Leikanger kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff

Leikanger kyrkje er først nemnd i Bergens Kalvskinn, s. 48 (Bendixen). Kyrkja var hovudkyrkje i midtre Sogn i mellomalderen. Leikanger var lenge eit omfattande prestegjeld. Kyrkjene i Fjærland, Tjugum og på Vangsnes høyrde til Leikanger fram til 1849, medan kyrkjene i Fresvik og Feios (Rinde) var ein del av prestegjeldet like fram til 1999. No ligg administrasjonen av Leikanger kyrkje under Sogndal kommune.

I mellomalderen var det fire kyrkjer i Leikanger. I tillegg til Leikanger kyrkje, stod det kyrkjer på Henjum, Hamre og Njøs. Desse tre vart nedlagde mot slutten av mellomalderen.[1]

Innhold

Bygningen

Steinkyrkja i Leikanger vart reist, truleg i siste halvdel av 1200-talet, som ei av fleire vestlandskyrkjer med rektangulær grunnplan utan eit eige kortilbygg. Kyrkja hadde våpenhus og inngang på vestsida og på sørsida. På 1600-talet hadde ho eit tårn i tre framfor vestmuren.

I 1686 vart kyrkja omtalt slik:

Legangers Hovid Kirche, er en Steen Kirche lang 33 ½ Alen med Chorit som er under eet, bredden 20 ½ Alen med 2 Vaabenhusse af Stafue, eet paa Vestre den anden paa Søre side, begge ved 9 Alen i Kanten, Kirchen er Tagt med pander med Eet Zirligt Taarn paa huilchet alt er Vell Ved magt holden …[2]

Det går fram av synfaringa at det vestre av våpenhusa vart nybygt på denne tida. Det vart mellom anna gjort framlegg om å innreia våpenhuset i vest slik at dette kunne brukast som ei utviding av kyrkja som var for trong ettersom folk frå dei andre soknene søkte dit. Med utviding av kyrkja måtte ein venta til ”midle der till kand samles”.

I 1709 vart det sendt inn korte meldingar om kyrkjene, og om Leikangerkyrkja heiter det då at ho er

Een schiøn muret Kirche med et fuldkommen Torn af træ fra Grunden opbygt, et vaabenhuus, sampt [et] for dørren paa søre side af Stafve, Kirchen tegt med pander och Velflyed undtagen een bruste udj Muren, och Tornit nogit Schrøbelig saa spiret med første vill Hielpes, Indentill Kiøn Stafferit.[3]

Den siste av dei almenne synfaringane, frå 1721, har mykje dei same opplysningane som dei nemnde kjeldene.[4]

Kring 1872 vart kyrkja restaurert av Vangberg og Alvær etter plan av Christian Christie.[5] Tårnet vart skifta ut med eit tårn i nygotisk stil. I nordaust vart det bygt eit nygotisk sakristi samstundes med at kyrkja vart utvida med eit mura kortilbygg mot aust og sørinngangen vart murt att. Kyrkja vart igjen restaurert under leiing av arkitekt Johan Lindstrøm i 1930-50-åra. Tårnet frå 1800-talet vart erstatta med eit tårn i 1600-talsform i 1955.

Skipet i kyrkja, som i utgangspunktet også omfatta koret, er rektangulært og dekt med saltak. Koret frå 1872 har same gesimshøgda som skipet, men det er smalare. I aust er det polygonalt avslutta med tre sider av ein åttekant. Koret har saltak med valming over den polygonale delen. På nordsida av koret er det bygt til eit sakristi av tre. Over vestgavlen er det eit nyare tårn av tre i 1600-tals-form. Framfor skipet i vest står eit våpenhus i tre. Våpenhus, tårn og vestgavl er panelt med liggjande bord og tjørebredde, sakristiet er måla brunt.

Murar

Muren har ujamne overflater og er pussa og kalkslegen utvendes og innvendes. Hjørna ved inngangsdøra i vest står utvendes utan puss og har fuger i sement. Truleg sekundært mura i samband med endring av inngangsdøra. Øvre del av inngangen er utilgjengeleg pga panel.

På vestmuren er det like under gesimshøgd mindre, rektangulære, attfylte felt nord og sør for tårnet, truleg for små vindauge.

I nordmuren tykkjest det å teikna seg fire jamstore, horisontale skift. (Tilsvarande tre i sørmuren.)

Utvedes går det ein profilert gesims på nord- og sørsida av skipet og, med ein annan profil rundt koret. Innvendes er også murane avslutta oppe med profilert gesims.

