Fresvik kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Fresvik kyrkje er først nemnt i eit diplom i 1317 (DN I, nr 150). Då vart ho kalla Freysvik kyrkje, seinare Frisvik. Ho er også nemnt i Bergen Kalvskinn (47b, 49a og 50b) og i DN X nr 255 og XII nr 257. Denne kyrkja var mest sannsynleg ei stavkyrkje, men når dei skriftlege kjeldene fortel nærare om kyrkja frå 1600-talet og frametter, står det ei lita tømmerkyrkje i bygda. Når denne vart bygt, er uvisst. Den gamle kyrkja vart riven og ny kyrkje oppført i 1881.

Tidlegare kyrkje

Bygningen

Folkemengda var ved synfaringa i 1661 – 65 i sterk auke. Kyrkja slik ho sto, fall for trong, og det var bruk for ei utviding eller fornying. Det vart i synfaringa gjort framlegg om at skipet kunne brukast til kor, og at det burde byggjast nytt skip, 12 eller 14 alner langt. Allmugen var villige til å gje tømmer til det nye skipet.

Denne endringa vart gjennomført før neste synfaring i 1686. Det nye skipet var då 15 alner langt og 14 alner breitt. Det gamle skipet er blitt kor, det er då 11 alner langt og ti alner breitt, medan det som var kor er blitt skriftekammer, seks alner langt og sju alner breitt. Våpenhuset var 4 ½ alen i kvadrat, med tårn over. Bendixen har funne opplysningar som viser at skipet var av flathogge tømmer, medan koret, altså det gamle skipet, var av rundtømmer.[1] Om dette stemmer, har kyrkja vore ei gammal tømmerkyrkje som er blitt omgjort til ei ny og større tømmerkyrkje i andre halvdel av 1600-talet. Det vanlege er at den gamle kyrkja var ei stavkyrkje.

Ved synfaringa i 1709 vart kyrkja omtala som ein «Kiøn Tømmer-bygning, med stave vaabenhuus och Taarn», kyrkja var tekt med Bord, godt vedlikehalden og inni var ho måla og fint prydd.

Også ved synfaringa i 1721 vart kyrkja omtala som ein god tømmerbygning med eit tårn på og eit våpenhus av stavbygning. Innvendes var kyrkja overalt kvelvslått og måla, tekt med bord og vel halden. Måla som vert oppgjevne, stemmer i hovudsak med måla frå 1686. Skipet var 16 alner langt og 14 alner breitt, koret 11 alner langt og 10 alner breitt, våpenhuset var 5 alner langt og 4 alner breitt. Utvendes var kyrkja tjørebredd.

Rekneskapar for kyrkja finst for åra 1667 – 1723. Der finst mellom anna følgjande opplysningar om kyrkja.

Golv og fundament. I 1687-89 vart koret og skriftekammeret voge opp og det vart lagt seks golvåsar under. Koret og skriftekammeret vart samstundes bundne saman med store jarnboltar. I 1693-95 vart det laga ein ny steinmur under koret, ein alen høg. Etter synfaringa i 1661 – 65 skulle golvet i kvinnfolkstolane reparerast.

Vindauge. Ved synfaringa i 1661 – 65 vart det bestemt at det skulle lagast tre luker for vindauga i kyrkja. I 1674 vart det laga eitt nytt vindauge, i 1675-77 eitt vindauge i koret og i 1678-79 er det betalt for ein vindaugskarm med to rammer i med jarnbeslag. I 1693-95 vart det kjøpt lukeband av hamp til alle lukene. Eit vindauge vart laga i skriftekammeret i 1696-1698.

Tak. Kyrkja og koret burde begge få nytt sutak etter synfaringa i 1661 – 65. Det vart lagt nytt tak over skip og kor i 1680-81.

Tårn. Ny hane av jarn til tårnet i 1696-98. Samstundes vart det laga ei trapp opp til lemmen og stege frå lemmen til tårnet. Det vart arbeidd med tårnet i 1717-19 då ein bindingsstolpe og nokre krossband i konstruksjonen hadde losna og laut festast.

