Grindheim kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Grindheim kyrkje
FylkeVest-Agder fylke
KommuneAudnedal kommune
ProstiMandal
BispedømmeAgder og Telemark
Koordinater58.440257,7.417216
FellesrådAudnedal kirkelige fellesråd
Kirke-id102700101
Soknekatalognr05050103
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk listeført (1650-1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Grindheim kyrkje ligg på garden Grindheim i Etne, på ein terrasse aust for Etne sentrum. Namnet Krossbakken er knytt til ein stad i nærleiken av kyrkja. Kyrkja vert først nemnd i 1326 (DN I, 186), og frå 1656 og frametter gjev kyrkjerekneskapane opplysningar om ei kyrkje på Grindheim. Denne kyrkja vart i følgje B.E. Bendixen avløyst av den noverande tømmerkyrkja før 1728. Det er mest sannsynleg at kyrkja vart bygd mellom juli 1723 og mars 1724, ettersom Grindheim då hadde eit opphald i kyrkjelege forretningar (etter undersøkingar av Ståle Dyrvik, upubl.). Kyrkja frå 1700-talet vart avskoren og skøytt i lengderetning i 1854. I 1954-55 vart kyrkja restaurert under leiing av arkitektane E. Knoph og K. Bjerknes, konservator Ola Seter utførte fargerestaureringa.

Tidlegare kyrkje†

Bygningen

Det er ofte manglande samsvar mellom synfaringsforretningane frå 1686 og frå 1721, dette gjeld særleg dei måla som vert oppgjevne for kyrkjene. Når det gjeld Grindheim kyrkje er det manglande samsvar med omsyn til bygningstype. Kjelda frå 1686 fortel at kyrkja sin ”Corpus indvortis befindes bygt af got Tømmer Cooret exempt som er af Stafue”. Sameleis heiter det i ei melding om ”Kirchernes Tilstand udj Bergens Stift” i 1709 at ”Kirchen er Bygt af Tømmer och Chorit StafveBygning”. Kjelda frå 1721 hevdar derimot at ”Grindems Kirche, Er een gammel Stave Bygning”. Måla for kyrkja er berre oppgjevne i 1721, koret var då 11 alner langt og 12 alner breitt, skipet var 22 alner langt og 14 alner breitt, våpenhuset i nedre del av tårnet var åtte alner i kvadrat. Det er bevart bygningsmaterialar frå kyrkja, veggbord frå ein stavvegg og då mest truleg frå koret. Det finst ikkje haldepunkt for å seia noko om ein ev. forløpar for tømmerskipet på Grindheim. Kyrkja har hatt eit stopultårn med inngang gjennom grunnhøgda.

Vegger. Kyrkja hadde tømmervegger i skipet og stavvegger i koret, både skip og kor var utvendes bordkledde og tjørebredde. I 1682 hadde ”Kierchen”, dvs. tømmerveggene, sige frå tak og sperrer og i rekneskapsbolken 1683-86 arbeidde sju menn ein dag med å ”opreise Støtter til Kirch.” Stabiliteten i bygningen har vore eit vedvarande problem, det siste forsøket på å avstiva kyrkja var i 1717-19 då ein festa seks kne med rot, kvart kne åtte alner langt til veggen ”at dend iche schal forschyde Sig”. I tillegg vart det kjøpt inn fire tre til bjelkar og boltar og hakespikar til å festa kne og bjelkar med. Kyrkja var då ”gandsche til Nedfals” og ein freista ved hjelp av huseskruar å skru ho attende i ”Sin forrige Stand”.

I 1950-åra vart det funne 19 veggplankar frå ein stavkyrkjevegg i sutaket over koret i Grindheim kyrkje. Desse borda har mest sannsynleg stått i korveggene i forrige kyrkje. Dei ligg no over takbjelkane i kyrkja. Borda er dels tilhogne for å passa inn i situasjonen som takbord. Dei fleste er 2,5-3,0 m lange, det lengste 3,24 m. Breidda varierer mellom 24 og 50 cm, dei fleste i overkant av 40 cm. Nokre av borda har bevart fjør, nokre har restar av not. Eit bord har bevart nedre kortende som er tilhoggen for innsetting i not (Hoff, 1997, upubl.). Borda er dekorerte (sjå interiør).

Dører. Det vart sett ny krok og krampe i våpenhusdøra i 1720-22. Elles manglar opplysningar om dører.

Vindauge. Rekneskapane har ein del opplysningar om vindauga i kyrkja, dels om reparasjonar, dels om nye vindauge. I 1673 har det vore skaffa to nye vindauge med beslag og krokar og lemmer med beslag. I 1687-89 vart to vindauge monterte i skipet. Desse vindauga var ei gåve frå ”Høyædle Hr EstatsRaad og Amtmand Lars Lindenow”. Kyrkja hadde eit vindauge ved preikestolen.

Golv og fundament. Kyrkja har hatt bordgolv på golvåsar. I 1668-70 vart det lagt eit nytt golv i kyrkja av tre tylfter ni alner lange bord på 12 golvåsar. Golvet var i nokolunde bra skikk ved synfaringa 1686.

