Skare kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Skare kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneOdda kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater59.932228,6.593522
FellesrådOdda kirkelige fellesråd
Kirke-id122800301
Soknekatalognr09050302
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Skare kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, oppført i nasjonalromantisk stil. Domkyrkjearkitekt Nordhagen laga teikningar til kyrkja, desse vart godkjende i 1917.[1] Kyrkja vart oppført under leiing av byggmeister var Eirik Kvammen, Valestrand. Kyrkja, som ligg i bygdelaget Skare på skrå opp på austsida frå dalbotnen ved Steinaberg bru, vart vigsla av biskop Peter Hognestad 5. oktober 1926.

Bygningen

Bygningen er ein langstrekt tømmerbygning under eit høgt saltak med takryttar over vestenden. Han er orientert med koret i søraust og inngangen i nordvest, men vil i det følgjande verta beskriven som om han var rett orientert med koret mot aust. Inngangspartiet i vest har form av ein open svalgang med oppgang og vindfang. I aust er ein sentral altarnisje, som ein apside, flankert av vindfang til siderom ved koret og overdekt med pulttak som skrår ned mot aust i full breidde.

Vegger

Veggene er av maskinhøvla ovaltømmer. Tømmerkjernen utgjer eit rektangel som omfattar inngangsparti i vest, kyrkjerom og kor med siderom. Langveggene er på kvar side avstiva med to par opplengjer som er samanskrudde med skrue og mutter. Mellom inngangspartiet i vest og kyrkjerommet er det lafta inn ein tverrvegg der to mellomstolpar flankerer døra. Mellom kor med siderom og kyrkjerom er det også lafta inn ein tverrvegg som i korskiljet er lafta saman med korets langvegger. Endeveggen aust i koret har opning sentralt for altarnisje. Ved alle opningar ved vindauge, dører og altarnisjen i aust er tømmerveggene avslutta med beitskier. Frisene utvendes er laga av Hallstein Skare.[2] Veggene i altarnisjen med flankerande vindfang og ved svalopninga i vest er bygd av reisverk. Vindfanga og altarnisjen er utvendes forma som ein sval. Utvendes er veggene tjørebredde, innvendes er dei beisa i trefarge som mørknar inn mot skøyten mellom stokkane.

Portalar og dører

Kyrkja har open inngang vest i vindfanget, fløydør mellom vindfang og kyrkjerom, to enkle dører mellom oppgang og galleri, dører frå kor til siderom og frå sideromma ut til opne vindfang i aust. Hovudinngangen er gjennom opninga til vindfanget i vest og fløydør vest i kyrkjerommet. Opninga i vest er flankert av runde søyler med sylinderforma basar avslutta oppe med to vulstar og vaseforma kapitel med vulst og skål. Kapitelet ber pyramideforma klossar som held oppe den gjennomgåande veggen i overkant. Mellom søylene og beitskiene er det brystvern av losholt og over- og underliggjande, ståande bord. Over brystvernet er opningane dekte med lause lemmar av ståande bord. Fløydørene er utvendes panelte i fire rombeformer, to i kvart dørblad. Innvendes er dei kledde med ståande panel med labankar ved dørhengslene samanbundne med ein andreaskross på kvart dørblad. Labankar og krossar er festa med naglar som er gjennomgåande og markerte utvendes. I krossmidtane er det utvendes festa dørringar av smijarn. Ytterdørene aust i korets siderom er konstruerte av ståande pløygde bord fest til ei indre ramme med tre opne felt. Dørhengslene er av smijarn, store og med breie, rette forgreiningar som er feste til døra med naglar som er markerte også på innsida. Vindfanga her har opning mot aust og elles brystvern med losholt og over- og underliggjande bord. Framfor inngangane er det steintrapper med skiferheller som dekke. På sørsida av hovudtrappa er det laga ein rullestolrampe av skiferheller. Innvendige dører er smale fyllingsdører med fire liggjande fyllingar over ein annan. Dørgerikter har nedfelt, rettvinkla brei profil.

