Tveit kapell

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Tveit kapell
FylkeHordaland fylke
KommuneAskøy kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.454274,5.131609
FellesrådAskøy kirkelige fellesråd
Kirke-id124700301
Soknekatalognr04100202
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Tveit kapell ligg på vestsida av Askøy ved Ravnanger. Det vart oppført som første kyrkjebygning på staden og vigsla 5. mai 1957. Det hadde då vore kyrkjegard på Tveit sidan 1923, ein medverkande årsak til at staden vart vald til kyrkjestad for denne delen av soknet. Kapellet vart oppført under leiinga av Oskar Edvardsen etter teikningar av Torgeir Alvsaker.

Bygningen

Tveit kapell er ei tradisjonell langkyrkje av tre med langhus under saltak, smalare, lægre og rett avslutta kor under saltak og med firkanta tårn i vest. På sidene av tårn og kor er det tilbygg under pulttak. Skipet er 15 m langt og 10 m breitt. Koret er 4,5 x 4,5 m. Våpenhuset i tårnfoten 4 x 4 m. Kapellet har omlag 350 sitjeplassar. Kyrkja er orientert tilnærma aust - vest med altar i aust.

Fundament

Kyrkja står på eit høgt fundament bygd opp av naturstein lagd i sement. Søndre delen er bygd heilt ut og inneheld kyrkjelydssal, kjøkken og toalett. Frå først av romma kjellaren også bårehus. Kjøkkenet vart utvida i 1963 då det vart bygt eige bårehus (A. Skeie).

Vegger

Veggene i skip, kor, tårn og sidebygg er i bindingsverk. Utvendes er dei kledde med liggjande, glattkanta panel, under tårnhjelmen med klassiserande dekor, alt kvitmåla. Innvendes er veggene kledde med ståande skuggepanel. Innvendes i skipet er det fem veggstolpar på kvar langside og hjørnestolpar i aust. Langveggene i koret har to veggstolpar kvar i tillegg til hjørnestolpane. Alle stolpane har kapitél av skråstilte flater med stjerne i felt og er toppa med tannsnittslist. Stolpane ber gesims over langveggene i skip og kor.

Dører

Dørene har ramme og fylling av finér. Ytterdørene er kledde utvendes med diagonalruta eikekledning. Hovudinngang gjennom fløydør vest i tårnet. Døra er utvendes overdekt med saltak på to stolpar og trekantgavl med ståande kledning. Ei skiferlagt trapp med seks steg frå tre sider fører opp til inngangen. Frå tårnfoten er det fløydør inn til skipet. Det er elles enkle inngangsdører gjennom sidene i tårntilbygga med dører inn til skipet og aust i kortilbygga med dører inn til koret. To sidedører til galleriet.

Korskilje

Koret, som er smalare og lægre enn skipet, opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. Korveggen er utforma som ein triumfvegg med tre rundbogar, der koropninga i midten er størst. Sidebogane er blindbogar. Det er sett inn stolpar mellom bogane. Desse går opp og er avslutta noko under korets himlingshøgd og ber krossar på kuler. På kvar side av stolpane er det pilastrar med kapitél som saman med tilsvarande pilastrar ved langveggene ber rundbogane. Stolpar og listverk er gråblå i fleire nyansar. Krossane og kulene er gullfarga og har, sekundært, fått ein bakgrunn av raud filt.

Vindauge

Skipet har fire høge, rektangulære vindauge på kvar langside. Indre ramme har seks hengsla fag, ytre ramme småruta katedralglas. Innvendes har vindauga glatt listverk og profilert topplist, utvendes glatt listverk og broten topplist. Mindre, småruta vindauge i tårntilbygga og eit høgt, småruta over inngangen vest i tårnet. Aust i koret er eit større vindauge. Glaset i den ytre ramma er femdelt ved sprosser. Indre ramme har glasmåleri (sjå interiør). Ytre listverk har kronlist forma som broten gesims med sluttstein med kross. I kjellaren er vindauga småruta med farga glas.

Golv

Bordgolv. Golvet i koret og kortilbygga ligg to steg over golvet i skipet og våpenhuset. Golvet i skip og våpenhus er dekt med vinyl, i koret med teppe. Andre rom i bygget har dels teppe, dels vinyl, i dei øvste høgdene i tårnet bordgolv.

