Jondal kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Jondal kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneJondal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.277599,6.256271
FellesrådJondal sokneråd
Kirke-id122700101
Soknekatalognr11080501
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Anne Marta Hoff


Innhold

Bakgrunn

Jondal kyrkje ligg i Jondal, nordvest på Folgefonnhalvøya, eit stykke opp frå sjøen på nordsida av riksvegen. Det har vore to kjende kyrkjer på staden tidlegare, den første var ei stavkyrkje som etter kvart vart i så dårleg stand at ho laut rivast, og tidleg på 1700-talet vart det så oppført ei tømmerkyrkje som vart ståande fram til den nye kyrkja vart reist av byggmeister Tengesdal i 1888.[1]

Stavkyrkja

Avsnittet er ikkje utarbeidd.

Tømmerkyrkja frå ca 1726

Avsnittet er ikkje utarbeidd.

Kyrkja frå 1888 – bygningen

Jondal kyrkje er ei langkyrkje av laftetømmer med smalare og noko lægre kor, avslutta ved tre sider av ein åttekant og med sidetilbygg eit stykke frå hjørna mot aust. Både kortaket og pulttaka over sidebygga er valma mot aust. Venterom for dåpsfølgje i nord og sakristi i sør har framleis sine funksjonar. Vest i kyrkja står eit høgt tårn med tilbygg på tre sider. Skipet er ei hallkyrkje med flate himlingar i sideskipa og tønnekvelv i midtskipet.

Bygningen

Vegger

Langveggene i skipet har fire høge vindauge kvar, flankerte av opplengjer. I skiljet mellom midtskip og sideskip er det fem par mellomstolpar, i flog med desse er det veggstolpar i aust og vest. Stolpane er avslutta under himlingane med kapitel av listverk og har gjennombrotne kne mot aust og vest. Stolpane korresponderer ikkje med vindauga. I vest er det også ein veggstolpe der tårnveggen møter skipet. Utvendes er veggene kledde med liggjande panel med staf, nede avslutta med vatnbord/drypplist over tørrmura grunnmur av tukta stein. Innvendes står veggene avluta, utvendes er dei kvitmåla. Veggene i koret med sidebygg er av same type og har same handsaming.

Portalar og dører

Hovudinngang frå vest gjennom tårnfoten. Døra vest i tårnfoten er ei fløydør med gavlforma overlys, fire store og seks mindre doble ruter, dei indre igjen oppdelte med blysprosser. Dørblada har åtte rektangulære fyllingar kvart. Mellom våpenhuset i tårnfoten og kyrkja er det ei tilsvarande fløydør med 10 fyllingar. Frå våpenhuset er det også dør mot nord til kapell og mot sør til garderobe. Døra ut til sør i garderoben er ny og har fire fyllingar. Nye dører er tilpassa dei gamle.

Garderoben sør i inngangspartiet har rullestolsinngang. Utafor sørinngangen er det bygt opp eit platå med rekkverk og med rullestolrampe mot aust og trapp mot vest. Utafor andre ytterdører er det trapper, alt i mur av tukta stein dekt med skifer.

Aust i kyrkja er det sveitserstildører med høge smale fyllingar med fasa rammer. Det er to dører frå skipet til gangar som fører inn til sideromma til koret og ut på kyrkjegarden. Ytterdørene har overlys. Det er også ei dør mellom sakristiet i sør og koret.

Vindauge

Dei fire vindauga på kvar side i skipet er høge og gavlforma med to postar og tre liggjande småruter øvst. Ytterglaset er klårt, innerglaset svakt farga antikkglas som igjen er oppdelt med blysprosser. Det er to tilsvarande vindauge i koret, i dei skrå veggflatene.

I sidebygga ved koret er det gavlforma vindauge aust i langveggene. Det ytre glaset er delt ved to vertikale postar og horisontale sprosser i ni, i tillegg er det tre liggjande småruter øvst. Innerglasa er vidare delt opp med blysprosser.