Korskiljet

Koret opnar seg mot skipet i full breidde i det laftekassane mellom kor og skip utgjer hjørne. Ved korets himlingsanfang er koropninga horisontalt avslutta ved veggens gjennomgåande tømmer. Korskiljet er elles markert ved høgre golvnivå i koret. I skiljet er det to trappesteg sentralt, flankert ved låge brystvern på kanten av korgolvet.

Vindauge

Kvar av langveggene har fem trerams vindauge, fire i skipet og eitt i sideromma til koret. I austveggen er det tre eirams vindauge over altarnisjen og eit i mønet på loftet, i nisjen er det smale, høge eirams vindauge ut mot vindfanga. Oppgangen i vest har små gluggar. I vestveggen er det eit større vindauge med broten gavl i gallerihøgd og eit lit vindauge i mønet til loftet. Utvendes har beitskiene ved vindauga i langveggene og vest i gallerihøgd treskurd med symmetriske blome- og rankemotiv, innvendes er dei glatte. Glaskarmane er glatte og smale, to horisontale postar som skil mellom rammene i sidevindauga har enkel vulst innvendes. Vindauga har glatte, ufarga innerglas og 3 x 4 ruter lagde i bly som ytterglas. Blyglaset er ujamt med bobler og har svake fargetonar i grønt, brunt og fiolett. Dei tre vindauga i austveggen har glasmåleri (sjå under interiør).

Golv og fundament

Fundamentet er av stor, tukta steinblokker. Heilt i vest er eit andre lag synleg over bakkenivå, elles berre eitt. Det er luftehol somme stader mellom steinane og kryperom under kyrkja. Golvet er av golvplank lagd i lengderetning på golvbjelkar. Bordgolvet i koret er kledd med teppe. Golva i korets sidebygg er også teppekledde. Inngangspartiet i vest har tilsvarande bordgolv, med den sentrale, vestre delen – mellom oppgangstrappene – har skiferheller som trappa utafor. Også vindfanga i aust har skiferheller.

Tak

Eit høgt saltak med spiss vinkel dekkar det meste av kyrkjebygningen. Taket har ein kombinasjon av sperretak og åstak. Det har fire-fem sperreband over skipet og eit forsterka sperreband i korskiljet. I aust og i vest er sperrene avstiva med skråband ved takflata. Sperrene ber åsar, ein i mønet og elles med om lag ein meters avstand i takflatene. Dei to sperrebanda som er synlege frå skipet har bindbjelkar og kviler på opplengjepara i langveggene. Sperrebandet ved galleribrystninga har truleg kombinert galleribjelke og bindbjelke. Frå mønet i sperrebanda går det midtbjelkar ned på bindbjelkane. Midtbjelkane er i tillegg avstiva ved to tenger som med om lag ein meters høgdeavstand er festa til midtbjelkar og sperrer. Mellom tengene er det fylt ut med andreaskrossar. Frå midtbjelken ved øvre tang går det skråstøtter opp til sperrene. Også i lengderetning går det i same høgd to tenger som feste for andreaskrossar, den øvre ved sperrene. Desse er feste aust og vest i skipet. Taket over koret har ein enklare konstruksjon. Det er kort, og åsane er her feste i sperrebandet ved korskiljet og i austgavlen der dei er understøtta av bjelkar feste til tømmerveggen. Sperrebandet i korskiljet har to kraftige undersperrer som ber pipeløp frå nord og sørsida. Taket har undertak av ståande over- og underliggjande bord som ber rekter, lekter og (rektangulære) lappheller. I aust dekkar eit pulttak altarnisjen og vindfanga.

