutting i aust dekt med valma tak. I hjørna mellom kor og skip er det rom for dåpsborn i nord og sakristi i sør. Eit firkanta tårn er plassert inntil vestgavlen i skipet. Skip og kor med tilbygg er lafta opp i plank, medan tårnet er i bindingsverk. Utvendes er kyrkja kledd med liggjande staffpanel avslutta nede ved vatnbord over grunnmur av naturstein.

Vegger

Langveggene i skipet vert utvendes delte i fire felt ved tre vertikale lisener, dei to i aust er innkassingar for opplengjer. Innvendes er tømmerveggene udekte. Langveggene er avstiva ved hjelp av fire opplengjer som deler veggene i fem felt, dei to vestre under galleriet smalare enn dei austre. Mot himlinga er veggene avslutta ved gesimslist med tannsnittsfrise. Langveggene i koret er delte i tre felt ved to opplengjer på kvar side. Som skilje mellom midtskipet og sideskipa er det fire par frittståande stolpar som korresponderer med opplengjene og veggstolpar i aust og vest.

Dører

Inngangsdøra i vest og døra mellom tårnfot og skip er tofløya dører med seks like fyllingar i kvar, den indre døra med overlys. Mellom kor og siderom er det tilsvarande enkle dører. Frå sideromma og i austveggen i skipet er det dører til gangar med dører ut på nord- og sørsida. I gallerihøgd er det dører mellom tårn og orgelgalleri.

Korskilje

Koropninga er flankerte av låge brystningar lagde opp i korte, firkanta meklarstolpar. Korbogen er forma som ein brei og høg rundboge skoren ut av tømmeret.

Vindauge

Kyrkja har høge, smale vindauge med trekanta avdekking, delte i tre ved to vertikale postar. I avdekkinga vert postane brotne og går over i X-form over midtdelen og sidedelane er avslutta ved gavlform. Kvar av dei tre delane er oppdelt med fem vertikale sprosser. Klårt glas i vindauga i skipet. Langveggene i skipet har fire slike vindauge, eitt i kvart av dei utvendige felta. I vestveggen i skipet er det eitt på kvar side av tårnet, i koret eitt på kvar av dei skrå veggflatene, dei to siste med glasmåleri (sjå interiør). Tårnet har vindauge til sidene i første og tredje høgda og mot vest over inngangsdøra og i andre, tredje og fjerde høgda. Desse vindauga har trekantforma øvre avslutting som elles i kyrkja. I den øvre delen av tårnet er det mindre vindauge til alle fire sider. Lydgluggar mot nord, aust og sør i fjerde høgd.

Golv

Kyrkja har bordgolv. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet.

Tak

I tillegg til gavlane er det fire sperrefag over skipet. Sperrefaga har hanebjelkar og kviler på langsgåande doble dragarar som er feste med jarnband på oversida av dei frittståande stolpane i skipet og er vidare kløfta over raftestokkane. Mellom dragarane er det lagt inn bindbjelkar ved kvart stolpepar. Frå midten av bindbjelkane går det bjelkar opp i mønet, lagde inn på hanebjelkane på halv ved. Frå undersida av krysningspunktet går det undersperrer nedover til kvar side. Dei er lagde inn på halv ved på bindbjelkane og kløfta inn i midtskipsstolpane rett over himlinga. Mellom sperrefaga er det enkle sperrepar. Over taksperra liggjande takbord som ber ruteheller.

Himling

Mellom langveggene og stolpane er det flat himling av staffpanel, medan det i midtskipet og koret er panelt tønnekvelving, avbroten av korbogen. Himlinga fekk ny paneling i 1976.

Tårn

Vesttårnet har nærast kvadratisk plan. Det er oppført i bindingsverk med fire hjørnestolpar og to mellomstolpar til kvar side og avstiva med skråstøtter og kraftige kne. Tårnet er ved hjelp av rammer oppdelt i 5 høgder med våpenhus i første og klokkestol i fjerde høgda. Nedre delen av tårnet er avslutta i fjerde høgda med gavlar til alle fire sider. Øvre delen er inntrekt og understødd med fire frittståande stolpar som kviler på ei ramme i klokkerommet. Denne delen har ei øvre avslutting med arkar midt på kvar av dei fire sidene og inntrekt åttekanta hjelm avslutta med kule og kross med engleforma vindfløy.

