Jordalen kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Anne Marta Hoff


Jordalen er ein høgtliggjande sidedal til Nærøyfjorden og kapellsokn under Oppheim. I dalen er det om lag 40 fastbuande, og vegen er så vanskeleg framkommeleg vinterstid at det framleis er skule i dalen, trass i det låge folketalet. Den gamle skulen var vigsla til kyrkjeleg bruk, og då denne vart sanert ved oppføringa av ny skule i 1977, vart eit rom i sokkeletasjen vigsla til kapell av prosten på Voss, Augun Østtveit, 4.6.1977, med heimel i kgl. res. av 17.1.1975.[1] Drifta av kapellet er privat og inventaret er gåver frå folk i bygda.

På den andre sida av elva ligg gravplassen som ligg under Voss kyrkjelege fellesråd sitt ansvarsområde. Her er det oppført eit lite gravkapell som berre vert nytta til båreandaktar.

Innhold

Bygningen

Jordalen kapell er eit rektangulært rom med korparti ved fondveggen, avgrensa i breidda ved eit innkledd hjørne i nordaust. Tre av veggene er yttervegger, den fjerde vender inn mot inngangspartiet i skulen.

Vegger

Skulehuset er oppført i bindingsverk med murt sokkeletasje. Veggene i kapellrommet i sokkeletasjen er panelte innvendes.

Dører

Kapellet har felles inngangsdør med resten av sokkeletasjen og ei glatt, finert dør inn til rommet frå gangen.

Korskiljet

Kordelen ligg i same golvnivå som resten av rommet, men er markert med ulik golvfarge, ved ei faldedør som kan latast att på tvers av rommet og ved knefallet.

Vindauge

To todelte vindauge lyser opp rommet gjennom veggen mot skulegarden, den eine delen av vindauga er hengsla.

Golv og fundament

Golvet er kledd med nålefilt.

Himlingar

Himlinga er sett saman av betongelement i breidderetning med fasa skøytar.

Interiør

Altaret står ved fondveggen, preikestolen er plassert i korskiljet mellom det innkassa hjørnet og knefallet. Framfor hjørnet heng faldedøra som er i kunstskinn. Døypefonten står i hjørnet på den andre sida av altaret og framfor denne er det ei opning mellom veggen og knefallet. I skipet er det to felt med stolar og gang mellom felta. Inngangsdøra er bak frå gangen inn til skulen. På denne sida er det tre stolar i fire rekker, ved sørveggen er det seks stolar i fem rekker.

Fargar

Veggene er trekvite, himlinga kvit. Golvet i kordelen har fiolett og golvet i skipet grå nålefilt. Faldedøra er djupt raud. Liturgisk inventar og stolar er trekvite.

Lys og varme

Elektrisk lys og varme montert frå oppføringa av, rommet vert oppvarma med panelomnar.

Inventar

Altar

Altaret er laga av Erik Hæve, Bulken.[2] Det er eit kassealtar med sokkel der tre av sidene er dekte med liggjande skuggepanel sett intil kvadratiske hjørnestolpar i framhjørnene. Breidde 172 cm, høgde 90 cm, djupn 62 cm. Umåla.

Altarskåp

Frå først av hang eit knytt teppe på veggen bak altaret (sjå nedafor under Parament.

Kyrkja har no eit altarskåp i form av eit triptyk med hengsla fløyar og med høgt boga midtparti toppa med skoren kross. Det er eit skuleprosjekt og er laga av elevar ved Jordalen skule saman med treskjærar Sjur Mørkeve. Det vart teke i bruk i 2002. Utvendes er skåpet lyst brunbeisa. På venstre fløy er det rissa inn eit sigerslam på boka med sju segl, på høgre fløy symbol for von, tru og kjærleik, anker, kross og hjarte. Innvendes er det skorne og måla motiv. Til venstre Jesus stiller stormen, sentralt: Kristus med stråleglans i overkant. Frå han går det ut ei elv gjennom en dal, elva endar i ein foss nedst der det står ein person vend mot Kristus. (”straumar av levande vatn”?) I motivet til høgre sit ein kvitkledd person bedande i framgrunnen med ei bok framfor seg. Over den grøne bakgrunnen svevar ein lysande, kvitkledd engel.

