Stamnes kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Stamnes kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVaksdal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.664209,5.749704
FellesrådVaksdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125100101
Soknekatalognr10070303
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kyrkjestaden Stamnes ligg på vestsida av eit runda nes som stikk ut på nordsida ytst i Vikafjorden. Denne fjordarmen skjer seg inn mot aust frå Veafjorden på austsida av Osterøy og har vidare samband med Bolstadfjorden. I tidlegare tider har Stamnes såleis lege sentralt i ferdselsruta mellom Bergen og Voss.

Kyrkja er første gongen nemnd som Stafnes kyrkje, i 1328.[1] Den kyrkja som stod då, må ha vore ei stavkyrkje. Neste kyrkje vart oppført tidleg på 1600-talet og var ein tømmerbygning som etter kvart vart for liten, og ei ny kyrkje i lafteplank vart oppført rett sør for tømmerkyrkja i 1861.

Stavkyrkja

Den første kyrkja har som nemnt mest sannsynleg vore ei stavkyrkje.[2] Det er lite kjent om denne kyrkja, bortsett frå det ein veit om nytt inventar på slutten av 1500-talet. Kyrkja skal ha fått ny preikestol i 1582 og stolestader kring 1590.[3]

Tømmerkyrkja

I området på og kring Osterøy kom bygginga av den nye generasjonen kyrkjer, tømmerkyrkjene, tidleg i gang. Dei fleste kyrkjebygningane vart reiste i tidsrommet 1600-1630, den første kyrkja som vart oppført var Mo kyrkje i 1593. Kyrkja på Stamnes er ikkje nøye tidfest, men vart truleg oppført i tidsrommet 1615-1620. Tidleg på 1800-talet vart kyrkja opplevd som lita i høve til folketalet, og kyrkja vart riven etter at den nye kyrkja var oppført i 1861.

Bygningen

Ved synfaringa i 1686 var Stamnes kyrkje ei tømmerkyrkje som var 18 alner lang med koret.[4] Det kan tolkast slik at kor og skip hadde same breidde og høgde. Kyrkja er i 1721 omtalt som ein tømmerbygning med eit lite firkanta tårn. Tårnet var då råteskada, og eit nytt tårn skulle byggjast. Skipet var 18 alner langt og 11 alner breitt, koret var åtte alner langt og ni alner breitt.[5] Ifølgje rekneskapane hadde taket og tårnhjelmen vorte fornya i 1680-81. Etter synfaringa, i 1687-89, var det bygt eit nytt kor til kyrkja, og det vart montert i alt seks nye vindauge i kor og skip. Lem i koret av pløygde bord vart lagt i 1699-1701. Ny lem vart også lagt over skipet i neste rekneskapsbolk (1702-04).

Inventaret

Inventaret i denne kyrkja var etter måten fattig. I 1661 hadde kyrkja berre det mest nødvendige, ei lita klokke, kalk og disk av tinn, ein messehakel, ein messeserk, ein altarduk, ein lysestake av jarn, altarbok, salmebok, timeglas og eit massingbekken i døypefonten.[6]

Inventaret endra seg noko i tida fram til det siste oversynet over inventaret frå kyrkjerekneskapane kring 1720. Då har kyrkja i tillegg til dei rituelle kara i tinn fått kalk og disk av sølv. Messehakelen vert då oppgitt å vera av Raskes stoff, eit ullent tøy. Kyrkja har fått eit par ”smuche Mæssing Stager”, dei same som finst i kyrkja i dag (sjå nedafor under Lysstell). Det var no to små klokker i kyrkja og ei lita lysesaks i jarn er nemnt.[7]

Rekneskapane opplyser at ein ny altarduk vart laga i 1668-70. Den nye klokka vart gjeven til kyrkja i 1696 av ”Kongl. Mayts Sorenschrifuer ofuer Voss, Sahl. Niels Kaaes Effterlefuersche”. I samband med at det vart bygt nytt kor til kyrkja i 1687-89, vart altaret og preikestolen flytta og det vart laga ”Stoler” i koret. Kalken og disken av sølv som var lagt til inventaret vart etter rekneskapane gjevne til kyrkja i 1713 av soknepresten Claus Schavenius (sjå nedafor under Rituelle kar), etter dette brukte han tinn-kara til soknebodssett.