Himlingar

Himlinga over skipet er tredelt med skrå sidefelt som følgjer takflata, og flat himling over øvre tang. På loftet er det bordgolv over den flate delen av himlinga. Undersida har ståande skuggepanel. Koret har tønnekvelv av glatte bord. Raftehøgd er som skipet, men koret er smalare, og himlingen ligg lægre. På oversida er det laga eit flatt golv over midten av kvelven, med skrå sider ned på kvar side.

Tårn

Vest i kyrkja, om lag to meter frå vestgavlen, er det sett inn eit støpultårn med eit indre mål på vel 3 x 3 m. Tårnet framstår som ein takryttar, men dei fire hjørnestolpane går heilt ned til fundamentet. I første og andre høgda står dei vestre som mellomstolpar i tverrveggen mellom kor og skip, dei to austre fungerer som galleristolpar som flankerer midtgangen i første høgd, i andre høgd er dei truleg utveksla og her er dei festa ved to tverrgåande tenger (sjå ovafor under tak). Over himlinga bryt dei fire stolpane takflata og dannar hjørnestolpar i nedre del av tårnet som omfattar to halvetasjar. Stolpane er avstiva ved andreaskrossar på kvar side mellom øvre og nedre ramme. Denne delen er kledd utvendes med sulagde bord og har gluggar med glas til to sider. Som øvre markering er det laga eit kort skjørt over kantane av denne delen. Sentralt over øvre tang i golvnivå ligg ein langsgåande bjelke som ber tre stolpar. Desse stør opp under tverrlagde bjelkar over øvre ramme som saman med ramma ber klokkehuset, ein smalare og lægre del av tårnet. Klokkestol i form av metall-bøylar er festa til dette bjelkesystemet. Klokkehuset er kledd utvendes med ståande bord og har to lydluker til kvar av dei fire sidene. Tårnet er avslutta med pyramideforma hjelm som kviler på ramme over klokkehuset. Hjelmen har hjørnesperrer og i mellomsperre på kvar sideflate. Innvendes er han kledd med liggjande bord, utvendes er både hjelmen og skjørtet tekt med (firkanta) lappheller som resten av kyrkja. Hjelmen er øvst oppe avslutta med ein kross.

Interiør

Altaret står i ei nisje aust i koret med altarringen i halvsirkel framfor. På brystvernet nord i korskiljet er det konstruert ein lesepult, medan preikestolen er integrert i brystvernet på sørsida. Døypefonten står på nordsida framme i kyrkjerommet. Mot brannmur på austveggen i kyrkjerommet står det på kvar side ein støypejarnsomn. I skipet er det benkefelt på begge sider av ein brei midtgang. Felta når heilt bak til vestveggen. Kyrkjerommet har tverrgalleri med orgel i vest.

Fargar

Veggene i kyrkja er beisa i trefarge innvendes og fargen mørknar inn mot skiljet mellom stolpane. Golvet er lakka, og har etterkvart vorte mørk brunt. Himlinga i kyrkjerommet er laserte i ein gråbrun tone. Himlinga i koret er blå. Listverk er gråbrunt med gråblå staffering. Brannmurane er brune. Snekkararbeida i kyrkja er i hovudsak laserte i rustraudt, brunt og gråblått.

Glasmåleri

Dei tre vindauga over altaret har glasmåleri. Måleriet til venstre viser Jesus som signar borna. I midten er Krossfestinga framstilt med Maria nede til venstre. Måleriet til høgre kan vera Jesu omskjæring i Templet (?). Fargane i måleria er grått og beige, raudt, oransje, blått og grønt/gulgrønt. Glasmåleria er sekundere og er laga etter teikningar av Torgeir Alvsaker og O. Rognaldsen.[3]

Lys og varme

Kyrkja er uvanleg mørk. Fargane er mørke, og det slepp etter måten lite lys inn gjennom dei farga vindauga som heller ikkje er store. I tillegg har det vakse opp høge tre på begge sider. Elektrisk lys og varme finst i kyrkja, varmen frå 1968, men i tillegg vert det fyrt med ved.

