Kinsarvik kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Kinsarvik kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneUllensvang kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.376293,6.721989
FellesrådUllensvang kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123100101
Soknekatalognr02040101
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)


Anne Marta Hoff


Kinsarvik ligg i ei bukt som opnar seg mot nordvest på vestsida nord i Sørfjorden i Hardanger. Her ligg kyrkjestaden på flata ned mot fjorden og med elva, som fører vatn frå Husedalen og Grytingsdalen ut i fjorden, som nabo. Kyrkjestaden låg sentralt og verna til for skipsfarten og kyrkja var ei av dei fire hovudkyrkjene i Hordaland. Arkeologisk arbeid i kyrkja kring 1961 kunne påvisa ei tidlegare trekyrkje som stod innafor murane i skipet på dagens kyrkje.[1] Trekyrkja vart truleg oppført alt på 1000-talet.

Innhold

Bygningen

Kyrkja er ei steinkyrkje utan tårn, oppført rundt 1200 (1150-1250) i normannisk-romansk stil. Første gongen ho er nemnd i dei skriftlege kjeldene er i 1298. Prest i Kinsarvik nemnd i DN II, 49 – DN III, 89 – DN 31, 436, 474 og fleire stader. – DN V 36, 37 – Bergens Kalvskinn 79a, 81b, seinast 1433.[2]

Skipet er oppført først, så koret der langmurane dekkar sidevindauga i den opphavlege austmuren i skipet. Skipet er rektangulært, koret nærast kvadratisk og noko lægre enn skipet. Både kor og skip har bratte saltak. Etter segna skal kyrkja vera oppført av skottar.[3]

I 1686 vart følgjande utvendes mål gjevne i synfaringsnotatar: Skipet var 36 alner x 27 alner. Koret 17 alner x 16 alner. Høgda på murane i skipet var 18 alner. Det vart notert at grunnmuren hadde sokke og at det var sprekker i murane både i skipet og i koret. Skadene vart vølte i 1887-1890. Då vart det også sett inn nye vindauge. I 1653/55 vart det nemnt eit stegehus på nordsida og sameleis eit pulpitur. I 1640 var det oppført ein klokkestøpul av tømmer.[4]

Ved synfaring av kyrkja i 1721 vart kyrkja omtalt som ei ”Schiøn stoer muuredt Kirche foruden Taarn, med eet Lidet Tømmer Waabenhuus og eet Stie-Huus paa Nordre Siide, Det Søre Kirchetag er tægt med Pander, og det Nordre med Bord, mens Coret er over alt Pandetægt”. Måla på kyrkja vart då oppgjevne som følgjer: ”Kirchen er 36 al. lang og 25 allen Bred, Coret er 17 al. langt og Ligesaa Bredt, Waabenhuuset 5 al langt og 5 ½ al. Bredt.”[5]

Kyrkja gjennomgjekk ei omfattande restaurering 1880 under leiing av arkitekt Christian Christie. Mykje av det nyare inventaret vart då teke vekk, og ein freista å gje bygningen eit mellomaldersk preg.[6]

I 1969 vart kyrkja restaurert på nytt, denne gongen ved arkitekt Håkon Christie. Målet for denne restaureringa var å skapa eit vent kyrkjerom med røter attover i tida.

Kyrkja sine mål er no: Skipet 17 m. x 11,70 m, koret: 8,10 m x 7 m. Veggene i skipet er 8,30 m høge. Våpenhuset er 2,80 m x 4,10 m. Eit avpanelt sakristi aust i koret er 2,80 m x 1,85 m. Kyrkja har 400 sitjeplassar.

Murane

Ved synfaringa i 1661-65 var det store sprekker i muren fleire stader, mellom anna var det tre sprekker i ”det vestre brøst”. Dette skulle avhjelpast "ved forstandige muremestere".

Frå 1687 og utetter vart det lagt inn bjelkar med muranker øvst ved murane i skipet og koret.

Også tidleg på 1800-talet fortel dei skriftlege kjeldene om store problem med murverket. I visitasmeldinga frå 1822 heiter det såleis at ”En hoved mangel som nu altmere tiltager er en brøst i kirkemurens vestlige brøst lige øverst fra klokke-vinduet ned ad disuden 2de sprækker i hiørnerne af samme bryst, som kiedeligen udvide sig. Ja hele same mur truer med at falde ned”.

Ved restaureringa rundt 1960 var det også djupe sprekker i vestmuren og det vart lagt inn ein h-bjelke av jarn festa med jarnanker på tvers av kyrkja i vest, over gallerigolvet. Også no er det sprekker i muren, om ikkje så djupe. Tilstanden er rapportert av NDR.[7]

Gavlmurane har vore lægre, og dei er i dag førte opp att i den høgda ein rekna med at dei hadde i mellomalderen. Innvendes står gavlmurane i skipet upussa. Til dels skifrige steinheller ligg i murlivet, med mykje bruk av pinningar mellom steinane. Murane er avtrappa i gavlane innvendes.

Som forsterking er murane avstiva oppe ved hjelp av anker og bjelkar i lengde- og breidderetning både i skip og kor. Muren i vest er 1,8 m tjukk og elles i skipet 1,4 m.[8] Murane har spor innvendes etter ulike endringar, særleg i området ved korbogen og skiljet mellom kor og skip. Austgavlen i koret er pussa innvendes over loftet, det tydar på at det her ikkje har vore flatt loft tidlegare, men at det kan ha vore ein høgre himling eller open takstol.

Portalar og dører

Skipet har portalar i vest, nord og sør. Koret har portal i sør. Alle dørene var etter visitasmelding september 1824 ”denne sommer forsvarligen vendte udad”. Portalane har nyare dører med nytt smijarnsbeslag, fløydør i vestportalen, elles enkle dører.

Christie skriv følgjande om portalane: [9]

Portalene hadde fått utadslående dører i flukt med indre murliv i 1880. I vestportalen er dørplasseringen beholdt, mens dørene i de øvrige portalene er flyttet ut til det opprinnelige anslaget. Overlyset over dørene er kledd igjen, og dørenes oljede ytterside er tjærebredd.

Vestportalen er breiare enn dei andre portalane i kyrkja. Den ytre opninga er rundboga og forma i kleberstein. Innafor døra har portalsteinane rette sider, utvendes skrår dei inn mot portalen. Muren mellom ytre og indre murliv er rundboga og sidene skrår inn mot portalopninga i ytre murliv. Portalen er tildels innbygd med treverk og er til dels vanskeleg tilgjengeleg. Utvendes er vangane i portalen rette med ressess i hjørnet. I ressessen er uthoggen ein meir enn 3/4 pillar med rund base med ein stor og to mindre vulstar på sørsida av døropninga, på norsida er det tre mindre vulstar. Oppe er pillarane avslutta med stivtlauvskapitel. Basen for den den ornamenterte kleberbogen ligg tilsides for kapitela. Bogen har høge hundetenner mellom to vulstar og ytst ei rad dobbelt tannsnittsornament.

Nordportalen i skipet har rundboga og rett gjennomgåande portalopning. Innvendes har portalen rette hjørne med kleberstein, også i rundbogen. I ytre murliv har klebersteinane døranslag på innsida. Utvendes har heile opninga rette hjørne utvendes og døranslag innvendes. Dekkbogen kviler på kvadrar som stikk ut frå murlivet. Bogen ar høge hundetenner mellom vulstar, ytst dekt av ei smal list. Over portalen er det sett inn i muren ein kross av kleber, forma som flettverk.

