Reksteren kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Reksteren kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneTysnes kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.040344,5.434312
FellesrådTysnes kyrkjelege fellesråd
Kirke-id122300401
Soknekatalognr07130401
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kyrkja på Rekstern vart oppført i 1936-37 etter teikningar av arkitekt Torgeir Alvskaker og under leiing av byggmeister Jakob Molvik. Grunnsteinen vart murt inn i grunnmuren på austsida av koret 17. mai 1936 og kyrkja vart vigsla 28. januar i 1937 av biskop Fleischer. Kyrkja ligg ved Bruntveit på austsida av øya Rekstern, i ei skogkledd nordhelling. Det er 250 sitjeplassar i kyrkja.

Bygningen

Rekstern kyrkje er ei einskipa kyrkje av tre med rektangulært skip under saltak og eit smalare, rett avslutta kor i aust med tilbygd sakristi i sør og rom for dåpsborn i nord, alt under same saltak. Koret opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. I vest har kyrkja eit firkanta tårn med inntrekt øvre hjelm med lamellopningar og åttekanta, kopartekt hjelm. Trapperom med pulttak er bygde til tårnet på nord- og sørsida. Kyrkja er måla utvendes i ein ferskenfarge med mørkare listeverk i same farge. Den inntrekte øvre delen av tårnet, dører og vindaugssprosser er kopargrøne. Taka er tekte med lappskifer. Kyrkja kviler på ein høg grunnmur av stein.

Vegger

Kyrkja har vegger av bindingsverk. Utvendes er veggene kledde med liggjande panel, avslutta nede med vatnbord over grunnmuren. Innvendes har veggene i kor og skip brystning med ramverk og fyllingar i kryssfinér. Over brystningslista er veggene kledde med ståande, glattkanta panelbord. Langveggene i skipet er ved fire par kannelerte halvsøyler delte opp i fem fag med høge vindauge i dei tre faga i midten. Søylene ber profilert gesims.

Dører

Dørene i kyrkja er fyllingsdører med kryssfinérfyllingar i ramme. I midten er ramverket forma som to andreasskrossar over finéren. Fløydør i hovudinngangen i vest, enkle dører ut frå tårntilbygga på nord- og sørsida, mellom skip og trappehus, mellom kor og tilbygg, mellom tilbygget i nord og skipet og frå sakristiet til preikestolen.

Korskilje

Gesimsen i skipet følgjer himlingsbogen i koret og utgjer korboge boren av doble, kannelerte halvsøyler på hjørnet mellom kor og skip på kvar side.

Vindauge

I kvar av langveggene er det tre høge, rektangulære vindauge som vert delte i seks rammer ved midtpost og to losholtar. Kvar ramme er ved sprosser inndelt i seks små ruter med farga glas. Det ytre listverket er klassiserande. I austveggen i koret er det eit høgt, smalt vindauge med glasmåleri og gavlforma overdekking med sluttstein. Nord- og sørveggen i kortilbygga har torams vindauge med seks ruter i kvart fag. To mindre vindauge flankerer inngangen vest i tårnet. Over inngangsdøra er det eit høgt, smalt vindauge. Klokkerommet har åttekanta, forblenda lydgluggar til tre sider. Trappehusa har høge smale vindauge mot vest.

Golv og fundament

Kyrkja har golv av bord. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet. Kyrkja kviler på eit høgt fundament av tukta stein som er funnen på kyrkjetomten.

Tak

Kyrkja har sperretak av enkle sperrefag festa på halv ved i mønet og hanebjelkar forma som tang av to plankar feste gjennom sperrene med jarnboltar. Frå mønet går det jarnstag ned til himlingen. Sperrene ber åsar med bordtak under tkking av lappskifer.

Himling

Nedre del av himlingen i skipet er skrådd og kledd med glattkanta panel. Over dette er himlingen valma med flatt midtparti kledd med plater. Himlingsplatene er kvadermønstra ved hjelp av smale lister, midtpartiet har kvadratiske ruter med stjerner. Koret har flat, kvadermønstra tønnekvelv himling. Mot vest er korhimlinga avslutta mot korbogen.

Tårn

Firkanta tårn i bindingsverk i vest. Tårnet har fire høgder og inntrekt, firkanta lanterne som ber åttekanta, kopartekt hjelm. Hjelmen er avslutta med kule og spir med vindfløy og årstalet 1936.

Tilbygg

Trappehusa under pulttak går ikkje heilt vest til vestveggen i tårnet. Sameleis er austveggen i sakristi og rom for dåpsborn trekt noko vestover i forhold til austveggen i koret.

