Sæle kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk

Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Kyrkja på Sæle er den første kyrkja på staden. Den gamle kyrkja på Kvamsøy vart teken ut or vanleg bruk, og ny kyrkje for soknet oppført på garden Sæle lengre vest på nordsida av Sognefjorden. Soknet høyrde til Vik fram til kommunereguleringa i 1964 då det vart lagd til Balestrand kommune. Kyrkja vart oppført i 1903 og vigsla den 28. april av biskop Johan Willoch Erichsen. Arkitekt for bygget var Hans Jacob Sparre, Oslo. Han teikna også Gaupne kyrkje i Luster nokre år seinare. Begge kyrkjene vart oppførte under leiing av byggmeister Korsvoll frå Ytre Sogn. Kyrkja er orientert.

Bygningen

Kyrkja har nyromansk basilikaform med smale, låge sideskip og breitt og høgt midtskip. Ho har innslag av drakestil med drakehovud og krossar på møna og med store jarnbeslag utvendes på dørene. Tårnet med våpenhus i første høgd er tverrstilt framfor vestre del av skipet. På nordsida i er det delt av eit rom for dåpsfølgje. I austdelen av sideskipet i nord, på sida av koret, er det delt av eit sakristi. Sideskipet i sør går ikkje like langt aust som det på nordsida, men er avslutta ved skipet. Her er det utvendes eit lite, overdekt inngangsparti med stolpe i hjørnet. Frå inngangspartiet er det også dør i nord til eit lite toalettrom som ikkje er i bruk. Koret er smalt og høgt. Fargen utvendes har alltid vore gul med brunt listverk.

Vegger

Veggene er oppførte i lafteplank av gran frå Austlandet.[1] Sideskipa har låge vegger som er samanbundne med veggene i midtskipet med golvbjelkar og med sperrer inn mot ein langsgåande bjelke festa i midtskipets stolpekonstruksjon. Sideskipsveggene er avslutta med fotlist ved golvet og med taklist med nailheads mot taket.

Rommet har ei inndeling i tre fag. I skiljet mellom faga er det to stader i midtskipsveggen to stolpar med smalt mellomrom. Desse held fram som opplengjer opp gjennom veggen og korresponderer med to sperreband. Under den langsgåande bjelken som utgjer grunnlag for veggen i midtskipet er det sett inn runda kne frå bjelkane. Mellom stolpeparet utgjer dei to knea ein rundboge, på kvar side ein halv rundboge. Tilsvarande kne er sette inn mellom opplengjene og saksesperrene i hovudsperrebanda i takkonstruksjonen. Stolpane er dekorerte med krinsar i brystningshøgd og stiliserte terningkapitel under knea. Midtskipsveggen er avslutta oppe med ein andre langsgåande bjelke under taklist med nailheads i underkant og tannsnitt i overkant.

Inndelinga i tre fag er understreka ved vindaugsopningane. I kvart fag er det kopla saman tre vindauge i sideskipa og tre større vindauge i midtskipet.

Vestveggen har opningar for dør sentralt og på kvar side, i andre høgd er har veggen ei opning inn til bakre del av galleriet som er bygd opp som ein eigen, liten laftekasse. Austveggen i skipet har opning for koret sentralt og for dører på begge sider.

Tømmerveggene i koret er lafta opp i full høgd utan opplengjer. I nordveggen er det dør til sakristi. Over ei gjennomgåande list høgt på veggen er det sett inn samankopla vindauge, to i sør og i nord og fem i aust. Fotlist og taklist som i skipet.

Utvendes er veggene kledde med tosidig staffpanel i ståande brystning og liggjande panel over brystninga. Nedst er veggen avslutta mot firskore vassbord. Veggen oppe er avslutta mot taksperrene og takskjegget er underkledd.

Veggene i sakristiet er kledd innvendes med ståande møllestuepanel.

Dører

Kyrkja har sentral fløydør med flankerande enkle dører vest i tårnfoten og vest i skipet. Sideskipa har dører ut i aust. På nordsida gjennom sakristi. Her er det også dør inn til koret. På galleriet er det dører ut til lagerrom i nord og trapperom i sør og to dører i vest til oppgang i tårnet. Eit lite rom sør for koret, ved preikestolen, har dør ut i sør. Det nye toalettbygget har dør nord i våpenhuset.

