Solvorn kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Kyrkje i Solvorn er første gongen nemnd i Bjørgvin Kalvskinn. Dette er truleg den kyrkja som vart rivi då tømmerkyrkja vart oppført på den gamle kyrkjestaden omkring år 1600.

Om det i Solvorn også har vore kyrkje før denne, liksom på Ornes på hi sida av fjorden, er uvisst. Tømmerkyrkja vart rivi og seld på auksjon i 1881, etter at den nye kyrkja i lafteplank var oppført på den andre sida av vegen, litt lengre nede. Den nye kyrkja som var ferdigstilt i 1883, var felles kyrkje for Ornes og Solvorn sokn. Urnes og Solvorn vart slegne saman til eit sokn ved Kgl. Res. 19/5 – 1881.

Stavkyrkja

Det er svært lite overlevert om stavkyrkja. Ho skal ha hatt eigen prest med eigen prestegard, som vart kalla Prestbø, og som truleg er den garden som seinare vart kalla Kyrkjebø og gjekk inn under bruket Bjørnetun.[1]

Tømmerkyrkja frå 1600-talet

Den neste kyrkja kjenner vi betre, både avdi dei skriftelege kjeldene er rikare, og avdi mykje av bygningen er bevart.

Synfaringa i 1686 omtalar kyrkja slik:

Solverens kirke, Er en Smuch Tømmer bygning. Kirkens lengde er 17 Alne, 14 Alne breed, Chorit 10 Alen i Kant, forKirchen under Taarnit 6 Alne langt og lige breed med Kirchen, Indvortes er kirchen Malit och Vell Conditionerit.

I 1721 er omtalen som følgjer:

Solverens Kirche, Er een Goed Tømmer Byg[ning] med et fiirkanted Taarn fra Grunden opbygt, og et waabenhuus af Stave Bygning, tægt med Bord, indvortes smuch mahlet, og i andre Maader Velholdet.

Måla på koret var i 1721 9 alner langt og 10 alner breitt, skipet var 16 alner langt og 12 alner breitt og våpenhuset 6 alner langt og 3 (13?) alner breitt.

Medan vi må rekna med at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, går ikkje rekneskapane for kyrkja lengre attende enn til 1667, og vi får såleis ikkje opplysningar om sjølve oppføringsperioden.[2] Gjestgjevargarden Walaker kjøpte den gamle kyrkja då ho vart seld, og brukte henne på ein slik måte at vi, når vi også ser på bevarte måleri, kan få eit bilete av korleis kyrkja kan ha sett ut.

Bygningen

Den førre kyrkja i Solvorn har vore ei brei og rommeleg kyrkje, med eit noko smalare kvadratisk kor, med vestgalleri og med benker på begge sider av midtgangen.

Utfrå landbruksskulestyrar Storm si teikning frå 1866, altså 17 år før dagens kyrkje var oppført, har kyrkja vore ei langkyrkje med smalare kor og med hjelmkledd tårn og inngangsparti mot vest, altså har ho vore rettare orientert enn den nye kyrkja i det koret har lege mot aust. Kyrkja låg i øvste delen av den gamle kyrkjegarden og på teikninga kan ein sjå at vegen snor seg ned mellom garden Grov og kyrkja. Hjelmen på kyrkja er truleg åttekanta, som hjelmen på Urnes kyrkje. Bak på teikninga finst følgjande notat:

Den gamle tegningen av Solvorn er tegnet av landbruksskolebestyrer M.L. Storm i 1866. Tegningen er gjengitt sammen med et annet maleri fra Solvorn i årsberetningen for foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring 1949. HC. [Håkon Christie]

Eit måleri av Knut Baade frå 1834, i Nasjonalgalleriet katalogisert som Gaupne kyrkje, må vera tømmerkyrkja i Solvorn. Baade har ikkje måla inngangsdøra på kyrkja. Han har poengtert at vedlikehaldet var mangelfullt, det manglar bord i hjelmen og takpanner på takflatene.

Så godt som alle veggene i kyrkja er bevarte i fjøsen på Walaker hotell og hyser no eit biletgalleri. Skipet er truleg inntakt, sameleis koropninga i det som tidlegare var austveggen i skipet. Kyrkjerommet er 9,2 m langt og 6,9 m breitt.

Koret vart ved flyttinga sett inn til utsida av sørveggen og brukt som stall. Breidda innvendes her er 5 m, dette stemmer med skøytane i austveggen i skipet. Lengda er no vel 4 m.