Tak. Kyrkja har hatt tak av sperreverk tekt med sutak og tjørebredd. Kortaket vart fornya etter synfaringa i 1661-665, etter ein stor storm i 1673 vart det også naudsynt med ei omfattande vøle av taket, det vart såleis lagt nytt tak over sørsida av skipet i 1675-77, og over nordsida i 1678-79. Ved synfaringa i 1686 vert det kravd at tak og sperreverk vert nedrive og erstatta med nytt. Mellom dei nye materialane som er nemnde er sperrer, undersperrer og hanebjelkar. 30 tylfter ”Tychebord” er rekna til nytt sutak på skip og kor dersom alt skulle byggjast av nye bord, men ein rekna med at det var bord nok av det gamle til tak over koret. Det er elles rekna fire store tre til ”Sperlag och Stafleyer”. Arbeidet vart utført i 1687-89. Det vart då også betalt for ”Fire Egebaand med jernbolter igiennem Sperrene at holde Chorett tilsammen”.

Himling. Ved synfaringa i 1686 var det lem i kyrkja.

Tårn. Tårnet har venteleg stått vest for skipet. Kjeldene opplyser som nemnt at første høgda i tårnet har som nemnt fungert som våpenhus. I synfaringa frå 1661-65 vert det nemnt at hua på tårnet treng tjørebreing og den same kjelda nemner lem under klokkene. I 1671 har kyrkja hatt utlegg til ”En Spirstang op igiennem taarnit med jern beslagen” og til ”En Bielche vnder Klochestolperne huorpaa Klochernis tyngde er tilbunden”. Ved synfaringa i 1686 heiter det at tårnet var ”Gandsche forfalden” og i 1690-92 var tårnet i så dårleg skikk at klokkene hang inne i skipet ”efftersom de iche kand betroes det suage taarn”. I 1693-95 vart tårnet avskore og oppattbygt med nye materialar, mest sannsynleg vart klokkene så hengde oppatt i tårnet. Ved synfaringa frå 1721 hadde kyrkja ”eet Stolpel Taarn fra grunden opbygt”.

Interiør

Kyrkja har vore måla innvendes, i alle høve i koret, og på dei bevarte veggplankane (BRM 516/1 til 516/19) er det restar av denne målinga. Måleriet er utført i limfarge med svart, raudt, rosa, gult og grønt i tillegg til kvitt. Det har vore måla draperi på nedre del av veggen og ulike motiv og innskriftsfelt i raude rammer med svart kontur på øvre del. Som skilje mellom nedre og øvre del har det vore måla parallelle, horisontale liner. Motiv som er identifiserte er rankemåling med store penseldrag med svart kontur, tre og undervegitasjon, teltleir med manna-korn i lufta, framstillingar av Matteus, truleg Jakob den yngre, Andreas, Peter, Simon, Johannes, Judas Taddeus og Jesus (Hoff, upubl. 1997).

Inventar

Altar og altarring. I 1711-13 vart det utført arbeid ved altaret. ”Opvejet Alterfoden og giort heele Alteret ferdig, som vilde falde ned, og slaget 2de jernbolter giennem”. Ein ny skammel ved altaret vart laga i 1714-16.

Rituelle kar. Kalk og disk. Inventarlistene nemner i 1662-64: ”j Sølff kalck och disch”. I 1668-70 vart kalken ”som var brusten i bonden” vølt av guldsmeden. Disken vart vølt i 1680-81. I 1683-86 heiter det at kyrkja har ” j kalch og Disk af Sølf forgylt”. Dåpsfat. I inventarlista frå 1662-64 har kyrkja eit bekken, lista frå 1683-86har ei tilleggsopplysning om at kyrkja har ”1 Bechen i Funten, Kiøbt 1700”.

Parament. Altarduk er først nemnt i 1705-07. Kyrkja har då to altardukar. I 1717-19 er det komme til ein ny altarduk av lin som er gjeven av Peder Halversen Ramme. Altarklede er først nemnt i 1662-64. Messehakel. I 1662-64 har kyrkja ein messehakel, i 1683-86 ein gammal raud messehakel i damask, i margen er det sett til ei opplysning om at kyrkja også har ein ny messehakel av raudt fløyel med kross av guldband, gjeven av ålmenta i 1704. Desse to messehaklane er også nemnde i seinare inventarlister. Messeserk. I 1662-64 har kyrkja ein messeserk, i 1705-07 to.

Lysstell. I 1662-64 er det opplyst at kyrkja har to lysestakar, i 1683-86 har kyrkja to massing lysestakar til vokslys, med to piper, og ein gammal lysestake. Det kan vera dei stakane som står i kyrkja idag (sjå kyrkja frå 1723-24).

Klokker. I 1683-86 er det opplyst at kyrkja har to gode klokker. Dette er truleg dei to mellomalderklokkene som er i kyrkja no (sjå kyrkja frå 1723-24).

Bøker. Altarbok. Ei altarbok i 1662-64, ei gammal altarbok ”in octavo” i 1683-86. Salmebøker. To salmebøker, den eine gammal, i 1662-64, i 1683-86 to gamle salmebøker, I margen er sett til ”1 ny Psalmebog in octavo”.

Kyrkja frå 1723-24

Bygningen

Grindheim kyrkje er ei einskipa tømmerkyrkje med smalare og lægre, rett avslutta kor i aust og eit etter måten høgt våpenhus i bindingsverk i vest, alt under tre saltak. Nyare tilbygg i bindingsverk nord for koret.

