Skånevik kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Skånevik kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneEtne kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater59.731940,5.939728
FellesrådEtne kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121100601
Soknekatalognr09110302
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Skånevik sokn er første gongen nemnt i 1340. Den første kyrkja vi kjenner til i Skånevik, var ei stavkyrkje. Denne kyrkja vart ståande fram til kyrkjelyden fekk tømmerkyrkje i 1682-83. Tømmerkyrkja stod på kyrkjegarden sør for noverande kyrkje og vart ståande til nokre månader etter at den nye kyrkja var teken i bruk hausten 1900.

Mellomalderkyrkja †

Den kyrkja som stod i Skånevik fram til tidleg på 1680-talet, var ei stavkyrkje. Kyrkja var dei siste åra i dårleg stand og sleit med svak økonomi. "Kirchen er i sig sielff aff alderdomb meget forfalden saa baade staffuerne sambt staffleene ere nesten offuer alt forraadnet" heiter det i synfaringsforretninga frå omkr. 1664.

Bygningen

Stavkyrkja i Skånevik hadde tårn og kortilbygg. Koret og skipet hadde sutak på sperrer og i den perioden vi har opplysningar om kyrkja, var veggene bordkledde. Både tak og vegger var utvendes tjørebredde. Sjølv om konstruksjonen var iferd med å øydeleggjast av rote, vart taket på kyrkja sett istand i 1660-åra. I 1662 - 1664 vart såleis sutaket over koret fornya både på sørsida og nordsida med åtte tylfter tjukke, seks alen lange bord. Kjøl og "driffscheer" (vindbord) vart også utskifte. På nordsida av skipet vart det lagt nytt sutak i 1668 - 1670 av ni tylfter kjøpmannsbord og taket på sørsida vart vølt. Det vart då også lagt ny kjøl på kyrkja. Tårnet vart vølt med fem tylfter seks alen lange bord i 1659 - 1661.

I 1674 har kyrkja vorte skadd av storm, mellom anna vart det sett opp eit kne for å binda koret betre til skipet, og bord og bjelkar som stormen hadde slege laus, vart festa. Stormen hadde også knust vindauge som vart vølte. Vindauga "omkringh Kirchen" kunne dekkast med utvendes "Luger" eller lemmar.

I 1662 - 1664 er det nemnt eit stegehus til kyrkja - truleg i form av ein sval. I 1671 vart det oppført eit nytt stegehus på sørsida av kyrkja av fire tylfter seks alen lange bord, med ein 16 alen lang "solestoch" under. Taket over stegehuset hadde sperrer, utvendes vart stegehuset tjørebredd.

Inventar

Altartavle. Det er bevart ein gavl frå ei katekismetavle frå kyrkja. Tavla har svart botnfarge og innskrift + Christian den fjerdes våpen i gull. Innskrifta er den vanlege: Christianus IIII ... ANNO DOMINI 1599, men er vanskeleg å lesa. H.: 46,5 cm, br.: 130 cm.

Døypefont. Sjå kyrkja frå 1683.

Preikestol. Sjå kyrkja frå 1683.

Galleri. Kyrkja hadde ein "Lem" eller eit galleri som "Ungdommen staar paa". Lemmen vart ombygd eller fornya i 1662 - 1664, då vart det sett inn to stavar og lagt ein ti alen lang bjelke under lemmen. Samstundes vart trappa opp til lemmen vølt.

Kyrkjegard

I vest hadde kyrkjegjeret port med tak eller "skur" over. Det har også vore ein annan inngang gjennom gjerdet. I 1668 - 1670 er det såleis "giort tuende nye Kircheporter med tilbehørige døre og schuur offuer".

I 1678 - 79 går det fram av rekneskapane at ein har gitt opp å halda kyrkja ved like. Det som ombudsmennene skuldar kyrkja, vel 11 riksdalar, skulle då brukast til å byggja henne oppatt på nytt "Efftersom inted mer paa den gamble kand forbedris". Kaptein Sølffuernagel gav ti riksdalar til dette formålet. Nye opplysningar om stavkyrkja vert ikkje gjevne i dei følgjande rekneskapsåra og i 1683 er det utlogene til den nye kyrkja som er innførte.

Tømmerkyrkja frå 1682-83 †

Stiftsskrivarrekneskapen for 1678-81 fortel at det var Olle Bysemb og Erich Fyllingsnes som bygde den nye kyrkja i Skånevik. Etter synfaringa frå 1686 er kyrkja "Ao 1682 ny af Tømmer opbygt lang 20 bred 16 Alen, Chorit 10 Alen i Kant". Etter synfaringa i 1721 var kyrkja "een Goed Tømmer Bygning, med eet Stopel Taarn fra grunden opbygt, tægt over alt med Bord..." Då er lengda på skipet oppgitt til 20 alen og breidda 15 alen, koret er 10 alen langt og 7 alen breitt. (Stiftsamtmannen, nr 1719, legg 3.) I samband med oppføringa er det i rekneskapane gjort greie for kva for midlar som stod til rådvelde og kva som vart innkjøpt av ulike materialar til bygginga. I tillegg til dei vel 11 riksdalane som ombudsmennene var skuldige og dei ti som vart gjevne av kaptein Sølfuernagell, gav ålmenta 8 og kyrkja fekk 1 rdr. og ei mark for gamle materialar som vart selde. Det meste, 100 rdr., vart utgreidd av stiftsskrivaren, Herman Garman. Det er også han som har betalt arbeidslønna til bygningsmennene på 65 Rdl.

Det vart kjøpt inn 12 tylfter tømmer frå 7 ulike leverandørar, 8 ½ tylft sperrer og bjelkar og to tylfter hanebjelkar, ein kjøl til koret, seks ni alen lange kne og vidare: 22 tylfter bord på åtte alen og 15 tylfter på seks. Novene vart innsette med tjøre. Taket vart lagt på lekter. Kor, skip og gavlar vart tjørebredde. Det vart kjøpt inn 600 spikar, i tillegg skaffa stiftskrivaren fire våger jarn som vart smidde til boltar og spikar. To menn vart leigde til å leggja "Steenlaget" (fundamentet) under kyrkja.

Kyrkja vart ombygd i 1857, ho fekk då takryttar vest på mønet (Bendixen 1904-13, s.177).

Bygningen

Vegger. Kyrkja har hatt tømmervegger i skip og kor. Utvendes var veggene kledde med høvla bord som vart tjørebredde (1684-86). På bilete av kyrkja frå 1900 er ho kvitmåla.

