Hålandsdalen kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Hålandsdalen kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneAskøy kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.454274,5.131609
FellesrådAskøy kirkelige fellesråd
Kirke-id124700301
Soknekatalognr04100202
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Den nye kyrkja i Hålandsdalen ligg lengre aust enn den gamle på eit høgdedrag, Eidesleite, mellom Gjønavatnet og Skogseidvatnet. Kyrkja vart oppført i 1890 etter teikningar og under leiing av byggmeister Karl Askeland og vart vigsla av biskop Fredrik Hvoslef 20.11.1890. Grunnarbeidet vart utført av Gjert G. Hammersland.

Bygningen

Kyrkja er ei treskipa langkyrkje tømra opp i furuplank med skip under saltak og smalare, lægre kor i aust, avslutta ved tre sider av ein åttekant under valma tak. I hjørna mellom skip og kor er det bygt til dåpsventerom på nordsida og sakristi på sørsida i bindingsverk under pulttak. Eit firkanta tårn er bygt inntil vestgavlen i skipet. Skipet er 13,16 m langt og 9,2 m breidt. Koret er 5,9 m langt og 6,6 m breidt. (Jubileumsskrift s. 20.) Taka er tekte med skifer. Veggene er utvendes kledde med liggjande panel. Kvar av langveggene i skipet er delte i fire felt ved innkassingar for opplengjer. Nedst er veggene avslutta ved vatnbord over grunnmur av naturstein. Kyrkja er kvitmåla. Fotografi av kyrkja (M.Selmer, 1894) viser at kyrkja opphaveleg må ha vore måla i ein annan farge med kvitt listverk. Til 75-årsjubileet i 1965 vart det utført omfattande fargerestaurering innvendes i kyrkja etter planar av arkitekt Rolf Rohde. (Jubileumsskriv, s. 21.) I 1978 vart det etter teikningar av kommuneingeniør Karsten Boge bygd toalettrom på nordsida og bårehus på sørsida av tårnfoten, i bindingsverk under pulttak, og eit større overbygg under saltak over ny mura inngangstrapp i vest.

Vegger

Tømmerveggene i skipet og koret er ikkje kledde innvendes. Tre par opplengjer deler kvar av langveggene i skipet inn i fire felt, tilsvarande felta utvendes og med eit høgt, smalt vindauge i kvart. I koret er det høge vindauge i dei to skråstilte veggflatene. Sideskipa og midtskipet er skilde frå einannan ved tre stolpepar som korresponderer med opplengjene og med veggstolpar i aust og vest. Under himlinga er det lagt langsgåande bjelkar på halv ved inn på stolpane. Over bjelkane og i overgangen mellom korveggen og korhimlinga har kyrkja kraftige gesimsar med tannsnittsfrise og profilerte kronlister. Stolpane har avfasa hjørne og lister som ber skråstivarar til dei langsgåande bjelkane. Skråstivarane er rikt ornamenterte med utskore tulipanmønster i sviklane, krossblomar og ytre boge med hundetenner. Koret opnar seg i full breidde mot skipet.

Dører

Kyrkja har tofløya fyllingsdører mellom tårnfot og skip og tilsvarande nye i vestinngangen og på sørsida i bårehuset. Enkle fyllingsdører mellom kor og sakristi, mellom sakristi og preikestol og til sakristigang. På nordsida dør mellom skip og gang og mellom gang og dåpsventerom. Både på nord- og sørsida er det enkle fyllingsdører frå gangane i kortilbygga ut på kyrkjegarden. Enkel fyllingsdør mellom gallerigang og galleri. Toalettilbygget har nye, finerte dører.

Korskilje

Opninga i korskiljet har flat, kløverbladforma korboge, markert med hundetannsornament og kanta med vulst som går ned langs sidene. Dei to stega opp til koret er flankerte av låge brystningar i ramverk med to spissboga fyllingar på kvar side, lagde opp i korte meklarstolpar. På sørsida held brystninga fram innover i koret med fire fyllingar som avgrensar klokkarbenken.