Sørportalen i skipet er også rundboga og rett gjennomgåande med kleberhjørne i ytre og indre murliv. Portalen vart attmurt tidleg på 1700-talet og er sidan opna att: ”Igien muret en unødig dør paa kirchens söre side og for kirchens mørkheds skyld indsat i øverste del 2 vinduer”.[10] Utvendes har portalen rette vangar med ein liten fas i hjørnet opp til 1-2 steinar under vederlagssteinane for bogen. Her er det ein liten ressess i hjørna som kan ha samband med dei endringane som har skjedd ved portalen. Konsollane for bogen har ei form som, saman med krossane over portalande nord og sør i skipet, skil seg frå steinornamentikken elles i kyrkja.[11] Dette kan vera eldre enn den ståande kyrkja. Portalen har dekkboge av tre rundstavar. Kross over portalen, utskoren i eine sida på ein kleberstein som er sett inn i murlivet. Krossen er likearma med fure i krossarmane og tallerkforma krossarmsendar med nedsenkt midtparti, nedre krossarm held fram nedetter i ein tapp, som ein prosesjonskross.

Sørportalen i koret. Utvendes har vangane ¾ rundstavar i hjørna, flankerte av halve rundstavar på kvar side. Dette profilet følgjer også bogen rundt. Som base og kapitel er dei same tre ledda skrådde utetter med ein smal vulst over og under. Dekkbogen har eit tilsvarande profil, men med ei list ytst.

Mellom lofta over skipet og koret er det ei lita firkanta opning, som må ha gått ut i friluft før koret vart bygt. Opninga er plassert nord for midtaksen og har kleberinnfatning mot aust.

Korbogen er rundboga og rett gjennomgåande. Rundbogen er noko skeiv, brattare og høgst på sørsida. Vangane har ressessar i hjørna mot skipet. I ressessene er det festemerke, to hol på kvar side, begge i øvre halvdel. Ressessane kan ha vore tenkte for pillarar. Base for vangane og vederlag for bogen er av kleber og har mest same profil, men omvendt. Profilet knekker om hjørna både mot kor og skip.Baseprofilet ligg 38 cm over noverande golv, og markerer overgangen mellom vange og noko breiare base. Profilet har ein brei fas som tenderer mot å vera konkav, under denne ein kjøl flankert av små sprang og loddrett avslutting. Vederlagssteinane har ei rad med hundetenner i staden for kjøl. I vestre del av bogen er det i omlag to meters høgd spor i vangane som har vore tolka som eit lektoriegolv.

Repositorier. Aust i koret er det repositorier på nordsida i austmuren og aust i nordmuren. Det er også eit lite repositorium på vestmuren i koret, nord for korbogen i om lag to meters høgde. I tillegg nemner Bendixen eit repositorium ”i skibets søndre veg, tæt ved koret og langt nede paa muren [...] der havde vært lukket med dør."[12]

Korskiljet

Partiet om lag 2 m vestover frå austmuren i skipet har hatt ulikt inventar som no er vekke. Bendixen registrerte restar av dette i 1880, mellom anna var sidealtaret i sør framleis på plass som underlag for preikestolen og delar av eit ciborium som har dekt dette altaret.[13] Delar av materialet finst framleis på loftet i kyrkja. Christie tenkjer seg ein kombinasjon av ciborier på sidene som i Eidfjord og eit sentralt lektorium som har vorte erstatta med lektoriepreikestol på 1600-talet. Han gjer også greie for funn i grunnen ved utgravinga.[14] Situasjonen har truleg endra seg fleire gonger, både i samband med at koret vart bygt til og seinare.

Vindauge

Vindauga i Kinsarvik kyrkje sit i ytre murliv, etter måten høgt i murane. Dei fleste er rundboga. Innvends har vindauga skrå smiger og avtrappa sålbenk.

Kinsarvik kyrkje har to vindauge på kvar side av skipet, i tillegg eit lite, rundt vindauge i sørmuren over preikestolen. I vestgavlen i skipet er det ei rundboga opning, som eit vindauge, men opninga kan ha vore nytta som luke for innlasting til loftet slik vi finn det i fleire steinkyrkjer frå mellomalderen. Mellom kor og skip er det eit vindauge over korbogen som no fungerer som ei opning mellom dei to bygningsdelane, men som må ha gått ut i friluft før koret vart oppført. Over dette vindauget, på loftet, er det ei firkanta opning i muren. I tillegg har muren hatt eitt vindauge på kvar side av korbogen. Desse er blokkerte av langmurane i koret. Kyrkja må opphavleg ha vore bygt utan særleg kortilbygg eller med eit mykje mindre kor eller ein apside. Ved restaureringa og utgravinga i 1960 vart det ikkje funne spor etter noko slikt kor. Dette kan skuldast at området var omrota av gravleggingar.[15] I koret er det eitt vindauge på kvar side og to i austmuren. Det neste i austmuren er større enn vindauga elles i kyrkja. Det øvste vindauget i austmuren er lite og står i gavlmuren over loftet.

Rekneskapane fortel fleire gonger om arbeid ved vindauga. Det viktigaste som er rapportert er at ”Paa den nordre side i chorit er muren udbrødt for lyssetz schyld till it fuldkommen vindue, derfor med ald tillfang af steen, kalch, sand och vand at kiøre till, steen och gruss at oprydde, stillinger at flytte och murmesterens med kalchslagernes och andre arbeyderis løn och korst tillsammen 14 Rdr.” I tillegg er det betalt for 500 murstein, to lester kalk, og eit nytt vindage med ramme.[16] Vindauget på nordsida av koret er såleis sekundært og frå slutten av 1600-talet.

Christie fortel at sålbenkene i vindauga var glatte då dei starta restaureringsarbeida rundt 1960, men at Ola Seter påviste den originale avtrappinga og at denne då vart gjennomført. Som i Eidfjord var det også i Kinsarvik kring 1870 lagt inn skjemmande lyssjakter frå vindauge i takflatene, gjennom himlingen og ned i kyrkja. Her var det tre slike sjakter på kvar side i kyrkja.[17] Lyssjaktene vart fjerna i samband med restaureinga i 1960.[18]

Det store vindauget aust i skipet har kleberkvadrar i innerhjørna og kanskje opphavleg nedtrappa sålbenk i fire steg. Vindauget har firedelt vindauge i ei ramme, vidare er glaset delt i småruter med bly. Utvendes er vindaugsopninga spissboga med fas. Blyglaset i vindauget vart funne på loftet og sett inn att ved restaureringsarbeida i 1960.[19]

Vindauget sør i koret er mindre, elles tilsvarande, men det har ikkje synlege kvadrar innvendes. Utvendes er det rundboga med fas.

Vindauget over korbogen er rundboga og kleberinnfatta med fas på austsida.

Vindauget nord i koret er sekundært. Innvendes har det glatt sålbenk. Det har ei ramme delt i to og igjen oppdelt ved sprosser. Utvendes har vindauget ein avflata rundboge, truleg innfatta med teglstein og pussa.

Opninga vest i skipet er rundboga med fas i kleberen utvendes. På nordsida av skipet er begge vindauga rundboga med fas i klebersteinane.