Dører. Hovudinngangen har truleg vore gjennom tårnet i vest. Kyrkja har hatt eiga dør inn til nordsida i koret med "skur" eller overbygg over. I 1683 er skuret over kordøra tjørebredd. Skuret over kordøra er bygt nytt att i 1699-1701 "af 9 Bord og en god Rende..."

Korskilje. I 1684-86 vart ein snekkar betalt for å laga eit "Schilrom imellum Choret og Kirkchen". Av dette korskiljet er det bevart to stolpar som truleg har flankert koropninga. Dei har breie tappar i overkant og kan ha vore tappa opp i ein horisontal tverrliggar. Stolpane er no monterte som siderammer på altartavla frå 1704 og står mot austveggen på gallerigangen. (Sjå kyrkja frå 1899, altartavle.) På interiørfoto frå 1900 er stolpane monterte saman med altartavla. Kyrkja har då eit korskilje der to firkanta, profilerte stolpar flankerer midtgangen og stør opp under dei tverrgåande tømmerstokkane. Under tømmerstokkane er det sett inn gitterverk i heile breidda med unntak av preikestolsoppgangen i sør. Nede i korskiljet var det brystningar mellom stolpe og vegg på sidene av midtgangen, i nord av fyllingar i ramme, i sør av liggjande bord.

Vindauge. Nye vindauge med postar, karmar og rammer i kor og skip vart laga av Lars Flessie. På den nye tømmerkyrkja vart det i 1684-86 laga luker eller lemmar framfor 10 vindauge på sørsida av koret og skipet, med jarnhengsle og beslag.

Golv. Reparasjonsarbeid viser at skipet og koret har hatt golv av bord på tilåsar/golvåsar.

Tak. Det går fram av rekneskapane at skipet, og truleg også koret, har hatt dobbelt sutak på sperrer. Taka var tjørebredde utvendes.

Himling. Dei første åra etter at kyrkja vart oppført vart det lagt ny "Lem eller Lofft" over heile skipet og koret av 26 tylfter høvla og pløygde bord, festa med 400 spikrar (1684-86).

Tårnet. Utfrå opplysningane i rekneskapen for 1683 er det "Kirchen" (skipet) og "Choret" som er nybygt. Når det gjeld tårnet, var det truleg berre tårnhetta som vart oppattnya, medan tårnet frå stavkyrkja elles vart ståande. Det vart kjøpt inn "Kiøbmandsbord" til sutak på tårnet og sperrer, kjølar og spirstong. Det vart då òg laga "ny Schur ofuer Hullerne udj Taarnet af Brede Bord", truleg som gavlar over lydopningane. I 1696-98 fekk tårnet ny "Taarnkrage". I 1705-07 er det sett opp to ni alen lange kjølar på tårnet. I 1699-1701 vart det sett opp to breie bord mellom tårnet og skipet for at ikkje regnet skulle driva inn. Det vart også brukt ei våg jarn til å festa tårnet til skipet. Dette viser at tårnet har stått heilt inntil kyrkja, truleg i vest. Det er nemnt at det er lagt golv i våpenhuset. Våpenhus er elles ikkje nemnt og dette kan ha vore i grunnhøgda i tårnet. På foto frå 1900 har kyrkja takryttar i vest og våpenhus framfor vestveggen.

Inventar

Altar . Kyrkjerekneskapane har ei opplysning om at altarskåpet er vølt og at låset i skapet er ordna.

Altartavle. a) Fram til 1704 kan kyrkja ha brukt katekismetavla frå 1599, (sjå mellomalderkyrkja). b) Ny tavle i 1704, no på orgelgangen (sjå kyrkja frå 1900).

Altarring. Rundt 1900 hadde kyrkja altarring med åttekanta form og med rekkverk av smale balustrar.

Kneleskammel. Skammel med topplate og sideplater som er avslutta nede ved karnissprofil. Desse platene er feste til to ståande tverrplater som fungerer som bein og som er dekte under sideplatene med små profilerte bordbetar. Kneleskammelen er stoppa (med hestehår?) og trekt med naturfarga skinn som er festa med spikar til skammelen. Umåla. Br. 54 cm, h. 22 cm, dj. 25,5 cm.

Døypefont med lok. Snekkararbeid frå renessansen. Fonten har kvadratisk grunnform, kasseforma med nedfelt brett for dåpsfat. Dei fire sidene har portalforma storfelt. Enkel boge med tannsnitt inne i bogen, listkapitél, profilert list på sidene og nede. Midtfelta er flankerte av kanellerte hjørnepilastrar som ber gesims med kronlist med tannsnitt. Innvendes har kronlista segmentforma fordjupningar for dåpsfat. Nede er fonten avslutta ved profilert fotlist. Loket har kvadratisk grunform med flat botn og hetteforma overdel med svungne hjørne inn mot midtstong. Oppe er loket avslutta med profilerte lister inn mot midtstonga. Stonga har avfasa hjørne og endar i kule med knopp. To av sidene i hetta, tidlegare alle fire, er utfylte med liggjande bord festa i diagonalstilte vegger. Hetta er avslutta nede ved profilert kantlist, festa i botnen med trenaglar. Farge: No grå-kvit som preikestolen. Mål: Font: h. 65,5 cm, største br. 51 cm. Lok: h. 56 cm, br. 46 cm.

Preikestol. Snekkararbeid frå renessansen. Opplysninga frå 1684 om at ein snekkar har fått betalt for å laga himling over preikestolen, medan preikestolen ikkje er nemnd, kan tyda på at preikestolen og døypefonten er laga tidlegare på 1600-talet og kan ha stått i stavkyrkja. Berre korga er bevart. Preikestolen har fire fag med ei rektangulær fylling i kvart fag. Utvendes er kvart fag delt i tre med nedre smalfelt, storfelt og øvre smalfelt. Nedre smalfelt er omgitt av profilerte lister og flankert av konsollar med beslagornamentikk. Over og under er breie, profilerte lister som begge trappar utover frå smalfeltet, den øvre fungerer som flat base for storfeltet. Storfeltet har fylling med portalforma midtfelt omgitt av profilerte rammer nede og på sidene. Øvst avslutta med enkelt kapitél som ber boge av snodde band. Sirkelmotiv i sviklane. Midtfeltet er flankert av kanelerte pilastrar med enkle profilkapitel som ber gesims. Øvre smalfelt har profilert list som ramme og er flankert av konsollar med beslagornamentikk som ber profilert topplist med tannsnitt under handlista på preikestolen. Lesebrett festa på innsida av andre fag frå nord. Snekkardetaljar som på døypefonten, truleg same snekkar.

