Møkster kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Møkster kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneAustevoll kommune
ProstiMidhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.065689,5.099610
FellesrådAustevoll sokneråd
Kirke-id124400201
Soknekatalognr05080401
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff, Ola Storsletten

Bakgrunn

Mellomalderkyrkja†

I mellomalderen låg kyrkja på øya Møkster, vest for Huftarøy. Mellomalderkyrkja låg truleg i Heimigarden ved nord-enden av øya, innafor det innegjera kyrkjegardsområdet. Første gong kyrkja er nemnd i dei skriftlege kjeldene er i Bergens kalvskinn frå 1300-talet. Det har truleg vore ei enkel stavkyrkje. Det er uvisst kva slags status kyrkja på øya Møkster hadde i mellomalderen. Etter reformasjonen var kyrkja anneks til Sund kyrkje.

Bygning†

Mellomalderkyrkja har truleg vore ei enkel stavkyrkje med skip og kortilbygg som var orientert med koret mot aust. Opplysningar om kyrkja kan følgjast attende til tidleg på 1600-talet.

Vegger. Det er få opplysningar om konstruksjonen av veggene i kyrkja. Det er grunn til å tru at det har vore stavverk som etter kvart har vorte kledd med bord. 1650-52 vart det beltalt for "6 tylter bord som er oplagt paa Kirchen paa dend Syndere Side". 1675-77 vart det "Kiøbt och paa den nordre Side Af Chorrit Oplagt 14 huggen Bord - 7 Alen Lang". Ettersom betalinga galdt ferdig tilhogne bord, kan dette innebera at koret var omlag 4,4 m langt. Veggene vart tjøra med jamne mellomrom.

Portalar/dører. Kyrkja har truleg hatt vestportal, i tillegg ser det ut til å ha vore eigen inngang til koret. 1641-42 vart det beltalt for "Jern at Beslaa Kirchedøren". 1643-45 vart betalt for "en Koerdør med hengsler paa".

Vindauge. Kyrkja hadde vindauge med blyglas. Vindauga var verna med luker. 1618-20 vart det betalt for "2 glaruindeuer", 1680-81 vart det betalt "for en luge for Predichestolen at schiule for dreff Reg(en)".

Grunnmur/gulv. Under kyrkja var det lagt opp ein grunnmur. 1624-26 vart det "leiget enn Murmester som giorde Murenn ferdig vnderr Corett som vahr vdfaldenn Kosted med Kalch...". Kyrkja hadde bordgolv. 1668-70 vart det brukt 14 bord, mellom anna til vøling av "gullfuit".

Himling. Bygningen ser ut til å ha hatt open takkonstruksjon frå først av. Det er heller ikkje opplysningar om nokon sekundær himling i kyrkja.

Tak. Utforminga av takstolen er noko usikker, men i 1643-45 vart det betalt for "6 Sperrer". Frå kyrkja vart det seinare brukt opp att "nogle stykker af Ældre spærrer eller stolper med den i stavkirkerne sedvanlige retvinklede list" - eit enkelt, rettvinkla høvelprofil. Taket ser ut til å ha vore sutak tekt med spøner. Frå 1630-32 er det ei opplysning om at spønene vart henta "fraa Storøen". Langs med mønet har det lege mønnekammar av tre. 1671 vart det betalt for "2 Kirche Kiøhle".

Omkring 1640 var det planar om å utvida kyrkja. I kyrkjestoleboka heiter det i 1641-42: "Effter som for den goede Mand Slodtsherren er bleffuen berett foreschreffne Kirche At falde noget Forlidet, ehr Samtøgt At saa fremt Almuen Will siellf det bekoste, Maa det denem tilstedis, den at bygge større; Och ehr beuilget At de Thuende første Aars Indkomst, der til maa brugis." Løysinga på problemet var at mellomalderkyrkja vart reven då ei ny kyrkje vart oppført i 1686.

Inventar†

Døypefont. I 1618-20 vart det laga ein ny "fundt" i kyrkja, med hengsler for. Samsundes vart det kjøpt eit "bechenn" til fonten.

Preikestolen er nemnd i 1680-81.

Rituelle kar. Kalk og disk vart etter rekneskapane utvida i 1653-55.

Parament. I 1618-20 vart det kjøpt ein ny messeserk.

Lysstell. To lysestakar vart innkjøpte i 1624-26, i 1636-38 ei lykt.

Klokker. Det ser ut for at kyrkja har fått ei ny klokke i 1633-35. Kyrkja har beltalt seks dalar for klokka utanom dei ti som "Welb. Her Cantzeler der till haffr foræret". Det vart og kjøpt klokkestreng og oppheng til klokka.

Bøker. Ny altarbok 1630-32.

Timeglas. Rekneskapane nemner innkjøp av timeglas i 1618-20, 1624-26 og 1653-55.

