Strandebarm kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Strandebarm kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneKvam kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.269423,6.013161
FellesrådKvam kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123800301
Soknekatalognr10080201
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Anne Marta Hoff


Innhold

Bakgrunn

Strandebarm kyrkje er først nemnd i 1306. Dette var ei stavkyrkje som brann ned i 1659. Etter brannen vart det oppført ei krosskyrkje i tømmer, kledd utvendes med plankar. Denne kyrkja var utan tårn og vart etter rekneskapane bygd i 1659, etter kallsboka to år seinare, truleg reflekterer dette spriket byggjeperioden. Tømmerkyrkja vart utetter i andre halvdel av 1800-talet opplevd som lita og lite høveleg for kyrkjelivet i tida, og ein ynskte å få ei ny kyrkje på staden.[1] Kyrkja vart oppført utafor den gamle kyrkjegarden medan gamlekyrkja framleis stod. Den gamle kyrkjetomten vart seinare nytta til gravplass.[2] Den nye kyrkja vart oppført under leiing av byggmeister Svendsen etter teikning av O. Vangberg[3] og vigsla 18. august 1876.[4]

Kyrkja ligg på ein sandbanke mellom elva og fjorden vest i botnen i Strandebarmbukta som går nordover på vestsida av Hardangerfjorden ved Hissfjorden.

Stavkyrkja

Avsnittet er ikkje utarbeidd.

Tømmerkyrkja frå 1659-61

Avsnittet er ikkje utarbeidd.

Kyrkja frå 1876

Bygning

Kyrkja har hallform, med tredelt skip med høgre og breiare midtskip, og kor med tresida avslutting i aust og med eit rom på kvar side. Vest for skipet har kyrkja tårn med inngang gjennom tårnfoten. Kyrkja er kvitmåla utvendes. Etter Bendixen sine mål er skipet 23,3 m langt og 13,8 m breitt, koret 7,7 m langt og 7,2 m breitt, tårnfoten 5,4 m lang og 4,8 m brei. Sideromma ved koret er 3,2 m lange og 2,6 m breie.[5]

Vegger

Kyrkja er oppført i lafteplank. Korveggene er lafta inn i austre vegg i skipet. I sideromma til koret er austveggen lafta inn i langveggene i koret, og langsidene er lafta inn i austveggen i skipet. I sideromma skil ein lettvegg mellom sakristi/dåpsventerom og gang.

Langveggene i skipet har fire høge vindauge på kvar side. Kvart vindauge er flankert av opplengjer festa med jarnboltar og mutterar til tømmerveggen.

Sideskipa er skilde frå midtskipet ved fem par mellomstolpar og veggstolpar i flog med desse. Mellomstolpane ber langsgåande bjelkar som ved stolpane er understødde med sveifa kne med rankeornament i relieff.

Veggene i kor og skip står ukledde og måla. I gangane ved sideromma står veggene i opphavleg form, ukledde tømmervegger og ståande, brei staffpanel på lettveggen. Veggene i sakristi og dåpsventerom er sekundært kledde med ståande, umåla skuggepanel.

Utvendes er veggene kledde med liggjande einfasa panel. Hjørna er innkassa med ståande bord. I veggfelta mellom vindauga er det markeringar med ståande bord. Over grunnmuren er veggen avslutta med vatnbord og sokkellist.

Portalar og dører

Kyrkja har hovudinngang gjennom våpenhus i tårnet i vest og inngangar til gangar ved sideromma til koret på nord- og sørsida. Frå gangen i nord går det dør til skipet og til dåpsventerommet, frå gangen i sør til skipet og til sakristiet. Det er også ei dør mellom sakristi og kor. Galleriet har to dører i vestveggen til gallerigangen.

Alle dører i kyrkja er opphavlege. Hovudinngangen vest i tårnet har fløydører med fire ståande fyllingar (to x to) i kvart dørblad. Døra har tredelt overlys avslutta oppe med slak gavl med tre liggjande ruter inndelte ved sprosser. Hovudinngangen vest i skipet er også ei fløydør med ei kvadratisk fylling nedst og øvre del utfylt med dekorerte blyglasruter i form av to høge, kopla rundbogar (sjå nedafor under Interiør).

I korets siderom og på galleriet er det høge fyllingsdører med ei brei fylling nedst og to ståande over denne. Dørvridar og nøkkelskilt er truleg opphavlege, med unntak av dei i ytterdørene.

Korskiljet

Ein stor rundboge markerer skiljet mellom kor og skip. Bogen er avslutta med profilert listverk og følgjer vegg og himling i koret, men noko smalare og lægre. Ved preikestolen er bogen broten og svingar heilt ut til hjørnet mellom kor og skip for å gje rom til preikestoloppgangen.