Fargar. Preikestolen er overmåla med gråkvit måling. Dette gjeld ikkje øvre smalfelt som truleg har vore dekt av klede. Her viser eldre måling. Sjølve smalfeltet har grå botnfarge med raud marmorering, den profilerte rammelista er brun. Konsollane har svart og raud utfylling og grått beslag. Botnfargen på topplista er også grå med brun marmorering. Det fjerde smalfeltet frå venstre, som kan ha stått mot veggen i sør, er umåla. Rest av faststifta stoff på handlista. H. 119 cm, br. 112 cm.

Preikestolshimling †. 1684 vart det laga preikestolhimling.

Benker . Då kyrkja var ny laga "Johannes Snedcher" stolar i koret og nokre i skipet "som fremmede sidde I" og som ålmenta difor ikkje hadde ansvar for. Stolane elles i skipet var ålmenta sin eigedom. Det vart også i 1683 laga "2 Lange Schamler langs med Mands och Quindestolene, som Vngdommen sidder paa. ...saa och nyt Gulf och Bencher i Waabenhuset." I 1684 - 86: "Ladet giøre 4 Schamler 8 Alen lang, langs gulfuet." I 1900 Hadde kyrkja attlatne stolestader med dører og benkeryggar i same høgd. Dørene var nummererte.

Galleri . I 1683 vart det bygt opp "Vnderslag" (bærekonstruksjon) til pulpituret av bjelkar og stavar og med trapper til. I 1684-86 fekk ein snekkar betalt for å laga eit nytt pulpitur.

Rituelle kar. Kalk og disk. 1687-89: "j Kalch og Disch af Sølf forgylt" †. I 1705-07 er det opplyst at kalken er vølt og i 1711-13 har kyrkja ein kalk og ein disk av forgylt sølv og vekta er oppgitt til "20 lod ½ qtin". Kyrkja hadde då òg ein kalk og ein disk av tinn †. Dåpsfat. Kyrkjerekneskapen oppgir at kyrkja har "j Mæssingbechen I fontten" (1687-89). Dette er truleg bevart. Smal rand, rette sider og mest flat botn med massingnagle i midten (lodding). Ingen dekor eller innskrift. Hamra utside. Diam. 34,2 cm, h. 5 cm, rand 4 cm. Botn, diam. 24 cm.

Parament. Altarduk. Ein altarduk i lerret (1687 - 89) †. Messehakel. Ein gammal silke messehakel (1687 - 89) †, ein messeserk (1687 - 89) †.

Lysstell. 1687-89 og seinare: ”2 Kobber lysestager”, ”j mæssing lysestage” (†?).

Klokker. Då kyrkja var ny, hadde ho to klokker, den største var "brusten og vduelig". Ho vart omstøypt i 1701 i Bergen og vog då "10 vogr 1 pnd". Frå Optegnelser af Andreas Christie, Capellan til Sund (1776), UBB, Ms 135: "I Skaanevigs Kirke 2 Klokker paa den ene intet paa den anden Durch Feur bin ich geflossen Simon Henriksen in Bergen hat mich gegossen, S.D. gloria F[4?] 1701." (Sjå kyrkja frå 1900.)

Bøker. I 1687 - 89 hadde kyrkja: "2 Bibler, 1 Passional, 1 Ny Alterbog in 4to, 1 Ny Kirche Ritual, 1 Gl. Alterbog in 8vo, 1 Gradual, j Psalmebog". I tillegg til det gamle gradualet vart "j Ny Gradual in folio, Kiøbt Ao 1700".

Nummertavle. Skjærebrettforma, svartmåla tavle for salmenummer utan skurd eller måla ornament. 61x31 cm.

To like almissetavler med ulik innskrift. Tavlene har høg, ornamentert rygg og lægre sider og framkant. Sidene og botnen er høgre bak mot ryggen. Under botnen av kvar tavle er det festa ei trestong. Mål: Br.: 16,2 cm, dj.: 22 cm, med stong: 88 cm. H.rygg: 16,7 cm, side: 5,2 og 3,6 cm, framme: 3,6 cm. Fargar: Stonga svartlasert. Tavla raudbrun. Innskrifter framme på ryggane: På den eine: BETENK/ DE ARME, på den andre: KATcD. Skisse i notat.

To lysarmar, smijarn (BRM 1903 -136). Lysarmane har midtstong med firkanta underdel og konisk pigg, dei to delane like lange. Til overgangen er lodda fast to sidestilte armar av flatt jarn som endar i utbanka lyspiper med opning innover. H. a) 27,5 cm, br. 11,5 cm. b) defekt.

Kyrkjegard og gravminne

Det er i kyrkjerekneskapen nemnt port i aust og port i vest med tak over. (1693-95: It nyt schur ofuer det Østre Kircheledd af j tylt bord. 1696-98: Nyt Tag paa Vestre Kircheledd af 1 tylt bord..)

Kyrkja frå 1900

Den nye kyrkja vart oppført eit kort stykke nedafor den gamle kyrkja ved Skåneviksjøen. Kyrkja vart bygd av byggmeister Tengesdal etter teikningar av arkitekt H.S. Eckhoff. Kyrkja vart vigsla 31.august 1900.

Bygningen

Skånevik kyrkje er ei langkyrkje av tre med med skip med rektangelforma grunnplan under saltak, smalare kor med brotne hjørne under valma tak, sakristi i hjørnet sør for koret og dåpsventerom i nord under pulttak, begge med gangar ut til kyrkjegarden. Firkanta tårn i vest med sidestilte trapperom under pulttak. Veggene er utvendes kledde med liggjande staffpanel, det meste nytt, og kvitmåla. Fem høge vindauge dekkar mykje av veggflatene i langveggene. I sidebygga til tårnet og over inngangsdøra er det like store vindauge, sameleis i skråflatene i koret. Mindre vindauge i kortilbygga. (Overlys over inngangsdøra.) Lite overbygg (saltak på konsollar) over inngangsdør i vest. Stort platå framfor vestinngangen. Snekkardetaljar i sveitserstil.