Våpenhuset vart oppskrudd og samanbunde i 1680-81. Også i 1684-86 vart våpenhuset skrudd opp og det vart lagt ein ny svill under. Kring 1717 var det igjen ein del arbeid med våpenhuset. Det vart oppvoge og festa til kyrkja med vinkeljarn.

Interiør

Heile skipet vart måla innvendes i 1687-89. Koret, som var det gamle skipet, var måla frå før. Skriftekammeret vart måla i 1702-04. Samstundes vart sju stoldører, truleg dei nye, og kyrkjedøra måla. Korhimlinga vart måla med «slyngninger og med bibelsprog på strekkbjeklene, skibets vegger var bemalt med roser, dyrefigurer og trær. Der fantes glassruter med innbrente figurer, især av mennesker.»[2]

Inventar

Altar. Det gamle altaret er oppbevart på orgelgangen i dagens kyrkje. Kassealtar med draperimåling. Altaret var ei ein periode på garden Bjørnetun i Fresvik, der han vart nytta som kornbyra.[3]

Altartavle. Bendixen skriv at «Alteroppsatsen hadde meget treskjærerarbeide, men ikke figurer».[4]

Preikestol. Ein ny preikestol med oppgang og preikestolshimling vart laga i 1711-13, etter som den gamle «gandske var uduelig».

Dåpshus. Funten vart oppvogen og festa med spikar i 1717-19.

Sitjeplassar. 1687-88 vart det laga ein skammel langs med benkene. Prestestolen vart vogen opp og det vart laga eit par hengsler for døra i stolen i 1696-98. Det vart også laga sete i to stolar. Nytt sete vart skaffa i skriftestolen i 1699-1701, og samstundes vart tre stolar i skipet panelte. I 1702-04 vart tre stolar panelte og det vart laga dører framfor sju stolar. Til skriftestolen vart det i 1720-22 laga to lange skamlar til knefall.

Rituelle kar. Kyrkja hadde ingen kalk og disk i 1661-65, bortsett frå eit sett av tinn som høyrde til Fjærland kyrkje. Kalk og disk var framleis av tinn i 1686. Salmebok mangla også i 1661-65.

I inventarlista frå 1670 er det ført inn ein sølv kalk og disk, dei vog 26 lod. Settet er betalt av Leikanger kyrkje. Settet av tinn følgjer likevel med i inventarlistene frametter.

Parament. To kvite altardukar og eit «Randit schotte tøyes AlterKlæde» er nemnt i notatet frå 1661-65. Eit gammalt alterklede er nemnt i 1670, i 1693 står det at altarkledet er stripete, og det er nok det same som er nemnt i 1661-65. I 1686 hadde kyrkja ein kalkduk også, denne er nemnd att i 1693. Ein kvit, lerrets altarduk er innført i inventarlista frå 1693. «MesseHagelen som er aff noget gement Wldentøj, Er nesten Vdslit och fast u-brugelig» heiter det i synfaringsnotatet frå 1661 – 65. Ein gammal messehakel er også nemnd i inventarlista frå 1670 og i synfaringsnotatet frå 1686. Der er også nemnt ein gammal messeserk. I inventarlista frå 1693 står det at kyrkja hadde to gamle messehaklar, og at den eine, den beste, er send til Ylmheim kyrkje.

Lysstell. Kyrkja hadde to massing lysestakar i 1686. I 1693 står det i lista at kyrkja har to ulike massing lysestakar. Seinare er desse utskifte med eit par nye massingstakar til vokslys. I rekneskapen for 1699-1701 er det gjort greie for at dei gamle stakane er omstøypte og at det er lagt til ekstra massing.

I tårnet hang det to små klokker. Dette er opplyst i 1670, 1686 og 1693.

Kyrkja frå 1881

Kyrkja er ei av dei mange kyrkjene som vart teikna av arkitekt Henrik Nissen. I kyrkja finst også eit utkast til ny kyrkje for Fresvik teikna av Ole Wangberg. Kyrkja ligg nordaust i bygda, ikkje langt frå sjøen. Ho er orientert med koret i aust.