Altarring

Kneleputa er kledd med svart sauepels. Handlista er av ein tredragar med indre hylle for særkalkar, boren av fire stolpar feste til knefallet. Lakka. Laga av Erik Hæve. Kneleskammelen ved altaret har same form og utstyr som knefallet.

Døypefont

Døypefonten er frå omkring 1900 og har åttekanta grunnform. Skaftet, ei sentral plate i kummen og fotplata er av heil ved. Plata i kummen er åttekanta med runda sider. Over plata har kummen ei innskrådd forhøging i form av ei kraftig list med holkil. Lista held dåpsfatet. Under plata er det også list med innskrådd holkil avslutta med gjennomskoren hengebord. Skaftet har profilert list som nodus. Overgangen mellom skaft og fotplate er formidla ved listverk med holkil og vulst. Fotplata er runda i overkant og har rett standkant. Døypefonten har vore måla og er sida luta.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er laga av Erik Hæve. Han er kasseforma på sokkel og tre sider er kledde utvendes med ståande skuggepanel. Oppe er han avslutta med eit formskore handbrett. Innvendes er det lesebrett, hylle og rom for oppbevaring av salmebøker, salmenummer etc. Den som preikar står på golvet bak stolen.

Stolar

Kapellet har jærstolar i naturfargar, nokre med salmebokhylle festa bak i sprosseverket.

Måleri

Bilete med motivet Jesus for Pilatus på nordveggen i koret.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Det er ingen liturgiske klede tilstades i kapellet.

Altarduk

Kvit duk i lin med svart, 4,5 cm brei krosstingsbord med krossmotiv på tre sider.

Andre tekstilar

Teppe framfor altaret. Vove, åkleliknande teppe med ulike teknikkar og med krossmotiv. Ull på renning i bomull eller lin.

Veggteppe. Rye teikna av tekstilkunstnar Else Poulsson, Oslo, og knytta av kvinner i Jordalen.[3] Motiv: kristogram i trekant på y-kross med strålar og stjerner. Teppet hang tidlegare over altaret.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Lita klokke ute i taket over inngangsdøra. Kokka er festa direkte til ein svingbom i jarn, og har runda hue, rett hals over utsvinga korpus som via riller går over i rett, skrådd slagring. Diameter 31,5 cm, høgde til svingbommen 25 cm.

Bøker

Bibel, Chra 1885, med innskrift: Tilhører Jordalens skolekreds. Modtagen 4de marts 1887 af J. Borge.

Offerkar

Standard kollekthov.

Diverse

To pidestallar.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Gravplassen i Jordalen ligg litt lengre sør i på den vestre sida av elva. Han ligg i natur-terreng i beitemark og har eit kraftig gjerde av ståande bord festa til firetoms boks som igjen er festa til runde gjerdestolpar, alt impregnert materiale og umåla. Porten er markert ved at borda og portstolpane er spissa i overkant.

Plassen er oppbygd, men har naturleg bakkeform. Det veks rognetre ved gjerdet og tre bjørker inne på plassen.

Gravminne

No er det 31 graver på gravplassen. Det eldste gravminnet som kan lesast er frå 1925.

Gravkapell

Kapellet har høgt saltak på ein halv meter høg sokkel over støypt plate. Utvendes er taket kledd med lappheller, innvendes panelt med ståande skuggepanel. I den eine takflata er det sett inn eit rektangulært, ståande vindauge. Gavlveggene er innvendes kledde med plater, utvendes med ståande over- og underliggjarar. Døra er utvendes kledd med panel og med metallbeslag i sokkelhøgd. Murgolvet og sokkelen er måla innvendes. Huset er innreidd med voven midtgangsløpar av sisal frå gavlvegg til gavlvegg og midt imot inngangsdøra står ein talarstol under ein kross av massing som heng sentralt på fondveggen. Det er også laga korte kyrkjebenker til kapellet. Desse står no stapla. Rommet er opplyst ved fire kuppelforma lamper, to på kvar takflate. Ei klokke heng over inngangsdøra utvendes. Klokka har ein diameter nede på 42 cm, høgda utan oppheng er 33 cm, med oppheng 41 cm.[4]

Utrykt kjelde
  1. Kallsbok, Oppheim prestegard

Bilete


Fotnotar

  1. Kallsbok fol. 13a.
  2. Kallsbok, fol. 13.
  3. Kallsbok fol. 13
  4. Kyrkjetenaren har målt opp klokka.