Holdhus kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Holdhus kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneFusa kommune
ProstiMidhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.243222,5.833075
FellesrådFortidsminneforeningen
Kirke-id124100101
Soknekatalognr10030601
BygningsgruppeKirke i privat eie (kl § 17)
VernestatusAutomatisk listeført (1650-1850)


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Holdhus kyrkje som før 1900 var kjend som Haalandsdalen kirke, ligg mellom Skjelbreidvatnet og Gjønavatnet i gardklyngja Holdhus. Kyrkja var soknekyrkje i mellomalderen, etter reformasjonen annekskyrkje i Fusa prestegjeld.

Kyrkja er første gongen nemnd på eit pergament frå 1306, då som "kirkiunnar a halande i rossa dale" (DN XXI, 6-7). Sidan nemnd som soknekyrkje i Bjørgvin kalvskinn omkring 1350. Etter det kjenner vi kyrkja frå rekneskapar og synfaringar i prioden 1618-1722 og frå yngre kjelder.

I det store kyrkjesalet i 1720-åra vart kyrkja seld til Chr. W. Segelken. (Mykland, 1976, s.113.) Sidan hadde ho fleire private eigarar fram til 1867 då dei dåverande eigarane, Hans Hansen Rød, Baard Haugervoll, Od Olsen Haugen, Gitle Rennesvik og Morten Paulsen Rød gav kyrkja med alle rettar og innkomer til soknet. (Skaathun 1961, s. 554.) Kyrkja var for lita i høve til folkemengda, ho mangla vedlikehald og det var naudsynt med ein ny kyrkjegard. I tillegg kom at kyrkja låg lite sentralt for delar av kyrkjelyden. Soknet fekk påbod frå Stiftsdireksjonen om å byggja ny kyrkje i 1880 og denne sto ferdig på Eide i 1890.

Holdhus kyrkje gjekk ut av vanleg bruk og det vart sett fast at ho skulle rivast. Ho vart seld til Hans H. Holdhus i 1889 med føresetnad om at han let kyrkja riva innan to år. Men i staden selde han kyrkja vidare til Fortidsminneforeninga i 1900. Kyrkja gjennomgjekk ein omfattande reparasjon i 1905-1906 under leiing av arkitekt A. Schak Bull, og har etter det vorte halden vedlike av foreninga. (Div. brev i AA.)

Frå 1920-åra har det årleg vorte halde olsokmesser i kyrkja, særlege kyrkjelege forretningar finn stundom stad og kyrkja vert brukt i undervisninga til leirskulen på staden.

Pergamentet frå 1306 reknar opp det som i dette året, biskop Arne sitt andre år som biskop, var "goz ok skrud kirkiunnar a halande i rossa dale". I tillegg til dei opplysningane som lista gjev om inventaret, kan visse trekk ved den dåverande bygningen anast. Stavkyrkja hadde "forkirkian" (skip) og kor og "tuær klokor J stopplinum" - kanskje ein frittståande klokkestopul.

I dei skriftlege kjeldene frå 1618 og fram til 1722 er kyrkja framstilt som ei stavkyrkje med tårn, sekundært tilbygd tømmerkor i aust og eit våpenhus i vest.

Bygningssoga er til dels uklar. Om ein tek utgangspunkt i den stavkyrkja som inventarlista omtalar i 1306 og reknar med at det var denne som framleis sto på 1600-talet, må det ha skjedd ein del endringar. Det koret som var omtalt i 1306 var truleg stavbygt, medan kyrkja på 1600-talet har eit kor av tømmer. Stopelen som er nemnd på 1300-talet er knappast den same som det tårnet som er omtalt i kjeldene frå 16- og 1700-talet og som framleis står. Etter konstruksjonen å dømma er det lite truleg at dette kan vera oppført før mot slutten av mellomalderen. Det som då kunne stå att av mellomalderkyrkja, er skipet. Utfrå dei opplysningane vi har, mellom anna om taket, er det rimeleg å tenkja seg stavkyrkjeskipet som eit einskipa anlegg. Eit vanskeleg punkt i tolkinga av bygningssoga, er kvar ein skal plassera tårnet i høve til dette skipet. Det er fleire opplysningar i rekneskapar og synfaringar som tydar på at tårnunderbygget har fungert som ein integrert del av kyrkjerommet. Andre opplysningar gjer det meir nærliggjande å tru at tårnunderbygget har fungert som våpenhus, dette vert nærare handsama under dei ulike byggningsdelane.

Alternativt kan det tenkjast eit brot i sambandet mellom kyrkja frå 1306 og den vi møter att omlag tre hundre år seinare. Tårnunderbygget i kyrkja kan i tilfelle settjast i samband med ein evt. mellomliggjande bygning, ikkje minst avdi dette er konstruert slik at alle aust-vestgåande ledd kan tenkjast å halda fram austover. Tanken føreset ei plassering av tårnet innafor "Kirchen" eller skipet. Det er ikkje sikre haldepunkt for ei slik tolking, og ho vil heller ikkje bli nærare handsame her.

Siste gongen stavkyrkja er nemnd er i synfaringa frå 1721. Nokså snart etter dette må den noverande tømmerkyrkja ha vorte oppført. Det gamle tårnet med underbygg vart ståande vest i skipet i denne kyrkja. Målinga på innsida av tømmerveggene er etter stilen tidfest til første fjerdedelen av 1700-talet. (Brænne og Olstad, rapport, AA.) På fleire vindauge i kyrkja er årstalet 1726 brent inn. På dette grunnlaget kan ei datering av tømmerkyrkja til rundt 1726 tykkjast rimeleg. Koret i tømmerbygget kan ha vore det gamle som vart flytta inntil den nye austveggen i skipet. I 1848 vart koret etter bispevisitasmelding erstatta av eit større kor i mest same breidde som kyrkja elles.

Gravingar i grunnen under nordsida av skipet i 1991-92 gav ikkje eintydige spor etter tidlegare kyrkje, men truleg spor etter nedgravingar for graver, noko som kanskje kan tyda på at her har vore kyrkjegardsterreng. Ingen myntar eller andre gjenstandsfunn frå mellomalderen, derimot frå 17- 18 og 1900-talet. (Hoff, rapport, AA.)

Stavkyrkja slik ho framstår i 1306

Dei sikre opplysningane vi har om stavkyrkja slik ho sto i 1306 er frå det nemnde pergamentet.[1]

Bygning †

Kjelda nemner bygningsdelane kor (koren), skip (forkirkian) og stolpel (stopplinum).

Interiør †

Interiøret må ha vore dominert av den tekstile skruden. Heile koret og heile skipet var såleis tjelda med revler og undertjeld. Revle eller refil er eit langsmalt tøystykkje, stundom med firurframstilling, ofte brukt øvst på veggen over tjeld, eit enklare stoff som gjerne var drapert på veggen.

Inventar †

Skulptur. Av skulpturar har lista: to trekrossar, ein stor kross med Maria og Johannes med seks sølvplater, tre på kvar arm og ei sølv sølje, og ein Jorsalkross. Vidare eit Maria-bilete og ein kjertestav av kopar.

Rituelle kar. Ein kalk, innvendes gylt med knapp som veg "otte øre paa en ørtug nær" (J.Bing). Elles er nemnd eit eldkjerald og ein vasskjel.

Parament. Det tekstile utstyret har vore rikt. Såleis nemner kjelda: Antependium. Kyrkja hadde antependium med to ‘handklædum’ (DN) eller ‘stæinklædum’ (J.Bing). Altardukar. Det var tre altardukar, den eine med "bunade" (utstyr?). Vidare eit linklede om altarbrødet (corporale) med hus og eit handkle. Tre messeserkar med haklar, i J. Bing si omsettjing: en messeserk med pells hagel og alt utstyr. Item en anden med pells hagel. Item en tredje med kamalots hagel. (Pell var eit kostbart stoff, vanlegvis truleg av silke av ulike slag. KLNM, Päll.) Ei silkefane (J.Bing: eit merki af silki). I tillegg kjem den nemnde klednaden av veggene med revler og undertjeld.

Lysstell. I tillegg til kjertestaven som er nemnd saman med kyrkja sine skulpturar, nemner inventarlista to tinn-amplar.

Klokker. To klokker i stoppelen og to handklokker.

Bøker. Ei messebok for kyrkjeårstidene og helgendagane, helgenlegendane året gjennom, eit responsorium for dagane i kyrkjeåret og helgendagane (?), ein gamal psalter, ei lita hymnebok, ein liten psalter, felles offisier for helgenar (?) og ei handbok som inneheldt ordning for kyrkjelege handlingar. (Omsett med hjelp frå Helge Fæhn og Lilly Gjerløw.)

Av dette inventaret er alt komme vekk, kanskje med unntak av dei to klokkene i stopelen.

Stavkyrkja i perioden 1618-1722

Stavkyrkja er i det føljande beskriven utfrå skriftlege kjelder og eldre bygningsdelar i den noverande kyrkja. Skipet i denne kyrkja kan vera det same som er omtalt på 1300-talet. Koret og tårnet må ha vorte oppført seinare.

Rekneskapane for kyrkja tek til i 1618 og går fram til kyrkjesalet, med lakuner i 1652-62 og i 1664-68. I tillegg kjem beskrivingar av kyrkja frå 1661-65, 1686, 1709 og 1721.

Bygning

I synfaringa frå 1686 heiter det om kyrkja: "Haalandsdals Kirche, Er een Staffue Kirche och Chorit siden tillbygt af Tømmer, inden till Malit och Vell flid uden till med eet lidet Vaabenhus och Taarn". Stiftsskrivar Hvidt skriv i 1721 at kyrkja er "een Stave Kirche og Coret af Tømmer Bygning, Fremme er Waabenhuuset og Taarnet under een Bygning, over alt med bord tægt og indeni mahlet". Han gjev desse måla for kyrkja: "Corets Lengde er 8 al. og Breden 9 al, (5 x 5,7 m), Kirchens Lengde 16 al. og Breden 12 al, (10 x 7,5 m), Waabenhuuset 5 al. langt og 9 al bredt, (3,1 x 5,7 m)."