Kyrkja frå 1686†

1686 vart det bygt ei ny kyrkje på Møkster. 1724 vart Møkster og Austevoll kyrkjer selde til Bent Uldrich, truleg frå Bergen, for 70 spd. Etter ein bispevisitas i 1855 vart det notert at "Møgsters Kirke befandtes at være for liden, og der - derfor nu Underhandlinger med Eierinden Madame Rosendal om at faae Kirken solgt til Menigheden". Der ser ut for at kyrkjelyden kjøpte kyrkja i 1860. Kjøpesummen var på 5755 spd. 16 sk. I 1870 heiter det at kyrkja var i forsvarleg stand, men at ho var for lita i høve til folkemengda. I ein visitasprotokoll heiter det i 1889 at "Møkster Kirke vil blive afløst af en ny Kirke paa Stolmen samt Kapel paa Store-Kalsø". Kyrkja på Møkster vart reven 1892.

Bygningen†

Møkster kyrkje låg innafor området for den gamle kyrkjegarden. Det er vanskeleg å tenkja seg kvar kyrkja kan ha vore plassert, men det tykkjest mest naturleg at ho har lege lengst nord i det innegjerda området.

I rekneskapen for 1686 heiter det at ein hadde forhandla med Erich Fyllingsnes og Olle Bysemb om å byggja ei ny kyrkje. Kostnadene for arbeidsløn og materialar var på 50 r.d. Av desse vart 20 r.d. betalte av domkapitlet i Bergen, 10 r.d. av magistraten i Bergen og 20 r.d. av Hans Jurgens. Det ser ut for at materialane i hovudsak vart henta i Bergen.

Kyrkja har vore ei enkel langkyrkje med rektangulært skip og eit smalare, rett avslutta kor. Truleg var kyrkja orientert på vanleg måte. Kyrkja mangla tårn, men hadde våpenhus som venteleg var plassert framfor vestportalen i skipet. I 1722 vart kyrkja skildra som ein liten tømmerbygning, utan tårn og med eit våpenhus "af stav". Skipet var 10.1 m langt og 7.6 m breitt. Koret var 6.3 m i kvadrat, og våpenhuset 2.5 m X 3.8 m. Taka var tekte med takstein. Innvendes var kyrkja måla. Målinga var kosta av kyrkjelyden i 1718.

Veggene var av tømmer, med utvendes bordkledning. Tømmerkjernen stod først ei kort tid utan bordkledning. 1687-89 vart det betalt for at bygningen vart "bordt(tegtt) Chorett og Kirchen runden om". Veggene vart tjørebredde år om anna. 1693-95 vart det "Oplagt paa Kirchen en tønde tiere". Bordkledningen vart oppattnya så seint som i 1872.

Portalar/dører. Hovudportalen i kyrkja har truleg vore i vestenden i skipet. I arbeidsbeskrivinga frå 1686 er nemnt "Hengsler och Luchelse for Døren". 1699-1701 vart det beltalt for "Laas till Kirchedørren". Koret har truleg også hatt eiga dør. I rekneskapen for 1714-16 heiter det at det var betalt for vøling av "Cordøren og trappen".

Vindauge. I samband med bygginga vart det betalt "for 12 Vinduer Rammer... og Karmer". Kyrkja hadde frå først av vindauge med blyglas. I samband med oppføring av kyrkja i 1686 vert det før vinteren gjeve ordre om å "Jndsette Vinduerne". Dei to vestlege vindauga i nordveggen i skipet var dekorerte med figurar og årstalet 1686. Vindauga var verna utvendes med luker. 1696-98 vart det betalt for "6 ny Luger for Winduerne".

Grunnmur/golv. Truleg var kyrkja fundamentert på ein enkel grunnmur av brotstein. I 1686 vart soknepresten oppmoda om "at tillholde Almuen een Ørchedag effter Gudstieniste er foretted at legge eet Døgtig Steenlag under den Gansche bøgning". I rekneskapen for 1711-13 heiter det at ein hadde "Igjen Mured den udfaldne Muur under Kirchen paa dend østre Side". Golva har vore av bord som har vore feste til lunnar. 1717-19 vart det "lagt Eenn bielche under Gulvet i Corit".

Himling. I samband med arbeida i 1687-89 vart det lagt "en ny Lemb ofuer ald Kirchen og Choret". Også i 1693-95 vart det "lagt lem over skip og kor".

Taket var bore av sperrefag med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. I 1686 vart det lagt tjøre på "Tagene paa Coor, Kirche och Vaabenhus". Men alt i 1690-92 vart det "Betalt for 2000 Pander (..) Oplegningen er af Sognepræsten forærit Kirchen". I rekneskapen for 1702 -04 hadde ein "Tiærebræd Kirchens Bordtag over alt samt Kiøhl och Windschier". "Bordtag" vil her seia bordkledning på veggene. Taka vart vølte med ny teglstein fram til 1859.

Takryttar/tårn. 1699-1701vart "Taarnet och Weggene" tjørebredde, men det er uvisst kva som her er meint med "tårn". Det kan ha vore våpenhuset framfor vestportalen.