Interiør

Døypefont på nordsida i koret. Preikestol på austveggen i skipet sør for korbogen med inngang frå sakristiet. Orgelgalleri i full breidde vest i skipet.

Fargar

Veggene over brystpanelet og nedre del av himlingen er brunbeisa. Ramverket i brystpanelet er i lyseraudt, gult og svart. Fyllingane er beisa mørkt grøne. Den sentrale delen av himlingen i koret og i skipet er lyseblå med sølvfarga listverk og stjerner. Halvsøylene ved veggene er måla i gult og brunraudt, gesimsen i brunt, gult og svart med måla sikksakkbord og krossar. Benkene har lyst raudbrunt ramverk, lysebrune fyllingar og mørkebrunt sete. Golvet er lakka og mørk brunt. Det ligg ein djupt raud løpar langs midtgangen. Dørene og galleribrystninga har same fargane som brystpanelet i skipet. Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming.

Glasmåleri

Glasmåleri aust i koret. Kristus i mandorla kledd i grå kappe og med mangefarga mandorla. Signert Borgar Hauglid. G.A. Larsen 1969.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med fyllingar i finér, seks framme og ei på kvar side. Baksida har dører til skåp i altaret. Br. 231 cm, dj. 69 cm, h. 110 cm. Ramverk i gult og fersken, olja fyllingar.

Altarring

Femkanta altarring med stoppa, skinntrekt knefall og handlist. Balusterrekkverk med kvitmåla balustrar med gull staffasje.

Døypefont

Rund kum på rett, tolvkanta skaft og tolvkanta fot.

Preikestol

Preikestol med fem heile og to mindre fag, åttekanta grunnform. Kvart fag har tre fyllingar i ramme. Foten er åttekanta, utsvinga. Oppgang via trapp og dør frå sakristiet. Foten og rammene er i fersken, gult og svart. Fyllingane er i olja finér med gullstjerne.

Preikestolshimling

Åttekanta med flat underside med stjerne, profilerte sider, åttekanta hette. Fargar som på preikestolen.

Benker

Enkle benker med uthøvla setefjøler, utsvinga vangar og rygg med fyllingar i ramverk. Faste benkefjøler langs nord- og sørveggen i skipet. Lause benker langs veggene i koret. Fargeutstyr som elles.

Galleri

Tverrgalleri med orgel i vest. I tillegg til veggstolpar ved inngangen og på nord- og sørsida er galleriet understødd av to frittståande stolpar som korresponderer med dei fire veggstolpane. Galleribrystning av ramverk med ti finérfyllingar, dei to i midten i framspring over midtgangen. Fyllingane er grønlaserte.

Orgel

Vestre, 1966. Orgelet har ti stemmer fordelte på to manualar og pedal. Mekanisk overføring. (Kolnes, 1993, s. 350.) Gesimsen i skipet følgjer øvre del av orgelet som avsutting, prospektet er elles enkelt. Midtpipene er sette opp i bogeform.

Skulptur

Krusifiks på altaret, skore av Kristoffer Tveit.

Rituelle kar

Kalk, plett. Stpl. David Andersen, plett, 15. Disk. Plett. Stpl. 15. Oblatøskje. Kvit porselen med gull kross og render. B&G. Vinkanne. Som oblatøskje. B&G. Dåpsfat. Massing. Diam. 42 cm med 9 cm brei kant og nedsenka botn.

Parament

Altarduk. Kvit altarduk med brei hardangersaumsbord med vekslande kross- og kalkmotiv. Messehaklar. a) Djupraud smal, rettsida fløyels messehakel med gullband forma som kross og kant. 1900-tals. b) Grøn ullkypert messehakel. Ryggsida har brei kvit stolpe med aksmotiv og eit applikert rundt, grønt felt med kristogram. Framsida har smal kvit stolpe med grøn vinranke.

Lysstell

Altarstakar. To firarma massingstakar på altaret. Ein arm i midten og tre ut til kvar si side. H. 55 cm. To massing lysestakar for kubbelys på altaret. Stakane har djup lysskål, søyleforma skaft og glatt fot med høg standkant. H. 46 cm, diam. 26,5 cm. Lysekrone. Ei stor massing lysekrone i barokk form midt i skipet. Stor kule, fire plater med seks lysarmar i kvar. Tilsvarande lampettar i barokk form med to lysarmar. Lampettane er plasserte på veggstolpar og korvegger og på vestveggen på galleriet. Punktlys i koret.