Nedre del av korskiljet er markert med brystvern med enkle fyllingar og handlist på kvar side av midtgangen der brystverna er lagde inn i firkanta meklarar med fyllingsfelt, og med ei stor kule som øvre avslutting.

Vindauge

Vindauge i skip, kor og siderom har same form, men i sideromma er dei mindre. Kvar langvegg i skipet har fire store vindauge, i koret er det tilsvarande vindauge i skråveggene og austveggen. Sideromma har eitt vindauge i langveggen.

Vindauga har tre rammer skilde ved to loddbeine sprosser som i den gavlforma øvre avsluttinga forgreinar seg i tre liggjande ruter. Kvar ramme har fem ruter, inndelte ved sprosser. Dei fleste rutene er truleg opphavlege.

Innvendes er det sekundært tilsett rammer med svakt farga blyglasruter i grå-rosa tonar. Glaset er ujamnt med luftbobler. Kvar rute i det ytre, opphavlege vindauget tilsvarar tre x tre blyglasruter i det indre vindauget i storleik. Vindauga i koret har opphavlege glasmåleri i bly (sjå nedafor under Interiør).

Golv og fundament

Kyrkja har golv av pløygde bord lagde i lengderetning både i kor og skip. Golvet er festa til tett lagde golvbjelkar med spikar. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet og i sideromma. I dåpsventerom og sakristi ligg det vinyl over tregolvet. Golvet i våpenhuset er også eit tregolv. Kyrkja har fundament av tørrmur.

Tak

Kyrkja har saltak over skipet og eit smalare og lægre saltak over koret, avslutta med tresida valming mot aust. Tilbygga i hjørna mellom kor og skip har pulttak som er valma mot aust. Utvendes er taka tekte med ruteheller.

Takverket over skipet kviler på raftestokkane og på langsgåande dragarar feste til mellomstolpane mellom sideskip og midtskip. Mellom raftet og dragarane går det stikkbjelkar på kvar side. Mellomstolpane held fram opp til sperreverket. Over himlingsnivå er dei avstiva med andreaskrossar i lengderetning, øvst ber dei dragarar som understøttar nedre hanebjelkar og enno ein dragar. Dragarane ligg som ei opa tang om hanebjelkane.

Sperreband som korresponderer med mellomstolpane mellom skipa har nedre hanebjelke og undersperrer. Undersperrene går frå møtepunkta mellom mellomstolpane og stikkbjelkane til underkant av øvre hanebjelkar der dei også er lagde inn i sentrale standarar som går frå nedre hanebjelke opp til mønet. Mellom desse hovudsperrebanda er det tre enklare sperreband med sperrer og øvre hanebjelke.

Dei ulike elementa er dels tappa i einannan og sikra med jarnband, dels lagde på halv ved og sikra med nagle.

Himlingar

Kor og skip har himlingar av faspanel lagde i lengderetning. Himlingane i sideskipa er flate, i midtskipet og i koret tønnekvelva, i koret avslutta med tre stikkbogar mot aust. Himlingane er isolerte med matter på oppsida.

Tårn

Kyrkja har firkanta tårn i bindingsverk i fire høgder vest for skipet. Utvendes er bindingsverket kledd med liggjande panel og kvitmåla som kyrkja elles. I første høgda er det våpenhus, i andre gallerigang, i tredje lagerrom og i fjerde klokkestove. Tårnet er avslutta oppe ved to avtrappingar med gavlar i nord, aust, sør og vest, og med åttekanta hjelm. Ved dei nedre gavlane er veggene trekte noko inn og funderte på ei ramme som kviler på veggene under og på dei fire hjørnestolpane i klokkestova som går som indre, frittståande stolpar heilt ned til tårnfundamentet. Under klokkestovegolvet er dei fire stolpane feste med kne mot eit dobbelt bjelkelag. Veggene i klokkestova endar oppe i dei øvre gavlane.

Veggene i tredje og fjerde høgd har berre utvendes kledning og viser bindingsverket slik det truleg står frå tårnfundamentet og opp, med hjørnestolpar stødde med kne og to mellomstolpar i kvar vegg. I dei to innreidde og måla nedre etasjane har dei indre hjørnestolpane fasa hjørne. Veggene mot sør, vest og nord er her kledde med ståande staffpanel. Tømmerveggen i aust står ukledd.

I tårnet er det to dører til galleriet frå gallerigangen og fløydører mot vest og aust i våpenhuset. I dei øvre gavlane er det gavlforma vindauge på kvar side med to rammer med fire ruter i kvar. Dei nedre gavlane har noko større vindauge på tre sider, ikkje mot aust. Desse vindauga er også torams og har same form som vindauga elles. I andre høgda er det eit trerams vindauge mot vest med fire ruter i kvar ramme og tre ruter i gavlen, medan det i første høgda er mindre torams vindauge mot nord og sør.