Våpenhuset har truleg vore av bindingsverk. I dette var det delar frå den tidlegare stavkyrkja som var dekorerte med eit høvelprofil av mellomaldertype. 1720-23 vart det "Nedlagt 2 Soler under Vaabenhuuset, og det opskruet". Samstundes vart det "Giort Nye Hængsler og Dummer til Waabenhuusdørren". 1717-19 vart det betalt for "Bord til Kiøel og Vindscheder Paa Waabenhuuset".

Interiør†

I årboka til Foreninga (Nicolaysen 1888, s. 194) står det føljande om interiøret i kyrkja: "Den er indvendig malet med limfarve i den sedvanlige stil fra 17de hundreaar med arabesker, bladverk og blomster samt enkelte bibelske figurer." Dei to vestlege vindauga i nordveggen i skipet hadde ifølje same kjelda innbrente figurar og var frå 1686. Rekneskapane (1687-1689) opplyser at desse vindauga er laga av glasmakaren Poull Rassmussen (Lindenberg). Det var 12 stk, av desse finst framleis fire på Bergen Museum, tre av dei i god stand. Alle tre har ei stor biletrute i gråfargar. Over denne to ruter med namn og nedafor to mindre ruter med innskrifta "Anno 1686". Den eine biletruta viser eit interiør med ei sittjande kvinne, "Gramatica", som underviser to gutar. Ruta har føljande innskrift: "Sinnreich ich mit gutem Verstandt Ein Fundament lege zur Handt". Gåve frå "Her Hans Camstrup". Den andre ruta viser "Benjamin" som gjeter sauer. Gåve frå "Her Søfren Nes". Den tredje viser eit par som sit ved eit bord og med ein ape i bakgrunnen. Kvinna byr mannen eit eple, han grip om henna venstre bryst. Etter innskrifta gjeven av "Her Elias Elliesen". I det fjerde vindauget manglar biletruta. Dette var ei gåve frå "Her Elias Andersen Provist I Sundhordlehn 1686". Lexow meiner at sjølve biletrutene truleg er importerte. (Lexow, 1983, s. 133f og Fig 108 og 109.)

Inventar†

Altartavle. I 1699-1701 er det sett opp ei altartavle i kyrkja som "kom fra Sunds Kirche".

Altarring. Det vart bygt opp ein ny "Alterfod" då kyrkja var ny. I 1711-13 kjøpte kyrkja "Bord til Tralleverk om Alterfoden".

Benker. I synfaringa frå 1686, det året kyrkja var ny, heiter det at "Sognepresten Ville och behage at udvisse Huer Gaard I Sognet deris stollstæde, och der effter tillholde dem at forferdige den selff. Men Prestestolen i Chorit och Klocherens faar Kirchen selff beKoste".

Rituelle kar. Kyrkja hadde i 1687-89 ein kalk og disk av sølv som vog 30 lodd. Disken vart endra og tillagt 1 ½ lodd sølv i 1696-98. I 1687-89 vart det kjøpt eit dåpsfat i massing til kyrkja.

Parament. I ei inventarliste frå 1687-89 er nemnde eit altarklede, ein messehakel og ei messeskjorte. I 1720-22 fekk kyrkja ei ny messeskjorte i gåve frå "Madme Maren Sl. Michel Uldrichs".

Lysstell. Kyrkja hadde i 1687-89 eitt par massingstakar og ei gammal lykt. Ei ny lykt vart skaffa i 1702-04.

Bøker. I 1687-89 hadde kyrkja ei gammal altarbok og ei salmebok, ei ny salmebok vart innkjøpt i 1700.

Kyrkja frå 1892

Ved kongeleg resolusjon datert 4.4.1889, vart det gjeve løyve til oppføring av ny kyrkje for Møkster sokn. Kyrkja vart reist på strandstaden Kvalvåg på øya Stolmen, sør for Møkster, men fekk framleis namnet Møkster kyrkje. I resolusjonen heiter det mellom anna at "Efter planen vil kirken blive en langkirke, af tømmer, hvilende paa solid grunnmur og tækket med Hardangerheller, Taarnet tækkes med Kobber. Kirken vil rumme ca. 320 siddepladse". Arkitekt var Hans Heinrich Jess (1847-1916) som tidlegare mellom anna hadde teikna Austevoll kyrkje som sto ferdig i 1891. Byggmeister for den nye kyrkja var Mons Skare. Kyrkja vart vigsla 29.6.1892.

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare, polygonalt avslutta kor. Kyrkja er uvanleg orientert - i tilnærma nord-sør retning - med hovudinngang i nord. Framfor hovudinngangen er det bygt til eit tårn. Det er dessutan ein sideinngang med eige tilbygg på austsida av skipet. Sakristi og dåpsventerom er bygde til på kvar side av koret. Indre søyler deler skipet i eit midtskip og to sideskip, i nordenden av skipet er det eit orgelgalleri. Skip og kor har saltak, tårnet har åttekanta tårnhette. Både eksteriør og interiør har arkitekturdetaljar i nygotikk/sveitserstil.