Inventar

Då kyrkja vart oppført, tok Hallstein Skare på seg å laga inventar til kyrkja.[4]

Altar

Kassealtar av tre med ramverk med tre fyllingar i front og ein på kvar side. Bordplata og sokkellista er profilert. Inntrekt bakside med dører av staffpanel til skåp inne i altaret. Høgde 99 cm, breidde 151 cm, djupn 74 cm.

Altartavle

Tavla i ei høgd har kvadratisk biletfelt i brei, kvartstafforma ramme sett inn i barokkinspirert lauvverk. Sjølve ramma har utskore rankeverk og blomar og i overkant tre påmonterte englehovud. Rankeverket formar vengjer og toppstykke, sentralt over biletfeltet er ein innskoren kross. Måleriet er i olje på lerret med framstilling av Oppstoda der Kristus i lysglans stig opp or sarkofagen. Nede til venstre er ein tilbedande engel på sarkofagloket, nede til høgre to vaktmenn. I dei øvre hjørna engel i sky. Fargar: gult, gråblått og bruntonar, ramma er grøn og brun som tonar over mot gult. Altartavla er ei gåve frå Lars Olson Bustetun.[5] Snekkararbeidet er utført av Johannes Kinsarvik, måleriet av Moritz Kaland, Bergen.[6]

Altarring

Altarringen er halvsirkelforma og går inn til hjørna ved altarnisjen der det er port på begge sider. Kneleputa er stoppa og trekt med skinn som er festa med saum over glatt treverk. Handlista er boren av balusterrekkverk og har indre hylle for særkalkar. Ho er stoppa og trekt med fløyel festa med saum. Treverket er gråblått og brunt, skinnet lyst brunt og fløyelen gyllenbrun. Kneleskammel Kasseforma skammel med skrå overflate trekt med fløyel. Blågrå med gyllenbrunt stoff.

Døypefont

Døypefonten er åttekanta med kum av profilerte, breie lister og rett øvre plate med rundt hol for dåpsfatet. Skaftet er vidt og høgt og har ei innsett fylling med profil og kanellyrer på kvar side. Foten har profilert listverk over standplate. Fonten er lasert i raudbrunt med staffering i brunt, svart, gult og blått.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har åttekanta grunnform og fem sidefelt. Felta har smal, stoppa og fløyelstrekt handlist, øvre smalfelt og storfelt med fylling med profil og kanellyrer. Under storfelta er sidene avslutt med smal profilert list over botn av dobbel vulst over åttekanta fot. Foten er sett inn i det låge korskiljebrystvernet. Oppgangen er i fire steg ved korets sørvegg. Fylt rekkverk med to skrådde fyllingar under handlist med innrulla nedre avslutting. Preikestolen er lasert raudbrun og brun med staffering i gult, blått og svart.

Benker og faste stolar

Benkene har rette vangar med flat topplist og høg fotlist. Benkeryggane er heile med ramme med liggjande fyllingar. Han er lett skrådd og har salmebokhylle i øvre bakkant. Setefjølene er formskorne og stikk noko fram frå vangen. Kvar benk har to ekstra bein som også går opp i bakkant som støtte for ryggen. Benkene er lasert i gråblått med svarte sete og raudbrune fyllingar.

Galleri

Tverrgalleriet i vest kviler på vestveggen og sideveggene. Galleribjelken ligg noko inntrekt frå brystvernet. Han er lagd inn i sideveggene og kviler på to søyler som flankerer midtgangen. Desse er utveksla i høgd med gallerigolvet og held fram som tårnstolpar (sjå Tårn). Søylene har sylindriske basa med to vulstar og vaseforma kapitel under plate. Gallerifronten er tredelt ved to meklarar over søylene, sidefelta har fire fyllingar, midtfeltet seks. Himlinga under galleriet er kledd med skuggepanel. Golvet på galleriet har opphavleg tregolv avtappa i tre høgder. Det er dekt med boucléteppe. Gallerifronten har dekorativ måling (sjå under Interiør)