Veggene

I skipet er det bevart åtte – ni omfar av tømmerstokkar i veggene. Stokkane, som er om lag 27 cm høge, er flathogne med bevart profil både i over- og underkant på innsida – holkil og geissfuss – der han ikkje er avsliten. I øvste og nestøvste bjelke både på nord- og sørveggen er det fâr etter smale bindbjelkar og truleg etter galleribjelke.

Skipet har hatt hovudinngang i vest. Det er sett inn ei ny dør i opninga, men dei profilerte beitskiene er inntakte. Dei er 175 cm høge over noverande golv, og gangjarna er bevarte. Rommet har også ei inngangsdør på sørsida aust i skipet, med intakte beitskier.

I ytterveggene i nord og aust er det sett inn nye vindauge, men det er også spor etter vindauge som har vore i kyrkja. Det er ei 105 cm brei, låg vindaugsopning med gerikter vest på sørveggen. Det er også eit vindauge, 40 cm høgt og 100 cm breitt, midt på sørveggen. Situasjonen ved sørdøra er uklar. Her er det ein stokk som har utsparing i overkant for vindauge.

Under galleriet på sørveggen, rett vest for det vestre vindauget, er det spara ut feste for ein tverrvegg. Dette kan ha vore brystning i eit dåpshus.

I vestveggen, nær det nordre hjørnet, er det utspara ei lita, rundboga opning gjennom øvre del av første og nedre del av andre stokk nedafrå. Bruken av opninga er uviss.

Benker. Oppe i den tredje stokken nedafrå i sørveggen i skipet er det i heil lengde fram til døra utspara rektangulære hol for benkefeste med om lag 72 cms avstand. Tilsvarande utsparingar finst i nordveggen. Dei to fremste benkene på sørsida har stått nærare kvarandre. I stokken over benkefesta er det bora sirkulære nagleholer ned på skrå, dette kan vera sekundært.

Veggene i koret er ikkje intakte, i det det har skjedd ei tilpassing av materialane. Såleis er det rankemåling på utsida av laftehjørnet på dei fire nedre omfara. Dei fleste tømmerstokkane har eit høvelprofil med holkil og geissfuss trekt etter begge kantar. I sørveggen er nokre av stokkane snudde opp-ned. Endeveggen som tidlegare har stått i aust er i dag avstiva av ei opplengje nord for midten. Tømmeret er merkt for flytting med grovt snitta romartal.

Inngangsdøra ved det tidlegare nordvestre hjørne ser ut til å vera opphavleg, med bevarte beitskier og dørstokk. På vestre del av karmen er det dørhengsler, på austre karm feste for lås. Nord i austveggen er det ei vindaugsopning, 77 cm brei og 87 cm høg, om lag 1 m over noverande golv. Nokre av tømmerstokkane har fâr etter innreiing. Dei øvre omfara har restar av rankemåling.

På nordveggen, 115 cm frå noverande golv, er det regelvisse hakk inn i overkanten av stolpen med rest av spikar midt på. Over denne stolpen er det eit rektangel, to omfar høgt (55 cm) og 200 cm langt, der veggen er borte. På vestsida i denne opninga er det synleg rest av feste for beitski. På sørsida står det no ny dør og nytt vindauge.

Taket

Kyrkja hadde saltak over skipet. Dette gjekk fram på sidene av tårnet. Over koret var det eit smalare og lægre saltak. Nytt tak vart rekneskapsført i 1717-19. På Baade sitt måleri var taket tekt med takpanner.

Tårnet i kyrkja har vore eit støpultårn, med fire hjørnestolpar som har gått heilt ned til grunnen. Støpulen har stått vest for sjølve bygningskroppen, og tårnet har hatt siderom i nedre del, slik at tårn og skip har hatt same breidde. Nedre del har vore brukt som vindfang eller våpenhus. I 1661-65 vart det ved synfaringa peikt på at det måtte leggjast ein lem under klokkene i tårnet av tre tylfter bord. I denne lemmen skulle det vera ei lita luke med lås for ”at ingen ufornufftig schal Ringe Klochene”.

I 1690-92 vart det etter rekneskapane bygt opp nytt tårn på kyrkja i staden for det som vart blese ned av storm.

Interiør

Fargar. Det er ikkje mykje att av dekormåling i skipet, men nede, rett vest for der preikestolen truleg har stått, er det restar av draperimåling, og rankemåling er bevart dels på nokre tømmerstokkar, dels på ei gruppe panelbord. Om den dekorative målinga skreiv Heiberg følgjande:

Paa Væggene fandt vi same Renaissance-Maling som i Gaupne Kirke, Fremstillinger af Frelseren, Apostle og Evangelister, omgivne af Blad- og Blomster Ornamenter.[3]

Det må såleis ha vore rankemåling og figurframstillingar over draperimåling i kyrkja.