Vegger

Skip og kor har vegger av lafta tømmerstokkar. Stokkane er plantelgde på begge sider og er omlag 10 cm tjukke. Innvendes er veggene støtta av opplengjer som er feste med jarnboltar. Også på utsida er det truleg opplengjer, men desse er dekte til. Innvendes er dei nedre delane av veggene kledde med sekundært brystpanel med lister og finerplater. Over dette er veggene dekte med pålimt papp. Gavlen i skipet mot koret er kledd med liggjande bord. Utvendes er veggene kledde med liggande bord med staffprofil langs kantane. Mot grunnmuren er kledninga avslutta mot eit vatnbord. Eit ekstra vatnbord er lagt inn ved undersida av vindauga. Mot takutstikka er kledninga avslutta med ein spissboga blindarkade. Hjørna er dekte av ståande bord.

Portalar/dører

Den to-fløya døra frå tårnfoten og inn i skipet er etter måten moderne. Bortsett frå sakristiet, som har den opphavelege fyllingsdøra, er utgangsdørene nyare. Framfor utgangane er det støypte trapper.

Korskilje

Tre breie steg flankerte av stolpar og rekkverk av balustrar skilde ved spissbogar. Runda handlist. Dei smale sidefelta er avslutta oppe ved stikkbjelkar mot stolpane, midtfeltet av sperrer frå korhjørnene lagde opp i stolpane. Alle tre felta er utfylte med spissbogar. Konstruksjonselement er synlege på veggen over koropninga. Det er elles lagt ein stor dekorativ rundboge av lister øvst i gavlfeltet. Rekkverket har kvite balustrar med gull staffasje, raude spissbogar. Brun treimitasjon på handlista. Elles grønt.

Vindauga

Vindauga i skipet er opphavelege. Vindauga er delte i tre fag med trekantforma overdekking. Sprosser deler kvart fag i fire glas. I overkant er vindauga dekorerte med spissbogar og eit trepass. I vindauga i koret er det sett inn moderne isolérglas utan oppdeling. Den opphavelege inndelinga av vindauga i koret er behalden som ein utvendig dekor.

Grunnmur/golv

Kyrkja har grunnmurar av brotstein. Utvendes er steinane grovt fuga. Grunnmurar og støttemurar utgjer underlag for vegger og golvbjelkar. Både skip og kor har bordgolv. Golvet i koret er dekt med teppe og ligg tre steg høgre enn golvet i skipet. Framfor altaret eit lite podium som ligg eitt steg over golvet i koret.

Himling

I skipet er himlingane over sideskipa horisontale. Himlinga i midtskipet ligg noko høgre enn i sideskipa og utgjer eit slakt saltak. Ein knevegg utgjer overgangen mellom himlingane over sideskipa og den over midtskipet. Himlingane og kneveggene er kledde med staffpanel. Også himlinga i koret er kledd med staffpanel og har form som eit saltak, noko spissare enn det i midtskipet. Mot sør er himlingen valma og følgjer den polygonale koravsluttinga.

Tak

Takkonstruksjonen i skipet har sperrefag som er sette saman av sperrer, dobble hanebjelkar og hengestolpe. Takvinkelen er omlag 43 o. Taket i skipet dekkjer både midtskip og sideskip. I skipet er sperrefaga understødde av dei indre stolperekkjene. Mellom sperrene og hengestolpen er det plassert noko slakare sperrer som himlingen i midtskipet er festa til. På takstolane er det lagt åsar som underlag for bordtaket. Konstruksjonen av taket over koret er ikkje tilgjengeleg. Takvinkelen er omlag 43 o og konstruksjonen er truleg av same slag som den over skipet. Taka på skip og kor er tekte med diagonallagde skiferheller.

