Raundalen kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Raundalen kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVoss kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.677706,6.632259
FellesrådVoss kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123500401
Soknekatalognr07080901
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Anne Marta Hoff

Raundalen opnar seg mot Voss i Tjukkebygda og strekkjer seg austetter mot Mjølfjell og Myrdal. Kyrkja, som ligg på Øyeflaten, er den første på staden og er tilnærma orientert med koret mot aust. Ho vart oppført i 1921. Arkitekt Børve teikna kyrkja, og byggmeistrar var Johannes Dugstad og Torstein Øvsthus.[1] Kyrkja har om lag 125 sitjeplassar.[2]

Innhold

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje av tre med rektangulært skip og smalare og noko lægre kor. Bygningen er oppført i nasjonalromantisk stil med stavkyrkjekonnotasjonar. Både kor og skip er treskipa, og midtskipet er høgre enn sideskipa i begge. Sideskipa har nærast form som ein omgang både innvendes og utvendes. I vest er våpenhuset integrert i omgangen, men med eit eige overbygg, aust for koret ligg sakristi og venterom for dåpsfølgje. På taket over skipet står takryttar med klokke. Kyrkja var mellom dei aller første i landet som fekk fullt utbygd kjellar med forsamlingslokale med to salar og kjøkken (”Kyrkjestova”).

Utvendes er kyrkja brunmåla med bleikgrøne gerikter og listverk. Nordafor kyrkja, på austsida innafor hovudporten, står ein liten klokkestøpul, og i kyrkjegardsgrensa mot sør står eit uthus med vedskjul og utedo, begge er truleg frå kyrkja si oppføringstid.

Vegger

Veggene er av bindingsverk som er panelte med liggjande panel utvendes og med ståande skuggepanel med fas innvendes. Midskipsveggene har fire par stolpar som deler langveggene i tre breie hovudfag og to mindre endefag. I tillegg kjem eit ekstra stolpepar ved omgangen i vest. Stolpane er oppbygde med kvadratisk snitt med høvelprofilar i form av holkil med v-forma snitt på begge sider ved hjørna. Stolpane er utveksla i to nivå, under og over ei triforiehøgd med andreaskrossar. Den langsgåande utvekslingsbjelken under krossane er understødd av kne som er lagde opp i stolpane og som i overkant fyller spennet mellom stolpane. Over andreaskrossane har veggflatene ståande panel og store, trekopla klerestorievindauge i hovudfelta, to tokopla i vestveggen. Veggene i sideskipa har låge, tokopla vindauge på tilsvarande stad, men desse har elles heile veggflater med ståande panel. Veggflatene i omgangen i vest har to låge vindauge på kvar side av våpenhuset. Midtskipsveggene i koret er artikulerte som i skipet med stolpar, triforiehøgd støtta av kne og klerestorievegg med (mindre) trekopla vindauge. Fondveggen i aust er også forma med tredelt elevasjon, men er i prinsippet ein rett, vertikal vegg. I triforiehøgd har han to gjennombrotne felt på kvar side av altartavla. I kvart felt er det to rundbogar støtta av tre pilarar med korintiske kapitel. Dette er blindbogar.

Veggene i tilstøytande rom i aust har tilsvarande oppbygging, men utan markert elevasjon.

Portalar og dører

Alle dørene i kyrkja er fyllingsdører delte i eit kvadratisk øvre felt og eit høgre nedre felt. Inngangsdørene har glas i det øvre feltet. Kyrkja har hovudinngang i vest via ei fløydør inn til våpenhuset og ei fløydør vidare inn til skipet. I den ytre fløydøra har nedre del av dørblada fyllingar mellom ei utfyllande ramme av to andreaskrossar, i øvre del tre x tre glasruter, i dørene inn til skipet er det ei fylling i nedre del og to x to glasruter i øvre del. Fyllingane her, og i dørene elles i kyrkja, er empireprega. Det er fire inngangar frå aust, alle med gang. Ein går inn til nordre sideskip, ein til sakristiet og nordre del av koret, ein til venterommet for dåpsfølgje og søndre del av koret, og ein til kjellaren. Gerikter har høvelprofil med holkil og v-forma snitt på begge sider. Hjørna har kryss og hjørneklossar med utheva, sirkelrundt felt.

