Tyssedal kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Tyssedal kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneOdda kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.117207,6.562081
FellesrådOdda kirkelige fellesråd
Kirke-id122800401
Soknekatalognr04030701
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen

Anne Marta Hoff

Tyssedal kyrkje ligg i Tyssedal på austsida av Sørfjorden i Hardanger, 6 km frå kommunesenteret Odda i enden av fjordarmen. Arkitekt Axel Fronth, Fredrikstad fekk oppdraget med kyrkja i Tyssedal og ei gruppe samansett av kunstnar Grethe Lein Lange, liturgihistorikar Helge Fæhn og organist Søren Gangfløt var konsulentar for bygget.[1] Formann for byggjenemnda var Øivind Svendsen.[2] Grunnstein vart nedlagd 29. februar 1964. Kyrkja vart vigsla 4. april 1965 av biskop Per Juvkam, og rommar om lag 250 menneske. I skriftet som vart utgjeve i samband med vigslinga, går det fram at dei nye teologiske tankane i tida fekk konsekvensar for kyrkjebygget, mellom anna ved forma på altaret og plasseringa av døypefonten.[3]

Innhold

Bygningen

Kyrkja er ei såkalla naustkyrkje med høgt, spist saltak over kyrkjerom, inngangsparti, sakristi og møterom og med fullt utbygd kjellar med garderobe, møterom, kjøkken og meir. Kyrkja er tilnærma orientert med inngangen i sør og altaret i nord. Langveggene i kyrkjerommet er låge med vindaugsfelt i overkant. Nord i rommet er det gavl i full høgde som avsluttar saltaket og skil kyrkjerommet frå inngangsparti i nord for kjellaren og sakristi og møterom. Kyrkja er inndelt i fag, og det søndre faget utgjer overdekking over hovudinngangen og over klokkene som heng i sørgavlen. Det andre og tredje faget dekkar galleriet, som har vegg under fronten. Under galleriet er det våpenhus, garderobe og siderom. Dei neste sju faga dekkar kyrkjerommet. Nordre delen av bygningen utgjer to fag under flatt tak.

Murar

Veggene i kyrkja er mura opp i armert betong, og i dei fleste synlege veggflater er murkjernen kledd med raud teglstein og kvitmåla. Veggen mellom våpenhus og møterom på vestsida har ståande glasflater. Gavlveggen mot sør er av glas. Gavlveggene, veggen under galleriet, nordgavlen og langveggene er understøtta med vegger i kjellaretasjen

Dører

Hovudinngangen er gjennom fløydør sentralt i sørgavlen til våpenhuset og vidare gjennom tilsvarande fløydør inn til kyrkjerommet. I underetasjen i gavlen i nord er det ei sentral fløydør med inngang til kjellaretasjen og med trapper opp til kontor og møterom nord for kyrkjerommet. Fløydørene har vertikale bord utvendes og innvendes, mellom borda er det spalter, fire i kvart dørblad, fylte med glas. Elles har kyrkja enkle, finerte dører. Det er gjennomgangar ytst på begge sider av gavlveggen bak altaret. Her er det sett inn framskotne hjørne med dører til sideskipa og til altarområdet frå sakristi og møterom.

Korskiljet

Altarområdet er markert som ein eigen del av kyrkjerommet ved at det er montert ti kantstilte lamellar eller bord på kvar side i det nordre faget. Desse fungerer som skilje mot sideskipa. I nordre sideskip står orgelet. Ved gavlmuren nord for dette faget er det lysinnslepp i full høgde i takflata på begge sider. Dette er også med på å markera altarområdet (sjå under Vindauge).

Vindauge

Kyrkjerommet har seks vindauge i kvar av langveggene, kvart med seks ståande rektangulære ruter av isolerglas der eitt av dei kan opnast. Vindauga er skilde med vertikale bjelkar som står på veggmuren, og ber limtredragar i lengderetning. Over dragaren er det ei smal, horisontal rute i kvart fag. Ved gavlveggen i nord er det lysinnslepp over sideskipa i full høgde med elleve ruter på kvar side. (Innerrutene på vestsida er brende av sola.) Glasveggen i gallerihøgd i sørgavlen er inndelt med ein vertikal og ein horisontal bjelke som formar ein kross. I tillegg er det horisontale sprosser med jamne mellomrom og frå kvar av krossendane i tverrbjelken går det ned ei vertikal sprosse.