I synfaringa frå 1686 står det at kyrkja innvendes er Malit och Vell Conditionerit, sameleis heiter det i 1721 at kyrkja er ”indvortes smuch malet”. Ei av glasrutene skal ha vore merkt Simen Nielsen 1626.[4]

Inventar

Inne i kyrkja var det fråskilt eit dåpsrom, ein fundt. Den vanleg plasseringa var på nordsida rett innafor inngangen, men her kan det ha vore på sørsida. Fonten vart fornya i 1705-07, og panelen kring vart reparert. Arbeidet vart utført av Michel snedcher. På kvar side i skipet var det elles benker. Desse finn ein festemerke for i langveggene i galleriet på Walaker, og der finst også ein del benkevangar. Det er også spor etter skilje mellom kor og skip, og koret er for ein stor del bevart. I korskiljet har det stått ein korskiljevegg, og restar av treskurd på Walaker kan skriva seg frå eit slikt korskilje. I nærleiken av korskiljet har preikestolen stått, og også denne finn vi restar av på Galleriet, sameleis delar av altarringen.

Altarring

Michel snedcher laga ny altarfot i 1705-07. Mykje av ein altarring er bevart på Walaker, det kan vera frå det same arbeidet.

Preikestol

Preikestolen vart flytta og fekk ny oppgang i 1705-07. Arbeidet vart utført av Michel snedcher. To delar av smalfelt frå preikestolen er tekne vare på på Walaker.

Benker og faste stolar

Ein ny skriftestol vart laga i 1675-77. 30 år seinare, i 1705-07, vart det igjen laga ny skriftestol. Det var Michel snedcher som utførte dette arbeidet, og han laga samstundes ein ny prestestol.

Toppfeltet frå ein benkevange er bevart på Walaker. Feltet har vore understøtta av sju små pilastrar. Utskoren innskrift: JJB CHN SDN HAR BEKOSTET ANNO 1706.

Rituelle kar

Synfaringa frå 1686 nemner sølv kalk og disk som er forgylt innvendes.

Parament

1 blommet taff[t]is messehagel med bordyret crucifix er nemnt i Inventarium 1690. Synfaringa i 1686 nemner ”En schiøn Blommit fløyels Messehagell med Bardyret Kaars paa”, sikkert den same messehakelen.

Klokker

2 tintunabula eller smaa handklokker pluss to klokker i tårnet er nemnde i Inventarium 1690.

Kistemateriale

Heiberg nemner følgjande om kistemateriale under kyrkjegolvet:

Da Kirken 1883 nedtoges, fandt man under Gulvet en Række vel bevarede Egetræs-Ligkister hvori laa de jordiske Levninger af Embedsmend og Adelige, som særlig denne Bygd i Middelalderen var rig paa.[5]

Kyrkja frå 1883

Bygningen

Kyrkja er ei hallkyrkje av lafteplank oppført etter teikningar av arkitekt Hansteen med doktor Wulfsberg, som hadde kontaktar i Kroken, som byggmeister. Også fleire kjende kyrkjebyggjarar, som Wangberg og Askeland, viste interesse for kyrkja etter at det var utlyst tilbodsinnbyding. Askeland hadde endå fått arkitektfirmaet von der Lippe til å laga teikningar til kyrkja.[6] Frå først av var kyrkja gul med brunleg listverk, no er ho kvitmåla.[7]

Kyrkja har breitt, rektangulært skip under saltak. Sjølv om kyrkja ikkje er rett orientert, i det koret ligg meir mot nord enn mot aust, vert ho nedafor beskriven med koret i aust og inngangen i vest. I aust skrår veggene inn mot koret som formar eit kort, breitt rektangel. I hjørna mellom kor og skip, utafor dei skrådde veggene, er det bygt til tradisjonelle siderom med sakristi i sør og rom for dåpsfølgje i nord. Sideromma går noko ut over breidda på skipet. Takflatene i aust er valma. Framfor inngangen i vest står eit firkanta tårn. Kyrkja er kvitmåla utvendes.