Tårnet har etasjeskilje av bordgolv lagde på rammer i tårnkonstruksjonen.

Klokkestolen, som er integrert i konstruksjonen, er uvanleg høg. Ein dragar midt i rommet over ramma under klokkestova ber kongen og to andre stolpar med skråstøtter, dei tre utgjer klokkestolen saman med tverrlagde dragarar i overkant.

Hjelmen har åtte gratsperrer og kviler på ei ramme i klokkestova. Gavlane er kledde med liggjande bord under heller, hjelmen har bord under plater.

Oppgangen frå våpenhuset går via symmetriske trapper ut mellom vestveggen og vestre midtromsstolpar og opp til gallerigangen etter sideveggene. Trappa frå gallerigangen og opp går ved nordveggen.

Interiør

I koret er altaret plassert sentralt med ein stor altarring på vestsida. Døypefonten kan flyttast, men står til vanleg bak korskiljebrystvernet på nordsida. Oppgangen til preikestolen er langs sørveggen i koret over brystvernet, sjølve preikestolen står i skipet ved søndre hjørne mellom kor og skip. Både på nordsida og på sørsida er det innebygde sitjeplassar ved brystvernet. Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen. Over vestre del av skipet er galleri med orgel.

Fargar

Veggene er lyse, himlingane gråblå og interiørdelane er måla i mørkare blått og brunraudt med gull staffering med unntak av benkene som er umåla. Golvet er lyst grått. Då Bendixen beskreiv interiøret tidleg på 1900-talet, var kyrkja ”i det indre lys violet, med gulbrune stolestader og lidt lysere stolper (6 i tallet) og hvide vegger”.[6] Den gulbrune fargen som Bendixen nemner, ser ut til å vera intakt i dei to nedre høgdene i tårnet. Under denne har det tidlegare vore ein grønblå farge.

Tekstilar

Handvove teppe i altarringen i toskafts vev med innslag av rutesmett i form av krossar og firkantar. Botnen er lys beige melert, krossane mørkt blå, firkantane orange-brune. Umerkt. Grøn løpar i midtgangen og fram til altarringen.

Glasmåleri

Sidevindauga i koret har grisaille-mønster med firkløver og vinlauv i grøn, bladmønstra ramme. Vindauget i aust har grisaille-mønster i grøn ramme i sidefelta og ei figurframstilling i det breiare midtfeltet som viser Kristus frontalt i nygotisk arkitekturinnramming. Han er kledd i blå kjortel og raud kappe og med raud krossglorie. Høgre handa løfter han til velsigning, den venstre kviler på bringa. Han er framstilt i ein gotisk boge som i framkant er todelt og endar i fialar med krabbar. I skriftfeltet nedst i midtfeltet står ”Kommer hid til mig, Alle, I som arbeide og ere besværede! Jeg vil give eder hvile”. I fløydøra vest i skipet er det glasmåleri av same produsent i øvre del. Kvar dør har to høge rundboga felt med eit mindre felt under kvar rundboge. Dei to rundbogane er kopla saman i overkant med ein felles rundboge. Rutene har vinranker i grisaillemønster med raude og blå rammer, og den overgripande rundbogen har orange vinblad. Usignert. Truleg tysk arbeid.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme. Elektrisk ljos vart installert i 1939. Ved arbeid innvendes i kyrkja i 1950 – 51 vart dei gamle omnane tekne vekk og det vart sett inn elektriske varmeelement under benkene i kyrkja.

Inventar

Altar

Opphavleg altar med sokkel i høgde med golvet i altarringen. Veggene er av ståande, pløygde bord sette inn i rammeverk. På framsida er skøytane mellom borda dekte med lister som i overkant går over i 11 rundbogar med trepass i sviklane. Bordplata er sett saman av pløygde bord i breidderetning og fasa i kantane. Baksida har døropning til skåp i altaret og to standarar som tidlegare har halde fram oppover som støtte for altartavla (denne er flytta, sjå altartavle). Sokkel, rammer, bogar og bordplate er mørkt blåmåla, dei ståande sidene er brune, på baksida raud-brune. Breidde 263 cm, djupn 96 cm, høgde 100 og 115 cm.

Altartavle

Om tidlegare altartavle har Bendixen følgjande opplysningar:

Paa loftet staar ligeledes den gamle altertavle, et stort lærreds maleri, efter inventarfortegnelsen af 1690 skjænket kirken af Mathis Hess, maaske en broder af præsten i Strandebarm, Søren Sørensen Hess (1676-88); det fremstiller Kristi Himmelfart. Efter regnskaberne bekostede kirken selv alter og altertavle i den nye kirke (1662-64); formodentlig er denne blevet afløst af Martin Hess’s og er vel den samme, som biskop Neumann fandt i vaabenhuset 1825, men som nu er forsvundet. Den havde fløidøre, og paa dem var malet de 12 apostle i limfarver.[7]

Ei altartavle heng på austveggen i nordre sideskipet. Det er eit enkelt snekkararbeid i ei høgd med smalt fotstykke, vengjer og broten gavl. Biletfeltet har svakt høgdeformat, og er flankert av to pilastrar på postament og med enkle, joniserande kapitel. Sentralt i gavlfeltet er ei oppgåande sol. Snekkarverket er marmorert. Biletfeltet har ei måla framstilling på lerret av Kristi himmelfart. Denne kan ev. vera identisk med den første som Bendixen nemner.