Golv og fundament

Fundamentet er støypt i betong og golva er også mura. Inngangspartiet og kyrkjerommet er lagt med kvadratiske skiferheller, medan siderom dels har vinylfliser, dels teppedekke.

Tak

Kyrkja har spist saltak frå inngangspartiet til altarområdet.. Nord for den nordre gavlen har kyrkja flatt tak. På kvar side av saltaket er det flate tak over sideskip i kyrkja. Taket er ein integrert del av bygningskonstruksjonen. Saltaket kviler i hovudsak på kraftige, spisse sperrefag av limtre. Ti slike sperrefag er synlege i bygningen. Sperrefaga går ned til golvet i kyrkjerommet. I kjellaretasjen er dei understøtta av armerte mur-kne , samanbundne på tvers med armerte murdragarar. Dei flate taka over sideskipa kviler på horisontale, tverrgåande tenger som i ytterkant er festa til ståande bjelkar mellom vindauga i langveggene. Her kviler dei på langsgåande tenger av limtre som også er festa til dei ståande bjelkane. Inne i rommet er dei tverrgåande tengene festa i sperrefaga med mutter og skrue og avslutta like innafor desse. I inngangspartiet og nord for altarrommet er tengene gjennomgåande på tvers av bygningen. Utvendes er taka tekte med lappheller (av eternitt?) med runda hjørne.

Himlingar

Himlingane i kyrkjerommet følgjer takkonstruksjonen der det i sideskipa er lagt plater mellom dei tverrgåande tengene og i midtskipet mellom sperrefaga. Andre rom i bygningen har også himlingar av plater.

Interiør

Altaret er sentralt plassert på eit podium framfor fondveggen i nord. Podiet har to steg til alle fire sider, og tre av sidene på øvste steg ber altarskranke. Døypefonten står på vestsida og preikestol/lesepult på austsida. Midtskipet i kyrkjerommet har to benkeparti som flankerer ein sentral midtgang. I sideskipa er det benker etter veggene. Orgelet er plassert i sideskipet vest for altaret, piano er også plassert her. Aust for preikestolen er det sett inn eit bord, truleg for klokkaren. I sørvestre hjørne har kyrkja eit harmonium. På galleriet i sør er det plassert lause stolar.

Fargar

Dragarar og sperrer er brunbeisa og står som kontrast til kvite vegg- og himlingsflater. Skiferen på golvet er lyst grå. I midtgangen ligg eit breitt, brunt midtgangsteppe. Også ved langveggene ligg det brune teppe. Altarpodiet er trekt med fiolett stoff. Møblane i kyrkjerommet er lyst trefarga.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme.

Inventar

Dei fleste sølvgjenstandane i kyrkja har eit eldre formspråk enn kyrkja sjølv. Dette har si forklaring ved at Tyssedal Kirkeforening alt før andre verdskrigen hadde samla inn midlar og kjøpt sølvutstyr til kyrkja frå Magnus Aase i 1940.[4]

Altar

Altaret står på eit podium med to steg til alle fire sider. Det har tidlegare stått heilt nord på øvste steg, men er no som forsøksordning flytta lengre sør for at liturgien skal kunna feirast versus populum. Altaret er eit bordaltar med form som ein bukk med to sidestilte limtreplater som bein og ei noko breiare plate som bordplate. Nede er beina trappa inn og trekte med eit 5 cm høgt massingband. Platene er 9,3 cm tjukke. Altaret er 185 cm breitt, 64 cm djupt og 85 cm høgt.

Kneleskammel

Kneleskammel av liknande konstruksjon som altaret med stoppa og skinntrekt knelepute.

Altartavle

Det står inga tavle på altaret, men ein biletvev utgjer blikkfang på fondveggen bak altaret. Motivet er trekanten og lysstrålar eller flammar opp frå denne. Fargane er raudlege med innslag av beige, brunt, blått og lyst grått. Signert G. L. (Grethe Lein Lange) nede i høgre hjørne. Ca 2 m2.

Altarring

Altarskranken har tre rette sider og er festa til øvre steg på altarpodiet. Handlista er eit kantstilt, kraftig bord av limtre som er boren av massingstenger med kvadratisk snitt og utvida base. Det er ei stang i kvart hjørne, ei mellomstang på kvar av sidene og tre i front.