Skulptur

Krusifiks, 1949, av Ståle Kyllingstad (1903-87). Kristusfiguren er framstilt med tornekrone og attlatne auge og hovudet lett hallande mot høgre. Overkroppen er rett frontal med tendens til hengande armar. Knea er lett bøygde mot venstre. Lendeklede som kryssar fronten og heng ned i sid folde på høgre side. Figuren fyller det meste av krossen. Krossarmane oppe har sirkulære avsluttingar, den øvste med INRI. Nede er krosstammen avslutta horisontalt. Det er skore sikksakkborder etter krossarmskantane og karveskurdsroser på sideavsluttingane. Lys karnasjon, raudt lendeklede, blå kross.

Rituelle kar

Kalk

a) Sølvkalk med lok og med forgylling innvendes i kupa og i loket. Kupa er smal og høg med runda botn, øvre skaftledd avgrensa med profilar, runda nodus med midtrille Nedre skaftledd går direkte over i utsvinga fot som endar med holkil over rett standkant. Loket har fals som går ned i kupa og er heva og runda inn mot ei sentral halvkuleform som ber kløverkross. På eine sida er det sett inn eit nebb, motsett side har hol for luft. Rundt loket, øvre del av kupa, nodus og nede på foten er det siselert dekorative border På kupa innskrift med fraktur: Skarde Kyrkja 1926. Stempel: M. AASE, 830 S og meisterstempel.

b) Sølvkalk, nyare, med forgylling innvendes i kupa. Vid kupa med nebb og forsterka kant, innsvinga øvre skaftledd over nodus med tverriller om midtring. Nedre skaftledd går over i utsvinga fot over vulstforma kant. Stempel: 830 S, kalk i oval og TH. MARTHINSEN. Høgde 18,2, diameter kupa 13,4 cm.

Særkalkar

Det finst tre ulike typar særkalkar. Alle med runda kupa, den eldste mest, og med skaft, nodus og fot i eitt stykke. Alle er gylte innvendes i kupa. (Fotograferte i følgjande rekkefølgje:)

a) Dei eldste har kuleforma nodus og vulstforma standkant under sprang. Innskrift SKARDE KYRKJA 1926, OG LATINSK KROSS PÅ KUPA. Stempel 830 S, Magnus Aases meisterstempel og 393. Høgde 7,8 cm.

b) Særkalkane frå 1960 er i plett. Dei har mindre markert nodus og enkel avslutning nede på foten. Innskrift SKARDE KYRKJA 1960 og latinsk kross på kupa. Stempel GP. Høgde 7,3 cm.

c) I 1994 vart det igjen skaffa særkalkar, forma er tilnærma lik forma på særkalkane frå 1926. Innskrift: SKARE KYRKJE 1994, stempel: 830 S, Magnus Aases meisterstempel og N i kvadrat. Høgde: 7,7 cm.

Disk

Disk i sølv som høyrer til kalk a. Disken er flat med nedfelt, flat botn. Ytst på randa er det siselert ei bord tilsvarande borda på kalken. Stempel: M. AASE, 830 S og meisterstempel. Diameter 13,5 cm, høgde 0,7 cm.

Oblatøskje

Oblatøskje i sølv med glatt, skålforma korpus på standkant og svakt runda, nedsenka lok med ståande latinsk kross som knopp. Stempel: DAVID-ANDERSSEN og 830 S. Diameter 13,8 cm. Høgde utan kross 3,8 cm.

Oblatøskje i plett, truleg for glutenfritt brød. Sylinderforma med lok som går ut over kanten øskja. Stempel: Tårn, N i kvadrat og TH. MARTINSEN. Diameter 4,1 cm, høgde 6 cm.