Altarring

Altarringen er rektangulær i breidda med brotne hjørne. Sokkel av listverk med fyllingar, stoppa og trekt knelepute med kunstlær festa med saum, balustrar og profilert handlist med indre hylle for særkalkar. Lister og rammer mørkeblå, fyllingar, balustrar og putetrekk brune. I altarringen vove teppe (sjå interiør).

Kneleskammel

Opphavleg kneleskammel med to sveifa bein på kvar kortside. Skammelen er stoppa og trekt med raud fløyel festa med saum og med påsydde gullfrynser i nedkant.

Døypefont

Kyrkja har ein støypt, bronsefarga malmfont frå andre halvdel av 1800-talet. Nyromansk form, truleg tysk arbeid. Fonten har utskrådd, profilert øvre rand som omfattar eit innstøypt enkelt dåpsfat. Kummen er runda og dekt utvendes med parstilte romanske ranker i relieff. Skaftet er sylinderforma med profilert nodus og øvre og nedre skaftledd. Rund fot med fire romanske hjørneblad som overgang til kvadratisk sokkel. Høgde 99 cm.

Preikestol

Bendixen har følgjande opplysningar om ein tidlegare preikestol på Bergen Museum:

Til Bergens musæum er indkommet den gamle prækestol (f. 175), ifølge regnskaberne skjænket 1674 af Jan Rytter (i et af regnskaberne kaldt Jan Broch). – I felterne er malet de 4 evangelister, og i det femte felt nedentil et vaaben med bogstaverne I.D.R. over og tallet 1674 nedenunder. I skjoldet sees en rytter, affyrende en pistol (hentydning til giverens navn), og af hjelmen strækker sig op en krummet arm med sverd, derover EH – M, og et blaat eller graat vaabenskjold med rød figur (kors og banner krydslagte), paa hjælmen halvdelen af en menneskefigur med krans paa hovedet og kølle over skulderen. Under et af felterne staar: ”Til Guds ære og kirkens store fornødenhed hafver JAN. D. RVTER for” -, i et andet: ”Lofvet være Gud som halp(!) mig af nøden paa Strandebarms fjor”. – Under billedet af Lucas staar bogstaverne SMIDL, med vaaben, i hvis hjælm er anbragt en mandolin, og i skjoldet en due. – Over prækestolen gaar en rand med fordybede bladfigurer, paa hjørnet en genius.[8]

Av denne preikestolen ser det ut til å vera eitt felt i kyrkja i dag. Det heng på sørveggen i koret ved oppgangen til preikestolen. Det framstiller ein av evangelistane, truleg Johannes.

Den noverande preikestolen er bygd til kyrkja. Korga har åttekanta form med seks fag, eit sjuande fag går i flog med det sjette og med oppgangen. Faga har ei fylling i ramme. Utvendes er det i tillegg til storfelta markert eit øvre smalfelt. Korga har kraftig profilert base over konkavt innsvinga botn over skaft på sokkel. Alle ledd er åttekanta. Oppgangen over korskiljebrystninga ved veggen sør i koret har trapp med ni steg og lukka rekkverk mot nord. Rekkverket er avslutta nede med kraftig meklar. Fargar: Brunt, blått og gull.

Benker og faste stolar

Ein benk som truleg kjem frå den forrige kyrkja er bevart i våpenhuset.

Her står også ein spinkel benk, denne er truleg ein av dei første benkene i dagens kyrkje. Benkevangane er sveifa og bakoverlente. Smal setefjøl, rygg av to bord.

Benkene i skipet er frå 1976, laga av brørne Eide i Tørvikbygd.[9] Dei har rektangulære vangar av ei ramme med ei fylling. Ramma står på sokkel. Oppe og rundt fyllinga er det profilerte lister. Ryggane er tette og skråstilte, med rammer med åtte kryssfinerfyllingar i kvar rygg. På baksida oppe er det sett til salmebokhylle. Figurskorne benkeplater kviler på beinbukkar som er samla med ei fjøl noko over golvnivå. Benkene er umåla, men strokne med tynn, gråleg lasur.

I koret er det faste stolar ved korskiljebrystvernet, ein ved nordveggen og ein ved preikestoloppgangen. Desse er innebygde med brystvern.