Bygningen

Fresvik kyrkje er ei einskipa langkyrkje med koret dels vest i langhuset, dels i ein altarnisje i aust. Altarnisjen er smalare enn skipet, men har raftestokken i same høgde. I hjørna mellom altarnisjen og langhuset er det små sidebygningar med sakristi i sør og no lagerrom i nord. Framfor vestveggen står eit tårn med kvadratisk grunnflate.

Vegger

Veggene er høge og lafta opp av glattsida plank. I langhuset er det opplengjer i kvart av hjørna og tre par på langsidene. Opplengjene i langveggene er doble med to sidestilte stokkar innvendes og to utvendes. Mellom dei to stokkane er det lagt inn bindbjelkar, innvendes støtta med kne mot opplengja. Denne konstruksjonen deler langveggene i fire like store fag med eitt vindauge i kvart fag. Vestveggen er heil, utan opplengjer og med opningar til våpenhus, orgelgang og mellom tårn og loft. Austveggen har opning til altarnisjen og dører til sideromma. Altarnisjen er også oppført i lafteplank og er lafta saman med austveggen i langhuset. Ingen opplengjer. I nordveggen er det ingen opningar, i austveggen har det tidlegare vore eit tredelt vindauge, i sørveggen vart det i 1965 sett inn smale, liggjande vindauge øvst på veggen. Sørveggen har dør til sakristiet.

Veggene i sakristiet er kledde innvendes med plater. Siderommet på nordsida har opphavleg brei, liggjande staffpanel, sideromma har vindauge i langveggene og dører ut mot kyrkjegarden i aust. Rommet i nord har dør til skipet i vest og rommet har dør til preikestoloppgangen i vest og til koret i nord.

Innvendes er veggene måla. Utvendes er dei kledde med bord. Nedst, under vindauga, er det utvendes eit brystningsfelt av ståande, brei staffpanel avgrensa oppe og nede med profilert listverk. Over brystninga er veggene kledde med liggjande, glattkanta bord. Takskjegget er innkassa. Nedst er veggene avslutta med vatnbord over grunnmuren. Dei ytre opplengjene fungerer som vertikal inndeling av langveggene. Hjørna er innkassa.

Portalar og dører

Hovudinngang gjennom fløydører vest i tårnfoten og vest i skipet i første og andre høgd. Elles er det dører vest og aust i sideromma og nord i sakristiet. Dørene er opphavlege fyllingsdører med fire fyllingar. Liggjande fyllingar øvst og nedst og to ståande mellom desse. Ramma er profilert inn mot fyllinga. Døra aust i sakristiet er sekundær.

Korskiljet

Skiljet mot koret går like aust for det austre opplengjeparet og koret omfattar såleis det austre av dei fire faga i langhuset i tillegg til altarnisjen. Skiljet er markert nede ved eit nivåskilje i golvet på to steg og ved gjennombrotne brystningar på begge sider av koropninga. Foto

Vindauge

Tidlegare var det eit tredlelt vindauge i austveggen bak altaret. Kvar del hadde rundboga lysopning, og bogen i midten var høgre enn sidebogane.

Vindauga elles i kyrkja har også rundboga lysopningar, parstilte.

Vindauga i langveggene er skilde med profilert midtpost og er sette rett inn i karmen utan rammer. Horisontalt er dei delte inn med tre liggjande sprosser. Kvar av dei åtte felta er igjen delte i fire med diagonalt kryssande sprosse. Sekundært er det sett inn hengsla varevindauge i karmen. Desse har åtte ruter som svarar til dei opphavlege, men er skilde med bly. Glaset har luftbobler og striper. Geriktene inne har karniss og staff. Utvendes er vindauga dekte i overkant med vatnbord. Geriktene har fas.

Golv og fundament

Golvet i kyrkja er av breie bord lagde i lengderetning. Truleg opphavlege. Fundamentet er av naturstein.

Tak

Langhuset har saltak. Over altarnisjen ligg det også eit saltak, medan sideromma har telttak med to takflater.

Taket har tre hovudsperreband i tillegg til gavlane. Desse har tredoble sperrer på kvar side, enkle, låge saksesperrer og hengebjelke mellom mønet og krysset i saksene. Mellom hovudsperrebanda er det tre enkle sperrepar i kvart fag. I tillegg til ås i mønet er det åsar over møtepunkta mellom sperrer og saksesperrer. Sperrene ber sutak som utvendes er tekt med ruteheller.