Vegger

Veggene i skipet, koret og sideromma er i lafteplank. Langveggene i skipet er lafta saman med ein tverrvegg i vest, med skråveggene inn til koret, med langveggene i koret som igjen er lafta saman med endeveggen aust i koret. Vestveggene i korets siderom er kopla saman med kyrkjeveggene i laftehjørna mellom langveggene i skipet og dei skrå veggflatene. Dei ytre hjørna i aust er lafta, og austveggene er lafta inn i langveggene i koret. I skip og kor er lafteveggene støtta med opplengjer. Vestveggen har fire opplengjer og langveggene i skipet fire. I tillegg er det opplengjer i alle hjørne, også ved skråveggene mellom kor og skip, og to opplengjer i austveggen i koret. Innvendige opplengjer har fas i hjørna. Veggene i sideromma er lafta inn i skip og kor. Veggene er måla innvendes. Til opplengjene er det innvendes festa kne og tang (sjå under Tak).

Utvendes har veggene ståande kledning og skøyten mellom borda er dekt av lister. Opplengjene er markerte og innkassa utvendes og deler langveggene i skipet i fem fag med eit vindauge i kvart fag. Vindauga har ein skrå sålbenk i underkant og denne dannar ei horisontal markering i veggen, berre broten av opplengjene. Også mellom vindaugsgeriktene i overkant, der gavlforma startar, er det lagt inn ei horisontal markering.

Under sålbenken har veggene fått ei særeiga utforming i det kledningsborda skrår utover som eit skjørt. Dette er ikkje i samsvar med Hanssteens teikningar og kan vera sekundært. Under takskjegget er det sett inn korte bordendar avslutta nede med v-form. Veggborda er også avslutta nede i v-form. Takskjegget er skrått og bore av sveifa sperreendar.

Dører

Kyrkja har hovudinngang i vest med fløydør mellom skip og våpenhus i tårnfoten og vest i tårnfoten. Vestdøra i tårnfoten er utvendes overdekt med saltak på kne. I sakristiet sør for koret er det dør i nordveggen mot koret, i skråveggen mellom kor og skip til oppgang til preikestolen og i austveggen til trapp ned til kyrkjegarden. I siderommet på nordsida er det dører til koret i sørveggen og til trapp til kyrkjegarden i austveggen. Mellom gallerigangen og galleriet er det to dører.

Dørene er originale fyllingsdører med seks fyllingar, to rektangulære oppe, to rektangulære nede og to kvadratiske i midten. Ramma har skorne fasar inn mot fyllingane.

Dørene på orgelgangen har berre tre fyllingar, men kan vera originale.

Korskiljet

På grunn av det korte koret og dei skrå veggene som dannar overgang mellom langveggene i kor og skip, er koret uvanleg ope mot skipet til å vera frå denne tida. Skiljet mellom kor og skip går ved enden av langveggene i skipet. Her er golvet i koret to steg høgre enn golvet i skipet. I flog med korets langvegger går korgolvet som eit podium om lag 70 cm fram i skipet. Nord på framspringet er det gjort plass for døypefonten, og på sørsida for preikestolen. Desse plassane er avgrensa mot nord og sør ved låg brystning som ytst knekker ut langs podiumkanten til hjørnestolpen.

Sentralt mellom døypefont og preikestol er det trapp i to steg. Oppe er det også markert eit skilje i same nivå i det himlingen i koret har spissare vinkel enn himlingen i skipet.

Vindauge

Kvar langvegg i skipet har fem høge, smale vindauge avslutta oppe med gavlform. Vindaga er truleg opphavlege. Dei har ei ramme og er delte inn med to vertikale og ein horisontal post og vidare i småruter med sprosser.

Geriktene er klassiserande med enkel, rektangulær form, hjørnekloss og innafor denne skrår bord over gavlen. Utvendes formar også geriktene eit rektangel. Her har dei sveitserstildetaljar som fasa hjørne.

Vindauga ved galleriet, både i langveggen og i vestveggen, er delte i to ved gallerigolvet med eigne vindauge over og under golvet. Vest på galleriet er eit vindauge mellom galleri og gallerigang. Vindauget er breiare og inndelt med to vertikale og ein horisontal post og vidare med sprosser. Tilsvarande, men høgre vindauge vest i tårnet.

Sideveggene i koret har små, høgtstilte vindauge avslutta oppe med broten gavl inndelt i mindre ruter med sprosser. Sideromma har breie, låge vindauge inndelte med ståande postar og horisontal sprosse. Vindauga har sekundært fått tilsett heile eirams innerglas i karmen.

Det finst nokre attbygde, mindre opningar der det tidlegare kan ha stått vindauge. Dei er på vestveggene i korets siderom og aust i skipets langvegger.

Golv og fundament

Skipet har bordgolv lagt i lengderetning, i koret ligg borda i breidderetning. I sideromma er golva dekte med boucléteppe. Fundament av tukta granitt. Kryperom under kyrkja.

Tak

Skipet er dekt av eit saltak som i aust er valma inn mot eit telttak over koret med utspring i skipets austre møne. Korets siderom er også dekte med telttak.