Dei fleste dørene er originale. Dei er panelte i gåsaugemønster innvendes og med rett- eller skråstilt faspanel utvendes. Utvendes er det sett på kraftige, dekorerte gangjarn. Vestinngangen har overlys med fire rundboga ruter skilde med små pillarar med terningkapitel. Døra er overbygd med eit kort saltak med kløverbladsopning, mønekam og vindskier med bladornament i endane og kross i mønet. Taket kviler på runda konsollar feste til veggen.

Over fløydøra frå våpenhuset inn til skipet er det sekundært sett inn eit ornament som tidlegare stod på altaret.[2]

Korskiljet

Koret ligg to steg høgre enn skipet med trapp i midtgangen og brystningar på sidene. Elles opnar koret seg i full breidde og høgde mot skipet og er kanta med innkassa hjørne og med ein flat rundboge i overkant. I overgangen mellom side og boge er det runda kne.

Brystningane er tette med tett, ståande tosidig staffpanel med mandlist og fotlist, og er lagt opp i ein rund meklar med svakt tønneforma skaft, firkanta kapitel med pålagde krinsar på sidene, og avslutta oppe med kule.

Vindauge

Kyrkja har vindauge både i sideskip og midtskip. Sideskipa har mørkare glas og det høge, basilikale lyset frå midtskipet er dominerande. Vindauga er rundboga og kopla saman i seriar på to, tre (dei fleste) og fem i ein rektangulær karm. Glaset er sett inn ytst i karmen og kyrkja har enkle glas. Oppe i langveggene i midtskipet er vindaugsopningane større enn elles og her er det klart, opphavleg glas. I dei andre vindauga, oppe i koret og i sideskipsveggene, er det farga, bukla glas.

Både i midtskipet og i sideskipa er det tre x tre glas på kvar side, ein karm i kvart fag. I sakristiet er det kopla fem glas saman, det same i austveggen i koret, medan det i sideveggene i koret er to glas i ramma.

Innvendes er det enkle gerikter med fas og med skorne trekantar i sviklane mellom bogane. Utvendes har vindauga vatnbord på konsollar i overkant. Rundbogane har fas, og mellom glasa er det små, runde pillarar med treningkapitel og firkanta base.

Golv og fundament

Skip og kor har bordgolv med bord lagde i lengderetning og festa til golvbjelkar. Lakka. Truleg originalt. Fundamentet ar av tukta granitt frå Lindane, eit stykke vest for kyrkja. Det er kjellar under delar av kyrkja med inngang søraust i grunnmuren.

Tak

Det ligg saltak over midtskipet og eit lægre saltak som er valma mot aust over koret. Kortaket har så kort møne at taket nærast liknar eit telttak.

Over sideskipa er det pulttak som går inn til tårnet i vest og er valma over inngangane i aust. Møna har gjennombrotne mønekammar med utskoren kross ved enden av hovudtaket i aust. Taka er tekte med lappheller.

Saltaket er eit sperretak med tettstilte sperreband med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. I gavlane og dei to doble hovudsperrebanda er det i tillegg sett inn hengebjelkar frå mønet ned under hanebjelken, og desse er markerte med svartmåla jarnbeslag over og under himlingsnivå. Saksesperrene er festa oppe til sperrene med svalehale og understøtta av langsgåande bjelkar festa til sperrene og saksesperrene. Nedre del av konstruksjonen er ikkje undersøkt.

Himlingar

Himlingen over midtskipet er av staffpanel som er lagd over saksesperrene i takkonstruksjonen. Midtre del av hanebjelkane er også synleg nedafrå. Over sideskipa er det skrå himlingar av staffpanel som følgjer undersida av sperrene i pulttaka.

Himlingen i koret svarar til himlingen i midtskipet. I hjørna mot valminga i aust er det lagt gratsperrer og mellom desse er himlingspanelet lagt i kyrkja si tverretning over sperrer.

Tårn

Kyrkja har tverstilt tårn med rektangulær plan framfor vestveggen i skipet. Tårnet er dekt med saltak og på dette er det plassert ein takryttar som fungerer som tårnhjelm. Det er inndelt i tre høgder der andre høgd er særleg høg. Nord og sør for tårnet er det i sett til siderom i ei og ei halv høgd.

Tårnet er bygt i bindingsverk med hjørnestolpar, mellomstolpar, rammer og høge kryssband. Mellom etasjane er det inndeling med rammer av horisontalet bjelkar.

Veggene i første høgd i tårnet har skrå vegger i vest, sør og nord. Elles er veggene rette. Sideromma er dekte med saltak som er valma mot utsida. Vestveggene i sidebygga er trekte noko inn frå vestveggen i sjølve tårnet. Det er inngangar til kyrkja gjennom fløydør under kort saltak på konsollar vest i tårnet. Det er også inngangar gjennom enkle dører i vestveggene i sidebygga. Dei tre inngangane er gjennomgåande med tilsvarande dører vest i skipet.