Vindauget søraust i skipet er rundboga med fas i kleberhjørna utvendes, medan vindauget vest i sørveggen har kløverbladsboge med fas.

Den runde gluggen øvst i sørmuren i aust kan ha vore der for å kasta lys på krusifikset i eller over korbogen. Det har konisk, sirkelrund smig som skrår litt ned og mot aust innover.

Golv og fundament

Så langt attende som vi kan følgja kyrkja gjennom dei skriftlege kjeldene, har ho hatt bordgolv som har trent jamnleg tilsyn og vedlikehald. I 1653-55 vart golvet i skipet lagt nytt.[20] Tidleg på 1800-talet melde visitasmeldingane om omfattande skader på golvet, særleg i benkeradene. Ved meldinga i 1859 er det påpeikt at golvet i koret ligg for lågt, ettersom det då låg i same plan som golvet i skipet.

Ved restaureringa kring 1880 fekk kyrkja også nytt golv. Mykje av dette golvet vart lagt attende på tidlegare stad i samband med restaureringa i 1961, men på nytt undergolv. Delar av golvet, t d det aust i koret, er eldre. Opplysningane som H. Christie gjev (sjå nedafor) kan tyda på at det har vore eit nivåskilje i golvet omlag to meter vest for austmuren i skipet. Han kommenterer ikkje om dette eventuelt kan ha samband med sidealtar og ein tidlegare korfunksjon.

Golvet har no breie bord av furu. Golvhøgda er den same i kor og skip. Lengst aust i skipet er eit frådelt "sakristi". Her ligg golvet eit steg høgre enn elles i kyrkja. I overgangen ligg ein, truleg oppattbrukt, bjelke. Golvet aust i koret er festa til golvbjelkar med trenaglar og ligg på tvers. Golvet i skipet og vest i koret ligg på langs, er festa med spikar og virkar også elles nyare. Våpenhuset har skifergolv med store heller. Christie har elles utfyllande opplysningar om golvet.[21]

Fundamentet av stein vart undersøkt i samband med arbeida i 1960. Desse viser også at kor og skip høyrer til to ulike byggefasar: "Videre har utgravingene klargjort at skibets fundamenter er lagt uten forbindelse med korets, som er dårligere utført." Samstundes vart terrenget på sørsida av kyrkja gjort om lag ein fot lægre slik at det kom i nivå med botnhellene i portalan og mursokkelen vart synleg.[22]

Tak

Tidleg på 1600-talet hadde kyrkja eit enkelt sutak på sperrer, tekt med spon på delar av kyrkja. I 1630-32 er det bokført utgifter til oppbygging av den ”halue part aff lofft kierkenn” med sperrer og bindingar og 15 ½ tylft bord til sutak og det nye sutaktet på begge sider av kyrkja er tjørebredd med 5 1/5 tønne tjøre, medan det er brukt 6 tønner til ”di gamell spaan paa lofftt kirken”. Arbeid med sponlegging på kortaket er nemnt i 1642-44. I 1645-47 vart det også utført omfattande vedlikehaldsarbeid med utskifting av noko av sperre- og bindingsverket og 26 tylfter bord. Ved synfaringa 1661-65 var det lagt eit nytt sutak over heile nordsida av kyrkjeskipet. Det er meldt at det også burde leggjast nytt tak ”offuer ald Kirchen och Chorit paa dend søndre side, effterdi der er ichon It Enkelt tag. Desse arbeida er gjort greie for i rekneskapane. I 1662-64 vart nordsida av kyrkjetaket heilt utskift, mest 70 tylfter bord, og i 1665-67 fekk sørsida av ”Hoffuit kirchen” nytt sutak ”huortil er forbrugt 75 ½ tylt gode all bord”.[23]

Overgangen frå spontak/tretak til eit tretak dekt med hardare materiale har teke tid. I første omgang vart det rundt 1690 lagt helletak på sørsida av koret:

Effter probstens sluttede contract om at legge it steentag af helder paa chorit, huorfor er belofuit naar det er fuldferdiget udi alt 85 Rdr af huilchen summa nu den halfuepart nemblig 42 Rdr prætenderis, menn som samme halfue tag thuivlles saa forsvarlig som contracten melder at være forferdiget, beroer med betalingen till arbeidet blifuer effter contracten befunden i alle maader at være forsvarlig fuldferdiget.[24]

I 1693-5 var det lagt tretak på nordsida av koret og steintak på sørsida av koret, i 1696-98 vart det lagt tretak på sørsida av skipet. I 1702-04 vart sørsida av taket over skipet og nordsida av taket over koret tjørebredd ”samt vaabenhuset, stiehuset och stierne”. Då hadde ein samstundes kjøpt inn 8000 takpanner, spikar, lekter med meir, og i det følgjande går det fram at ein gav opp tanken om steinheller og la pannetak over heile kyrkjetaket. I 1705-07 arbeidde bygningsmenn som stiftsskrivar Garmann hadde sent til Kinsarvik i lag med to menn frå staden i 15 dagar med taket og i 1706 vart det kjøpt 2000 panner til sørsida av kortaket. Saman med betalinga for desse er det og oppført at ein betalte for ”at nedmure och indlegge de 3 øverste rader pander paa chortagetz søre side, samt kirchemuren inde och udentill at slette och hvide”. Sutaket på sørsida av kyrkja vart samstundes tjørbredd. Til takarbeida i 1705-07 har stiftsskrivaren lagt ut arbeidet med nytt pannetak på nordsida av skip og kor som tok 26 dagsverk (i 1705) og arbeidet med nytt pannetak på sørsida av koret med vøling av sperreverket under i 1706.[25] Ved synfaringa i 1709 hadde kyrkja pannetak over koret og eine sida av skipet.

Frå visitasmeldingane tok til i 1817, vart det meldt om eit tak i dårleg stand. Alt i 1819 vart det notert at ”loftet [var] meget beskadiget”. I 1835 vart det gjennomført ei synfaringsforretning som konkluderte med at det meste av takverket var rote og laut skiftast ut. Mønet vart så senka og taket lagt om i 1836,[26] men har no fått att den bratte forma ein tenkjer seg det hadde i mellomalderen.

Utetter på 1800-talet kom ein attende til det gamle ynskje om å få dekt kyrkja med eit helletak ettersom det var eit problem at pannene bles av i hardt vær. I 1863 var ein i ferd med å tekka kortaket med heller. I 1871 vart det i visitasmeldinga konstatert at kyrkja i dei siste åra hadde fått nytt helletak.

Taket over skipet er eit sperretak. Det er lagt bordgolv på tvers i loftsrommet og samanføyingane nede ved murkronene er vanskeleg tilgjengelege. Ytst på sperrene er det lagt laskar for svung på taket. Sperrene er tettstilte og kopla saman med hanebjelkar som kviler på langsgåande dragarar. Dragarane er igjen understødde av knestokkar ved annakvar sperre. Knestokkane er tappa ned i langsgåande dragarar i loftgolvet, desse kviler sannsynlegvis på dei indre murkronene. Hanebjelkane har også ei tilsvarande understøtting i midtaksen. Fleire av hanebjelkane er oppattbrukt materiale. Over hanebjelkane er det festa undersperrer til ytste del av hanebjelkane (på halv ved), og under kryssingspunktet for desse er det lagt inn ein øvre hanebjelke. Dei ståande bjelkane i midtaksen går frå golv til møne. Sperrene ber sutak og ruteheller på lekter og rekter.