Taket over skipet er eit sperretak som berre kviler på veggene i kyrkja, og det har vorte nødvendig etter kvart å styrkja sambandet mellom veggene med fire tverrgåande jarnstag. Dei heile sperrefaga korresponderer med opplengjene i skipets langvegger. Mellom desse er det to enkle sperrepar i kvart fag, avstiva ved to bjelkar innlagde i v-form over sperrene.

Det går skråstøtter frå opplengjene i høgd med øvre kant av galleribrystninga og opp til sperrene. Det er også lagt inn kryssande skråstøtter frå opplengjene inn til stikkbjelkar frå raftehøgd i veggen. Desse støttar opp under knestokkar frå enden av stikkbjelkane opp til sperrene. Stikkbjelkar og knestokkar utgjer feste for sidehimlingane og kneveggene i midthimlingen. Frå raftehøgd i dei heile sperrebanda går det saksesperrer. Gavlen i midthimlingen følgjer saksesperrene. Mellom mønet og saksa er det sett inn ein hengebjelke og det er også hengebjelkar på kvar side som i overkant er knytte saman med ein hanebjelke over mønet på himlingen som også utgjer opplegg for den sentrale hengebjelken. Taka er tekte med ruteheller.

Himlingar

Himlingen i skipet følgjer takkonstruksjonen (sjå ovafor) med flate himlingar på sidene, festa til stikkbjelkane, og gavlforma himling sentralt som følgjer knevegger mellom stikkbjelkane og saksesperrene opp til krysset. Sidene har tverrlagde bord på ein ås, midten har ståande bord på to åsar på kvar side. Skøytane mellom borda er dekte av profilerte lister. Saksesperrene og litt av hanebjelken ligg under himlingen. Kneveggene mellom side- og midthimling har tre innramma felt i kvart fag med ståande bord der skøytane er dekte av lister.

Over koret er det sperrer og skråstøtter frå opplengjer i hjørne og på vegger. Desse er synlege nedafrå og samlar seg i skipets austre møne. Over desse ligg det tverrlagde åsar som ber himlingsbord der skøytane er dekte med lister. Også i koret er det korte, noko skrådde knevegger og smale, flate sidehimlingar.

Tårn

Tårnet er eit støpultårn bygt frå grunnen. Dei austre hjørna skrår noko ut i sideretning, dei vestre både i lengde og sideretning. Tårnet er inndelt i tre høgder med våpenhus i første, gallerigang og lagerrom i andre og klokkerom i tredje høgd.

I tillegg til hjørnestolpane har veggene mellomstolpar og kryssband. Innvendes er veggene i første og nedre del av andre høgd kledde, resten står udekt. Utvendes har tårnet ståande kledning med lister over skøytane og har horisontale og vertikale markeringar som kyrkja elles.

Etasjeskilje i tårnet er tregolv på golvbjelkar lagt over rammer i tårnkonstruksjonen. Døra vest i våpenhuset er utvendes dekt av eit spisst saltak med gavlfelt med sveitserstildetaljar. I andre høgd er det eit stor vindauge i vestveggen, og i klokkerommet er det lydluker til alle fire sider. Tårnet er dekt med åttekanta, inntrekt hjelm over firkanta skjørt og kledd med koparplater.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt interiør med altaret på eit podium ved austveggen i koret. Koret er kort og breitt, og altarringen har rektangelform i breidderetning framfor altaret. Nordvest i koret står døypefonten på eit framskote felt flankert av kort balustrade i nord og sør. På eit tilsvarande framskote felt i sør står preikestolen, også den flankert av korte balustradar. Oppgangen er gjennom dør frå sakristiet i skråveggen sør i koret. Sekundært er det sett inn piano nordaust i skipet i nisjen mellom døypefonten og nordveggen. På tilsvarande plass i sør står ein lysglobe. Nord i koret er det plassert eit cembalo.

Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen og smale gangar ved langveggene. Vest i skipet er det tverrgalleri med orgel. Benkepartia fyller lengda i skipet bak til gallerifronten. Eit par benker er tekne vekk under galleriet og plasserte i våpenhuset. Det er sett inn nokre bord på sørsida.

Fargar

Kyrkja var frå først av dominert av gule og brune fargetonar, både utvendes og innvendes.[8]

Interiøret er no dominerte av lyst og mørkt grått og grønt. Vegger og golv er lyst grå, taket kvitt. Benker, galleri og delar av listverket er grønt. Opplengjer og andre berande element er mørkt grå. Det liturgiske inventaret har også innslag av raudt og gull, berre altar og altartavle har den opphavlege, gulbrune fargesettinga.

