Tysnes kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Tysnes kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneTysnes kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.040489,5.531162
FellesrådTysnes kyrkjelege fellesråd
Kirke-id122300101
Soknekatalognr04030501
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Tysnes kyrkje ligg idag eit stykke vest for tettstaden Våge på ein terrassert tomt i nordhellinga frå Grovarhaugen ned mot Svevågen på vestsida av Grovarelva. Ho vart med ein del endringar nyoppført her på garden Gjerstad i 1906 etter at ho tidlegare hadde stått på Tysneset frå ho var ny i 1868.

Den gamle kyrkjestaden var også på Tysneset, men låg lunare til inne i Likvikjo, der kyrkjegardsmurane står framleis.

Tømmerkyrkja frå 1685 stod på den gamle kyrkjegarden og dette har truleg vore kyrkjestad også i mellomalderen. Første gongen kyrkja på Tysnes er nemnd er i 1329 då ho er opprekna saman med "allum adrum små capellum" i samband med pavetiende (RN IV, nr. 719).

Den første kyrkja vi kjenner †

Dei skriftlege kjeldene gjer ikkje nærare greie for kyrkjene på Tysnes før i 1639-40. Då er kyrkja etter eit utdrag av kyrkjerekneskapen "gandsche brøstfeldig og dagligen forderffuis". Det dårlege vedlikhaldet kan dels skuldast at kyrkja på dette tidspunktet etter utdraget stod i gjeld, men tilstanden føreset óg at kyrkja har hatt ein viss alder. Det er likevel uråd å slå fast om det er kyrkja frå mellomalderen som er omtala. Ein ville venta å finna ei stavkyrkje før tømmerkyrkja frå 1600-talet, men det er ikkje noko i kjeldetilfanget som stadfester dette. Kyrkja vart ståande fram til den nye tømmerkyrkja vart bygd i 1685. I rekneskapen frå 1674 er det utgiftsført to opplengjer med boltar igjennom, noko som må tolkast slik at det i kyrkja eller i eit tilbygg har vore tømmervegger. Det er ingen opplysningar om svaler i denne kyrkja (slik Bendixen skriv).

Det går fram av rekneskapane at kyrkja hadde våpenhus, kortilbygg og tårn vest i skipet. Det har vore tre vindauge på sørsida i skipet og vindauge i koret, i 1660-åra er det laga nye luker framfor desse vindauga. Plasseringa av vindauge og dører elles i kyrkja er ikkje kjend.

Tårnet var firkanta med bordkledd tårnhals. Tidleg på 1660-talet vart det i samband med synfaring peikt på at tårnet var svekka på grunn av rote. Tårnkonstruksjonen vart så i 1662-64 "af fundamentit och til det øffuerste" bunde saman og festa med "BindingsWerch, hiørnebaand, Knæbaand (og) bielcher under Klocherne".

Vest i skipet, under tårnet, var det ein lem eller eit pulpitur "som Ungdommen staar paa" med ein brystning i "panilleverch". Rundt 1670 vart fire oppstandarar sette under pulpituret og det vart vølt med nye bord og to nye bjelkar.

Av inventar er nemnt ein skriftebenk som var ny i 1668-70, preikestol, døypefont, ei lykt, messeserk, lås og hengsler til altarskåpet og to nye låsar til kyrkjedørene (1680-81).

BM har ei klebersteinsskål frå ein døypefont frå ei av kyrkjene på Tysnes (MA 239). Skåla vart kjøpt på garden Våge, og kan ha høyrt til denne kyrkja. Ho er seksblada med smale, spisse ribber mellom blada og fals langs kanten, 40 cm høg og 59 cm vid.

Rotne sviller vart utskifte og kyrkja vart støtta opp, men reparasjonane ved kyrkja i 1660- og 70-åra kunne ikkje redda bygningen. I 1683 er det innført i rekneskapane at kyrkja ikkje lenger kan dekka dei faste avgifter og utgifter "effterdj den staar til nedfald, och er beordret at schall opbygges af ny".

Kyrkja frå 1685†

Den nye kyrkja vart oppført av kyrkjebyggarane Erik Fyllingsnes frå Lindås og Oluf Bysemb frå Osterøy. Tømmeret til kyrkja vart tinga frå garden Dalen på Tysnes, medan borda vart kjøpte i Skånevik og fløtte til kyrkja. Etter kontrakt vart kostnadene til den nye kyrkja dels utgreidde av kyrkja sjølv, dels av stiftsskrivaren (mellom anna arbeidet med oppføringa av kyrkja, 11 tylter bord og noko jarn) og dels av den dåverande soknepresten, Hans Abel (mellom anna pannetaket med panner, lekter og spikar).

Bygningen

Kyrkja var ei bordkledd tømmerkyrkje der skipet var 20 alner langt, 16 alner breidt og 14 alner under raftet. Koret var 11 alner langt og like breidt og høgt. Kyrkja var truleg orientert på vanleg måte med koret i aust. Våpenhuset var i 1721 10 alner langt og 6 alner breidt. Kyrkja hadde eit firkanta, bordkledd tårn i vest.