Galleri

Kyrkja har opphavleg vestgalleri med framspring over midtgangen. Galleriet dekkar dei to vestre faga i skipet, inkludert eit av dei store vindauga i langveggene. Av synlege berande element er langsgåande bjelkar borne av to par stolpar som flankerer midtgangen. Desse ber også framspringet. Elles er galleriet sannsynlegvis lagt opp i mellomstolpar mellom sideskip og midtiskip (ein ved vestveggen og ein lengre framme) på kvar side og i to opplengjer på kvar side. Galleriet er underkledd med horisontal himling av perlestaffpanel.

Gallerifronten har rammeverk med fyllingar, åtte fag på kvar side med storfelt og nedre smalfelt. På framspringet fire fag mot aust og to på kvar side. Hjørna på framspringet er markerte med meklarar. Fargar: Blått, brunt og gull. Golvet på galleriet er avtrappa i tre steg. I tillegg ligg golvet i sjølve framspringet eit steg lægre enn golvet elles.

Skulptur

Altarkrusifiks

Støypt metallkrusifiks, truleg tysk. Seint 1800-tal. Gotiserande Jesus-figur på kross. Jesus er festa til krossen med fire naglar, med armane i boge og hovudet lett bøygd opp og mot hans venstre skulder. Flagrande, kort lendeklede. Krossen har fasa sider, armendane har profil og flate, pyramideforma endeflater. Krossen står på ein kraftig, åttekanta sokkel med gotiske passformer i relieff. Metallet er gylt, gullet er til dels avslite.

Kalvariegruppe

Bendixen har følgjande opplysningar om kalvariegruppe(r):

Fremdeles staar paa kirkens loft et lidet, stygt udskaaret, krucifix med to smaa figurer, Maria og Johannes, sandsynligvis fra 17. aarh., og de samme figurer (men uden krucifix) formodentlig fra slutningen af 18. aarh., udskaaret paa tynde træplader efter omridsene, og malet, ganske som de i Hosanger kirke fra den nævnte tid.[10]

Det er ikkje undersøkt kvar dette finst no.

Måleri

Pasjonstavle

Pasjonstavle, pasjonsvisarar eller ’Passions Seierverk’ heng på nordveggen i koret. Olje på lerret i smal treramme med svart måling staffert med gull. Biletet viser Jesus på krossen i midten. På kvar side ein sokkel, den til venstre truleg med ein kvitkledd engel, den til høgre med hane. Tolv piler med forklarande innskrifter går frå Jesu lekam ut til eit skriftband som formar ei (omsnudd) urskive og som i overkant heng på krossens tverrtre. Ved kvart av dei 12 tala, og ved det trettande under Jesu føter, er det ein oval med siluettframstilling frå lidingssoga. Saman med krossfestinga tilsvarar desse dei 14 stasjonane i ein krossveg. Forklarande tekstar er sette inn i felt fleire stader på måleriet. Bakgrunnen er måla lys blå, mørkare i overkant, under krossen grøn bakke. Hovudfargare elles er kvitt, grått og svart.

Presteportrett

Det heng ni presteportrett i sakristiet, seks fotografi og tre måleri. Dei tre måleria:

a) Måla med oljemåling på treplate, smal ramme. Truleg frå 1700-talet. Framstiller brystbilete av Rasmus Pedersen, sokneprest i Strandebarm 1648 - 76, snudd ¼ mot høgre mot eit bord.[11] Han støttar venstre hand på ei bok på bordet, medan han held venstre handa opp framfor seg med tommelen peikande oppover. Han har store, mandelforma auge under boga bryner, rett krafitg nase og liten munn. På hovudet har han ein grå småkrusa parykk som heng ned over pipekragen. Presten er kledd i samarie. Hovudfarge: brun i ulike nyansar.

b) Olje på lerret i gylt stukkramme. Brystbilete av Henning Junghans Bugge Stub, sokneprest i Strandebarm 1878 - 98,[12] snudd mot venstre, nesten i profil. Prestens hovud sentralt i biletet har gråkvitt hår og fippskjegg og ein kvit, stiva skjortesnipp stikk opp under øyrene hans frå det svarte jakkeslaget. Under den høge panna teiknar augo seg klåre og lyseblå vende mot tilskodaren gjennom lorgnetter. Nasen er lett krumma, munnen fast samanknept. Venstre jakkeslag og konturane av jakken teiknar ei diagonal rørsle mot nedre venstre hjørne. Brunleg bakgrunn. Måleriet er signert oppe i høgre hjørne: J. Christensen 1898.

c) Olje på lerret. Profilert bronsefarga ramme. Brystbilete av Niels Landmark,[13] sokneprest i Strandebarm 1842 - 58, snudd ¼ mot venstre. Presten er måla med lett pensel og framstilt med brunt hår, bart og skjegg med gråstenk, lyst blå auge og raudlege kinn under ein elles bleikbrun karnasjon. Han er kledd i samarie og pipekrage. Raudbrun bakgrunn. Signert K. Skagen 1951.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altardukar

a) Ein eldre, sleten altarduk finst i kyrkja. Det er ei lang, 27 cm brei bord av hardangersaum brodert på panamavove bomullsstoff. Ruter og krossar.

b) Altarduken som er i bruk i kyrkja er i panama-vove bomullsstoff. På tre av sidene er det brodert ei 26 cm brei bord i hardangersaum med vekslande krossar og kalkar i spissbogar. Oppå altarbordet ligg ein ekstra duk av same stoffet.

