Nesheim kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Nesheim kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVaksdal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.798888,6.155439
FellesrådVaksdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125100301
Soknekatalognr06080301
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Nesheim kyrkje ligg langt oppe i Eksingedalen, der vegen tek av sørover mot Evanger. Det er den første kyrkja på staden, og ho vart oppført i 1907 ”i en liden birkemo på gaarden Nesheims indmark ca. 30 m. fra den gamle hjelpekirkegård” på grunnlag av teikningar av arkitekt Ad. Schirmer utførte for Eksingedalen kyrkje.[1]

Tømmeret til kyrkja kom frå garden Eikemo lengre nede i dalen, skifer til taket vart henta på Voss. Det vart også brote stein på garden Gullbrå som ligg lengre oppe i dalen. Stein til grunnmur vart funnen i Oksahaugen, Vikahaugen, Stegaviki og Kleivhaugane.[2]

John Fosse hadde ansvaret for grunnmuren, sønene hans, Torkel og Knut Fosse, var ansvarlege for sjølve bygget. Målararbeidet vart utført av målarmeister Småbrekke frå Bergsdalen.[3]

Kyrkjestaden ligg inst på ei flate i dalbotnen og er orientert med koret nokre få grader nord for aust.

Kyrkja vart vigsla av biskop Erichsen 17. september 1908.[4]

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje med rektangulær plan som omfattar kor og skip. Over vestre møne står ein takryttar, framfor vestveggen eit vindfang eller våpenhus. Mot austveggen står eit seinare tilført sakristitilbygg over bårerom og vaskerom og toalett. Opphavleg hadde kyrkja eit mindre sakristilbygg.

Vegger

Sjølve kyrkjebygningen er oppført i lafteplank og langveggene og vestveggen er avstiva ved hjelp av opplengjer som er feste til plankane med jarnbolt og mutter. Kvar langvegg har fem opplengjer som deler rommet opp i fire fag med høge vindauge i veggene og i to smalare fag lengst aust og vest i bygningen, utan vindauge. Vestveggen har to opplengjer, desse går noko utafor veggene i våpenhuset. Austveggen er ikkje inndelt. Utvendes er kyrkja kledd med liggjande bord over eit brystvern av ståande bord som er avslutta ved horisontal list under vindauga. Alle opplengjer er markerte utvendes med ståande bord feste til panelet. Vestfasaden har utvendes fått eit mønster av liggjande og ståande bord som også fungerer som gerikter for to vindauge.

Våpenhuset er i reisverk og opphavleg. Sakristiet er i reisverk og sekundært. Utvendes er dei kledde som kyrkja elles.

Innvendes har veggene våre måla, men står no utan måling med unntak av opplengjene. Utvends er alle vegger kvitmåla.

Portalar og dører

Fløydørene vest i kyrkja og døra i aust bak altaret er opphavlege, medan fløydøra inn til våpenhuset og dei to dørene i sakristiet er sekundære.

Dei opphavlege dørene i vest har to rektangulære fyllingar, den øvste høgst. Døra i aust har fire fyllingar, dei to øvste høgst. Desse dørene har også originale hengsler, dørvridarar (merkte Chr Stiansen, dørvriderfabrik 75) og beslag. Geriktene har profilar med kvartstav og karniss. Dei har gulbrun ådring.

Fløydøra i vest inn til våpenhuset er av same form som vestinngangen til skipet, men enklare, med fyllingar av finér. Døra har overlys med gavlform inndelt med y-sprosse. Døra er raudbrun utvendes og lyst lasert innvendes.

Dei to dørene i sakristiet er flate, finerte dører, den ytre er kledd utvendes med fiskebeinspanel og måla raudbrun, elles er dei lakka.

Korskiljet

Overgangen mellom kor og skip er markert ved at golvet i koret ligg eit steg høgre enn i skipet aust for dei nest austre opplengjene, og at det på begge sider av den opne midtgangen på dette steget er eit 96 cm brystvern med parstilte dreia balustrar under handlist. Ved midtgangen er brystvernet lagt opp i dreia meklarar som er avslutta over handlista i kjegleform.