Korskiljet

Korskiljet ligg i flog med det austre stolpeparet i korets midtskip. Utafor stolpen i nord står preikestolen i hjørnet mot skipet. Utafor stolpen i sør er det brannmur. Mellom stolpane er det ope i nedre del, og nivåskilje på eitt steg ligg her. I øvre del er korbogen forma som rundboge som nede går ut i ein vulst med skorne ranker på sideflatene. Under desse står også utskorne støtter over listkapitela på stolpane.

Vindauge

Med unntak av vindauga i kjellaren og lysopningane i dørene har alle vindauge i kyrkja blyglasvindauge med farga glas (sjå under interiør).

Hovudvindauga i skipet et dei trekopla vindauga oppe i midtromsveggene i skip og kor, tre i skipet og eitt i koret på kvar side. I same høgda er det to topkopla vindauge i vestveggen. Elles er det tokopla, lægre vindauge i omgangen i vest, i langveggene i sideskipa i skip og kor, i gangane inn til koret og i austveggen i romma aust for koret. I fondveggen i koret, over altartavla, er det eit kvadratisk, rombeforma vindauge, og over inngangen i vest er det eit nøkkelholforma vindauge i gavlen.

Alle vindauge er ei-rams med profilert ramme og karm og med gerikter som dørene med holkil med v-forma snitt på kvar side. Vindauga har enkelt blyglas. Geriktene kryssar kvarandre i hjørna og har hjørnekloss med sirkelforma oppheving.

Kjellaren har vindauge i langmurane, tre tokopla og to flankerande enkle på kvar side. Alle er ei-rams med tre x tre ruter i kvar.

Golv og fundament

Kyrkja har støypt fundament med full kjellar. Golvet er av smale golvbord på bjelkar. Lakka.

Tak

Det er saltak over inngangsparti med våpenhus, midtskipet, midtskipet i koret og takryttaren. Ein krans av pulttak går rundt kyrkja under vindauga i midtskipsveggene. I vest flankerer pulttaket inngangen, i aust knekker det inn i hjørna mellom kor og skip og dekkar inngangane og romma aust for koret.

Saltaka over dei to midtskipa er sperretak med sperreband forma som i stavkyrkjene med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Dei korresponderer med veggstolpane, men det er ekstraband mellom desse. Sperrebanda er avstiva i lengderetning med kne mellom saksesperrene der taket tek til. Samanføringane er sikra med bolt og mutter. I trekantane mellom hanebjelkane og saksekrysset er det sett inn plater som har halvsirkelforma gjennomskjering ned mot hanebjelken. Ein del av bjelkane er samansette i breidderetning.

Pulttaka er også forma som i stavkyrkjene. Dei har sperrer og skrå undersperrer som begge er lagde opp i midtromsstolpane over dei langsgåande utvekslingsbjelkane. Utvendes er alle tak tekte med lappheller.

Himlingar

Kor og skip har opne himlingar både i sideskipa og i midtskipa, i form av ståande faspanel som følgjer takforma.

Tårn

Takryttaren midt over skipet kviler på sperreverket. Han har fire innskrådde hjørnestolpar og midtstope på alle fire sider og er dekt av saltak. Nedre del, opp til mønet over skipet, er bordkledd, sameleis gavlane, mellom den nedre, bordkledde delen og saltaket med gavlar er det ope med innsyn til klokka og lydopningar. Klokka vert ringt manuelt frå galleriet i kyrkja. Midt over takryttaren er det festa spir med hane.

Tilbygg

Kyrkja har ingen sekundære tilbygg.

Interiør

Altaret er plassert inntil austveggen i koret med altartavla integrert i veggen og med ein halvsirkulær altarring framfor. Døypefonten og lesepulten står nord i koropninga. Dei lægre sideskipa i koret er skilde frå midtskipet med tre par stolpar i tillegg til veggstolpane i aust. I nordre sideskip går ei dør ut i aust, i vest er oppgang til preikestolen som står i det nordaustre hjørnet i midtskipet i skipet. I søndre sideskip er det utgang i aust, i vest er det brannmur for omnen som står i det søraustre hjørnet i midtskipet i skipet.

Skipet har to benkefelt, eitt på kvar side av midtgangen, sideskipa har faste veggbenker, men elles fri passasje. I omgangen bak på sørsida er det gjennomgang til våpenhuset. Bak på nordsida er det plassert eit harmonium. Våpenhuset har også ei dør på nordsida, denne fører til trapp som går austover opp til det djupe galleriet som har orgel flankert av ekstra benker.

Treskurd

Interiøret har innslag av treskurd fleire stader, denne er utørt av Jon Legland.