Himlingar

Kyrkja og koret hadde flate himlingar også på 1600-talet.[27] I 1620 fekk Hans ”snedicker” på Voss betalt for å ta opp lemmen og leggja han på att ”til forforbedrelse”. Det vart brukt ei tylft hogne bord til arbeidet. Noko seinare fekk to karar 1 Rdr for ”det gamble lemb at nedbryde ock udtage”.[28] ’Lem’ eller ’lemb’ er eit ord med mange tydingar i rekneskapane, og her her det mest truleg brukt i ei anna tyding enn kyrkjeloftet. Når ein i 1665-67 vølte ”funten” (dåpshuset) ”saauelsom begge trapperne optil lemmerne”, er det såleis mest sannsynleg snakk om trapper til galleri eller til både galleri og loft, medan ei ny trapp ”op til lemmen 12 alen lang” i 1690-92 vel er å tolka som ei trapp til loftet. I 1708-10 vart det laga ein ny ”lem” i kyrkja av 35 tylfter pløygde og høvla bord og ”spiger til samme loft hvor træ nagler ei kunde bruges”.[29] Etter visitasmelding 1835 var det då komme ny trapp opp til lemmen, og det gamle rekkverket var festa forsvarleg.

I ein periode hadde kyrkja lystrekter ned gjennom himlinga på begge sider i skipet (sjå ovafor under vindauge). Kyrkja har no flate himlingar i kor og skip.

Tilbygg

I tidlegare tider har kyrkja hatt ulike mindre tilbygg eller frittståande bygg med praktiske funksjonar. Det er såleis nemnt eit stegehus i 1665-67, og eit reiskapshus. I 1675-77 vart det laga nytt stegehus av tømmer og med sju ”bindinger” og bordtak.[30]

Våpenhus

Eit nytt våpenhus vart bygt i 1650-52. I 1705-07 vart våpenhuset bordkledd og det vart sett inn eit vindauge der. I samband med takarbeida rundt 1700, kom det også nytt pannetak på våpenhuset i 1711-13. Det vart bora hol i pannene og dei vart spikra fast som elles på kyrkja. Samstundes vart det lagt nytt golv av 18 bord og laga klinker og handtak til våpenhusdøra og krok i ”den store kirchedør”.[31] Ved arbeida i 1880-åra vart det laga eit våpenhus i sveitserstil til kyrkja, dette vart utskift i samband med restaureringa i 1960.

Klokkehus

I 1636-38 bygde Endre Nøsflade og Lauritz Huuse opp ”Klockehuusit aff nye thømmer, huor udi begge klocker nu til sammen henger”. Det er uklårt om dette er var ein klokkestol på loftet eller om det var ein støpul. Mest sannsynleg var det et første, etter som det om lag 17 år seinare vart brukt midlar til ”to tølter bor som den øffuerste lehm till klochen fornødenlig bleff forarbeidet med”. Også i 1674 og i 1711-13 vart det arbeidd med klokkeopphenget.[32]

Kleve

I ein periode i kyrkja si fortid har det vore fråskilt ei reiskapsbu eller ein kleve inne i skipet, ved inngangen: ”Opbøgt och forferdiget en ny kleve neden i kierchen till at sette udi forvahring tiere kiedler traser och andet smaa redskab som kierchen tillhører”.[33]

Interiør

I austre del av koret er det ved hjelp av ein halvvegg frådelt eit rom med ulike praktiske funksjonar, eit "sakristi". Koret er elles tradisjonelt innreid med altar/altartavle og altarring i aust og faste stolar i dei vestre hjørna.

Døypefonten står på nordsida vest for korbogen og preikestolen er sett opp mellom korbogen og søndre langmur i skipet. I skipet er det benkefelt på kvar side av midtgangen med opningar for sør- og nordportalen. Over vestre del er eit breidt tverrgalleri med orgel. Oppgangen til loftet er bak i skipet på nordsida opp til galleriet og vidare opp bak orgelet.

Fargar

Kalkmåleri, truleg frå 1200-talet. Delar av kalkmåleria var synlege i 1880, noko vart framkalla av Lars Osa i 1915, og mindre delar av Domenico Erdmann i 1936.[34] I samband med restaurering ai 1960 avdekte Ola Seter ein del av kalkmåleria i kyrkja. Av det som er avdekt er det mest iaugefallande erkeengelen Mikael med skålvekt og smådjevlar på nordmuren i skipet og ein biskop på sørmuren. I korbogevangane er det diagonale ruter og rundt vindauga dekorative border. I sjølve bogen er det ein geometrisk dekor som liknar åklemønster. Det finst også fleire avdekte spor, t.d. ein vigslingskross. Murane er elles kvitkalka. Seter avdekte også figurframstillingar utvendes, t d eit skip sør for vestportalen teikna opp i sepia. Det kan truleg finnast meir dekor under kalkpussen.

Det vart lagt ut sju riksdalarar til ein målar som ”haffe malet i kirchen” i 1662-64.[35]

Ved restaureringsarbeida under Christian Christie i 1880-åra vart fargeuttrykket i kyrkja endra. Ein må tru at benker og andre inventardelar før dette hadde fargar prega av 16- og 1700-talet, men at den nye ”mellomalderstilen” i olja furu tok vekk ein del av tidlegare fargerikdom.

Fargerestaureringa under Håkon Christie i 1960-åra vart utført av Johannes Rørvik og Odd Helland. Ankerbjelkar, himlingar, golv og benker i skipet framstår no trekvite, truleg luta. Midtgangsløparen har nøytrale fargetonar og er voven av kvinner i soknet. Benkene har rustraude puter, interiøret er elles prega av fargane på eldre inventardelar som galleri, altarparti, preikestol med vidare.

Lys og varme

Det vart lagt inn elektrisk straum i kyrkja i samband med arbeida kring 1960.

Inventar

Altar

Kassealtaret er eit snekkararbeid frå renessansen. Altaret har seks (2x3) fyllingar i front og to på kvar side. Fyllingane er sette inn i eit rammeverk og innramma med profilerte lister. Listene tekinar også ei rombeforma rute midt på kvar fylling. Fyllingane er måla med fleire raude bølja parallelle striper på gulgrøn botn, elles i kvitt, grønt og raudt. På austsida har altaret to skåpdører.

Altaret vart teke ut saman med altartavla i 1880, og har i ein periode vore i bruk som skåp på ein gard i bygda. Det kom attende til kyrkja i 1961.

Altartavle

a) Del av altartavle? Etter Bendixen skal det finnast ein fløy av ei katekismetavle i kyrkja, med ”alterets sakramenter” på den eine sida og dei første bodorda på den andre.[36] Denne er ikkje registrert.

b) Altartavle frå ca 1690. Altartavle frå omkring 1690-åra, snekkararbeid i barokk stil. Tavla har to høgder avslutta oppe med broten gavl og på sidene med gjennombrotne vengjer. Kvar høgd er delt i tre felt horisontalt, felta er flankerte med runde søyler med diamantformer på nedre del og med korintiske kapitel. Fotstykke nede og øvre gesimsar markerer høgdeskilja og har støtte for dei nemnde søylene. Fotfeltet har plintar under søylene, medan gesimsane har konsollar i form av englehovud. Begge midtfelta har biletfelt med gjennombroten, skoren krone. Sidefelta har også biletfelt, i første høgd med åttekanta rammer av profilert listverk. Midtfeltet i første høgd framstiller Nattverden, sidefelta viser Moses til venstre og Aron til høgre. I andre høgd viser midtfeltet Krossfestinga med Maria, Jesu mor, ståande til venstre i biletet, Maria frå Magdala knelande ved krossfoten og Johannes ståande til høgre for krossen. Sidefelta i andre høgd viser Paulus til venstre med sverd og Peter med nøklane til høgre. Tavla har mørk, marmorert bakgrunn. Fargar elles er i hovudsak raudt, kvitt, grønt og gull.