Korbogen frå korutvidinga i 1872 er høg, vid og rundboga, men smalare enn himling og vegger i koret. Han er utan ornament eller fâr etter ombygging.

Gamle murar er om lag 140 cm tjukke, nye murar om lag 100 cm.

Portalar / dører

G.A. Bull laga ei planskisse av kyrkja i 1854. Her har han teikna inn ein vestportal og inngang på sørveggen rett aust for der preikestolen var plassert før koret vart bygt, no aust for midten av skipet. Her har han også skissa opp vestportalen og sørportalen slik dei då var utforma. Begge ser ut til å ha hatt spissboga opningar, den i vest med ei rundboga attmuring, ev. utfylling med tre. Det ser ut som døra har slått inn mot eit anslag i ytre murliv. Bendixen skriv at portalen hadde rundstav og holkil ved kanten. Sørportalen har hatt spissboga dør som også har slått inn til eit invendig anslag. Utvendes har ho hatt fas i hjørnet. Kyrkja har framleis inngang i vest, medan sørportalen er attmurt. I koret er det dør mot sakristiet i nord.

Vestportalen har no rette vangar i muren og alle spor av den opphavlege portalen er vekke. I overkant er det berre treverk som er synleg. Dørkarmen for fløydørene er sett inntil muren, i overkant er det utvendes panelt opp mot himlingen, innvendes er det eit finert felt over døra i karmen (supraport), og eitt felt over karmen. Dørblada er fyllingsdører med seks ståande rektangulære fyllingar. Det heng ei tavle med innskrift på det finerte feltet over døra (sjå under Måleri og tavler).

Døropninga nord i koret er rundboga. Her er det sett inn ei fyllingsdør med seks ståande fyllingar. Over døra er det rundboga overlys inndelt med sprosser.

Korskilje

I våpenhuset er det lagra delar som kan ha stått i eit korskilje frå 1600-talet som delte bygningsrektangelet i kor og skip. Det gjeld eit bord med ei rekkje rundbogar utskorne i underkant, og med skoren renessansedekor, vidare ein firkanta stolpe med skolpesnitt. I tillegg er det ei dør som vart brukt i korskiljet frå 1930-åra og som framleis står der.

På eldre foto hjå Riksantikvaren er situasjonen slik han var i 1872 – 1936 avbilda. Då står det låge brystningar på kvar side i korskiljet i den nye korbogen. Dei endar mot firkanta meklarar mot midten. Både brystningar og meklar har felt med rundbogar med knekk i sidene.

I 1936 vart dagens korskilje konstruert. Den gamle delen har todelt ramme, 200 x 85cm, med fem dreia sprosser i øvre del og to fyllingar med portaldekor mot vest i nedre del. Delen er sett inn i ei ramme ved nordre bogevange. Eit tilsvarande felt er rekonstruert og sett inn i ei ramme ved søndre bogevange. Denne fungerer som oppgang til preikestolen. Dei to delane er knytte saman med ein tverrgåande ”trabesbjelke” som sentralt ber ein kopi av mellomalderkrusifikset frå Kaupanger (no på Bergen Museum).

Vindauge

Bulls skisse frå 1854 har nokre få opplysningar om vindauga i kyrkja. I austmuren står det to lansettforma vindauge over ein annan i sentralaksen, det øvste står høgt i gavlen. I sørveggen er det teikna inn eit lite vindauge lengst vest med ein utteikna detalj som tydar på at vindauget har vore todelt med ei enkel søile med trektforma kapitel. Det er vidare teikna inn to større vindauge, eitt på kvar side av sørportalen. Det austre av desse, i koret, er teikna ut som eit vindauge med flat rundboge. Bull har på si skisse ikkje hatt plass til ei tilsvarande utteikning av vindauget vest for sørportalen, men Chr. Christies framlegg til restaurering av Leikanger-kyrkja frå 1866, kan truleg seia meir om korleis vindauga i sørmuren har vore utforma.[6] Dei har same storleik som på Bulls skisse. Vindauget vest for portalen er det største. Det er delt med ein midtpost i ytre murliv. Det smale vindauget vest for dette er innteikna i Christies planskisse som eit todelt vindauge med midtpost og sidepostar noko innafor ytre murliv. Begge desse vindauga kan ha vore mellomaldervindauge, medan vindauget aust for portalen truleg vart sett inn på 1600-talet etter forma det har fått på Bulls skisse.