I midtgangen ligg eit raudt teppe som går opp trappa og endar i gaffelkross i koret. Same teppe også i altarringen.

Kyrkja hadde frå først av to omnar og to loddpiper. Det vart kjøpt inn nye omnar i 1941. Eldre interiørfoto viser kyrkja med oljelamper og lysekroner med gass. Elektrisk lys vart installert i kyrkja i 1950, medan det vart fyrt i omnar fram til 1958 då også oppvarminga vart elektrifisert.[9]

Inventar

Kyrkja har for det meste det inventaret som vart teikna av arkitekt Hansteen i samband med oppføringa av kyrkja. Med unntak av innreiinga under galleriet er fornyingar i stor grad tilpassa det opphavlege interiøret.

Altar

Altaret er konstruert saman med altartavla. Det har vegger av ståande bord festa til ei ramme. Borda er avskorne i v-form nede som den utvendige panelen på kyrkja. Altaret har golv og bordplate av bord i breidderetning. Hjørneborda og sargen er markerte med fas, og nede på hjørna framme er det sett til konsollar på to sider. Altaret er 143 cm breitt og 75 cm djupt, bordplata er noko større. Høgda er 102 cm

Altartavle

Arkitekt Hansteen teikna ei enkel nygotisk altartavle som ramme om ein kross framfor svartmåla, rundboga biletfelt. Tavla er avslutta oppe med vimperg og ramtrea på sidene av tavla går opp som fialar, alle tre med kross som øvre avslutting. I eit trekanta felt mellom ramtrea i vimpergen er det skore ut eit jesusmonogram, IHS. Krossen kviler på ein heva konsoll der alfa og omega er skore ut i ein spissboge.

Sekundært vart det plassert eit måleri i biletfeltet, truleg ein kopi, utført av Helene Gundersen (1858-1934) i 1916.[10] Biletet vart fjerna frå altartavla i samband med 100-årsjubileet, og heng no på skråveggen nord i korskiljet.

Altartavla har sida hatt si opphavlege form og ei fargesetting som er eldre enn på inventaret elles.

Altarring

Altarringen er femsida med opningar på begge sider av altaret. Han står på framdelen av eit altarpodium som går bak til austveggen i koret, og skranken med balustrade står eit stykke inn frå podiets ytterkant. Dette stykket fungerer som knefall og er dekt med stoppa og skinntrekt pute festa med saum. Skrankens balustrade er forma av firkanta pillarar med fas i hjørna og dei øvre felta mellom har flat rundbogeform. Handlista som dekkar balustraden er flat med runda kantar og innafor denne er ei hylle for særkalkar. I hjørna og på endane mot aust har altarringen meklarar i form av tverrstilte plankar med kløverbladforma øvre avslutting.

Døypefont

Døypefonten er kalkforma og sett saman av fire sveifa plankar i krossform. Ytterkanten av plankane er forma med fas og vulstar slik at dei samla framstår som kum, skaft og fot. Sjølve kummen er forma ved at det er lagt inn eit diagonalt kryss i overkant, med nedsenking for fatet. Krysset går ut som hjørneskilje mellom fire sargstykke med v-forma underkant.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har seks fag av ein åttekant. Kvart av felta har ei høg, rundboga fylling i storfeltet og ein øvre sarg forma som smalfelt. Hjørna mellom faga er markerte med firkanta stolpar med enkel base, fas på kantane og enkelt bladkapitel og over det forma som stolpe med fas og med tilsett konsoll under handfallet. Nede er stolen avslutta med hengebord med v-former. Handlista er stoppa og trekt med skinn festa med saum.

Foten tek opp åttekantforma. Fire firkanta stolpar med innskrådd fas under reningkapitel ber kryssande sveifa plankar forma som konsollar under preikestolens hjørne. Det går trapp i sju steg opp til stolen frå sakristiet. Vangene har rundboga opningar.

Lesepult

Lesepulten er forma med utgangspunkt i inventaret elles. Han har to sveifa sideplankar festa nede i eit h-kryss og med kryssande sveifa sarg under skrått lesebrett.

Benker og faste stolar

Kyrkja har enkle benker utan vangar kvar benk har fire støtter med rygg- og settebord bundne saman med sarg under settet og tverrsykke ved golvet. Til desse støttene er det festa to ryggbord, eit breitt med salmebokhylle i overkant og eit smalare lengre nede. Settet er forma av tre parallelt lagde bord på sargen.