Bergen Museum har to måla glasruter frå tømmerkyrkja på Stamnes.[8]

Kyrkja frå 1861

Bygningen

Stamnes kyrkje vart oppført etter teikningar av Holtermann med tillegg av departementets konsulent vedrørande tårnet. Det vart diskusjon med departementet som meinte at eit sakristi var nødvendig. Kyrkjelyden vann fram med sitt ynskje om å sleppa å byggja sakristiet, ettersom prestestova ville liggja så nær kyrkja. Nils Mjøs var byggjeleiar for kyrkja som vart vigsla 20. oktober 1861.[9]

Kyrkja er tilnærma orientert med koret i aust og med skip og kor under eitt saltak. Framfor vestveggen står eit firkanta tårn og aust for koret er det sekundært bygd eit sakristi.

Vegger

Kyrkja er tømra opp av lafteplank i eit rektangel der kor og skip er like breie. Kvar langvegg er delt inn i sju fag ved hjelp av seks opplengjer, koret utgjer dei to austre faga. Med unntak av opplengjene ved korskiljet, er opplengjene avstiva mot bindbjelkar med sveifa skråband. Tre av faga har rektangulære opningar for vindauge. Vestveggen har mindre vindaugsopningar på kvar side av tårnet i gallerihøgd.

Veggene vart kring 1955 kledde innvendes med ståande panel etter framlegg frå arkitekt Torgeir Alvsaker. [10]

Portalar og dører

Kyrkja har hovudinngang gjennom tårnfoten med fløydør vest i tårnet og vest i skipet. Det er seinare, i samband med rullestolrampe, teke ut ei brei døropning i nordveggen i tårnet. Frå andre høgd i tårnet er det dør inn til galleriet. Austveggen har dør mellom kor og sakristi, sakristiet har elles ytterdør i sør og to dører mellom dei tre romma inne i tilbygget. I kjellaren under tilbygget er det fløydør ut mot nord, inn mot tidlegare bårerom og elles enkle dører mellom romma.

Opphavlege dører avgrensar seg til fløydøra og galleridøra vest i skipet og døra bak altaret. Alle dørblada har tre likt forma fyllingar over einannan, med form tilpassa forma på døra. Ramma har profilar inn mot fyllingane. Geriktene er også profilerte, men geriktene på galleridøra har flatt snitt, medan snittet på fløydøra er høgst i ytterkant. Galleridøra har opphavleg lås, medan dørene nede har enkle, nyare dørvridarar og nøkkelbeslag.

Ytterdøra vest i tårnet er ny, truleg av teak, og kvitmåla. Ho har ståande bord utvendes og plater innvendes. Døra ved rullestolinngangen har plate innvendes, utvendes er ho panelt som veggen med liggjande bordkledning utan markering med gerikter.

Eit foto i kyrkja viser at inngangen i aust tidlegare var overdekt med eit lite pulttak utvendes. Dørene i tilbygget er glatte standarddører.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er marker ved at korgolvet ligg tre steg høgre enn golvet i skipet. Den breie trappa er etter Torgeir Alvsakers restaurering flankert av brystvern av finér med lys blå marmorering og chi og jota over sol, flankert med stjerner i relieff. Torgeir Alvsaker laga også dei stolpane som står innafor korskilje-opplengjene og stikkbjelkane som går fram over stolpane. Dette er fortalt slik i Jubileumssoga: ”Så vart det, etter tilråding frå arkitekten, bygt opp ei ”søyle” med ornament øvst, for betre – og symbolsk – å markera skiljet mellom skipet og koret.”[11]

Vindauge

Kyrkja har tre større vindauge i kvar av langveggene og to mindre i gallerihøgd, eitt på kvar side av tårnet. Tårnet har vindauge mot nord og sør i første høgd og mot vest i andre høgd. I tillegg har det måla blindvindauge i andre og tredje høgd i nord og sør og som lydluker i klokkestova.

Yttervindauga i langveggene er inndelte i 3 x 6 ruter ved hjelp av støyperjarnsprosser. Innervindauga er sekundært innsette heile ruter i lettmetallrammer. Utvendige gerikter er profilerte som dørgeriktene. Nede kviler vindauget utvendes på ei breiare hylle som er flankert av to fasa stolpar med markert base nedst på veggen og kapitel over vindaugshøgd. Saman med eit overliggande vatnbord over kapitela utgjer desse ei ekstra ramme rundt vindauget. Mindre vindauge på galleriet og i tårnet er av same slag, i tilbygget er det nyare vindauge.

Golv og fundament

I samband med panelarbeidet kring 1955 vart det også lagt nytt golv oppå dei gamle golvborda, og kyrkja har no bordgolv med smale bord lagde i lengderetning. Fundamentet av stein er pussa utvendes.