Interiør

Preikestol sørvest i koropninga, døypefont på nordsida av trappa. Orgelgalleri i vest med framspring over midtgangen. Benker med brystningar i koret nord og sør for koropninga. I skipet er det innebygde stolestader med passasje på sidene. Elektrisk lys og oppvarming lagt inn i kyrkja i 1951. Same året vart kyrkja måla utvendes og innvendes. I samband med 100-årsjubileet i 1976 vart kyrkja sett i stand under tilsyn av konservator Odd Nøss. Kyrkja vart då nyoppmåla, tidlegare ovnar og loddpiper tekne vekk, himlinga vart panelt og det vart lagt inn høgtalaranlegg.

Glasmåleri

Glasmåleri i vindauge i koret, Borgar Hauglid, 1967, usignert. Vindauga er tredelte ved to loddbeine sprosser og glasmåleria er i hovudsak plasserte i midtglaset. Utanom motiva har vindauga svakt farga gjennomskinlege små ruter lagde inn i bly. I nord Maria med barnet i mandorla, i sør Jesus som forkynnar i mandorla. (Merkte G.A.Larsen, glassmester.)

Fargar

Veggene i skip og kor og stolpar og opplengjer har lys beige hovudfarge og ei nedre brunraud brystning skilt frå ved brun og mørk beige stripe. Fargane i brystninga saman med gull og mørk blått er brukte på stolestader, dører, brystning i korskillet, altar, preikestol, galleribrystning og orgelprospekt. Golvet i skipet er gråmåla, medan kortrapp og korgolv har blå teppefliser. I midtgangen i skipet ligg ein raud løpar. Himlinga over sideskipa er kvit, medan tønnekvelvingen og himlinga under vestgalleriet er lys blå. Over korbogen er måla ein kopi av Thorvaldsens Kristus.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med brotne hjørne på vestsida. H.122 cm, br. 285 cm, dj. 102 cm. Måla i brunraudt, framsida dekt av antependium.

Altartavle

Altartavla er konstreuert saman med altaret. Oppsats av snekkar Johnsen som samarbeidde med kyrkjearkitekten. Tavla er i ein etasje med rundboga biletfelt flankert av doble joniske søyler på postament. Under biletfeltet er det eit rektangulært skriftfelt, i den boga gesimsen over søylene er det tre mindre skriftfelt. Over gesimsen er tavla avslutta ved eit toppfelt innramma av stivt utskorne ranker.

Det rektangulære skriftfeltet har innskrifta: Det er fullført! i gull fraktur på blå botn. Tidlegare utfylling finst i kyrkja med same innskrifta med svart skrift på beige botn og Joh. 19,30. Dei tre små skriftfelta i gesimsen har: Æra-vere-Gud i gull fraktur på svart botn. Tidlegare måleri frå det rundboga biletfeltet står no på gallerigangen. Måleriet framstiller ein kross på ei steinblokk med blå himmel som bakgrunn. Krossen er omgjeven av ein rundboga porta. Det rundboga biletfeltet har no ei framstilling av den oppstadne Kristus, signert B. Hauglid (19)67. Bendixen skriv at altartavla har "en stygt malet Kristusfigur paa korset". Dette kan vera ei beskriving av måleriet på toppfeltet. Opphavleg måleri i toppfeltet, etter L. Reiso merkt A.T. Søyler, framstiller Kristus på krossen med landskap i bakgrunnen.

Ramverk og botn er mørk beige og brunraude med gullfarga lister. Kapitél gullfarga. Rankar og gesims er gråkvite.

Altarring

Rektangulær altarring med runda hjørne. Port på sørsida. Gulmåla handlist. Gråmåla balustrar med gul stafasje. Knefall stoppa og trekt med djup raud fløyel. Golvet i altarringen ligg eit steg over korgolvet og er kledd med lys beige teppe.

Kneleskammel av furu med brun eiketremåling, stoppa og trekt med djup raud fløyel.