Det er vindauge i ytterveggene i sideromma i første høgd. I andre høgd har sideromma tre saman kopla vindauge i vestveggen I andre høgd i tårnet er det to små lysopningar i vest, ein i nord og ein i sør. I klokkerommet er det vindaugskarm i vest med fire rundboga vindauge inndelte med krysspost og sprosser.

I første høgda er det i tillegg til våpenhuset sentralt og trapperommet i sørtilbygget, rom for dåpsfølgje i nordtilbygget. I 1999 vart det laga toalett mellom våpenhuset og dette rommet med inngang frå våpenhuset.

Galleriet i kyrkja er bygt inn i andre høgd i tårnet med lafta vegger og saltak. I siderommet i sør er det gallerigang, på nordsida er det eit lagerrom, og på vestsida av laftekassen går det stige opp til klokkerommet i tredje høgd.

Klokkerommet har lydluker i gavlane i nord og sør med to rundboga opningar fylte av lamellar.

Saltaket som er eit sperretak, kviler på ramme over klokkerommet. Her er også fem bindbjelkar, den midtre dobbel, og på desse ligg det doble bjelkar som tang i nord-sørleg retning om midtstaven i takryttaren. Hjørnestolpane i takryttaren kviler på dei næraste bindbjelkane. Takryttaren er såleis trekt skrått nedetter saltaket på vest og austsidene og er avbroten ved mønet med ein firkanta lanterne som er avslutta med inntrekt firkanta hjelm avslutta med spir med kule, ornament og hane.

Taka og nedre del av av takryttaren er tekte med lappheller, hjelmen med koparplater. Møna har gjennombroten mønekam. Mønet over inngangen har kross over kløverbladsboge, møna over sideromma har skore ornament, møna over tårnet har drakehovud forma etter modell frå stavkyrkja i Borgund.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt interiør med altaret nær austveggen i koret og med altarring framfor altaret. Preikestolen er på sørsida på hjørnet mellom kor og skip. Døypefonten står no sentralt framme i midtgangen. I nordvestre hjørnet i koret var det tidlegare ein innelukka klokkarstol, no er det lause stolar og lesepult der. Skipet er inndelt i to benkeparti med etter måten brei midtgang mellom. I sideskipa er det gangfelt og etter langveggene står det lause benker. Galleri med orgel vest i kyrkja, sakristi nord for koret i forlenginga av sideskipet, på sørsida er sideskipet kortare.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Den største endringa som har vore i interiøret i kyrkja, skjedde i 1971. Då vart den tidlegare brukte omnen og loddpipa teke vekk og kyrkja fekk elektrisk oppvarming. Straum til lys var lagt inn i 1954. Klokkarstolen i koret vart teken vekk og rommet for dåpsfølgje vart pussa opp.[3] Fargane vart endra.

Det var lenge planar om å få plass til eit toalettrom i vestpartiet, og løysinga vart å plassera dette mellom våpenhuset og rommet i nord.

Fargar

Veggene i kyrkja var tidlegare måla i ein klår, grøn farge innvendes. Himling og søyler var olja.

Kyrkja fekk ny, tidstypisk fargesetting i 1971 etter framlegg av Turid Wilson. Ho hevdar at tidlegare farge virkar kald, og gjer framlegg om at veggene vert handsama på ein «diskret måte ved avluting».[4] Med i framlegget var også fargar til midtgangsløpar, teppe i koret og antependium. Målinga vart luta av og interiøret står no med mørkt trekvite vegger med små innslag av raudt og grønt. Følgjande innskrift finst på baksida av altartavla: «Innvendig maling 5/5 1971. Malermester Ivar Atterås snr., Malermester Ivar Atterås jr., Andreas Ladegaard, Audun Nybø, Sigmund Austrheim».

Kyrkja har brei, sennepsgul midtangsløpar.

Glasmåleri

Sideskipa har rundboga vindauge med farga glas inndelt med bly. Midtfeltet har klare og blå diagonale ruter og er ramma inn av ei smal raudfiolett ramme og ei breiare gul ramme ytst.

Inventar

Altar

Altaret står aust på eit opphøgd podium som elles er avgrensa av altarringen. Det er eit kassealtar med dør på baksida til skåp med hylle. Dei tre andre sidene er panelte med vertikalstilt, profilert panel som nede er skore i tungeform. Breidde 176 cm, djupn 66 cm, høgde 96 og 116 cm.