Fargar

Kyrkjeinteriøret er dominert av trefargen og av det farga lyset frå glasmåleria. Vegger og himlingar er i olja eller beisa treverk, benker og golv er lakka. Listverk, gerikter og profilar er markerte med svakt mørkare farge. Dører og vindauge er ådra i gulbrun farge. På golvet i koret ligg eit heildekkande ullteppe med kort floss, bleikt vinraudt med grå spetter, i midtgangen ein grå løpar.

Glasmåleri

Glasmåleria er prega av sein jugendstil. I sideskip/omgangar i nedre del er det same motivet nytta i alle dei låge vindauga. Det kan tolkast som fire eller fem sidestilte timeglas i ei todelt ramme. Timeglas og bakgrunn er gulgrøne, den smale indre ramma turkis og den ytre ramma fiolett. Dei trekopla rektangulære vindauga i klerestoriehøgd i skipet har blomemotiv, tre høge, slanke blomar i kvar rute, høgre i den midtre ruta og med dekorativt ornament over blomane i siderutene. Blomane har grøn samla stilk, gul korg og fem kvite kronblad (forenkla luther-rose?). I midtruta er blomen omgitt av ranke med grøne blad og raude bær, i siderutene er denne ramma berre under blomekronene. I klerestoriehøgd i koret er rutene kvadratiske og har liturgiske motiv. I midtruta er framstilt ein kalk omgitt av ei ramme med fiolette drueklasar mot gul bakgrunn, dei flankerande rutene har disk med kvite oblatar omgitt av ramme med turkise blad mot gul bakgrunn. Den rombeforma ruta i austgavlen har blomemotiv med fem åtteblada, stjerneforma korgblomar som veks opp frå ein grøn, vifteforma base. Det nøkkelhol-forma vindauget i austveggen har latinsk kross omgitt av strålar og sirkel og kristogram i nedre del.

Lys og varme

Kyrkja fekk elektrisk lys i 1928 i samband med bygginga av Bøfoss elektrisitetsverk.[3] Den elektriske oppvarminga i form av panelomnar og røyromnar under benkene kom noko seinare. Dei gamle støypejarnsomnane og loddpipene finst framleis i kyrkja og vert nytta i kalde periodar.

Det står ein jarnomn søraust i skipet. I romma aust for koret er det jarnomnar i dei austre innerhjørna, knytte til ei separat pipe. Også i kjellaren finst jarnomnar.

Inventar

Altar

Opphavleg kassealtar med tre sider stilte inn til austveggen. Sidene er rammer med ei fylling til kvar side og fire fyllingar i front. Altaret har fotlist ved golvet, bordplata er ei massiv limtreplate. Altaret er beisa i to bruntonar. Høgde 100 cm, breidde 168 cm, djupn 70 cm.

Kneleskammelen er kasseforma og trekt med raudt klede med gullfrynse ved overkanten. Puta er stoppa og overtrekt.

Altartavle

Frå først av hadde kyrkja ein utskoren kross i ramme som altartavle. Denne stod mot ein måla bakgrunn med strålar bak krossmidten. Tavla, utan bakgrunnen, heng no på veggen sør for altartavla.

Altartavla er integrert i veggdekoren. Den rektangulære ramma har same høgd som øvre avslutting av dei flankerande triforiebogane. Både øvre ramtre og øvre og nedre avslutning av triforiebogane har bord med profil ved kantane. Same typen bord er brukt som ramme elles rundt tavla og både altartavla og altaret er i tillegg flankerte av tilsvarande bord. I kryssingspunkta er det hjørneklossar med skoren krossblom. Over det øvre bordet er altartavla krona av eit stort, gjennombrote utskore felt med rankedekor med element frå stavkyrkjeportalskurden. Både feltet og triforiebogane er markerte mot ein lys fiolett bakgrunn.

Måleriet er måla av Lars Osa med olje på lerret og viser Jesu gravlegging.[4] To menn, truleg Johannes og Peter, ber Jesus mellom seg. Jesu lyse overkropp og ansikt markerer sentrum av biletet. Maria Magdalena knelar i høgre nedre hjørne vend mot den døde, medan Maria, Jesu mor, vert støtta av andre kvinner diagonalt andsynes henne. På eit bord i nedre venstre hjørne ligg torturreiskapane. Klippegrava ligg i høgre biletkant. I bakgrunnen Golgata med tre krossar til venstre og Jerusalem til høgre. Fargane er i hovudsak brunlege med raude og lyseblå innslag. Usignert.