I den noverande kyrkja er det bygningsdelar frå denne kyrkja. Dei viktigaste er tårnunderbygget som no står vest i skipet og tårnet som for ein stor del er oppattnya, men som inneheld ein del eldre materiale og der konstruksjonsmåten truleg er den gamle. Elles kan nemnast veggbord frå stavkyrkja, ei dør, truleg delar av tømmeret i koret og bord i sutaket.

Utfrå opplysninga at "Fremme er Waabenhuuset og Taarnet under een Bygning" og det at Hvidt sine mål for våpenhuset mest samsvarar med grunnplanen for det noverande tårnunderbygget, er det rimeleg å tru at våpenhuset og tårnet var identiske med noverande tårnunderbygg og tårn. Utfrå andre opplysningar i det skriftlege materialet ser det likevel ut for at våpenhuset har vore ein eigen konstruksjon lengst vest og at tårnunderbygget har vore innlemma i kyrkjerommet. Løysinga av dette problemet er avgjerande for tolkinga av bygningssoga. Det kan ha skjedd endringar i dei periodane der rekneskapen for kyrkja manglar. Det skriftlege materialet og dei gjennbrukte bygningsdelane gjev føljande opplysningar:

Vegger. Utfrå beskrivingane har skipet vore oppført i stavverk med sekundært kor av tømmer. Utvendes har heile kyrkja vore bordkledd og tjørebredd (rekneskapar 1630-32, 1693-95, 1696-98), hjørnene har vore innkledde med "hjørneskier" (hjørnekassar). Innvendes har kyrkja vore måla, i alle høve i siste del av 1600-talet. (Sjå interiør.)

Kjeldene fortel lite om konstruksjonen i skipet utover at det var ein stavbygning. I 1624-26 vart det kjøpt ein ny hjørnestav. Ved ei vøle i 1633-35 vart det kjøpt to bjelkar, fire opplengje, fire kne og åtte jarnboltar "till at sammen binde Kirchen med", truleg på tvers. Det er samstundes betalt for "At driffue Choret som var viget fra Kirchen", dei nemnde materialane kan også ha hatt med dette å gjera.

Stavkyrkjeveggene er dels kjende ved at det finst oppattbrukte veggbord frå stavkyrkja i den kyrkja som står idag. Borda ser i hovudsak ut til å vera av to slag som skil seg frå kvarandre både i tverrsnitt og i profilbruk. Den eine typen har spiss not, to boga sider og kileforma fjør, desse har profil med holrenne med v-forma snitt til begge sider langs med notkanten. Den andre typen har meir butt, plogforma fjør og tilsvarande not. Desse har rettvinkla, nedsenkt profil. Profilane på begge typar er i mange tilfelle dregne på begge sider, til dels nokså ujamnt. Det at det er to typar bord kan peika mot to byggjefasar. Handtverket er tildels upresist utført. Alle borda er sekundært kappa i endane og gjev ikkje grunnlag for å seia noko om høgda på veggene i stavkyrkja. Veggborda er grovt tilhogne på den måla sida som må ha stått som innside. På utsida er dei glattare, men dette er dels ei følje av slitasje ettersom dei har lege som golvbord i kyrkja med den måla sida ned. Ein del av borda ligg slik til at dei ikkje er råd å registrera. (Sjå kyrkja frå 1726 - golv. For datering og beskriving av veggmålinga, sjå interiør.)

Nokre bord står i dag i same posisjon som dei sto i då dei vart måla på midten av 1600-talet. Dette er den same målinga som finst på dei andre veggborda og som truleg har vore veggmåling i skipet frå midten av 1600-talet. Borda står i full høgde mellom stolpane i bindingsverket i tårnunderbygget, no berre på nord- og vestveggen nord for inngangsdøra, men målingsspor på stolpane viser at det har stått tilsvarande bord på sørsida på sør og vestveggen. Slik borda er passerte i tårnunderbygget, er dei ikkje sette inn i noko ramme som i ein stavbygning, men festa til losholtar i bindingsverket med trenaglar. Borda må vera sekundært brukte her. Vanlegvis tenkjer ein seg at stavkyrkjeveggborda i tårnunderbygget er flytta hit frå eit tidlegare stavbygt kor. Aust i nordveggen er det tre saga bord med ein profil med tre parallelle riller langs kanten, men med same måling. Dette kan tolkast slik at ein ikkje har hatt nok av stavkyrkjeborda til å fylla ut mellomromma mellom stolpane.

Kyrkja kan frå først av ha hatt eit stavbygt kor. Den kyrkja vi kjenner frå 1306 hadde kor og dersom det var den same kyrkja som sto fram til 1720-åra, kan det vera veggbord frå dette koret som no står i tårnunderbygget. Kva tid dette koret evt. har vorte utskift med eit tømmerkor, er det ikkje sikre haldepunkt for. Ei slik ombygging er ikkje omtalt i rekneskapane. Dersom det har skjedd i denne perioden, må det ha vore i samband med rekneskapslakunene i 1652-62 eller 1664-68. Det kunne evt. sjåast i samband med dette at det i 68-70 vart lagt ny kvelv på "Crome bouger" i koret. Det er likevel lite truleg at det vart gjort så seint, ettersom profilet med dei tre parallelle rillene berre vart nytta fram til 1640/50-åra (Brænne). Vidare må det evt. ha skjedd før veggmålinga i kyrkja vart utført, det vil seia rundt midten av 1600-talet. Det er difor rimlegare å tenkja seg ei ombygging før rekneskapane tok til i 1618.

Dei nedre omfara i det noverande tømmerkoret har oppattbrukt tømmer som kan vera frå det tilbygde tømmerkoret til stavkyrkja dersom dette vart brukt som kor i tømmerkyrkja.

Langs med benkene på nordsida av midtgangen ligg det no ein bygningsdel som kan ha vore underliggar for stavlegje i ei tidlegare stavkyrkje. (Storsletten, rapport, AA.)

Dører. I rekneskapane er det nemnt dør til våpenhuset og dør til "Kierchen" og i 1630-32 "To Porter til Kierchedørren, med døere oc Jern Hengsler". I 1662-64 er det kjøpt ei våg jarn til jarnhengsler "paa Lugerne paa Waabenhusdørren og portene". I 1668-70 vart det kjøpt eit nytt nattlås til kyrkjedøra og i 1708-10 vart det slått opp to nye hengsle på våpenhusdøra. Ut frå desse opplysningane ser det ut som det har vore dør til våpenhuset og dør frå våpenhuset inn i kyrkja.

Den døra som idag står som dør inn til skipet frå vest er truleg ei oppattbrukt kyrkjedør. (Sjå kyrkja frå 1726). Vidare er det funne eit bord som no ligg på kyrkjelemmen og som mest sannsynleg er del av ein tidlegare dørvange.

Vindauge. Det finst ingen opplysningar om kva slag, og kor mange lysopningar det var i kyrkja før rekneskapane tek til. I 1621-23 vart det sett inn to nye vindauge med karmar. Rundt 1630 vart det kjøpt tre nye luker til å ha framfor vindauga, det har då ha vore minst tre vindauge i kyrkja. I 1633-35 vart det kjøpt eitt vindauge, i 1650-52 eitt. Same perioden vart det kjøpt luker til "Winduerne wdi Corit". Etter synfaringa i 1686 vart det i Holdhus som andre stader festa "drevbord" (vindaugslister) rundt vindauga. I 1693-95 vart det kosta "Toe ny Luger for Kirchens Winduer paa søre side". Ved århundreskiftet, 1699-1701, vart det laga "4 ny Winduer udj 2de Karmer, med rammer, beslag och Arbeidsløn...3 rd", kanskje på nordsida. Sidan er det berre nemnt vedlikehald.

Fundament. Det har truleg vore tørrmur av naturstein under heile kyrkja. I 1699-1701 vart koret oppvegd og svillene oppattnya. I samband med dette arbeidet vart muren under koret og fundamentet under altaret forbetra. I 1991 og 1992 vart det utført arkeologisk gravearbeid under nordre del av skipet i den noverande kyrkja. Arbeidet gav ikkje grunnlag for å seia noko om fundament for ei tidlegare kyrkje. (Hoff, rapport, AA.)

Golv. Golvet i kyrkja i det tidsrommet som vert dekt av kyrkjerekneskapane var bordgolv på golvåsar og vart stadig vølt utover på 1600-talet og fram til den nye kyrkja vart bygd. I 1699-1701 var det eit større arbeid med korgolvet som i samband med oppveging av koret vart rive opp og lagt på nytt.

Tak. Gjennom heile 1600-talet og fram til 1722 hadde både våpenhus, skip og kor sperretak med tjørebredde, sulagde bord. Taka vart vølte år om anna. I rekneskapane er det nemnt kraftige "huggen" bord som er festa til "sambdregler", "sømdreyler" eller "opplenger". Takpanner, heller eller spon er ikkje nemnde.

"Fordørren", truleg identisk med våpenhuset, fekk nytt sutak i 1624-26. Søndre tak over våpenhuset vart fornya i 1693-95, nordsida i 1696-98. Til den siste vøla vart det nytta 3 "Sømdreyler" på 8 alen. Det vart då også lagt ei renne mellom "Kirchen och Waabenhussit" på 8 alen, og "en Kiøhl 7 Alen, paa Waabenhuset".

Takborda som vart kjøpte i 1618-20 var 16 alen lange, noko som høver med lengda på skipet frå 1721. I 1662-64 vart det lagt nytt tak på begge sider av skipet. Dei 16 "Sambdreilene" og dei to "hjørneskiene" som vart nytta var 12 alen lange, sameleis /ei renne som vart lagt frå kjølen ned til enden av taket og 17 opplengjer. I 1717-19 vart kjølen over skipet kledd med bord.

Då taket over koret vart fornya i 1624-26, vart det lagt 8 alen lange bjelkar under borda.

Himlingar. I skipet i stavkyrkja har det truleg vore lem på 1600-talet. Det gamle stegehuset vart rive i 1687-89 og det heiter i ein note i margen i rekneskapane at "Stierne forvaris herefter paa Kirchelemmen". I våpenhuset over døra til skipet er det idag ein oppattnytta bjelke som utfrå målingsspor truleg har vore bindbjelke/bete i den tidlegare kyrkja. Bjelken har nærast kvadratisk snitt med nedfelt rettvinkla profil langs hjørna. Det hjørnet som vender ned og ut er avskava mest heilt ut til sidene. Slik har han vore forma også i tidlegare posisjon, ettersom han ber spor av den same målinga som er på undersida av bindbjelkane i tårnunderbygget. Han har venteleg hatt ein tilsvarande funksjon som desse.