Tak

Saltak over skip og kor. Kortaket går mest i eitt med pulttak over kortilbygga. Pulttaka over tårntilbygga ligg noko lægre enn saltaket over skipet. Alle tak er tekte med ruteheller. Taket over skipet har tre sperrefag i tillegg til gavlane. Kvart sperrefag er sett saman av sperrer, saksesperrer og hanebjelke i form av ei tang av plankar. Midtstong av jarn frå mønet gjennom saksa og ned til hanebjelken. Taket i koret har sperrer og hanebjelkar. Sperrene i skip og kor ber åsar med ståande bordtak. I raftehøgd er det lagt tre tverrgåande jarnstag som binding over skipet.

Himling

Skip og kor har tønnekvelvingar av skuggepanel. Kvelvingane kviler på gesimsar over langveggene. I skipet er kvelvingen delt i fag ved tverrgåande listverk som korresponderer med veggstolpane. Kvelvingane er festa til øvre bogar og isolerte ovanfrå.

Tårn

Firkanta tårn med inntrekt, åttekanta hjelm. Tårnet har fire høgder over grunnmuren; våpenhus, gallerigang, lagerrom og klokkehus. Hengsla luker for lydopningar under hjelmen, utvendes forma som diagonalruta felt. Gratsperrene i hjelmen kviler dels på øvste, dels på nest øvste ramme i tårnet, og er fleire stader avstiva horisontalt. Hjelm og skjørt har liggjande bordkledning som underlag for kopartekking. Hjelmen er toppa med kule og kross i metall.

Tilbygg

Ytterveggene i tårntilbygga går i flog med vestveggen i tårnet og langveggene i skipet. Tårntilbygga inneheld trapperom. Kortilbygga har austvegg i flog med austveggen i koret og sidevegger i flog med langveggene i skipet. Sakristi på sørsida av koret. Dåpsventerom på nordsida.

Interiør

Døypefont nord i koropninga, lesepult i sør. Preikestol midt på sørdelen av austveggen i skipet. Tverrgalleri med orgel i vest. Det er benker på begge sider av midtgangen, langs veggene i skipet og på galleriet. Elektrisk lys og oppvarming. Fargar: Interiøret er dominert av umåla panel på vegger og himling i skipet og av gråblått i ulike nyansar på vegger og himling i koret og på veggstolpar, gesimsar, listverk rundt vindauge, galleri, benker og andre inventarstykke. Den gulbrune trefargen er teken opp som smale striper, i marmorerte felt og i vinylen på golvet. Kor og midtgang har raudt teppe. Glasmåleri aust i koret. Signert E.R. 1970 (Rognaldsen). Motiv: Jesu himmelfart. Jesus med krossglorie, med naglemerke og i mandorla over dei elleve læresveinane. Blågrøn bakgrunn, raud kant, gule, orange, brune, lys lilla og grønlege klede.

Inventar

Altar, altarring, døypefont og preikestol er teikna av T. Alvsaker og utført av K. Utne.

Altar

Kasseforma altar i tre med rektangulære fyllingar i ramverk framme og på sidene. Dører til skåp i altaret på baksida. Br. 154 cm, dj. 73 cm, h. 101 cm. Farge: Gråblå ramme, beige fyllingar med blå/brun marmorering.

Altartavle

På altaret er ein låg oppsats i same breidde som altaret, teikna av Alvsaker. Oppsatsen har eit 44 cm høgt midtfelt med glatt ramme kring tannsnitt, toppa med krone og med kristogram som sentralt motiv. På sidene 28 cm høge skriftfelt i glatt ramme og med måla innskrift i skriveskrift. Til venstre: Jesus sa: Lat dei små born/ koma til meg, Hindra dei ikkje. Til høgre: Eg er oppstoda og livet Den som/ trur på meg skal leva om han så døyr.

Altarring

Halvsirkelforma altarring med opning på begge sider ved altaret. Separat knefall stoppa og trekt med skai. Sjølve ringen har rekkverk av balustrar, stoppa og trekt handlist og hylle for særkalkar. Blågrått treverk, vinraud skai.

Døypefont

Åttekanta font i tre. Flat kum med felt med stjerne til kvar side. Åttekanta, rett skaft avslutta nede ved profilerte lister som fot. Fargar: Gråblå med brunt i marmoreringa og på ramma rundt felta på kummen. Felta er djup blå, stjernene gullfarga. H. 96 cm, br. 48,5 cm.