Veggene. Veggene i skipet og koret var lafta opp av tømmer. Sørsida av kyrkja og "halfdelen af begge brøstene" vart bordkledd då kyrkja var ny, nordsida i 1693-95, med kjøpmannsbord feste til opplengjer. Våpenhuset var også kledd med kjøpmannsbord. Utvendes var veggene tjørebredde. I samband med tjørebreing i 1825 heiter det at tjøra skal iblandast brunraudt "for at have Udseende af Maling".

Dører. Kyrkja hadde dør inn til våpenhuset og hovuddør mellom våpenhuset og kyrkja. I tillegg vart det i 1696-98 betalt ein riksdalar for "En dør i Chorit at indhugge och giøre af ny med Spiger och Arbeide". I 1702-04 fekk kyrkjedøra ny lås og dei andre låsane vart vølte. I 1824 vart dørene omhengsla slik at dei gjekk utover.

Vindauge. I bygningsperioden er det bokført utgifter til vindaugspostar, karmar og rammer. På sørsida av skipet kan det ha vore tre vindauge ettersom det der er laga tre vindaugsluker. I koret har ein truleg nytta oppatt glasa frå den tidlegare kyrkja. Det er gjeve vel 4 Rdr "For vinduerne i Choret udj Nyt bly at indsette, og med glas at forbedre. Item ny Jernbeslag". I perioden etter, 1696-98, er det laga ei luke med lukeband i austre bryst og vindauga i koret er vølte. Seinare er det fleire reparasjonar både på vindauge og luker, i 1720-22 er vindagslukene rundt omkring kyrkja sette istand etter at dei var øydelagde i ein storm. Bispevisitasmeldinga frå 1838 peikar på at det bør lagast ei rute over døra i våpenhuset for å få lys når "Præsten har Barselkoner at indlade, hvorefter da Kirkens saavel indre som ydre Dør kan lukkes".

Tak. Kyrkja fekk tak av tjørebredde bord då ho var ny. Våpenhuset hadde enkel takkonstruksjon med sperrer og hanebjelkar, medan kyrkja elles hadde oversperrer, undersperrer (saksesperrer) og hanebjelkar. Rundt 1700 vart kyrkja tekt med panner feste med spikar til lekter på det gamle taket. Til pannetaket vart det kjøpt 5000 panner frå Bergen medan 400 vart henta frå Uggdal. Ved synfaring i 1721 heiter det at kyrkja er "over alt Pandetægt".

Tårn. Vesttårnet var eit firkanta tårn av bindingsverk med bordkledd tårnhals. Forma på tårnhetta kjenner vi ikkje. Tårnstavane sto på fire tårnsolar eller sviller som kvar var åtte alner lange og ei alen brei og som utgjorde grunnramma for tårnet. Utvendes var tårnet tjørebredd som resten av kyrkja.

Våpenhus. Våpenhuset var truleg oppbygd som ein bordkledd reisverkskonstruksjon. Alt i 1702-04 er våpenhuset oppattnya. Det er då "Oppbygt et lidet nyt Waabenhuus for Thor(n)et af 2 1/2 tylt Kiøbmandsbord" og anna trefang. Etter synfaringsmeldinga frå 1721 var det nye våpenhuset ti alner langt og seks alner breitt.

Himling. Det vart laga loft i kyrkja då ho var ny.

Golv. Bokførde utgifter til reparasjonar av golvet i 1711-16 viser at kyrkja har hatt eit vanleg golv av bord på tilåsar eller golvåsar. Delar av materialen til golvet i kyrkja kan ha vore frå den tidlegare kyrkja.

Tilbygg. I samband med denne kyrkja er kyrkjesval nemnd to gonger; i 1717-19 er golvet i svalen vølt og i 1720-22 har ein "Forbædret KircheSvalen med 6 Nye Bord". Svalen kan har vore på nordsida av kyrkja.

Interiør

Ved synfaringa i 1686 var interiøret i kyrkja enno ikkje ferdig. Stolestader var ikkje oppbygde og dei som var i den gamle kyrkja vart for ein del nytta oppatt. Galleri og dåpshus i vest vart derimot etter synfaringa bygde opp av nye materialar. Kjeldene fortel ikkje noko om plassering av preikestolen og andre inventarstykkje.

Kyrkja var i 1721 "Invendig mahlet". I 1847 er det innført i synfaringsprotokollen til prosten at loftet og det innvendige av kyrkja skal overstrykast med ein farge. Arbeidet vart utført i 1851.

Inventar

Altartavle på BM (NK 15). Katekismetavle i konservativ mellomaldersk form med predella, midtfelt med kløverbladforma toppstykke og to sidefelt. Eit eldre krusifiks er festa til toppstykket og øvre del av midtfeltet. Dei opphavlege tekstane på tavla er dekte av sekundær måling.

Predellaen har tre skriftfelt i rammer, utsvinga sidestykke og topplist over tannsnitt. Midtfelt og sidefelt har rammer av profilerte lister med to mellomliggande tannsnittlister. Karmane er profilerte. Toppstykket har kløverbladsbogeforma karm i tre delar med tannsnittbord mellom karm og felt. Hjørna i kløverforma er utvendes tilsett spissar.