I 1624-26 vart det "giort en lemb wnder Tornet aff Nye" av 2 tylfter bord. Denne lemen har truleg lege over betane i det noverande tårnunderbygget, og to av borda frå lemen er truleg oppattbrukte som golvbord på galleriet (sjå interiør og galleri). I koret vart det laga ny kvelv i 1668-70. Til dette arbeidet vart det brukt "9 Crome bouger, hvorpaa Bordene ere befestiget".

Tårn. Alderen på tårnunderbygg og tårn er ikkje fastsett. Utfrå konstruksjonsmåten er det rimeleg å tru at det er oppført etter 1350 medan det må ha vore reist før rekneskapane tek til i 1618. Det er vanleg å tenkja seg at tårnet er ei sekundær tilføying til stavkyrkja. Ei vanleg datering har vore 1590 utfrå opplysningar frå 1800-talet om at kyrkja vart oppført av Christian Lundbeck i 1590, ei opplysning som det ikkje er funne grunnlag for i eldre kjelder og som kan byggja på ei missforstått tolking av innskrifta på katekismetavla. (Hoff, 1994, s.180.) Tårnet med underbygg står no vest i tømmerkyrkja. Dersom måla frå 1721 er rette, og våpenhuset då var ein eigen bygning, må tårn og underbygg ha vore bygd opp inne i det som Hvidt kallar "Kirchen" og teke ein vesentleg del av dette. Dersom formuleringa "Fremme er Waabenhuuset og Taarnet under een Bygning" inneber at våpenhuset var i tårnunderbygget, føreset det at det tidlegare har stått eit mindre våpenhus frammafor tårnet. Dette må evt. ha vote rive før 1721 utan at det har nedfelt seg i kjeldene. (For beskriving av tårnet med underbygg, sjå tømmerkyrkja.)

Våpenhus. Våpenhuset var etter måla frå 1721 5 alen langt og 9 alen breitt. Konstruksjonen er ukjend.

Kjeldene har som nemnt motstridande opplysningar om våpenhuset. På den eine sida heiter det at det i 1636-38 vart kosta 17 dalar på "Waaben Huussett Aff Nye Att Opbygge", det er lagt nye tak på sørsida og på nordsida av våpenhuset (1693-95) og i 1696-98 er det betalt for to hjørnesviller og "en Kiøhl 7 Alen, paa Waabenhusset". Samstundes vart det lagt tak på nordsida av våpenhuset og ei 8 alen lang renne "imellem Kirchen och Waabenhussit". I synfaringa frå 1686 heiter det at kyrkja er "udentil med eet lidet Vaabenhus och Taarn". Vidare er det i 1703 bygt opp eit galleri "neden i Kirchen". Dette er truleg det galleriet som er bygt inn i tårnunderbygget (sjå galleri). I 1705 vart kyrkja og tårnet tjørebredde, i 1707 koret og våpenhuset. Dette, saman med opplysningar om dørene, skulle tyda på at våpenhuset har vore ein eigen bygningsdel og ikkje underdelen av tårnet.

På den andre sida tydar formuleringa frå 1721: "Fremme er Waabenhuuset og Taarnet under een Bygning" og det at planmåla for våpenhuset og for tårnunderbygget mest samsvarar, på at det har vore kombinert våpenhus og tårnunderbygg. Sameleis kan opplysningar i samband med oppveging av kyrkja i 1717-19 peika i retning av at tårnet har stått utafor stavkyrkja og då over våpenhuset: "Veiet Kirchen tilbage, som hafde forskudt sig fra Taarnet, og med store hageSpiger og Jernbolter igien til Taarnet Befæsted". "Kirchen" vart i dette høve skrudd opp og nye steinar lagde under. Samstundes er det "Opslaget imellem Taarnet og Kirchen i Skiødningen - 2de 9 al. bord".

Tilbygg. Sval. Det vart bygt ein "Suale till Kirchen paa den Nordre side" for 15 dalar i 1633-35. Tregolvet i svalen vart vølt i 1703, vidare fekk svalen ei ny vindskie i 1717-19. Etter måla frå 1721 var kyrkja omlag ein meter breiare enn den noverande kyrkja. Dersom yttersida av nordveggen har vore ein halv meter lengre nord enn veggen i dag, har det på denne tomten vore lite rom for ein sval mellom kyrkjeveggen og støttemuren mot det høgre terrenget. Utfrå synfaringa i 1686 "..saa schall och Een Veite grafuis om Kirchen at Jorden schall iche giøre mere schade paa Svilene", noko som og tykkjest vanskeleg om kyrkja var plassert med same midtakse som tømmerkyrkja.

I synfaringsforretninga frå 1686 står det at taket på "Stiehuset" skal vølast. Huset var gammalt og ubrukeleg og vart rive i 1687-89. (Sjå under himlingar.)

Ikkje stadfest eldre materiale. Det er materialar i kyrkja i dag som må vera frå ei eldre kyrkje, men som ikkje utan vidare let seg plassera. I tårnet er skråbanda truleg sekundært brukte. To står no på plass i tårnkonstruksjonen. To ligg på galleriet. Dei har litt ulike dimensjonar, 15x15 og 21x 14 cm i tverrmål. Langs etter kantane har dei 1,6 cm breitt profil med holrenne med v-forma snitt på kvar side. Sekundært er skore inn motiv i stokkane med skolpejarn. Tre parallelle strekar skil kvadratiske felt frå einannan, nokre av felta er utfylte med ulike former for kryss, andre er tomme. Det ser ut som dekoren berre er gjennomført til eit visst punkt. På kortsidene er dei tre stripene skorne på skrå over materialen. Under koret ligg det ein bjelke som kan ha vore ein tidlegare svill.

Interiør

Stavkyrkja var i 1686 "Indentil malit och Vell flid". Ein del av denne målinga finst framleis, dels på materialar i tårnunderbygget, dels på veggbord som vart nytta sekundært som golvbord i tømmerkyrkja, av desse er 10-12 tekne opp og registrerte, og dels på einskilde inventardelar. Målinga er limfarge og kan grupperast som veggmåling, takmåling og raudmåling.

Veggmålinga finst idag på innsida av veggborda og standarane i tårnunderbygget og på veggborda frå golvet. Motivet er ein rankedekorasjon med blomar og frukter av ulike slag over ei draperibord som har dekt nedre del av veggen. Øvre del er skilt frå nedre del ved eit band. Tilsvarande vertikale band har truleg delt rankedekorasjonen i felt. Målinga har renessansepreg. Den kvite botnen kjem fram og let tulipanar og rosettar, blad og frukter teikna seg klart og fast. Draperiet er raudbrunt, i rankemotiva er det brukt raudbrunt og gult med svart, spinkel kontur. Bandet som avgrensar felta er raudbrunt med svart kontur. Dekoren kan vera utført i siste halvdelen av 1600-åra. På eit veggbord som ligg på undersida av golvet under preikestolen er det måla ein mannsperson i tilnærmingsvis naturleg storleik. Han har raude klede, gult hår, bart og skjegg. Truleg er det skrive noko ved sida av hovudet hans.

Takmålinga finst på dei øvre konstruksjonselementa i tårnunderbygget, på sidene og undersidene av desse. I tillegg kjem to bord som no ligg som golvbord på galleriet, men som truleg har lege som himling over tårnunderbygget, og ein gjenbrukt bjelke i våpenhuset over inngangen til skipet. Denne dekoren har regelmessige rankar og palmetter som på konstruksjonselementa går i ein retning over bjelkane. Det er brukt gul oker i botnen, ranker i engelsk raudt og kvitt. Dekoren kan vera frå siste fjerdedel av 1600-talet. (Mohn, 1938, s. 292 - 294, Brænne og Olstad, rapport, AA.)

Raudmålinga. Delar av inventaret i kyrkja er måla i engelsk raudt. Det gjeld preikestolen, dei innelatne stolane i koret, døra inn til skipet og eit bord som kan ha vore dørvange. Vidare på galleribrystning og dels på stolpane. Noko av dette kan vera ein del av stavkyrkja si interiørmåling.

Glasmåleri, BM. Omkring 1650. Biletrute frå Holdhus kyrkje som viser ein klokkar med bok i handa som underviser tre gutar og ei jente. Klokkaren er omgjeven av to duer. Ruta har føljande innskrift: "Christophorus Petri Rijber Diaconus Oussensis". Boka har ei utydeleg innskrift, det kan vera: du skal icke bed(...) (.)or. Christopher Pedersøn var klokkar i Os. Han budde på klokkargarden Kjønn i Hålandsdalen og døydde i 1672. Ruta var ei testamentarisk gåve frå marinemålar Johan Larsen. (Lexow, 1938, fig. 87 og s. 104.)

Inventar

Altar. Det er opplyst at altaret vart vølt i 1624-26. I 1699 vart "alterit oprefuet" saman med golv og stolar i samband med oppveging av koret.

Altartavle. Katekismetavle, 1590. (Sjå kyrkja frå 1726).

Dåpshus. I 1662-64 vart golvet under "funten" omlagt. I 1668-70 vart det laga "een nye fundt, med dør for og ophøyet gulff der udj". Til dette arbeidet vart det brugt "11 tylfter døgtige Kiøbmandsbord" og fire "Solle træer" (svillar). Det er uvisst kvar dåpshuset har stått.

Preikestol med oppgang. Preikestol frå 1570 (?). Sjå kyrkja frå 1726. Kyrkjerekneskapane opplyser at preikestolen vart flytta i 1624-26 og at det samstundes vart laga ny trapp til preikestolen.

Korstolar. Sjå kyrkja frå 1726.

Benker og faste stolar. I 1624-26 vart det laga "8 ny stoller i Kierchen".

Galleri. I 1703 vart det laga "et nyt Pulpetue neden i Kirchen till Ungdommen at staa paa" og rekneskapane gjev føljande opplysningar om materialane som vart brukte: "8 opstandere a j ort, 2 rd, 4 Lange Bielcher a 12 alen a 3 ort, 2 rd, 4 Kortere Dito tvert over a 2 ort, 1 rd 2 ort, 4 tylter Bord a 9 alen till Lem oven over Pulpetuet a 9 ort, 6 rd,

Een trappe till Lemmen for 1 rd, 2 tylter bord till Pulpetuet och Tralverchet (rekkverket) a 7 a 8 alen a 9 ort,3 rd." Det vart også "Opbygt et nyt Stolestæd paa Pulpetuet". "Pulpetuet" er truleg det galleriet som er innbygt i tårnunderbygget. Sjå kyrkja frå 1726.