Klokke

Klokke med hank av seks bøylar og midtboge. Klokka har flat kronplate, runda hue, rett hals og utsvinga korpus over nedbøygd slagring. Innskrift på halsen: O. OLSEN & SØNS KLOKKESTØBERI, NAUEN PR. TØNSBERG. På den eine sida av korpus: SOM FYRTÅRNET LEDER SKIB GJENNEM/ MØRKET TIL TRYGG HAVN/ SAA MAA KLANGEN FRA DENNE KLOKKE LEDE/ MENNESKER PAA DEN RETTE VEI,/ DER LEDER TIL DEN SISTE OG TRYGGESTE HAVN. På den andre sida relieff av eit skip og innskrift: DENNE KLOKKE ER EN GAVE FRA/ KAPTEIN NILS JOHNSEN OG FRUE CAMILIA JOHNSEN./ 1.OKTOBER 1936. Diam. 82 cm, h. 77 cm.

Bøker

Nyare bøker. Illustrert praktbibel på altaret. Cappelen, Oslo, u.å. ”Denne Kirkes Historie” er skreven inn på dei første sidene. Teksten er forfatta av prost Alv Askeland, 1967.

Nummertavler

To nummertavler i klassiserande stil. Finérplate flankert av to søyler med postament og gesimslist.

Møblar

Brurastolar. 1984. To stolar med akantusskurd på rykk og bindingsbrett. Biletvev i rygg og sete. Ryggane har ulike motiv med Jesus som signar ulike personar. Seta har hjarte, kross og anker. Piano Petrof nordaust i skipet.

Offerkar

To bøsser av blekk. Rosemåla treskål på altaret. Innskrift: Gjev så skal de få og Alt høyrer Herren til – 1987, og under: M.N. Allard Gjøvåg, 1987. L.H.

Blomstervasar

To vasar. Plett? Inngravert på kupa: REKSTEREN KYRKJA, på fotplata: FRA HELENE AAREBROT 1959 på den eine og FRA VALBORG AAREBROT 1959 på den andre. Krossar inngraverte på foten på begge.

Kyrkjegard og gravminne

Reksteren sokn har to kyrkjegardar som er i bruk; Stølsbakken eller Sør-Reksteren kyrkjegard og Bruntveit eller Nord-Reksteren kyrkjegard. Hope kyrkjegard som også høyrer til Rekstern vert ikkje nytta.

Hope kyrkjegard ligg i eit skogholt lengre nord på Reksteren, omgjeven av mur av naturstein og med inngang ved eit båre- og reiskapshus. Her heng ei defekt klokke i gavlen. Kyrkjegarden vart oppretta i 1890-åra i samband med at den gamle kyrkjegarden på Tysnes vart for liten. Kyrkjegarden er no overgrodd, men her finst enno ein del heile gravminne, krossar i støypejarn, frå tida rundt 1900.

Nord-Reksteren kyrkjegard ligg på Bruntveit på austsida av Reksteren, nokre hundre meter sør for kyrkja, nedafor hovudvegen i skråninga ned mot sjøen. Han vart teken i bruk rundt 1920 og hadde då rom for oppimot 300 graver. Først i 1980-åra vart han utvida oppover med omlag like mange plassar. Lite båre- pg reiskapshus med klokke opphengt i gavlen.

Sør-Reksteren kyrkjegard ligg sør på Reksteren i eit dalsøkk på sørsida av vegen. Gravplassen vart teken i bruk i 1930. Her er plass til omlag 300 graver. Rundt gravplassen er det kvitmåla tregjerde på to sider og netting på to. Inngang ved båre- og reiskapshus opp mot vegen. Huset i bindingsverk med kvadratisk plan med inntrekt åttekanta lanterne som ber åttekanta hjelm. Lita klokke. Huset er kledd utvendes med liggjande, glattkanta panel og kvitmåla. Sekundært er det også panelt innvendes.

Gravminner

Ved kyrkja er det ingen graver. Granittbauta med metallplate ved søraustre hjørne av kyrkja over falne under andre verdskrigen.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Sør for kyrkja er det eit lite bårehus med toalett. Huset er i bindingsverk utvendes kledd med liggjande panel. Det har pulttak tekt med lappskifer. Fargar som kyrkja.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Alvsaker, T., Kontrakt og teikningar, Tysnes Kommunearkiv.
Trykte kjelder
  1. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993.
  2. Heggland, J., Tysnes, det gamle Njardarlog. II. Bergen 1964.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)