Vegger

Det er tømmervegger i skip, kor og i sidetilbygga til koret med gangar. Tømmerveggene står berre innvendes. I skipet er kvar langvegg delt i fem felt ved hjelp av fire opplengjer, eit høgt, smalt vindauge med trekanta overdekking i kvart felt. Langveggene i koret har to opplengjer kvar. Koravsluttinga er lafta med brotne hjørne og med eit vindauge i kvar av dei skrå veggflatene. Utvendes er veggene panelte.

Dører

Hovudinngangen vest i tårnet og dørene vest i trapperomma er av ask og har kassetteverk med skorne ornament, nyare. Inngangsdøra har overlys og er utvendes dekt av gavl på konsollar. Dei opphavlege dørene i kyrkja er fyllingsdører med to høge, smale fyllingar øvst, ei liggjande og nedst to mindre ståande fyllingar. Hovudinngangen vest i tårnet og vest i skipet har fløydører. Det er einfløya dører mellom tårnfot og trapperom, gjennom austveggen i skipet til gangar i kortilbygga og mellom gangane og dåpsventerommet/sakristiet og frå gangane ut til kyrkjegarden. Dørene i austveggen i skipet har tidlegare vore dekte av lister i gavlform. Det er også dører mellom koret og dåpsventerommet/sakristiet.

Korskilje

a) Korskiljestolpar montert saman med altartavle på gallerigangen. (Sjå altartavle.) b) Koret opnar seg mot skipet i full breidde ved eit tredelt, gotiserande korskilje delt ved to mellomstolpar. Sideopningane er smale, rektangulære og går opp i raftehøgd. Dei har spissboga utfylling oppe, nede har dei brystning med to trekantdekte fyllingar i ramverk på kvar side og med tannsnittfrise under handlista. Mellomstolpane går opp i fialar på veggen. Midtfeltet er avslutta oppe i gavlform med spissboga utfylling.

Vindauge

Eirams vindauge i dei skrå flatene i koret og fem på kvar av langveggene i skipet. Vindauga er høge, smale og overdekte med trekant. Rammene er inndelte ved midtpost og som endar i y-form oppe, horisontalt delt opp ved tre sprosser. Glas av diagonalstilte, små farga ruter innlagde i bly, ulike lys grøne og lys brune tonar. Langs ytterkanten ei rand av farga glas, raudt inst og gult ytst. I den øvste ruta er det lagt inn eit motiv (sjå interiør). Yttervindauge av klårt, enkelt glas. I kortilbygga er det mindre vindauge med same form, med blyinnfatta glas med blå rand. Tårnet har høge vindauge over to høgder på sidene av trapperomma og over inngangsdøra i vest.

Golv og fundament

Skip og kor har golv av langsgåande, gråmåla bord. Golvet i koret ligg to steg over golvet i skipet. Fundament av naturstein i sement.

Tak

Skipet har sperretak med fire sperrefag i tillegg til gavlane. Eit sperrefag består av sperrer, undersperrer, hanebjelke og hengebjelke. Hanebjelkane kviler på midtromsstolpar i skipet slik at dei fire sperrefaga korresponderer med fire stolpepar som skil midtskip og sideskip. I raftehøgd er det lagt tverrstokkar mellom raftestokk og midtskipsstolpane. I lengderetning er konstruksjonen avstiva ved stokkar mellom midtskipsstolpane i raftehøgd. Sperrene ber seks åsar på kvar side og mønsås som er kløfta ned på sperrene. Åsane ber bordtak med over- og underliggjande bord i fallretning som ber yttertak. Sperretak over koret. Sperrefag av sperrer, hanebjelke, hengebjelke og skråstøtter frå sperre til vegg og med stikksperrer til raftestokken. I hjørna på stikkbogane aust i koret er det same type skråsperrer/stikksperrer, men utan hanebjelke og hengebjelke. Taka er tekte med ruteheller, tårnet har lappskifer.

Himling

Sideskipa har flat himling av tverrgåande staffpanel. Midtskipet har rette knevegger og gavlforma himling av ståande staffpanel. Himling i koret av staffpanel i fallretning.

Tårn

Firkanta tårn i bindingsverk mot vestsida av gavlen. Tårnet har fire høgder og er dekt med inntrekt åttekanta hjelm over pyramideform med små arkar sentralt på sidene, avslutta oppe med spir med kule, vindfløy og kule. Vindfløyen har årstalet 1900. Tårnet har sidestilte trapperom under pulttak. Tårnfoten fungerer som våpenhus. Tårnstolpane er synlege innvendes i hjørna. Det går dører ut til trapperom med toalett på sidene av tårnfoten. Andre høgda har dører mellom trapperom og orgelgang og mellom trapperom og orgelgalleri. På orgelgangen er det sekundært bygt organistkontor med nye vegger i nord, aust og sør av reisverk panelt med ståande faspanel. Mellom kontoret og vestveggen i skipet er det ein smal gang. Pulttaka over trapperomma kviler på tårnkonstruksjonen midt i tredje høgd. Gjennomgåande hjørnestolpar med rammer, mellomstolpar og skråband i kvar vegg. Klokkerommet i fjerde høgda har doble lydgluggar til tre sider med dører inst og spileverk ytst.

Hjelm. Dei åtte gratsperrene og dei fire små sentrerte gavlane kviler på ramma over fjerde høgda, remkransen. Midtmasta er plassert på ein kraftig nord-sør gåande bjelke over golvramma i fjerde høgd, og er elles festa ved tenger og bjelkar. Ramme på innsida av gratsperrene tek opp stikksperrene frå pyramideforma. Over ramma er hjelmen stabilisert ved stjerner.

Interiør

Døypefont plassert i koret rett framfor altarringen. Preikestol ved søndre del av korskiljet med trapp opp over brystninga. Tverrgalleri i vest med framspring over midtgangen. Orgel på galleriet med benker på kvar side.

Farger

Kyrkja har fleire gonger gjennomgått fargerestaurering av interiøret. Rundt 1900 var kyrkja lys gulbrun innvendes, med noko mørkare himling og enno mørkare bjelkar og galleri, benkene var ådra i trefarge. Det var måla ei blå sjalong-bord under himlingane. (Bendixen 1903-14, s. 178.) Ved dei konstruktive elementa i korskiljet var det også måla dekorative motiv.

Veggene er no lys gulbeige. Alle himlingar, stolpar og opplengjer er lys blå. Vindaugskarmar og ramverk på dører, brystningar, preikestol og benkeryggar er burgunder med gullfarga listverk og grøne fyllingar. Konsollar og gesimslister i kyrkja er også markerte med burgunder og gull. Vindaugskarmane i koret er lys blå. Golvet er gråmåla. Benkene har puter trekte med lilla stoff. Rosa løpar i midtgangen heilt fram til altarringen. Det er planlagt å måla interiøret i ei ny fargesetting utarbeidd av B. Kaland før 100-årsjubileet i år 2000.