Korskiljet

Koret opnar seg mot skipet ved ein rundboge som mest har korets fulle breidde og høgde. I tillegg til profilert listverk rundt bogen er det lagt ein rundstav som følgjer bogen innvendes. I samband med nivåskiljet mellom kor og skip er det laga ei brystning av fyllingar i ramverk. Brystningane er avslutta oppe ved runda handlist over tannsnittsbord og mot kortrappa ved meklarar avslutta med tannsnitt, profilert dekkplate og kule. I nordre brystning er det laga ein port til den gamle preikestolen som er teken i bruk som lesepult.

Golv og fundament

Kyrkja har luta tregolv av smale bord i lengderetning. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet. Høgda er teken opp av to runda steg som går framfor brystningane. Fundamentet er ikkje undersøkt.

Tak

Over skipet er det saltak. Koret har også saltak. Både kortaket og pulttaka over korets siderom er valma mot aust.

Taket over skipet er eit sperretak med sperrer som utvendes er sveifa i endane og som er kløfta ned over raftestokkane og saman i mønet. Hovudsperrebanda korresponderer med mellomstolpane i skipet. Dei har to hanebjelkar, sperrer og undersperrer og hengebjelke mellom mønet og nedre hanebjelke. I raftehøgd, der himlingane ligg, er det lagt inn tverrgåande bindbjelkar som er synlege frå kyrkjerommet og langsgåande dragarar som er festa i mellomstolpane, truleg på halv ved. Undersperrene går frå desse møtepunkta inn til hengebjelken og er festa til denne under øvre hanebjelke. Mellomstolpane frå skipet held fram opp til taket der dei er veksla ut med doble langsgåande dragarar som stør opp under sperrene. Den nedre hanebjelken er lagd inn mellom dei to dragarane. Undersperrene kryssar nedre hanebjelke på halv ved. Hengebjelken er tappa ned i nedre hanebjelke. Øvre hanebjelke er festa til sperrene på halv ved, sikra ved jarnnagle og svalehale. Mellom hovudsperrebanda er det sett inn enklare sperreband og takflata er avstiva med kryssband på begge sider. Ein langsgåande dragar er lagt over nedre hanebjelke inntil hengebjelken.

På sperrene er det festa sutak som ber ruteheller. Himlingane er isolerte på oversida, dette gjev avgrensa tilgang til konstruksjonen. Taket over kordelen er ikkje undersøkt, men har venteleg ein tilsvarande konstruksjon som den over skipet.

Himlingar

Det er himlingar av staffpanel i skip og kor. I skipet er det flate himlingar i sideskipa og tønnekvelv i midtskipet. Nedre kant av tønnekvelven er prydd med tannsnitt og profilert listverk. I koret er det tønnekvelv med tre stikkbogara mot aust.

Tårn

Kyrkja har eit firkanta vesttårn i bindingsverk i fire høgder med våpenhus i første, orgelgang i andre, lagerrom i tredje og klokkestove i fjerde høgda. Dei vestre hjørnestolpane er synlege i første og andre høgd, i tredje og fjerde er også dei austlege synlege. Bindingsverket er festa til hjørnestolpane utvendes. Det er sett saman som bjelkerammer med sider, topp og botn og to eller tre mellomstolpar og to skråband. Konstruksjonen er forsterka under hjelmen med kraftige kne i øvre hjørne.

Våpenhuset har framleis den opphavlege avgrensinga og symmetriske trapper som svingar frå inngangsdøra etter vest- og høvesvis nord- og sørveggen opp til andre høgda. Resten av rommet er sekundært innreidd og rommar ulike praktiske funksjonar som lystavle, bokhylle og to lagerrom. Under trappene er det laga slakt boga opningar ut til dører til tilbygg i nord og sør. (Sjå nedafor under Tilbygg.) Veggene i vest og over trappene er originale, medan resten er kledd med nyare profilert panel. Himlingen har original staffpanel. Golvet er dekt med store firkantheller lagde diagonalt.