Skriftfelta på predellaen er dekte med svart, marmorert måling. Dei opphavelege underliggande tekstane er vanskelege å lesa. Midtfeltet har truvedkjenninga (Bendixen), predellaen har hatt ei latinsk innskrift. Bendixen les innskrifta slik (ufullstendig): LÆTOR QUUM MIHI - UT EAM AD DOMUM DMI - ÆDI-FICATA EST UT SIT CI - SI - COSOCIATUR HOIES (HOMINES) - DEO CHRIST UT.

Midtfelt, sidefelt og toppstykke. Fargane på listverk og rammer er svart, raudt, grønt og gull. Sidefelta har sekundære måleri av Hans Abel. I venstre felt framstilling av Jesu dåp. Innskrift: "Denne er min Elshelig Søn Som er mig VelBehagelig. Hannem shulle I Høre. Magr. Hans Matthiesen Abel. Renovatum 1718". Høgre felt har ei framstilling av himmelfarten og innskrift: "Og det shede der hand Velsignede dem shiltis Hand fra dem og For ob i Himmelen. Clara Peders Datter Henning" (gift med Hans Abel). Måleriet i midtfeltet kan vera eldre. Nedre del viser nattverden, medan øvre del har framstilling av Maria og Johannes som flankerer nedre del av krusifikset, alt på svart grunn.

Midtfelt og sidefelt er 128 cm høge, midtfeltet er like breidt som dei to sidefelta tilsaman, 105 cm. Toppstykket heng saman med midtfeltet. Det er 46 cm høgt og like breidt som midtfeltet. Predellaen er 27 cm høg og 201 cm brei i overkant og 28cm djup.

Krusifikset. Kristus er framstilt død med hovudet bøygd til høgre side, lett skrånande armar og krosslagde bein. Lys karnasjonsfarge, brunt hår og skjegg, gylt lendeklede og tornekrune. Figuren er festa til ein enkel svartmåla trekross. I krysset tallerkforma plate med krossglorie, over denne ei metallplate med årstalet 154(3el.7?). Krusifikset er 86 cm høgt og 67 cm breidt.

Tavla er nemnd i ei inventarliste frå 1717-19 som eit inventarstykke som er kome i tillegg til det gamle inventaret: "Desligeste Altertafle staferet og forærit af Sougne-præsten til Kirken". Enten er dette den tidlegare tavla som er måla og omgjort av Hans Abel, eller han har kjøpt ei eldre tavle, måla denne og gjeve ho til kyrkjelyden.

Altarring. Det vart "Giort et nyt Tralverch om alterfoden" i 1705-07. I 1823 vart det i samband med bispevisitas peikt på at altarringen ikkje var stoppa og trekt, han vart trekt med stoff i 1826.

Preikestol. Preikestolen er berre nemnd i 1708-10 i samband med at det er "Giort lister Rundt om Predichestoelen".

Benker. Som nemnt vart stolestadene frå den tidlegare kyrkja passa inn i den nye. I synfaringa frå 1686 heiter det såleis: "Indvortis Vil alle stolene iginn opbyggis befestis och forbedris til fornødenhed, huortill de af Almuen som Stolstæderne Udvisis bør hjelpe till effter een huers gode Villie och formue".

Då dåpen i 1838 vart flytta fram i koret, vart dåpshuset ominnreidd med sitjeplassar. I våpenhuset har det vore to benker. I 1840 vart det peikt på at det mangla benker på lemmen.

Dåpshus. Dåpshus (”font”) skulle etter synfaringa i 1686 saman med vestgalleriet "giøris af ny med Snedcherverch och Dreyede piller". Dåpshuset har vore plassert under galleriet med dør mot midtgangen.

Galleri. Det vart oppført pulpitur eller galleri i vest då kyrkja var ny.

Rituelle kar. "j Kalch og Disch af Sølf forgylt"†, først nemnde i inventarliste 1687-89, desse er vølte i 1708-10 og vekta er i 1711-13 oppgjeven å vera 14 lod. I 1714-16 er "En Ny forgylt Sølf Kalch og Disk af Sognepresten forærit"†. Desse vog 27 lod og 3 ørchen og vart gjevne av Hans Abel samstundes med at han gav altartavla. Kalken vart utvida i 1828.

Då kyrkja var ny vart det kjøpt eit nytt messingbekken† til fonten, i 1841 er det skaffa nytt dåpsfat i tinn (sjå nedafor).

Parament. Altarduk. Hans Abel gav ein ny altarduk til kyrkja i 1695. I rekneskapen for 1708-10 står ein ny altarduk med kniplingar omkring oppført i lista over inventaret. Altarklede. I den første inventarlista frå kyrkja si oppføringstid er det opplyst at det finst "j grønt Raschis Alterklæde". Eit nytt raudt "Tedevars Alterklede med brede Gramaner om" vart gjeve til kyrkja i 1709 av futen, Sr. Olle Larsen. I 1817 er det meldt i samband med prostens visitas at det "røde Under-Dække .. er af Tids-Ælde meget bedærvedt". Eit nytt altarklede er innkjøpt i 1846. Messehakel. I 1687-89 hadde kyrkja ein gamal raud fløyels messehakel. Hans Abel gav kyrkja ein ny i 1717-19, denne var i raud fløyel med brodert krusifiks. Ny messekåpe "med Tilbehør" vart kjøpt i 1846. Messeskjorte. I det tidsrommet ein har rekneskapar for kyrkja, har ho hatt ei messeskjorte. I 1835 vart det peikt på at messeskjorta var dårleg og i 1846 vart det kjøpt ei ny.