Vindauge

Dei høge vindauga i skipet er doble med gjennomskinleg glas i den indre og klart glas i den ytre ramma. Den indre ramma har midtpost og tre horisontale sprosser og enkel trekantgavl på kvar side av midtposten. Den ytre er tilsvarande, men med to kløverbladsbogar og firpass i den trekanta overdekkinga. Dei to høge vindauga i koret har utvendes same utforming, innvendes er det farga glas innfatta i bly med mindre ruter. Kvart av kortilbygga har to mindre vindauge og overlys over døra med to kløverbladbogar og firpass i trekantgavlen. Tårnet har vindauge med trekantgavlar i gallerihøgd mot vest og i høgda over mot nord og sør. I klokkerommet doble lydgluggar mot nord, vest og sør. Toalettilbygget har to mindre vindauge tilpassa dei gamle. Før 1978 hadde tårnfoten vindauge i nord og sør av same slag som i skipet.

Tak

Skipet har tre sperrefag som korresponderer med midtskipsstolpane og opplengjene i tillegg til gavlsperrene som korresponderer med veggstolpar aust og vest i skipet. I tillegg til sperrefaga er det to enkle sperrepar mellom kvart fag. Sperrene er feste til raftestokkar eller opplengjer (vanskeleg tilgjengeleg) og på doble langsgåande bjelkar på dei høge midtromsstolpane. Mellom dei doble bjelkane er det lagt inn tverrgåande betar ved kvart stolpepar. I raftehøgd er det lagt inn tverrbjelkar frå oversida av opplengjene til midtromsstolpane. Der desse møtes er det sett inn knestokkar til sperrene. Stolpepar og betar er avstiva og feste til sperrene ved undersperrer lagde inn på halv ved frå midtromsstolpane, via betane og til sperrene. Sperrene ber undertak av horisontale bord. Taket over koret har enklare sperrekonstruksjon.

Himlingar

Sideskipa har flat, staffpanelt himling under tverrbjelkane. Midtskipet har tønnekvelv som kviler på gesims. Himlinga er isolert ovanpå med Glava. I koret er det tønnekvelv med stikkbogar i aust.

Tårn

Tårnet er i bindingsverk med fire gjennomgåande hjørnestolpar og to mellomstolpar på kvar side mellom rammer som skil høgdene. Nedre del av tårnet er avslutta i fjerde høgd med gavlar til alle fire sider, over dette er det eit inntrekt klokkerom avdekt med kopartekt, åttekanta hjelm med kule og kross og fire små tårn i hjørna. Klokkerommet kviler på ramme i fjerde høgda.

Golv

Skip og kor har lakka furugolv. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet. Golvet vart slipt og nylakka til 100-årsjubileet.

Interiør

Døypefont på nordsida i koret. Klokkarstol i det sørvestre hjørnet i koret. Preikestol søraust i skipet ved koråpninga. Tverrgalleri med orgel og benker vest i skipet.

Farga

Kyrkja vart måla innvendes til 75-årsjubileet i 1965 etter forslag frå arkitekt Rohde som i stor grad bygde på den opphavelege fargesettinga. Veggene i skipet er lys grå, i koret lys gule, stolpane ferskenfarga med brune avfasingar. Himlingar i kor og sideskip er lys blå, i midtskipet kvit. Gesimsar og skråstivarar er måla i gult, brunt og brunraudt. Korbogen har opphaveleg dekorativ rankemåling i brunt på lys lilla botn i fem felt med svakt grøn ramme, måla av Winsjans Eikeland.