Døypefont

Fast, åttekanta, kalkforma døypefont av tre med profilert kum, åttekanta skaft og profilert fot. Utløp for vatn i botnen av ei nedfelt overmåla rund skål av massing. Denne skåla vert ikkje nytta idag. Mellom skåla og det gamle tinnbekkenet vert det ved dåp lagt ein duk. Fonten er marmorert med blått på lys beige grunn. H 77 cm.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har sju felt av ein avlang åttekant og er avslutta oppe og nede ved profilerte lister. Felta har portalforma fyllingar. Innsvinga botn kviler på åttekanta stolpe. Handlista er stoppa og trekt med djup raud fløyel avslutta utvendes med gullfrynser. Oppgangen er langs sørveggen av koret med vange på nordsida i ramverk med tre fyllingar. Ei fjerde fylling er utforma som eit av felta i preikestolen. Preikestolen vart gjort lægre ved restaureringa i 1951. Lesepult sør i koret. Nyare.

Benker

Innebygde benker med passasje på sidene. Benkeryggane vertikalt staffpanelte. Dører, vangar, benkeryggar og brystning i aust er like høge. Dørene har portalforma fyllingar. Tidlegare dører med rektangulære fyllingar og måla nummer finst på loftet. Ved endring i 1951 vart ryggane gjort mindre bratte enn dei var før.

Galleri

Orgelgalleri i vest med framspring over midtgangen. Galleriet kviler på seks langsgåande bjelkar. To er innfelte i dei to vestlege opplengjene og hjørnestolpar som er avslutta i gallerihøgd. To er felte inn i dei tre vestlege stolpepara i skiljet mellom sideskip og midtskip, dei to siste ber framspringet og er understødde av tre par slankare stolpar som flankerer midtgangen. Galleribrystninga har ramverk med fyllingar som over alt elles.

Nord og sør for orgelet er det benker på golv som skrånar mot aust.

Orgel

Landrog, 1915. Orgel med 11 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Pneumatisk overføring (Kolnes, 1993, s. 350). Orgelet har tredelt prospekt med rundboga sidefelt flankerte av enkle joniske søyler på postament, kapitéla ber gesimsar. Gesimsane ber ein høgre rundboge over det breiare midtfeltet. Over det heile eit felt med rankeskurd.

Rituelle kar

Kalk. Sølv, innvendes gylt. Svakt skrånande stor kupa med nebb. Vulstforma nodus i eitt med skaft og fot. Rund fot med vulst over standkant. Latinsk kross festa nede på sida av kupa. Stpl. 76, T.BØRS, 13LG. H. 28cm, kupa 13 cm, diam. 12,8 cm.

Disk. Stpl. 13LG, T.BØRS, 76. Diam. 16,2 cm, rand 2,5 cm. Særkalkar. 50 særkalkar, sølv, stpl. 830 S, sju kuler (Bergen), N. Gåve frå kyrkjelyden 1950.

Oblatøskje. a) Plett. Sylinderforma med avtrappa standkant og lett boga lok med knopp. H. 12,5 cm, diam. 14,7 cm. b) Sølv. Latinsk kross inngravert midt på loket. Stpl. 830 S, kalk, TH: MARTHINSEN 2. Diam. 10,8 cm, h. 4 cm. Gjeven av Ingeborg Våge Søreide 1978.

Vinkanner. Plett. To like konisk forma kanner med kort tut, lok med knopp og svungen hank. H. 37 cm, diam. 16,3 cm.

Dåpsfat. Tinn. Tallerkforma med smal rand og djup, flat botn, runda sider. Dekorert med fine, konsentriske ringar på rand og botn. Dobbelt stpl. BG (Bernt Grønning) 1789. Diam. 34,2 cm.

Kanne. Plett. Høg kanne med slank pæreforma korpus, høg rett hals med nebb og svinga skaft. Utsvinga fot med bratt profilert standkant. Innskrift i versalar: "Uggdal kyrkja 12.6.57". Stpl. GP. H. 33 cm.