Glasmåleri

Dei øvste rutene i vindauga har glasmåleri, i skipet: ei åttetagga stjerne i gult, raudt, blått og grønt på blå botn, i koret: ein kross.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med vegger av ståande staffpanel avslutta nede ved profilert listverk. Altaret er trekt med ullstoff på tre sider. Baksida har dør til skåp i altaret. H. 110/126 cm, br. 250 cm, dj. 92 cm.

Altartavler

a) Atartavle frå 1704 med to flankerande stolpar frå korskilje frå 1686, no på gallerigangen.

Korskiljestolpane. Stolpane er 261 cm høge og har utskjæringar på tre av sidene, baksida er utilgjengeleg. Øvst er stolpane forma som firkanta kapitel med ein brei tapp i overkant og dei har truleg bore ein tverrgåande bjelke. Søylene er dekorativt delte ved horisontale band i fire jamhøge parti. Det øvste feltet har voluttar i tre høgder. Partiet under har krigarkledde hermefigurar med hjelm, hår som svingar ut til sidene under hjelmen og bart, krage av bladformer over stilisert brystkasse med sidestilte voluttar, kuleforma mage kledd med kappe som endar i kanta tunger med nedhengjande band over plint. Under dette eit parti med band og fruktklasar opphengd i ringar under bruskform med s-forma sidestilte ornament. Nedst ein firkanta, glatt sokkel. Dekoren skil seg frå det kjende korskiljematerialet på Vestlandet (Sæverud 1979, s. 106). Fargar: Stolpane er måla i grått, mørkt og lyst brunraudt, gull og svart.

Måleri. Altaroppsatsen har to delar, eit stort, nærast kvadratisk lerret med motiv i tre høgder, og eit mindre, slakt gavlforma lerret over dette. På det kvadratiske er det nedst eit skriftfelt flankert av måla ornament. Innskrift: "Til Guds Ære og Kirchens Ziirath er denne Altertafle bekostet af Sognepræsten Hr. Elia Eliæ og hans kiære Hustru Margrethe Heltberg, sampt Almugen udi Sk(aanevik) Kirkesogn Anno 1704. H. Sager fecit.", over dette Nattverden med innstiftingsorda på sidene, felta er skilde frå einannan ved bladrammer, og øvst Krossfestinga i midten flankert av Moses til venstre og Aron til høgre utafor joniske, marmorerte søyler. Det gavlforma lerretet har trekantgavl av lister toppa av dreia knopp. Lerretet har måla framstilling av Oppstoda med ein liten, svevande Kristus med lendeklede og sigersfane. Målinga på lerreta ser ut til å gå under stolpane. Fargar: Dei to lerreta har svart botnfarge med gule innskrifter og figurmåling der raudbrunt, beige, kvitt og gulbrunt dominerer. Blå og svarte fargeinnslag.

b) Altartavle på altaret. Vimpergforma oppsats med sidestilte pilastrar som endar oppe i fialar. Framfor pilastrane rundstavar med profilerte ledd. Vimpergen har krabbar og vimperg og fialar har kross som øvre avslutting. Rundboga biletfelt over rektangulært skriftfelt. Svikelen i vimpergen er utfylt med eit trekanta felt med tredelt bladmotiv. Fargar: Ramverket burgunder, listverk, krossar, rundstavar og bokstavar er gullfarga. Skriftfelt og trekantfelt er brunmåla. Bendixen (1904-1913) opplyser at "Træværket er mørkegraa, medens fialer og søiler er hvidmalte". I skriftfeltet i fraktur: Jeg er Opstandelsen og Livet Joh. 11 25. I biletfeltet måleri med oljefargar på lerret, signert A & E.M.Erichson / Copi efter C. Bloch / 1900. Bendixen opplyser at "Altertavlen skal være besørget gjennem et firma Eriksen i Kristiania og billedet skal være malet av Lambert". Det framstiller Oppstoda. Jesus står i rektangulær gravopning i ei fjellnisje med hender og blikk løfta oppover, med venstre foten på den framovervelta, knuste gravsteinen og med ein knelande engel på kvar side i framkant. Alle figurane er kvitkledde, steinpartiet gråleg. Kvite, store liljer i gravopninga bak Jesu føter. Grønleg gras i framkant der det ligg ein lanse og ein hjelm. Jesus har likkledet tildels over bakhovudet, gulaktig stråleglans om hovudet.

Altarring

Rund altarring med opning ved sørsida av altaret. Knefallet stoppa og trekt med brun skai. Balusterrekkverk. Handlist med hylle for særkalkar. Knefallet er gråmåla nede, balusterrekkverket er burgunder med gull staffasje. Mørkt grågrøn handlist med grå hylle. Knesleskammel. Kasseforma med profilert listverk nede. Skammelen har skrå topp stoppa og trekt med skai.

Døypefont

Åttekanta døypefont i tre. Fonten har kum i to avsatsar, skaft med nodus av listverk, høg, rett fot. Fargar: Burgunder med grøn og gul staffasje.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har sju fag, dei to nærast oppgangen smalare, og åttekanta grunnform. Faga har enkle fyllingar dekte med gavl. Foten er åttekanta med vidare base og med fire konsollar under stolen. Oppgang gjennom rett trapp frå koret over korskiljebrystninga. Trappa har balusterrekkverk på begge sider og tynne, balusterforma meklarstolpar med knopp.

Benker og faste stolar

Fast benk i koret. Brystning med tre fyllingar ved korskiljebrystninga i nordvestre hjørne i koret. Bak denne fast veggbenk.

Benker i skipet på sidene av midtgangen og med passasje og faste benkefjøler langs langveggene og veggen i vest. Benkene er dei opphavlege frå kyrkja si oppføringstid i gotiserande form med benkevangar toppa med vimpergavdekking og utskore framspring for smale, formskorne benkefjøler, heil rygg med tre liggande fyllingar, skråhylle for salmebok frå toppen av ryggen og hattehylle under setefjøla. Fargar som elles i kyrkja: vangar og ramverk burgunder, sete og fyllingar grøne, listverk gull. Benker på galleriet på begge sider.