Skulptur. Madonnaskulptur i stein, første halvdel av 1400-talet. Sjå kyrkja frå 1726.

Rituelle kar. Kalk og disk. Kalk 1694, sjå Hålandsdalen kyrkje. Rekneskapane nemner i 1612 "Een Nysølff Kalch och disk weger 25 Køllenske Lod". Sist i 1680-åra er ein sølv kalk og disk øydelagd og må omgjerast, dette vert teke oppatt fram til 1708-10 då det heiter at kyrkja har ein sølv kalk og disk, i 1711-13 er vekta oppgjeven til "28 Lod 1 quintin". Oblatøskje †. I 1630-32 kjøpte kyrkja "enn Esche att foruare Ablad vdj". Dåpsfat †. I 1687-89 var massingbekkenet i fonten for lite, det var komme eit tilsvarande frå Fusa kyrkje.

Parament. Altarduk †. Kyrkja hadde ein gammal altarduk i 1612. Ein ny vart kjøpt i 1633-35, det kan vera denne som er nemnt som gammal i 1687-89 og frametter. Messehakel. I 1612 hadde kyrkja ein gammal messehakel †, i 1636-38 vart det kjøpt ein ny hjå Willadtz Madtzen i Bergen. I 1693-95 og seinare er nemnt ein gammal messehakel av taft, truleg den frå Willadtz Madtzen. I 1708-10 var ein gammal messehakel med "Crucifix" kommen frå Strandvik kyrkje. Sjå kyrkja frå 1726. Messeserkar †. I 1612 var det ein gammal messeserk i kyrkja. Nye messeserkar vart kjøpte i 1633-35 og i 1694. Preikestolsklede/ altarklede †. I 1711-13 vart "j Røt Damaskis omheng med frønser om til Prediche Stoelen, og eet Røt Kledis alterKlede givet af Almuen".

Lysstell. Altarstakar. I inventarlista frå 1612 er nemnt tre lysestakar †, kvar med ei pipe. Frå 1687 og frametter nemner listene to massing lysestakar † og to gamle ditto † med 2 piper og pigg midt i. I 1720-22 har kyrkja to massing lysestakar "hvor til de 2de gamle dito er omsmelted og giort større som af Almuen er bekosted". Sjå Hålandsdalen kyrkje. Elles er nemnt ei blikklykt †. Lysekrone frå 1716, sjå kyrkja frå 1726.

Klokker. På slutten av 1600-talet nemner inventarlistene to små klokker. Dette er truleg dei som heng i kyrkja idag. Sjå kyrkja frå 1726.

Bøker †. Frå 1612 og frametter hadde kyrkja ei altarbok og ei salmebok. Ny salmebok rundt 1700.

Klingpung. Ein klingpung er bevart frå Holdhus. Udatert. Sjå kyrkja frå 1726.

Timeglas †. Det vart kjøpt timeglas til kyrkja i 1618-20 og i 1639-40.

Skip. Kyrkjeskip. Sjå kyrkja frå 1726.

Kistebåre. Udatert. Sjå kyrkja frå 1726.

Tømmerkyrkja frå omkring 1726

Bygningen

Holdhus kyrkje slik ho står idag er ei trekyrkje med kor og skip lafta opp av plantelgd tømmer. Koret er litt smalare enn skipet og har lægre tak. Tårnet lengst vest i skipet og våpenhuset er i bindingsverk. Alle bygningsdelane er kledde utvendes med sulagde bord feste med trenagalar. Dei tre saltaka over kor, skip og våpenhus har store diagonalt lagde ruteheller. Kyrkja står på tørrmur i eit terreng som skrår svakt nedover mot aust. Utvendes målt er våpenhuset omlag 4,6 m breitt og 2,2 m langt, skipet 6,6 m breitt og 11,5 m langt, koret 6,5 m breitt og 6 m langt.

Vegger

Tømmervegger. Mellom dei lafta veggene og bordkledninga er det sett opplengjer til feste for naglane og for å stabilisera veggene. Tømmerveggene i kyrkja skriv seg frå tre fasar der den eldste truleg er stokkane frå det gamle koret som no ser ut for å vera oppattbrukte i dei nedre omfara i koret. Den andre er tømmerkyrkja som må vera oppført omkring 1726. Som siste fase står tømmerveggene i koret frå 1848.

Første fase. Det gamle koret kunne vore samtidig med kyrkja, men stokkane har ein annan dimensjon og er ikkje lafta saman med kyrkja, det er difor meir sannsynleg at dei gamle stokkane nedst i korveggene er frå det koret som er nemnt i synfaringane frå 1686, 1708 og 1721 som eit sekundært tilbygg til stavkyrkja. Tømmerstokkane er flattelgde, 26-30 cm breie, er i noverande posisjon skøytte. Dei fleste har målingspor - truleg den same målinga som i skipet. På austsida av austveggen i skipet er det ingen målingrestar, men på dei øvste stokkane, over korlemmen, er det naglehol og skuggespor etter opplengjer med 4,33 m mellomrom. Dette er truleg breidda av det gamle koret.

Skipet har vegger av flattelgde tømmerstokkar og ein sterkt gjennombroten tverrvegg lafta inn rett vest for midten av skipet. Øksetelginga er somme stader betre synleg i skipet enn i koret. Nokre av stokkane er skøytte. Breidda på tømmerstokkane er 18-28 cm Veggene har ikkje innvendes opplengjer - på utsida er det opplengjer som primært fungerer som feste for liggande panel som er festa med eikenaglar. I tverrveggen går dei tre øvste stokkane (tidlegare fire) tvers over kyrkjerommet i full breidde, dei fire nedste går inn til og er lagde opp i mellomstolpar som flankerer midtgangen. På sørsida er dei midterste av desse saga vekk i nyare tid for å gje betre plass. Stokkane mellom dei øvre og dei nedre går omlag 35 cm inn i rommet.

Det noverande koret har nye, høvla tømmerstokkar i dei øvre omfara. Dimensjonen på stokkane er tilpassa dei gamle med 26-30 cms breidde. I alt 11-12 omfar, 4-5 av desse er i oppattbrukt materiale som er skøytt. Nordveggen og sørveggen i koret er lagde inn mot innsida av novene aust i skipet og feste med opplengjer på innsida.

Våpenhuset har ope bindingsverk med liggjande ytre kledning i nord, sør og vest - tømmerveggen i skipet i aust.

Dører

Kyrkja har tre dører; vest i skipet, vest i våpenhuset, og nord i koret. Hovuddøra vest i skipet er ei gammal dør, truleg frå mellomalderen. Døra er sett saman av tre ståande falsa bord. Innvendes er døra halden saman av to labankar som er festa med gjennomgåande trenaglar, utvendes av tre gangjarn av mellomaldertype hengsla til beitskie. Gangjarna er feste til døra med jarnnaglar, dels store med kryss over, dels mindre, firpassforma. Øvre og nedre hengsle går tvers over døra i full breidde. Midtre går inn til nøkkelhol. Over dette er ein hamra dørring av jarn og ein jarnkrok. Døra har profil med holrenne med v-forma snitt til begge sider langs med kantane på utsida. Profilet går opp til underkant av øvre hengsle. På innsida eldre jarnlås. Både utsida og innsida har restar av raudfarge. Same profil og raudfarge finst på eit bord som vart teke opp frå golvet og som kan tolkast som tidlegare dørvange. På utsida av døra er det skore inn ein del initialar og det finst restar etter tjørekrossar. Mål: h. 180 cm, br. 113 cm. Enkle beitskier. I 1824 vart døra hengsla utover.

Ytterdøra i våpenhuset er ei nyare labankdør. Ho har to labankar med skråstivar mellom, fire bord og to hengsle.

Døra nord i koret er samtidig med koret, frå 1848. Det var ikkje dør i det gamle koret. I 1824 vart det ved bispevisitasen gjort merknad om at "Chordør ønskedes, som ved de øvrige Kirker". Labankdør med tre bord og to hengsle. Innvendes kledd med ståande panel. Innvendes listverk er breitt, profilert og har ei rombeforma utskjæring i kvart hjørne.

Vindauge

Ved reparasjonen i 1905 vart eit av dei gamle vindauga, det nærast preikestolen på sørveggen i skipet, funne i kyrkja, reparert og sett inn att på rett plass. Det var då erstatta av eit nyare vindauge. (Schak Bull, 1906, brev, For.)

Koret har to vindauge, eitt på kvar sidevegg. Vindauget mot nord har 3 fag med 3x4 ruter innfatta i bly og forsterka ved hjelp av snodde stenger. Vindauget er ikkje hengsla, men dei gamla beslaga finst framleis. Mål: h. 76,5 cm, br. 163 cm, målt ved innvendig listverk. På rutene er føljande innskrifter: a) Lens Mand Hans Engelsen Giøn Anno 1726. b) Agtbare DanneMand Haldor Hansen Tuetten Anno 1726. c) ... Jens ... Anno ... Vindauget i sør er nyare. Det har 3 fag med 6 ruter i kvart. Glatte stenger forsterkar blyinnfatninga. H. 81 cm, br. 162 cm.

Skipet har to vindauge mot nord og to mot sør. Alle fire har to fag med 4x4 ruter i kvart fag. Blyinnfatninga er styrkt ved hjelp av snodde stenger. De er omtrent like store; h. 87 cm, br. 127 cm. På nordveggen har glasa desse innskriftene: a) agt Bare Danne Mand Johan Jansen Bolstadt Anno 1726. b) agt Bare Danne Mand Hans Jansen Holdhus Anno 1726. c) Agtbare Danne Mand Anders Andersen Tomre Agtbare Danne Mand Anders Andersen Eye Anno 1726. d) Agtbare ... Johan ... Anno ... På glasa på sørveggen: a) Ærværdige og Meget Wellærde Her Niels Leganger Pastor Til Ous Anno 1726. b) Ærværdige og Meget Wellærde Thomas Fasting Residerende Capilan till Ous Anno 1726. c) Agt Bare Danne Mand Knudt Knudsen Bolstadt Anno 1726.