I samband med arbeida i 1872 vart det sett inn to små vindauge i vestmuren, eitt på kvar side av tårnet, desse vart attmurte i 1955.[7]

Kyrkja har no fire store vindauge i i sørmuren i skipet og eit i koret. Dei er rundboga med skrådde, ujamnt pussa smiger. Sålbenkene er skrådde og glattpussa. Vindauga har enkle rammer av teak. Indre glas er antikkglas i små diagonale ruter i bly, dels forsterka med sprosser. Ytre glas er udelte.

Golv og fundament

Skipet har golv av langsgåande furubord feste til golvbjelkar. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet. Det er som golvet i skipet, men dels med smalare bord. Trappa er av furuplank. Golvet i skipet er truleg olja, i koret er det restar av gråbrun farge på golvet.

Fundamentet er lite synleg. Nordveggen i skipet går rett ned i grunnen, med unntak av ei mindre steinhelle som viser under nordvestre hjørnet. Under sørmuren er det 1-2 lag av liggjande, ujamne steinar, og overkanten av steinane er ujamnt avslutta. Steinane her stikk 10-25 cm ut frå murlivet. Under søraustre hjørne ligg ein noko høgre stein.

Tak

Både skip og kor er dekte med sperretak som er tekte med ruteheller. Taket over koret er valma mot aust.

Taket over skipet, aust for tårnet, kviler på 16 like sperreband, to av dei knytte til gavlen i aust. Sperrebanda kviler på to langsgåande murremmer og tverrstokkar over desse, og er sette saman av sperrer, knestokkar og hanebjelke. Knestokkane, som står på indre murrem, skrår innetter og endar i hjørna mellom sperre og hanebjelke. Sperrene ser ut til å vera tappa ned i tverrstokkane. Hanebjelkane er utforma med endar i halv ved og er lagde inn på sperrene og feste med nagle. Knestokkane er også lagde inn mot sperrene på halv ved og festa med nagle. I mønet er ei sperre tappa inn i hi med vekslande retning. Sperrene ber sulagde bord under rutehellene.

Gavlen i aust er synleg frå innsida. Øvste delen er sekundær med mur av skifrig mindre stein med sement mellom. Frå hanebjelken og delar av muren nedetter, er muren pussa med sement, dels står han berr.

Det er ikkje opning inn til taket over koret, og taket her er ikkje undersøkt i denne samanhengen.

Himling

Frå gesimsen er det slege ein tønnekvelving av smale furubord over skipet. Treverket er ikkje handsama. Kvelvingen er festa på oppsida til bogar av tre som er feste til knestokkane og hanebjelkane i takkonstruksjonen.

Koret har tilsvarande himling over enklare gesimsprofil. Vestre del er tønneforma, medan austre del har tre stikkbogar.

Tårn

Det er uvisst om kyrkja har hatt tårn frå først av. Klokkene kan ha hengt i ein frittståande støpul eller vest i kyrkja med lydopning i vestgavlen. Dei tidlegaste kjeldene er rekneskap og synfaring frå 1600 og tildleg 1700-tal, og då har kyrkja eit støpultårn med tårnstavar frå grunnen og opp. I synfaringa som skjedde i 1661-65 er det opplyst at hjelmen er for trong og må utvidast og korleis dette kan gjerast slik at ”huen Kand recke bedre offuer taarnit”.[8] I 1686 hadde kyrkja eit Zirligt Taarn, i 1709 var tårnet ”noget schröbeligt” og i 1721 … På G. A. Bull si planskisse frå 1854 er det teikna inn tre store og fire mindre stavar i tårnområdet. To av dei store står rett vest for vestmuren, den tredje korresponderer med den søndre av desse, medan den tilsvarande nordaustre stolpen manglar. Desse stavane har utgjort ein større plan enn dei fire mindre stolpane som dannar eit nord-sør-vendt rektangel innafor desse. Dette kan ha vore galleristolpar.

Det vart bygt eit nytt tidsrett tårn ved arbeida i 1872, dette vart igjen fornya i 1955.

Tårnet slik det står no, er ein takryttar med ei høgd, klokkestova, og hjelm over denne. I eksteriøret framstår tårnet som eit tårn bygt frå grunnen med kvdratisk plan. Den delen som er synleg utafrå, er vestveggen i tårnet, klokkestova som stikk opp frå vestre del av saltaket over skipet, over denne har tårnet ein inntrekt del over skjørt. Denne er dekt av pyramideforma hjelm toppa av spir. På kvart hjørne av skjørtet står det eit lite spir.