Vegger

Veggene i kor og skip er lafta opp i flathoggen tømmer. Koret er lafta saman med skipet. Heile kyrkja er utvendes kledd med liggjande, sulagde, glattkanta bord og kvitmåla. Hjørna er innkassa og panelet sluttar uformidla over fundamentet. Veggene i koret er avstiva med ei opplengje midt på veggen. Skipet vart utvida mot vest i 1854 ved at veggene vart avskorne, og det vart lagt inn nye, 4,2 m lange veggstykke på kvar side. Det er lagt bindbjelkar i nord-sørleg retning over kyrkja, 11 i skipet og fem i koret. Langveggene i skipet er no på kvar side avstiva ved hjelp av fire opplengjer som oppe endar i kne mot bindbjelkane. Det eldste tømmeret har mindre dimensjon og er grovare handsame enn tømmeret frå 1800-talet som er høgre og flatare hogge, nærast som lafteplank. Skøytane er lagde noko lengre aust i sørveggen enn i nordveggen. Den austlege skøyten på begge sider er dekt av opplengje. Den vestlege skøyten er på begge sider lagt utafor opplengja. Dei nedre omfara, under vindauget på sørsida og under galleriet på nordsida, er skøytte på same staden, medan skøytane i dei øvre omfara er lagde om einannan. I tillegg til den avstivinga opplengjene gjev, er skøytane sikra ved jarnband.

Våpenhuset er ein bindingsverkskonstruksjon. Øvre ramme for bindingsverk-konstruksjonen er synleg. Aust-vestgåande taksviller er tappa inn i tømmerveggen. Nord-sørgåande bete er kløfta ned over desse. Veggene i våpenhuset er kledde innvendes med nyare ståande skuggepanel.

Dører

Kyrkja har følgjande dører: inngangsdør vest i våpenhuset og vest i skipet, kordør på nordsida, dør inn til galleriet frå våpenhuset, dør ut frå nordgalleriet i austveggen i skipet. Nyare dører i tilbygget.

Inngangsdør til våpenhus. Labankdør av tre ståande bord festa saman ved to labankar. Gangjarn på utsida. Nyare karm. Overlys med sprosser forma som to motstilte kryssande bogesegment. Utvendes er døra måla lys brun, innvendes kvit. H. 180 cm, br. 85 cm.

Inngangsdør vest i skipet. Labankdør av fire ståande bord sette saman ved to profilerte labankar og to gjennomgåande gangjarn, alt på utsida. I tillegg festa til beitskia med to spiralar. Beslag, sjå Smijarn. Døropninga har udekorerte beitskier. På innsida er det sett til enkelt listverk, den overliggjande breie lista har skoren dekor av tunger og eggstaff. Mål dørblad: h. 188 cm, br. 101,5 cm.

Dør nord i koret. Labankdør av fire ståande bord samla ved to profilerte labankar på innsida og ved to lange gangjarn på utsida. Dørring på utsida. Beslag, sjå Smijarn. På innsida er døra påsett ei trekanta list langs karmen. Beitskiene er dekte. Mål: h. 175 cm, br. 90 cm.

Dør frå våpenhus til galleri. Labankdør av to ståande bord. To grovhogne labankar og to gangjarn over eitt bord på utsida. Enkle beitskier. Utvendes har døra opphavleg engelskraud limfarge, innvendes er ho påsett ei list mot karmen og måla orangeraud. Mål: h. 163 cm, br. 84 cm.

Utgangsdør frå galleri mot aust. Lita labankdør av eit breitt og eit smalt ståande bord og med tre enkle labankar på innsida og gangjarn på utsida. Opning 142x57 cm. Nye dører i tilbygget er enkle fyllingsdører.

Korskilje

Koret opnar seg mot skipet i full breidde og høgde. Dei to øvste stokkane i austveggen i skipet er gjennomgåande og dannar saman med innerhjørna mellom kor og skip ei rektangulær koropning. Rundt 1900 var det mellom kor og skip ”kun et lavt skille, en slet tilhugget stol” (Bendixen, 1904-13, s. 172). Ved restaureringa i 1954-55 fekk opninga brystning nord og sør for midtgangen, forma som ramme med fylling av konturskorne bord. Brystningane har mørk gråblå topplistlist, orangeraud ramme og broten kvitfarge på fyllingane.

Vindauge

Det er merke i veggene etter tidlegare vindauge. På sørveggen i skipet har det vore eit vindauge ved preikestolen 223 cm frå golvet og 62 cm frå søraustre hjørne, austre beitskie og overliggar står att, mål: h.82 cm, br, 202 cm. Dette kan ha vore det opphavlege vindauget i kyrkja. Lengre vest, mellom andre og tredje opplengje, har det vor eit vindauge med underkant 176 cm over golvet. Vindauget har vore 113 cm høgt, breidda er usikker ettersom det går over i eit eksisterande vindauge. Tidlegare vindauge i vestveggen i skipet er også attfylte, eitt på kvar side av våpenhuset. Etter foto frå rundt 1900 har desse vindauga vore torams med midtpost, kvar ramme delt i tre ruter ved sprosser.