Tårnet har to vindauge mot vest som gjev lys til galleriet, loftet og oppover i tårnet. Kvart av vindauga har 6 ruter skilde ved tresprosser. H. 84 cm, br. 46 cm. I våpenhuset står det eit vindauge med fire ruter i sørveggen.

Fundament

Fundament av tørrmurte flate steinar, omkring 10 cm høgt i vest aukande til omkring 1 m i søraustre hjørne. Under kyrkjegolvet er det kryperom i tilsvarande høgde. Det er murt opp fundament under altaret. Grunn av sandjord.

Golv

Etter alt å dømma vart det lagt golv i den nye kyrkja av veggborda frå den rivne stavkyrkja, som vart lagde på golvlåsar i aust-vestleg retning. Seinare er det lagt nye golvbord oppå dette golvet, desse er i hovudsak saga, nokon er hogne. Stavkyrkjeborda som låg som undergolv under nordsida av skipet vart tekne opp, registrerte og lagde på loftet i kyrkja i 1992, borda på sørsida ligg framleis som undergolv. (Sjå under vegger.) Enkelt golv i midtgangen. Golvet ligg i noko ulike nivå. I midtskipet etter måten rett, under benkene er det litt lægre mot aust. I koret er det bordglov lagt i aust/vestleg retning på golvåsar, feste med spikar. Golvet i våpenhuset er eit bordgolv lagt i aust/vestleg retning festa med trenaglar til golvåsar.

Tak

I 1830-åra hadde kyrkja etter visitasmeldingane sutak med pannestein på rekter og lekter. Ved utgravingsarbeidet på nordsida av kyrkja i 1991-92 vart det funne brot av og også heile raude takpanner frå dette taket. Kva tid pannetaket vart lagt og kva tid det vart utskift med den noverande skiferen, er uvisst. På eit fotografi frå rundt 1900 hadde kyrkja helletak.

Taket over skipet har 13 sperrefag samansette av sperrer og hanebjelke. Sperrene er tappa saman i mønet. Hanebjelken er lagd inn på sperrene på halv ved. Sperrene er blada ned på raftestokkane. I vestdelen er det lagt to langsgåande bjelkar over hanebjelkane, til dels på halv ved. Desse er feste til tårnkonstruksjonen, dei er av eik og har tidlegare hatt ein annan funksjon. I tillegg er det sett opp skråband som støtte for sperrene. Sperrene ber dobbelt sutak festa med trenagler. Taket er dels av eldre bord og ber store ruteheller. På sørsida er ei firkanta gjenomskjæring, denne er dekt med heller. Rett aust for tårnunderbygget er ei vertikal gjennomskjæring av alle takborda. Dette er truleg spor etter vøla i 1906.

Koret har ein tilsvarande takkonstruksjon med seks sperrepar tappa saman i mønet og spinkel hanebjelke lagd inn på halv ved. Her går sperrene ned på bindbjelkar som er blada ned på raftestokkane. Sperrene ber sutak som er tekt med ruteheller. Våpenhuset har tre sperrefag tappa saman i mønet. Sperrene er kløfta ned over remstokken, ein bindbjelke er lagd nord-sør over remstokkane. Hellelagt sutak.

Himling

Skipet har flat himling av bord lagde på takbjelkar frå galleriet og austover. Kvitmåla. Aust i skipet er sola og månen måla i raudt og rosa, sola lengst aust. Takbjelkane engelsk raud, lengst aust med kvite lister. Koret har flat himling av bord lagde på bindbjelkane. Umåla.

Tårn

Tårnunderbygg og tårn. Tårnet er firkanta med pyramideforma hjelm kledd med bord og toppa av eit trespir og stong med verhane. Tårnet kviler på eit rektangelforma underbygg i bindingsverk som fyller vestre del av skipet i tømmerkyrkja. Standarane i underbygget kviler på sviller som ikkje ser ut til å danna ei heil ramme. Det er fire kraftige hjørnestandarar med tilnærmingsvis kvadratisk snitt og slankare mellomstandarar med rektangulært snitt; to ved inngangsdøra i vest, to i aust, ein i nord og ein i sør. Bindingsverket er avstiva ved losholtar og skråband festa med nakke og trenagle og merkte med tømmermannsmerke. Sidedelane er avslutta oppe ved dobbel toppsvill. Mellom desse to er det i nord-sørleg retning lagt tre betar med rektangulært snitt. På oversida av den midterst er det sentralt ei rektangulær nedskjering. Denne kan ha vore feste for ei tidlegare midtmast. Midtmasta kviler no på ein bjelke som høyrer til tømmerkyrkjekonstruksjonen. På tvers over dei tre nord-sørgåande bjelkane ligg to bjelkar som dannar underlag for tårnet.

Tårnet er ein bindingsverkkonstruksjon med fire hjørnestolpar, mellomstolpar i full høgde i nord og sør og frå nedre ramme i aust og vest. Medrekna den øvre, avsluttande ramma er det tre rammer. Bindingsverket er dekt av ein firkanta hjelm boren av 8 gratsperrer og ei midtmast som er avstiva ved hjelp av tenger. Frå ramverket over sidedelane til underbygget går det tre sperrer på kvar side opp til tårnstolpane. Dei er kløfta ned over ramverket og er kappa ved tårnstolpane. Sperrene har naglehol for feste av takbord på oversida. Desse hola går også gjennom ytste delen av sperrene, og det kan sjå ut som desse tidlegare har gått lengre ut (ned). Takvinkelen er etter måten bratt, omlag 600. Desse sperrene må ha bore pulttak over sidedelane av tårnunderbygget før tømmerkyrkja vart reist. Det er uvisst kor langt ut til sidene dei har gått. Det er også uvisst om dei har lege i flog med taket over skipet i stavkyrkja. Det er ikkje tilsvarande merke for feste av bordkledning på sidene av underbygget. Sperrene for det noverande taket er tappa inn i tårnstolpane rett over dei gamle sperrene og har ein slakare vinkel i det dei går ut til tømmerveggen.

Nokre delar i konstruksjonen kan som nemnt vera eldre enn konstruksjonen sjølv. Det gjeld skråbanda nede i sjølve tårnet og kanskje og to av dei tre nord-sørgåande betane øvst i tårnunderbygget. Men mykje av treverket i sjølve tårnet er nokså nytt og skriv seg frå hovudvøla i 1905-6. Schak Bull skriv mellom anna slik om det arbeidet som skal utførast i 1905 (Brev, 17.10.1905, For.). "Hele taarnpartiet og vaabenhuset nedtages. Taarnets hovedsøiler forsynes med nyt solid graastensfundament, eller de gamle fundamenter udbedres forsvaarlig og afvatres. Taarnet og vaabenhuset opføres igjen under iagttagelse af, at alle raadne eller ormstukne materialier udskydes og erstatter med nye malmfulde materialier. - Ved undersøgelse har det vist sig, at taarnets øvre parti i hovedsagen er raaden; det maa derfor fornyes, hvorimod dets nedre del, ligesom ogsaa vaabenhuset vistnok kan opføres igjen med benyttelse af de gamle materialier i noksaa stor udstrækning." Inspeksjon av kyrkja viste at arbeida var utførte som nemnt og at "De anvendte Materialdimensjoner er ligeledes nøiagtig de samme som før Reparationen". Det ser ut for at den vestre av dei tre nord-sørgåande betane øvst i underbygget er utskift, sameleis den sørlege av dei to som ber tårnet. Vesentlege delar av sjølve tårnet er utskifte.

Våpenhus

Våpenhuset er oppført i bindingsverk og er ope opp til gavlen. Botnsvillene er blada saman. Hjørnestolpane er tappa ned i krysningspunkta. Stolpar på kvar side av inngangsdøra til våpenhuset er tappa ned i botnsvill. Alle stolpar er tappa opp i toppsvillene. Det er sett inn skråband i nedre hjørna i nord og sør og i øvre hjørna i aust og vest. Taksperrene er lagde over svillene. Over utgansdøra er det sett opp spikarslag for bordkledning.

Smijarn

Kyrkjedøra har beslag og ring, truleg frå mellomalderen, på utsida. På innsida ein lås, h. 14 cm, br. 38 cm. Kyrkja har eit rikt utval dørhengsler og hemper i samband med benke- og stoldører. Verhane i smijarn over tårnhjelmen.

Interiør

I koret er det to innebygde stolar mot vest i tillegg til ein oppattbrukt stol som vert nytta som preikestolsoppgang i sørvestre hjørne. Elles er det sittjeplassar ved nord- og sørveggen i koret i form av enkle, tverrstilte benker utan ryggstø. Preikestolen står i det søraustre hjørnet i skipet. Skipet har faste stolestader på nord- og sørsida av midtgangen. Eit galleri er bygt inn i tårnunderbygget som fyller vestre del av skipet.

Fargar

Koret har uhandsama treverk i himling, vegger og golv. På dei oppattbrukte delane av tømmeret er det små restar av limfargedekor. Dette kan ha vore same typen måling som på veggene i skipet. Skipet har veggmåling i limfarge med rankemotiv i rundbogar over draperibord. Målinga finst og på tverrveggen i skipet. På korskiljeveggen er det måla mindre rundbogar over opningane inn til koret. Rankane er her erstatta av figurar. Til venstre ei krossfestingsscene med Jesus festa til T-kross over hovudskalle med krosslagde knoklar. INRI over krossen. Under dette motivet er det måla ein kyrkjebygning. Målinga er skadd i nedkant. Til høgre kan skimtast ein skyformasjon under og på sidene av Kristus eller Gud Fader med strålekrans som held hendene omkring verdskula. Rundbogen mellom desse motiva er tilpassa ein Mariaskulptur. (Sjå skulptur.) Målinga er utført med brei pensel. Botnfargen er grå, motiva er måla i brunraudt, lysare orange, kvitt og rosa og med svarte konturar. Benkedørene er måla i ulike fargar. (Sjå benker.) (For dei eldre målingslaga, sjå forrige kyrkje.)