Vestveggen i tårnet går ned vest for vestre murliv. Våpenhuset tek opp breidda på tårnet og saltaket skjer seg opp i tårnveggen.

I klokkestova er austveggen murt i forskala betong. Konstruksjonen elles er i bindingsverk med ein boks i kvart hjørne og to mellomstavar i kvar av dei tre treveggene. Konstruksjonen er avstiva med kryss- og skråband og har liggjande dobbel kledning utvendes.

På muren i aust og dels lagt inn i bindingsverket er det festa ein klokkestol av H-bjelkar i metall og med elektrisk driven ringefunksjon. Det er kvadratiske lydluker mot nord, vest og sør. Desse kan også opnast elektrisk.

Hjelmen kviler på bindingsverket i klokkestova og på fire hjørnestolpar som kviler på klokkestolen og er avstiva med bjelkekryss. Over ei ramme av plank, fest til hjørnestavane, er det lagt sperrer frå ytterveggene i skjørtet. Skjørtet er underkledd med huntonittplater.

Over skjørtet utgjer dei fire hjørnestolpane hjørne i den inntrekte delen. Denne delen er avgrensa med bjelkekrans oppe og nede (nede: over sperrene frå skjørtet), og kledd utvendes med ståande over- og underliggjande bord. Her er det lydluker mot aust og vest. Over den øvre ramma og to forsterkande bjelkar, ein i aust og ein i vest, ligg det ein sentral aust-vestgåande bjelke som ber midtmasta i hjelmen. Midtmasta er også avstiva med doble plankar i nord-sørleg retning over denne bjelken. Hjelmen har doble plankesperrer i hjørna og enkle mellom. Sperrene er feste med band av plankar inn mot midtstolpen. Hjelmen er tekt med sulagde bord.

Dei fire små hjørnespira på skjørtet er tekte med metallplater. I vimpelen over hjelmen er årstala 1660 / 1956 utsparte, vimplane på hjørnespira har monogrammet til Håkon VII, ei stjerne, ei due og ein hane.

Tilbygg

Kjeldene frå 16- og 1700-talet nemner to våpenhus, eitt i vest og eitt framfor inngangen i sør. I 1872 vart sørinngangen murt att og våpenhuset her vart fjerna. Nord for det nye koret vart det bygt eit sakristi som vart erstatta med dagens sakristi på same staden i 1980. Våpenhuset framfor vestportalen vart også fornya i samband med nye tårn både i 1872 og i 1955.

Våpenhus. Våpenhuset er ei enkel bygning i bindingsverk med saltak, i 1 ½ høgd. Utvendes er det kledd med liggjande, sulagde bord, innvendes med ståande skuggepanel. Det er oppgang vestover ved begge langvegger som knekkjer inn mot eit sentralt repos over inngangsdøra. Frå reposet går det kort trapp til ein gang med oppbevaringskott på sidene inn til ein smal, tverrlagd gang med dører inn til galleriet.

Vestinngangen i våpenhuset er ei fløydør, måla raudbun utvendes. Døra har liggjande, rektangulært overlys til reposet med sprosser i form av kristogram (chi og jota) sentralt. Aust i nord- og sørveggene i våpenhuset er det små vindauge med blyglas.

Sakristiet er også eit bindingsverkbygg i 1 ½ høgd. Det står på tvers mot nordveggen av koret med saltak nord-sør. Utvendes er det kledd med sulagde bord og brunbeisa. Døra ut mot vest er måla raudbrun utvendes. Innvendige dører er glatte standarddører. Vegger, himling og golv er kledde med glattkanta panel/golvbord. Sakristiet har små vindauge mot vest og nord, og eit større ut mot aust. Det inneheld eit rom som kan delast i to, sakristi og rom for dåpsfølgje, ved hjelp av faldedør. Rommet har ope røst, og over faldedøra står ein vegg av glas. Den eine delen har tekjøkken og skåp for parament. Vidare inneheld bygget toalett, tavlerom og gang.

Interiør

Kyrkja har altar med altartavle og altarring aust i koret og flyttberr døypefont sentralt i koret. I den store rundboga korbogen er det sett inn eit korskilje med vid opning. Preikestolen er plassert søraust i skipet med oppgang frå koret gjennom korskiljet. Brei midtgang i skipet flankert av benkerekker, vest i skipet djupt galleri med orgel.