Døypefont

Døypefont av prikkhamra granitt med kvadratisk snitt. Nede er fonten inntrappa og påsett eit massingband. I overkant er det eit djupt konisk hol der det i botnen er montert ei blå lyspære festa i betong. Høgde 91 cm, inntrappinga nede er 7cm, tverrsnitt 50x50 cm. Døypefonten var frå først av plassert i eit nedsenka felt i golvet som skulle symbolisera dåpsgrava,[5] men denne vart seinare heva til normalt golvnivå av praktiske grunnar.[6]

Preikestol

Preikestol av dels formpressa limtre. Sokkelen er kvadratisk og eitt steg høg. Ned mot golvet er han inntrappa og påsett massinglist. På framkanten er det montert eit brystvern som oppe er pressa framover og utgjer bokbrett. Brystvernet er sett saman av sidestolpar og mellomliggjande plate. På baksida av brystvernet er montert ei smal hylle og list som bokstøtte.

Benker

Kyrkja har lause trebenker utan vangar. Benkene har breie, formskorne seteplater og ryggbrett. Desse er festa til tre bukkar som skrår inn i nedkant. På baksida samlar to langsgåande bord bukkane, det øvste har botn mot ryggbrettet og fungerer som salmebokhylle, det nedste fungerer som fotbrett.

Galleri

Galleriet er ein integrert del av bygningskonstruksjonen. Det dekkar våpenhuset med siderom og skyt om lag ein meter fram frå veggen som i flog med fjerde sperrepar frå sør skil våpenhus og kyrkjerom. Oppgangen er via trapp i trapperom på austsida av våpenhuset. Fronten er ei tverrgåande, kantstilt limtreplate som er festa til tynne metallstenger i bakkant. Desse ber ei enkel handlist vel 20 cm over plata. Golvet på galleriet er avtrappa i fire steg der det øvste er størst. Det er kledd med grå vinylfliser.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk Altarduk av lin med 31 cm brei bord av hardangersaum på tre sider som vekselvis syner krossar og kroner, dei siste med INRI over. Brodert signatur: M.T. (Maria Tyssedalstveit) 1993.

Altarklede Under duken ligg ein grøn underduk. Under denne er bordplata kledd med eit tjukkare, syntetisk stoff.

Messehaklar

a) Messehakel, fiolett, med smal, rettsida form, avslutta nede med runda hjørne, begge sider like lange. 1965. Stoffet er ein krosskypert i lin med stripeeffekt i breidderetninga. På forsida er det brodert ein tornekrans rundt tre naglar i kvit lintrå med svart kontur, på ryggsida er det applikert ein y-kross av eit band med skillbragd i rutemønster med svart på kvit toskaftsbotn. Rundt kanten er brodert ei smal, kvit stripe med kvit lintråd. Fôret er av beige bommullskypert. Hakelen er samla på venstre skulder med tre hekter. Brodert lapp på fôret med innskrift: Til minne om Johanna og Nils Seim 1965. Merkt Den Norske Husflidsforening. Høgde 102 cm, breidde ved skuldrene 63 cm.

b) Messehakel, raud, med smal, rettsida form. 1960-talet. Stoffet er ein kypertdamask i silke eller viskose med krossar i ornamentale rammer, fôret er eit bleikgult toskaftsstoff (viskose?). På forsida er chi-rho brodert over strålande sol. Chi er gråkvit med svart kontur, rho, sol og strålar gullfarga med svart kontur. På ryggsida kross. Krossarmane er markerte med smalt gullband og utfylte med brodert rutenett. Krossmidten har sol med strålar der sigerslammet med fane og AGNUS DEI er brodert på applikert bleikgrønt slikestoff, omgitt av grå, grøn og gråkvit sirkel brodert med stilkesting. I sviklane mellom krossarmane er det også brodert ein gullfarga kontur og strålar. Hakelen er kanta med smalt gullband, brodert stripe i halsen. Festa på venstre skulder med tre hekter. Hakelen er merkt DNH (Den Norske Husflidsforening). Høgde 104 cm, breidde ved skuldrene 63 cm.