Galleri

Vestgalleriet fyller det vestre faget i kyrkja og bryt vindauge i i vestveggen og lengst vest i langveggene. Eit framskote midtparti ligg noko høgre enn galleriet elles. Galleribjelkane, ein under brystninga og ein ved vestveggen, kviler på åtte par stolpar. Over desse ligg det 16 stikkbjelkar, med dekorativ avslutting, frå vestveggen fram gjennom gallerifronten. Dei seks i midten går fram under midtpartiet og er i tillegg til stolpane støtta av kne frå desse. Fronten er inndelt i felt som tilsvarar mellomrommet mellom stikkbjelkane, og er utfylte med blindarkadar. I overkant er han avslutta med runda handlist.

Himlinga under galleriet er kledd med staffpanel. Midtfeltet ligg også her høgre enn sidefelta og i avgrensinga er det sett til bord som er saga i sikksakkform og tek opp v-forma i panel og elles i kyrkja. Dørene inntil galleriet frå gallerigangen ligg høgt og det går trapp ned til galleriet. Sidefelta på galleriet er avtrappa i fire høgder. Dei var opphavleg avgrensa med rekkverk mot midtpartiet.

Måleri

Sjå under altartavle.

Nummertavler og andre tavler

a) Ei nummertavle frå oppføringstida er i bruk som oppslagstavle i våpenhuset.

b) Ei nummertavle på skråveggen over preikestolen. Som a. Ho er sett saman av ståande bord i ramme av kryssande stolpar med fas, avslutta utafor hjørna i kløverform. Tavla er inndelt med enkel krysspost der det er skreve För. og Etter. i dei øvste felta.

c) I våpenhuset heng også ei høgre, smalare og enklare tavle som truleg har vore i bruk som nummertavle i det ho er inndelt i to vertikalt. Denne tavla er av kryssfiner med enkel ramme. Øvre rammedel er sveifa og noko vidare og høgre enn ramma elles. Tavla er truleg den som vart tinga i 1935 med bakgrunn i at den gamle tavla var for lita.[11]

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduken er av aidastoff med holfald. Duken dekkar bordplata. I kanten er det på tre sider festa ei 45 cm brei hekla bord med latinske krossar og vekstornament som heng ned frå altarbordet. Altarduken er frå 1994 og er laga av Eldbjørg Holm og Kaia Høyum.[12]

Kalkduk

Enkel, ny kalkduk med krossmønster.

Messehaklar

a) Raud skjoldforma messehakel i fløyel med fôr av raud bomullssateng og med kantar og ryggkross av gullband. Truleg første halvdel av 1900-talet. Hakelen er festa med tre hekter på venstre skulder. Forsida har eit trekanta massingskilt med dei hebraiske bokstavane for JHVH siselert inn. Frå trekanten går det ut ein strålekrans av påmonterte gullfarga lisser. Høgde 107/95 cm, breidde ved skuldrene 60 cm.

b) Grøn/fiolett vendbar messehakel i dobbelvev. 1997. Hakelen er av ull og handvoven i toskaftsbinding. Forsida har stolpe og treeiningsmotiv i form av tre ringar i brysthøgd. Ryggsida har gaffelkross med innvove aks i stammen.

Linserviettar til bruk ved dåp.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Begge klokkene i kyrkja skal ha vorte vølte i 1937.[13]

a) Mellomalderklokke, 12- eller 1300-tal. Klokka har krone med runda bøylar og runda hue. Hals og korpus skrår svakt utover mot to riller i overgangen mellom korpus og slagring. Slagringen skrår ut og ned. Underkanten av slagringen skrår ned innetter. Diameter 57 cm, høgde 68 cm med krona, 54 cm utan.

b) Truleg frå 1700-talet.[14] Klokka har krone av kanta bogar og flat hue over rett hals. Korpus svingar sterkt ut i nedre del. Via ein knekk går korpus over i rett nedskrådd slagring. Klokka er støypt av Ingebrigtsen i Bergen av malmen frå ei eldre klokke.[15] Diameter 77 cm, høgde med krone 81 cm, høgde utan 62 cm. Orgel og andre instrument

Orgel

a) Mekanisk orgel frå 1902. Larsen, Hamburg.[16] Orgelet var truleg ei gåve frå lensmann Falck. Orgelet hadde seks stemmer fordelte på eitt manual og pedal.[17]

b) G. F. Husted 2001. Orgelet er i utforming tilpassa galleriframspringet og vindauget i vestveggen over galleriet. Det er like breitt som galleriframspringet og brystverket er lægre enn sidetårna og slepper lys inn frå vest. Sidetårna har rundboga opningar, brystverket to sidestilte, mindre rundboga opningar skilde med små søyler. Opningane har synlege metallpiper. Dei tre delane er flankerte med pilastrar og rett avslutta i overkant, med ei takkebord som dekor. Orgelmålinga er tilpassa interiøret elles.