Vindauge

Dei høge vindauga i langveggene er femrams, to kvadratiske rammer nede, to med gavlforma øvre avslutting og ei rombeforma øvst. Dei to med gavlforma øvre avslutting er delte horisontalt av ei sprosse. Vindauga har framleis mange av dei gamle glasa. Innafor desse er det sekundært sett inn fem isolerglas med same form, med unntak av at dei største ikkje er delte. I vestveggen over våpenhuset er det to rektangulære vindauge der øvre del er inndelt med andreaskross. Også desse vindauga har fått tilsett isolerglas.

Vindauga i sakristiet er torams og kopla. Øvre ramme er liggjande, rektangulær og inndelt med sprosse i form av to andreaskrossar.

Golv og fundament

Fundamentet under kyrkja er lagt opp av tukta skifrig stein, etter måten store steinar, med lufteopningar fleire stader i muren. I tillegg til ringmuren er det også lagt opp eit sentralt, langsgåande fundament av den same steinen. Dette ber ein langsgåande dragar som saman med dragarar på sidemurane ber underlag for golvet. Golvborda er av pløygde bord, truleg originalt, festa til tettstilte golvbjelkar med jarnspikar. Golvet har vore måla, men er avluta.

Det er godt kryperom under golvet, og stigane til kyrkja vert lagra her.

Tak

Kyrkja eit har saltak over kor og skip, eit over sakristiet, og eit lite over våpenhus eller vindfang. Ein kort del av hovudtaket stikk fram vest for takryttaren, og her har takryttaren valming.

Hovudtaket har sju sperrefag aust for takryttaren. Fire av desse korresponderer med og kviler på opplengjer ved veggene, dei tre andre står mellom desse og kviler på korte veggstolpar øvst på veggene. I hjørna mellom opplengjer/veggstolpar og saksesperrer er det sett inn kne. Sperrefaga har sperrer, saksesperrer og hanebjelkar i form av tenger om sperrene. I dei øvre hjørna mellom hanebjelkar og sperrer ligg langsgåande dragarar. Saksesperrene er festa saman på halv ved og sikra med jarnbolt i krysset. Saksesperrene er i overkant festa til sperrene med jarnband og bolt. På sperrene ligg bord som underlag for rekter og lekter under lappheller.

Himlingar

Kyrkjerommet har himling av langsgåande staffpanel over saksesperrer og hanebjelkar. Nedre del av hanebjelkane går ned under himlinga, og under desse er det sett inn eit hengebord med sikksakk-ornament mellom holkillister. Alle konstruksjonselementa har hjørnefas på synlege stader under himlingen. Himlinga er isolert ovanpå med mineralull.

Takryttar

Kyrkja har ein takryttar eller eit støpultårn vest i kyrkjerommet. Dei to opplengjene ved vestveggen og dei to galleristolpane (sjå nedafor under galleri) går heilt opp og fungerer slik også som hjørnestolpar i ein støpul. Over himlingsnivå er det konstruert ei lafta ramme med utgangspunkt i dei fire stolpane og tømmerveggen i vest. Tvers over ramma ligg en kraftig dragar som ber to stolpar. Mellom ramma og dragaren står eit saksesperrepar frå himlinga, desse er avskorne ved krysset. Dei fire låge veggene over ramma er avstiva med andreaskrossar. Over desse er det golv for klokkerommet der dei to stolpane held fram som klokkestol. Dei er samla i ei tang over den øvre ramma i klokkerommet. Veggene i klokkerommet er bordkledde innvendes med grove hunbord. Frå den øvre ramma går ein firkanta hjelm med hjørnesperrer og mellomsperrer og midtstong festa mellom tanga og med kryss oppe i hjelmen. På kvar side i klokkerommet er det gavlforma opningar med lamellar og luker innafor desse. Over lukene held veggene fram opp i grunne arkar på sidene av hjelmen. Veggene i klokkestova og gavlane er også markert med lister utvendes og med kross i møna. Hjelm og arkar er tekte med lappheller. Hjelmen er avslutta med metallhylse med kule og spir med ornament og med vimpel med årstalet 1907.