Tak

Taket er eit saltak med slak vinkel. Over skip og kor har taket seks sperreband med sperrer og undersperrer som går inn mot ein hengebjelke frå mønet og er stiva av med hanebjelke under krysset mellom undersperrer og hengebjelke. Samanføyingane er sikra med bolt og mutter. Over sperrebanda ligg det åsar som ber over- og underliggjande bord som feste for helletak.

Himlingar

Kor og skip har flat himling over eit rutenett av bindbjelkar og langsgåande takbjelkar som er lagde inn i gavlveggene. Ytst på kvar side ligg himlinga heilt nede på bindbjelkane.

Tårn

Tårnet er firkanta med tre høgder avslutta oppe med saltak og inntrekt, firkanta lanterne avslutta med høg, pyramideforma hjem med svai over lanterna. Hjelmen har spir med kule og gjennombroten pil med årstalet 1861.

Konstruksjonen er synleg frå andre høgd og opp, i første høgd er veggene kledde innvendes med ståande panel. Veggene er rette og oppbygde som bindingsverk med hjørnestolpar avstiva med tilsette, sjølvgrodde kne mot rammer oppe og ved etasjeskilje. Innafor hjørnestolpane i bindingsverket står ekstra hjørnestolpar støtta med sjølvgrodde kne. Kvar side har to mellomstolpar og er avstiva ved kryssband over to høgder. Etasjeskilje av bordgolv på takbjelkar.

Hjørnestolpane i lanterna kviler på ramme i klokkestova, to av stolpane ber også klokkene som heng på sørsida. Frå bjelkelaget over klokkestova skrår saltaket inn og hjelmen er herifrå styrkt med midtstolpe, ein mellomstolpe og kryssband på kvar side. Lanterna er avslutta med bjelkelag som ber pyramideforma hjelm med hjørne- og mellomstolpar.

Utvendes er tårnet kledd med liggjande panel som resten av kyrkja. Saltaket over klokkestova har helletak, hjelmen er tekt med plater.

Hovuddøra vest i tårnet er dekt utvendes med eit lite pulttak på konsollar. Nord i våpenhuset er ei ny brei dør ved rullestolsrampe. Vindauge på kvar side i første høgd og på gallerigangen og i klokkestova i vestveggen. Klokkestova har lydluker mot nord og sør, måla og forma som vindauge utvendes. Trappa går først opp langs nordveggen og vidare ved vindauge i vest.

Tilbygg

Sakristiet vart tilbygt og stod ferdig til 100-årsjubileet 29. oktober 1961. Teikningar av arkitekt Olaf Larsen, omarbeidde av kommuneingeniør Krieg.[12] Sakristiet er smalare og lægre enn kyrkja og er sett sentralt inntil austveggen. Det har inngang frå sør til gang med siderom i aust og til møterom med nærast kvadratisk plan i nord. Frå møterommet er det inngang til kyrkja bak altartavla. Tilbygget har full, støypt kjellar med bårerom og toalett og med inngang på nordsida. Veggene i tilbygget er av reisverk, innvendes kledd med ståande skuggepanel, utvendes som kyrkja elles. Bordgolv av smale bord. Torams vindauge der kvar ramme i ytre glas er inndelt i seks med sprosser. Flat himling av plater under saltak. Tilbygget er tekt med ruteheller.

Interiør

Altaret med altartavle og altarring står sentralt aust i koret. Døypefonten står nord i koret ved trappa og oppgangen til preikestolen er på sørsida vest i koret. Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen, og tverrgalleri med orgel i vest.

Interiøret gjennomgjekk store endringar i siste halvdel av 1950-talet etter framlegg av arkitekt Torgeir Alvsaker. Veggene vart då dekte med ståande, uhandsama panel og korskiljet vart endra.

Fargar

Kring 1900 hadde kyrkja kvite himlingar og gule vegger. Oppe og nede på opplengjene og også på galleri(stolpane)et var det måla grøne blomeornament.[13] Kyrkja vart måla innvendes i 1925.[14] Ved Alvsakers arbeid i kyrkja kring 1955 vart fargeskjemaet endra og målararbeidet vart utført av Johs, J. Vik.[15] Interiøret er no prega av dei umåla veggene, golvet er også trefarga, men lakka. Himlinga er kvit med lyst blå takbjelkar og med stafferingar i raudt. Taklistene er også lyseblå med måla frise i kvitt og gult og med staffering i svart og raudt. Opplengjer og bindbjelkar er grågrøne. Benkene har vangar og salmebokhyle i dempa raudt, elles er dei grå og gråblå, Etter midtgangen ligg ein grøn løpar og inne i altarringen eit mønstra, grønt teppe.