Orgelgangen har to dører inn til orgelgalleriet i aust og ei dør til organistens lager i tilbygget. Staffpanel på vegger og tak. Bordgolv. Rett trapp opp etter nordveggen.

Tredje høgda har liggjande staffpanel på sør- og vestvegg medan nordveggen berre har ytre kledning. I nord og sørveggen er konstruksjonen synleg. I aust er det inngang til loftet, i vest ei attstengd vindaugsopning. Trapp til fjerde høgda etter nordveggen.

Klokkehuset har også innvendes kledning i sør og vest. Vanleg bordgolv. Rommet har ikkje himling, men seks bjelkar er lagde i aust-vestleg retning som støtte for hjelmen. Dei to i midten er lagde som tang om kongen som kviler på ein kraftig tverrlagd bjelke i golvnivå. I golvnivå ligg også to andre bjelkar som støtte for klokkestolen. Rommet har lydluker i form av vindauge i sør, vest og nord. Vindauga er gavlforma med midtpost og to gonger tre ruter pluss ei lita liggjande rute øvst.

Hjelmen kviler på den øvre ramma i tårnet og har skjørt brote av ein liten gavl til kvar av dei fire sidene. Skjørtet endar under inntrekt åttekanta hjelm som er avslutta med spir med kuler. Hjelmen er kledd utvendes med ruteheller og lappheller.

Tilbygg

Kring tårnfoten vart det oppført eit tilbygg i 1978 etter teikningar av arkitektkontoret E. Vaardal-Lunde. På sørsida av våpenhuset har tilbygget garderobe med toalett fordelt på to høgder. Trappa går etter ytterveggen i sør og vest og fører også opp over hovudinngangen til lagerrom for organisten på nordsida av tårnet. I første høgda på nordsida er det innreidd eit kapell.

Inngangen til garderoben er frå sørsida av kyrkja via trapp og rullestolrampe. Inngang til kapellet frå nord via trapp. Frå våpenhuset er det dører til garderoben og til kapellet. Frå partiet over hovudinngangen er det dør til orgelgangen og til organistens lagerrom. Her er det også gavlforma vindauge mot vest. Garderoben i sør har vindauge mot sør og kapellet har vindauge mot nord, begge stader med gavlform, men utan tresprosser i ytre glas.

Utvendes er tilbygget kledd med kopi av bordkledning og listverk i kyrkja. Innvendes står treverket bert.

Interiør

Altaret står sentralt aust i koret, med rund, stor altarring. Oppgang til preikestolen over søndre korbrystning, inngang til lesepult gjennom nordre brystning. Ved meklaren i sør og ved korbogeopninga i nord går det faste brystningar inn i koret framfor sitjeplassar for ulike medhjelparar. Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen. Etter veggene er det faste benkefjøler og open gang. Stort vestgalleri med framspring over midtgangen.

Fargar

Det har tidlegare vore brystningspanel på veggene, Bendixen omtalar brystningspanelet som var djupt raudt mot olja vegger. Benker og bjelkeverk var gulmåla.[2] No er både vegger og golv trekvite (luta). Stolpane er forsiktig marmorerte i grå-brunt, benkevangane er lyst brunlege med gråblå basar og handlister, tilsvarande på handlistene på benkeryggane, benkene elles er avluta.

Himlingane er kvite med innslag av grått, også himlinga under galleriet. Gallerifronten er gråbrun med eit grønleg skjær. Listverk rundt vindauga gråkvitt som himlinga. Det blågrå og brungrå er staffert med raudbrunt og ei aning gull. Preikestolen mest raudbrun med grønt og gull. Altartavla har i hovudsak uhandsama treverk. Kyrkja har gråblått teppe i midtgangen og inne i altarringen.