Himlingar

Himlingen over langhuset er tredelt med flate sidestykke og flatt gavlforma midtparti heva ved knevegger. Knestokkane i kneveggene korresponderer med hovudsperrebanda der dei er festa. Dei er doble og ligg som tang om dei tre bindbjelkane over kyrkjerommet. Dei held fram eit kort stykke under bindbjelken som hengebjelke. I tillegg til dei tre bindbjelkane er det tre stikkbjelkar frå raftet i kvart fag og desse ber langsgåande bjelkar som støtte for dei flate sidehimlingane. Stikkbjelkane korresponderer med dei enkle sperrebanda i takkonstruksjonen og er festa i langsgåande dragarar i sperrekonstruksjonen.

Saksesperrene som følgjer den opphøgde delen av himlingen er markerte på undersida med sveifa bord med tungebord. Sidehimlingane og midthimlinga er av staffpanel i breidderetninga i kyrkja, medan panelet i kneveggen er skrålagt i vekslande retning og dannar fiskebeinsmønster.

Tårn

Tårnet er oppført i bindingsverk med hjørnestavar, mellomstavar, kryssband og rammer. Det har nærast kvadratisk grunnplan og same i dei tre nedste plana som rommar våpenhus, orgelgang og lagerrom. Fjerde høgda med klokkerommet har åttekanta plan der hjørna i tårnet er trekte inn. Klokkerommet er dekt med åttekanta hjelm med skjørt i nedre del. Hjelmen er avslutta med spir med kule, pil med gjennombrote årstal 1880 og kryssande stenger med små kuler i endane.

Dei to nedre høgdene er panelte innvendes med brei staffpanel. Det går trapper opp på sørsida frå våpenhuset, vidare ved vestveggen til lagerrommet og ved vestveggen til klokkerommet. Frå klokkerommet er det ope opp i hjelmen.

Tårnet har eit vindauge i andre høgda mot sør. I vestveggen i tredje høgda er det sett inn eit lite rosevindauge med sprosser i form av eiker og med ytre runda avslutting av kvar av dei åtte rutene.

Utvendes er tårnet kledd som kyrkja elles. Hjelmen er kledd med metallplater.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Altaret er plassert eit stykke frå austveggen i ein eigen nisje avgrensa mot vest med ein boga altarring. Koret opptek i tillegg austre del av kyrkjerommet, aust for den austre opplengja, og er delt frå ved brystning og tostegs høgdeskildnad. Altarnisjen har dør til sakristi på sørsida. Frå sakristiet er det dør i vest til oppgangen t il preikestolen som står sør i korutvidinga. På nordsida er det bygt opp ein liten plattform, truleg for dåpen. Døypefonten står no på sørsida under preikestolen. Der står også eit harmonium og på nordsida ved austveggen eit piano.

Vest for brystninga er det benkeparti på begge sider av ein midtgang, heilt vest på nordsida. På sørsida er det teke vekk nokre benker i vest under galleriet. Vestgalleriet har orgel sentralt og benker på sidene. I tårnet er det teke vare på ein del materiale frå den førre kyrkja. Kyrkja har elektrisk oppvarming og lys. Eit foto frå kring 1900 viser kyrkja med rund støypejarnsomn på nordsida ved midtgangen.

Fargar

Kring 1900 var det kvite himlingar og vegger i kyrkja, med unntak av brystningar på veggene som var fiolette. Himlingen i altarnisjen var gul og brun. Bjelkar og lister var gule med brune fasar. Benkene var gulbrune, dørene brune med gule fyllingsfelt. Bendixen skreiv følgjande om fargane på preikestolen kring 1900: Prekestolen har […] avlange felter, hvite med blålige skråkanter. Mellemverket er mest malt lyst fiolett, understykket litt mørkere. [5]

Ein lokal informant fortel at kyrkja før 1965 var syrinfarga med strekdekor med rankemotiv i øvre ende ved hjørna og truleg ved opplengjene.[6] På eit fotografi frå kring 1900 viser det eit rankemotiv sentralt over opninga mot kornisjen.