Tilbygg

Det første sakristiet viser på eit eldre foto i sakristiet. Det var også dekt med saltak og hadde inngang frå nord, men det viser ingen vindauge på nord og austsida. Truleg har det hatt eit vindauge på sørsida.

Sakristitilbygget er oppført i som erstatning for det gamle. Tilbygget er i bindingsverk og kledd innvendes med skuggepanel, utvendes som kyrkja elles. Golvet er eit bordgolv av smale bord. Det vart støypt full kjellar med bårerom, vaskerom, toalett og gang, og hovudetasjen inneheld gang og eit opphaldsrom med plass for mindre møte, oppbevaring og kjøkkenfunksjonar. (Dører og vindauge, sjå ovafor). Tilbygget har platehimling. Konstruksjonen under saltaket er ikkje undersøkt, men det er truleg eit enkelt sperretak. Utvendes ber det lappheller, innvendes er det løynt av himling av plater.

Interiør

Koret i kyrkja er kort og breitt. Altar med altartavle står sentralt i aust med passasje til dør bak altartavla. Altarringen avgrensar rommet framfor altaret, medan brystvernet i korskiljet, som har tilsvarande formelement og fargar, definerer resten av korområdet. Preikestolen har oppgang frå sørsida i koret, og står inntil brystvernet i korets sørvestre hjørne. Han stod opphavleg noko høgre, og vart senka til 50-årjubileet i 1958.

Skipet har midtgang og benkeparti på begge sider av denne. Ein benk er fjerna fremst på sørsida, her står piano. På nordsida i koret står ein benk. Kyrkja har tverrgalleri med orgel i vest. I nordvestre hjørne i skipet er det trapp opp til galleriet.

Fargar

Himlinga er kvitmåla, veggene avluta, men har tidlegare vore måla. Konstruksjonselement, altar, preikestol, dører og benker har gulbrun ådring, til dels stafferte med grønt og brunt. Golvet i koret er grønt, golvet i skipet avluta, men det har tidlegare vore måla. Altarskaranke, rekkverk til preikestolen og brystvern i korskiljet er sekundært måla med kvite balustrar og grøne meklarar og handlister

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme og vert oppvarma med røyromnar under benkene. Tidlegare foto viser ei pipe nordaust over koret.

Inventar

Altar

Altaret har sider av ståande, pløygde bord feste til indre rammer. Det er dekt med plate av bord i breidderetning avrunda i ytterkant. Dør på baksida til skåp inne i altaret. Ryggsida er sekundær og er bygd saman med altartavla. Altarboredet er 185 cm breitt, 54 cm djupt og 100/122 cm høgt.

Altartavle

Den første altartavla vart laga av målarmeister Småbrekke frå Bergsdalen. Det var eit triptyk med måla forheng på fløyene og ein kross i midtfeltet.[5]

Den noverande altartavla er ei enkel, klassiserande tavle med rektangulært billetfelt. Ho var ny til 50-årsjubileet i 1958.[6] Måleriet i altartavla er signert nede til høgre: Ant. Gunnrosen og framstiller Oppstoda.

Altarskranke

Altarskranken står nær altaret og er tredelt med skrådde, korte sidestykke. Han har flat, runda handlist med indre hylle for særkalkar. Handlista er boren av parvis stilte balustrar. Balustraden er på begge sider avslutta med høgre meklar med kule over handlista. Kneleputa er skrådd og trekt med skinn.

Døypefont

Døypefonten er eit lokalt snekkararbeid. Han er symmetrisk forma med gjennomgåande skaft med firkanta snitt over og under rund nodus. Frå dei firkanta delane svingar ein arm/fot ut frå kvar side. Dei fire armane svingar opp og ber flat kum for dåpsfatet, dei fire føtene svingar ned mot golvet. Heile fonten har alderdommeleg treskurd, dels med rankeornament. Umåla.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har åttekanta grunnform og fem fag der det eine knyter preikestolen til sørveggen ved korskiljet. Stolen er dekt med runda handlist. Kvart fag har øvre smalfelt og storfelt, i storfelta er det sett inn ei rombeform av listverk. Hjørna er markerte med sveifa hjørnestolpar med fas. Stolen har bokbrett på handlista over faget mot nordvest. Botnen er flat og boren av rett, åttekanta fot med åtte konsollar.