Over inngangsdøra vests i skipet er det ein supraport med følgjande innskrift i gotisk fraktur: Agta foten din naar du gjeng til Guds hus. Det er berte at ein held seg ner og høirer enn at daarar ber fram offer; Preik. 4,17. Bokstavane er svarte mot lys, marmorert bakgrunn. Innskrifta vart endra frå bokmål til nynorsk i 1934.[16]

Lys og varme

Før 1900 var ikkje kyrkja oppvarma, men då vart det sett inn omnar og skorsteinar.[17] Kyrkja fekk elektrisk lys ”fram mot 1950”, og frå 1955 vart kyrkja oppvarma med elektrisk straum. Pipene vart då rivne.[18]

Inventar

Altar

Kassealtar av tre med høg sokkel som også fungerer som nedre ramme for tre fyllingsfelt i front, eitt på kvar side og tre dører på baksida. Fyllingar av tre liggjande bord. Fronten har fire pilarar på postament framfor ramtrea, dei ber profilert list under bordplata.

Kneleskammel. Framfor altaret står ein skammel med djup sarg og fire bein. Oppsida er stoppa og trekt med fløyel festa med saum.

Altartavle

Altartavla frå den tidlegare tømmerkyrkja er teken vare på og heng no på langveggen over preikestolen. Kyrkja frå 1861 hadde frå først av ein enkel kross på altaret, denne vart etter 1900 skifta ut med eit måleri av Asor Hansen i ei smal, rundboga gylt ramme. Biletet vart sett inn i ei ny ramme eller tavle i 1907 og er no i bruk som altartavle i kyrkja.

a) Altartavla frå tømmerkyrkja er truleg frå midten av 1700-talet. Ho har tre biletfelt over einannan i avtakande storleik oppetter, og viser dei vanlege motiva Nattverden, Krossfestinga og Oppstoda. Biletfelta er sette inn i profilerte rammer og rammene er flankerte av sveifa vengjer. Det øvste feltet har broten gesims av brei, profilert list.

b) Kløverbladkross med fotstykke. Krossen er oppbevart i tårnet.

c) Dagens altartavle er i ei høgd med fotstykke. Tavla er skoren av Magnus Dagestad og måla av Helene Dagestad.[19] Fotstykket har skriftfelt mellom basane for det rundboga biletfeltet i tavla. Basane er flankerte av felt med dekorativ skurd avslutta ved list. Hovudhøgda har glatt, samanhengande bakgrunn for biletfeltet, berre broten av smale kapitelband ved bogeanfanget og ved skoren liljeform sentralt over feltet. Tavla er avslutta ved vertikal list i ytterkant og oppe ved listverk i gotiserande form med tre spisse gavlar. Den høgste, sentrale, er avslutta med eit hovud med tre ansikt. På kvar side har tavla vengjer i form av eit skore vekstmotiv som er breiast oppe. Måleriet viser ”Kristus og Synderinden”.[20] Det er signert nede til venstre: Asor Hansen 1903. På skriftfeltet er måla med versalar: KOM TIL MEG ALLE DE SOM SLIT OG HEV TUNGT Å BERA! HJÅ MEG SKAL DE FÅ KVILA DYKK UT. MATT. KAP. 11 VER. 28. Innskrifta under altartavla vart endra frå bokmål til nynorsk i 1934.[21]

Altarring

Altarringen er rektangulær i breidderetning med smalt rom framfor altaret, opphavleg heil med port sør for altaret, no med opning på begge sider. Handlista har runda kantar og indre hylle for særkalkar. Ho er boren av dreia pilarar over profilert sokkel. Kneleputa er stoppa og trekt med skai festa med saum. Ytterveggen er glatt med profilert fotlist.

Døypefont

a) Den første døypefonten i kyrkja var ein rund eikestokk med utholing for dåpsfatet. Denne var i bruk då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900. Han skriv då at fonten er ein uthola sylinder ”paa fod”.[22] Fonten er oppbevart i kyrkja og er ein sylindrisk stamme med breiare ring i overkant og uttappingshol sentralt. Han er eiketresmåla med gråmåla sokkelband. Litleskare stiller spørsmål om dette kan vera den mellomalderske døypefonten, etter som han også har uttappingshol.[23]

b) Ein dåpsengel (ca 1790?) er oppbevart i kyrkja. Engelen har venteleg fungert som døypefont i den tidlegare tømmerkyrkja frå han var ny. Han heldt massingbekkenet (sjå nedafor under rituelle kar) mellom hendene. Kroppen er skoren i eitt stykke, medan hovud, armar og fotsolar er sette på. Rundt magen har engelen ein spon(?)ring , men har hengt etter ein krok av jarn som går gjennom figuren over metallbandet. Den svarte parykken er skoren med skolpejarn. Karnasjonsfargen er kvit og raskt utført, under ligg eit gråkvitt fargelag som kan vera det opphavlege. Parykken har svart originalmåling, augene er heller ikkje overmåla. Vengjene, som no er kvite, har tidlegare vore gullfarga. Ringen rundt magen er no blå, men har truleg vore gullfarga. Den eine vengen er sprokken, men delen er bevart. Figuren er 81 cm lang utan armar.