Tårn

Tårnet har fire høgder: Våpenhuset, rommet framfor orgelgalleriet, eit lagerrom og klokkestova. Frå våpenhuset og opp til rommet framfor orgelgalleriet er det lagt symmetriske trapper på kvar side av sjølve tårnbygget. I eksteriøret utgjer trappene to separate utbygg, med pulttak som er tekte med skiferheller. Ei enkel trapp fører frå rommet framfor orgelgalleriet og opp til klokkestova. Tårnet har vegger av bindingsverk. I våpenhuset er standarane frå tårnkonstruksjonen førde heilt ned til golvet og er avstiva med andreaskrossar. I våpenhuset og rommet framfor orgelgalleriet er dei innvendige veggene kledde med liggjande slettpanel. I dei andre etasjane står bindingverket bert. Utvendes er tårnet kledd med tilsvarande bordkledning og horisontal inndeling som skip og kor. Under lydgluggane er det lagt inn eit ekstra vatnbord. Mot takutstikka til trapperomma er kledningen avslutta med spissboga blindarkade og ein kraftig gesims. Den utvendige portalen til tårnfoten har ei moderne tofløya dør. På eit fotografi frå rundt 1900 er portalen vist med tofløya fyllingsdør. Over portalen er det eit salforma takutbygg som er tekt med skiferheller. Framfor portalen er det eit tofløya, støypt trappeanlegg. På fotografiet frå århundreskiftet kan det sjå ut som trappeanlegget har støypte mekler-oppbygg. Feltet med vindauge over portalen til tårnfoten har vore der frå først av. Det er trekantforma med spissbogar og eit trepass. Rommet framfor orgelgalleriet har eit opphaveleg vindauge med tilsvarande utforming som vindauga i skipet. Lydgluggane er utvendes dekorerte med spissboga blindarkadar. Etasjane er skilde ved bjelkar og bord. Våpenhuset har himling av staffpanel, rommet framfor orgelgalleriet har broten himling som er kledd med staffpanel. Tårnhetta har åttekanta form. Overgangen mellom det firkanta tårnet og tårnhetta er forma som eit slakt skjørt. Tårnhetta og skjørtet er understødd av midtmast, gratsperrer og bjelkekrans. Midtmasta er ført eit stykke ned i klokkestova. Tårnhetta er tekt med bord og koparplater. På bordkledningen er det på innsida måla "Maler E. Jørgensen 1892". Til spissen på tårnhetta er det festa eit spir av jarn med kule og annan dekor av metall.

Tilbygg, sakristi, dåpsventerom

Framfor sideinngangen i skipet mot aust er det bygt til eit vindfang. Tilbygget er truleg av bindingsverk. Innvendes er veggene kledde med liggjande panel, utvendes er dei kledde med tilsvarande panel som skip og kor. Vindauget er opphaveleg. Tregolvet ligg i nivå med golvet i skipet. Himlinga har salform og er kledd med staffpanel. Taket er salforma og tekt med diagonallagde skiferheller. Sakristitilbygget ligg på vestsida av koret og inneheld kontor og gang. Dåpsventerommet som ligg på den andre sida av koret, inneheld opphaldsrom og gang. Veggene er truleg av tømmer og er innvendes kledd med plater. Utvendes er ytterveggene kledde med tilsvarande panel som skip og kor. Innvendige dører og vindauge er opphavelege, sameleis ytterdøra i sakristiet. Golva i tilbygga ligg noko lægre enn golvet i koret. I gangen til sakristiet er himlingen kledd med staffpanel, elles er himlingane i tilbygga kledde med plater. Tilbygga har valma pulttak som er tekte med diagonallagde skiferheller.

Interiør

Koret med altar, preikestol og døypefont. Preikestolen på austsida av koret, døypefonten på vestsida. Skipet med benker på kvar side av midtgangen, dessutan benker langs veggene. Orgelgalleri med benker i nordenden av skipet. Tidlegare sto det omn aust for koropninga. Kyrkja har no elektrisk oppvarming.

Fargar

Koret har blå/raudt teppe på golvet. Nedre del av veggene dekte med lakka finerplater, øvre del måla i brote kvitt. Stolpar, opplengje og den synlege delen av takkonstruksjonen er måla lysegrå. Himlingen bleik gul med lyseblå kantlist ved gesimsen. Skipet har gråmåla golv, midtgangen grå løpar med raudt mønster. Kneveggen mellom himlingane i sideskipet og himlingen i midtskipet er måla i brote kvitt med lysegrå blindarkade og gesims. Elles som koret. Galleribrystningen har blindarkade med gråleg ramme og handlist og gulmarmorerte fyllingar. Undersida av galleriet måla lyseblå.

Inventar

Altar

Kasseforma altar av tre. Bygt saman med altartavla. Tre av sidene er trekte med raud fløyel og kanta med gullband nede. Br. 215 cm, dj. 93 cm med tavla, h. 100/118 cm.

Altartavle

Nygotisk oppsats i same breidde som altaret. Nedre smalt skriftfelt med flankerande, framskotne postament, dekt av profilert, nedskråna listverk. Stort rundboga biletfelt flankert av to søyler på kvar side, dei ytre søylene er framskotne over postamenta. Alt står mot ein etter måten flat bakgrunn. Over kapitél ber søylene fialar som flankerer vimpergforma toppstykkje med krabbar, toppa med kross. Fargar: Lys vårgrøn botnfarge, listverk og søyler varmgrå. Motiv på fialar og kapitél: blått, raudt, gull. I toppfeltet gresk kløverkross på strålekrans. Innskrift i gull versalar på svart botn på skriftfelt: HVO . SOM . IKKE . ANNAMMER . GUDS . RIGE . SOM . BARN, KOMMER . INGENLUNDE . DERIND.