Antependier

Bendixen omtalar eit altarklede kring 1900:

Det sidste fandt jeg henslængt i en krog paa taarnfoden; men det er nu kommet til Bergens musæum. Det har silkefryndser og i midten en fin, silkesyd bladkrands med navnene i guldtraad: H. Ole Giedrum – Guri Søfrensdatter Paÿ. 1708 (fig. 176).[14]

I kyrkja finst i dag:

a) Eldre altaromheng som har dekka kortsidene og framsida av altaret. Omhenget er av ull/lin i krosskypert og er inndelt framme som dei nye (sjå nedafor). Kvardingen nede er voven med mørk, brunleg innslagsfarge. I midten er motivet IHS i ring brodert i kvitt og svart ullgarn, på sidene ein mindre, brodert kvit ring dekt av kross i gullband. Inndelinga er gjort med det same gullbandet.

b) Kvitt antependium av ulldamask. Astri Ræstad. Antependiet dekkar framsida av altaret og er tredelt ved blå, dekorerte silkeband. I midtfeltet ein applikert og brodert signingskross. Gulbrun kvarding.

c) Grønt antependium av ulldamask. Astri Ræstad. Tredelt som b) og med applikert og brodert treeiningsmotiv (trekant) i sentralfeltet. Grøn kvarding.

d) Raudt antependium av ulldamask. Astri Ræstad. Tredelt og med applikert og brodert pinsemotiv (eldtunger) i sentralfeltet. Raud kvarding.

e) Fiolett antependium av ulldamask. Astri Ræstad. Tredelt og med applikert og brodert treeiningsmotiv (trekant) i sentralfeltet. Fiolett kvarding.

Messehaklar

Då Bendixen registrerte kyrkja, hadde ho ein messehakel av ”blomstret, kirsebærrødt silketøi med kors af sølvgalloner”.[15] Dette kan vera messehakel b nedafor, krossen er i tilfelle utskift. Følgjande messehaklar finst i kyrkja no:

a) Raud-fiolett fløyels messehakel med rette sider, forsida innsvinga ved armane, merkt 1760. Hakelen har truleg gjennomgått ei omfattande fornying, idet berre fôret ser ut til å vera opphavleg. Den plysjaktige fløyelen finst som stoffrest i kyrkja og er nyare. Hakelen er kanta med nye silkeripsband rundt kanten og i splitten i halsen framme. Fôr i grovt, blanka lerret, raudbrunt. Hakelen har opning med fire sekundære hekter på venstre skulder. På ryggsida kross av dobbeltlagde brokaderte band i ubleika kvitt, truleg også nye. Fornya brodert innskrift (kjedemasker) i kvitt: A.A.H og 17 til venstre for krossen og J.O:B og 60 til høgre. Høgde 117, breidde 70 cm.

b) Rosa messehakel av silkedamask. Rett form, forstykket lett innsvinga ved armane. Opning med tre (sekundære) hekter på høgre skulder. Kvit kross av silke (sekundær) på ryggsida. Sparekant av stoffet i halsen, kanta i ytterkant med sølvband. Fôr av fint naturfarga linstoff. Høgde 112 og 86 cm, breidde 78 cm.

c) Grøn damaskhakel i kunststoff med lys beige, innvoven symbolikk. 1960-talet? Opning med hekter på venstre skulder. Slabbinck. Motiv på ryggsida: kross og kristogram, på forsida stolpe med treeiningssymbol (tre ringar), aks og druer. Høgde 105 cm, breidde 60 cm.

d) Fiolett messehakel, kunststoff, blå fôrsilke. Vid, runda form. Motiv på framsida: kristogram, på ryggsida: lam med kross-stav.

e) Kvit messehakel av ulldamask, vid form, med kvitt silkfôr. Astri Ræstad. Motiv: Y-kross på for- og ryggside, på forsida av blått innfarga silkeband med broderi, y-krossen på ryggsida er kanta med det same bandet. Halsstykket framme og y-en på ryggsida er overbrodert med ornamentalt mønster av stilkesting i sølvtråd.

f) Grøn messehakel av ulldamask med grått og raudt silkefôr. Astri Ræstad. Form og motiv som e) med varisjonar.

g) Fiolett messehakel av ulldamask med violett silkefôr. Astri Ræstad. Form og motiv som e) med varisjonar.

h) Ein raud messehakel tilsvarande e,f, og g er under arbeid.