Fargane i kyrkja no er frå 1965 etter ein plan utarbeidd av arkitekt [...] Veggene er gule med lyst blå brystningar, himlingar og benker er lyst blå og bjelkar og listverk er grårosa med engelsk raude fasar. Dørblada er lyst blå med gråleg ramme. Gerikter ved dører og vindauge som lister elles. Golvet er brunt.

Inventar

Altar

Kassealtar, opphavleg, laga av ståande, breie staffbord festa på ramme. Profilert fotlist. Bordplate av bord lagde i breidderetning. Dør på baksida til skåp i altaret. Altaret er trekt med raudt ullstoff med myggtjeld på tre sider og bordplata med raud ullflanell. Breidde 189 cm, djupn 78 cm, høgde 102 cm. Kneleskammelen er ein enkel krakk trekt med stoff som altaret.

Altartavle

Altartavla har rundboga biletfelt sett inn i rektangulær ramme med flankerande, smale sidestykke med pilastrar. Under biletfeltet er det eit skriftfelt, over har tavla tannsnitt under horisontal gesims av profilert listverk. Gesimsen ber fire utskorne liljeformer i midten og ei på kvar side som er utvida med fialliknande midtstykke. Tavla er brunådra med gylte detaljar.

Biletfeltet viser Krossfestinga. Jesus har løfta blikk og tornekrone med lysglans. Ei lysstripe ovanfrå frå venstre hjørne bryt den mørke bakgrunnen. Maleriet er signert nede til høgre: C. Brun efter Guido Reni. Under biletet er å skrive med gul fraktur: Se det Guds Lam som bærer Werdens Synd Joh 1,29.

Altarring

Altarringen går fram i boge frå hjørne til hjørne i kornisjen. Han har flat handlist, Balusterrekkverk og stoppa knelepute trekt med skai og festa med saum. Veggen under er i ståande staffpanel.

Døypefont

Døypefonten har kraftig åttekanta skaft. Kummen har åttekanta plate med rundt hol for dåpsfatet og med hengeverk med åtte felt skilde med mellomstolpar. Felta har ei lita, kvadratisk fylling. Nede er fonten avslutta med profilert listverk. Fonten er grårosa med engelsk raude konturar og kvite fyllingar.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har seks sider av ein åttekant og står sør i det utvida koret. Sidene i preikestolen har ei fylling i ramme, på innsida har ramma fas mot fyllinga. Hjørna mellom felta har slanke pilastrar med base og kapitel. Botnen er innsvinga med åtte sider og kviler på eit skaft med listmarkeringar oppe, nede og som nodus. Handlista er flat og trekt med fløyel som heng ned på utsida og er kanta med silkefrynser. Lesebrettet er trekt sameleis og på framsida er fløyelen forma som eit antependium med latinsk kross.

Oppgang via trapp med ni steg frå døra til sakristiet. Trappa har rekkverk med smale, dreia spiler på begge sider.

Grårosa med engelsk raudt og kvitt.

Lesebrett

Som alternativ til lesepult er det festa eit bokbrett til korskiljebrystninga i nord. Dette er trekt med fløyel med silkefrynser som preikestolen.

Benker

Opphavlege benker er bevarte på galleriet. Dei har sveifa, bakoverlente vangar og opne ryggar med to ryggfjøler.

Dagens benker er frå midten av 1960-talet og har rette vangar mot midtgangen med klassiserande dekor. Benkene er festa i langveggene og er understøtta av to ekstra beinknektar. Ryggane er heile med liggjande fyllingar. Benkene er lyst blå med innslag av engelsk raudt og med raude benkeputer.

Galleri

Gallerifronten korresponderer med det vestre opplengjeparet og vert i overkant innramma av den vestre bindbjelken med kne og hengebjelke. I tillegg til feste i opplengjene er galleribjelken støtta av to stolpar som flankerer midtgangen. Desse har også kne mot sidene. Over bjelken stikk sveifa endar av åtte golvbjelkar fram mot kyrkjerommet. Over desse har fronten smale, liggjande felt og ein låg balustrade med dreia spiler under handlist. Gallerigolvet er sekundært gjort flatt i midten for å gje rom for orgel og spelepult. På sidene, som har avtrappa golv, er det eldre benker. Gallerifronten er grårosa med lys blå, engelsk raud og kvite innslag.