Galleri

Galleribjelken er lagt inn i det vestlege paret av opplengjer og midtskipsstolpar og av to ekstra stolpar som flankerer midtgangen. Framspringet er understødd av konsollar. Galleribrystning med trekantdekte fyllingar i ramverk og med profilert listverk under handlista. Fargar som elles: ramverk burgunder, fyllingar grøne, lister i gullfarge.

Orgel

a) Orgel frå Olsen & Jørgensen 1900. Orgelet hadde åtte stemmer fordelte på ein manual og anhangspedal. Mekanisk overføring. b) Orgel frå VEB Orgelbau, Dresden 1975, Opus 959. Prospektet har tredelt hovudverk og sidetårn med pedalverk. Dei fem felta har synlege metallpiper. Glatte kassar av plater. Hovudverket er høgst og midtdelen går opp i slak gavlform, medan sidefelta er skrådde opp utetter. Sidetårna er noko framskotne i høve til midtpartiet. Orgelet har 14 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Mekanisk overføring. (Kolnes 1993, s. 343.)

Måleri

”Pasions-Wiisere” i sakristiet. Olje på lerret. 1700-talet. Kristus framstilt død på krossen. Eit band som heng om krossarmane er i nedre del forma som ei urskive. Utafor tala er det i 13 ovale felt framstilt scenar frå lidingssoga. Strålar som går ut frå Kristi lekam til motiva ber forklarande bilettekstar. Lidingsmotiva går kronologisk sett frå venstre mot høgre medan tala går 6-12 , 1-6. Ved krossarmane har bandet påmåla skrifter i fraktur. På kvar side er det framstilt ei korintisk søyle over pasjonsmotiva. På venstre søyle står Moses med lovtavlene. Til høgre ein svart fugl, ein hane, med eit segl med innskrift i nebbet. Nedst to ovale skriftfelt med innramming av roser.

Innskrifter: På visarane frå venstre: Stilt for Caiphas, staar for det Jødiske raad, Hudstrøgen, bespottet, torne-kronet, stilt for Herodes, bar sit Kors, beder for sine fiender, trøster røveren og sin Moder, oppgiver sin aand, tages af Korset, begraven.

På sløyfe øvst på krossarmen: Pasions-Wiisere/ Jesu Nazareus INRI Rex Judeorum.

Sløyfe over venstre krossarm: Han bar vor sygdom, og tog vor pine paa sig. / Hvad Adam udi haven brød det maatte vi undgjelde men Christus haver ved sin død os løst af satans fælde.

Sløyfe over høgre krossarm: straffen liger paa hanem, at vi skulle have fred, og vi ere helbredede ved hans saar / Hvo vil da nu fordømme meer min Jesus io betalte. Hans død vi her for øynen seer som ald vor uhæld qualte.

Innskrift på segl i fuglenebbet: agter og seer om der er nogen sorg som min sorg; thi Heren haver giort mig bedrøvet paa sin grumme vredes dag. (B)eg. 1.12

Skriftfelt nede til venstre: Kom steenigt hjerte see, see hvor din Jesus hænger Paa Korsens galge træ Kand du dig holde længer. Til høgre: For medynk est du vist af steen og ei af Kiød o steenig hjerte brist dog for din frelsers død.

Bakgrunnen gråblå, nedre del grøn. Elles ulike grå og svarttonar og kvitt. Jesus: grå karnasjonsfarge, raude bloddråpar. I ovalane: gråblå motiv mot kvit botn. Raud-rosa roser, gule og grøne blad. Alle skriftfelt kvite. H. 85 cm, br. 70 cm.

Rituelle kar

Kalk. Sølvkalk med lok. Innvendes gylt. Kalken har profilert kant og djup, skrånande kupa som smalnar av mot rett sylindrisk skaft over og under flattrykt, stor, gylt nodus med drevne tunger og halvkuler med krossmotiv. Utståande kant langs midten av nodus. Øvre og nedre skaftledd er avgrensa oppe og nede ved profilerte lister. Foten er glatt, utsvinga og endar i rett standkant med breiare utståande list oppe og nede. På kupa inngravert latinsk kross med kløverbladarmar. Prikka bord oppe og nede på kupa, på nedre skaftledd og nede på foten. Ein gylt krusifiksfigur utan kross er festa til foten ved gjennomgåande klemmer. Bendixen opplyser at "Kalken havde sexfliget fod med paaloddet krusifix, stilkens knop har tungeformede ornamenter. Nu er den omgjort, har faaet høit, indvendig forgyldt bæger og rund fod og stet, og et spidtsbueornament baade paa bæger og fod. Krusifixet er beholdt. Arbeidet er udført af T. Olsen i Bergen" (Bendixen, 1904-13, s. 179). Loket er runda. På den eine sida er det sett inn ein liten tut i loket, på motsett side eit lite rundt hol. Loket endar i ein gylt knopp forma som øvre halvdel av nodus. Knoppen ber gylt latinsk kross med kløverbladarmar. Loket er innvendes gylt, det sluttar tett til ved hjelp av korkring som vert trykt ned i kupa. Ustpl. på den nye, runde foten, høyrer truleg saman med disken. H. 31 cm med lok, br. 11,5 cm.

Særkalkar. Ca. 60 av tre ulike typar, flest av dei eldste. a) Sølv(?) Djup eggeglasforma kupa med rett latinsk kross. Firflika nodus og fot. Ustpl. b) Plett. Flat kupa, innvendes gylt, flat nodus med rettkanta midtlist. Glatt utsvinga fot med rett standkant. Stpl. GP, plett. c) Plett. Flat kupa, innvendes gylt. Glatt rund nodus, utsvinga fot over liten rett standkant. Stpl. MÅ.

Disk. Sølv. Tallerkforma med svagt skrånande rand og runda, gylt botn. Prikka bord langs kanten. Stpl. BOTTELSEN 830 S. Diam. 14,4 cm, rand 2,1 cm.

Oblatøskje. Plett? Høg sylindrisk med svakt krumma lok. Ustpl. H. 7,7 cm, diam. 12 cm.

Vinkanne. Sølv. Korpus skrår ut mot runda botn som står på ein 1,8 cm høg standkant. Tut og stor hank. Lett runda lok festa til hanken. Loket er toppa av kross med kløverbladarmar. Innskrift på standkant: "Gave fra Lise Marie og Bernhard Hjelmervik / Skånevik kirke 30 september 1973". Stpl. 830 S, HESTENES. H. 28,8 cm, br. 15,5 cm.