Noverande vindauge. Alle vindauge i skip og kor er på sørsida. I koret to torams vindauge med midtpost. Kvar ramme delt i åtte ruter. Ytterrammene har klårt glas, Innerrammene er nyare med katedralglas. Innskrift på dei indre glasa: "Gitt av Martin Halleland 20.8.1962 til minne om mine foreldre". Lysmål på korvindauga: h. 115 cm, br. 109 cm. Skrå smygar på sidene. I skipet er det seks eirams vindauge, to og to har karmane stilte nær inntil einannan slik at dei nærast framstår som tre torams vindauge. Kvar ramme har åtte ruter. Glas som i koret. Indre mål i karmen på det smalaste: H.136 cm, br. 69 cm.

Vindauge i vestgavlen i gallerihøgd. Eit på kvar side av våpenhuset. Torams med midtpost og åtte ruter i kvart felt. Skrå nedre smyg. Mål ved glaset: h. 102 cm, br. 91 cm. Vindauge med seks ruter oppe i vestgavlen.

Golv og fundament

På foto frå rundt 1900 ligg golvet i skip og kor i same plan med ein gjenbrukt stokk som skilje. Golvet i koret ligg no eit lite steg høgre enn golvet i skipet. Golvet sør for midtgangen i skipet er av eldre, breiare bord. Golvet er her gråmåla, målinga er avluta under preikestolen. Nyare bordgolv av langsgåande, luta bord i midtgangen, på nordsida og i koret. Golvet er festa til golvåsar. Fundamentet er utvendes sementert Gjennom grunnmuren er det luftehol til kryperom under kyrkja.

Tak

Skipet har takkonstruksjon av 13 sperrefag i tillegg til gavlane. Faga har sperrer tappa saman i mønet, saksesperrer og to hanebjelkar, den eine rett under mønet, den andre kryssar saksesperrene under krysset. Dei ulike delane er lagde på einannan på halv ved og sikra med trenagle. Takkonstruksjonen er sikra ved skråband på utsida av sperrene. Sperrene ber sutak av glattkanta bord som underlag for ruteheller. Lengst vest ved klokkeopphenget er gavl og to sperrefag støtta opp av tre standarar som er utveksla på ein sentral, langsgåande bjelke som er lagt inn i tømmerveggen i vest og kviler på vestre bindbjelke. Sperrene er kløfta over raftestokken. Det går skråstivarar frå sperrene ned til bindbjelkane. I austgavlen i skipet er det sperrer av gjenbrukt, tjørebredd materiale med kvadratisk snitt og utskorne spalter på omlag 2x9 cm.Taket i koret har seks sperrefag i tillegg til gavlen. Sperrefaga har sperrer, saksesperrer og ein hanebjelke som kryssar saksene nede. Sperrene er tappa saman i mønet, elles er delane lagde på einannan på halv ved og sikra ved trenagle. Den øvste hanebjelken lengst aust er gjenbrukt materiale med tjøre, utan profil.

Dei 11 bindbjelkane som ligg på tvers over skipet har restar av skråstivarar frå sperrene i takkonstruksjonen, skråstivarande er avsaga over himlingen. Dei fem vestlegaste bindbjelkane er frå utvidinga i 1854, resten har naglehol på oversida (sjå Himlingar). I tillegg til naglehol har dei eldste bjelkane nedskorne, rettvinkla utsparingar sentralt og på nord og sørsida, desse er uregelbundne og slik bjelkane ligg no, kan dei ha ikkje vore feste for gjennomgåande langsgåande element.

Himlingar

Dei eldste bindbjelkane over skipet har naglehol for feste av flat himling. Over skipet er det no runda himling av profilerte bord, truleg frå utvidinga i 1854. Himlingen er festa til bogeforma bord som er festa til sperreverket og isolert på oversida. Over koret er det flat himling lagd over bindbjelkane. Dei fleste himlingsborda er hogne og glattkanta. Våpenhuset har ikkje himling, men eit kryssband lagt over toppsviller og bindbjelke.

Tilbygg

Tilbygg i bindingsverk på nordsida av koret oppført i 1954-55 etter teikningar av E. Knoph og K. Bjerknes. Sideveggene i tilbygget går omlag ein halv meter innafor austre og vestre ende av korveggen. Tilbygget inneheld gang, barnerom og sakristi. Veggene er utvendes kledde med sulagde, glattkanta bord. Innvendes med ståande skuggepanel. I tillegg til døra gjennom nordveggen i koret har gangen fyllingsdører ut på vestsida, mot barnerom i nord og mot sakristi i aust. Tilbygget har doble torams vindauge med midtpost og åtte ruter i kvar ramme. Bordgolv med luke til kryperom i gangen. Taket er eit tverrstilt saltak med møne rett under takskjegget på koret. Himlinga i sakristiet har avskoren pyramideform panelt med skuggepanel, den flate delen er kledd med plater og har luke til loft. Barnerommet har flat, platekledd himling med skrå sider som følgjer taket.