c) Dagens døypefont er laga av Breistein Møbelfabrikk[24] og var også i kyrkja ved jubileet i 1936. Han er åttekant med plate med hol for fatet, avtrapping av profilerte lister mellom kum og breitt skaft, og vulst over foten som er forma som ein standkant. Sidene på kummen har skorne stjerner, sidene på skaftet har skorne, rombeforma diamantbossar. Fonten er kvitmåla med gule treskurddetaljar og staffert med svart og raudt.

Preikestol med oppgang

a) Preikestol frå 1582 er omtalt og avbilda i Jubileumssoga, ein tolkar dei tre fjølene som sider i ein preikestol ut frå profil etter kantane.[25] Ei av dei sidene som er omtalte er registrert i samband med denne registreringa. Oppe på denne sida er årstalet 1582 innskore. Sida har merke etter listverk oppe og nede, og treskurd med alderdommeleg motiv og med bokstavane ST i skjold.[26] Nede på fjøla er namnet Anders Halffuar Søn innskore, truleg sekundært.

b) Preikestolen har fem av åtte sider pluss større side ved veggen, denne av ståande bord. Kvar side elles har ramme med ei fylling. Handlista er i forkant stoppa og trekt med fløyel festa med saum. Lesebrettet er festa mot nordvest og preikestolen har eit ekstra bokbrett. Eit ekstra steg er sett inn på golvet under lesebrettet. Fyllingane i kvart felt er aksentuerte på framsida, felta er avslutta oppe og nede med profilerte lister. Foten er vid og firkanta med brotne hjørne som oppe svingar ut i hjørna over kapitellist. Nede er foten noko vidare under tilsvarande list. Foten strekkjer seg sør til veggen og aust under trappa. Lesebrettet har fast antependium av raud fløyel festa med saum og kanta med gullfarga silkefrynser. Ein kant under handlista har tilsvarande utstyr.

Lesepult

Standard lesepult med lesebrett på skrå sarg festa til dreia pilaster med tre sveifa bein. Umåla.

Benker og faste stolar

Frå 1861 og frametter hadde kyrkja stolestader med dører og høge stolvangar som var rett avslutta oppe.[27] Desse vart utskifte i 1922 med nye benker frå Eidslandet trevarefabrikk.[28] Vangane har rett bakside, er avslutta med vimpergform i overkant og svingar fram mot setekanten som armlene og vidare ned som frambein. Ryggen er heil med ramme og fire kryssfinérfyllingar. Setet er understøtta av eit ekstra beinpar som går opp bak som støtte for ryggen. Salmebokhylle bak øvre ryggkant. Ved jubileet i 1936 skriv Litleskare at benkene er ”eikemaala”,[29] no har dei raudbrune vangar og gult og grått på ryggar og sete.

Galleri

Galleriet er djupt med boga, høgt og gjennombrote brystvern av sveifa bord. Gallerifronten kviler på to runde søyler med base og firkanta, profilerte kapitel med pålagde, skorne stjerner. To bjelkar frå vestveggen kviler på stolpane og ber tre tverrgåande galleribjelkar med fasa hjørne. På bjelkane er det lagt bordgolv. Over dei to stolpane står det mellomstolpar i brystvernet. Desse er feste til dei langsgåande dragarane med vinkeljarn. Inngangen til galleriet er sentralt bak orgelet som fyller midtdelen av galleriet. På sidene er golvet avtrappa i tre steg med ekstra sitjeplassar.

Skulptur

Dåpsengel, sjå under døypefont.

Tavler

Eldre foto viser at kyrkja tidlegare hadde enkle, svartmåla nummertavler med gavl i overkant. Dei to nummertavlene som er i bruk har rektangulær ramme og plata er inndelt i fire ved ein måla kross. I overkant er montert ei skoren sol med strålar. Tavlene har kvit botn, ramme og ornament er måla i gulbrunt og grønt.