Preikestol med oppgang

Oppgang frå sakristiet ved trapp med fire steg og dør. Stolen har fem sider i tillegg til døropninga. Sidene har fyllingar i ramverk, innvendes er stolen kledd med skuggepanel. Langsidene har to fyllingar kvar, dei andre ei. Fyllingane er forma som faldeverk toppa av stjerne. Profilert listeverk i over- og underkant. I underkant er det i tillegg tannsnitt og profilert hengebord. Stolen har flat botn og står på åttekanta stolpe. Fargar: Gråblå med brunleg listverk. Gulkvite fyllingar, gullfarga stjerne. Handlist stoppa og trekt med vinraud skai med gullfrynser.

Lesepult. Nyare. Metall stativ med midtbrett og skrå leseplate av finér. Metallet turkis, treverket lakka. Framme på midtbrettet kristogram i massing.

Benker

Benkene har rette vangar med ramme med fylling. Ramma er avslutta oppe ved kroneform. Heil rygg med fyllingar, formskoren setefjøl. Fargar: Mørk gråblå setefjøl. Gråblå ramme i rygg og vangar. Lyst gråblå, marmorerte fyllingar med smal gulbrun fris.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i nest vestre veggstolpepar og på stolpar som flankerer midtgangen. Konstruksjonen elles er ikkje synleg. Gallerifronten er delt i tre hovudfelt, det smalaste over midtgangen. Felta har pålagde finérplater, midtfeltet har Jesusmonogram mellom Α og Ω. Baksida er panelt. Flat handlist. Fargar som elles på inventaret. Golvet er avtrappa i fire steg og teppelagt. Himlingen under galleriet er flat og skuggepanelt.

Orgel

a) Harmonium frå møtesalen i Strusshamn kyrkje.

b) Elektro-pnevmatisk orgel levert av Norsk Orgel-Harmonium fabrikk, 1959. Orgelet har manual og pedall, 12 stemmer + transmisjon fordelt på to manualar og pedal. Spelepulten står tverrstilt nord på galleriet. Orgelhuset fyller det meste av orgelgangen medan galleriet har plass for songarar. Prospektet har ein nedre del av finér og ein øvre del av metallpiper. Vertikalt er det tredelt. Øvre kant av pipene dannar ei bøljeform. Sidedelane er noko framskotne i høve til midtfeltet.

Rituelle kar

Kalk. Sølv, innvendes gylt. Djup halvrund kupa med lite nebb. Smal hals, rund nodus, utsvinga fot som endar i vulst over rett standkant. Kross med kløverarmar på sol på kupa. Gravert på foten: TVEIT KAPELL, GAVE FRÅ FORENINGEN KIRKELY, TVEIT 1957. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat, 203. H. 18,6 cm, d. 12 cm.

Særkalkar. 74 av to slag. a) Plett. Flat kupa innvendes gylt. Rund nodus, utskrånande fot med latinsk kross. b) Plett. Innvendes gylt. Flat kupa, flat nodus med pålagd ring. Latinsk kross på foten.

Disk. Sølv. Skrå rand, flat botn. Gresk kross med kløverarmar på sol. Inngravert på randa: TVEIT KAPELL - GAVE FRÅ FORENINGEN KIRKELY, TVEIT 1957. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat, 203. D. 17 cm, h. 0,8 cm, rand 3,3 cm.

Oblatøskje. Enkel, rett øskje med flatt lok runda ned over kanten. Gresk kross med kløverarmar på sol på loket. Gravert på sida: TVEIT KAPELL. GAVE FRÅ FORENINGEN KIRKELY, TVEIT 1957. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat, 2. D. 8 cm, h. 3 cm.

Vinkanne. Sølv. Høg rett hals som framme går opp i hellekant. Omvend pæreforma korpus med latinsk kross på sol som motiv. S-forma hank. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat, 205 A. H. 23,5 cm, diam. 10 cm.

Dåpsfat. Sølv. Fatet har forsterka kant. Randa svingar ned mot flat botn. I botnen due på lysande sky. Gravert på randa: GAVE FRA TVEITEVÅG MISJONSFORENING. Stpl: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN. Diam. 37,5 cm, h. 4,9 cm.

Kanne. Plett. Høg smal hals som framme går opp i hellekant. Kuleforma korpus med due på strålesky på sida. Utskrånande fot med vulst over standkant. S-forma hank. Stpl: N i kvadrat, tårn, TH. MARTHINSEN, plett. H. 34,5 cm, diam. 15 cm.

Parament

Altarduk. Kvit toskafts linduk med 24 cm brei bord i svartsaum på tre sider. Motiv: Dekorative border, IHS, stjerner, krossar.