Smijarn

Inngangsdøra vest i skipet har mellomalderbeslag innvendes og utvendes. Utvendes er det to smale gangjarn festa over mest heile dørbreidda med seks-sju naglar. Gangjarna har parallelle sider og endar i tredelt liljeform. Utvendes er det også eit nøkkelskilt av ein skråstilt firkant med innsvinga hjørne. Frå kvart hjørne har det gått to rundsmidde utsvinga armar, berre bevarte i øvre hjørne. Innsida av døra har eit ringskilt av same form med ring festa i krampe sentralt i firkanten. Ringen er glatt med ei kuleforma utbukting på ei side og to møtande dyrehovud på motsett side. Ringskiltet har tidlegare naturleg nok stått på utsida av døra (Bendixen 1904-13, s.172). Utsida av døra nord i koret har gangjarn med utvidingar rundt naglane og der jarnet mellom dei to ytste naglane er snodd. Døra har ein dørring festa til krampe i dørbladet. Ringen er forma som snodde band med knute i nedkant. Kyrkjedørene har draglåsar i smijarn, slike låsar finst i dørene i vestinngangen, i døra frå våpenhus til galleri, i døra frå galleriet ut i aust, i norddøra i koret og i døra på nordsida i altaret.

Interiør

Preikestol sør i koropningen. Flyttberr døypefont i koret. Benker på begge sider av midtgangen. Tverrgalleri med orgel i vest og galleri langs nordsida av skipet.

Farger

Rundt 1900 var kyrkja kvitmåla innvendes. Ved restaureringa i 1950-åra vart det gjort forsøk på å framkalla eldre figurmåling, men denne vart overmåla (O. Seter, rapport RAA). Veggene i koret er no gråblå, bindbjelkane og veggene i skipet er måla i ein broten kvitfarge. Under kvitfargen på veggene i skipet ligg ein lyseblå farge. Himlingane er kvite. Benker og korskiljebrystning er lyst raudorange med fyllingar i ein broten kvitfarge. Inngangsdører, dører på galleri, galleribjelke og gallerihandlist noko djupare raudorange. Vindaugskarmar og listverk er kvitt. Beige floss løpar i midtgangen. Djupt blågrå topplister på stolestadene.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Eldre, kasseforma altar konstruert av ramverk med flate fyllingar, fem bak, ei på sørsida, fire framme og dør på nordsida. Hylle deler rommet inni i to. Framsida og baksida er spikra fast i sidedelane. Baksida av altaret har eldre måling med slyngar, parallelle raude streker, front og sider er grågrøne. Br. 185 cm, h. 100/119 cm, dj. 76 cm.

Altartavle

Altartavla er sett saman av dels gammalt, dels nytt materiale. Den eldre delen består av fem breie og like høge bord som er bundne saman på tvers av to tverrtre festa dels med trenaglar, dels med spikar. Dei tre midtre fjølene er glatte, dei i ytterkantane er hogne. Rundt 1900 stod desse borda som altartavle. Dei hadde smal, profilert ramme og på framsida var skiljet mellom borda markert med profilerte lister. Tavla hadde eit kløverbladforma toppstykke med ei måla sol, toppstykket ligg no på kyrkjeloftet. Dei tre glatte borda, nedre tverrtre og altaret pluss to stokkar som er festa til baksida av altaret og oppsatsen har mange innskorne initialar frå 1600-talet. Desse kan gå attende til ein eldre situasjon.

Altartavla vart endra i 1915. Toppstykket vart fjerna, til framsida vart det festa eit måleri på lerret og tavla vart flankert av skorne vengjer av bladverk og dekt av topplist med svakt boga midtfelt og med tannsnitt. Lerretet er nærast kvadratisk med ein flat, runda boge over midten. Måleriet er signert Samuel Tveit og viser Krossfestinga sett inn i ein vid, flat rundboge og med englehovud i sviklane. Sentralt i biletet er Jesus framstilt hengjande på krossen, med attlatne auge, med tornekrone og glorie. Til venstre Maria støtta opp av ei eldre kvinne (Anna?) og Johannes. Til høgre tre eldre menn i samtale. I mellomgrunnen soldatar, soldatane til venstre kastar lodd om Jesu kappe. Bakgrunnen er dominert av ein tverrstilt bymur som grense til Jerusalem. Bogen har motiv med krossar og auge. Vengjer og topplist er brune med raud og grøn staffasje, måleriet er halde i duse grøne og blåbrune tonar med innslag av dempa raudt og klart blått og grønt. Gloriar og krossar i bogen er gullfarga.

Altarring

a) På foto frå rundt 1900 hadde kyrkja tresida altarring med rette vinklar. Kvar side var delt i felt og felta utfylte med konturerte bord. Knefallet var stoppa og skinntrekt. b) Altarringen er oval med port ved altaret på sørsida. Runda handlist, rekkverk av gjennombrotne bord, knefall med stoppa og skinntrekt pute og med gråblå vegg. Lyst orange-raud handlist, gulbrunt rekkverk og skinn, gråblå vegg. Golvet i altarringen ligg eit steg over golvet i koret og er dekt med teppe. Kneleskammel stoppa og trekt med skinn.

Døypefont

Enkel åttekanta døypefont av tre. Utsvinga kum over rett skaft på åttekanta fot. Gråblå, orangeraud og gulbrun.

Preikestol med oppgang

Enkel preikestol av renessansetype. Stolen har fire fag av rammer med nedre smalfelt og storfelt. Smalfelta har påsett rombeform av lister. Storfeltet har portalform med søyler og kapitel av profilerte lister som ber glatt rundboge. Fyllingar, botn, handlist og skilje mellom faga er markerte ved profilerte lister. Flat botn boren oppe av ny firkanta stolpe. Oppgang gjennom trapp etter sørveggen i koret. Handlist og lesebrett trekt med djup raud fløyel med gullfrynser lags kanten.