Rituelle kar

Kalk

a) Kalk av sølv, innvendes gylt. 1713, kupa fornya i 1862 (eller 1869). Innskrift på foten med skriveskrift: Hr Claus Schavenius * Kirsten PedersDatter Gudvad 1713. Eit merke nede på foten er vanskeleg å lesa som stempel. Kupa er fullstempla oppe under kanten: 13 1/3, HN(N-en usikker), !0/M (oktober?), Sju kuler (Bergen) og (18)62 – eller 69.H. 19,3 cm, diameter fot: 10 cm, diameter kupa 9,8 cm

b) Kalk av plett, innvendes gylt. Ustempla. Høgde 24,4 cm, Diameter kupa 11,6 cm.

Særkalkar av plett. Stempel: 5, sju kuler (Bergen), MÅ (Magnus Aase), P (plett) og 2. Høgde 7,6 cm.

Disk

a) Liten, eldre disk, sølv, ustempla. Truleg frå 1713. Diameter 11,3 cm med smal (1,3 cm) rand og rette sider.

b) Nyare standard disk med svakt skrådd rand og svinga side mot flat botn. Latinsk kross på randa. Innskrift med trykt skriveskrift under botnen: Stamnes Kyrkje 1965, Gåve frå kyrkjelyden. Stempel: T i skjold og 830 S. Diameter 14 cm.

Oblatøskje

a) I 1936 var oblatøskja av tre med bladornament.[30]

b) Oblatøskje med svakt utskrådd korpus og lok som svingar opp mot knopp i form av kule med latinsk kross. Innskrift under botnen: Stamnes Kyrkje 1965 Gåve frå kyrkjelyden. Stempel T i skjold og 830 S. Diameter botn 8,6 cm, høgde ca 8 cm.

Vinkanne

a) Tre rebekka-krukker med same form, alle med lok. To er stempla Feyer og har grønleg stoppel-måling. 33,5 cm høg ved hanken. Den tredje er stempla Egersund Fayance og er kvit med konturar i gull. 33,7 cm ved hanken. Alle har utheva kross på framsida av korpus, på den kvite er krossen høgre plassert.

b) Vinkanne av sølv. Stempel under botnen, utheva latinsk kross på kupa og oppå loket. Innskrift på foten med stempla skriveskrift. Stamnes Kyrkje 1965, Gåve frå kyrkjelyden. Stempel T i skjold og 830 S. Diameter fot: 10,7 cm, breidde ved hank og nebb ca 17 cm. Høgde utan lok 23,4 cm.

Dåpsfat

Massingbekken, 1600-talet. Brei rand med forsterka kant, rett vegg som svingar inn mot runda bot. Randa er lodda på skåla ca 1 cm utafor veggen og er truleg sekundær. Diameter 35 cm, høgde ca 8 cm.

Kanne

a) Amforaforma kanne i plett, innvendes gylt. Utan lok, men kan ha fungert som vinkanne saman med kalk b. Ustempla. Høgde ved hanken 35 cm.

b) Koparkjel med lok. Kjelen har tønneforma korpus, svungen, flat hank og konisk tut og vert brukt som kanne. Høgde 13,7 cm, diameter fot 8,9 cm.

Parament

”Altarduk og messeklæde dei vanlege. Messehagelen vinraud med gullkross.” (J. s. 82) Ny altarduk påske 1959, utført av Reidun Høvik.(s. 157) Mange symbol rundt kanten – er duken teikna av Torgeir Alvsaker?

Altarduk

a) Altarduk av lin med hekla bord med tunga kant med vekselvis kross og kalk. 17 cm på tre sider.

b) Altarduk av lin med innvovne myggtjeld-krossar. Truleg sydd av Reidun Høvik 1959.[31] Mønsteret kan vera teikna av T. Alvsaker. Duken er skøytt med eit stykke på 12,5 cm i bakkant. Framme er ei 18 cm brei brodert bord med stilkesting og krossting. Borda viser motiva kross (sentralt framme), sigerslam, aks, due, pelikan med ungar, svale(?), drueklase og på dei to framhjørna sirkel og trekant,. Motiva er skilde med smal, ornamental bord. Duken er slitt.

c) Kvit linduk med 18 cm brei bord kopiert frå duk b. Papirmønster til motiva oppbevarte i kyrkja.

Messehakel

a) Raud messehakel, tidleg 1900-tal? Skjoldforma. Hovudstoff lys, klar raud fløyel, fôr av raud bomullssateng. Kanta med 2,9 cm breitt gullband, på ryggsida kross av 5 cm breitt band kanta med smal, fletta gullsnor. Festa på venstre skulder med tre hekter. Høgde 105 (forsida 86) cm, breidde ved skulder 54 (nede på ryggsida 77) cm.

b) Raud messehakel, 1975. Hovudstoff: viskose med innvovne krossar og bøljenett. Kross og stolpe av gullsnorer supplert med broderi. Fôr av bleikt gult lerret. Kross bak og stolpe framme. Tre hekter på venstre skulder. Merkt DNH 1957. Høgde 105 cm, breidde ved skulde 61 cm.