Rituelle kar

Kalk Sølv kalk, til dels forgylt. Kupa har runda botn og skrå sider. Skaftledda er sylindriske med avsluttande riller oppe og nede. Nodus er glatt boga ut mot sentral rille. Foten er høg, konisk, og svingar rett ut nede. Ytst knekker han kort ned over flat fotplate. Øvst på kupa ei siselert rand, nede på foten jesusmonogram med kross i sirkel. Ustempla. Innskrift under standplata med skriveskrift: «Giordt i Hr Samuel Buggis Embedes tredie Aar. og forgyldet udi Hr Ifver Legangers Embeds 7de Aar.» Etter dette er kalken endra att ved at det er sett til ein ring i overkant av kupa, denne har forsterkande kant, og over denne ei utsvinga rand med høgre hellekant på ei side. Noverande høgde: 25,2 cm, tidlegare høgde: 20,3 cm. Diameter fot: 11,4 cm.

Særkalkar Vaseforma. Latinsk kross og 1941 inngravert på sida. Stempel: 830 S, N i kvadrat og Y2. 4,6 cm høg, diameter oppe 3,4 cm.

Skei Innskrift: Fresvik kyrkja, 1941. Stempel: 830S NM. Lengde skaft 12,7 cm, diameter skeiblad 4,7 cm.

Disk Flat disk med svakt opphøgd rand. Siselert seksblada form i sirkel på randa og sentralt i botnen. Utydleg stempel. Diameter 12,3 cm. Truleg samtidig med kalken.

Vinkanne Pæreforma vinkanne. Seint 1800-tal. Høgde ved nebbet ca. 26 cm, diameter fot 9,5 cm. Stempel: R.

Dåpsfat Messingbekken, truleg frå 1600-talet. Djup, runda skål, smal rand. Diameter: 38,6 cm. Høgde 13 cm.

Kanne Pæreforma kanne av plett med vid, overdekt hellekant og svungen hank. Kløverbladkross på ei side av korpus. Stempel: E.P.C, Made in England og 8386. Høgde ved hanken 23 cm, diameter fot 10,3 cm.

Parament

Altarduk

Det er tre dukar i kyrkja. I tillegg er ein duk vist på eit fotografi frå kring 1900. Alle dei tre dukane har ei bord som går kring tre sider og i tillegg eit sentralt krossmotiv over borda framme på duken.

a) Gammal duk av fin bomull. Broderi med svart og raudt eller rosa som viser vinrankeslyngingar. Ei enkel rankebord kring tre sider av duken og eit sentralt krossmotiv av vinranker kring eit sirkulært felt med jesusmonogram. Det sentrale feltet 30,5 cm høgt og 29,5 cm breidt. Borda rundt er 6 cm brei. Duken er stor og truleg laga til det gamle altaret. Han er utstilt i tårnet med opplysning om at det var ei gåve frå fru sokneprest Sverdrup. Duken skulle i 1909 leggjast til sides og takast vare på til minne om henne.

b) Duk med hardangersaum oppbevart i kyrkja. Ikkje undersøkt.

c) Duk av aida-stoff med hardangersaum i perlegarn. Duken har ei 14 cm brei bord med diagonalt rutemønster og ein latinsk kross over borda sentralt framme.

Messehaklar

a) Raud, skjoldforma messehakel med hovudstoff av vinraud fløyel, nytt fôr av vinraud toskafts ull. Ca. 1900. Kanta med og med ryggkross av gullband. Hakelen er 98 cm høg framme og 101 cm bak og 60 cm brei ved skuldrene. Tre hekter på venstre skulder.

b) Raud messehakel med gullband og broderi. Smal, rettsida form. 1950/60-talet. Framsida har kristogram flankert av striper, ryggsida har latinsk kross med jesusmonogram i krossmidten. Merkt Den Norske Husflidsforening. Hovudstoff: ull, kypertvariant. Fôr av bleikt gult bommullslerret. Festa med tre hekter på høgre skulder. Høgde 99 og 103 cm, breidde ved skuldrene 64 cm.

c) Kvit messehakel. Framsida har stolpe med sirkelmotiv i brysthøgd med krone. Ryggsida har stolpe med sirkelmotiv i brysthøgd med Guds Lam. Merkt: Slabbinck, made in Belgium 1992. Viscose, rayon, lurex. Høgde 107 og 122 cm, breidde 136 cm.