c) Messehakel, grøn, med avsmalnande form, runda nede. 1980-talet? Ullstoff i krosskypert med stripeeffekt i høgderetninga av ulike grønfargar. Som stolpe på forsida er vover inn eit usymmetrisk gult band. På ryggsida ein y-kross. Sentralt i krosstammen er ein mørkt gulgrøn stilk som endar over krossmidten i tre gule blad. Fôr av grøn toskafts bomull med stripeeffekt. Umerkt. Forsida er mest like lang som ryggsida. Samla på høgre skulder med sju hekter. Høgde 106 cm, breidde ved skuldrene 92 cm.

d) Messehakel, kvit, med avsmalnande form, runda nede. 1980-talet?. Forsida er mest like lang som ryggsida. Ullstoff i krosskypert. Fôr av gul-kvit toskafts viskose(?). Hovudstoffet har striper i kvitt og beige i lengderetninga. Som stolpe på forsida er det lagt inn ei smal gul-orange stripe i stoffet. Ryggsida har ein breiare stolp med gul-orange botn og ei sentral raud stripe som kryssa rein x i brysthøgde. Dette kan tolkast som eit kristogram i form av chi og jota. Hakelen er festa på venstre skulder med åtte hekter. Umerkt, truleg same produsent som den grøne messehakelen. Høgde 105 cm, breidde ved skuldrene 92 cm.

Messeskjorter og anna

To messeskjorter og samarie er oppbevart i kyrkja.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

To klokker frå Olsen og Neuen, truleg frå oppføringsåret. Klokkene, som heng i sørgavlen, er vanskeleg tilgjengelege.

Orgel og andre instrument

Orgelet har mekanisk overføring og følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Orgelet er umerkt. Fasaden og orgelet er forma slik at det glir inn i interiøret utan å virka dominerande. Det meste av instrumentet er plassert i sideskipet. Ei rekke med trepiper følgjer vinkelen til lamellane mellom dei to nordlege dragarane.

Piano, Jacob Knudsen, Bergen.

Harmonium, Lindholm.

Møblar

Brurestolar av eik med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr. Plate med innskrift på sargen: GÅVA TIL TYSSEDAL KYRKJE 4 – 4 – 65 FRÅ HELGA OG SIGURD ØISTESØ.

Offerutstyr

a) Skål av sølv. Vid, låg korpus med svakt opprunda botn og innsmalnande vegger mot forsterka kant. Korpus kviler på smal standkant. Stempel: D-A (David-Andersen), 830 S, skålvekt (meisterstempel) og 7217. Høgde 7 cm, diameter 22,5 cm.

b) Kollekthovar. To kollekthovar. Motstilte hankar og ring er forma ei eitt trestykke. Pose av mørk brunt skinn.

Blomstervasar

To blomstervasar av sølv med utbretta øvre kant, konisk korpus og utsvingafot i tre ledd. På korpus er ein latinsk kross omslynga av to blomegreiner, nedst på korpus to band med ornament. I overgangen til foten ein ring med drivne rankeblad. Stempel K. HESTENES, 830 S. Høgde 29,5 cm, diameter oppe 13,7 cm.

Diverse

Prosesjonskross av tre. Kross og fot kvitmåla, stanga er lyst trefarga.

Kyrkjegard

Tyssedal kyrkje er omgitt av eit parkliknande område på ein terrasse i terrenget som elles skrår ned mot vest. På begge langsider er det store tre. Området er ikkje innegjerda, med unntak av eit nettinggjerde på muren mot vegen på vestsida. Inngangsveg og parkering på sørsida. Det er ikkje sett ned graver ved kyrkja i Tyssedal. Dei døde vert gravlagde på gravstaden Berjaflot i Odda.

Kjelder

Trykt kjelde

Odda sokneråd, Odda kyrkje 100 år, ”Tyssedal kapellkyrkje”, s. 58-61, Odda 1970

Bilder


Fotnoter

  1. Odda kyrkje, s. 61. Det står her at fru Grete Leihn Larsen var med som konsulent. Dette må vera feilskrive for Grethe Lein Lange som også har laga teppet på fondveggen i kyrkja.
  2. Same staden
  3. Odda kyrkje 100 år, s. 59 ff.
  4. Odda kyrkje 100 år, s. 61
  5. Same staden
  6. DUMMYTEXT