Ved arbeida i 1872 vart interiøret endra vesentleg slik at det frå å ha vore eit interiør prega av den etterreformatoriske tida med preikestol og altartavle frå 1600-talet og benker og stolestader som truleg har hatt eit variert uttrykk, vart omgjort til eit einskapleg interiør prega av stilideala frå seint 1800-tal. Preikestol, korskiljebrystning og galleribrystning fekk enkle rundboga felt med knekk under bogen, benkene vart gjennomført like i full lengde og altartavla frå 1600-talet vart skift ut med eit måleri i nyklassisistisk ramme.

Ved arbeida i 1936 freista ein å gripa attende til 1600-talsformene. Benkene fekk rektangulære vangar, preikestol, altartavle og døypefont vart sette inn att i kyrkja og ein freista å laga eit forsiktig rekonstruert korskilje.

Fargar

Av opplysningar om fargane i kyrkja i tidlegare tider kan nemnast at det i samband med synfaringa i 1661-65 heiter at kyrkjelyden ynskjer at himlinga og det eine galleriet og funtehuset bør målast ”Kirchen til prydelse”.[9] I våpenhuset, på nordsida av vestportalen, er det restar av rankemålig, truleg frå 1600-talet, og kyrkja har truleg hatt meir av denne målinga innvendes.

Ved endringane i 1872, vart murane innvendes måla i felt i ulike gråfargar. Over korbogen var også måla inn ein nisje med Thorvaldsens Kristus.

Skip og kor har no kvitpussa vegger, tak og golv er uhandsama treverk, inventaret elles er måla i ulike fargar, der djupt grønt og raudbrunt er dominerande. I midtgangen, koret, altarringen og barnekroken på nordsida under galleriet ligg det eit bleikt, rustraudt teppe frå Ledaal.

Inventar

Altar

Altar av tre med dører til skåp frå baksida. Rammer med enkle, glatte fyllingar. Bordplate av trefjøler. På sidene bak på altaret går to breie plankar frå altarkonstruksjonen om lag 50 cm opp over bordplata til feste for altartavla. Altaret er 202 cm breitt, 101 cm djupt og 117 cm høgt frå golv til bordplate. Dette altaret vart truleg laga i samband med arbeida i 1936.

Altartavle

a) Renessansetavle i to høgder med predella og toppfelt. Tidleg 1600-tal med bakgrunn i katekismetavlene. Tavla stod i kyrkja fram til restaureringa seint på 1800-talet då ho vart erstatta av tavle b. Ho vart då, truleg etter ein periode i tårnet, lagra på loftet i klokkargarden. Derifrå vart ho i 1914 henta inn til museet av G. Heiberg. Som ein del av tilbakeføring av kyrkja til 1600-talsform, vart tavla sett inn att i kyrkja i 1936, etter at vengjene var restaurerte. Hovudhøgda har midtfelt og sidefelt, andrehøgda har berre eitt felt. Toppstykket er segmentforma og har vore krona av ei sol. Tavla er omgjeven av gjennomskorne ranker. Felta i hovudhøgda er todelte med skriftfelt nede og måla figurframstillingar i skorne portalfelt oppe. Midtfeltet viser ei kalvariegruppe med Maria og Johannes. Over krossen to skriftband: Christi Kaarsfestelse på det eine og INRI på det andre. Under biletet er det ei i line med gresk skrift (ikkje tyda). I skriftfeltet under står første del av innstiftingsorda for nattverden. Sidefeltet i nord viser bodskapen til Maria (med engelen frå høgre!). Under er ei line med hebraisk skrift (frå ”ESA. IX”, ikkje tyda). Over framstillinga i skriftband: Mariæ Bebudelse. I skriftfeltet under: Fader vor … Sidefeltet i sør viser Jesu fødsel. I skriftband over: Christi Fødsel og i lina under: Ein kindlei so zart und fein Jesulein. I skriftfeltet under: Ligesaa tog hand oc kalken … I andre høgda er det ei framstilling av oppstoda med Oppstandelsen i skriftband og … på lina under. Øvst i det sirkelsegmentforma toppfeltet ei framstilling av himmelfarten.