Altarring, korskiljebrystning, preikestol, døypefont, benker, galleribrystning, dører og orgel er haldne i grått, blågrått og blått, med raud, brun og gull staffasje. Denne bruken av blått og grått er det nye i Rohde si fargesetting, tidlegare var alle himlingar kvite, benker, stolpar og døypefont var lys gule, preikestolen var lys gul med kvite fyllingar, galleriet var halde i dei same fargane. I 1962 vart det sett inn farga glas i kyrkja og blyinnfatta farga glas i vindaugo i koret. (Jubileumsskrift, s. 21.)

Det ligg ein grå løpar langs midtgangen og grått teppe inni altarringen. Ved oppussinga i 1965 vart det lagt raudt teppegolv i heile koret. Det var då bastløpar i midtgangen.

Inventar

Altar

Kasseforma altar der ryggen går over i oppsatsen. Hjørnene framme er knekte. På baksida er det doble dører til altarskåp, på sidene er altaret staffpanelt. På framsida har altaret frontale måla på huntonitt av Per Vigeland 1951. Frontalet har ei framstilling av Lammet med sigersfane som kviler på boka med sju segl. Ut frå Lammet strøymer dei fire livsflodene i krossform. Usignert.

Altarring

Uttrekt halvsirkelforma. Knelepute stoppa og trekt med blått ullstoff. Altarringen har blåmåla balustrar som ber gotiserande bogar med gylte stjerner i sviklane. Brun handlist. Ringen er avslutta ved åpning nord og sør for altaret med høgre stolpar med rektangelforma snitt avslutta oppe med utskoren krossblom. Golvet i altarringen er i same høgd som korgolvet, men framfor altaret er eit høgre segmentforma steg. Kneleskammel i tre, brunlasert, stoppa og trekt med blått ullstoff. Blå frynser.

Altartavle

Rundboga biletfelt omgitt av ramme med tannsnittfrise. Feltet er flankert av kannelerte halvsøyler på urneforma postament og med urneforma kapitél mot flat bakgrunn. Innafor søylene går bakgrunnen opp i eselryggboge over biletfeltet, toppa av kannelert urneform. Hjarte, kross og anker i bogetoppen. Utafor søylene går sidene rett opp og endar i enkle fialar, toppa med kross. Mellom fialane og eselryggen er det rett avslutta sviklar med rankeornament, krynte med ranke og kross. Fargar: blå-lilla kannelyrer og sviklar, elles gulbrunt, gull, litt brunraudt og svart. Måleriet framstiller Kristi oppstode. Usignert. Kristus står på sarkofagloket, ser rett fram og løfter høgrehanda høgt, venstre litt lægre, framover mot kyrkjelyden til signing. Han fyller det meste av biletflata. Likkledet er drapert framfor han og over begge armane. Nede til venstre i biletet, vendt mot Kristus, knelar ein engel. Engelen ber raud kjole, gul kappe og palmegrein. Nedst til høgre to romerske soldatar med skjold og lanse. I bakgrunnen Golgata.

Døypefont

Døpefont av tre. Åttekanta, profilert kum med nedsenking for dåpsfat. Kummen er boren av åtte konsollar på rett, åttekanta skaft. Åttekanta, profilert base. Kvadratisk fotplate. Grå og blå med gylt ornament. H. 94 cm, br. 52 cm.

Preikestol

Åttekanta preikestol med 7 sidefag i ramverk med fyllingar med spissboga utforming. Botnen er åttekanta, utsvinga og kviler på ein høg, åttekanta stolpe som nedst går over i breiare, kvadratisk form. Preikestolen er blå og blågrå med raude avfasingar og ornament i sviklane. Oppgang ved trapp frå sakristiet med dør inn til preikestolen gjennom austveggen i skipet.

Benker

Enkle benker langs langveggene i skipet. Benkene på golvet i skipet og på galleriet har høge vangar med loddrett bakkant medan framkanten er innsvinga over setehøgd. Vangane er avslutta oppe ved trepass. Open rygg av to enkle bord. I 1990 vart setefjølene påbygde i framkant, den nedste ryggfjøla vart fôra med eit ekstra bord og det vart laga puter til benkene. Fargar: Grå med blå avfasingar, putene er trekte med blått ullstoff.