Stolaar

Stolaar som høver til messehaklane e,f og g i stoff og motivval og ein raud stola er også levert av Astri Ræstad. Stolaane er mellom 10 og 12 cm breie. Alle fire har likearma kross i nakken og eit sentralt band av silke som følgjer heile lengda. Den kvite (a) har ei krone på kvar side på forsida, den grøne (b) ein nøkkel på kvar side, den raude (c) har berre det sentrale bandet, medan den fiolette (d) har tre naglar på kvar side.

Preikestolklede

Preikestolklede som høver til dei nye tekstilane i stoff og motivval er leverte av Astri Ræstad. Kleda har lett ståande form, er kanta med silkeband og har eit sentralt, applikert motiv. Det kvite har kristogram, det grøne Jesus-monogram, det raude due og det fiolette alfa og omega.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Bendixen har opplysning om ei mindre klokke som hadde følgjande innskrift ”Støbt i Bergen af M.K. Skjøberg 1824”.[16] No er det to klokker i kyrkja. Automatisk ringeanlegg vart innstallert i 1991.

a) Klokke frå 1663. Klokka har oppheng av boge og seks firkanta bøylar, flat kroneplate med stjerne, hua knekker ned over holkil og går via riller ut mot skarp knekk mot rett hals over utsvinga korpus som via tre riller går over i ut- og nedbøygd slagring som endar nede ved to avtrappingar. Slagringen skrår opp innvendes. På halsen har klokka tre riller med to innskriftsliner, under rillene er det støpt ein krans av vegetabilske ornament. Innskrift: AVS DEM FEYER BIN ICH GEFLOSSEN HANS MEYER IN KOPFENHAGEN HAT MIHC[!] GEGOSSEN ANNO 1663. Høgde 58 cm utan oppheng, 69 cm med oppheng. Diameter 69 cm.

b) Klokke frå 1931. Forma liknar mykje på a. Klokka er laga av O. Olsen & Søns klokkestøperi, Nauen, Tønsberg. På korpus innskrift: LAND, LAND, LAND / HØYR HERRENS ORD. Jer. 22,29. Høgde 60 cm utan oppheng, 73 cm med. Diameter 83 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Det første orgelet var laga av Næss og montert i 1894. Det hadde fem stemmer fordelte på ein manual og pedal.[17]

Dagens orgel er levert i 1976 av Vestre Orgelfabrikk, Haramsøy. Det er eit mekanisk pipeorgel med 25 register delte på to manualar og pedalklaviatur. Hovudverk, brystverk og pedalverk har i alt 1792 piper.[18]

Disposisjon:

Piano av merket Yamaha i skipet framfor nordre del av korskiljebrystninga.

Bøker

Det er oppbevart fleire eldre bøker i kyrkja.

Christian VIs bibel, ”Strandebarms Hove[d]-Kirke tilhørende anskaffet af dens Ejere 1830”. Skinnbunden med to skinnhemper.

Bibel Kiøbenhavn 1830.

Hauge, Andreas: Norsk Missions-Tidende, Trondheim 1849 og 47 (to bøker).

Den norske Kirkes symbolske bøker. Christiania 1850 (to eksemplar).

Messebog for den norske Kirke ved Chr Cappelen, Christiania 1891.

Alterbog for den norske Kirke, Kristiania 1893.

Den forordnede Alter-Bog, Christiania 1826. ”Strandebarms Kirke tilhørende Anskaffet af dens Eiere 1834”.

Kirkesalmebog, efter offentlig Foranstaltning samlet og udarbejdet ved M.B. Landstad, Kristiania 1870.

Den forordnede Alter-Bog, Christiania 1862.

Forordnet Alter-Bog udi Dannemark og Norge, hvori findes de nyelig allernaadigst giorte Forbedringer, Kiøbenhavn 1783.

Danmarks Og Norigs Kirke-Ritual, Christian den Femte. (Kiøbenhavn den fem og tyvende Julij Aar efter Christi Fødsel Et Tusind Sex Hundrede Firesindstyve og Fem / voris Regærings Sextende.) Kjøbenhavn 1685.

Gradual / En Ny Almindelig Kirke-Salmebog, Odense M. DC. XCIX (1699)

Nummertavler

Tavlene er todelte ved hjelp av ei list med forsenka midtparti. Same lista flankerer tavlene på sidene. Ramma i overkant er forma som ei tunga kappe, medan ramma nede er boga i underkant og under kvar del er skore ut kryssande palmegreiner. Svarte tavler, ståande lister grøne med kvite rammer, ramma oppe har raud, gullkanta kappe på grøn botn, ramma nede har gylte palmegreiner på grøn botn. Ei tavle på kvar side framme i skipet.