b) Tavla vart skaffa til kyrkja i samband med arbeida i 1870-åra og var ferdig sommaren 1873.[10] Måleri på lerret i nyklassisistisk arkitektonisk ramme. Ramma høyrer til ei gruppe rammer med klassiske og barokke element. Ramma er no lagra i prestegarden. Ho har eit rundboga biletfelt med knekk i bogeanfanget og med nedre del avskilt som innskriftsfelt. Feltet er i overkant dekt av ein boge med tre fyllingar og sidefelta har to slanke, kanellerte joniske søyler på kvar side. Søylene ber gesims som støtte for eit toppfelt kanta med skorne, dobbeltsvungne ranker som ber ein enkel kross i toppen. Måleriet slik det no står i sakristiet, har ei enkel svart ramme. Kristus står med strålekrans i rundboge. Usignert, men måla av Marcus Grønvold.[11] Kristus held ei opna bok med alfa og omega i venstre hand, høgre handa er løfta i velsigningsgest. Innskrifta i feltet under måleriet var: Jeg er Alpha og Omega, Begyndelsen og Enden, Jeg vil give den Tørstige af Livets Vand Kilde uforskyldt. Åp 21.6.

Altarring

Rektangulær altarskranke, 1936, med handlist og sekundært påsett hylle av måla aluminiumslister for særkalkar. Hjørnene i skranken er forma som murte hjørne, elles har skranken dreia balustrar. Knefallet er trekt med naturfarga skinn og festa med saum i indre kant. Enkel kneleskammel ved altaret, også den trekt med skinn.

Døypefont

Døypefonten er konstruert på 1930-talet av delar frå 1600-talet. Kummen er åttekanta, kalkforma og avslutta oppe ved smalfelt med kartusjfelt. Skaftet er ein liten del av ein åttekanta stolpe. Foten er like vid som kummen, åttekanta, og veggene er forma som eit smalfelt med kartusjfelt. Rankeornamenta på kummen er brukte som utgangspunkt for ranker elles i kyrkja. Mål: høgde 94 cm, breidde oppe og nede 75 cm.

Mykje av fonten tykjest vera fornya i samband rekonstruksjonen. Det gjeld t.d. øvre listverk og fleire av stikkbogane i kummen. Bendixen skriv at døypefonten har form som ein preikestol. Kummen liknar ein preikestolsbotn, og den botnen som i dag er under preikestolen er sekundær.

Preikestol

Renessansepreikestol med fire fag, kvart med ei fylling. Kvart fag har gesims, øvre smalfelt, storfelt, nedre smalfelt og hengjebord. Stolen er rikt prydd med beslagornamentikk og portalfelta har frå venstre framstillingar av Matteus, Markus og Lukas. Framstilling av Johannes manglar. Botnen vart ikkje attfunnen då preikestolen skulle setjast inn att i kyrkja og ein ny fleirsida og innsvinga botn, avslutta nede ved drueklaseforma tapp, vart laga.

Benker

a) Eldre benker med sveifa benkevangar står på vestgalleriet. Truleg 1872. Desse har open rygg med to avrunda ryggbord, det øvste med salmebokhylle.

b) Kyrkja har no benker feste i langveggene og med rektangulære benkevangar med stilisert ornament mot midtgangen. I tillegg til vanganen er setefjølene haldne oppe av sveifa knektar på midten og ved veggen. Benkene har heil rygg med to liggjande finérfyllingar. Truleg 1936.

Galleri

Galleriet i vest er djupt med skrånande golv ned mot aust. Det kviler på tre tverrgåande galleribjelkar som kvar er halden oppe av fire stolpar, to ved midtgangen og ein ved kvar langvegg. Golvet er underkledd med panel. Den austre galleribjelken ber brystning med profilert nedre og øvre avslutting og med 17 portalfelt. Golvet på galleriet er avtrappa i seks steg og dekt med golvbord som i skipet. Orgelet står sentralt vest på galleriet.

Skulptur

Krusifiks frå mellomalderen, no på Bergen Museum. Kopi utført av Espevold (?) i kyrkja.

Måleri og tavler

Måleri

Fire portrett heng på nordveggen i kyrkja. Dei tre lengst aust skal vera måla av Elias Figenschoug.

a) Presteportrett, korkje prest eller kunstnar er identifiserte.

b) Måleri av presten Jens Bugge og kona Kristine Dorothea Schjelderup. Måla av Elias Fiegenschoug 1661.

c) Måleri av presten Erik Iversen Nordal, prest i Leikanger frå 1618 – 1658. Måla av Elias Fiigenschoug i 1641.

d) Måleri av andre kona hans, Lene Splidsdatter, også måla av Elias Fiigenschoug.

Nummertavler

To nummertavler med rektangulær, profilert ramme med boga toppfelt med oppgåande sol. Tavla har svart botn med stiftar for siffer og er todelt horisontalt.