Altartavle

Kyrkja hadde ikkje altartavle før i 1935. Frå først av skal det ha stått ein kross på altaret. Eit foto av altarpartiet frå tida før altartavla var kommen på plass, viser at stod eit lågt, skore ornament av tre i bakkant av altaret. Dette er no plassert over inngangsdøra vest i skipet.

Ramma til altartavla vart laga av arkitekt Norevik i Ortnevik.[5] Måleriet er merkt på baksida av lerretet: KORSFÆSTELSEN, Ant. Gundrosen 1935. Kunstnaren Anton Gundrosen var frå Rolvsøy.

Tavla har fotstykke med skriftfelt i midten flankert av framskotne basar for runde, konvekse søyleskaft som er avslutta oppe med terningkapitel. Gesimsen har ein flat fris med rankemotiv sentralt og framskotne sidefelt over søylekapitela. Sidefelta er krona med skorne krossar. Ornamenta på tavla er gylte, elles er tavla måla grå og kvit. På skriftefeltet nede med fraktur i gull på svart botn: Fader, i dine hender gjev eg mi ånd!

Måleriet viser Jesus på krossen, frontalt framstilt med skrådde armar. Krossen dekkar heile høgda i biletet og deler biletflata i to. Maria Magdalena kneler på høgre side og held om krossen. Johannes står til høgre i biletet, til høgre ein romersk soldat.

Altarring

Halvsirkelforma altarring som på kvar side strekkjer seg bak til austsida av altaret med opningar mellom altar og altarring på kvar side. Runda handlist med hylle for særkalkar. Balustrade av rundbogar skilde med små lillarar med terningkapitel, stoppa og skinntrekt knelepute festa med saum og rett vegg. Kvit og raudbrun, staffert med gull.

Døypefont

Øvre del av kummen er rund med skoren sikksakkbord. Denne kransen kviler på åttekanta botn som er halden oppe av fire skaft forma som ei knippesøyle med bladkapitel. Skivebasane under skaftet kviler på åttekanta fot.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har seks fyllingsfelt og eit felt i søraust utan fylling. Utvendes har fyllingane ståande render i v-form (som faspanel). Rammekantane har fas-dekor inn mot fyllinga. Stolen er avslutta oppe og nede med listverk, øvst ei stoppa, skinntrekt handlist. Botnen er av åtte kraftige konsollar som står i stjerneform. Denne er halden oppe av skaft i form av knippesøyle som på døypefonten. Her kviler kvart søyleskaft på ein høg, kanta base markert nede med fotlist.

Oppgangen er gjennom trapp ved sørveggen i koret, over korskiljebrystninga. Trappa har seks steg og ope rekkverk som nede er lagt opp i ein rund meklar.

Stolen har tre raudbrune nyansar stafferte med gull. Fyllingane er kvite.

Lesepult

Enkel standard lesepult av tre.

Benker

Benkene i kyrkje er opphavlege og tilpassa arkitekturen med vekt på runde bogar og former. Vangar på kvar side har rundboge mellom beina, runda setefront og er rundt avslutta over den skrådde ryggen. Kantane har fas. I tillegg til gavlane har benkene ein ekstra beinbukk midt på. Ryggen er heil av ståande panel, på baksida er det hylle for salmebok. Benkene er måla grågrøne, dei har oransje seteputer.

Det er flytta vekk to benker bak i kyrkja for å få meir ope rom. To røyromnar er demonterte.

Galleri

Ytre del av galleriet heng som ein balkong sentralt på vestveggen. Bakre del er forma som ein laftekasse med tre sider og saltak og sett inn i andre høgda i tårnet. Opninga mot skipet er i full breidde i laftekassen, høgda er markert ved ein slak rundboge noko lægre enn taket over galleriet. Balkongen kviler på sju golvbjelkar frå galleriet som stikk fram frå vestveggen. Fire av desse er understøtta med kne mot veggen. Gallerifronten har knekte hjørne. Fronten er dekt utvendes med ståande tosidig staffpanel der borda er avslutta med skorne bogar med fas i underkant. Nede har fronten enkelt listverk, oppe nailheads og undetenner under handlist. Golvet på galleriet er flatt med unntak av to lægre felt på sidene. Det står benker på sidene og bak orgelet. Gallerifronten er måla i to ulike grøne nyansar med raud staffasje.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Kvit linduk med 13,4 cm brei bord i hardangersaum, sydd med lin. Slitt.

