Frette kapell

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Frette kapell ligg ved enden av Stordalsvatnet i Etne kommune. Bygningen vart oppført som bedehuset Betania i 1910. I 1959 vart det reve til grunnen og ombygd til kyrkjeleg bruk med stova i bedehuset som kjerne. Kapellet vart vigsla av biskop Indrebø 13.12.1959.

Bygningen

Kapellet er ein reisverksbygning på støypt, innreidd kjellaretasje. I hovuddelen i vest er det i tillegg til skipet gang og toalett i nordvest og møterom i sørvest, alt under saltak. Smalare og lægre rett avslutta kor i aust under saltak. Bygningen er utvendes panelt og kvitmåla.

Veggene er innvendes kledde med plater og måla. Nedre del av veggene i møterommet har brystning av mahognifinér. Møterommet er skilt frå kyrkjerommet ved faldedører. Altarpartiet lengst aust i koret kan også skiljast frå ved faldedører. Korskiljet er forma som ein portal av firkanta marmorerte søyler som ber lågt gavlfelt. Søylene kviler på flankerande brystningar av mahognifinerte plater med kvite rammer. Sørveggen i skipet har tre torams vindauge delte inn ved sprosser i mindre ruter, i sørveggen i møterrommet er det eit tilsvarande indauge. I austveggen i koret eitt eirams vindauge på kvar side av altaret, inndelt i ruter. Kapellet har bordgolv. Saltaka i kyrkja er standard sperretak. Koret har flat himling, himlinga i skipet er tredelt med skrå sider og flat midtdel. Himlingane er kledde med plater. Kapellet har firkanta, kort takryttar dekt med inntrekt firkanta hjelm over vestre møne.

Interiør

Brystningar av mahognifinérte plater på veggene i skipet, platene er elles kvitmåla. Himling i kor og skip er blåmåla med sølvstjerner og med kvit ramme. Lakka golv. Orgel i nordaustre hjørne i skipet. Stolar på begge sider av midtgangen.

Gavlfeltet har innskrift i blått på lyst blått: Meisteren er her og spør etter deg. Joh. 11,28. Over innskrifta er det måla eit rundt felt med kristogram og symmetrisk rankeornament avsmalnande til kvar side. Gullfarga listverk. Søylene er kvite med marmorering i blått og gull. Vindauga har farga katedralglas.

Inventar

Altar

Kasseforma altar av sponplater med dører til skåp på baksida. Trekt på tre sider med raudt stoff. H. 100 cm, br. 137 cm, dj. 58 cm.

Altarring

Tresida med skrå sider. Open på begge sidene ved altaret. Stoppa skinntrekt knefall, rekkverk av ståande bord med mellomrom og motstilte spalter som dannar krossmønster. Runda handlist. Rekkverket er kvitmåla, handlista rustraud. Kasseforma kneleskammel. Sidene trekte med raudt stoff. Oversida stoppa og trekt med skinn.

Døypefont

Rund font i tre. Sverre Gravlseter, 1947. Flat kum med skoren dekor rundt kanten. Balusterforma skaft, profilert fot med skoren dekor. H. 77 cm, diam. 53 cm.

Preikestol

Lesebrett på brystninga sør i dkorskiljet fungerer som preikestol.

Stolar

Stålrøyrsstolar med finerplater i sete og rygg.

Orgel

a) Harmonium, no i møterommet. Frå Chicago Cottage Organ Co. gjennom F.W.Cappelen, Kra. Prydd med spegel, hylle og balustrar. b) Elektronisk husorgel, RIHA Etude. Instrumentet har 20 stemmer fordelte på to manualar og pedal.

Skulptur

Krusifiks på altaret. Kristusfiguren framstilt død, hovudet lent ned til høgre skulder, armane skrått oppretta. Knesidt lendeklede knytt opp i ein knute på høgre side. Føtene er lagde over einannan og gjennomnagla. Normal karnasjonsfarge. Lendeklede, hår og skjegg er gullfarga, tornekrona grøn, raude bloddråpar. Trestegs sokkel og kross i lakka eik.

Rituelle kar

Kalk. Nyare. Sølv, innvendes gylt. Forhøga halvkuleforma kupa som øvst svingar ut mot forsterka kant. Nebb. Hals, nodus og fot i eitt med kort hals, rund nodus avgrensa ved ringar, og jamt utsvinga fot med innsvinga profil over standkant. Latinsk kross med strålekrans på kupa. Innskrift på foten: FRETTE KAPELL JUBILEUMSGAVE FRA ETNE SPAREBANK. Stpl. 830 S, MÅ, N, 203. H. 18 cm, diam. 12 cm.

Særkalkar. Sølv. Oml. 25 stk. Stpl. 830 S og kalk i oval. Flat, innvendes gylt kupa, rund nodus, høg, glatt utsvinga fot. På foten: FRETTE † KAPELL.

Disk. Sølv. Tallerkforma med brei, lett skråna rand og flat botn. I botnen gresk kross med kløverbaldarmar og strålekrans. Stpl. 830 S, MÅ, N, 203. Diam. 17 cm, rand 3,5 cm.

Oblatøskje. Sylindrisk med lok. Loket er svakt skrånande, toppa med kross. Stpl. 830 S, Bergen, MÅ, N, 8. H. 5,5 cm med krossen, diam. 9 cm.

Dåpsfat. Massing. 1946. Diam. 49,5 cm, rand oml. 8,5 cm, h. 7 cm.

Kanne. Plett. Standard gullsmedvare med vid hellekant, rund korpus, utsvinga fot og s-forma hank. Motiv på korpus: Due på lysande sky. Inngravert: FRA BERTHA AUESTAD 1968.

Parament

Altarduk. Kvit toskafts linduk med svartsaumsbord (krossting og austmannarenning) framme og på sidene. Motiv: Kross og stjernemotiv samanbundne med ei bord.

Messehakel. Vid messehakel med innskråna sider. Hakelen er i lin, voven i krosskypert i ulike nyansar av lilla. Fôret toskafts sennepsfarga silke. Motiv i plattsaum med silketråd: Ryggsida har ein gresk kross. Framsida har kristogram med strålar. Fargar: purpur, blått og grønt.

Ei kvit bomulls messeskjorte.

Lysstell

Altarstakar. Sølv. Standard gullsmedvare. Oval fot, skaft og lyskrage med riller. Inngravert: FRÅ UTFLYTTARAR I FRETTE KRINS. 1950. Stpl. 830 S, kalk i oval, 421. H. 22 cm, d. 12,5 cm. Punktlys mot altaret, lampettar på sideveggene og bak.

Klokke

Klokka har hank av seks bøylar og midtboge. Flat kronplate, runda hue, hals med innskrift: "O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN PR.TØNSBERG". Jamt utsvinga korpus over nedbøygd slagring. Ovalt felt på eine sida med krossfestingsgruppe i relieff. På andre sida due over: FRETTE KAPELL – ANNO 1968. Diam. 52 cm, h. 49,5 cm.

Møblar

Brurastolar. Stolane har høg rygg med konturskore ryggbrett og toppsykke som er runda ned mot svungne ryggstolpar. Trapesforma, stoppa og skinntrekt sete over konturskoren sarg. Svungne frambein og H-kryss. Utskjeringar på toppstykke, sarg og frambein. Stolane er mørk-beisa.

Blomsterglas

Sølv. Standard gullsmedvare. Stpl. 830 S, Lo. Inngravert: WIAR T. FRETTE TIL MINNE.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Munnleg informant: Martin Lauvareid.