Måleri på duk. Signert til høgre: Julius Holck. Bergen 1892. Motiv: Kristus ståande i kvit kjortel og kvit kappe med stråleglans og med eit barn nede ved si høgre side. Han held høgre handa på barnet sitt kinn, medan han med venstre viser til barnet. Barnet har blå kappe og raud krage under. Palmegrein i høgre hand. Bakgrunn ulike grå-beige fargetonar. Flatt golv. Trapp til venstre i biletflata og ei stor søyle til høgre.

Altarring

Halvsirkelforma med rett utviding mot aust. Opning på begge sider av altaret. Framfor sjølve altaret er det eit opphøgd podium. Knelebenken og podiet har staffpanelte sider. Kneleputa er stoppa og trekt med brunt skinn. Rekkverk av runde balustrar i same form som søylene på altartavla og med spissbogar mellom. Runda handlist. Indre hylle for særkalkar. Fargar: Vegger og rekkverk lys grøne, med unntak av søylene som er kvite med marmorering og med gullfarga riller og spissbogane som er raude. Handlista er måla i brun laserings-teknikk. Kneleskammel av tre trekt med raud fløyel og kanta med gullbord.

Døypefont

Døypefont av tre. Åttekanta flat kum boren oppe av hjørneknektar over skaft med åtte hjørnebalustrar. Åttekanta fot som nedst går ut til fire sider. Døypefonten har lys grøn botnfarge med raud, kvit og gull staffering.

Preikestol med oppgang

Gotiserande. Fem heile og to halve sider av ein åttekant. Dei fem har fyllingar i ramverk. Fyllingane er kløverbladforma i overkant. Hjørnebalustrar ber flate bogar over fyllingane. Stolen er avslutta nede ved nedskrådd listverk over hengeplater. Handlist stoppa og trekt med brunt skinn. Stolen vert boren oppe av 8 konsollar på åttekanta stolpe som nede har vidare, firkanta snitt med tilsette hjørnesøyler. Basen går ut i fire breiare bein. Hovudfarge lys grøn. Staffasje i raudt, kvitt, gull, grønt og beige. Oppgang ved trapp langs korveggen med meglarstolpe og rekkverk av balustrar med mellomstilte spissbogar som på altarringen.

Benker

Det er benker i skipet på begge sider av midtgangen. Faste benkefjøler langs veggene i skipet. Benkevangane står på sokkel som er noko høgre framme og skrår såleis bakover. Bakre del av vangen er ei rett fjøl som er avslutta oppe i runda, framskote toppstykkje med innskoren hjulkross. Pålagt framskote felt ved benkefjøla er støtta av baluster på sokkelen. Formskoren benkefjøl. Ryggane er sekundært innkledde med finer framme og plater bak, original toppfjøl og salmebokhylle. Farge: raud med gull staffasje.

Galleri

Galleribjelke lagd opp i opplengjer og mellomstolpar og i to stolpar som flankerer midtgangen. Det er i tillegg lagt bjelkar under galleriet frå veggstolpar i vest. Brystning med 21 fyllingar med trekanta avdekking. Staffpanelt himling under galleriet. Gallerigolvet er avtrappa i tre steg. Benker på sidene, orgel i midten. Det har skjedd endringar i golvet i samband med orgelet.

Orgel

a) Olsen og Jørgensen, 1919. Orgelet hadde seks stemmer på ein manual og anhangspedal. Mekanisk overføring.

b) Rieger-Kloss, 1992. Orgelet har 10 stemmer fordelte på to manualar og pedal. (Kolnes.) Brystverk med metallpiper, pedalverk med trepiper. Prospektet er tredelt med rette sider. Sidetårna skrår ned mot brystverket som ligg i eit lægre nivå.

Skulptur

Krusifiks på austveggen i koret. Eikekross. Kristusfigur og innskriftsplate støypt i sølvfarga metall. Merka Efflerhaus, Stuttgart. Mål på krossen: 50 x 29 cm.

Rituelle kar

Kalk. Sølv, innvendes gylt. Høg, halvkuleforma kupa med nebb og forsterka kant. Innsvinga skaft med rund nodus med seks firkanta knoppar. Utsvinga fot avslutta med dobbel vulst og riller. Siselert mønster. På kupa: Kross med kløverbladarmar på lysande sol. På nodus: Bladformer over og under knoppane, på knoppane vekselvis stjerner og bokstavane i h s. På øvre vulst på foten skjelornament mellom sikksakkborder. Gravert på foten: MØGSTER SOGNEKIRKE. Stpl. M. HAMMER. H. 27,3 cm, diam. 13 cm.

Særkalkar. a) 12 stk. Plett, innvendes gylte. Halvkuleforma kupa, balusterskaft, glatt utsvinga fot. b) 9 stk. Sølv, innvendes gylte. Halvkuleforma kupa, markert nodus, utsvinga fot avslutta ved vulst. Latinsk kross på kupa. Gravert på foten: AUSTEVOLL KIRKE (5 stk.) og MØKSTER KIRKE (4 stk.). Stpl. MÅ. c) 20 stk. Plett, innvendes gylte. Flat kupa, utsvinga fot med markert nodus. Stpl. MÅ.