Oppgang ved sørveggen i koret med fem steg, flankert av ope rekkverk mot nord som nede endar i meklar.

Benker og stolar

Benkene er opne og med bakoverlena, sveifa vangar festa i fotstykke, tre ryggbord, den øvste med salmebokhylle i bakkant, forma setefjøl og fotstøtte. Ådra i gulbrunt.

Brurastolar

To stolar av eik, truleg lokal produksjon. Stolane har ryggbrett med fylling i ramme og eit hengebord under ramma. Fyllinga og hengebordet har utskjering med innskrift og motiv. Setet er stoppa og trekt med skinn festa med saum. Djup sarg med utskore motiv på framsargen. Innskrift bak på ryggbrettet: Gåva frå kyrkjelyden i Nesheim kapellsokn til Nesheim Kyrkja år 1943. Innskrift på begge ryggfyllingane med versalar: VÅR BØN I DAG ME BER Å HERRE JESUS KOM OG VER HJÅ KVAR EKTEMANN OG KVINNA. På hengebordet er utskore ein mann på den eine stolen og ei kvinne på den andre.

Galleri

Tverrgalleri i vest som er bore av vegger, veggstolpar og to galleristolpar under galleribjelken i vest. Galleristolpane er avstiva mot galleribjelken ved hjelp av utskorne kne. Frå vestveggen ligg det tettstilte bjelkar over galleribjelken med utskorne bjelkehovud mot vest over bjelken. Tverrbjelkane ber gallerigolvet og brystvernet. Brystvernet er dekt med handlist og har eit stort midtfelt flankert av to mindre felt på kvar side, avgrensa ved meklarar. Felta er igjen inndelte i fag med rombeform av lister sett inn på fyllinga. Handlist og meklarar raudbrune, elles gulbrun ådring.

Nummertavler

No vert salmenummera viste med metallsiffer hengde på stiftar på austveggen i koret. To nummertavler er tekne vare på. Desse har enkel ramme som i overkant svingar opp mot inntrekt gavl med sirkel i tympanonfeltet. Tavla er matt svartfarga og vertikalt todelt med kvit, måla strek. Til venstre er måla Salme, til høgre Vers med skriveskrift. Ramma raudbrun, sirkel og gavllist bleikt grøne.

Rituelle kar

Kalk

Kalk av sølv med runda kupa med isett nebb, innsvinga øvre og nedre skaftledd og run nodus. Nedre skaftledd går direkte over i utsvinga foto som knekker ned mot skrå standkant. Latinsk kross på sol med strålar i stjerneform. Siselerte border på kupa og standkant. Innskrift under foten med skriveskrift: Til Nesheimskyrkja fraa heimanfarne eksingedøler 1908. Stempel på standkant utvendes: 830S, M. HAMMER og meisterstempel. Høgde 20 cm, diameter fot 11,3 cm.

Særkalkar. Standard særkalkar av sølv, innvendes gylte, med flat kupa, høgtstilt nodus og utsvinga fot. I tillegg til sølvstempelet har særkalkane dels stempel frå Th. Marthinsen, dels frå Magnus Aase. Høgde 7,5 cm.

Disk

a) Til kalken høyrer ein liten disk som er tilpassa kanten på kupa og har to små hakk inn for kalkens nebb. Stempel: 830 S, M. HAMMER og meisterstempel. Diameter 11 cm.

b) Disk av sølv. Truleg av di disk a er så liten har kyrkja også ein nyare, større disk. Denne har svakt konveks rand og djup skål. Stempel 830 S, kalk i oval og TH. MARTHINSEN. Diameter 16,4 cm, randa 3,5 cm, høgde ca 1,7 cm.

Vinkanne

Det er bevart ei rebekkakrukke i fajanse i kyrkja. Ho er pæreforma med lok i halsen og høg, svinga hank. I front er ein oppheva latinsk kross. Krukka har svart glasur, kvit kross og er staffert med gull. Defekt. Høgde 33,5 cm ved hanken.

Oblatøskje

Oblatøskje i plett (sølv på kopar). Sylinderforma korpus på tre ornamenterte bein. Boga lok med rosemotiv. Ustempla.