Glasmåleri

Dei indre vindauga har antikkglas i små ruter innfatta i bly. Dei har ulike svake fargetonar mot grønt og grått. I dei skrå vindaugsflatene i koret er det glasmåleri. Glaset på nordsida i koret har følgjande innskrift: GAVE FRA JONDAL SJØMANNS UNDER-STØTTELSES-FORENING 1957. Signert nede i høgre hjørne: B. Greve 1957. Glaset på sørsida har innskrift: GAVE FRA FHV SJØMENN OG ANDRE, signert B. Greve 1957.

Glasmåleriet på nordsida er ei framstilling av Krossfestinga. Jesus heng død med krossglorie bak hovudet som lenar seg til hans venstre side. Lendekledet (fiolett) er knytt opp i knutar på hoftene. Knea er bøygde og føtene er feste med to naglar til fotbrett. Maria på venstre og evangelisten Johannes til høgre for Jesus. Under krossen truleg ein steinhaug. Jesus ber ei spinkel tornekrone, under krossfestings-scena er også ei framstilling av tornekrona. Sol og måne på sidene av krossen, små blå stjerner fordelte over botnen, øvst to raude som flankerer Guds hand i stråleglans. To englar stuper tilbedande ned på skrå mot krossmidten.

Glasmåleriet på sørsida er ei framstilling av Oppstoda. Kristus står i lufta over grava med armane rett ned på skrå med opne, naglemerkte handflater mot tilskodaren. Framfor grava sit ein engel på sarkofagloket. Ein romersk soldat i kvart av dei nedre hjørna. To englar bøyger kne i tilbeding i dei øvre hjørna. I toppen sol i sky. Raude og gule småstjerner fordelte over grå-grøn-lilla botn. Fargeskalaen i krossfestingsbiletet går meir mot fiolett, medan raudt og klårare fargar dominerer oppstodebiletet.

Lys og oppvarming

Elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Kassealtar av tre. På sidene og i fronten rammeverk i sveitsarstil i form av smale rundbogar med fasingar mot diamantform oppe og på sidene. Bakaforliggjande perlestaffpanel framstår som fyllingar. Baksida av altaret har perlestaffpanel med tre dører til skåp i altaret. Døra i midten er opphavleg med innfelde gangjarn og lås, dei sekundære har nye gangjarn og krok.

Mål: Breidde 2,50 m, høgde i altarringen 1,04 m, over golvet 1,23 m, djupn 0,90 m.

Altartavle

a) Altartavla frå tømmerkyrkja er no plassert på nordveggen i skipet. Etter innskrift er tavla frå 1726. Delar frå tavla, fotstykket og to søyler, er plasserte på nordveggen i koret. Desse har sekundær overmåling. Altartavla er i to høgder med skriftfelt under eit firkanta biletfelt flankert av søyler og gjennombrotne vengjer i første høgda, vengjene har ovale skriftfelt i laurbærkrans med fire gullbrosjer. Søylene er glatte med vulstar i basen og stivtlauvskapitel, og står på terningforma plintar. Rankane har perlerad-ornament og rest av bruskbarokk i utforminga, vengjene har to store tulipanar over kvart skriftfelt. Andre høgda har eit ovalt biletfelt omgjeve av laurbærkrans med fire gullbrosjer innafor gjennombrotne rankeornament. Treverket har originalmåling i bleikraudt, kvitt, grønt, gull og beige. Overstrødd med glitter. Bileta er måla på lerret med treplate bak. Måleriet i første høgd viser Krossfestinga. I kransen til venstre står: ANNO 1726 TIL GUDS ÆRE, og til høgre: OC KIRKENS PRYDELSE GIFUEN AF. Framhaldet kjem på skriftfeltet nede i midten: NIELS HEINESØN UIG OC MADELE IOHANNISDATTER ELLEF IOHANNESØN (SAMT DERES SUOGER) OC GURO NIELS D SELSUIG. Måleriet i andre høgda viser Himmelferda.