Disk. Sølv. Flat rand, flat botn. Siselert hjulkross på randa, tornekrans i botnen. Gravert under botnen: MØGSTER SOGNEKIRKE. Stpl. M.HAMMER. Diam. 16,6 cm, rand 2,4 cm, h. 0,8 cm.

Oblatøskje. Sølv, innvendes gylt. Sylinderforma. Snodd band langs botnen og lokkanten. Kvelva lok toppa med kross med fem armar. Hjulkross på sida. Gravert under botnen: MØGSTER SOGNEKIRKE. Stpl. M.HAMMER. H. 6,5 cm, diam. 9,5 cm.

Vinkanne. Truleg M.Hammer, sølv. Truleg fornya fot. Smal innknept hals med stort nebb. Kvelva lok med femarma kross som på oblatøskja. Pæreforma korpus med latinsk kross på lysande sol. Innknept fot over fotplate med dobbel vulst mellom riller. Dekorativ bord på øvre vulst og oppe på korpus. S-forma hank festa til korpus og til ledd som er festa på halsen. Gravert på korpus: MØGSTER SOGNEKIRKE. Ustpl. H. 33 cm, br. 19,5 cm.

Dåpsfat. Massing(?) Forsølva overside. Runda dåpsfat med flat rand med forsterka kant. Gravert under randa: MØKSTER SOGNEKIRKE. Gravert rundt randa: * HVO - DER - TROR - OG - BLIVER - DØBT - SKAL - BLIVE - SALIG.* Mark. 16,16. Diam. 48 cm, h. 7,6 cm, rand. 4,7 cm.

Kanne. Sølv. Innknept hals med oppsvinga nebb. Rund korpus med nedovervend due på kross og lysande sky. Utsvinga fot avslutta med vulst over standkant. S - forma hank. Stpl. Th. Marthinsen, H. 34 cm, br. 19,5 cm.

Parament

Altarduk. Kvit, to-skafts linduk med 18 cm brei bord i hardangersaum på tre sider. Motiv: Krossar og kalkar i tunger.

Messehaklar. a) Eldre rettsida messehakel av djup vinraud/fiolett fløyel. Fôr av satin i same farge. Kanta med gullband. Kross på ryggsida av trelagt gullband. Hekter på ei skulder. b) Rettsida messehakel av raud fløyel. Raudt fôr av silkesatin. Kanta og med kross av gullband. Hekter på ei skulder. Kyrkja har to messeskjorter.

Preikestolsklede. Kyrkja har nyare preikestolsklede i fire fargar, to og to sydde saman. a) Grønt. Applikert og brodert motiv: to fiskar og fem brød i korg. Kross i bakgrunnen. b) Raudt. Motiv: Oppslegen bok med kross i bakgrunnen. c) Kvitt. Tre aks over oval med bøljer. d) Lilla. Motiv: Gresk kross over alfa og omega.

Lysstell

Altarstakar. To eldre massing lysestakar for kubbelys. Brei lysskål med lyshylse (tidlegare med pigg?). Glatt, rundt søyleskaft. Profilert base over utsvinga fot avslutta med vulst. H. utan hylse: 43,7 cm, d. 20,6 cm.

Lysekroner. a) Massing lysekrone i barokk form i koret. Balusterforma skaft avslutta nede ved kule med ring. Feste for 6 lysarmar nede og tre mindre lysarmar og tre reflektorar oppe på skaftet. Innskrift på kula: Gave til Møkster Kyrkje, Kvalvåg. Fra Hansine Pettersen. 1935. b) Større massing lysekrone i barokk form i skipet. Fire rader med 9 lysarmar i kvar. Balusterforma skaft avslutta nede med kule med ring. Innskrift på kula: Gave til Møgster Kirke, Kvalvåg, fra Baard Sjursen Waage og hustru i 1935. Omvendt traktforma hengelamper i sideskip og under galleri, punktlys mot altaret.

Klokker

1 klokke av stål i tårnet. Svakt boga krunplate, tilnærma rett hals, utsvinga korpus over slagring. På halsen, ved overgangen til krunplata skriftband mellom horisontale riller: GEG. V. BOCHUMER VEREIN 1891. På korpus, ved overgangen til slagringen tre horisontale riller. D. 75 cm, h. 70 cm. Moderne opheng, elektrisk ringing.

Bøker

Altarbok, Kria. 1920. Altarbok, Oslo 1926. Altarbok, Oslo 1949. Nyare bøker.

Piano

Piano i skipet, Rippen. Elektronisk orgel, Solina, sL 110.