Dåpsfat. Plett(?) Lett skråna rand, runda botn. Inngravert på randa i utfylte versalar: SKÅNEVIK KYRKJE 1900. Diam. 38,7 cm, rand 5,3 cm, h. 8,3 cm. Stpl. J.Ø. MØKLEBUST, BERGEN - 1900 (årstalet er prikka inn).

Kanne. Plett. Standard kanne med rund korpus, traktforma hals med vid hellekant, S-forma hank. Due-motiv på korpus. Inngravert på foten: GÅVE FRÅ SKAANEVIK SPAREBANK I HØVE 75ÅRS JUBILEET 31-8-75. Lapp under botnen: Gullsmed K. Hestnes A/S, Bergen. H. 35 cm, br. ved hank 20 cm.

Parament

Altarduk. a) Tynn, kvit duk i linlerret med engelsk broderi. Motiv med hjul som formar ein tunga kant og går opp i tre store krossar på framsida. Kvart hjul er danna av åtte sirklar med utfylling og hekla tunger inn mot sentrum. b) Toskafts linduk med svartsaumbord med innslag av kvit austmannarenning på sidene og framme. Ytst ei bord med negativt mønster med vekslande vindrueklasar og aks med stjerner mellom. Innafor er brodert stjernemotiv. På framsida har den ytre borda fem krossar som går opp i høgd med stjernemotiva. På venstre sida innbrodert: SKAANEVIK/ 19 KYRKJE 66. Dekke oppå bordet av enkel toskafts linduk.

Messehaklar. a) Rettsida messehakel av mønstra raud fløyel med diagonale ruter utfylt med blomar. Fôr av kypertvevd raud bomull. Motiv: Ryggsida har kross av breitt gullband som går heilt ut til kanten, inga form for kanting. Fôr av toskafts lin, samansett av fint og grovare stoff. b) Smal, rettsida vinraud fløyels messehakel (1900-tals) med kross og kant av påsydde gullband. c) Rettsida, smal messehakel av kremfarga brokade. Fôr av lys gul sateng fôrsilke. Ryggsida har applikert vinraud kross som går heilt ut til kanten. Applikert sirkel med luther-rose i krysset. Motivet og sjølve hakelen er kanta med smalt gullband. Broderte motiv på krossarmane: alfa og omega. På øvre del av stammen brodert krone, på nedre del femskipa kyrkjefront i tre høgder med sentral portal. Frå portalen går det ein stolpe oppetter, stolpen er broten av ein latinsk og tre greske krossar, dei tre med vengjerpar som bakgrunn. Over stolpen ei femtakka stjerne. Krossar og stjerner gullfarga, alfa og omega sennepgule. Krona er i gull med blått. Vengjene er kvite, kyrkjefronten av kvitt stoff med beige, brodert kanting. Framsida har tilsvarande kross, men berre med motiv på nedre del av stammen. Motiv som på ryggsida, men vengjepara er utskifte med aks.

Messeskjorte. Ei bomulls messeskjorte. Kappe. Ei svart kledes kappe til bruk på kyrkjegarden. Nyare.

Lysstell

Altarstakar. To eldre stakar på altaret. Forsølva massing(?). Stakane har sekundær lyshylse for kubbelys. Tidlegare pigg. Djup, vid lysskål. Rett skaft med spiss nodus og band oppe og nede. Svakt skråna fot som knekker mest rett ned over skrånande kant, boren oppe av tre høge stiliserte løveføter. H. 29,5 cm, br. 19,2 cm.

Altarstake. Sjuarma altarstake i sølv. Sju lyspiper i same nivå på tre bogar og midtstong. Sylindrisk skaft på halvkule som går over i vid fot med profilert avtrapping mot standkant. Innskrift i fraktur: Skånevik Kyrkje 1968. På motsett side i versalar: "GÅVE FRÅ UTVANDRA SKÅNEVIKBUAR I U.S.A." Stpl. 830 S, kalk i oval, TH.MARTHINSEN. H. 43 cm, br. 44 cm.

Trearma stake. Stempel 830 S (Lo). Innskrift på foten i versalar: SKÅNEVIK KIRKE 75 ÅR og på motsett side: TIL MINNE / ALFRED OG LOVISE TJELFLÅT.

Sjuarma smijarns lysestake.

Lysekroner. a) Lita massingkrone i barokk form med tolv s-forma lysarmar fordelte på to ringar. Krona har balusterforma skaft som endar oppe i utoverbretta bladkrans og med kløverforma oppheng, nede i kule med profilert knopp. Øvre ring har små, flate lyskragar, djupare lyskragar i nedre. Profilerte lyspiper. Innskrift i store versalar dekkar kula: DEN VELAGTE DANNEMAND KNUD ANDERSSEN HAUGE / MED DÜDIGE KONE KARI NIELS DATTER HAVER FORÆRT DENNE / KRONE TIL SCHONEVIGS KIRKE I AAR 1791 SAMME AARET 1791 BLEV / KRONEN INDVIET AF STÆDETS SOGNEPRÆST HR.MATHIAS ABEL SAMT / LÜS GIVET TIL DENNE HØÜTIDELIGHED AF PRÆSTE KONEN WELÆD / LE MADAME CHRISTINE CARINA ABEL.

b) Stor svartfarga jarnblekk-krone som hang i kyrkja til c) vart opphengd i 1963. Ligg no demontert i tårnet. Firpassforma brei ring med åttesida botn som smalnar av nedover mot midstonga som endar i knopp. I hjørna i firpassforma og sentralt på kvart segment har det stått lyshaldarar, kvar for tre lys. Under lyshaldarane har det hengt gylte, trekopla blad. Gullfarga midtstong med firpassforma snitt. Åtte vridde stenger med snodd greinmotiv med gullblad har gått frå ringen til toppen av midtstonga. Krona er tysk og hang i Mariakyrkja i Bergen før ho kom til Skånevik.

c) Stor massing lysekrone i barokk form. Nyare. Fire ringar med seks lysarmar i kvar. Minkande storleik oppover. Krona har balusterforma skaft og endar oppe i oppheng i ring, nede i stor kule med knopp med ring. Elektrisk lys. Innskrift på kula: SKÅNEVIKS SPAREBANKS 100-ÅRS JUBILEUMSGÅVE - TIL SKÅNEVIK KYRKJE 1963.

Sideskipa har hangande, messingfarga lampar i kjegleform. Moderne, flate standardlampar under og på galleriet. Ein toarma, barokkforma, antikkfarga lampett ved klokkarstolen. Punktlys mot altaret. Flomlys.