Benker

a) Rundt 1900 hadde kyrkja faste stolestader. Tidlegare dører var då fjerna. Langveggene har avskorne feste for benkeryggar jamnt fordelte i heile lengda, desse viser til ein situasjon etter forlenginga av skipet i 1854. b) Faste stolestader med dører frå restaureringa i 1954-55. Benkene er feste til langveggene. Rette benkevanger er sette oppå benkestokkar som truleg er innkassingar av dei gamle benkestokkane. Dører av ramme med fylling av konturskorne, gjennombrotne bord. Benkene har heil, skrådd rygg av fem kvadratiske fyllingar i ramme, oppe på baksida er det hylle for salmebøker. Formskoren setefjøl. Fotstøtte og konturerte bein. Vangar, dører og ryggar er like høge og dekte av topplist. Benker og vangar er raud-orange, dørfyllingar i brote kvitt, topplist mørk gråblå. Benkene har puter av raud-orange ullstoff. Ein benk aust på begge langvegger i koret. Lause, enklare benker på nord- og vestgalleri.

Galleri

Kyrkja har restar av eit tidlegare tverrgalleri i vest. Det har gått ein kraftig bjelke på tvers av rommet rett over noverande galleribrystning i vest og det er feste for bjelkar til gallerigolv i vestveggen, rett over noverande gallerigolv fire stader. Dette kan visa til situasjonen før skipet vart utvida i 1854.

Kyrkja har tverrgalleri i vest og lengdegalleri langs heile nordsida. Golvet i tverrgalleriet kviler på to bjelkar og ein nyare dragar. Galleribjelken i front og den todelte dragaren er tappa inn i langveggene, den andre bjelken kviler på konsollar. På sidene av midtgangen er bjelkane understøtta av to tverrbjelkar som kviler på stolpar ved vestveggen og eit par stolpar som går opp framfor galleribrystninga og støttar den vestre bindbjelken. Tverrgalleriet har bordgolv.

Lengdegalleriet i nord er understødd av galleribjelke og tverrgåande bjelkar som er tappa inn i langveggen og galleribjelken. Galleribjelken kviler på to stolpar. Han er også festa opp i bindbjelkane ved sju korte stolpar lagde på halv ved og sikra ved trenagle. Lengdegalleri har bordgolv som ligg eitt steg lægre enn golvet i tverrgalleriet.

Galleribrystninga for dei to galleria går i vinkel. Brystninga har rekkverk av vekselvis glattkanta og konturerte bord med profil etter midten. Handlistene er av innkledde, kraftige bjelkar. På lengdegalleriet er bjelken todelt, den vestlege delen truleg frå utvidinga. Handlistene i tverrgalleriet og aust i lengdegalleriet må ha hatt ein tilsvarande funksjon før utvidinga, men då med eit rekkverk av breiare, meir tettstilte bord.

Brystninga er raudorange med brote kvitt på brystningsborda og med med mellomgrå gjennomskjæringar. Golva er måla grå på oppsida, og i brote kvitt på undersida.

Orgel

Vestres orgel- & pianofabrikk, 1975. Orgelet har seks stemmer fordelte på ein manual og pedal. Mekanisk overføring. (Kolnes 1993, s. 344.) Hovuddelen av orgelet har spelepult og rektangulært tredelt prospekt med trepiper på sidene og metallpiper sentralt. Separat del av orgelet med trepiper sør for spelepulten.

Rituelle kar

Kalk. a) † Tidlegare kalk og disk stolen 1817 (Bispevisitasmelding 1820). b) Sølv, innvendes gylt. Djup, bikubeforma kupa med utskråna kant, innboga øvre og nedre skaftledd. Flattrykt, spiss nodus, nedre skaftledd svingar ut i foten som er avslutta i tre steg over standkant. Skaft og fot fornya. Gravert med prikka skriveskrift på kupa. På den eine sida: Den, som har smagt, hvor sød du er, Io meer han faaer, io meer begier, Af anden Kilde lædskes ey Vor Tørst paa Salighedens Vey. Psalmen No 25.- 20 vers. Innskrift på den andre sida: Rasmus R. Øvrenes/ Halvor R. Øvrenes/ 1819. Det er prikka inn ranker på begge sider av innskrifta. Rankene kryssar kvarandre nede. Stpl. under kanten: Bergensstempel, Bw i oval, BW i rektangel (Peter Michael Blytt?), månadsstempel (pil?) og 19, det siste stempla over eit anna stempel (10?). På standkant pil. H. 16,3 cm, d. 9,3 cm. Ekstra kupa med nebb og forsterka kant til å setja oppi kupa. Stpl. under kanten: V.T. 830S.

Disk. Sølv. Tallerkforma med svakt krumma botn og rand. Perleradforma kant. Prikka dekor i form av doble sirkelfragment og ranker på randa. Prikka bøljeforma bord i botnen. Stpl. i botnen, som på kalk. Prikka inngravering på randa: R.R.Ø/ H R Ø 1819.

Oblatøskje. Kvit porselen med kross på loket, B&G.

Dåpsfat. Djupt, rundt massingbekken med smal rand. D. 36,3 cm, h. 12 cm, rand 2,2 cm.