Blomsterglas

To begerforma blomstervasar av sølv, låg stett, brei fot. Gravert kross. Innskrift på foten: GÅVER TIL MØKSTER KYRKJA FRÅ KNUT I VÅGE 21-5-1961. H 22,5 cm, d. 10,5 cm. Ein vase av krystall, oval. Kommunevåpenet til Austevoll og innskrift: Austevoll kommune. H. 16 cm, d. 13 cm. To vasar av krystall, h. 20,5 cm, d. 8 cm.

Kyrkjegard

Kyrkjegard

Kyrkjegarden på øya Møkster der mellomalderkyrkja og kyrkja frå omkring 1686 låg tidlegare, er omgjeven av steingard av brotstein. I 1630-32 var det betalt for "j Leed till Kirchegaarden" - ein port til kyrkjegarden. Inngangen til kyrkjegarden er i dag mot nord og er markert med støypte portstolpar. På kyrkjegarden står det einskilde gravstøtter, dei fleste med karmar. Innskriftene er i hovudsak utviska. Til dei som framleis kan tydast høyrer "Elias Knutsen Møgster *1824 † 1892". I 1909 vart det gjeve løyve til å leggja ned kyrkjegarden på Møkster, med freding i minst 40 år etter siste gravferd.

Kyrkjegarden for den eksisterande Møkster kyrkje på øya Stolmen ligg i "Fredens dal", nord for kyrkjebygget. Kyrkjegarden vart grunnlagt i 1849-50 som kolerakyrkjegard. Før 1892 fungerte han som hjelpekyrkjegard for kyrkja på Møkster. Kyrkjegarden i "Fredens dal" er ei smal kløft i nord-sør retning mellom svaberga. I sakristigangen i Møkster kyrkje heng det eit "Kart over Stolmens kirkegård Fredens dal" med ialt 924 graver, signert febr. 1935 av Aasmund Aarland.

Den eldste delen av kyrkjegarden tykkjest å liggja lengst mot sør og er avgrensa med steingardar. Gravminna her er i hovudsak støypejarnskrossar og steinstøtter. Til dei eldste høyrer gravminnet over Ole Olsen Rabben som døydde i 1874. I 1868 ser det ut for at kyrkjegarden har fått gjerde og port. Kyrkjegarden vart truleg utvida rundt 1930. Kyrkjegardsutvidinga er avgrensa av steingardar og ståltrådsgjerde. Gravminnene er for det meste steinstøtter, dei fleste med karmar. Gravminna her er frå 1934 og frametter.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Ved inngangen til kyrkjegarden overbygg med klokke og reiskapsbu. Overbygget er ein bindingsverkskonstruksjon med bordkledning og slakt saltak med sementstein. Under taket er det hengt opp ei klokke med svakt bøygd kronplate, tilnærma rett hals, boga kropp og skrå slagring. Over slagringen støypt: TIL FREDENS DAHL. ROSENDAHL OG PETTERSEN 1867. D. 30 cm, h. 27 cm. Ved inngangen smijarnsport av moderne type.

Ved oppgangen til Møkster kyrkje, frå parkeringsplassen nord for kyrkja, er det bygt eit underjordisk bårerom med inngang i støttemuren mot kyrkja. Bårerommet er bygd etter teikningar av arkitekt Albert Mjøs. Arbeidet vart sluttført i 1983. Innvendes er det flislagt golv, pussa vegger, himling av bord.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Statsarkivet i Bergen. Bispearkivet, Visitasmeldingar, 29.8.1855, 26.9.1859, 10.9.1860.
  2. Kyrkjestolebok, l. nr. 117, 1618-1723.
  3. Prestearkiva, Kallsbok 1824-1937 for Sund, fol. 32.
  4. Prostearkiva, Midhordland prosti, Visitasprotokkoll 1864-80, 1868,1870,1872,1876,1889.
  5. Stiftamtmannen, boks 1718, Stiftsskrivarrekneskapen, 1686.
  6. Stiftsamtmannen, boks 1729, l. 3, Synfaring 1686, Nordhordland.
  7. Arkivet til kyrkjedepartementet. Notat 1891,1892.
  8. Det antikvariske arkiv, Riksantikvaren. Brev frå O. Strømme til sokneprest Laland, datert 25.8.1911.
  9. Arkivet til Norges Kirker.
  10. Møkster kirke. Oversikt.
  11. Skriv frå Den kongelege norske regjerings kirke- og undervisningsdepartement, 15.4.1889.
Trykte kjelder
  1. B.E. Bendixen, Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904, s. 405.
  2. A. Eide, Møkster kyrkje gjennom tidene, Møkster sokneråd 1992, s. 22, s.56f., s. 67f.
  3. F.Hodnebø (red.), Bergens kalvskinn, Oslo 1989, fol. 87a.
  4. E. Lexow, Norske glassmalerier fra laugstiden, Oslo 1938.
  5. A. Mykleby, "Jess, Hans Heinrich (..)"» Norsk kunstnerleksikon, bd. 2 Oslo 1983, s.389f.
  6. N. Nicolaysen, "Antikvariske notiser", FNFB årb. 1888 s.194.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)