Inventar

Altar

Kasseforma altar konstruert av ståande furubord. På framsida er skøytane mellom borda dekte ved profilerte lister, på baksida er det to smale, hensla fyllingsdører til skåp i altaret. Altaret er sekundært utvida mot sør. Umåla. Mål: H. 123,5 cm, br. 159,7 cm, dj. 74 cm.

Altartavle

a) Katekismetavle 1590. No på vestveggen nord i koret. Tavla har midtfelt og to fløydører, predella- og gavlfelt. Tavla har innskrifter i gul skrift på svart botn. Felta er innramma av listverk i raudt og gulgrønt. Innskrifter: På midtfeltet står "VOR CHRISTELIG OC APOSTOLISKE TRO" (Apostolicum). På innsida på venstre fløydør står "DAAPENS SACRANTE" (!), på høgre nattverdens sakrament, sterkt skadd. På utsida av fløyane "DE THI GUDS BUDORD EXODI XX", slik dei står i Exodus, med biletforbodet. På baksida av hovudfeltet truleg Fadervår. I gavlfeltet er det våpenskjold og "Christian IIII D.G. ELECTUS. REX DAN. ET. NOR. FORMA DOCTRIÆ ECCLESIÆ DEI IN REGNIS SEPTENTRONIS DANIA ET NORVEGIA USQVE SVBIFCA. TIS PROVINCIIS ATQVE INSVLIS OCEANI BOREALIS ANNA 1590." Innskrifta på predellafeltet er frå John. 316. Mål: H. 54+112+19 cm: 185 cm. B. 53,5+107+53,5 cm: 214 cm.

b) Enkel, klassiserande altartavle på altaret. 1839. Biletfelt i rektangulær, profilert ramme. Mot sidedelane av ramma står to halvsøyler med kapitél og basar på postament. Søylene ber arkitrav. Over denne er festa eit profilskore motivfelt. Lyse, nærast kvite søyler, svakt marmorerte med grått, basar og kapitél gullfarga. Gråblå arkitrav. Hovudmotivet og motivet over arkitraven er truleg måla på papp og er kledd med furuplate på baksida. Hovudmotivet, HAN ER OPSTANDEN, er markert på ovalt skriftfelt festa til ramma under biletfeltet. Den oppstadne med strålekrans sentralt i biletet, mellom mørke skyer. I framgrunnen fire soldatar som fell saman i otte. Til høgre sit ein engel på den opne sarkofagen, til venstre er dei tre kvinnene på veg til grava med oljekar. I bakgrunnen Jerusalem. Biletet har eit gul-brunt hovudpreg gjennom strålekrans, skyer, engel, jord, sarkofag og by. I klesdraktene elles: lys blått, raudt og gull. I motivet over arkitraven er framstilt ei oppgåande sol bak mørke skyer. Som sentrum for lyset står ein kalk med kalvariemotiv på kupa. Bak kalken kross og palmegrein. På korveggen bak altaret heng det ei rund plate med føljande påskrift: IN NOMINE IESU. / ECCLESIAE. HAALANDALICAE. / TABULAM. HANC. / NICOLAUS. STUB. FAB. LIG. ET ANDREAS GROENNING. STUD. THEOL. / ANNO POST. CRISTUM. NATUM / MDCCCXXXIX / DEDERUNT. (I Jesu namn / Hålandsdalen kyrkje / denne(?) tavla / Nicolaus Stub, fab. lig. og Andreas Grønning, stud. theol. / året etter Kristi fødsel / 1839 / har gjeve.)

Altarring

Uttrekt halvrund form i same breidde som altaret. Port i front. Handlist av dobbelt lagde flate bord utan profilar boren av kraftige balustrar. Skinntrekt knefall. Svarte balustrar, elles umåla. Opphøgd golv i altarringen. Skinntrekt skammel ved altaret.

Døypefont

Brett på hengsler nordaust i koropninga. Orange, ådra med brunt. Ved dåp vert massingbekkenet henta frå Hålandsdalen kyrkje og plassert på brettet.

Korskiljevegg

Rektangulær opning i same breidde som midtgangen, h. 200 cm, br. 120 cm. Sekundært listverk med empire-preg. Rombeformer på kvadrat i øvre hjørne som på listverket til nord-døra i koret. Nord og sør for koropninga er det opningar med spileverk over brystningshøgd. Nord: h. 77, br. 57 cm. Sør: h. 79, br. 91 cm. Opninga i nord ser ut til å vera endra noko. Sør i veggen er det ei rundboga opning til preikestolen.

Preikestol med oppgang

I tømmerkyrkja har preikestolen heile tida stått i det søraustre hjørnet. Tidlegare hadde han oppgang frå nord langs vestsida av korskiljeveggen. I samband med at koret vart utvida i 1848, vart det laga oppgang frå koret med opning gjennom korskiljeveggen lengst i sør. Opninga til den gamle oppgangen vart då utfylt. Preikestolen er utfrå eit innskore årstal datert til 1570. Årstalet står no opp ned på ei list nede på stolen og har truleg hatt ei anna plassering tidlegare. Preikestolen har uregelbunden form. Utanom det nye feltet ved den tidlegare oppgangen har han fem sider av enkle ståande bord. Fire av desse er synlege frå skipet. To og to av borda er sette saman ved hjelp av kne frå baksida, i midten og på sidene er desse felta sette inn i rammestokkar. På utsida er skøytane mellom dei fem borda dekte med profilerte hjørnelister. Stolen har flat handlist. Under handlista og nede på stolen er det på utsida festa profilerte lister med ulik profil. Ei list har måla initialar: IES og TES.

Dei fire felta som vender mot skipet har ulike utskjeringar på utsida. Feltet nærast sørveggen har tre enkle karveskurdshjul over einannan. Dei tre andre har to dels overlappande karveskurdshjul oppe og to nede. Mellom desse er det opphøgde relieff. Dei tre relieffa er symmetrisk komponerte. I feltet nærast den gamle oppgangen formar det ei ramme, h.70 cm, br. 25 cm, med motstilt sikksakk-form utfylt med palmettar, kuler og diamantformer. I neste felt er ramma 66 x 25. Ornamentet er komponert omkring ein vertikal midtakse som går litt ut over ramma. Det minner om mellomaldersk faldeverk, men faldane er brotne vinkelrett utover oppe og nede. I det tredje feltet har det 67,5 cm høge relieffet form av ein vertikalt aksentuert seksant. Dette er også eit faldeverksmotiv komponert omkring ein midtakse. Over relieffet til venstre er skore inn eit monogram KA(?).

Preikestolen har utvendes brunraud grunnfarge. På ornamenta finst det restar av kvit, gul, raud og grøn måling. Handlista er umåla og har restar av raud plysj. Enkel bokstøtte på handlista.

Det nye feltet i preikestolen har ei pålagt rombeform av same slag som på listverket ved døra i nordveggen og ved koropninga. Truleg frå 1848, umåla.

Botnen i preikestolen er flat og kviler på to bjelkar som er festa i sørveggen i skipet. Desse er kopla saman med ein tverrgåande planke på halv ved. Krysningspunkta er borne oppe av to stolpar, den austre ein enkel boks, den vestre ein stolpe som ovafrå og nedafrå skrår uregelbunde inn mot ein knopp med skoren dekor.

Tidlegare oppgang: Merke etter handlist. Vangen står att og utgjer for ein del ryggen for den fremste benken. Trappa har hatt 5 steg. Noverande oppgang gjennom ein tidlegare stol. Sjå korstolar. Handlista er truleg den gamle.

Halvrund hylle med restar av raud plysj på veggen ved preikestolen.

Preikestolshimling

Åttekanta himling, 1850. Flat himling med åtte hengande sider og med profilert kronlist toppa av gjennombrote ornament. Sentralt har himlingen eit åttekanta motivfelt avgrensa ved profilert list. Utafor motivfeltet og på utsida, har himlinga utsparte kartusjforma felt. Himlingen er måla i klare fargar i blått, kvitt, orange og gult. I motivfeltet er framstilt ein kvit menneskefigur med vengjer og svart hår. Over hovudet sol med strålar - to går ut i skyliknande raudt band. Same sort band går rundt kroppen til figuren. Mellom sola og hovudet ei svart sol. Frå denne strøymer orange lys ned over figuren. På sidene framstilling av to forskrekka figurar med hovud og raude kjolar eller bakgrunn for svarte torturreiskapar, stige, sverd og anna. Innskrift i felta på utsidene: Eben eser / Solid deo / gloria og for / æret til Kir./ den er Arbeidet og / Kostdet af Morten / Hansen Bakke / 1850. '

Benker og faste stolar

Det er innebygde benker nord og sør for midtgangen. På nordsida frå austvegg til vestvegg, på sørsida bak til galleritrappa. Benkene er lagde på benkestokkar festa til tømmerveggen og ved midtgangen er dei lagde opp i benkevangar. Benkene har rette setefjøler, dels av oppattbrukt materiale med profil. Ryggane er rette med liggjande fyllingar i rammer og toppa med profilert list. Benkevangane er rette fjøler med karnissprofil langs med sidene, toppa med handlist. På sørsida har lista hol for tidlegare hatteknaggar, ein av desse, ei profilert kule med knopp, står att. Dørene er gjennomgåande fyllingsdører med to kvadratiske fyllingar i ramme toppa med handlist over tannsnitt. Dørene har jarnhengsler på høgre sida og hemper på venstre. Benkefjøler og ryggar er umåla. Benkevangane er gjennomgåande måla i engelsk raudt. Dei fleste dørene er måla i limfargar i engelsk raudt med tulipanmønster i raudt på kvit botn i fyllingane og med initialar måla på ramma. Denne målinga er truleg frå kyrkja si oppføringstid. Ein del av dei bakre dørene skil seg frå denne standardtypen. Desse dørene er truleg sekundære og skil seg frå dei andre både når det gjeld form og måling. Dei er måla i oljemåling i ulike fargar og i ulike målingsteknikkar og gjev til dels namna på heile familiar frå bygda. Dørene ber årstal som 1786, 1833, 1846 og 1854. På nordsida under fremste delen av galleriet er det ein innelaten stol med benkefjøler på tre sider. Døra som er større enn dørene elles, har to fyllingar i ramme. Vangane går heilt opp til galleriet. Dei er påfora og konturskorne. Mellom vangane er det sett inn ein konturskoren overliggar. Vangar og overliggar er avslutta oppe ved topplist. Stolen har heil benkerygg og front med firkanta spiler over brystningshøgd. Stolen er rikt måla utvendes. På blå botn er det måla blomar, på sidene i urner, i raudt og kvitt og med svart kontur. På døra Anno 1795, på vangane: Maans Ingebitsen Røen / Siur Sakariasen Røen / Anders Kaarsen Hatlastøl(?).