Supraport

Over utgangen frå skipet i vest heng ei tavle med følgjande innskrift i gull skriveskrift på svart botn: Jeg er Alpha og Omega, Begyndelsen og Enden. Jeg vil give den Tørstige av Livets Vands Kilde uforskyldt. Joh. Aab. 21,6. Denne innskrifta stod tidlegare under altartavla frå 1872.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

a) Altarduk av bomull med innfelt hardangersaumsbord med diagonalstilte ruter sydd med bomull. Eldre arbeid, truleg tilpassa altaret før 1936.

b) Duk av aidastoff med tunga hardangersaumsbord med diagonalstilte ruter.

c) Duk av lin med broderi og brodert signatur: Ågot Døvik 1960.

d) Lerretsduk påsydd ei 30 cm brei hekla bord av tynn mercedisert bomull (som i Solvorn og på Veitastrond). Motiv: Krossar og ranker.

Antependier

Kyrkja har antependier utan dekor i kypertvove ullstoff i dei liturgiske fargane. Innst er det festa eit raudt ullstoff til altaret. Preikestolantependier med symbol.

Messehaklar

a) Gammal, skjoldforma, vinraud fløyels messehakel kanta med gullband. Kross på ryggsida av lys silkesateng kanta med smalt gullband. Festa med hekter på høgre skulder. Fôr av tynt linlerret. Høgde 90 cm, breidde 70 cm. Defekt.

b) Raud messehakel av kypertvoven ull. Hakkelen har loddbein striping i vinraudt, orange og violett. Fôr av vinraudt grovt lerret. Festa med hekter på venstre skulder. Høgde 113 cm, breidde 146 cm.

c) Grøn messehakel i kypertvove ullstoff kanta med grøn silke og gulltråd. Begge sider har kross i grøn silke. På rygsida er det over krossen applikert og brodert ein kross i lappeteknikk. Fôr av grøn silke. Brodert på fôret: Magne Vangsnes. Cecilie Eggen 1980. Mål: Høgde 106 cm, breidde 86 cm.

d) Ubleika kvit messehakel i kypertvove ullstoff. Krossmotiv på begge sider, markert med svarte og vinraude band. Rundt krossmidten på ryggsida er det brodert ei tornekrone med gulltråd. Fôr av ubleika kvit silke. Brodert nede på fôret: Magne Vangsnes – Aagot Søvik – Visitas 1981. Mål: Høgde 108 cm, breidde 87 cm.

e) Violett messehakel i kypertvove ullstoff. Krossmotiv på begge sider og kanting av lys violett silke. På ryggsida er det brodert ei rose over krossen. Mål: Høgde 107 cm, breidde 87 cm.

c, d og e er feste med hekter og glidelås på ei skulder.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Mellomalderklokke. Klokka har krone av 6 runda bogar og midtboge. Opphenget er sekundært forsterka med ein påsett bøyle. Slagringen er flat i underkant. Diameter 61,5 cm, høgde med krone 80 cm, utan krone 58 cm.

b) Nyare klokke. Klokka har krone med seks kraftige, kanta bogar og midtboge i same høgd. Flat kroneplate. I overkant av halsen er det ei dekorativ frise med rankeornament, under denn eit innskriftband og så eit tredje band. I dei to siste er det sett inn små blomeornament og krossar. Innskrift: ANNO 1677 ER DENNE KLOCKE OMSTØBT AF ADAM HØG / TILHØRER LEGHANGER KIRKE. Det kan sjå ut som det er restar av eldre riller utvendes på slagringen. Diameter 79 cm, høgde med krone 77 cm, høgde utan 64 cm.

Orgel og andre instrument

Orgelfronten er høg og tredelt med tre rundbogar, den i midten høgst. Bogane er fylte med piper. Fronten er avtrappa i overkant med fire steg mot midten. Stega er avrunda ved hjelp av skoren akantusornamentikk

Sentralt over midtbogen er det skore ut eit ornament med ranker og årstalet 1913. Sjølve orgelet er nyare, av J. H. Jørgensen. Stemmene er fordelte på to manualar og pedal.

Disposisjon: Principal 8’, Principal 4’, Fløyte 2’, Subbass 16’, Gedackt 8’, Rørfløyte 4’, Mixtur 3 f, Quintadena 4’, Rørfløyte 8’, Gamba 8’, Koppelfløyte 4’, Principal2’, Kvint 1 1/3’, Trompet 8’, Tremolo. (Overføring?)