Messehaklar. a) Raud. Vinraud brokade med vinraudt, toskafts fôr. Rettsida. Kanta med gullband. Både på framsida og baksida er det applikerte heildekkande krossar kanta med gullband. Krossane er i kvit silkerips. Framsida har kristogram i krossmidten, og stjerner på krossarmane. Α og Ω på sidene. Baksida har ei sekstakka stjerne kanta med gullband i krossmidten. Broderi: Inni stjerna IHS, på krossarmane stjerner, nedst lutherrosa.

b) Grøn. Vid form. Slabbinck, Belgia, 1994. Fin ull i ulike grønfargar i breie striper. Olivengrøn fôrsilke. Motiva er applikerte og konturerte med lagd gulltråd. Framme: klode med innskreven trekant toppa med kross. Bak: aksmotiv.

Lysstell

Altarstakar. Sølv. To stakar med rett, søyleforma skaft under vidare lysskål. Søylene har vulstforma base på glatt utsvinga fot som endar i vulst over rett standkant. Gravert på foten: TVEIT KAPELL GAVE FRÅ FORENINGEN KIRKELY, TVEIT 1957. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat, 203. H. 27,2 cm, d. 15,9 cm. Sjuarma, høge smijarnsstakar i korhjørna.

Moderne lysarmatur, Christiania Glassmagasin. Ei massingkrone i skipet med ring som held 10 sylindriske lyshaldarar med runde glaskuplar. 1968. Tilsvarande mindre i koret. 1985.

På sidene i skipet omvendt traktforma massing hengelamper.

På veggstolpane lampettar i same stil som krona.

Punktlys mot altaret.

Klokke

Nauen, 1923. Klokka har krone av 6 bøylar og midtstong. Flat kronplate, nedbøygd hue, rett hals med tre riller over ornamentbord. Utsvinga korpus mot to riller over nedbøygd slagring. Mellom dei to øvre rillene ulike ornament, mellom 2. og 3. rille: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN PR TØNSBERG 1923. På korpus: LAND LAND LAND/ HØR HERRENS ORD. Diam. 82,5 cm, h. 75 cm. Klokka hang tidlegare i støpul ved inngangen til Tveit gravplass.

Bøker

Nyare bøker.

Nummertavle

På nordre del av austveggen i skipet. Ramma forma som base med to pilastrar og gesims. Gråblå ramme, beige nummerfelt. H. 170 cm, br. 79 cm.

Møblar

Brurastolar. Brødrene Bjotveit, Kinsarvik. Eik. Barokk form. Rett bakoverlent rygg. Rygg og sete stoppa og trekte med lyst skinn. Krumme frambein. H-sprosse. Utskore frambrett og toppstykke på rygg. Gåve frå Tveit husmorlag. Tre enklare tilsvarande stolar frå Brødrene Bjotveit.

Piano. Classica, Nordiska Piano i nordaustre hjørne i skipet. Elektronisk orgel i kyrkjelydssalen: Yahama.

Blomevasar

To vasar i sølv. Utbretta rand, djup, runda korpus med latinsk kløverkross på sol som motiv. Flattrykt kule med riller. Skrå, flat fot. Gravert på foten: TVEIT KAPELL GAVE FRÅ FORENINGEN KIRKELY, TVEIT 1957. Stpl: Skålvekt, D-A, 830 S. H. 18,2 cm, diam. 8,4 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Den eldste delen av kyrkjegarden vart teken i bruk i 1923 og ligg sør-aust for kapellet. Denne er seinare utvida mot vest. Kapellet vart oppført med bårerom i kjellaren, denne funksjonen vart i 1963 overført til eit eige bårehus. I 1995 vart kyrkjegarden utvida med 260 nye gravplassar aust for kapellet.

Tilkomstvegane går gjennom portar frå vest og sørvest. Parkeringsplass på sørsida av kapellet. Eldste delen av kyrkjegarden har tørrmur mot utsida, elles har gravplassen nettinggjerde.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Skeie, A.: Oversyn i NK arkiv, bygt på Kallsboka, Askøy menighetsblad 1. 1957 og Skeie 1964.
  2. Skeie, A.: Inventarliste til NK arkiv.
Trykte kjelder
  1. Skeie, A.: Kyrkjehus og kyrkjeliv på Askøy, 1864-1964, Bergen 1964.
  2. Kolnes, S.J.: Norsk Orgelregister 1328-1992. Førdesfjorden 1993.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)