Galleri

Vestgalleriet er bygd opp i amfi. Galleribjelken er lagd opp i det vestre stolpeparet og dei vestre opplengjene og i veggstolpane. I tillegg er galleriet stødd opp av to tynnare stolpepar, det eine flankerer vestinngangen, det andre midtgangen under brystninga. Dei siste har skråstøtter til brystningsbjelken. Galleribjelken ber gesims med tannsnittfrise og brystning med gotiserande fyllingar i ramverk. Fargar som elles i interiøret.

Orgel

a) Orgel med fem stemmer og pedal. Dette første orgelet vart kjøpt til kyrkja ein gong mellom 1914 og 1919. (Jubileumsskrift, s. 24.) Orgelet kravde belgtrøar.

b) Orgel produsert av Olsen & Jørgensen 1899 og kjøpt til kyrkja i Hålandsdalen frå metodistkyrkja i Trondheim i 1953. Orgelet hadde 5 stemmer, 1 manual og anhangspedal, mekanisk overføring. (Kolnes, 1993, s. 351.) Spelepulten var vend mot altaret. Prospektet var tredelt med spisse bogar fylte med orgelpiper, midtfeltet størst. Over kvar boge vimpergar med gjennombrotne trepassformer skilde ved fialar. Gule fialar, blå vimpergar, listverk i brunt og gull. (Vidare lagnad)

c) Orgel frå Robert Gustavsson orgelbyggeri AB, Sverige, levert 1994. Orgelet har ti stemmer fordelte på to manualar og pedal. Smal orgelkasse med rundboga midtfelt flankert av firkanta sidetårn avslutta ved kronlist. Sidetårn og midtfelt har lydopningar utfylte med medtallpiper.

Rituelle kar

Kalkar. a) Altarkalk frå 1694, kupa nyare. Sølv. Høg kupa med utsvinga kant, innvendes gylt. Sylinderforma skaft med nodus, overgangane markerte med riller. Nodus forma som flatklemd kule med drevne bladmønster og knuppar. Skaft og nodus gylte. Foten svingar ut mot svakt profilert standkant over fotplate. Gravert nede på foten: HAALANDS D K: ANNO 1694 under ein gresk kross. På motsett side er det med klemmer gjennom metallet festa eit gylt, ovalt felt med krusifiks. Øvst i feltet er prega IN - RI på sidene av krossen, nede eit blomemønster. Under foten: XXV Lo .... (Lod). H. 21,5 cm, diam. kupa 10,4 cm. b) Altarkalk. Sølv, innvendes gylt. Vid, halvrund kupa med utsvinga kant og nebb. Nodus med loddbeine furer over utsvinga fot med profilert nedre kant. Gravert: “GLORIA IN EXCELSIS DEO” HÅLANDSDAL KYRKJA ANNO 1955. Stpl: 830 S, kalk i oval, Th. Marthinsen. H. 19,5 cm, diam. kupa 13,3 cm. Særkalkar. Sølv. Gåve frå Hålandsdal sanitetsforening 1954.

Disk. Sølv. 5 stempel: 93, IBH, 13 1/3, sju kuler, ?. Diam. 13 cm, rand 2,2 cm.

Oblatøskje. Sølv. Oval øskje med rette sider og svakt krumma lok. Loket og botnen har bølja kant. Gravert på loket ”Anno 1745 - Paa Dale Altar - Bord - Gaf mig den dale Mand - Gud frie den gandske Hiord - fra rivend Ulfve - Tand!” To stempel under botnen: R eller B med krune, JR(?). H. 4,5 cm, br. 12,5 x 9,5 cm.