Parament

Altarduk. Duk på toskafts lin med bord i hardangersaum. Motiv med vekselvis krossar og kalkar. Duken, som er ein kopi av ein eldre duk, er sydd av Nora Kåstad 1992 og gjeven av husmorlaget.

Antependium. Raudt, melert ullstoff med tre samanbundne broderte aks på kvar side. Utført av Olaug Reiso etter utkast frå Husfliden. 1976.

Klede i lin til å leggja over døypefonten. Plattsaum og holsaum i kvitt og grått. Motiv i det eine hjørnet: Due med krossglorie innteikna i trepassform med stjerne. På kvar av sidene tre åttebladsroser. Sydd av Margit Åkre. To mindre dukar med stjerner til meklarstolpane ved koråpninga, M. Åkre. Elles fleire handdukar og serviettar i lin til bruk ved dåpen etc.

Messehaklar. Tre nyare messehaklar. a) Raudt ullstoff med fôr av raudt, toskafts bomullsstoff. Messehakelen er smal med skrå sider. Ryggsida har stor, brodert kross med strålekrans og med sirkelrundt raudt midtfelt med kvit rosett av fire samanstilte hjarte. Framsida har brodert kristogram, kvitt på raud botn i kvit sirkel. b) Grønt ullstoff linkypert med fôr av grøn, toskafts bomull. Skjoldforma. På ryggsida Y-kross forma av broderte, gule striper. Trekanta midtfelt med brodert krosslam. Framstykket har tre parallelle broderte gule striper på kvar side av eit sentralt plassert rombeforma applikert felt med jesus-monogram (IHS). Arbeidet utført av O. Reiso etter utkast frå Husfliden. 1981. c) Fiolett ullstoff med fôr av lilla, toskafts bomull. Smal med skrå sider. Ryggsida har applikert Y-kross i kvit, toskafts ull. Krossarmane har brodert gullfarga stolpe med drueranke i fiolett og grønt. I krysset påsett rundt felt med tornekrune og tre naglar. Framsida har stolpe med tilsvarande broderi og rundt felt med alfa og omega i brungult på kvit botn. d) Kvit messehakel. Vid med runda sider. Slabbinck, Belgia. Kunststoff. Djup raud og gull dekor på melert, kvit botn. Ryggsida har kristogram og framsida likearma kross. To messeskjorter, bomull.

Lesebrettklede på preikestolen. a) Djup raud fløyel med gullkross. b) Ljosare raudt stoff med brodert motiv i gult og gull. Motivet er pelikan som matar ungane sine. Utført av Margit Åkre etter teikning av Husfliden. 1976.

Lysstell

To altarstakar, 1600-åra. Massing. Ny lyspipe som skjuler pigg, flat tallerkforma lysskål, balusterforma skaft som endar nede i flat lyskrage over fot med vulst. Rundt foten på begge stakane inngravert (med små avvik): NIELS CHRISTENSEN AARHUS RACHEL ANDERS DATTER BANG ANNO 1622. H. 43 cm, diam. fot 16,5 cm.

På altaret ein sjuarma lysestake av sølv, nyare. Inngravert under foten: "Uggdals Studiering 15.2.1949 - 15.2.1969. Ingeborg Aarskog, Edel Sunde, Ingrid Borgen, Helga Sunde, Margrete Dalen, Ingeborg Søreide, Ingebjørg Lilleheie, Signe Økland, Linken Nybø". Stpl. 830S, (?). H. 21 cm, br. 54cm.

To tinn lysestakar, no plasserte ved orgelet og monterte med elektrisk lys. I korvindauga to trearma lysestakar, sølv. Gåve frå Halkjel Nilsen 1971. Stpl. 830 S. Bak altaret to sjuarma golvstakar av massing. Nyare. Gjevne av Finn Halle Tvedt 1981 og 1983.

Lysekroner. Lengst aust i midtskipet stor massing lysekrone av barokk type med balusterforma midtstong som endar i kule med knopp. 12 S-forma lysarmar som inn mot midtstonga endar i kronte hovud. Eit øvre sett lysarmar er festa til hovudarmane. Over lysarmkransen ein krans med seks S-forma bøylar som ber rosettforma reflektorar. Både desse og lysarmane vart monterte med elektriske lys i 1951. Lysekrona er ei minnegåve etter lensmann Lars Bernhardus Sunde og kona Anna f. Prestbø i 1936.