Altarring

Altarringenen er tilnærma kvadratisk. Stoppa og skinntrekt knelepute, balustrar og profilert handlist med hylle for særkalkar. Golvet i altarringen er måla sjakkruta.

Døypefont

Kleberfont frå mellomalderen (1225-1275). Fonten er tredelt med kum, skaft og fot. Kummen er rund med rette vegger med ein brei profil på øvre del. Nede svingar kummen inn mot det sylinderforma skaftet som er tappa opp i kummen og ned i foten. Foten er rund med fire bladhjørne. Fonten har gjennomgåande uttappingshol. Det er to gjennomgåande, horisontale sprekker i kummen. Topp og botnplate til lok finst. Mål: høgde 89 cm, diameter kum 70 cm, indre diameter kum 54 cm.[37]

Dåpshus

Tidlegare har døypefonten vore plassert i eit eige dåpshus nordvest i skipet. I 1665-67 vart ”fundten” og ”begge trapperne optil lemmerne” vølte.[38] Etter Bendixen skal dåpshuset ha hatt ”en overbygning med toppformet spir”.[39] Han fortel også at det frå overdelen av dåpshuset skal finnast ”smækkert listværk med tandsnit under”, og at ”et topformet spir har kanskje hørt til dets top. […] – Neumann omtaler en stor kuppel over fonten, hvorunder saaes ”8 absurde malerier”.”[40]

Preikestol med oppgang

Snekkarverk frå rennesansen, årstalet 1609 er måla på preikestolen. Forma tilseier at stolen tidlegare kan ha vore ein lektoriepreikestol, som har gått som eit galleri på tvers framfor korbogen. Då Bendixen registrert kyrkja, låg preikestolen på loftet, ”noksaa godt opstillet”. Slik han er sett opp no, står sjølve preikestolskorga med tre fag sentralt. Ytterfaga i korga er flankerte av eitt fag på kvar side og desse igjen med framskotne fløyfelt. Løkbotnen under sjølve preikestolen er truleg yngre enn resten.

Snekkararbeidet er tidstypisk med øvre og nedre smalfelt og storfelt skilde med listverk. Øvre gesims, handflata, er understødd av kraftig tannsnittprofil. Øvre smalfelt har kartusjar, storfelta har sidestilte kanellerte pilastrar og med unntak av dei to framskotne fløyendane, har dei portalfelt omgjevne av bandsnoingsornament med listkapitel. I innerhjørne er pilastrane frå to tilstøytande felt samkomponerte. Nedre smalfelt har sidestilte, svungne konsollar med beslagornamentikk.

Preikestolen har ved nyoppsettinga fått eit nøytralt underbygg av treverk. Preikestolen er plassert i søraustre hjørne i skipet med oppgang frå nord.

Dei opphavlege delane av preikestolen, sju fag med portalfelt og to utan, er måla av Peter Reimers. To nyare felt, knytte til oppgangen, vart måla av Nils Bergslien då preikestolen vart sett inn att i kyrkja i 1907.

Dei sentrale motiva er Kristus framme på preikestolkorga med Charitas til venstre og Spes til høgre. Utafor desse, på dei inntrekte faga, er framstillingar av Fides til venstre og Pietas til høgre. På det skrå sidefaget til fløyane er framstilling av gjevarar og initiativtakarar, medan målaren er presentert på dei smale endeflatene framme på fløyane.

Smalfelta har innskrifter måla med gotiske bokstavar i gull på svart botn. I felta med Kristus og dei fire felta med dygdene identifiserer innskrifta i øvre smalfelt det måla motivet i storfeltet, medan nedre smalfelt har ein kommentar til motivet i form av bibelsitat. I tekstane nedafor er avkortingsteikn oppløyste.

Krisus-feltet har SALVATOR MUNDI i øvre smalfelt, i nedre smalfelt: De skulle kalle paa mit naffn, oc ieg vil Bønhøre dem, ieg vil sige det er mit folck, oc de skille sige: HERE min Gud. Zach: 13, Offer Gud tack oc betal den høyeste dit løfte. Psal. 50.

I feltet til vestre i preikestolkorga står CHARITAS (kjærleik) i øvre smalfelt. I nedre smalfelt: Gud som er Riig aff Barmhiertighed, formiddelst sin store Kierlighed, med huilken hand elskte os, da giorde hand os Leffuendis i Christo. EPHES: 2.

I feltet til høgre i preikestolkorga står SPES (von) i øvre smalfelt. I nedre smalfelt: Haab paa HERREN oc giør godt, bliff i Landet oc ner dig redelig, forlyst dig i Herren, hand skall giffue dig dit hiertis begiering. Psalm 37.

Feltet til venstre for Charitas har FIDES (tru) i øvre smalfelt og i nedre smalfelt: Troer paa Herren saa skulle i bliffue trygge oc tror hans propheter, saa skulle i faa Lycke. 2. (varaliv 2? – teksten står i 2. Krønikebok 20,20) Den rechtferdige leffuer af sin Tro. Habacuc 2 Cap.

Feltet til høgre for Spes har PIETAS (fromheit) i øvre smalfelt og i nedre smalfelt: Betenker at herren kand hilpe(!), oc frychter hannom aluorlige, Thi hand lader sig finde aff dem som ikke friste hannom, oc hand obenbaris for dennom som iche Vantro hannom.

I sidefeltet til fløyframspringet til venstre står NIHIL EST SIMUL ET(!) INVENTUM, ET PERFECTUM (ingenting er samstundes funne opp og perfekt) i øvre smalfelt, og i nedre smalfelt: Hederlige, Gudfrychtige oc Høilærde Mand, Magister Andreas Michelsen Colding, superintendent offuer Bergen Stifft. A B C D. Det måla skjoldet i portalen i midtfeltet er utan hjelm og oppheng i to raude snorer i ein ring. Det er vertikalt todelt. Venstre del har ei grein med to drueklasar og tre blad, høgre del overkroppen av ei bukk heva og vend innover der frambeina kviler i vinranken.

Tilsvarande felt til høgre har PIETAS FVNDAMENTVM OMNIUM VIRTVTVM EST (Fromheit er grunnlaget for alle dygder), og i nedre smalfelt: Erlig oc Velbyrdig Mand Jürgen Brokenhuss’ til Wollersløff Kong. Maytt. Høffuitzmand offuer Halsnø Closters Gods oc Hardanger Læhn. Befalede denne Predigstoll at giøre oc Staffere. Det måla våpenet i storfeltet Skjoldet er også her vertikalt delt i to med tre roser over delelina. Våpenet har hjelm og hjelmblad og er toppa av ei liknande rose mellom to horn. Bendixen opplyser at Georg Michelsen Colding, prest og prost over Hardanger, var bror til biskopen, Andreas Michelsen Colding (sjå ovafor) og døydde i 1612.[41]

Oppe på venstre fløyfelt: PETRVS REIMERS. NEVSTAD.FECIT, og nede: ANNO 1609, og på høgre: GEORG : M : C : PAST. ET PRÆP HARD. F.F.. Nede står: DEN 28 MARTY. I dei smale storfelta er måla framstillingar av ein kvinneleg hermefigur på kvar side.