Lysstell. I 1687-89 hadde kyrkja to gamle lysestakar i kopar. Desse vart vølte i 1708-10 og er også nemnde i seinare inventarlister.

Klokker. Etter inventarlista frå 1687-89 hadde kyrkja ei klokke (sjå nedafor) og i tillegg ei som var bresta. Denne var hjå stiftsskrivaren, Herman Garmann.

Kyrkjegard og gravminne

Tysnes kyrkjegard i Likvikjo er omgjeven av mur av naturstein med nettinggjerde. Kyrkjegarden vart utvida fem-seks meter mot sør i 1874. Då vart åpninga i muren flytta frå sjøsida i vest til sørsida mot prestegarden og smeden i Gjerstadneset laga ny smijarnsport.

I 1890 var det planlagt ei omfattande utviding av kyrkjegarden, men av omsyn til ein brønn med eit mura platå mellom kyrkjegarden og prestegarden, vart denne ikkje gjennomført. I staden vart det oppretta to hjelpekyrkjegardar, ein i Humlevik og ein på Hope på Rekstern, den siste er ikkje i bruk. Tiendebu med tak av never og torv var plassert nær brønnen. Telthuset sto der båtane la til, medan borgstova var på prestegarden. Sjøvegen gjekk over Timestokkhaugen der gapestokken sto.

På kyrkjegarden er det ei gravplate av jarn med innskrift: "Hans Gerhard Stub, Født 6te August 1776, var prest i Søgne, hommedal, I(nd)vigen, Kvæfjord, fuse - døde som sogneprest til Tysnes 1ste desbr. 1843 efter at have arbeidet i kirkens tjeneste 37 aar". Nokre eldre gravsteinar, dels lagde opp til muren på nordsida, dels lagde som steinar i muren. Gravmæle over lensmennene Brynhild Utne og Johannes Tvedt. Restar av solkross i skifrig stein. I muren ei større plate som har vore gravstein over sokneprest Schiørtz (omkr. 1805).

Kyrkja frå 1868

I brev til prosten skreiv sokneprest Lampe i 1866: "...den nye kirke er foreslaaet bygget noget nedenfor den gamle paa fast klippegrunn, og maa Stedet anses meget bekvemt. Den vil kunne sees langt ude i Bjørnefjorden".

Arkitekt Schiertz utarbeidde teikningar til den nye kyrkja, men desse vart nekta kongeleg approbasjon og stadskonduktør Grosch vart beden om å laga nye teikningar. Dette sa han seg òg viljug til, men laut på grunn av sjukdom overlata oppdraget til stadskonduktør G.Bull. Bull sine teikningar på seks blad låg føre i juli 1865 og vart med nokre endringar på to blad lagde til grunn for den nye kyrkja på Tysneset. (Approberte 9.5.1866.) Grunnstein vart nedlagd 3.juli 1867 og kyrkja vart oppført under leiing av byggmeister Askild Åse frå Alversund og vigsla 4.september 1868.

Kyrkja var orientert på vanleg måte med inngangen i vest og koret i aust. I vest hadde kyrkja våpenhus med saltak, over dette eit smalare, firkanta tårn i to høgder stilt inntil vestsida av kyrkjegavlen. Tårnet var avdekka med tverrstilt saltak som bar ein smal åttekanta takryttar med åttekanta hjelm. Sakristi og rom for dåpsborn hadde tverrstilte saltak.

Kyrkja låg nok "bekvemt" til for presten som budde på Tysneset, men for andre vart det tungvint å ro til kyrkje medan ein elles fekk gode bygdevegar. Vær og vind tok desutan hardt på kyrkja som seig skeiv og laut støttast opp med tre støtter. I 1898 vart ho oppskrudd. Spørsmålet om å flytta kyrkja til ein meir sentral stad kom opp for alvor rundt århundreskiftet, og i 1902 vart det vedteke i soknestyret å flytta kyrkja til Gjerstad.

Kyrkjeteikningane som var nødvendige for å få oppføringsløyve fanst ikkje lengre, og nye teikningar vart utførte av arkitekt H.S. Echoff. Kyrkja som rommar 300 personar i skipet og 84 på galleriet vart oppført under leiing av byggmeister Torjus Tengesdal og vart vigsla 27.september 1906. Etter ei omfattande restaurering vart kyrkja vigsla på nytt 4.okt.1977.

Den gamle grunnmuren står framleis på Tysneset.

Bygningen

Kyrkja er ei treskipa langkyrkje av tre. Skipet med rektangelforma grunnplan og det smalare, rett avslutta koret som åpnar seg i full breidde mot skipet, har separate saltak. Nord for koret er det rom for dåpsborn, sør for koret sakristi. Sideveggene i desse tilbygga går noko utafor sideveggene i skipet. Inntil vestgavlen i skipet har kyrkja eit firkanta tårn i bindingsverk som rommar våpenhus i første høgda og har tilbygde trapperom med pulttak på kvar side. Heile kyrkja kviler på ein pussa grunnmur av naturstein. Kyrkja er kvitmåla, taka er tekte med skifer.

