Hjelme kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Hjelme kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneØygarden kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.648971,4.798103
FellesrådØygarden kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125900301
Soknekatalognr10010401
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Den nye kyrkja på Sæløy i Øygarden prestegjeld vart reist mellom gardane Sæle og Bakken sør for tettstaden Hellesøy, men fekk namn etter gamlekyrkja på Hjelme. Kyrkja er teikna av arkitekt Arne Halvorsen og vart vigsla av biskop Per Juvkam 13. juni 1971.

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje av glattpussa mur med orientering nord-sør og med koret i nordenden. Hovudbygningen har rektangulær plan. I tillegg til sjølve kyrkjerommet inneheld han kyrkjelydssal under tverrgalleriet i sør. Kyrkjelydssalen er skilt frå kyrkjerommet ved ein faldevegg og kan inkluderast i kyrkjerommet. Det høge saltaket er ope til røstet. Kyrkja har 340 sitjeplassar. Ulike tilleggsrom som kjøkken, inngang, toalett og barnerom er lagde til eit tilbygg med flatt tak aust og dels sør for hovudbygningen. Kontora ligg lengst nord i tilbygget som her går lengre ut mot aust og inneheld bårerom i kjellaren og eit høgt pyramideforma klokketårn over grunnhøgda.

Vegger

Gavlane er murte opp av betongblokker, pussa og kvitmåla utvendes og innvendes. Hovudelementa i langveggene er åtte tverrstilte betongpillarar. Mellomromma er dels utfylte med glas, dels med mur. Pillarane deler kyrkja opp i ni fag, to av dei i kyrkjelydssalen. Tilbygget har vegger i pussa og kvitmåla mur.

Dører

Hovudinngangen er gjennom glasdører på austsida av tilbygget og lengst sør i austveggen i kyrkjerommet.

Vindauge

Murveggene i tilbygget og i grunnhøgda i sørgavlen er gjennombrotne av seriar av rektangulære vindauge. I tillegg har gavlane sentralt plasserte høge, smale lysopningar med trekantoverdekking, det i nord er størst med glasmåleri (sjå interiør). Vestveggen i kyrkja har utfylling av høge rektangulære ruter over teglmurt brystning mellom pillarane. Overlys frå vindauge i taket.

Golv

Kyrkja har murt golv. Koret er markert ved platå som ligg eit steg høgre enn golvet i skipet. Som golvdekke har skipet vinyl, koret nålefilt.

Tak

Taket over hovudbygningen er konstruert ved hjelp av 8 enkle sperrefag av laminert tre. Sperrefaga kviler på langsgåande dragarar på veggpillarane og føl faginndelinga. Takflatene mellom dragarane er innvendes kledde med dels heile, dels perforerte plater. Utvendes er saltaket dekt med ruteheller. Den austre takflata er i seks av faga gjennombroten av spisse gavlar med vindauge. Tilbygget har flatt tak.

Tårn

Klokketårnet er ein firesida betongkonstruksjon i to høgder med lydopningar til alle fire sider i øvre del der klokkene heng. Tårnet er dekt av ein høg, pyramideforma hjelm med gratsperrer i betong feste til murkruna. Hjelmen går ned over lydopningane, mest ned mot taket i kontortilbygget. Hjelmen er tekt med metallplater og toppa med kross.

Interiør

På korplatået står altaret sentralt eit stykke frå nordveggen og preikestolen på vestsida. Døypefont, lesepult og piano har plass på austsida. Skipet har benker på begge sider langs midtgangen og dels langs sideveggene. På tverrgalleriet i sør er det i tillegg til orgel og lagerrom god plass for musikarar og songarar. Fargar: Laminerte dragarar og sperrer er beisa gulbrune. Murveggene og platene i himlinga er kvitmåla. Faldedører og inventar av furu er lakka. Benkene har puter trekte med brun skai. Vinylgolvet i skipet er grå-grønt, i koret og på altarpodiet noko blåare nålefilt. Raud nålefiltløpar i midtgangen. I fondveggen glasmåleri i fleire fargar gjeve av brørne Hovden, busette i USA, men med røter frå Øygarden. Glasmåleriet er laga av Walter Judson, Los Angeles 1971. Det viser Kristus ståande på strålekrans med hendene løfta til signing. Nedst i måleriet ein kross, øvst ei due.

Inventar

Preikestol, altar, altarring, døypefont, benker og galleribrystning er utførte i same stilen, teikna av arkitekten og produserte av Os Treindustri. Dei har ei grunnramme av svartlakka metallstenger og er, med unntak av altarringen, kledde utvendes med ståande furubord og har ei øvre liggande plate eller handlist. Preikestol og døypefont har tilnærma kubisk form. Det berande elementet i galleribrystninga er ein tverrgåande laminert dragar.