Ved gjennoppsettinga av preikestolen vart han supplert med to nye felt måla av Niels Bergslien. Desse finst enno i kyrkja, det eine er sett som sidefelt på nordsida av venstre fløy. Dette framstiller Jesus saman med eit barn og med innskrift i gotisk skrift nede: Sandelig siger jeg Eder, Hvo som ikke anammer Guds Rige som et lidet Barn, skal ingenlunde komme ind i det. Mark. 10 Kap. 15 Vrs. Det andre er no opphengt som bilete i ei ramme. Det framstiller Jesus saman med kvinna ved Sykars brønn.

Preikestolshimling

Snekkararbeid, truleg seinare enn preikestolen. Preikestolhimlingen er åttekanta med flat botn og hengebord på sidene med kartusjar utvendes. Kransen av bord er avslutta oppe mot botnen og nede ved profilerte lister. På oversida har himlingen åttekanta krone med grovt utskore lauvverk og ei flat krone sentralt på kvar side. I midten av himlingsbotnen heng ei due i blomekrans. Fargar: blått, grått, grønt og raudt, dua kvit, staffert med gull.

Benker og faste stolar

Rekneskapane har ein del opplysningar om sitjeplassar og faste stolar i kyrkja på 1600-talet. Det stod ein skriftestol bak altaret. I 1630-32 er det brukt bord til ”Itt schilsmis i schrifftestolen”, stolen vart også vølt i 1720-22. Skriftestol var det i kyrkja i alle fall fram til 1834. Ved visitasen det året meinte prosten at skriftestolen burde takast vekk, då han stod i vegen, og at det i staden skulle setjast opp ein benk ved muren.

Samstundes med at det vart laga skilje i skriftestolen, vart det etter rekneskapen laga ein ”serdehlis stoell […] udi kirken som di helstarrige schulle i staa effter den høie øffrigheds befalling”.

Det vart bygt fire nye stolar i skipet i 1644-46, og i 1699-1701 ein ny stol ved preikestolen. I 1711-13 vart det laga ”2 nye mandfolchestoler og lagt gulv der i”.[42]

Prosten må ha hatt ein eigen stol i skipet, i 1662-64 vart det laga hengsler "for profstestoelen udi kirchen”.[43]

Som i mange andre kyrkjer var det tidlegare låge benker ved midtgangen der ungdommane sat. I visitasmeldinga for 1835 finn vi følgjande opplysning:

saaledes ere og bænkene framfor stolene brøstfældige. Her bemærkede provsten, at disse faste bænke burde ombyttes med løse, der kunne fjernes fra disse stole samt di hattepinde, som ere fæstede paa stolene borttagis, da folk, som opstaae paa disse bænke, og hattene som henges paa disse pinde, forhindre at de som sidde i stolene ikke ved catichisationen kunne høre eller see hvad der foregaaer paa gulvet.

Prestestol frå 1600-talet i nordvestre hjørne i koret. Stolen vart vølt i 1720-22, demontert i 1880 og remontert i 1960.

Klokkarstol frå 1600-talet i sørvestre hjørne i koret. Demontert i 1880, remontert i 1960. Håkon Christie skriv at det aust for prestestolen og klokkarstolen har vore faste stolar tidlegare, men at det ikkje var grunnlag for å rekonstruera desse. I staden vart det laga enkle benker.

Aust i skipet, på nordsida, skal det også ha vore ein privat stol eller eit pulpitur.

I skibets nordøstre hjørne sto et lite, lukket galleri høyt oppe på muren med vinduer og forheng. Det kaltes Utnestolen og hadde trapp opp langs muren nord for korbuen. Utnestolen ble revet i 1880, og det kjennes ingen detaljerte opplysninger om hvordan den så ut.[44]

I 1720-22 vart stolane på pulpituret vølte, men det er uvisst om det er snakk om same det same pulpituret.

Ved restaureringa i 1960 fekk kyrkja nye benker på begge sider av midtgangen med rette vangar og noko lægre fyllingsdører. Benkene står umåla.

To av de gamle svillene er lagt langs langmurene hvor de tjener sin opprinneleige funksjon som bærere av benkesetene.[45]

Galleri

I 1653-55 vart det ”Forferdiget i kierchen it nyt pulpitur”. På materiallista ser det ut til å ha vore eit stort arbeid, og det kan ha vore det galleriet som står i kyrkja i dag med ein del endringar. Pulpituret hadde trapp, panel, golv og stolestader.[46]

Vestgalleriet i kyrkja var av dei interiørelementa i kyrkja som vart fjerna i 1880. Kyrkja fekk då eit nytt galleri i olja furu som vart lagt høgt mot vest, for å frigjera vestportalen, og skrådde ned mot aust. Brystninga frå det gamle galleriet fanst mellom mykje anna demontert inventar på det rommelege loftet over skipet, medan mykje av bjelkelaget var nytta som golvbjelkar. I 1960 vart materialane til 16-talsgalleriet leita fram att, supplert og rekonstruert.[47]

Skulptur

Kopi av kyrkjemodell frå mellomalderen. Originalen er i Bergen Museum. Ikkje registrert.

Epitaf

Minnetavle over presten Niels Hertzberg

bærer hans litograferte billede og en vidtløftig levnetsbeskrivelse, versificeret og fornøielig, forfattet af kirkesangeren Samson Hauso, der selv sammen med flere andre har bekostet tavlen udført og ophængt i kirken, Den er malet af Trond Kinservik, fader til den bekjendte træskjærer.[48]

”Levnetsbeskrivelsen” er som følgjer:[49]

Måleri

Frontale. Kopi av Kinsarvik-frontalet (no på Bergen Museum), måla av Siri Herland.

Biletteppe

På det attblenda vindauget nord i austmuren i skipet heng ein biletvev frå 1993, årstalet er innvove. Veven viser ei sitjande kvinne med eit gutebarn på fanget – Maria med barnet. Over høgre skuldera til kvinna er ei stjerne, over til venstre to duer. Barnet held ein olivenkvist i høgre hand. Begge har ein glorie om hovudet, dei to er framstilte mot ein kross i bakgrunnen. Fargane i interiøret dominerer. Teppet er signert DI (Dagfinn Instanes, 1919-1998) og 1993.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

I 1661 hadde kyrkja berre ein gammal altarduk, men i inventarlista for 1690 var det ein ny duk som var gåve frå ”Arne Vineæs” og ein dreiels altarduk som var gjeven av løytnant Johan Davidsen”, i seinare lister er det berre dreielsduken som er nemnd.

Ein ny altarduk vart skaffa til kyrkja i 1859.[50]

Duken som er i kyrkja no er frå 1998 og har bord i hardangersaum sydd av Kari Kjetland.