Messeskjorter

To messeskjorter i kyrkja

Lysstell

Altarstakar

Bendixen opplyser at det skal ha vorte selt eit par store altarstakar frå kyrkja i samband med at den gamle kyrkja vart teken ned. Ein del armatur, truleg frå 1965, heng på galleriet og gallerigangen. I tårnet heng ein del eldre armatur for parafin.

a) Eit par forsølva koparstakar med lyspipe, lysskål og høgt, kannelert skaft med balusterforma base og øvre avslutting under lysskåla. Foten er utsvinga og profilert. Ustempla, kan vera frå 1881. Høgde om lag 60 cm, diameter fot 15 cm. b) Eit par sølv altarstakar med lysskål med integrert lyspipe, glatt, sylinderforma skaft og utsvinga vid foto under vulst. Kløverbladkrsoss på foten. På den andre sida av foten innskrift med versalar: Fresvik Kyrkja, til minne 1965 frå Jens b. Djupvik og kona Kamilla, Bergen. Stempel. 830 S, Magnus Aase sitt meisterstempel og 203. Høgde 27,5 cm, diameter fot 16, 2 cm.

Lysekroner To like lysekroner over midtgangen, frå 1881? Små nyare kroner i barokk form frå Høvik lys i våpenhuset og under galleriet.

Lampettar Nyare toarma lampettar i barokk form frå Høvik lys kring veggene.

Klokker

Kyrkja har fire klokker, to frå mellomalderen og to nye frå Olsen Nauen, Tønsberg.

a) Mellomalderen, ca. 1200. Klokka har krone av seks runda boga og midtboge. Hua skrår ned og ut via rille og er så runda ned mot smal hals og slank, skrådd korpus. To riller over ut og nedbøygd slagring. Slagringen er flat og skrår ned innetter.Diameter 51 cm, høgde 45,5 og 56,5 c

b) Mellomalder, ca. 1250. Klokka har krone av seks runda bogar og midtboge. Hua skrår ned og ut og rundar ned mot breiare hals og skrå korpus. To riller markere overgangen til slagringen som skrår ut og ned og nedst er markert med rille. Diameter 51 cm, høgde 50 og 62 cm.

c) Olsen Nauen 1985. Innskrift med versalar på korpus: Klokkene er gåve frå Olav, Kari, og Marta Hatlelid og andre bygdefolk. På den andre sida under nedovervend due: Anden og bruri seier: «kom». På halsen står firmanamnet og 1985 mellom to riller. Diameter 58 cm, Høgde 46 og 57 cm.

d) Olsen Nauen 1985. Innskrift med versalar på ei side på korpus: Land, land, land, høyr Herrens ord. Over innskrifta chi-rho med alfa og omega. På den andre sida av korpus: Soli deo gloria. Firmanamnet mellom to riller på halsen. Diameter 68 cm, høgde 54 og 65 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgelet er laga av Jørgensens orgelfabrikk i 1960 og kom til Fresvik frå Nord-Vågsøy i 1965. Det har mekanisk overføring og sju stemmer fordelte på to manualar og pedal.[7] Fasaden er enkel med to rektangulære sidetårn og eit ope midtfelt med metallpiper stilte i gavlform.