Dåpsfat. a) Eldre massingbekken. Tett med svake ringar på utsida. Hol i kanten. Diam. 29,5 cm, rand 2 cm, h. 8 cm, botn 22 cm i diam. b) Dåpsfat. Sølv. Gravert på undersida: ”GÅVE FRÅ KYRKJELYDEN OG UTFLYTTE HÅLANDSDØLAR 20-11-1965”. I botnen er gravert ein gresk kross med kløverbladarmar på lysande sol. Stpl: 830 S, ?, N. Diam. 40,2 cm, rand 7 cm, h. 5 cm, diam. botn 22 cm.

Vinkanne. Plett. 1954. Pæreforma med nebb og hank og høgt boga lok avslutta ved kule. Uleseleg stempel.

Skål av sølv, gylt innvendes. H. 4,7 cm, diam. 12,6 cm.

Kanne. Sølv. 1965. Høg kanne med rett hals og pæreforma korpus på utsvinga fot. Gravert under foten: ”GÅVE FRÅ KYRKJELYDEN OG UTFLYTTE HÅLANDSDØLAR 20-11-1965”. På sida latinsk kross med kløverbladarmar på lysande sol. Stempel: 830 S, ?, N.

Parament

Altardukar. a) Bendixen (1904, s. 318) nemner ein ”Gammel rød alterdug”†. b) ”1 ny Alterdug (Hardangersøm) foræret i 1904 af Fru Aspelund fra Bergen”. (notat i AA) †. c) Kvit linduk med fin hardangersaum, 1928, sydd og gjeven av ti kvinner i kyrkjelyden. (Jubileumsskrift, †?) d) Toskafts kvit linduk med brei bord i hardangersaum. Meanderbord mellom to sikk-sakk-bordar. Påbrodert årstal 1967. Sydd og gjeven av Amalie Uglehus Haga. e) Mindre toskafts kvit linduk med smalare bord i hardangersaum med vekslvis kalkar og krossar i spissbogar. Duken vart sydd til kyrkja sitt 100-års-jubiléum av Kristine Sævareid.

Messehaklar. a) Eldre, rettsida, djup raud fløyels messehakel kanta med gullband og med stjerne framme og gullkross på ryggen. Raudt satin-fôr. b) Nyare, rettsida raud fløyels messehakel kanta med snodde gullband og blå stilkesting. Motiv framme: kristogram med alfa og omega på sidene i sirkelrund ramme. Motiv på ryggen: stor gullkross med strålekrans. Motiva utførte i gullband, påsydde snodde gullsnorer og blå stilkesting. c) Kvit bomulls kypert messehakel i vid form med brandgult taisilkefôr. Applikasjon framme: Krosslam på boka med sju segl, brodert på bomulslerret, kanta med snodd sølvband. På ryggen stor Y-kross i brandgult bomullslerret applikert på kvitt bomullslerret og overbrodert med stilisert vinranke i grønt og sølv. Krossen og hakelen kanta med snodd sølvtråd. Gåve frå soknerådet til 100-årsjubileet. Sydd av Gudrun Bolstad, Olaug Bjørndal og Liv Myrlid. (Os og Fusaposten 7.6.1990.) Ei bomulls messeskjorte, nyare.

Lysstell

Altarstakar. To massing altarstakar. Brei skålforma krage. Lyspigg. Balusterforma skaft og fot. Fotplata kviler på tre føter. Til skaftet er festa skjold med føljande innskrift: ”. DISSE . STAG/ GER . ER . KIØB/ T . TIL . HOLLE/ NDS . DAHL . KIRC/ KE . AF . KIRCKENS/ ALMVEN . ANNO/ 1721”. H.(med pigg) 48,5 cm, br. 17 cm. Kyrkja har to sjuarma lysestakar i svartlakka smijarn. Pålodda kross på framsida. H. 132 cm.