Klokker

a) Klokka har hank av midtboge og seks bøylar. Flat kronplate som knekkjer rett ned mot boga hue. Hals med bladornament og rille over og under skriftfelt med innskrift: .SOLI.DEO.GLORIA. Korpus som svingar ut mot band av fem riller i overgangen til nedbøygd slagring med list mot kanten. På eine sida på korpus kong Frederik den fjerdes monogram og ANNO DOMINI 1701, på motsett side: DVRCH FYR BIN ICH GEFLOSSEN / SIMON HENDRICHSEN IN BERGEN / HAET MICH GEGOSSEN. Diam. 72,5 cm, h. 67 cm.

b) Krone med hank av midtboge og seks bøylar. Flat kronplate som endar i liten, loddbein kant. Svakt krumma hue. Rett hals med tre riller. Mellom dei to øvste ornament i form av ringar og stjerner. Mellom dei to nedste: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØBERI NAUEN PR. TØNSBERG 1921. Under tredje rille: bord med rundbogar med innskrevne kløverbladsbogar. Utsvinga korpus som endar i to riller over nedbøygd slagring med brei list mot kanten. Innskrift på eine sida på korpus: GIVET TIL GUDS ÆRE AV / UTSKIFTNINGSFORMAND / O.NILSEN. På andre sida: RING FOR SKAANEVIKS MENIGHED! / RING DEN IND TIL BOD OG FRED! / RING MED HIMLENS LYSE TONER, / OVER JORDENS TORNEKRONER. Diam. 71 cm, h. 68 cm.

Bøker

Bibel. Det norske Bibelselskap. Chra.1862 (Chr.Grøndahl). Innskrift framme: "Skaanevigs Hovedkirke tilhørende.-" Skinnband.

Nummertavler

Gamle, enkle, rektangulære med rammer i tårnet. Nye: To store ved dørene i austveggen. To mindre på langveggene. Eikerammer med akantusornamentikk og to fuglar skorne av Hans Vannes.

Møblar

Piano, Sauter, nord-aust i skipet. Brurastolar.

a) Eikestolar av renessansetype. Innskrift under setet. Dr. Molland, Skånevik pr. Haugesund. Avsmalnande rett rygg, treskurd på toppstykke, på tverrstykke nede og på utfylling mellom ryggbrett og ryggstolpe. Ryggbrett og sete trekte med brunt lær festa med stor saum. Dreia frambein og bindingssprosser (nedst på sidene). Utskore bindingsbrett som går opp i englefigur opp til sargen.

b) To brurastolar med stoppa heil rygg og sete trekte med gyllenlêr. Stolane er rikt dekorerte med akantusskurd. Skilt på innsida av sargen: "Gåve frå Sunnhordland Mek. Verksted 1988".

Offerkar

Kiste i plommetre på hylle sør på altaret. Treskurd på alle fire sider og på loket. To avlange spalter for offer. "Gåva frå Skånevik Husmorlag" brent inn under loket, under botnen: "Hans Vannes, fødd 1893".

Blomsterbeger

To pokalforma sølvbeger. Innskrift på foten: TIL SKÅNEVIK KIRKE FRA SOKNEPREST GUNDERSEN OG FRUE. Stpl. 830 S.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegard sør og sørvest for kyrkja. Kyrkjegarden er oppterrassert i høve til singelgangen som går langs sørveggen i kyrkja til portar i aust og vest. Den eldste delen av kyrkjegarden sør for kyrkja på den tidlegare kyrkjestaden har steingard av rullestein.

Gravminne

Av eldre gravminne er ein liten støypejarnskross med planteornamentikk over Sophie Tornøe som døydde i 1865 eitt år gammal. Steinmonument med plate og kross, 1894. Fleire stein- og jarnplater er bevarte. Steinplate over Marie Edvardine GARMANN 1888. Karm med lok av støypejarn med innskrift: "Herunder hviler støvet af sognepræst CHRISTOPHER ELLERHUSEN Født 18. decbr 1802 I BERGEN DØD 18 MAI 1858 I SKONEVIG, Hvor han i 33 AAR VIRKEDE SOM HERRENS TIENER - FRED MED HANS STØV." To steinplater, den eine med innskrift i versalar: ”Herunder hviler Poul Schonevig Stub, født 1743. Blev Kapellan 1766, gift 1768. Blev Fader til 8 børn. Blev Sogneprest 1777 til skaanevig. Død 1788.” (Haugland, V, s. 334.) Den andre plata er etter sorenskrivar Søren Schiøtz som døydde i 1803. I kyrkja er bevart to steinplater frå graminne frå 1893 og 1918 og støypejarnskrossar med plater. Sameleis to ovale blekkskjoldskjold, eitt med timeglas over kryssande ljå og fakkel og med kryssande greiner av palme og eføy. Innskrift: Død 18 Mai 1858. Det andre: F E over oppslått bibel med stav og ljå omgjeve av kryssande greiner av palme og eføy.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Sæverud, D.H., Bilthuggerbarokken i vestnorske kirker, ms. Bergen 1979.
  2. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Ulike rekneskapar 1602-1815, A.d. Bergens Stift 46, 1659-1668, Synfaring 1661-1665, Shl.
  3. Rentekammeret, Kyrkjerekneskapar, Pk. 46.
  4. Rentekammeret, Kyrkjerekneskapar, Bergen Stift, Pk. 48.
  5. Rentekammeret, Kyrkjerekneskapar, Bergen Stift, Pk. 51.
  6. Prestearkiva, Kyrkjestolebok l.nr. 137, 1696-1723.
  7. Statsarkivet i Bergen (SAB). Stiftamtmannsarkivet, Boks 1733.
  8. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 134.
  9. Stiftamtmannsarkivet, Boks 1718, Stiftsskrivarrekneskapen.
  10. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1719,3, Synfaring 1721.
  11. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1734.
  12. Universitetsbiblioteket i Bergen (UBB). Ms. 135. Optegnelser af Andreas Christie, Capellan til Sund (1779).
Trykte kjelder
  1. Bendixen, Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-1913.
  2. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993.
  3. Haugland, A., Skånevikssoga V. I gode og vonde dagar, Fram til 1750, Skånevik bygdeboknemnd 1998.
  4. Haugland, A., Skåneviksoga VI. I gode og vonde dagar, Frå 1750 til 1965, Skånevik bygdeboknemnd 1998.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)