Vegger

Kor og skip er lafta opp i plank, medan rom for dåpsborn og sakristi på nord- og sørsida av koret er i bindingsverk med pulttak. Innvendes i kor og skip står tømmerveggene berre. Utvendes er alle veggene kledde med liggjande staffpanel som vert avslutta nede med vatnbord over grunnmuren. Langveggene i skipet er avstiva med opplengjer som deler kvar vegg i seks felt, dei fire i midten med vindauge. Langveggene i koret har kvar to opplengjer som går halvveges ned på veggene og deler dei opp i tre felt med vindauge i det austlege feltet. Skipet har fem par stolpar som korresponderer med opplengjene i langveggene og med sperrefaga i takkonstruksjonen.

Dører

Vest i tårnfoten og mellom våpenhuset og skipet har kyrkja tofløya fyllingsdører. Inngangsdøra har overlys med fire ruter i trerammer i gavlform.

Dørene elles i kyrkja er også fyllingsdører, nokre av dei laga som kopiar av dei gamle i samband med restaureringa. Det er dører mellom tårnfoten og trappehusa og frå trappehusa ut mot vest. I gallerihøgd er det dører mellom trappehus og tårnfot og mellom tårnfot og orgelgalleri. I dei vestre veggfelta i koret er det dører til sideromma som har utgangsdører mot aust.

Korskilje

Koret ligg to steg høgre enn skipet. Koråpninga har fire stolpar, to ved hjørna og to som flankerer den breie midtåpninga. Sidefelta har låge brystningar. Dei tre opningane i korskiljet er spissboga, midtfeltet høgre og flatare enn sidefelta.

Vindauge

Dei fleste vindauga i kyrkja er høge og smale med trekantavdekking. Dei er oppdelte ved hjelp av to vertikale postar og med fem horisontale tresprosser. Øvst er midtfeltet oppdelt ved X-form og sidefelta ved skrå sprosser. Det er fire slike vindauge på kvar av langveggene i skipet, eitt på langveggene i koret, eitt på sideveggene i trappehusa og eitt over inngangsdøra i vest. I klokkehuset er det mindre, nærast kvadratiske vindauge med 2x2 ruter, dei øvre rutene med gavlform. Sideveggene i rommet for dåpsborn og sakristiet har firkanta vindauge med 3x3 ruter. Vindauga vart endra noko ved flyttinga frå Tysneset. Før restaureringa i 1977 hadde kyrkja sterkt farga glas. Dette vart bytt ut med klart glas.

Tak

Skipet har fem sperrefag i tillegg til gavlane som berre har enkle sperrer. Faga har sperrer, saksesperrer, hanebjelke og hengebjelke mellom saks og hanebjelke. Sperrene kviler på opplengjene i langveggene, hanebjelkane er understødde av stolpepara i skipet. Saksesperrene går ikkje saman med sperrene i nedkant, men er lagde inn i stolpane eit stykke under hanebjelkane og går opp til sperrene. Frå opplengjene inn til stolpane er det i raftehøgd lagt inn vannrette bjelkar, sameleis mellom stolpane i lengderetning. Alle desse er underbygde med skråstøtter til opplengjer og stolpar. Bordtak med over- og underliggjande bord i fallretning kviler på åsar som er kamma ned på sperrene og virkar avstivande i lengderetning.

Koret har i tillegg til gavlane to sperrefag som korresponderer med opplengjer som går halvveges ned på langveggene. Faga har sperrer og hanebjelke med hengebjelke. Frå sperrene rett under hanebjelken går det skråstøtter til midt på opplengjene. I raftehøgd er det lagt vannrette stikkbjelkar mellom opplengjene og skråstøttene. Taka på kyrkja er tekte med skifer.

Himling

Sideskipa har flat, staffpanelt himling over tverrbjelkane. Himlinga i midtskipet følgjer stolpepara og saksesperra slik at hengebjelkane, hanebjelkane og ein del av stolpane og saksesperrene er synlege frå skipet. På oppsida er himlinga isolert.

I koret er det open takkonstruksjon. Taket er innvendes panelt.

Tårn

Det firkanta tårnet er ein bindingsverkskonstruksjon i tre høgder kledd utvendes som kyrkja elles. Det er dekt med innskorne spisse arkar på kvar side og inntrekt åttekanta hjelm avslutta med kule og kross. Tårnhetta er tekt med skifer.

Golv

Kyrkja har lakka furugolv. Golvet i koret ligg to steg høgre enn i skipet.

Interiør

Flyttberr døypefont på nordsida i koret. Preikestol på sørvestsida av koråpninga. Klokkarbenk i det nordvestre hjørnet av koret. Galleri med orgel i vest.

Fargar

Då kyrkja stod på Tysneset var, etter Bendixen, veggene lys gule, tverrbjelkar og hanebjelkar brunlege, "skibets tag, aaben tagstol med forskalling, og korets flade loft ... begge hvidmalte. Ligesaa frontgalleriet". Stolestadene var gule.