b) Altartavle på altaret. Altartavle av eik frå kyrkja si oppføringstid. Nygotisk snekkararbeid med stort biletfelt med nedtrykt boge. Over bogen formar snekkarverket eselryggboge som i toppen fell saman med ein ytre spissboge og dannar base for ein kross. Inne i eselryggbogen er ei skoren relieff-framstilling av den oppstadne Kristus med sigersfane mellom to knelande englar. Biletfeltet er flankert av to smale gotiske tårn som opnar seg mot vest og kvart av tårna inneheld ein tynn pillar – som ein prosesjonsstav – som ber ein skoren figur, Maria til venstre og (truleg) evangelisten Johannes til høgre. Sidetårna er avslutta opp med bogar, fialar og krabbar. Snekkarverket står udekt, skulpturane ser ut til å ha vore lyst måla og målinga så fjerna. Dei framstår no som lysare enn treverket elles. Under målerifeltet er måla med gull: Det er fullbragt. Ein skulle venta å finna ei krossfestingsscene som motiv for måleriet, men det har i staden ei framstilling av Nedtakinga frå krossen. Måleriet er signert nede i venstre hjørne: Nils Bergslien – Copi – 1887. På baksida av tavla er måla: Indviet den 18 Juli 1888.

Altarring

Altarringen er rund med opning på kvar side av altaret. Golvet i altarringen ligg eit steg over korgolvet. Knefallet er stoppa og trekt med raud, prega skai. Slanke, dreia pilarar ber flat handlist med indre hylle for særkalkar. Nedre del er grøn, pilarane grå-kvite, handlista brun. Altarringen er stor (diameter ca. 4 m.) og fyller mykje av koret.

Kneleskammel

Kneleskammel av tre, kasseforma med profilert listverk i nedkant. Truleg opphavleg. Skammelen er open mot altaret. Dei tre sidene er ådra i gulbrunt. Kneleputa er stoppa og trekt med nyare raudt ullstoff.

Døypefont

Dåpsengel. Slutten av 1700-talet (?). Engelen i heilfigur svevar med armane framstrekte med dåpsfatet i laurbærkrans mellom hendene, hovudet er heva og saman med kroppen og beina formar det ein jamn boge. Engelen har detaljerte fuglevengjer, bølja hår og kort lendeklede. Opphenget frå taket er festa gjennom magen på engelen og sikra med mutter. Vengjer, hår, lendeklede og krans er gullfarga, karnasjonsfargen kvit, auga klårt blå.

Preikestol med oppgang

Kyrkja har to preikestolar, den eldste frå tømmerkyrkja har vore lagra på kyrkjelemmen, men er no teken i bruk som lesepult. Den andre vart laga til den nye kyrkja i 1880-åra.

a) Den gamle preikestolen er eit enkelt snekkararbeid frå renessansen. Berre korga (utan botn) er bevart. Fonten har fire fag, kvart fag har tre fyllingar skilde med rammer og mellomstolpar. Fyllingane utgjer storfelt og øvre og nedre smalfelt. Mellomstolpane er kannelerte utvendes. Dei tre felta er utvendes innramma med profilerte lister. Storfeltet har portalornament. Under øvre smalfelt er ei meir utarbeidd list, og under handbordet er det også ei tannsnittlist. Handbordet er stoppa og trekt med nytt skinn. Fargar: Fargane er slitne. Ein raudbrun og ein grøn farge dominerer. I nedre smalfelt er det restar av eit ornamment der band av tre parallelle strekar slyngar seg på flata. Smalfelta er elles lyse med svart stopling til venstre og raud til høgre. Storfelta er i hovudsak raude. Det er sekundært laga ein del innskrifter med blyant på felta.

b) Preikestol laga til den ståande kyrkja. Stolen har korg med seks felt, kvart med ei fylling med nedtrykt boge. Utvendes er det forma eit lite smalfelt under storfeltet og ei skoren bord held den profilerte understøttinga til handbordet som er stoppa og skinntrekt. Under smalfelta er det også ein profilert base med skoren ornamentbord. Basen kviler på gjennomskorne kne som går ut frå det åttekanta skaftet som har midtring og fot med lister og ornament. Fargar: Raudbrunt, grønt og noko gull.