Altarring

Altarringen er halvsirkelforma og frittståande. Knefallet har høg, stoppa og skinntrekt pute, skinnet er festa med saum til rett vegg. Rekkverket er forma som ein bogegang med firkanta pilarar med base og kapitel, og med skorne rankeelement i sviklane. Handlista er vidare og profilert på sidene med holkil med v-forma snitt til begge sider.

Døypefont

Font i tre laga av Styrk Fjose.[5] Fonten har klassiserande form med kvadratisk plansnitt med svakt konvekse sideflater. Kummen er forma som ein gesims med skorne konsollar som ber topp-plata der det er rundt hol for dåpsfat. Dei skorne konsollane utgjer vekselvis engel og due. Skaftet har kvadratiske hjørne og runda sidefelt med diagonalt skorne rankemotiv, to på kvar side og ein gresk kross i overkant. Basen er treledda med kraftig vulst over fotplata. Konsollane er måla i marmorkvitt, krossane er gylte, elles er fonten trefarga.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er firkanta med sider mot vest, nord og sør og trapp i fem steg opp frå aust. Sidene mot nord og sør har to fyllingar, sida mot vest ei fylling. Handlista er stoppa og trekt med skinn festa med saum. Lesebrettet er skråstilt i sørvestre hjørne, det har smal listramme og er trekt med fløyel festa med stift. Sidene er utforma utvendes med øvre og nedre smalfelt med skorne ranker og med storfelt der ramma har sikksakkborder og fyllingane har speglar der det er skore ut ei rombeform.

Stolen kviler på plankeføter i hjørna, mellom desse er det sett inn kne i underkant av preikestolsidene.

Benker

Kyrkja har kraftige benker av tre. Benkene i midtskipet har rette vangar av limtre på begge sider. Vangane er smalare og er toppa med skjoldforma dekorfelt i øvre del, og ved kantane er det her skoren profil. I armlenehøgd svingar vangane fram i full breidde. Under den breie, formskorne setefjøla er det skore inn bogar på sidene og under for å gje inntrykk av bein. På dei fleste benkene er det ekstra støttebein under setet. Benkene har heil rygg med liggjande fyllingar i ramme og med salmebokhylle bak i overkant. I framkant er setefjøla understødd med ein djup sarg som også utgjer bakvegg i hyller under setet.

Nokre av benkene er gjort kortare, mellom anna eit par som står sør i koret. Ved langveggene i skipet er det veggbenker utan rygg.

Benkene på galleriet er noko enklare, med to ryggfjøler.

Galleri

Galleriet i vest strekkjer seg fram over det smale vestre faget og det vestre av dei tre større faga. Galleribrystvernet kviler på ein galleribjelke som på kvar side av midtrommet er lagt opp i det andre stolpeparet frå vest. Lengre vest ligg i tillegg ein galleribjelke som er lagt opp i det første stolpeparet, denne ligg noko høgre. Elleve tverrbjelkar ligg på skrå på tvers over desse to bjelkane og bjelkeendane er dekorerte og stikk ut under brystvernet. Over bjelkehovuda er det smalfelt med skoren rankedekor og over dette ramverk med kvadratiske fyllingar der spegelen har rombeforma utheving. Brystvernet er avslutta opp med handlist. Gallerigolvet er underpanelt. Oppgangen til galleriet er frå nordsida av våpenhuset, den delen av trappa som er synleg frå kyrkjerommet er innkassa med faspanel. Golvet på galleriet er avtrappa i fem nivå på sidene og i tre nivå, tidlegare fire, i midten for orgelet. Mellom orgelet og vestveggen er det passasje med veggbenk.

Måleri og tavler

Presteportrett

Portrett av prest. Olje på lerret, lysmål 39 cm x 49 cm. Signert i øvre venstre hjørne: N. Bjørgum 1929.

Nummertavler

Ei eldre nummertavle med skjoldforma ramme krona med skore ornament. Ramma er brunlasert, ornamentet noko lysare, botnen kvitmåla og inndelt med svart strek i Fyre og Etter Preiki.

To nyare nummertavler der ramtrea på sidene går over og under tavla. Dei har tre kanelyrer og er avslutta oppe med kros og nede med ruteornament. Tverramtreet oppe er forma som eit felt mellom smale lister med FØRE+ETTER, nede med kross og bladornament. Tavlene er krona av brystframstilling av engel med falda hender, stråleglans og vengjer. Nummerfeltet er vertikalt todelt med list. Rammer og lister er gråblå, botnen for tala kvit, engelen og bladornamentet er fleirfarga.