Ved restaureringa i 1977 fekk interiøret dei fargane det har idag etter forslag frå Johannes Røyrvik. Med unntak av at veggene som var "eplegrøne" no står umåla, avluta, byggjer fargevalet på situasjonen i den nyoppførde kyrkja frå 1906 der konstruktive ledd som opplengjer, stolpar og det som er synleg av takkonstruksjonen, er måla i ein noko gulare lét enn treverket med mørkare avfasingar, veggene har fått lys grønblå rammer med mørkare grøn kontur. Golv og benkjer er umåla, medan benkevangane er laserte. Knea under sideskipshimlingane er lyst grøne med blågrønt sjablongmotiv. Feltet over koråpninga har opphaveleg dekorativ rankeornamentikk i gulbrune tonar. I toppfeltet i austgavlen er liknande rankar måla av Røyrvik. Himlingar, vindaugskarmar og rammer er gråkvite. Dører, døypefont, preikestol, galleribrystning og orgel er haldne i ein kraftigare fargeskala med bruk av raudbrunt, grønt, blå marmorering og noko gull. Ein varm grønfarge som samsvarar med eiketremålinga på altar og altaroppsats er nytta i den breie løparen i midtgangen.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Kasseforma, eikemønstra grønlasert altar. H. 128 cm, l. 196 cm, dj. 85 cm.

Altartavle

Gotiserande oppsats med midtfelt og to sidefelt, avgrensa ved liséner som går opp i høge fialar. Måleriet i midtfeltet er signert J.L. Losting 1868. Sidefelta lansettforma med konsollar til stakar, midtfeltet breiare og høgre med eselryggforma avdekking utfylt med gitterverk av vinrankar og druer og toppa av ein kross. Oppsatsen har grøn eiketresmåling og gull. Det klassiserande måleriet i midtfeltet framstiller Kristus consolator. Kristus står på på podium i rundboga portal med bylandskap og lys himmel som bakgrunn. På det rutete golvet framfor Kristus fleire personar i ulike stillingar. Ved sidan av ulike nyansar av brunt og brungrønt, er hovudfargane raudt og blått. Kristus har strekglorie, raud kjortel, blå kappe med kvitt fôr. Under måleriet i midtfeltet innskrift i gotisk fraktur, Matt.11,28.

Altarring

Rund med opning i ringen ved sørsida av altaret. Dreia balustrar måla i lys grågrønt. Brunmåla handlist. Knefall stoppa og trekt med lyst skinn (1977). Etter planteikning hjå Bendixen har kyrkja tidlegare hatt åttekanta altarring. Kneleskammel med grøn eiketresmåling, trekt med lyst skinn.

Døypefont

Døypefont i tre, åttesida kalkform med rikt profilert kum og fot, smalare rett skaft med midtlist. Kummen har plate for dåpsfat.

Preikestol

Åttekanta med seks fag i ramverk med to små fyllingar i kvart fag. Avskrånande botn som kviler på åttekanta skaft med ein noko breiare fot. Oppgang frå koret gjennom det sørlege sidefeltet i koropninga.

Benker

Benker med utsvinga vangar med vimpergforma toppstykke og rygg med liggjande fyllingar. Fargar: Vangane er brunlaserte med raude avfasingar, benkene ellesumåla. Tre veggfaste benker i koret. Brystning framfor to stolar i nordvestre hjørne i koret. På galleriet benker som i skipet.

Galleri

Vestgalleri med framspring over midtgangen. Galleribjelken er lagd inn i langveggene og boren av to frie stolpar som flankerer midtgangen. Frå stolpane går det skråstøtter til begge sider under galleribjelken og mot aust under framspringet. Brystninga har enkle spegelfyllingar, over midtgangen med gavl.

Orgel

Olsen & Jørgensen 1906. Orgelet har ti stemmer fordelte på to manualar og pedal. Mekanisk overføring. (Kolnes 1993, s. 350.) Prospektet er bygd opp som ein kopi av altaroppsatsen med same inndelinga i tre spissboga felt skilde frå kvarandre med fialar og med kross over midtfeltet. Spelepulten sentralt plassert mot altaret.

Rituelle kar

Kalk og disk kjøpte til den nye kyrkja på Tysneset i 1868. Sølv. Kalken har djup, skrånande kupa med profilert kant med nebb. Rundt skaft med balusterforma nodus under kupa. Rund fot med vulst. Stpl. på kalk og disk: 68, 7 kuler (Bergen), 13 1/3, HN, 7. H. kalk 32 cm. Disk, diam. 14,5 cm, kant 2 cm. Særkalkar. 45 stk, sølv. Stpl. (?), N, 393. Innvendes gylte. Inngravert latinsk kross på kupa.

Oblatøskje. Fajanse B&G. Rund, diam. 14, høgde 6 cm. Svart med gullkross på loket og gull-list oppe og nede. Høyrer saman med to kanner med lok som ikkje er i bruk.

Dåpsfat. Tinn. Truleg kjøpt til kyrkja i 1841. Enkel profil langs kanten. Hol i randa for oppheng. Dobbelt stpl. BG: (Bernt Grønning) 1787. Diam. 34 cm, rand 4 cm, 6 cm djupt.