Tre små lysekroner av barokk type i kvart sideskip og ei mindre i midtgangen under galleriet, alle gjevne frå Halkjell Nilsens legat. Tilsvarande lampettar med tre og to lys i koret og på midtskipsstolpane.

I altaret to eldre lykter av tre med svidd dekor. Lysesaks i jarn. Lysesaks i massing.

Klokke

Hank av seks seks bøylar og midtboge. Flat kronplate, avtrappa hue. Hals og korpus svingar lett utover og endar i riller over nedbøygd slagring med list rundt kanten. Hals og korpus er dekorerte med riller. Over øvste rille er ei utvida akantusbord med englefigurar. Mellom rillene elles er det innskrifter: På den eine sida: ANNO 1837 LOD VI SOM NUVÆRENDE EIERE/ TIL OPDALS KIRKE/ OBERSTINDE. ANNA MAGDALENA. SAL: SYNNESTVEDT/ & SØN/ PEDER FINDE. SYNNESTVEDT/ OMSTØBE DENNE KLOKKE. På den andre sida: JEG KALDER DE LEVENDE/ TIL OMVENDELSE/ OG DE DØDE TIL HVILE/ HN QUARME. Diam. 65 cm, h. 63 cm.

Bøker

Altarbok, Kbh. 1688. Bibel, Kbh. 1782. Brochmands huspostill, Kbh. 1764, med innskrift av kyrkjeeigaren, Otto Synnestvedt.

Nummertavler

Tavler flankerte av søyler på postament og krona med halvsirkelrundt, inntrekt felt.

Møblar

Ved nordveggen i koret to brurastolar i eik av renessansetype med gyllenlêr setetrekk og rygg. Gjevne av bygda og banken 1961. Produsert av Bjotveit, Ringøy.

Ved sørveggen eit par eikestolar av renessansetype med mørkt, grågrønt skinntrekt sete og rygg. Gåve frå O. og L. Reiso 1977.

Bispestol av bjørk med akantusskurd. Minnegåve etter Hallstein Myklestad. 1958. Piano, Schimmel. Gåve frå kommunen 1984.

Offerkar

To klingpungar. a) Pung på jarnring med beslag festa til trestong. Pungen har raudt fløyel ytterstoff med dekor i gulltråd. Fôret er grovt naturfarga linlerret. Ring: diam. 9 cm. Stonga er 121 cm lang.

b) Firdelt pung på jarnring festa til trestong. Pungen har ytterstoff av vinraudt lerret (?) og fôr av grovt linlerret. Saumane dekte av skråband. Nedst er festa ein dusk av filler av ulike blomemønstra bomullsstoff. Tjåtta på ringen banka flat og lagd om treet som beslag. Rund massing dombjølle festa i ring i beslaget. Svartlassert trestong med profilert handtak. Stong 113 cm. Frå 1983 har offeret vorte samla inn i ei treskål dreia av Leif Hjelland, måla av Berit Opdal etter teikning av Lars Reiso.

Blomstervasar

To blomsterbeger i sølv, nye. Traktforma. På den eine inngravert: Til Uggdal kyrkje frå Gunda og Ole Vaage. På den andre: Helsing til Uggdal kyrkje i høve 100-års jubileet. Tysnes kommune. Stpl. DA, 830S. H. 20,5 cm. To blomstervasar, sølv. Traktforma korpus med rund, flat fot. Innskrift "Uggdal kyrkja 1953". Stpl. 830 S, h. 22,5 cm. Blomstervase, hamra sølv. Urneforma med dreven rankedekor. Stpl. 830 S *. H. 27 cm. Gåve frå Halkjel Nilsen 1971.

Diverse

I altaret ligg ein kårde med restar av stoff knytt rundt handtaket.

Kyrkjeskip. "Brødrene", modell av nordlandsjakt, 1968. Gjeven av Lars Hendrik Tveit.