Messeskjorte

Ei bomulls messeskjorte er oppbevart i kyrkja.

Lysstell

Altarstakar

Massingstakar frå 1600-talet. Stakane har nyare lyspiper for kubbelys og ev pigg er fjerna. Den eine staken har ein reparasjon på standkanten der eit 5,5 cm breitt og ca 1,5 cm høgt stykke er skøytt inn med noko gulare metall. Høgde til lysskåla 22,1 cm, diameter fot 18 cm.

Andre stakar

Standard sjuarma lysestake med tre bogar på midtstong med brei fot. Innskrift på foten med versalar: GÅVE FRÅ STAMNES KYRKJELYD I HØVE KYRKJA SITT 100 ÅRS JUBILEUM 29 – 10 – 1961. Stempel: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN. Høgde 43 cm. Diameter fot 19,5 cm.

Lysekroner og lampettar

Ei tidlegare lysekrone er lagra i kyrkja. Bruvik sparebank gav kyrkja to lysekronene og åtte toarma lampettar i 1934.[32] Desse er framleis i bruk.

Lykt

Ei blekklykt frå førre kyrkje finst framleis.

Klokker

Ei øydelagd klokke vart omstøypt av metallstøypar Ingebrigtsen i Bergen 1881.

a) Mellomalderklokke (a) med oppheng av seks runda bøylar og midthank. Runda kroneplate som svingar ned og ut i runda hue over rett hals og øvre del av korpus, nedre del av korpus svingar ut og via to grunne holkilar ned i bratt slagring som innvendes skrår oppover. Klokka er lodda innvendes og opphenget er også vølt. Diameter 56 cm. Høgde med krone 58,5 cm, utan krone ca 47 cm.

b) Nyare klokke (b) med oppheng i form av krone med seks kanta bogar og midtboge. Flat kroneplate som knekker ned og svingar ut mot lett boga hue. Knekk mot rett hals. Nede svingar korpus ut og går via nedfelt smal rille over i bratt slagring. Innvendes skrår slagringen oppover. Diameter 55 cm, høgde med krone 52 cm, høgde utan krone 42 cm.

Orgel

Eit lite kapellorgel vart innkjøpt frå Knudsen i Bergen (ca 1925?) til minne om klokkaren Knut Simensen. Dette var ei gåve frå sonen i Amerika.(J s. 92) Dette orgelet stod i koret.

Nytt orgel frå Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk A/S (merkt nr 223) vart bygt i 1963 og teke i bruk 9. juni same året.

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på eitt manual og pedal:

Orgelfasaden har svellverk med fem metallpiper i front og sidetårn med fire trefløyter på kvar side.

Bøker

To bøker er oppbevarte hjå kyrkjeverja:

Latinsk bibel. Anno MDLXIIII (1564). Innskrift: TIGVRI EXCUDEBAT CHRISTOPHORUS FRESCHOVERVS IVNIOR.

Brochmands huspostill. København, Jørgen Lamprecht, 1655. Boka har siselerte massinghjørne og skinnband på treplate. Ho har hatt hemper som er erstatta med skinnsnor. (I dårleg stand.)

Møblar

Kister

a) Kiste med sinka hjørne og to beslag på kvart hjørne. Loket manglar, dette har vore hengsla til baksida. Sidene har profilert kant oppe og botnen har profilert ytterkant. Kista er måla, no mørk brun-svart, og på framsida er måla Stamnes Sogn med kvit skriveskrift. Kista er 22 cm høg, 49 cm brei og 29,5 cm djup.

b) Enkel kiste med profil etter hjørna. Delane er sette saman med trenaglar og loket er hengsla til baksida. Høgde 25 cm, breidde 92,5 cm, djupn 25 cm.

Brurestolar

Brurestolane var ei gåve frå Stamnes Husmorlag til 100-årsjubileet. Dei er av eik med stoppa sete og rygg. Bindingsbrettet har akantusskurd og over den stoppa ryggen er bakstavane avslutta med skorne ornament.

Offerutstyr

Blokker

a) Blokk festa med to jarnbeslag til stolpe på gallerigangen. I overkant er to smijarnshengsler feste til rygg og lok. På loket beslag med myntspalte og hengsla låsfeste. Lås i forkant. Grønmåla som stolpen. Høgde 48,5 cm, djupn 19 cm, breidde 15 cm.

b) Blokk, kan ha stått ved utgangen tidlegare. Eiketresmåla. 81,5 cm høg, 21,5 x 22 cm i plan.

c) Blokk, tilsvarande blokk b, oppbevart på loftet. Offer på altaret vert samla inn i korger eller ei treskål.