Kanne. Tinnkanne for dåpsvatn. Innskrift: "Til Tysnes kirke fra Lundebygden 1953". H. 34 cm.

Parament

Altarduk. a) Lin med tunga kant der kvar tunge endar i ein dusk. Over kvar dusk ovalt felt i engelsk broderi med motiv som vekslar mellom krossar og kalkar med hjarte i sviklane. Feltet midt framme har Kristogram. Mellom dei ovale felta vinstokkar. Broderi framme og på sidene. b) Grov lin med svartsaum. Motivet vekslar mellom blomar og krossar, midt framme Jesusmonogram IHS. På sidene enklare dekorativ bord i svartsaum. c) Linduk med brei hardangersaumbord framme og på sidene. Div. lin damaskserviettar til bruk på altaret og ved dåpen.

Antependium. Biletvev av Anne Sæland 1977. Ull med innslag av gull og silke. Aksmotiv i ulike fargar der raudt dominerer.

Preikestolklede. a) Anne Sæland 1977, ull. Fiolett med blått kristogram. b) Kari Abelone Mobeck, 1999. Grønt med trekløverblad. Lesebrettklede a) Mørk raud fløyel med gule ullfrynser. b) K.A. Mobeck, 1999. Grønt med kross på lysande sol og med aksmotiv i bakgrunnen. Handlista på preikestolen stoppa og trekt med lyst skinn.

Messehakel. a) Raud fløyel. På ryggen sølv og gull-brodert krusifiks med årstalet 1830 brodert under. Kanta med gul list. b) Raud fløyel med mønstra gullband runt og det same bandet lagt dobbelt i form av ein latinsk kross på ryggen. c) Som b), nyare. d) Vid form, Vanpoulles LTD Purley - Surrey, lys beige og kvit brokade med vinraudt silkefôr. Gaffelkross i raud fløyel med gullkantar på framsida og på ryggstykket. Framme: Blomemotiv på midtstolpen i gull, gult, kvitt og lys blått. På ryggsida: Det same blomemotivet, men her også på sidearmane. I krysset ein rund medaljong med IHS. e) Grøn Messehakel. Kari Abelone Mobeck, 1999. vid messehakel med skrå sider. Ullsateng. Fôr av gyllengul thaisilke. Motiv på ryggsida: Y-kross med aksmotiv og med krosslam i sirkel i krossmidten, applikert på gul silke. Framsida har trekløver, kalk og oblat, applikert og brodert.

To messeskjorter, ei i bomull, ei i lin. Kisteklede. Svart ullklede med gull-lister.

Lysstell

Altarstakar. Skålforma lyshaldar over rett skaft på knopp over utsvinga fot. Innskrift: "Gåva frå Helga og Olav Gjerstad 1973". Inngravert latinsk kross på motsett side. H. 37 cm. Stpl. M. Aase 203 A, sølv. Stakar av massing på konsollar på altartavla, 43 cm høge. Andre halvdel av 1800-talet. To kopiar av den jødiske 7-arma staken i korvindauga.

Lysekroner. I koret ny kopi av barokk krone med seks store og seks små lysarmar for elektriske lys. I skipet 114 cm høg massingkrone i barokk form med balusterforma skaft med to ringar med feste for lysarmar, avslutta nede med stor profilert kule med knopp. I nedre ring tolv store, S-forma lysarmar, innst forma som krynte mannshovud med skjegg, mot midten som delfin som gaper over den ytre delen av armen som ber lyspipe over krage. I overkant av delfinhovudet mindre lysarm med lyspipe over krage. Den øvre ringen har åtte S-forma lysarmar forma som oppveksande rankar som ber rosett-forma reflektorar. Det er montert elektrisk lys i pipene. Krona heng i ein ring i eit femledda jarnoppheng med massingkuler midt på ledda.

Mellom stolpane i skipet 3 nyare lysekroner på kvar side. Teikna av prost Alv Askeland. Dråpeforma lyshaldarar i massing. På og under galleri og i våpenhus sylinderforma lampar, Høviklys. På veggene i koret to nye trearma lampettar av barokk form.

Klokke

Mellomalderklokke. Klokka har hank av seks bogar og midtboge, flat kronplate, runda hue, rett hals med to smale riller, svakt utsvinga korpus avslutta med rille over nedbøygd slagring. Støypte merkje mellom rillene på halsen og på korpus. Merkja er variantar av ein A med v-forma tverrstrek. A-en er dekt av ein tverrstrek som ber ein kross. Diam. 61 cm, h. 64 cm.

Bøker

Kingos Graduale. Bibel, Kjøbenhavn 1819.

Nummertavler

Fire nummertavler i skipet. Enkle med gavl. Ni eldre nummertavler i tårnet.

Møblar

Skap i sakristi til oppheng av messeklede.

Nyare brurastolar med trekk i finnvev i grå og kvit ull og utskore toppstykke med krune og kross.

Piano nordaust i skipet. Grøndahl Classica.