Harmonium

R. Metzner Harmonium-Fabrik, Leipzig-Plagwitz.

Piano […]

Bøker

Alterbog, bokmål, Chra 1826
Alter-Bog, bokmål, Kra 1879
Alterbog for den norske kirke, bokmål, Kra 1889
Altarbok for den norske kyrkja, Kra 1920
Alterbok for den norske kirke, Kra 1920
Alterbok for den norske kirke, Kra 1920

Tekstbok for den norske kirke, bokmål, Kra 1918
Tekstbok for den norske kyrkja, Kra 1922
Tekstbok for den norske kyrkja, nynorsk, Kra 1922

Bibelen, bokmål, Chra 1876
Bibelen, nynorsk, Oslo 1966
Bibelen, nynorsk, Oslo 1978
Det nye testamente, nynorsk, Kra 1905
Det nye testamentet og salmane, nynorsk, Oslo 1941

Kirkesalmebog, Landstad, bokmål, Bergen 1878
Tillæg til Salmebogen, bokmål, Kra 1888
Salmer og sange ved begravelse og kremasjon, bokmål, Bergen 1923
Nynorsk salmebok, Oslo 1953
Nynorsk salmebok, Oslo 1953

Koralbog, Lindeman, bokmål, Chra 1878
Liturgisk musikk for den norske kirke, bilag til alterboken av 1920
Graduale, Sandvik, nynorsk, Oslo 1925
Graduale, Sandvik, nynorsk, Oslo 1925

Utrykte bøker
Regnskapsbog for Bygningskommisjonen for Fresvigs nye Kyrkje
Kommunikantbog for Fresvik menighet, begyndt den 21 februar 1937
Kommunikantbok for Fresvik menighet, begyndt den 7de mai 1928

Nummertavle

Enkel nummertavle med sveifa overkant og med stiftar for feste av siffer. Svartmåla, kvite siffer.

Møblar

Brurestolar

Bakbeina skrår inn mot setet og ut som ryggstolpar, frambeina går rett opp og held fram over sargen som armlene og svingar rett bak der dei er festa i ryggstolpane. Under sargen er beina stiva av med sprosser bak og på sidene. Setet og ryggen har markert skrådde sider, inn mot ryggen og opp mot toppstykket. Både sete og rygg er stoppa og trekt med skinn. Ryggen er krona med ei sentralt stilt skoren krone. Treverket er kvitmåla med unntak av den gylte krona. Skinnet er raudt.

Offerkar

Offerskål av tre med gresk kross i botnen og med skorne og farga motiv på utsida. Svidd merking under botnen: Fresvik kyrkje 1966, Johne Landa. Diameter 67,5 cm. Høgde 7,7 cm.

Bøsse av metall ved inngangen. Frå den tidlegare kyrkja. Måla innskrift: Til de fattige

To kollekthovar.

Blomstervasar

a) Ein vase, trektforma med vid, rund fot. Stempel: D-A,830S, skålvekt. H. 23.6 cm, diameter oppe 11 cm.
b) To vasar, svungen trektforma med åtteblada, utsvinga øvre avslutting. Rankemønster på foten. Standard sølvsmedvare. Ev stempel er dekt av gips. Høgde 16,4 cm, diameter oppe 8,7 cm.

Inventar andre stader

[...]

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg i hovudsak sør og aust for kyrkja og strekkjer seg austover. Det er også graver på nordsida av kyrkja. Inngangen er gjennom port rett vest for vestinngangen i kyrkja. Porten er av tre og står i ein mur av runde steinar i sement. Muren strekkjer seg etter vestsida av kyrkjegarden. Både i sør og nord er kyrkjegarden omgitt av stakitt på mur, medan den austre delen av kyrkjegarden har nettinggjerde.

Gravminne

To eldre gravkrossar i tårnet.

Bygning knytt til kyrkjegarden

Reiskapsbu og toalett oppført i 1986. Huset ligg aust for kyrkja og har bårerom, toalett og reiskapsrom med dører ut mot sør.


Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixens manus til Kirkerne i nordre Bergenhus Amt, avskrift

Trykte kjelder

Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993
DN = Diplomatarium Norvegicum
Bergen Kalvskinn

Oppmålingsteikningar og fotografi

Teikning til ny kyrkje i Fresvik signert O Wangberg, Bergen, truleg 1877. I kyrkja.


  1. Bendixens manus
  2. Bendixens manus
  3. Tidlegare kyrkjetenar Marta Stokkenes
  4. Bendixens manus
  5. Bendixens manus
  6. Tidlegare kyrkjetenar Marta Stokkenes
  7. Kolnes 1993 s 374