Blomstervasar

To blomstervasar med konisk korpus og profilert rand og fot. På korpus trykt mønster med latinsk kross og tornegreiner med roser, nede på korpus to ornamentborder, i overgangen til foten ei dreven rankebord. Innskrift på foten med fraktur: Stamnes Kyrkja 1955. Stempel 830 S, K. HESTENES. Høgde 24 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden på Stamnes vart oppmålt i 1852. Det var då rom til 119 graver, medan det skulle vera 356.[33] Den nye kyrkja vart oppsett sør for den gamle kyrkjetomten, og denne gav rom til fleire graver. Ei utviding av kyrkjegarden mot nord vart vigsla av prost Landstad 11. mai 1890.[34] Delar av utvidinga mot nord vart noko seinare reven vekk i samband med eit leirras. Kyrkjegarden vart utvida att mot slutten av 1930-åra. I samband med oppføring av sakristiet, vart kyrkjegarden utvida noko mot sør i 1960, og i 1985 kjøpte kommunen det arealet som er rekna som den gamle ”kyrkjebakken”; det ligg utanfor og vest for den inngjerda delen. Kyrkjegarden er dels omgitt av nettinggjerde, dels av plantasje. På sørsida mot parkeringsplassen og vest for hovudinngangen er det tørrmur. Utafor porten i vest vart det i 1992 opparbeidd eit parkliknande område med minnesmerke, ei stor steinhelle og tilplanting. Grunnen har skiferheller på begge sider av porten og fram til kyrkjetrappa.

Minnesmerke

Framfor kyrkja står eit minnesmerke over to falne frå andre verdskrigen. Innskrift: Olav O. Hesjedal * 24-2 1915 / Håkon Nytun * 5-2 1918 / Falne i striden for Noreg. April 1940 / Ungdomslagi i bygdi reiste denne steinen.

Reiskapsbu

Nordvest på kyrkjegarden ligg eit lite reiskapshus innafor kyrkjegardsporten. Det har rektangulær form, står på støypt fundament og er oppført i reisverk kledd utvendes med liggjande panel. Taket er eit saltak tekt med ruteheller og med enkle sveitserstilelement i gavlane. Fløydør mot grusveg i sør.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Kyrkjerekneskapar og synfaringar, Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet
  2. Opplysningar frå kyrkjeverja
Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904 – 13
  2. Jubileumsbok: Soga om Stamneskyrkja 1861 – 1986, Voss 1986

Bilde


Fotnoter

  1. Bendixen 1904 – 1913, s 605 f
  2. Litleskare legg fram tankar om kvifor Stamnes vart vald til kyrkjestad i Soga om Stamneskyrkja (1936), attgjeve i Soga om Stamneskyrkja (1986)
  3. Litleskare, utan kjelde, same staden
  4. Synfaring 1686, Stiftamtmannsarkivet, Statsarkivet i Bergen
  5. Synfaring 1721, Stiftamtmannsarkivet, Statsarkivet i Bergen
  6. Inventarium 1661, Kyrkjerekneskap 1659-61, Riksarkivet
  7. Stamnæs Kirckes Inventarium, Kyrkjestolebok 104, Statsarkivet i Bergen
  8. Jubileumsbok s. 86 f
  9. Jubileumsbok s. 67
  10. Jubileumsbok s. 154 f
  11. Same staden
  12. Jubileumsbok s. 162
  13. Bendixen 1904-13, s. 605
  14. Jubileumsbok s. 153
  15. Jubileumsboka s. 155
  16. Same staden
  17. Jubileumsbok s. 91
  18. Jubileumsbok s. 156
  19. Jubileumsbok s. 91
  20. Jubileumsbok s. 92
  21. Jubileumsbok s. 155
  22. Bendixen 1904-13, s. 606
  23. Jubileumsbok s. 87f
  24. Jubileumsbok s 155.
  25. Jubileumsbok s. 86-87
  26. Same staden, ST tolka som Stephan Thommessøn, sokneprest i Haus ca 1580-1609.
  27. Jubileumsbok s. 89
  28. Jubileumsbok s. 91
  29. Jubileumsbok s. 92
  30. Jubileumsbok s. 82
  31. Jubileumsbok s. 157
  32. Jubileumsbok s. 92
  33. Jubileumsbok s. 100 f med planteikning
  34. Jubileumsbok s. 104