Møblar

Brurestolar i barokk form med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr, sjå foto. ”Brurestolane er frå 1986, og er leverte av Hardanger Gyldenlær og Lærdesign, Ringøy”.[19]

Diverse

Støypt gipskopi av Leonardos nattverd i tung treramme på nordveggen i koret.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Som nemnt vart kyrkja oppført utafor den gamle kyrkjegardsmuren. Den gamle kyrkjetomta skulle brukast til gravplass. Tømmerkyrkja har venteleg lege nord for den ståande kyrkja.

Rundt kyrkja er det eit gangfelt, dels med singel, dels asfaltert. Gangfeltet er avgrensa med tørrmur mot gravplassane. Sør for kyrkja stikk landskapet ut som eit lite nes mellom elva og fjorden. Den delen av kyrkjegarden som ligg her er nyare. Han er avgrensa med tregjerde til tre sider. Tilkomstvegen er via open port markert med to mura stolpar i gjerdet.

Tilkomstvegen fører også fram til rullestolrampe frå sør opptil hovudinngangen vest i kyrkja og til bårehuset (sjå nedafor).

Det er også gravplass mellom kyrkja og elva på vestsida. Denne strekkjer seg ettermåten langt nordetter elvebredden mot brua. Det går asfaltert stig frå vestinngangen mot trapp ned til elva. Rett nord for kyrkja er det også gravplass, men denne delen strekkjer seg ikkje så langt nord som den vestre. Den nordvestre delen er avgrensa med mur i aust og nord, den nordlege i aust. I nord har den nordlege nettinggjerde, det har også den nordvestlege i vest mot elva. Medan gravene på den nordvestre delen er vende mot sør, er gravene nord for kyrkja (frå 1950 og frametter) vende mot aust.

Gravminne

Kyrkjegarden har nokre gravminne attende til ca 1900, elles er dei fleste frå siste halvdel av 1900-talet og frametter. I reiskapshuset i aust er det oppbevart to fragment av eldre gravminne i stein. Den eine er ein hjulforma endestein. Den andre er eit fragment med del av laurbærkrans og bokstavane HOC / GSP på den eine sida og del av laurbærkrans og årstalet 1715 på den andre.

Midt på den nordvestre delen av kyrkjegarden er det i seinare tid sett opp eit større gravminne i rosa granitt, oppbygd som ein sarkofag med innskrift på metallplate på loket: PROVST / HENNING JUNGHANS BUGGE / STUB / * 27/3 1821 † 7/4 1907 / SOGNEPREST TIL STRANDEBARM / 1879 – 1898 / MARIE ELISA STUB / FØDT BERNER / * 2/9 1819 †18/7 1881.

Det finst døme på oppattbrukte gravminne. Nye namn er innskrivne på ei plate som er festa til det gamle gravminnet.

Bygningar på kyrkjegarden

To mindre hus er knytte til kyrkjegarden. Det minste og eldste ligg søraust for kyrkja og inneheld ei reiskapsbu og eit isolert opphaldsrom for kyrkjegardsarbeidarar. Det største ligg sørvest for kyrkja og inneheld bårerom, reiskapsbu og toalett.

Kjelder

Utrykte kjelder

Kyrkjerekneskapar, 1618-1722, Statsarkivet i Bergen

Opplysningar frå kyrkjeverja

Trykte kjelder

Bendixen, B.E., ’Fornlevninger i Søndhordland og Hardanger’, i Aarsberetning for Fortidsminneforeningen 1890, s. 18-19

Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt. Bergen 1904 – 1913

Brosjyre. Faldar, til sals i kyrkja

Bilde


Fotnoter

  1. Visitasmelding 19.9.1864
  2. Visitasmelding 31.8.1875
  3. Bendixen 1904 – 13, s 429 - I kyrkjebrosjyren står det at kyrkja vart oppført av byggmeister M. Svennem etter teikning av O Vangberg
  4. Visitasmelding 1876
  5. Bendixen 1904 – 13, s 430
  6. Bendixen 1904 – 13, s 431
  7. Bendixen 1904-13, s. 431 f.
  8. Bendixen 1904-13 s. 430f.
  9. Brosjyre
  10. Bendixen 1904-13, s. 432.
  11. Opplyst av kyrkjeverja etter 75-årsskrift for Strandebarm kyrkje
  12. Opplyst av kyrkjeverja
  13. Opplyst av kyrkjeverja
  14. Bendixen 1904 – 13, s 433f.
  15. Bendixen 1904 – 13, s. 434
  16. Same staden
  17. Kolnes 1993, s. 366
  18. Brosjyre
  19. Brosjyre