Preikestolshimling

Preikestolhimling frå tømmerkyrkja heng no over preikestolen. Himlingen er sekskanta, har flat overside, skorne ranker som hengebrett og flat overside. Midt i himlingen heng ei due.

Benker og faste stolar

Kyrkja har benker på begge sider av midtgangen med gang og veggbenk ved langveggene. På kvar side av benkene er det rektangulære benkevangar med ei fylling. Ryggen er ettermåten bratt, med fleire mindre fyllingar i ramme og med salmebokhylle på bak i overkant. Benkeplata er runda og stikk litt framfor vangen. I tillegg til vangane er benkene understøtta av to beinpar med fotstøtte festa til bakre del. Rygg, benkeplate, bein og fotstøtte er umåla, Vange, handlist og salmebokhylle er måla. Vangen og hylla er beige, fyllingane lyst gråmarmorerte, listverk staffert med plommeraudt, gråbrunt og gull. På benkene ligg det gråbeige puter.

I vesthjørna i koret er det veggbenker med brystvern framfor. Ein kort benk i sør ved oppgangen til preikestolen og ein lengre i nord. Brystvernet har same form som brystverna mot skipet og står vinkelrett på desse.

Galleri

Vestgalleriet går fram forbi det austlege langveggsvidauget i skipet. Det er konstruert med støtte i opplengjene i langveggene og mellomstolpar i skipet. I tillegg er det to stolpar på kvar side av midtgangen som ber langsgåande bjelkar under gallerigolvet og som også dannar opplegg for eit framspring av galleriet over midtgangen. Galleriet er underkledd med staffpanel og med unntak av desse to bjelkane, er ikkje bjelkelaget synleg. Gallerifronten har flate fyllingar i ramme, forma som eit nedre smalfelt og eit øvre storfelt, under handlista er det tannsnittlist. Golvet på galleriet er avtrappa med orgel sentralt og benker på sidene.

Gallerifronten er måla i ulike grågrøne og grå fargetonar, stafferte med raudleg og gull på listverket. Det er måla fris på fyllingane i storfelta. Himlinga under galleriet er lys grå-kvit.

Skulptur

Sjå døypefont.

Krusifiks på Bergen Museum, ikkje registrert.[3]

Tavler

To høge og rektangulære nummertavler. Tavlene er svartmåla i ramme, flankert av snodde søyler på konsollar og med platekapitel under øvre gavl av listverk. I tympanonfeltet står to songfuglar i rundskulptur vende mot einannan. Under nedre rammelist er festa eit skore rankeornament. Ramma er raudbrun staffert med grønt og gull, fuglane er kvite mot mørk bakgrunn.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduk av kvitt linlerret med rettsida, 23 cm brei hardangersaumsbord i kvit lintråd kanta med enkle svartsaumsborder på tre sider av duken. Hardangersaumsborda har samanhengande diagonale ruter med motiv som vekslar mellom krossar og kroner med bokstavane INRI innskrivne. Duken er sydd på dugnad av kvinner i Jondal.

Altarklede

Raudt altarklede av kypertvove ullstoff på blå renning. Under kledet ligg eit fôr av raudt bomullstoff. Kledet er vove av kvinner i Jondal.

Antependier

Kyrkja har preikestolantependier i dei fire liturgiske fargane med broderte motiv. Den kvite har sigerslammet på boka med sju segl, det grøne har tre aks, det raude ei nedovervend due, og det fiolette kross med vatn- og bloddråper som dryp frå krossarmane ned i font og kalk.