Altarklede

Altaret er kledd på tre sider med brunorange, tova kypervove stoff i ull. Sentralt framme er det brodert ein sirkel kring chi-rho med alfa og omega. Broderiet er i grønt og gull.

Messehakel

a) Brunsvart skjoldforma messehakel, truleg frå 1700-talet. Merkt Kunstindustrimuseet i Oslo, Oppdrag nr 5, 1985. Hovudstoff: gråbrunsvart kortskoren fløyel. Fôr av mellomgrovt linlerret, farga mørkt, skjolda. Ryggsida har kross, og framsida stolpe av grå silkerips på fiolett renning og med broderte blomar. Nede på begge sider av krossen er applikert eit lite, tredimensjonalt, metallsydd ornament. Krossen er kanta (truleg i 1985) med kvit silke. Hakelen er kanta med gullband med sikksakkmønster. Festa med hekter og sekundært med borrelås på venstre skulder. Breidde ved skuldrene 62 cm, breidde nede på ryggsida 86 cm. Framsida er innsvinga og kortare. Breidde nede 60 cm. Høgde på framsida 82 cm, høgde på ryggsida 102 cm.

b) Skjoldforma messehakel i raud fløyel med gullfarga band som kanting og kross. 1900-talet, før 1950. Tre hekter på venstre skulder. Fôr av lysare raud bomullssateng. Breidde 59 cm, framsida er 86 cm høg, baksida 94 cm.

c) Grøn og kvit messehakel i dobbelvev frå Den norske Husfliden. Hakelen er rettsida og kan brukast på begge sider. Det grøne stofflaget er i ull, det kvite i lin. Ryggsida har gaffelkross med kalk sentralt vinranker i sidearmane. Framsida har stolpe med jesusmonogram i brysthøgd. Breidde ved skuldrene 61 cm, Høgde framme 99 cm, høgde bak 103 cm.

Preikestolantependier

Antependier til preikestolen i dei fire liturgiske fargane. Den fiolette har oljelampe, den grøne fiskar og brød, den kvite sigerslam og den raude nedovervend due. Masseprodusert.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Ei klokke, Olsen Nauen, merkt med produsenten og årstalet 1902. Klokka vart utstyrt med ny armatur i 1991. Diameter 65 cm, høgde med krone 67 cm, høgde utan krone 50 cm.

Orgel og andre instrument

Det første orgelet i kyrkja var eit innlånt privateigd husorgel. Orgel til kyrkja kom i 1954, eit harmonium frå Vestre Orgelfabrikk. I 1997 vart dette skifta ut med dagens orgel, eit Allan digitalorgel med to manualar og pedal. Orgelet vart kjøpt brukt Færvik kyrkje, Arendal.[6]

Piano, Roland.

Nummertavler

Kyrkja har to enkle rundboga nummertavler med stiftar og og svarte metallsiffer. Tavlene var tidlegare mørke og hadde to måla streker etter kanten og eit blomeornament ut frå opphengsholet. Målinga er fjerna med lut.

Offerkar

To standard offerposar.

Kyrkjegard

Kyrkjegard

Sæle kyrkjegard vart vigsla og teken i bruk i 1903. Gravplassen på kyrkjegarden var frå først av i hovudsak på sørsida av kyrkja med eit smalt stykke på austsida. Etter kvart vart det bruk for plass til fleire graver og området vart utvida mot aust med 93 nye gravplassar i 1980.[7] Det vart då også laga parkeringsplass i aust ved riksvegen og ny veg frå denne ned til kyrkja. Porten i vest og vegen ned frå denne vart ståande, og det vart opparbeidd eit flatt tun framfor kyrkja.[8]

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Eit lite reiskapshus i søraustre hjørne av kyrkjegarden vart oppført i 1995.

Kjelder

Utrykte kjelder

Wilson, T., Framlegg til fargesetting, arkiv, kyrkjekontoret i Balestrand

Trykte kjelder

Jubileumsskriv utgjeve av Kvamsøy sokneråd: Sæle kyrkje 100 år, 1903-2003

Fotografi

Interiørfoto i Jubileumsskriv, s 23



  1. Jubileumsskriv s 22
  2. Jubileumsskrift, foto s 23
  3. Jubileumsskriv s. 22f
  4. Fargeframlegg på kyrkjekontoret i Balestrand
  5. Jubileumsskriv s. 22
  6. Jubileumsskriv s 24
  7. Plan i arkiv på kyrkjekontoret
  8. Jubileumsskriv s 25