Altarklede

Kyrkja har hatt eit raudt altarklede som var ei gåve frå soknepresten og nokon av allmugen i 1711.[51] I lista frå 1723 er det nok det same kledet som er nemnt, det er då presisert at det var av klede, slik det var vanleg. Samstundes er det teke med at det finst eit opheng til preikestolen av same klede. Altaret har ikkje klede no.

Kalkduk

I rekneskapen for 1675-77 er det oppført utlegg for ”en dug til kalchen”. Kalkduk finst ikkje i kyrkja no.

Messehaklar

Alt i 1620 er det nemnt ein gammal messehakel og messeserk i Kinsarvik. Truleg er det denne som følgjer kyrkja heilt fram til synfaringa i 1661-65 då det er påpeikt at det trengs ein ny, ettersom den ”Gamble er Reffuen och gammell”. Rundt 1700 har kyrkja framleis ein gammal ubrukeleg messehakel, men no også ein ny som er kjøpt i 1692. Midlane til den nye hakelen kom frå sentralt hald, stiftsskrivaren skriv ein merknad om dette i 1687-89:

til kirchen schyldig 37 Rdr. 3 mark og 7 sk., huoraf paa høy Øfrigheds behag er bevilget at maa giøres en ny messehagel, efftersom den gamble befindes aldelis u=brugelig, och har almuen herimod lofued at forære en kiøn ny altertaffle.

Ved inventarlista frå 1690 er det seinare sett til ei opplysning om at ”Paa den ny messehagel har sorenschriverens kieriste forærit nyt bordyret crusifix Ao 1701”. Følgjande lister fører opp både den gamle og ein god messehakel med brodert krusifiks.

Ved visitasmeldinga i 1834 fann prosten messehakelen ”aldeles casabel”, holete, utsleten og han laut bytast ut med ein ny. Ved neste visitas er hakelen ”istandsat”.

Bendixen skriv om eldre messehaklar som ikkje lenger finst i kyrkja. Det er a) ein vanleg av raud fløyels hakel med kross og kant av gullband. b) Ein av raud fløyel med utsydd gyllent krusifiks. Kristus er framstilt levande med sidestilte bein og med knoklar og kranium ved krossfoten og hakelen har kvite border kring krossen og kanten. I eit høgraudt band innskrifta M.F. – EHD. 1702 (Mandrup Funch og kona hans). Dette må vera den messehakelen som er nemnt ovafor. c) Ein svart med sølvband, elles utan ornament.[52]

Kyrkja har no ein kvit messehakel med raud kross og stolpe som kan gå attende til 1950-talet, ein grøn med gul y-kross som truleg er frå 1960-talet og fire messehaklar i liturgiske fargar frå Kirkelig kulturverksted, truleg frå 1990-åra.

Messeskjorte

Det fanst ein messeserk i kyrkja i 1620, i 1636-38 vart det laga ein ny, sameleis i 1650-52. I 1690 fekk kyrkja ein messeserk i gåve. [53]

Også i 1859 finst det opplysningar om ei ny messeskjorte.[54]

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

I inventarlista frå 1620 er det nemnt to ”brugelig” klokker, den største av desse vart i 1633-35 ført til Danmark og omstøypt.[55] Om dette finst følgjande opplysningar: ”Eirick Ottessøn” har sytt for at klokka vart omstøypt, det vil truleg seia at han har betalt for arbeidet. Kaptein ”Hans Lyerssøn og Olluf [...]” har ført klokka til Danmark etter ”Jørgen Brochenhusis” ordre, ”Olluff [...] tiener Maagens” har frakta klokka til skipet, medan ”Johannis uuse, ock Torgeir Loute” og to andre i neste rekneskapsbolk fekk betalt for å føra klokka frå Bergen og heim att til Kinsarvik.

I inventarlista for 1661 er den minste klokka sprukken, og det vart kommentert i synfaring 1661-65 at ho ikkje kunne brukast meir før ho var omstøypt. Dette vart gjort i 1689”.[56] Seinare er desse to klokkene nemnde i inventarlistene.

Dei to klokkene som er i bruk i kyrkja no heng i klokkestol vest på loftet over skipet. Opninga i vestgavlen fungerer som lydluke ved ringing. Kyrkja har også to eldre klokker, dei står inntil vidare på golvet i nærleiken. Det er tanken å gjera desse meir tilgjengelege for kyrkjelyden.

a) Klokke frå 1776 med krone med sekskanta bogar og midtboge. Flat kroneplate som svingar ned og ut mot runda hue over hals med skriftband mellom riller og vekstornamentborder. Utskrådd korpus avslutta med riller. Slagringen skrår ut og knekker ned. Innvendes skrår han noko opp. Diameter ?, høgde med krone ca 62 cm, høgde utan krone ca 50 cm. Innskrifter: På halsen: IESU CHRISTIANI GAUDENT ME FECIT RADE PAULUS GOTTLOB LEBRECT IN BERGEN ANNO 1776. På korpus: OMSTØBT VED EYEREN HERR IOACHIM CHRISTIAN VON GEELMUYDEN KONGEL. MAIESTETS GENERAL KRIGS COMMISARIUS IUR. UTR. ET PHIL. DOCTOR SAMT RAADMAND OG NOTARIUS PUBLICUS I BERGEN ANNO 1776.[57]

b) Enkel stålklokke frå 1800-talet. Krone av midtstong med fire fløyar og med fire hol til feste. Flat kroneplate, runda hue, rett hals med to skilde riller, utskrådd korpus, tre riller og nedbøygd slagring. På halsen mellom rillene: B.V.G. Diameter ?, høgde med krone 57 cm, høgde utan krone 50 cm. Ved visitasmeldinga frå 1819 heiter det at kyrkja berre har ei kyrkjeklokke, som må vera a, medan ”den mindste er brusten”. I 1823 er det ved visitasen notert at ”Den manglende mindste kirkeklokke er nu anskaffet, dette er mest sannsynleg klokke b.

c) Klokke frå 2002 frå Olsen Nauen. Innskrift i skriftband på halsen: OLSEN NAUEN KLOKKESTØPERI TØNSBERG.

d) Klokke frå 2002 frå Olsen Nauen. Mindre enn klokke c. Innskrift i skriftband på halsen: OLSEN NAUEN KLOKKESTØPERI TØNSBERG.

Orgel

Paul Ott, Göttingen. Orgelet var ferdig i september 1961. Det har 14 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Mekanisk overføring, Sløyfelade med elektrisk vindforsyning.[58] Orgelet har rette sider som avgrensar brystverk og sidetårn, alle med synlege metallpiper.

Bøker

Dei bøkene som er opprekna i inventarlista frå 1620 er ein gammal bibel, ei salmebok, ei lita ”[...]dbog” og ei altarbok. I 1648-49 vart det betalt for ein bibel som ”aff øffrigheden ehr opskicket till kirckerne”. I 1661 hadde kyrkja utlegg til ein bibel som alle tre kyrkjene i gjeldet har betalt, og til ei altarbok og ei salmebok. Inventarlista frå 1690 med seinare merknader fortel at kyrkja då hadde følgjande bøker: ein ”Svaningi Bibel” i oktavo, ei ny altarbok og ei gammal altarbok. Desse var hjå soknepresten. I tillegg hadde kyrkja eit nytt kyrkjeritual og ein ny gradual som vart kjøpt i 1700. Dei same er nemnde i 1705, 1711og 1723.