Messehaklar

a) Vinraud messehakel i svak skjoldform i fløyel med lysare satengfôr. 1900-talet. Forside og ryggside kanta med gullfarga band. Ryggsida har kross av breiare gullfarga band.

b) Kvit messehakel i smal, spissa form. Ca 1960. Den norske Husflidsforening(?) Hovudstoff i ulldreiel. Hakelen er kanta med grønt stoff og har stolpe på ryggsida og rombeforma skjold på forsida, begge av grønt stoff. På stolpen er brodert vekselvis likearma krossar og sirklar, på skjoldet chi-rho.

c) Grøn messehakel i rettsida, tilnærma rektangulær form med melert hovudstoff i krosskypert og gult fôr. 1980-talet? Forsida har stolpe markert med vertikale, gullfarga band og chi-rho i brysthøgd, ryggsida har stor, latinsk kross av gullfarga band og i krossmidten ein likearma kross, konturen av band, med IHS innskrive.

d) Fiolett messehakel med rette sider og runda nedside. Ca 2000. Lokalt arbeid. Hovudstoff i melert fiolett stoff kanta med skråband i same stoff. Forsida har stolpe, ryggsida kross, av kvitt stoff med bord med likearma krossar mellom sikksakkornament. Broderiet er krossting av fiolett tråd. Messeskjorter ikkje registrerte. Svart kyrkjegardskappe.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Jondal kyrkje har fire klokker, frå mellomalderen som no er lagra i tårnet, og to frå Olsen Nauen klokkestøyperi som er i bruk. Elektrisk ringjeapparat.

a) Klokke frå mellomalderen. Andre halvdel av 1200-talet. Klokka har oppheng med seks runda bøylar og midtboge. Hua svingar svakt ut og runda ned mot halsen. Rettsida, svakt skrådd korpus som nede skrår ut og bratt ned i slagringen. Slagringen har flat underside. Øvst på hua, på halsen og nede mellom korpus og slagring er band markert av to riller. Under rillene på hua er det påstøypt to merke i form av segl med tre klokker og vekstornament omgjevne av innskrift, SIGILVM BENEDICTI CAMPANANI, altså kolkkestøyparen Benedikts segl.[4] I bandet på halsen er det ulike enklare, pålagde merke eller bokstavar, Bendixen les dei som BENEDICTUS. Diameter ca 77 cm, høgde om lag 96 cm med krone, 73 cm utan.

b) Klokke frå mellomalderen. Andre halvdel av mellomalderen. Klokka har tilsvarande form som klokka ovafor. Opphøgd innskrift på bandet på halsen: SALVE SANCTA PARENS (Ver helsa, heilage mor). Diameter 65 cm, høgde med krone ca 85 cm, 63 cm utan.

c) Klokke frå Olsen og Nauen, 1998. Klokka har produsentens namn og produksjonsår på rille på halsen over kraftig ring av planteornament. På korpus due med oljekvist over ANDEN GJEV LIV. På den andre sida av korpus er Den norske kyrkjas emblem over GLORIA IN EXCELSIS DEO. Diameter 65,5 cm, Høgde med krone 62,5 cm.

d) Klokke frå Olsen og Nauen, 1998. Klokka har produsentens namn o g produksjonsåret på rille på halsen over kraftig ring av planteornament. På ei side av korpus chi-rho over KRISTUS ER HERRE og på den andre sida kyrkjas emblem over SOLI DEO GLORIA. Diameter 77 cm, høgde med krone 72 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

a) Orgel frå Vestre orgelfabrikk, 1931. Instrumentet hadde 13 stemmer fordelte på to manualar og pedal, overføringa var pneumatisk.

b) Orgel frå Christensen 1988, 26 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Kombinert overføring. Fasaden har tre tårn, det i midten høgst. Tårna er krona med skorne akantusornament, medan felta mellom tårna er horisontalt avdekte. Sidetårna har boga forside. Både tårna og dei to felta mellom desse har metallpiper. Treverket er måla i grøn-blå fargetonar, kroningane har bladgull. Piano, Grotian Steinveg.