Lysekroner. a) Lysekrone vest i skipet ved galleribrystning. Massing. Spinkel. Truleg kjøpt til den nye kyrkja. Balusterforma skaft. 6 S-forma lysarmar som kvar ber to lys, over lysarmane 6 blomeforma reflektorar. Over skaftet snodd stang og opphengsplate. For stearinlys. b) Større, nyare massing lysekrone med elektriske lys. Barokk form. Kule med ring nedst. Balusterforma skaft med tre plater med 6 S-forma lysarmar festa til kvar plate. Gåve frå kyrkjelyden til 75-årsjubileet. Massing lampettar av barokk form med to lysarmar langs veggene i skipet.

Klokke

To riller øvst på halsen, utsvinga korpus, tre riller over nedbøygd slagring. Mellom dei øvre rillene: ”GEG. V. BOCHUMER VEREIN”. På korpus: ”HAALANDSDALENS KIRKE. 1890.” Diam. 83 cm, h. 76 cm.

Bøker

Bibel, Christiania, 1876-87. Kirkesalmebog, M.B.Landstad, Bergen 1877. Alterbog, Kristiania, 1889. Kollekter, Epistler og Evangelier etc., Kristiania, 1887. Nyare bøker.

Nummertavler

To tynne svartmåla trebrett med kontur oppe med ”Fyre” og ”Etter” i gullfraktur på svart botn.

Møblar

Piano Yamaha nord-aust i skipet.

Brurastolar. a) To enkle stolar av renessansetype laga av Gitle Nes då kyrkja var ny. b) Nye stolar 1965, gåve frå Fusa sparebank. Stolane har lågtsittjande beinsprosser i H-kryss, bindingsbrett og armlene. Stoppa sete og ryggbrett trekte med gyllenlêr. Rankeskurd på ryggens toppstykke og på bindingsbrettet. Stolane er laga ved Ringøy og Bjotveit møblar i Ringøy etter teikningar av Gunnar Bjotveit som også har utført treskjerararbeidet.

Blomstervasar

To vasar i sølv. Gravering: ”HÅLANDSDAL KYRKJA 1961”. Stpl: 830 S, Lo.

Kanner. To kanner med lok i svart fajanse med kvit kross og gullstaffasje. Stempel under botnen. EF (Egersund Fajanse).

Kyrkjergard

Den eldste delen av kyrkjegarden ligg på nordsida av kyrkja. Denne delen vart teken i bruk i 1891 og har plass til 270 graver. Dei fleste av dei gamle gravene er no sletta og plassen teken i bruk til nye graver. I 1925 vart det laga gravplass på sørsida av kyrkja i skråninga nedover frå leitet der kyrkja står. Her var det plass til omlag 180 graver. I 1955 vart dette feltet utvida noko mot sør med plass til 100 graver. Kyrkjegarden vart sist utvida i 1973 med 150 nye gravplassar. (Jubileumsskrift, s. 30.) I grensa mot nord og sør og mot vegen vestafor er kyrkjegarden oppbygd ved hjelp av ein høg støttemur av natursteinsheller. Framfor vestinngangen til kyrkja er det trapp i muren. På muren i sør er det kvitmåla stakitt, elles hekk. I aust går kyrkjegarden inntil ein bratt bergvegg. På kyrkjegarden nordaust for kyrkja vart det oppført eit reiskapshus i 1951. Mellom gravminna på den eldste delen av kyrkjegarden er 6 støypejarnskrossar med skriftplater og delar av tilsvarande gravminne. Årstala på platene strekkjer seg frå 1893 til 1916, dei fleste etter 1900. Gravminna sør for kyrkja går attende til 1925. Port inn til kyrkja i jarn med ”HAALANDSDALENS : KIRKE, 1890” i boge over.

I særskilde høve vert gravplassen ved Holdhus kyrkje nytta.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Munnlege informantar: Margit Gjøen, Inger Berge, Anne Marthinsen.
Trykte kjelder
  1. B.E. Bendixen, Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904.
  2. Hålandsdal kyrkje 100 år, 1890-1990. Håladsdal sokneråd 1990.
  3. Os og Fusa-posten, 7.6.1990.
  4. S.J. Kolnes, Norsk orgelregister, Førdesfjorden 1993.