Kanne. Sølv. Djupt pæreforma med høg, rett hals og nebb. S-forma hank. Utsvinga fot på standkant. På sida latinsk kross med kløverbladsarmar over lysande sol. Inngravert på foten: GRINDHEIM KIRKE JUBILEUMSGAVE FRA ETNE SPAREBANK 1860-1960. Stpl. under botnen: 830S, MÅ, N, M. (eller H) Aase, 205. H. 33,5 cm. To brunspetta rebekkakrukker (Feyer).

Parament

Altarduk. Fin, kvit toskafts lin med 24 cm brei hardangersaumsbord på tre sider. Borda har tunger etter kanten og er delt i felt med broten gavlform og med tre ulike motiv: Latinsk kross, kristogram (chi-rho) og krone under INRI. Brodert på nordsida G.K. og på sørsida 1957.

Altarklede. Tjukt, vinraudt klede. Nyare. Kledet heng heilt ned til golvet. Broderi sentralt framme i moulinégarn i gult, blått og kvitt, kjedesting, stilkesting og knappholssting. Motiv: Latinsk kross med krosslam i sol i krossmidten. Døypefontklede. Åtte-takka, stjerneforma, kvit linduk med lin hardangersaum i takkane og med rundt hol for bekkenet.

Messehaklar. a) Brun fløyel. Rettsida, smal form. Skjoldforma framstykke. Hakelen er kanta med gullfarga metallband. Framsida har ein liten, ryggsida ein større latinsk kross av eit noko breiare metallband. Hakelen har fôr av brun toskafts lin. b) Raud. Smal rettsida form. Klar raud silke eller viskose i tynn tråd i kypertvariasjon. Gult toskafts fôr i silke eller viskose. Heile hakelen kanta med smale, gullfarga metallband. Motiv framme: Stolpe av metallband og gullfarga brodert bord. Stolpen har korte krossarmar omgitt av gule stjerner. Ryggsida har latinsk kross av gullband med brodert bord og stjerner.

Ei messeskjorte i lin.

Lysstell

Altarstakar. To store massing altarstakar for tre lys. Balusterforma skaft på flat, brei, profilert fotplate ber vid, flat lysskål med pigg. Oppe på skaftet er det skrudd fast to runde plater som på kvar side ber ein slangeforma lysarmar. Armane endar i slangehovud som ber lysskål med smal lyspipe. H. (høgst ved sidearmane) 44 cm. Br. 60,5 cm. Altarstake i massing. Brei, flat fotplate som ber kort, balusterforma skaft med høg, snodd lyspigg. H. 45 cm, d. 26,5 cm. Massingstake på Sunnhordland Folkemuseum. (KGR. 17094.) Barokk stake med flat, vid lysskål, rett skaft over flat krage, vulstforma fot med dreven dekor. H. 23 cm, d. 18 cm. Staken kom inn til museet i 1914 frå Håheim i Etne. Han skal ha vore i bruk på altaret i Grindheim kyrkje.

Lysekroner. To nye, barokkforma lysekronere med elektrisk lys. I koret med seks armar, i skipet 12-arma i to rader. Elles er kyrkja opplyst med standard, nyare armatur.

Klokker

a) (BM, NK 267.) Klokke frå 1628 med innskrift: In Godtes Namen flos ich Michel Linni gos mich Anno 1628. H. 56 cm. (Bendixen, 1904-13, s. 172f.)

b) Klokke med hank av seks bøylar og midtboge på flat kronplate. Nedbøygd hue med to riller. Rett hals med to smale riller med innskrift mellom: ANNO1751: SOLI DEO GLORIA. Før ANNO.. er delar av innskrifta uleseleg, (VON...CH...?) Korpus svingar ut mot to riller over nedbøygd slagring med list langs kanten. Ny kolv. D. 55 cm, h. 55 cm.

c) Klokke med hank av seks bogar og midtboge på flat kronplate over runda hue. Halsen har innskrift med Olsen & Søns klokkestøperi mellom. Korpus svingar ut mot nedbøygd slagring. På eine sida relieff i mandelform med kampscene frå kristningstida og med konturen av etnefjella, eit kyrkjetårn og ei svingande kyrkjeklokke med kross over. Innskrift under: "LAND LAND LAND HØYR HERRENS ORD." På den andre sida: Olav Vs monogram med krone og kross over innskrift: "GRINDHEIM KYRKJE" ANNO 1968. d. 69 CM, H. 64 CM.

Bøker

Brochman's Huus-Postill, Køb. 1760. Med skinnband og to hemper.

Nyare bøker.

Nummertavler

Tavle på loftet med broten gavl. Enkel tavle med svart bakgrunn og blå lister på vestveggen. Større tavle med broten gavl og blå lister på austveggen sør for preikestolen. Tavlene er vertikalt todelte med store massingsiffer.

Møblar

To brurastolar.

Offerkar

Klingpung. Rest av klingpung i altaret. Skaftet manglar. Beslag og ring av jarn. Pungen er sett saman av fire trekantar av raudt klede med brunt klede i saumane og som kant rundt jarnstonga. H. 14 cm, d. ca 10 cm. Total l. 19 cm. Offerskål av kopar. D. 28 cm, h. 8,3 cm. Gravert: GRINDHEIM KYRKJE. PX. 1978. Under botnen: A.J. 78. Blokk. På veggen i våpenhuset. Rosemåla bøsse med ryggfjøl spikra til veggen. Tre sider med profilerte lister oppe og nede. Blokka er sett saman med trenagler, loket har jarnbeslag med myntspalte og ring, framsida har lås. Eit jarnband er slått rundt bøssa og festa til veggen. Blokka er måla blå med raudt og kvitt listverk. På kvar side ei rose over Anno 1795. På framsida: GH-SS/RR-SÖ i raudt med svart kontur. H. 21,5 cm, dj. 17,5 cm, br. 17,5 cm.