Tavle med kross

På sørsida av altartavla heng ein kross på sfære innsett i ei ramme med gavlforma overdel. Krossen har sirkel i krossmidten og krossendane er forma som tavler. Krossen har skorne ornament. Tavla er trefarga, men indre konturar er gylte og delar av skurden er staffert med raudt.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

a) Eldre altarduk i bomull med 22 cm brei bord i hardangersaum på tre sider. Ulike krossmotiv.

b) Altarduk i lin med svartsaum. 15 cm brei bord på tre sider. Ytst er ei smal bord med negativt mønster med aks, druer og små krossar eller stjerner, over denne er det diagonalt strødd små stjerner. Midt framme er borda avbroten av latinsk kross.

Altarklede

Raudt altarklede med gullfrynser.

Preikestolklede

Kyrkja har antependium for lesebrettet på preikestolen i dei fire liturgiske fargane. Desse er i ull, teikna av Inger-Johanne Rasmussenlaga og vovne av Marta Kløve Juuhl.[6]

a) Kvitt preikestolklede har vertikale striper i gult/gyllent og kvitt og plukka mønster med tre x tre likearma stjerner.

b) Grønt preikestolklede har vertikale striper i ulike grøne og blågrøne tonar. Motivet er tre lysare aks over ein trekant.

c) Raudt preikestolklede har vertikale striper i ulike raude og rosa tonar og viser ein raud trekant med ein sentral loge. Ut frå trekanten går gule og kvite logar.

d) Fiolett preikestolklede har vertikale striper i ulike fiolette tonar. Det plukka motivet er i grøntonar, ein drueklase med vinlauv som omkransar ein kross.

Messehaklar

a) Skjoldforma, purpurraud fløyels messehakel kanta med gullgule band og med kross på ryggsida av dei same banda. 1900-talet. Festa med tre hekter på venstre skulder. Fôr av raud bomullssateng. Høgde 102 cm, vidde 59 cm.

b) Grøn messehakel med spiss form. Seint 1900-tal. Hovudstoffet er i grøn krosskypert, fôret i gult lerret. Hakelen er kanta med smale gullfarga band og er festa med fire hekter på venstre skulder. Motiv på forsida: sol med alfa og omega i sentrum brodert med lintrå i orange og fiolett og med lagd gulltrå. Ryggsida har breiarma kross som fyller høgda, men ikkje breidda. Same broderiteknikk og materiale som på forsida, men konturen er i gullfarga band. I krossmidten er brodert kristogram (chi og jota) med lagd gulltråd. Merkt på fôret: Den Norske Husflidsforening, Oslo, Norge. Høgde 109 cm, vidde 89 cm.

Messeskjorter

To messeskjorter, ei i bomull og ei i kunstfiber, begge defekte.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Det heng ei klokke i takryttaren og ei lita klokke i støpulen. Klokkene er ikkje tilgjengelege.

Orgel og andre instrument

Orgelet

Orgelet har eit kvadratisk, enkelt prospekt med trepiper i sidefelta og tre- og metallpiper i midtfeltet. Framfor midtfeltet er det glaslamellar. Umerkt, men skal vera tsjekkisk. Orgelet vart skaffa til kyrkja sitt 50-årsjubileum og vigsla 22. november 1971.[7]

Det har mekanisk overføring og følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Harmonium

Harmonium frå Jacob Knudsen, Bergen. Instrumentet er plassert bak på nordsida i skipet. Det har ein manual og følgjande disposisjon:

Piano i kyrkjesalen.

Møblar

Kyrkja har nokre stolar som truleg er laga til kyrkja då ho var ny. Det er fleire enkle stolar med sprosser under sargen og flatt sete. Ryggen har toppbrett, ryggbrett og ryggspiler og på toppbrettet er det skore eit kringleforma rankeornament. Av same produsent er det laga ein karmstol som er noko meir utarbeidd med formskore sete og med eit større motiv i det opphøgde toppbrettet. Toppbrettet svingar fram som armlene nedst og er bore av dei fire beina som er boga ut over setet.