Vinkanne

Vinkanne av sølv, nyare. Kanna har enkel svungen form som smalnar av ved halsen og nede. Hanken er flat og følgjer korpusforma. Munningen er heva som hellekant framme og i halsen er det sett ned eit lok med latinsk kross som topp. Innskrift på korpus: chi-rho. Stempel: DAVID-ANDERSEN, 830 S. Høgde ved hellekanten 20 cm, breidde ved hanken ca 12 cm.

Dåpsfat

Dåpsfat i tinn. Fatet har flat botn med runda kantar og brei rand med forsterka kant. Fatet har dreve og stempla mønster. I bornen chi-rho i firpass, langs kanten dreven innskrift: LA DE SMAA BARN KOMME TIL MIG GUDS RIKE HØRER SAADANNE TIL. Enkle stempla ornament inst og ytst på randa. Ustempla. Diameter 42,4 cm, høgde ca 5 cm.

Kanne

Kanne i plett med tung amforaforma korpus på vid utsvinga fot. Kanna har oppsvinga lok som er hengsla bak over svungen hank og dekkar over djupt nebb framme. Loket har kule og latinsk kross som knopp. På den eine sida av korpus er siselert ein kløverkross med strålar frå krossmidten, på den andre sida er inngravert SKARE KYRKJA under oppgåande sol. Stempel: K. HESTENES. Høgde 28,5 cm, breidde ved nebb og hank ca 18 cm.

Parament

Altarduk

Kvit linduk med 15 cm brei bord i hardangersaum sydd etter den eine kanten. Elles kanta med holfald. Borda er bretta rundt hjørna og viser på tre sider av altaret. Duken heng meir enn halvveges ned på framsida av altaret. Duken vart sydd sist på 1980-talet og var ei gåve frå Skare bondekvinnelag.

Altarklede

Altaret er kledd med raudt klede ned til fotlista.

Kalkduk

Kyrkja har ein nyare, maskinvoven kalkduk i lindamask med fisk og brød mellom fire likearma krossar.

Stola

Smal fiolett stola med gullfarga, likearma kross i nakken. Høyrer til fiolett messehakel nedafor.

Messehaklar

a) Raud messehakel, smal med innsvinga sider, truleg frå 1950- eller 60-talet. Stoffet er i vinraud silke- eller viskose-damask med blomebukettar i diagonale ruter. Fôret i raud silketaft. Hakelen er kanta med tvinna silkesnor i raudt og gult. Tre hekter på høgre skulder. På ryggsida er det applikert ein mørk blågrøn kløverbladkross over brodert sol med vinlauv og aks i sviklane. Forsida har ein brodert kalk med strålar i trekant. Broderiet er dels med silketråd, dels med gulltråd. Høgde 93/107 cm, breidde ved skuldrene: 62 cm.

b) Grøn messehakel med smal, rett form. 1970-talet? Stoffet er i krosskypert og handvove, fôret i brandgul silke. Hakelen er kanta med gult og grønt band vove med sikksakkmotiv. Tre hekter på venstre skulder. Framsida har stolpe og ryggsida Y-kross av eit applikert, 9 cm breitt band i fin skillbragdteknikk med kvit botn og svart mønster med diagonalt rutenett.

c) Kvit messehakel i kort, vid form. 1980-talet? Stoffet er silkedamask med aks og vinranker som motiv. Fôret er av bleikt vinraud fôrsilke. Både framsida og ryggsida har applikert gaffelkross av lyst vinraud silke, på ryggsida er det montert eit åttekanta skjold med georgskross med aks i sviklane. Krossen er i grøn silke, aksa i gul silke, alt kanta med gulltråd. Glidelås på venstre skulder, halsen er kanta med gullband. Det kvite stoffet er slite. Høgde 110 cm, vidde 145 cm.

d) Fiolett messehakel, vid og sid med runda hjørne, 1990-talet? Stoffet er fiolett toskafts viskose, fôret djupt rosa lerret i rayon. Begge sider har ein påmontert likearma kross sett saman av applikerte gullfarga band. Glidelås på venstre skulder. Hakelen er merkt SLABBINCK og er produsert i Belgia. Høgde 130 cm, vidde 146 cm.