Dåpsfat

Dåpsfat i hamra kopar. Fatet har flat rand med forsterka kant, skrådd vegg og flat botn. Diameter 40 cm, rand 4,5 cm, høgde 6 cm.

Kanne

Kanne av tinn med pæreforma korpus, vid hellekant og utsvinga fot. Hanken er spinkel og svinga. 1900-tal, tidlegast 1937. Stempel under botnen: HAMMERLUND, OSLO. Høgde 21,9 cm, breidde ved hanken ca 19 cm.

Parament

Altarduk

Kvit duk med 11 cm brei hardangrsaumbord med lin på lin. Samanhengande rombeformer, små krossar i sviklane. Ein eldre, liknande duk med same mønster (der borda er 10 cm) er oppbevart i kyrkja.

Messehaklar

a) Vinraud skjoldforma fløyels messehakel med kross og kanting av tre ulikt breie lerretsvovne gullband. Fôr av silkesateng. Feste med tre hekter på høgre skulder. Truleg frå kyrkja var ny. Breidde ved skuldrene 62 cm, høgde 97 cm.

b) Raud skjoldforma messehakel i damask med kross og kanting av to ulike gullband. Satengfôr av rosa silke eller kunsstoff. Skulderpartiet er fora med hovudstoffet. Tre hekter på venstre skulder. Hakelen er lite brukt. 1950-talet(?). Breidde ved skuldrene 58 cm, ryggstykket, som er høgre enn forstykket, er 103 cm høgt.

c) Grøn messehakel med avsmalna, spissa form 1960-70-tal. Umerkt, men truleg frå DNH. Hakelen har grovt krosskypertvove stoff i ulike grønfargar på tynn renning. Kanting og fôr i to ulike grøne lerretsstoff. Sju hekter på venstre skulder. Ryggsida har applikert gaffelkross i ubleika ull-lerret med broderi og kanting i stilkesting og leggsaum. Forsida har stolpe i tilsvarande material og utføring, stolpen er broten med sirkel med chi-rho. Breidde 75 cm, høgde 105 cm.

Messeskjorter

Det er to messeskjorter i kyrkja.

Lysstell

Altarstakar

Altarstakane er i massing og truleg frå kyrkja si oppføringstid. Dei har skålforma lyskrage, balustrforma skaft og utsvinga fot på gjennombroten standkant avslutta nede med holkil over rett kant. Sekundært er tilsett lyspipe for tjukkare altarlys. Stempel under foten: kroner og SKULTUNA 1611 No 65 A. Høgde 24 cm med pipe, diameter fot 12 cm.

Lysekrone og lampettar

Kyrkja har nyare lysarmatur med patinerte massing-kroner og lampettar i tradisjonell barokkform med sungne armar og balusterforma senter. Det er ei stor lysekrone midt i skipet, ei mindre på galleriet og toarma vegglampettar feste til dei fleste opplengjene.

Klokke

Ei klokke frå Olsen og Nauen. Klokka har oppheng av midtboge og seks firkanta bøylar på flat kroneplate, nedsvinga hue, rett hals med innskriftsband under ornamentband og avslutta med bogefrise mot utsvinga korpus som via to riller går over i nedbøygd slagring med markert kant. Innskrift mellom riller på halsen: O. OLSEN & SØNS KLOKKESTØBERI / NAUEN PR TØNSBERG 1908. På korpus på ei side: MESTEREN ER HER OG KALDER PAA DIG. JOHS. EVG. 11.28. Diameter 60 cm, høgde med krone 52 cm, høgde utan krone ca 40 cm.

Orgel og andre instrument

Det orgelet som står i kyrkja i dag er levert av Norsk orgel-harmoniumfabrikk a/s og er merkt nr 435 og byggeår 1985. Spelepult og orgelhus er kledde med bøk og er interte ei ein høg kube. Fasaden er inndelt i rettvinkla brystverk flankert av låge tårn, alle med metallpiper i opninga.

Disposisjon: Gedakt 8’, Principal 4’, Rørfløyte 4’, Waldfløyte 2’, Kvint 1 1/3 og Subbass 16’. Stemmene er fordelte på eitt manual og pedal.