Omnar

Kyrkja har fleire jarnomnar. I tillegg til dei som er nemnde her, finst det omn i kjellaren.

a) Omn i skipet. I det søraustre hjørnet i skipet står ein høg, sylinderforma omn av støypejarn merkt ULEFOS N: 311 mellom dei to øvste dørene. Omnen har høg, gjennombroten krone, todelt øvre del, vidare brennkammer med to dører, den nedste med to små glas og trekkopning og utsvinga base med oskedør med trekkopning. Omnen kviler på fire ornamenterte føter.

b) Omn i sakristiet. Omnen har gjennombroten krone, sylindrisk øvre del, brenkammer med to dekorerte dører sette inn i dekorert ramme. På den øvste: ULEFOS♂ n: 116. Utsvinga base med oskedør. Dei to nedste dørene har trekkopning. Omnen står på fire føter.

c) Omn i venterom for dåpsfølgje. Identisk med omn i sakristiet.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden i Raundalen vart teken i bruk alt i 1905 og er eit etter måten plant, rektangulært jordstykke der kyrkja er plassert i vestre ende. Like vestafor og nordafor kyrkjebygningen er det lite plass og denne er i hovudsak brukt som inngangsområde og kyrkjebakke. Gravene ligg for det meste sør og i tiltakande grad aust for kyrkja. Eit stykke vart vigsla og teke i bruk 13. oktober 1968. Lengst aust er eit område som er under opparbeiding. Denne utvidinga er venta ferdigstilt i 2009 – 2010. Området sør for kyrkja er truleg den eldste delen av gravplassen. Likkjellar stod ferdig i august 1957.[8]

I sør er kyrkjegarden avgrensa med nettinggjerde med gjerdestolpar. Her er ein enkel port. I vest, nord- og aust er kyrkjegarden avgrensa med tregjerde av kraftige gjerdestolpar samanbundne med fire liggjande bord. Gjennom gjerdet i vest er det port rett framfor inngangen i kyrkja. Det er laga ein veg utafor porten, men denne er knapt brukt. Hovudinngangen er no gjennom nordporten ved gjennomgangsvegen i Raundalen der det finst parkeringsplass. Begge desse portane har to kraftige portstolpar som ber eit smalt, tverrstilt saltak tekt med lappheller. Portane har to kvadratiske fløydører av tre med andreaskross i ramme. Krossanen har rankeskurd i krossmidten. Dørene er hengsla til portstolpane med store gangjarn. Dørene er grønmåla, medan stolpane og himlinga under saltaket er mørkt brunmåla. Tregjerdet i vest, nord og aust er også brunmåla.

Gravminne

Kyrkjegarden har gravminne frå den tida kyrkja vart reist og fram til vår tid. Ein del av dei eldre gravminna er høge, spissboga skiferplater. Same type med liknande ornamentikk finst også i andre Vossebygder og må komma frå ein lokal produsent.

Det er to høge minnesmerke i granitt. Desse er over to falne i andre verdskrigen.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Uthus

Uthuset sør for kyrkja har same handverksdetaljar som kyrkja og er dels opphavleg, men vart påbygt i 1958.[9] Det tre utedo og eit vedskjul. Veggene har same panel som kyrkja både utvendes og innvendes, huset er måla mørk brunt med bleikt grønt listverk. Sperretaket er tekt med lappskifer.

Klokkestøpul

Den vesle klokkestøpulen nord for kyrkja er venteleg også opphavleg og eldre enn kyrkja. Han kan gå attende til tidleg på 1900-talet då gravplassen vart teken i bruk. Han er oppbygd med fire konisk stilte hjørnestolpar kledde utvendes med sulagde bord og avslutta oppe med kopartekt flatt pyramidetak. På takmidten står klokkeopphenget i ei hesteskoform. Den vesle klokka er overbygd med eit lapphellekledd pyramidetak som er noko større enn taket under klokka. Det står på fire hjørnestolpar på det nedre taket og er avstiva med kne i sideretning. Det øvste taket er krynt med ein trekross. Det er dør inn til støpulen på sørsida. Krossen og klokkeoverbygget er måla bleikt grønt, resten av støpulen er mørkt brunmåla.

Kjelder

Jubileumsbok, Raundalskyrkja 1921 – 1996, Voss 1996

Opplysningar frå Kyrkjeverja

Bilete


Fil:Raundalen, dørvridar oå ytterdøra, AMH 2007.jpg|Raundalen, dørvridar oå ytterdøra, AMH 2007





</gallery>

Fotnotar

  1. Jubileumsbok s. 35
  2. Jubileumsbok s. 16
  3. Jubileumsbok s. 15
  4. Jubileumsbok s. 14
  5. Same staden
  6. Jubileumsbok s. 38
  7. Jubileumsbok s. 38
  8. Jubileumsbok s. 38
  9. Jubileumsbok s. 38