Bøker

Altarbok for den norske kyrkja, tredje upplaget, Oslo 1949.
Tekstbok for den norske kyrkja, andre upplaget, Oslo 1929.
Bibelen, Chr. 1882. Prega skinnband med latinsk kross og Solvorn Kirke i gull på forsida. På ryggsida kalk og 15 Juni 1883 i gull. Kanta med massingbeslag med hengsle i front. Gullsnitt.
Bibelen, Det Norske Bibelselskap, Stuttgart 1979.
Graduale, messebok for Den norske kyrkja, Oslo 1925.

Møblar

Brurestolar

a) To stolar i drakestil, ca. 1947.[18]

b) To stolar med gyllenlêr, 1983.

Offerutstyr

Skål i massing med innskrift i versalar: Solvorn kyrkje, frå Solvorn helselag 1976. Diameter 23 cm, høgde 6 cm.

To kollekthovar av standard type med motstilte handtak av tre og stoffpose på metallring.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv. Vasane har trektforma korpus på rund fot avrappa i tre steg. Standard sølvsmedvare. Innskrift på foten: ” Solvorn Kyrkje” og ”E.Ø. 1956”. Stempel: 830 S og Lo. Høgde 18 cm, diameter fot 9 cm.

Inventar på museum og andre stader

Sørgjefane (1709) over løytnant Thomas Rein, no i Bergen Museum (NK 62).[19]

Kyrkjegardar og gravminne

Kyrkjegardar

Den gamle kyrkjegarden

[...]

Kyrkjegarden ved kyrkja

[...]

Gravminne

Det er oppbevart ei profesjonelt utført gravplate av marmor i renessansestil i våpenhuset. Gravplata har lege over grava til Simen Nielsen som var fut i Sogn og døydde 3. april i 1653. Han hadde også namnet sitt på eitt av vindauga i tømmerkyrkje saman med årstalet 1626(?). Gravsteinen har tilnærma romerske versalar, rette liner langs sidene og sirklar i hjørna. I kvar av sirklane står namnet til ein av evangelistane i underkant av fire latinske ord, HODI’ MEDIE CRAS TIBI – i dag meg, i morgon deg. Innskrifta etter kanten fortel at ”Her ligger be-grafven ærlig velact oc nu hos Gud Salig Mand – Simen Niels-son – Fordum Kog Mayth – Foged ofver Sogn Læn – Som døde i Her-ren aar MDCL III, den III april. Sjælen lefver hos Gud og Legemet hvi-ler i Opstandelses Haab indtil Den yderste Dag.”

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Tidlegare stod det ei vedhus på kyrkjegarden. I 1964 vart det laga til bårehus ved at ein innreidde eit rom til dette i vedhuset. Nytt bårehus med sanitæranlegg vart oppført i [...]

Kjelder

Utrykte kjelder

Rekneskapar og synfaringsnotat [...]
Kyrkjeverja i Luster: Perm
Bendixens manus
Andreas Christies opptegnelser (UBB, Handskriftsamlinga)

Trykte kjelder

Laberg, J., Hafslo, Bygd og Ætter, Bergen 1926
Nasjonalgalleriet (red.), Norsk kunstnerleksikon bd 1 – 4, Oslo 1982
Heiberg, Sogns kirker i Fortid og Nutid
Jubileumsskrift, Solvorn kyrkje100 år 1883 – 1983, Leikanger 1983
Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Oppmålingsteikningar, måleri og fotografi

Bilete


  1. Laberg 1926, s 63
  2. Etter Andreas Christies opptegnelser skal kyrkja ha vore frå 1500-talet
  3. Heiberg, Sogns kirker i Fortid og Nutid
  4. Andreas Christies Opptegnelser
  5. Heiberg, Sogns kirker i Fortid og Nutid
  6. Jubileumsskrift 1983, s 17
  7. Bendixens manus
  8. Bendixens manus
  9. Jubileumsskrift, s 23
  10. Norsk Kunstnerleksikon, bd 1, s 837
  11. Jubileumsskrift, s 21
  12. Perm hjå kyrkjeverja
  13. Perm hjå kyrkjeverja
  14. Perm hjå kyrkjeverja
  15. Bendixen, manus ca 1900
  16. Perm hjå kyrkjeverja
  17. Kolnes 1993, s 372
  18. Perm hjå kyrkjeverja
  19. Perm hjå kyrkjeverja