Korstolar. Korstolane som er i kyrkja i dag: I sørvestre hjørne ein tidlegare stol, no med preikestoloppgang, ved sida av denne ein etter måten ny klokkarstol. I nordvestre hjørnet er det ein stol som ser ut til å vera eldre. Stolen i det nordvestre hjørnet i skipet er innelaten med benkefjøl festa til korskiljeveggen og med brystning med salmebokhylle mot aust og dør og dørvange mot sør. Brystninga har tre ståande fyllingar, utvendes glatte, skilde med rammtre som er markerte ved profilert listverk. Fyllingar og rammtre er feste til handlist og svill. Fargen på stolen er raudleg. Dørfyllingar kvite. Preikestolsoppgangen i det sørvestre hjørnet har brystning av ståande, profilerte bord avslutta ved handlist. Fyllingsdør mot nord. Karakteristiske skorne sikksakkband langs med hjørnet. Stolen er måla i engelsk raudt. Døra har kvite fyllingar omgjevne av grønt profilert listverk. På ramma over dørfyllingane er måla: OD(?) JONSEN: LH. Den nye stolen som står i hjørnet mellom preikestolsoppgangen og koropninga har brystning av enkle, ståande bord. Dør med påsette "fyllingar". Umåla. Dei tre stolane har jarnhengsler og -krokar av ulike slag, truleg eldst på stolen i nord.

Galleri

Galleriet er bygt inn i tårnfoten vest i skipet. Det er bygt opp av 6 ståande stolpar som for ein del er feste til stolpane i tårnunderbygget. På desse ligg det festa tre nord-sørgåande og fire aust-vestgåande bjelkar som ber gallerigolvet. Gallerifront av balusterforma bord og med handlist som er tappa inn i hjørnestolpane aust i tårnunderbygget. Stolpane har uregelbunde avfasa hjørne, øvst med trekanta hakk som formar "kapitél". Gallerifront med stolpar er mot skipet måla i limfarge i engelsk raudt, til dels med kvite konturar. Enkel trapp opp gjennom gallerigolvet frå sørvest. På galleriet er det lagt ein gjenbrukt bjelke som benk. Gallerigolvet ligg omlag 2,2 m over golvet i skipet. Det er laga av aust-vestgåande bord på bjelkelaget. To av borda er gjenbrukte og har truleg tidlegare vore takbord over tårnunderbygget. Mange av borda vart utskifte i 1905-06. Mål på galleriet: Heil lengde nord-sør: 5,3 m. Heil breidde: 2,90 m.

Skulptur

På ein konsoll over koropninga mot skipet står ein skulptur i kalkhaldig sandstein (Geologisk institutt, 1954.) Skulpturen syner Maria med det skrivande Jesusbarnet og er truleg framstilt i Nord-Tyskland eller Nieder-Reihn i første halvdel av 1400-talet. Figuren har framleis mykje av den opphavelege målinga.

Maria er vist ståande med begge underarmane retta framover. I høgre handa held ho ei oppslått bok, på venstre armen Jesus-barnet. Ho står rett frontalt, andletet og blikket vendt rett framover. Andletet er breitt, med små, detaljerte andletsdrag. Det rike, bøljande håret er dels dekt med kvitt hovudlin som vert halde på plass av krone. Krona har ring med perlerad og fem krossblomar og går no opp i låge spissar, avslutta ved perlerad. Evt. tidlegare oppveksande ornament er borte. Maria ber vid kjole med glatt hals- og ermlinning. Kjolen er halden saman i runda, parallelle legg av belte i livet. Beltet er sett saman av tettstilte krossblomar. På venstre sida er kjolen trekt opp i ei stor mjuk fold. Over kjolen ber Maria kappe som ligg rundt skuldrane og heng i store, mjuke foldar ned frå armane hennar. Kleda ligg i mjuke foldar over sokkelen.

Jesusbarnet har store krøllar, runde kinn, og opnare andletsdrag. Han ber kappe med ermer og spisse støvlar. I venstre handa held han eit skriftband som går over fanget hans og ned på høgre sida. I Høgre handa held han ein griffel som han skriv på bandet med. Boka i Maria si høgre hand har koniske, gjennomgåande hol i begge boksidene.

Fargar. Maria har gullfarga hår og belte. Lys hudfarge. Kvitt hovudlin. Blåleg krone med gull detaljar. Kjolen er no lys blå, men har truleg vore mørkare. Han har hatt store, truleg gullfarga, sjablon-roser. Raud kappe med blått fôr og gullfarga kant. Jesusbarnet har gullfarga hår, lys hudfarge, blå kappe med gullkant og raudt fôr. Svarte støvlar. Boka er svart på utsida. Skulpturen er omlag 120 cm høg.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. a) Hjå Bergensavdelinga av Fortidsminneforeninga. Gyllen silkeduk (bordduk) overbrodert med uttrekkssaum. Gåve frå Ingjald Håland og kona. b) På altaret: Kvit toskafts linduk med 23 cm brei hardangersaumsbord på tre sider.

Messehaklar. a) Lys blå, rettsida messehakel. Messehakelen er for ein del laga av gjenbrukt stoff, delar kan vera frå mellomalderen. Framsida er i blåskjolda silkesatin, baksida i eit satinvevd stoff av silke og lin, truleg sekundært brukt. Rundt kanten av hakelen er det restar av blå satinvevd silke, i halslinninga lysblått lerretsstoff. Framsida har ein 16,5 cm brei stolpe i fløyel med IHS i minusklar og med restar av broderi. Baksida har ein kross, 112 cm høg og med 16,5 cm breie armar i blå fløyel. På krossen er brodert og applikert Kristus-figur og ornament, kanta med lysblått, satinvevd stoff. Fôr i blå lerretsvevd lin. Mål: Framside h. 107 cm, br. 60 cm. Bakside h. 129 cm, br. 98 cm. (Registreringskort, K. Fostervoll.) Messehakelen er no til restaurering. b) Messehakel, udatert. Rettsida messehakel i mørk oker, tidlegare brunrosa bomullsfløyel med koparfarga metallband og tornekrans. Fiskebinsmønstra band, br. 3,5 cm med kopartråd i innslaget rundt heile messehakelen. På framsida kalk bygd opp av koparband konturert med gullmetall lisse. På baksida kross av koparband, br. 5 cm, lagt parallelt, smykka med tornekrans i kopanrband brodert med silketråd i ulike grøntonar. Messehakelen er no til restaurering.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

To klokker i tårnet, truleg frå mellomalderen. a) Oppheng med hank og fem, tidlegare seks, bøylar. Smal rille over runda hue som går over i skrånande korpus avslutta ved to smale riller over utskrådd slagring med rett underside. D. 38 cm, h. 45 cm. b) Oppheng med hank og seks bøylar på flat kronplate som skrår ut mot rett hals med to dobble riller over utsvinga korpus som endar i vulst over nedbøygd slagring. D. 47 cm, h. 50 cm.

Offerkar

Klingpung. Udatert. Kollekthov på stong med bjølle. Trestong med beslag, bjølle og ring av jarn. Posen er sett saman av fire kilar av raud ullvelour med kongeblå silkeband over saumane og med kant av mørk raudt klede. Fôret er eit toskafts gråbrunt bomullsstoff. L. omlag 120 cm. Pose h. 17 cm, d. 12 cm. (Kort K. Fostervoll.)

Tavle. Ei almissetavle av furu med dreia, profilert hank, botn, skrå sider og rett bakside. Loket manglar. Under botnen er rissa inn dekor av tre parallelle striper som formar to X-ar i ramme. Raudfarga. Innskorne initialar: MESR og ASSR. L. 46 cm, br. 19 cm.

Blokk. Nyare blokk i våpenhuset av furu med beslag og lås av jarn.

Diverse

Skip.1600-tals type med 32 kanoner. Tremasta linjeskip utan segl i riggen. Skroget brunmåla, kanonene svartmåla. H. med mast omlag 95 cm, l. omlag 75 cm.

Kistebåre. Kistebåre samansett av fire skrånande hjørnestolpar, 8x10 cm, samanbundne av innfelte bord oppe og nede på alle fire sider. Kortsidene sekundært avstiva ved ekstra bord. Alle originale materialar har to profilar dregne på kvar side langs med hjørna. Profilane har holrenne med v-forma snitt på begge sider. Det ser ut for at profilane har restar av mørk farge. Foreninga kjøpte krakken attende til kyrkja i 1971. (Haugesunds Dagblad 27.3.1971.) H. omlag 80 cm, l. 163 cm, br. omlag 50 cm.

Stol. Rettsda stol med låg rygg med svakt boga toppstykke. Sargen er tappa inn i stolbeina, setet er festa til sargen med trenaglar. Enkle runda bindingssprosser tappa gjennom stolbeina nede. Bak på toppstykket er innskore: ANO 1783 AOSE, MEDE. H: 75 cm, br. 49 cm, dj. 47 cm.

Spadar. To små jordspadar, ein utskoren i eit trestykke, l. 34, br. 11,5 cm. Ein med dreia profilert handtak av tre og skuffe av metall. L. 82,5 cm, br. 13,5 cm. Ein større spade med skaft og blad av tre, men der bladet har avstiving og beslag av jarn. L. 128 cm, blad: l. 26,5 cm, br. 20 cm.

Skål. Skål på altaret til blomar. Sølv. Gravert med versalar: TIL INGJALD HAALAND / FRAA BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO 1933. Stpl: Drikkekanne, 925 S, 56.