Offerkar

Klingpung på trestong med enkel skurd ved handtaket. Metallbeslag med hjarteformer. Baksida av pungen er i brun fløyel. Framsida er ein kypertvariant med sølvbelagt tråd i innslaget. Brodert bukett med blad, raud nellik, raud rose og blå rose samla med ei blå sløyfe. Over blomemotivet eit stykke beige fløyel påbrodert BMA 1831. Framsida og baksida er skilde ved eit påsydd raudt tvinna band. Raude og beige frynser langs kanten. Fôr i lerret. To blekkbøsser i skåp i sakristiet. Treskål på altaret til offer.

Blomstervasar

To vasar, sølv, begge med innskrifta "Tysnes Kyrkja, Frå Tysnes Husmorlag 1955". Stpl. kalk i oval, A. H. 21 cm. Ein vase, sølv, med innskrift: "Helsing til Tysnes Kyrkja i høve restaureringa 1977. Tysnes Kommune". Stpl. D-A, h. 21,5 cm.

Diverse

Minnetavle i våpenhuset i kopar. Tavla har innskrifta: "Til minne om dei som let livet sitt under krigen 1940-1945 Stina Andersen Sæbjørn Gjerstad, Hans Godøy, Arthur Johnsen".

Kyrkjeskip. "Loyal." Skipsmodell laga av Martin Kathenes, eigaren av skuta ”Loyal” som gjekk i nordlandsfart. Gjeven av familien.

Kyrkjegard og gravminne

Utanom Kveldsro kyrkjegard ved kyrkja har Tysnes sokn tre kyrkjegardar, Gjersvik, Lunde og Tysnes. I tillegg høyrer kolerakyrkjegarden Dukaneset til soknet. Tysnes kyrkjegard er omtalt under kyrkja frå 1685.

a) Lunde kyrkjegard ligg lengre aust på nordsida av Tysnes på nedsida av vegen i skråninga ned mot Homlevika. Han vart oppretta samsundes med Hope på Reksteren i 1890-åra avdi kyrkjegarden på Tysneset vart for liten. Kyrkjegarden har vorte utvida to gonger, og er i full bruk. Den eldste delen er omgitt av mur med port opp mot tilkøyrslevegen i sør og har båre- og reiskapshus i det sør-vestre hjørnet. Sameleis er det mur på austsida av denne delen. Den første utvidinga i nordleg retning er omgjeven på to sider av nettinggjerde, sameleis ei andre utviding mot vest. Det eldste gravminnet er ein glatt jarnkross frå 1896. Elles er det fleire gjennombrotne jarnkrossar med plate frå tidleg 1900-tal (1901-1912).

b) Gjersvik kyrkjegard ligg ovafor vegen eit stykke aust for kyrkja i skråninga ned mot Gjersvika. Han vart teken i bruk i 1910. Fleire gravminne frå tidleg på 1900-talet. Kyrkjegarden er omramma av nytt tregjerde med rhododendron innafor. Båre- og reiskapshus ved porten i det nordaustre hjørnet av gravplassen.

c) Kveldsro. Kyrkjegarden ligg på ein terrasse nedafor kyrkja over riksvegen. Han vart teken ibruk i 1949 og er no mest full. Det er murt opp ein ny terrasse rett ovafor kyrkja med plass til 118 graver. Denne vart vigsla 24.5.1992.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Riksarkiver (RA). Rentekammeret, Ulike Rekneskapar, A.d. Bergens Stift, 1659-1668, Synfaring 1661-1665, Sunnhordland.
  2. Rentekammeret, Kyrkjerekneskapar 1659-64, Bergenhus.
  3. Rentekammeret, Real. ordn. avd., Kirker og kirkegods, Pk.3. (Tilstand 1709.)
  4. Statsarkivet, Bergen (SAB). Stiftsamtmannsarkivet, boks 1733, 1734 (med synfaring 1686) og 1735, Kyrkjerekneskapar.
  5. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1718, Stiftsskrivarrekneskapen.
  6. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1719,3, Synfaring 1721, Sunnhordland.
  7. Bispearkivet, Avd. IV, Pk. 31, Innberetninger fra Sunnhordlens Prosti, 1762-1816.
  8. Bispearkivet, Avd. IV, Visitasberetninger 1816-1845.
  9. Prostearkiva, Midhordland prosti, Visitasprotokoll.
  10. Prostearkiva, Sunnhordland prosti, Besigtigelsesprotokoll 1828-1891.
  11. Prostearkiva, Sunnhordland prosti, Journalsaker, Pk. 24, Kirkevesen 1753-1847.
  12. Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 128.
  13. Prestearkiva, Tysnes sokneprestembete, Nr. 18, Kallsbok 1828-1939.
  14. Prestearkiva, Tysnes sokneprestembete, Nr. 39, Kirkeprotocol for Tysnæs Præstegjeld.
  15. Riksantikvarens antikvariske arkiv (RAA). Diverse notat.
  16. Bergen Museum. Registreringskort.
Trykte kjelder
  1. Regesta Norvegica, III, nr. 37, IV, nr. 719, V, nr. 283.
  2. FNFB, Årbok. 1879, s. 249 (Døypefont). 1900, s. 202 (Kyrkjeklokke).
  3. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergehus Amt, Bergen 1904-1913.
  4. Heggland, J., Tysnes, det gamle Njardarlog I og II, Bergen 1964.
  5. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister, 1328-1992. Førdesfjorden 1993.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)