Harmonium med to manualar og pedal.

Møblar

Ein del eldre stolar i korområdet, ikkje registrerte.

Offerkar

Stoffposar på ring med to handtak av tre. Grønt ullstoff.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv, trektforma med flat fot. Innskrift på korpus på begge: JONDAL KYRKJE og på foten: FRÅ ARBEIDARANDE VED KYRKJERESTAURERINGA 1963. Høgde 22,5 cm, diameter 9,5 cm.

Diverse

Modell av fullrigga seglskute heng midt i skipet.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

Kyrkjegarden i Jondal

Kyrkjegarden ved kyrkja har to inngangar gjennom muren på sørsida av kyrkja. Muren ligg til fylkesvegen med ein liten parkeringsplass etter motsett side av vegen. Inngangen vest i sørmuren følgjer vestmuren fram til kyrkjedøra.Den austre inngangen fører til sakristidøra og til rullestolsrampen sør for kyrkja. Denne gangen er hellelagd, elles ligg det singel på eit klårt avgrensa felt kring kyrkja. Singelgangen aust for kyrkja stoppar ved venterommet for dåpsfolk og går elles nordetter og ned til kyrkjegardsutvidinga i nord. Aust for kyrkja har det også vore gravplass i eldre tid. Nordvest for kyrkja er det gravminne fram til ei tidlegare avgrensing av kyrkjegarden ved mur mot lægre terreng i nord. På nordsida av kyrkja er det seks graver i breidda nærast kyrkja før den nemnde muren. Utafor muren, og lægre, ligg bårehus med reiskapsbu med vegtilkomst frå nordvest. Den nordlegaste delen av austdelen er truleg nyare. Dei nye delane av kyrkjegarden mot nord er omkransa og delt inn ved hekk.

Kyrkjegarden på Herand

I Jondal kommune er det enno ein kyrkjegard. Denne ligg på Herand som ligg ved fjorden noko lengre nordaust, like sør for Samlaneset. Kyrkjegarden vart vigsla i 1903 og var tenkt brukt for busetnaden på Herand og på Svåsand. Han vart første gongen teken i bruk ved gravferda til Lars L. Melen (1853-1904).

Kyrkjegarden har rektangulær form, avgrensa med stakitt mot nord, vest og sør og med skråning med mur mot aust. På vestsida ligg eit porthus med klokketårn ved stakkittet. Lengre nord på same sida er det i seinare tid oppført eit lite hus for reiskapar og opphald.

Klokketårnet har rette vegger i bindingsverk kledd utvendes med liggjande bord. Aust-vest gjennom første høgda går ei rundboga opning med dører til trapp til klokkerom. Rommest har panela lydluker og attlatne glir dei inn i veggflata. Tørnet er avslutta oppe med inntrekt, åttekanta hjelm over skjørt, begge kledde med lappheller. Klokka er ikkje registrert.

Gravminne

Det er einskilde eldre gravminne på kyrkjegarden ved kyrkja mellom anna eit frå 1897 (med buskbom). Framfor inngangsdøra i vest står eit gramvinne (folket frå Jondal herad) Det er også ein del gravminne nordvest for kyrkja. Aust for kyrkja finst ein del eldre gravminne frå 1909 (lærar Lars Færevaag) og frå 1900 (Sjur L. Eide og Severine Marie S. Eide).

Bilder


Fotnoter

  1. Etter innskrift bak altaret. Bendixen s. 446
  2. Bendixen s. 446
  3. Jf Blindheim 1970
  4. Datering, Innskrifter og mål på klokkene er dels tekne etter Bendixen, s. 448