Orgel

Eduard Moser, Jacob Pieroth. Vestlandske Orgelverksted. Opus 68, Hareid, år 1971. Brystverk med svell. Hovudverk med midttårn og sidetårn. Lægre sidetårn med pedalverk. Orgelet har 17 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Mekanisk overføring.

Rituelle kar

Frå gamle Hjelme kyrkje er overført ein kalk og ein disk som no vert nytta til reisekalk, til dømes ved to årlege gudstenester på bedehuset på øya Hernar. Kalk. Sølv, kupa innvendes gylt. Nærast halvkuleforma kupa med svakt utskrånade profilert kant. Innsett nebb. Kort skaft som svingar inn mot flattrykt kuleforma nodus med lodrette riller. Jamnt utsvinga fot som endar i vulst. Inngravert på kupa: "Hjelme Kyrkja". Stpl: 830 S, beger i oval. H. 18,7 cm, diam. 13 cm. Disk, sølv. Tallerkforma med runda botn. Stpl: (18)63, 6M i oval, T.BØRS, 13 LG, sju kuler. Diam. 16,5 cm, rand 2,4 cm, h. 0,9 cm.

Til den nye kyrkja vart det kjøpt kalk og disk, vinkanne og oblatøskje, dåpsfat og dåpskanne i sølv i moderne form frå David - Andersen.

Parament

Altarduk. Kvitt aidastoff med hardangersaum på sidene og framme. Tunga kant med krossar og kalkar. Sydd og gjeven til kyrkja av Emma Knutsen.

Messehaklar. a) Grøn messehakel. Kypert. Lin? Framme: Brodert smal gul stolpe med orange kontur. Bak: Tilsvarande stolpe som strå med brodert aks. Festa med massinghekter på eine skuldera. Gul-raudt silkefôr. Messehaklar i raudt, kvitt og lilla frå Vanpoulles LTD, alle med vid form.

b) Den raude har grøn stolpe av fløyelsband, avbroten av applikert gullfarga kross framme og bak. Sennepsgult silkefôr.

c) Den kvite har applikert latinsk kross av raud fløyel med innfletta alfa og omega, framme og bak. Gult silkefôr.

d) Den lilla er kanta rundt halsen med raudlilla fløyelsband som og er montert som dobbel stolpe framme og bak. Framsida har applikert gullkross, baksida kristogram. Blå-lilla silkefôr. Ei messeskjorte. Alba. Svart kledes kappe til kyrkjegardsbruk.

Lysstell

Altarstakar. To par sølv altarstakar frå David - Andersen i same form som dei rituelle kara.

Kyrkja vert elles opplyst ved overlys over dragarane langs sideveggene. Punktlys mot altaret.

Lysekroner med to ringar med 6 nedovermonterte pærer i kvar ring.

Blomstervasar

To vasar frå Hjelme gamle kyrkje. Sølv eller plett. Nyare. Inngravert: HJELME KYRKJE. Ustpl. H. 22,9 cm, diam. 12,8 cm.

Klokker

To klokker i tårnet i kyrkja opphengde over einannan i ein metall klokkestol med elektrisk ringesystem. a) Den nedste klokka har krone med midtstolpe og 6 bøylar. Flat hue. Mellom to riller øvst på halsen er innskrive: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN PR TØNSBERG 1970. På korpus latinsk kross over innskrifta: "DEI SKAL FORKYNNA HANS PRIS PÅ ØYANE." ES.42.12. Nedre del av korpus svingar ut mot nedbøygd slagring. Diam. 86 cm, h. 82 cm. b) Same form og innskrift mellom dei to øvre rillene. På korpus: Kristogram med alfa og omega på sidene over innskrift: "DEI SKAL GJEVA HERREN ÆRA" ES. 42.12. Diam. 73 cm, h. 70 cm. c) Klokke i klokketårn på kyrkjegarden. Oppheng med seks bøylar. Innskrift mellom øvre riller: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN PR. TØNSBERG 1949. Innskrift på korpus: SALIG ER DE DØDE "SOM DØR I HERREN". Diam. 59 cm, h. 51 cm.

Bøker

Nytestament med Davids-salmane. Chr. 1855. Tekstbok 1918. Nyare bøker.

Møblar

To nyare brurestolar med stoppa skinntrekk på setet og ryggen. Utskore blomefelt og rocaille på fotbrett og toppstykke. H-sprosse med rocaille.

Piano, Grøndahl.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden ligg på Stakksmyra nordafor kyrkja. Den eldste delen med graver frå 1949 og frametter, ligg nærast kyrkja. Den nordlege delen er ei utviding frå som vart gjort i samband med oppføringa av den nye kyrkja. Her står reiskapsbu med toalett og eit lite klokketårn. Ved reiskapshuset er laga eit lite felt med minnesteinar over personar som er komne vekk på sjøen.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)