Diverse

Abortskrin. Forma som likkiste med opphøgd lok. Rest av klede i skrinet. H. 6,5 cm, br. 4,8 cm, l. 13,2 cm.

Vokslys. To dekorerte vokslys, trueleg 1600-tals, er bevarte i kyrkja. Det største av lys gull bivoks med åtte stjerner nede og farga blsomsterstengel med tulipan langs sida (T. Wilson, rapport).

Timeglas. Grønt timeglas med luftboblar i glaset. Vendpunktet er vinda inn med lintråd og omslått av jarnring.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden er smal og strekkjer seg nord og sør for kyrkja, utvida mot sør. Steingard av rullesteinar. Den sørlege delen har støypt mur med steinar i sement. Oppå steingarden er det nettinggjerde med låge og breie gjerdestolpar med kvadratisk snitt Rullesteinar i sement, dekter med skiferplate. Inngang til kyrkjegarden gjennom tofløya tregrind i vest framfor våpenhuset. Grinda går opp i ein spiss i midten. Frå porten går det singelgang til inngangsdøra og langs nordsida av kyrkja til sakristiinngangen.

Gravminne

Grindheimkrossen vart funnen i kyrkjegardsmuren i 1905 og er no reist innafor kyrkjegardsporten på nordsida. Øvre arm manglar, men finst på teikning av Paaske (AM utg. 1956 folio 370 s. 167). Steinen har tidlegkristen form med runde hol i krossmidten og i hjørna mellom krossarmane. Steinen er 1,96 m høg over bakkenivå, ved foten 96 cm brei, kvar tverrarm er 33 cm lang, største breidde 1,11 m. Krossen har nærast sirkelrunde armhol og eit sirkelrundt hol i krossmidten. (Birkeli, F., 1973, s. 169.)

Grindheimsteinen står reist inntil nordveggen av skipet. Steinen hadde lege lenge i kyrkjegardsmuren før han vart reist og festa til kyrkjeveggen i 1905. På øvre del av framsida er innrissa ein kross med fire markerte punkt i hjørna mellom krossarmane. Framsida har ei runeinnskrift med tre runer – sin. Etter heile den eine langsida er det ei runeinnskrift med 16 cm høge runer. Det siste ordet i innskrifta har ikkje fått plass på sida og er skrive på framsida. Innskrifta er lesen: þormoþr r(a)isti st(a)in þ(a)na aftir þormoþ suiþanta foþur sin, og vert tolka slik: ”Tormod reiste denne sten efter Tormod ’Svi(d)ende’, sin far”. Runene og krossen er truleg frå første halvdel av 1000-talet. (Olsen, 1957, s.9). Steinen er h. 330 cm, br. 65 cm og tj. 26 cm.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Uthus med bårerom og toalett på nordsida innafor porten, oppført etter teikningar av E. Knoph, 1966. Uthuset har rektangulær plan, er kledd med liggjande panel og tekt med ruteheller. Huset er gråmåla. Hellegang frå singelgangen til uthuset.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Dyrvik, S., undersøkingar omkring byggeåret for Grindheim 2, samtale med forf.
  2. Riksantikvarens antikvariske arkiv (RAA). Hoff, A.M., A-250 Grindheim kyrkje, Sunnhordland.
  3. Rapport etter registrering av veggbord frå tidlegare stavkyrkje. Bergen 1997.
  4. Statsarkivet i Bergen (SAB). Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1734, 3, Synfaring 1686, Sunnhordland.
  5. Stiftsamtmannsarkivet, Boks 1719, 3, Synfaring 1721, Sunnhordland.
  6. Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 135.
  7. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Ulike rekneskapar, 1602-1815, A.d. Bergen stift, 1659-1668, Synfaring 1661-1665, Sunnhordland.
  8. Rentekammeret, Real. ordn. avd., pk. 3, ”Kirkernes Tilstand udj Bergens Stift, Anno 1709”, Shl.
  9. Sunnhordland Folkemuseum. Registreringskort, lysestake.
Trykte kjelder
  1. Diplomatarium Norvegicum.
  2. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-13.
  3. De Arnamagnæanske samlinger (AM), utg 1956.
  4. Olsen, M., Norges Innskrifter med de yngre Runer, IV, Oslo 1957.
  5. Dyrvik, S., Etnesoga I, Etne-Bergen 1968.
  6. Dyrvik, S., Etnesoga II, Etne-Bergen 1972.
  7. Birkeli, F., Norske Steinkors i tidlig middelalder. Oslo 1973.
  8. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993.
Oppmålingsteiknignar (raa)
  1. Bjerknes, K., 1938. Detaljteikningar, interiør. Snitt gjennom kor, snitt gjennom skip, langsnitt. Plan, golvnivå og galleri. Fire fasadar (1:50).
  2. Bjerknes, K., 1951. Skisse til sakristi. Plan, snitt og fasadar (1:50).
  3. Knoph, E., 1966. Teikningar til bårerom og toalett.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)