Messeskjorter og andre klede til bruk i kyrkja

To albaer, gravferdskappe, samarie.

Lysstell

Lysstellet i kyrkja er truleg arbeid frå ein lokal koparsmed som har laga altarstakar, lysekroner og lampettskjold. I tillegg finst det lampar av smijarn og nyare armatur.

Altarstakar

Trearma altarstakar av hamra koparplater. Stakane er krossforma på oppbygd, åttekanta fot. Krossarmane er opne med sirkel med likearma kross i krossmidten og ein kross i kvar arm. Det heng eit lauv frå kvar side og to frå den øvste lyspipa. Høgde 42, breidde 30.

Lysekroner

a) Ei lysekrone i skipet av hamra kopar. Krona er sett saman av ringar, krossar og lekkjer. Den øvre ringen er forma som ei krone, denne held fire lekkjer som ved lyshaldarar feste til ring med likearma kross er utveksla med åtte lekkjer som held nedre del av krona. Denne er åttesida med fire ringar som trappar av innetter og nedst endar med halvkulekontur. Øvste ringen ber åtte lyshaldarar. Ringane er dels samanbundne med krossar, dels med lekkjer.

b) Ei lysekrone på galleriet. Krona har tilsvarande form som krone a, men er mindre.

Lampettar

a) Lampettar på opplengjene er av smijarn med sveifa veggbeslag som ber ring omkring kross. Dei tre lyshaldarane er feste på sidene av og oppe på ringen.

b) Over kvar lampett er det sett inn lysskjold av hamra kopar, dels i skjoldform, dels sirkulære, alle med kross som motiv.

c) Ved korskiljehjørna er det laga lampettar av hamra kopar for levande lys. Desse har same formspråk soml lampettskjolda ovafor.

d) Taklamper av smijarn under galleriet.

e) Nyare lamper på galleriet.

Klokker

Dei to klokkene i tårnet er frå oppføringa av kyrkja. Dei kjem begge frå Olsen og Nauens klokkestøyperi i Tønsberg. Begge klokkene har skriftband med produsentens nam mellom ornamentband på halsen og riller på den nedbøgde slagringen. Klokkene vert ringde manuelt.

a) Den minste klokka har innskrift: GAAVA FRAA ODDA HERA 1926 på den eine sida av korpus og Haakon den 7.s monogram på den andre. Diameter 72 cm, høgde 54/66 cm.

b) Den største har innskrifta GAVE FRA O.J. PRESTEGAARD OG / HUSTRU JOROND F. MAAKESTAD / LEE, ILLINOIS, U.S.A. / SOLI DEO GLORIA på den eine sida og Haakon den 7.s monogram på den andre. Diameter 86 cm, høgde 67/75 cm.

Orgel

Det første orgelet var flytta frå Odda kyrkje. Orgelet som no står i kyrkja er frå Jørgensen, 1946.[7] Orgelkassen fyller bakre del av galleriet mellom dørene og midtre del av gallerigangen til vestgavlen. Orgelfronten, som er teikna av Torgeir Alvsaker,[8] er flat og når frå golv til tak. Han er open med gjennombrote brystvern og tre felt med gitter flankerte og skilde av gjennombrotne skilje. I øvre hjørne av kvart felt er det utskorne sangfuglar. Over desse har fronten ei skoren innskrift i versalar: Lat vår lovsong fagert tona / djupt frå hjartestrenger, / so vårt kvede upp til trona / stig på sjelevenger. Felta er avgrensa ved brystvern nede og elles ved rammer, den øvste delen med rankeskurd, sentralt med harpe og med ein kross ytst på kvar side. Svellverk av tre bak gitteret. Metallpiper bak svellverket. Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Møblar

Brurestolar av eik med sete og rygg trekte med gyllenlêr. Umerkte.