Hatteknagar. I tillegg til dei hatteknaggane som har vore oppå benkevangane på sørsida, er det hengt opp jarnkrokar og horn av reinsdyr og hjort og også nokre hatteknaggar utskorne i tre. Dei fleste heng på sørveggen, nokre heng andre stader på sørsida av skipet.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden går rundt kyrkja. Han har størst utstrekning i aust-vestleg retning og skrår ned mot aust og litt mot sør. Inngang i vest gjennom port av spiler under tak tekt med skiferheller. Nord for kyrkja er det utafor ein singelgang murt opp ein støttemur mot terrenget, på sørsida er kyrkjegarden noko terassert. Mot vest, nord og aust er kyrkjegarden avgrensa ved lågt nettinggjerde på steingard av tørrmurte skiferheller. Mot sør for det meste av nettinggjerde over støttemur for terasse. Det har vore problem med for lite jord på kyrkjegarden som i mange omgangar er vorten påfylt. Dei fleste gravene ligg aust for kyrkja, men det er også graver i sør og nokre ved inngangen i vest. Gravplassen er framleis i bruk.

Gravminne

Dei eldste gravminnene er støypejarnskrossar frå andre halvdelen av 1800-talet. Som døme kan nemnast grava til Engel Jansen Nedre Bolstad, 1820 - 1868 og grava til Endre Svensen Bjørndal 1800 - 1877 og kona Marta Hansdatter Bjørndal 1800-1877. Andre krossar er frå 1886,1893,1888. Ei grav frå 1880 med gjennombroten kross har også karm. Skodespelaren Ingjald Håland er gravlagd på kyrkjegarden.

I kyrkja er lagra to gravminner av tre. Det eine har krossform der krossarmane endar i solkrossar. Krossen er dekt av runda gavl. Kvitmåla med svart innskrift: Gravskrivt over Dyd Sirede Ol Ding som her hviler sitt støv - Engel Samsonsen Berge Efeø(?) 1751, Død debr 1841 d. 24 Decmber. Det andre har form som ein hjulkross med kroning med to, tidlegare tre, dreia spir (kuler). Svart botn, kvit, nærast utviska skrift. F. 1814, d. 1841.

Utafor porten på sørsida er det reist ein bautastein med innskrift: Minnestein fyr Hermennerne fraa Haalandsdalen som var med aa verna Folk og Land i Ufredsaari 1807 - 1814. Reist av Bygdefolk 17de Mai 1914. På nordsida står ein liten hoggen stein med kross i relieff. Denne er knytt til ei segn om ein presteson som let livet på grunn av ei usemje.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Statsarkivet i Bergen.
  2. Kyrkjestolebok, l.nr. 110, Os, No 1, 1622-1651.
  3. Stiftsamtmannen, rekneskapar. Boks 1733: 1668 - 74, boks 1734: 1678 - 95, boks 1735: 1696 - 1710, boks 1736: 1711 - 1713.
  4. Stiftsamtmannen, boks 1734, legg 3. Synfaring 1686, Sunnhordland.
  5. Kyrkjestolebok, l.nr. 108: Hålandsdal 1714 - 1723.
  6. Stiftsamtmannen, boks 1719, legg 3, Sunnhordland, 1721.
  7. Sorenskrivaren, Hardanger og Voss, Tingbok I A d 10, fol. 363b f.
  8. Sunnhordland prosti. Visitasprotokoll 1819 - 1835.
  9. Sunnhordland prosti. Besigtigelsesprotokoll 1828 - 1891.
  10. Bispearkivet, Avd IV. Visitasmeldingar.
  11. Riksarkivet.Rentekammeret, Rekneskapar, kyrkjer. Pk. 46. Bergens stift 1659 - 1668. Synfaring 1665, Sunnhordland og rekneskap for 1662 - 64.
  12. Rentekammeret, Real. ordn. avd. Pk.3. Kirchernes Tilstand udj Bergens stift, Anno 1709, Sunnhordland.
  13. Det antikvariske arkiv. J. Brænne og T.M. Olstad, A 258 - Holdhus kirke, befaringsrapport 22.6.83.
  14. A.M. Hoff, A 258 - Hålandsdal Gml. Kyrkje, Fusa Kommune, Hordaland. Rapport etter undersøkingar under golvet i skipet i tidrommet 17. aug. - 9. sept. 1992.
  15. Norges kirkers arkiv.
  16. T. Røssok, Registreringsnotat 1988.
  17. A.M. Hoff, Registreringsnotat 1988.
  18. O. Storsletten, Notat: Gjenanvendte Bygningsdeler fra den tidligere stavkirken. 1988.
  19. Div. usignerte registreringsnotat.
  20. O. Storsletten, A-258 Holdhus kirke - Fusa kommune. Undersøkelse. Rapport 25.4.95.
  21. Bergensavdelingen av Fortidsminneforeningen.
  22. B.E. Bendixen, Brev til sentralforeningen 23.8.1900 om kjøp av Holdhus kyrkje.
  23. Schak Bull, Konditioner, 17.10. 1905.
  24. Schak Bull, Brev til Bergensavdelinga om inspeksjon etter arbeid. 1.6.1906.
  25. K. Fostervoll, Registreringskort for to messehaklar og ein klingpung.
  26. Geologisk institutt, Bergen, Anders Kvale: Petrografisk undersøking av Madonnafiguren. 22.10.1954.
Trykte kjelder
  1. L. Dietrichson, De norske stavkirker, Kra. og Kbh. 1892 (s. 476 og 428).
  2. Just Bing, "Norges ældste kirkeinventar. Et arkivfund", Bergens Museums Årbok 1909. Nr. 13.
  3. E. Lexow, Norske glassmalerier fra laugstiden, Oslo 1938.
  4. A. Mohn, "Malte rumdekorasjoner på Vestlandet", Bergens historiske forenings skrifter, nr. 44, 1938.
  5. O.B. Skaathun, Soga for Fusa, Haalandsdal og Strandvik, Bergen 1961.
  6. N.G. Brekke, "Holdhus kyrkje i Hålandsdal", FNFB årb.1969.
  7. Haugesunds Dagblad 27.3.1971.
  8. L. Mykland, Guds hus under hammeren, Hovudfagsoppgåve Bergen 1976.
  9. A.M. Franzén, "Bonad", "Päll", KLNM 1956 -1978.
  10. F. Hodnebø (red.), Bergens Kalvskinn, Oslo 1989, fol. 66a.
  11. DN XXI, 6-7. (Inventarlista frå 1306.)
  12. A.M. Hoff, "Holdhus kyrkje", Norsk byggekunst, Oslo 1994, s. 180.
Teikningar
  1. Bull, Schak: 1901: Grunnplan, lengdesnitt gj. våpenhus og tårn, tverrsnitt gj våpenhus, tverrsnitt gjennom tårn, plan tårn. M: 1:50. (Originalar i AA). Lysekrone, M 1:5. Oppriss av to klokker.
  2. Meyer, Johan: 1908. "Kirkestol fra Holdhus Kirke i Haalandsdalen A = 1795" (?), oppriss av dør og sidevegg med gesims, mål 1 m. = 15 m. (Originalane ligg i Johan Meyers Samlingar).
  3. Berner, Finn: 1915. 1:50. Fasade mot nord. Fasade mot aust og mot vest. Snitt mot nord. Detalj (M 1:3?) Rankemåling under galleriet. Interiørschema (M 1:10) Nordvegg med rankemåling og benkesider. Plan (M 1:50).
  4. Hassel, Knut: 1938. Lengdesnitt mot sør. Kirkestol, Oppgang til prækestolen, Feldt av prækestolen M. 1:10. Snitt gjennem kor, Snitt gjennem skib, M.1:50. Nordfasade, M. 1:50. Vestfasade, Ostfasade, M. 1:50. Snitt gjennem våbenhus, snitt gjennem tårn, M.1:50. Plan, M.1:50.
  5. Muri, D.J.: Plan 1:50. Fyllingar frå preikestolen, mål omlag 1:10. Inngangsdør, mål omlag 1:10. "Naglehoder i jernbeslaget", "Stavprofil", "Profil av lister paa Prædikestolen", mål: 1:1. (Originalar: AA)
  6. Storsletten, Ola: Bindingsverket i skipets vesttårn1:50. Detaljer M 1:1/1:10/1:50. 1995. Genanvendte bygningsdeler i skipet - koret. Detaljer. M. 1:1/1:20. 1988-1995. Gjenanvendte stavkirkedeler i skipets vesttårn. Detaljer M. 1:1. 1988. Fasade nord. M 1:50. 1988. Fasade sør, M. 1:50. 1988. Fasade vest - øst. M.1:50. 1988. Langsnitt - tverrsnitt skip. M 1:50. 1988. Plan. M. 1:50. 1988.

Lista som er vanskeleg å lesa, ligg føre i to tolkingar, Just Bing 1909 og DN XXI, 6-7. Her er attgjeven tolkinga i diplomatariet, kursiveringa er utfylling av forkortingar.

"Anno domini Mo ccco sexto a adra are vird[uligs herra biskups herra Arna]2 var þetta goz ok skrud kirkiunnar a halande j rossa dale Jn primia æin messo fott med pellz hokli ok ollum bunade Jtem [o]nnur med pelz hokli Jtem þridui med kamaloz hokli Jtem æitt antependium med tuæim handklædum Jtem æit handklædi Jtem þriar alter3 blægior ok er æin med bunade Jtem allar koren tialdadr med ræflum ok vndir tioldum Jtem oll forkirkian tialdat med ræflum ok vndir tiolldum Jtem eit merki af silki Jtem tuær klokor J stopplinum Jtem tuær handklokor Jtem æit æld kær Jtem æ[in] vazkættil Jtem tuæir tinamplar Jtem æit þælog ok æit græf Jtem æin kalikkr gyltr innan med knapp er stendr ærtog fa[t]t a .vii. aura Jtem æit corporale med husi þessar skriptir tuæir tre krossar Jtem æin Mari skript Jtem æin kærti stafr [a]f4 kopari Jtem æin kross stor cum Mari et Johanne med sex silfr spongum þriar vm huarn arm ok [æ]in silfr sylgia Jtem æin Josala kross Jtem tuau biarnskin huit ok onnur tuau suort þessar boekr æin messo bok de tempore et de sanctis per annum Jtem þessæ legenda per annum5 Jtem æit aspiciens de tempore et de santis (per) annum Jtem æin psaltare forn Jtem æin ymna bok litil Jtem æin litil psaltare Jtem æit commune suffragium Jtem æin hand bok.

Fotnoter

  1. Lista som er vanskeleg å lesa, ligg føre i to tolkingar, Just Bing 1909 og DN XXI, 6-7. Her er attgjeven tolkinga i diplomatariet, kursiveringa er utfylling av forkortingar.