Kyrkjegard og gravminne

Utanom Uggdal kyrkjegard ved kyrkja, er det to kyrkjegardar som er i bruk i soknet; Amland og Flatråker. I tillegg finst ein kolerakyrkjegard, Jensvoll, oml. ein km frå kyrkja.

a) Uggdal kyrkjegard ligg sør for kyrkja i skråninga ned mot dalbotnen. Sørveggen i kyrkja ligg omlag 20 m innfrå kanten på ein terrasse. Terrassekanten går nordaust-sørvest parallelt med den gamle kyrkjegardsmuren som ligg i bakken nedafor. I søraust har denne muren eit rettvinkla hjørne, så følgjer muren bakken oppetter og går inn mot koret i den noverande kyrkja. Muren markerer tydlegvis avgrensinga av den gamle kyrkjegarden. Sør for muren er kyrkjegarden utvida i to steg markert av to ulike nivå.

Ved det søraustre hjørnet på den gamle kyrkjegarden er det to støypejarns gravplater over Nils Gjæver Stub (1819-1904) og Clara Margarettes(?) Wilhilmine Stub f. Hyld(?) f. 1810, død 1907. Elles ei rekke (17) gravminne av støypejarn frå perioden 1900-1920. Karmar med nygotisk gjennombroten dekor. Gravplate i vest over Niels Mich. Hyld, f. 1803, død 1896.

b) Flatråker eller Fredly kyrkjegard vart teken i bruk i 1922. Kyrkjegarden ligg ved Flatråkervarnet på sørvestsida av Tysnes.

c) Amland eller Fagerbakken kyrkjegard vart teken i bruk i 1930. Kyrkjegarden ligg vendt mot Langenuen på vestsida av Tysnes. Han er omgjeven av nytt tregjerde med tilgang ved båre- og reiskapshus. Huset har kvadratisk grunnplan, ei høgd med fløydør. Taket er pyramideforma med svai og tekt med lappskifer. Sentralt over taket ein åttekanta takryttar som er lagt opp i raftehøgd og er dekt med åttekanta platetekt hjelm avslutta med kross. Klokke, diam.: 38,2 cm, h.: 35 cm.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Munnleg informant: L. Reiso.
  2. Mykland, L.L., Guds hus under hammeren. Ms. Bergen 1976.
  3. Bergen Museum (BM). Kartotekkort.
  4. Riksantikvarens antikvariske arkiv (RAA). Wilson, T., Restaureringsrapport.
  5. Dahl, I., Brev.
  6. Statsarkivet, Bergen (SAB). Stiftamtmannsarkivet, Boks 1733, 1734 og 1735, Kyrkjerekneskap.
  7. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1718, Stiftsskrivarrekneskapen.
  8. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1719,3 Synfaring 1721, Sunnhordland.
  9. Bispearkivet, Avd. IV, Visitasberetninger 1816-1850.
  10. Prostearkiva, Sunnhordland prosti, Bisigtigelsesprotokoll nr. 1, 1828-1881.
  11. Prostearkiva, Sunnhordland prosti, Journalsaker, Pk. 24, kirkevesen 1753-1847.
  12. Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 129.
  13. Prestearkiva, Tysnes Sokneprestembete, Nr. 18, Kallsbok 1828-1939.
  14. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Ulike rekneskapar, 1602-1815. A.d. Bergens Stift, 1659-1668, Synfaring 1661-1665, Sunnhordland.
  15. Rentekammeret, Rekneskapar, Kyrkjene, Pk. 46, Bergen Stift, 1659-1668.
  16. Rentekammeret, Real. ordn. avd., Kirker og Kirkegods, Pk. 3.
Trykte kjelder
  1. Regesta Norvegica, II, 507 og V, 283.
  2. FNMB, Årbok, 1866, s. 69 f., 1868, s. 155, 1876, s. 192, 1876, s. 59 f.
  3. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-1913.
  4. Heggland, J., Tysnes, det gamle Nardarlog, I og II, Bergen 1964.
  5. Engelstad, E.S., Senmiddelalderens Kunst i Norge ca. 1400-1535, Oslo 1936.
  6. Engelstad, H., Messeklær og alterskrud. Oslo 1941.
  7. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)