Piano, Yamaha, søraust i skipet ved korskiljet.

Bøker

Kyrkja har teke vare på dei bøkene som har vore i bruk etter at ho vart oppført.

Biblar

  1. Bibel, Chr. 1906, Det norske Bibelselskap
  2. Bibel, Oslo 1921, Utgjeven av bibelnemndi aat studentmaallaget i Oslo. Innskrift på innsida av permen: Nesheim kyrkja 1924.
  3. Bibel, 1978 Det norske Bibelselskap, trykt i Stuttgart 1979. Raudt skinnband, gullsnitt.
  4. Bibel, 1978 Det norske Bibelselskap, trykt i Stuttgart 1979. Svart skinnband, gullsnitt.

Tekstbøker

  1. Tekstbok, Kra. 1900.
  2. Tekstbok, Kra. 1918, innskrift: Eksingedalens kapell paa Næsheim 1920.
  3. Tekstbok, Kra. 1922, innskrift: Nesheim kyrkja 1924.

Altarbøker

  1. Alterbok, Kra. 1893.
  2. Alterbok for den norske kirke, Oslo 1920.
  3. Altarbok for den norske kyrkja, Oslo 1920.
  4. Altarbok for den norske kyrkja, Oslo 1926, to eksemplar.
  5. Liturgisk musikk, bilag til Alterboken av 1920.

Graduale

  1. Messebok for den norske kyrkja, Oslo u.å. (1925).

I tillegg er de fleire eldre salmebøker i kyrkja.

Offerkar

Offer vert samla inn i bastskål på altaret.

Blomstervasar

To blomstervasar av sølv. Standard trektforma på flat fot avtrappa i tre steg. Stempel 830 S og Lo. Høgde 18 cm, diameter fot 9 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Den gamle kyrkjegarden aust for kyrkjestaden var utgangspunktet for valet av kyrkjestad. Det er uvisst når denne vart oppretta, men det kan ha vore tidleg på 1800-talet.[7] Kyrkja stod dei første åra utan kyrkjegard, i det ein framleis nytta den gamle, men i 1918 kom problemet med manglande plass på kyrkjegarden opp, og det vart vedteke å kjøpa eit stykke på om lag 1000 m2 kring kyrkja til ny gravplass. Den nye kyrkjegarden sto ferdig i 1924.[8] Den gamle kyrkjegarden er no sett i stand for ny bruk, etter som kyrkjegarden kring kyrkja er full.

Gravminne

Ein del gravminne på den gamle kyrkjegarden er lagra. Eitt gravminne står att, det er ein bautaliknande stein med innskrift: JOHANNES NILSON BERGO 1800-1896.

Gravene på kyrkjegarden kring kyrkja ligg på sørsida og dels i søraust.

Den siste som vart gravlagd på den gamle kyrkjegarden var Helge K. Bergo (1864-1924). Første grava på den nye kyrkjegarden er frå september 1924.[9]

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Nordaust for kyrkja, på utsida av kyrkjegardsmuren nord ved inngangen, ligg eit enkelt, nyare reiskapshus. Huset er av bindingsverk på støypt fundament. Både bindingsverk og mur er kledd utvendes med liggjande panel. Taket som ligg i aust-vestleg retning er eit saltak tekt med lappheller. Døra er på austsida og i nord er ei lite vindauge. Huset er kvitmåla.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. Bergo, H., ”Nesheimskyrkja : Kyrkjelege tilhøve i Øvre Eksingedalen” i Frå fjell til fjord : sogeskrift for Vassvøri sogelag 2007, Bolstadøyri 2007
  2. Rødland, K. (red.), Kyrkja i Dalen : Nesheim kyrkje 1908 – 2008, Bergen 2008

Bilete

Fotnotar

  1. Bergo 2007, s. 21, sitatet er frå møtereferat i arbeidsutvalet for kyrkja 1903
  2. Bergo 2007, s. 25
  3. Same staden s. 25f
  4. Same staden, s. 26
  5. Bergo 2007, s. 26
  6. Jubileumsbok s. 17
  7. Bergo 2007, s. 33
  8. Bergo 2007, s. 32f
  9. Same staden, s. 33