Kyrkja har teke vare på fleire eldre bøker. Mangelfull registrering. Som døme kan nemnast "den forordnede nye Kirke Psalme Boog Th. Kingo. Kbh. 1755", Kingosalmebok frå 1821 og ei altarbok, truleg frå 1700-talet.

Nummertavler

Salmenummera vert hengde opp på stiftar på ei kviltlasert tavle utan ramme.

Møblar

I 1678-79 kjøpt kyrkja ein ny brudestol.[59]

Det står ein eldre eikestol i stolpekonstruksjon med dreia spiler i kyrkja i dag. Stolen var dårleg halden og vart sett i stand av møbelsnekkar Knut Utne i samband med restaureringa i 1960.[60] Mellom stolpane har stolen to prosser på kvar side under setet, forbein er dreia og går opp som støtte for armlene. Bakbeina er også dreia og går opp som ryggstolpar med feste for armlene. Sete av bord er feste til ei ramme som er lagd inn i dei fire beina. Ryggen har ei horisontal ryggsprosse og sveifa toppbrett. Mellom toppbrett og ryggsprosse, mellom ryggsprosse og sete og mellom armlene og sete er det sett inn små, dreia pillarar.

To eldre gyllenlêr-stolar.

Offerutstyr

I inventarlistene frå 1690 fram til 1723 nemner rekneskapane ”2 fattige punge”. Det finst framleis to defekte klingpungar i kyrkja, den eine med blått stoff, den andre utan sjølve pungen.

Skål

Offerskåla som vert brukt er frå 1969. Skåla og foten er dreia av Torkel Trones og teikna og dekoreret av Gunnar Bjotveit. Foten har fire utskorne personframstillingar i relieff, skåla har enklare knelande englar og kross, sol etc.

Blomstervasar

Blomeurner i keramikk 1985/90 laga av Bjørn Br. Pedersen. Urnene har form som prest i kjortel. Lysestake i keramikk i same form.[61]

Gjenstandar på Bergen Museum

Av gjenstandar frå kyrkja, i tillegg til den nemnde lysekrona som no er på Bergen Museum, kan nemnast to kapitel frå prosesjonstavar[62] og ein kyrkjemodell. Kopi av modellen finst i kyrkja.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard[63]

Kyrkjegarden låg tidlegare svært utsett til for elva, og "I 1743 braut elva Kinso ut frå leiet sitt og tok med seg halvdelen av kyrkjegarden. [...] Det vart laga nytt lege til elva, slik ho går idag."[64]

På 1600-talet var portane til kyrkjegarden i Kinsarvik av vanleg type med to stopar på kvar side av inngangen og med eit lite saltak på tvers over. I 1642-44 vart det laga to nye portar, kvar med fire stolpar. I 1662-64 vart det laga eit nytt tak på den eine porten ”med klincher och jernhengsler”, og i 1702-04 vart det bygt opp att ein ny kyrkjegardsport på sørsida, etter som den gamle var teken av stormen.

Hovudporten inn til kyrkjegarden i dag er i vest. Han har to oppmurte stolpar som ber eit saltak på tvers, og port av smijarn. ”På ein stein over inngangen på porten står at denne er reist av sokneprest "Jørgen Brose oc flere Guds børn" i 1724."[65]

Siste utvidinga av kyrkjegarden var i 1987.

Gravminne

Gravminne i kyrkja

Ved restaureringa i 1961 vart det funne to gravkjellarar i kyrkjegrunnen. Om lag 40 store kister og like mange barnekister vart sette ned att under golvet i kyrkja.[66]

Bendixen gjer greie for ein del gamle gravminne som dels er registrerte av Miltzow og som truleg ikkje lengre kan lesast.[67]

Diverse

I 1630-32 og i 1674 er det kjøpt nye gapestokkar til kyrkjegarden, den siste ”med halsband”.[68]

Kjelder

Utrykte kjelder

Rapport NDR 2001, Tilstandsvurdering av Kinsarvik kirke i Hardanger, Rapport NDR 6/2001

Synfaringsforretning 1835, Statsarkivet i Bergen, Sorenskrivararkivet, Hardanger og Voss

Visitasmeldingar, Statsarkivet i Bergen, Bispearkivet

Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E. Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-13
  2. Brosjyre, ”Kinsarvik kyrkja”, Ullensvang 2000, Ullensvang kommune, Kyrkjeverja
  3. Christie, H., "Kinsarvik kirke og dens restaurering", Årbok 1961 s. 47-112
  4. Ekroll, Ø., Med kleber og kalk, Oslo 1997
  5. Kolnes, S.J., Norsk orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993
  6. Rygh, O., Norske Gaardnavne, 1833 – 1899, Oslo 1999 (Dokumentasjonsprosjektet)

Bilete


Fotnotar

  1. Christie 1961
  2. Rygh s. 457
  3. Brosjyre
  4. Notat i NKs arkiv
  5. Synfaring 1721
  6. Notat i NKs arkiv
  7. NDR 6/2001
  8. Brosjyre
  9. Christie 1961 s. 74
  10. Rekneskap 1711-13
  11. Christie 1961
  12. Bendixen 1904-13 s. 519
  13. Bendixen 1904-13, s. 520
  14. Christie 1961 s. 92 f.
  15. Christie 1961
  16. Rekneskapar 1693-95
  17. Visitasmelding 1871
  18. Christie 1961 s. 74
  19. Christie 1961, s. 74
  20. Rekneskapen
  21. Christie 1961, s. 78
  22. Christie 1961, s. 71
  23. Rekneskapane
  24. Rekneskap 1690-92
  25. Rekneskapane
  26. Opplyst på tavle i våpenhuset
  27. Synfaring 1661-65
  28. Rekneskap 1633-35
  29. Rekneskap
  30. Rekneskapar
  31. Rekneskapar
  32. Rekneskapar
  33. Rekneskap 1653-55
  34. Christie 1961 s. 74
  35. Rekneskap
  36. Bendixen 1904-13, s. 526
  37. Solhaug, vol. II, s. 60
  38. Rekneskapar
  39. Bendixen 1904-13, s. 66-67
  40. Bendixen 1904.13 s. 526
  41. Bendixen 1904-13, s. 525
  42. Rekneskap
  43. Rekneskap
  44. Christie 1961, s. 88 i det han viser til opplysning frå Margreta Lutro
  45. Christie 1961, s. 88 der han også gjer greie for eldre benker
  46. Rekneskap
  47. Christie 1961, s. 90
  48. Bendixen 1904-13 s. 529
  49. Transskribert av A.M. Hoff 2005
  50. Visitasmelding
  51. Inventarliste, rekneskap
  52. Bendixen 1904-13, s. 529
  53. Rekneskapar
  54. Visitasmelding
  55. Rekneskap
  56. Rekneskapar, rekneskap 1687-89 og inventarliste 1690
  57. Sekstala er begge stader skrivne på same måten. I notat frå Olsen Nauens er det eine staden tolka som 8
  58. Kolnes 1993, s. 366
  59. Rekneskap
  60. Christie 1961, s. 86
  61. Brosjyre
  62. Bendixen 1904 - 13 s. 524
  63. Kyrkjegard og gravminne er mangelfullt registrert
  64. Brosjyre
  65. Brosjyre
  66. Christie 1961 s. 80
  67. Bendixen 1904-13, s. 527
  68. Rekneskap