Piano Hellas.

Bøker

Alterbog, Kra 1889
Altarbok (nynorsk), Oslo 1926
Tekstbok (nynorsk), Kra 1922
Tekstbok (nynorsk), Kra 1922
Kollekter, Epistler og Evangelier … Kra 1887
Bibelen, Chra 1868. Trykt på permen på forsida: Legangers Kirke. Indviet den 27. November 1872. Gåve frå sokneprest Widerøe i høve vigsla.
Bibelen, Chra 1897. Med prega, stive skinnpermar med gullkross.
Landstads Salmebok, Kra 1871 Gåve frå Hans Flesche, lærar i Hallands Skole i høve kyrkjevigsla
Landstads Kirkesalmebog og ”Nokre Salmar”, Kra 1897
Salmebok (nynorsk), Oslo 1925 og fleire salmebøker frå 1900-talet
Graduale (nynorsk), Oslo 1925

Møblar

Brurestolar med gyllenlêr, ikkje registrerte.

Offerutstyr

Bendixen nemner ein eldre kollektpung. Denne er ikkje i kyrkja no.

Bøsse i våpenhuset, elles standard korger og skåler. Bøssa er av furu og har lås og beslag av smijarn.

Blomevasar

To blomevasar, standard gullsmedvare. Innskrift på den eine med versalar: Frå Kari og Eirik Grinde 1966. På den andre: Frå A.E. 1966. Stempel: 830S. Lo. Mål: Høgde 20,7 cm, diameter 10,2 cm.

Diverse

Sølvskål

Skåla har låg, runda korpus på runda, firedelt fot. Rikt dreven roseornamentikk. Skåla er ei privat gåve slik det går fram av innskriftene på korpus. På den eine sida med versalar: LENSMAND P. RUSTEN, ERINDRING FRA LEIKANGER HERRED MED TAK FOR LANGT OG GODT ARBEIDE 1880 – 1918. På den andre sida med skriveskrift:

Anno 1950 gir Anna Christiane Rusten f. Meidell Leikanger kirke denne skål i minnet om lensmann i Leikanger og Balestrand Peder Christian Rusten * 1852 † 1921, og arkitekt Dagfinn Meidell Rusten * 1899 † 1949. Herren er min hyrde. Stempel: G. Berg, 830S, 1917 og meisterstempel.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Rekneskap 1704: kyrkjegardsport i sør. Rekneskap 1669: To nye kyrkjegardsportar.

Kyrkjegarden låg frå først av ring kyrkja. Etter kvart vart det bruk for meir rom for graver, og kyrkjegarden vart utvida mot aust i 1870 og 1923. Den siste utvidinga er mot fjorden på sørsida av kyrkja. Her er det frå den gamle bakkemuren laga ei skråning som er tilplanta med prydbusker ned mot den nye delen. Kyrkjegarden er prega av ein del større tre, som ei stor blodbøk aust for kyrkja og ein tuja nord for kyrkja. Avgrensingane av kyrkjegarden er dels ved mur, dels ved kvitmåla stakitt. Det er portar til kyrkjegarden i aust og vest. Den nye delen mot fjorden er open mot aust.

Kjelder

Utrykte kjelder

Synfaring 1661-65, Riksarkivet, Rentekammeret, Rekneskapar, A.d. Bergen Stift 46
Synfaring 1686, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, Boks 1725, Legg 3
Synfaring 1709, Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling, Pk 3
Synfaring 1721, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, Nr. 1719, Legg 3
Bendixens mauns frå ca 1900, Krirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift hjå Riksantikvaren

Trykte kjelder

Eggum, Terje: Leikanger kyrkje : frå mellomalderen til i dag, Leikanger 1999

Oppmålingsteikningar og fotografi

Bull, G.A., skisse av plan og snitt mot aust, 1854, Antikvarisk arkiv, Riksantikvaren
Christie, Chr., teikningar som framlegg til restaurering av Kaupanger kyrkje, Antikvarisk arkiv, Riksantikvaren

Bilete





  1. Eggum 1999
  2. Synfaring 1686
  3. Synfaring 1709
  4. Synfaring 1721
  5. Eggum s 98f
  6. Teikninga er attgjeven hjå Eggum, s 88
  7. Eggum s 83
  8. Synfaring 1661-1665
  9. Synfaring 1661-65
  10. Eggum s 100
  11. Bendixens manus