Offerutstyr

a) Skål med brend dekor. Årstalet 1938 brent inn under botnen.

b) Pengeskrin i eik med hengsla lok med to spalter for pengar og hank. Skrinet har tre utskorne krossblomar etter alle hjørne. Brent inn under botnen: M. Lia. Innskriftsplate med namn på dei ni første konfirmantane i kyrkja er festa til fronten av skrinet.

c) To standard kollekthovar fôra med skinn.

Blomstervasar

a) To blomstervasar av sølv. Trektforma på utsvinga fot. Øvre del av korpus og fot har vertikale, parvise riller til fire sider. Stempel: 830 S, Magnus Aases meisterstempel, N i kvadrat og 7. Høgde 25 cm, diameter oppe 11,3 cm.

b) Blomstervase med trektforma korpus over uttrappa, åttekanta fot. Innskrift med skriveskrift på korpus: Gåve frå Sigrid og Halvard Seljestad. Stempel: 830 S og Lo i kvadrat. Høgde 20,6 cm, diameter oppe 10,2 cm.

c) Blomstervase med høg, trektforma hals over skålforma korpus på utsvinga fot. Kanten er forsterka, frå halsen skrår korpus ut i to flate holkilar mot skålforma som har parvise utheva riller til fire sider. Standkanten har prega riller. Innskrift på halsen med fraktur: Skarde Kyrkje 1926 – 1976. Stempel: 830 S, Lo, 63. Høgde 26,3 cm, diameter oppe 12,9 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Ein del av kyrkjegarden vart vigsla før kapellet stod ferdig, og dei første vart gravlagde i 1925. Gravplassen på Skare er plan og ligg på nordsida av kyrkjegarden med inngang gjennom port i nordvest. Han ligg lægre i terrenget en kyrkja som er plassert på ein kam framfor i det bratte terrenget. Kammen stig jamt opp frå inngangsportalen til vestinngangen i kyrkja. Det er vatnpumpe i det søraustre hjørnet av gravplassen. Kyrkjegarden er avgrensa med gjerde med liggjande bord festa til trestolpar på to sider og nettinggjerde på to sider. Inngangen har to portar, den eldste mot nord (sjå nedafor under bygningar knytte til kyrkjegarden), den yngste, ein tofløys spileport for bilar, mot vest.

Gravminne

Kyrkjegarden har gravminne frå det året kyrkja vart bygd og fram til i dag.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

På kammen aust for kyrkja ligg eit uthus som inneheld reiskapsbu, pumpehus og toalett. Huset er utvendes panelt og har saltak i aust-vestleg retning.

Den eldste porten er eit byggverk med rektangulær grunnflate dekt med saltak og med inngang under mønet. Han er sett inn i ein vegg i brysthøgd mellom granittstolpar. Porten er bygd i ein variant av stavverk med fire hjørnestolpar og fire beitskier innafor desse på langsidene. Mellom beitskiene i ytre vegg er det portfløyar i form av to rammer med to romber med innskrivne krossar i kvar. Rombene er feste med jarnbeslag og naglar til rammene og fløyane er hengsla til beitskiene. På kvar side av inngangen dannar hjørnestolpar og beitskier eit lite rom med brystvern mellom stolpane som vegger i dei tre yttersidene. Ei ramme av stavlegjer utgjer fundament for taket. Gavlane er kledde med over- og underliggjande bord. Taket er tekt med rektangulære lappheller. Porten er beisa. Årstalet 1926 er innskore til venstre på den ytre stavlegja.

Kjelder

Borge, Johannes, ”Skare kapellkyrkje”, manus 3 sider, Odda kyrkjekontor

Kolnes, S.J.: Norsk Orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Bilete


Fotnotar

  1. Borge, s. 2
  2. Borge, s. 2
  3. Borge, s. 3
  4. Borge, s. 2
  5. Innskriftsplate på baksida av altartavla.
  6. Borge, s. 2
  7. Kolnes 1993, s. 367
  8. Borge, s. 3