Feios kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Feios kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneVik
ProstiYtre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Koordinater61.146228 , 6.759978412
FellesrådVik kyrkjelege fellesråd
Kirke-id141900201
Soknekatalognr7100205
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Rinde stavkyrkje

Kyrkja er nemnd i Bergen Kalvskinn s 49 som «Kirkjan à Rindinn i Fedjadal» omkring 1350. Ho er også nemnt to gonger i Diplomatariet, DN 7, brevnummer 98 og 99 (1322-23) og DN 10, brevnummer 255 (1470-80).

Rinde er garden der kyrkja stod, og er også kyrkjestad for dagens kyrkje. Dei fleste husa på garden vart rivne i samband med at vegen vart vidareført til Fresvik, men hovudhuset på garden står framleis.

Stavkyrkja var ein avlang stavbygning med eit tårn i vest. Ho hadde inngangar gjennom vestveggen i tårnet og på nordsida like innafor tårnet. Begge inngangane hadde i periodar våpenhus. Koret hadde inngang i sør.[1]

Ved synfaringa i 1686 er det oppgitt at både skip og kor er stavbygde og kyrkja er 36 alner lang og 11 alner brei. På nordsida var det då sval, og det var eit tårn i vest. På nordsida var det eit våpenhus, 9 alner langt og 5 alner breitt. Kyrkja er omtalt som «temmelig», med måling inne i koret, men likevel «Vanseelig».[2]

I 1709 er kyrkja nemnt som ein gammal stavbygning med tårn og to våpenhus. Ho er tekt med bord og vel halden ved like.[3]

Rinde kyrkje er etter synfaringa i 1721 ein gammal stavbygning i ei lengd og under eitt tak. Det er tårn på kyrkja og to våpenhus, eitt på nordsida og eitt på vestsida. Kyrkja er tekt med bord. Innvendes er ho fint måla og elles velhalden. Måla skil seg som vanleg noko frå måla i 1686. Kyrkja er no 33 alner lang og 11 alner brei. Våpenhuset på nordsida er 5 alner langt og 8 alner breitt, medan våpenhuset på vestsida er 4 alner i kvadrat.[4]

Vegger. Kyrkja hadde åtte stavar, ein i kvart hjørne av skipet, og ein i kvart hjørne aust for koret og vest for tårnet.[5] Stavane hadde eit tverrmål på 38 cm.[6] Mellom dei to øvste stolpane i koret, bak altaret, skulle det etter synfaringa i 1661-65 lagast eit kryssband og over dette ein bindbjelke («Samholdsstock») for å binda saman stolpane og bindingsbanda.

Kyrkja kan frå først av ha vore eit enkelt rektangel med fire hjørnestavar, koret og den vestre delen kring tårnet har eventuelt vore sekundære byggjefasar.

Roar Hauglid viser foto av ein utskoren planke frå Sogn Folkemuseum – De Heibergske Samlinger. Utskjeringa viser dyreornamentikk med liknande former som på nordportalen i Urnes. Hauglid set planken saman med ei eldre kyrkje på Rinde og ikkje ein ev vestportal før tårnet kom på plass.[7]

Etter arbeid med ny svill under sørveggen i 1680-81 vart kyrkja bordtekt på sørsida med 12 tylfter bord på 13 opplengjer. Vestgavlen vart bordtekt med 6 tylfter bord på 9 opplengjer i 1683-86 (sjå under Tårn). Det austre brystet vart bordkledd i 1711-13. Før det hadde brystet vore kledd med spøner.

Golv og fundament. Synfaringa i 1661-65 peikar på manglar ved golv og fundament ved kyrkja. Under sørsida av koret må det leggjast ned ein ny svill, 8 alner lang. På nordsida av koret må det leggjast nytt steinlag under hovudstolpane. I 1680-81 vart det lagt inn ein stor svill («sole») under sørveggen i kyrkja. Under arbeidet med svillen tok ein ned bordkledninga og preikestolen vart flytta vekk.

Tak. Etter Bull si teikning har kyrkja hatt eit vanleg stavkyrkjetak med sperrer, og med saksesperrer og hanebjelke ved annakvart sperreband. Over sperrene låg det smale åsar. Sperrene stod tett og var avstiva nede med runda kne. Undersida av skøytane mellom hanebjelke og saksesperre hadde også runda kne på kvar side.

Etter synfaringa i 1661-65 skulle det lagast dobbelt sutak på sørsida, både over kor og skip. I 1692 vart det laga nytt sutak av 20 tylfter kjøpmannsbord, spikarfeste og spikar på nordsida av kyrkja. Fem bygningsmenn arbeidde i seks dagar med taket.

Døra i nord hadde halvsøyler med terningkapitel og arkivolt med enkel profil.[8] Nye nattlåsar til dørene i kyrkja vart skaffa i 1671.

Vindauge. Frå først av var det berre dei runde lyshola øvst på veggene som gav lys til kyrkja. På nordsida av kyrkja var det fire lyshol på veggen i skipet og to i koret, truleg var det like mange på sørsida.[9] Når det kom vindauge, veit ein ikkje heilt, men ved synfaringa i 1661-65 var det bruk for tre nye luker framfor vindauga i kyrkja, og det har då vore minst tre vindauge. Nede i skipet skulle det lagast to små, nye vindauge for å få meir lys.

I 1675-77 er det betalt for eit nytt vindauge og vøle av dei andre vindauga i kyrkja. To vindauge vart sette inn ved preikestolen i 1680-81, og i 1683-86 vart det sett inn eit nytt vindauge i skipet. I 1687-89 vart det betalt for tre vindauge, men det er berre nemnt ei ny vindaugsopning med uthogging i veggen og karm og rammer, så dei andre vindauga kan ha vore ei fornying av eldre vindauge. I 1699-1701 er det igjen betalt for eit nytt vindauge, nokre andre er lagde i bly. Eit nytt vindauge i koret med jarnbeslag kom i 1708-10. I 1711-13 vart alle trekklukene utafor vindauga sette i stand. I same rekneskapen er det ei opplysning om at ein har saga ut bordkledinga som «betog lyset i kirken». Truleg har borkledinga dekt over dei gamle, runde lysgluggene øvst på langveggene.

Korskilje. Utfrå Bulls teikning har det vore ein vegg mellom kor og skip, opninga i veggen er ikkje innteikna. Bendixen skriv om korskiljeveggen at «Efter reformasjonen er den smale buete åpning mellem kor og skib utvidet på den måte at hele den nedre del i tidens løp forsvant.»[10] Det var då berre gavlveggen som stod att.

Dåpshus. Ein ny «fundt» med traleverk kring, vart laga i 1667-69. I 1687-89 vart det laga ein «foed under bechenet i funten», truleg det som no vert kalla døypefont.

Himlingar. Ein ny kvelv i skipet vart laga i 1667-69 etter at det ved synfaringa i 1661 – 65 vart peikt på at lemmen over skipet var laus og måtte leggjast betre til rette.

Tårn. Tårnet var truleg sekundært i forhold til sjølve kyrkjebygningen. Roar Hauglid meiner det kan ha vorte reist omkring 1300.[11] Bendixen skriv følgjande om tårnet:

Tårnet foran vestre gavl var vel allerede bygget i den katolske tid, i det man fjernet plankene i vestre vegg, så at tårnfoten blev åpen mot kirken og utvidet denne. Tårnfoten dannet som i Årdals kirke et kvadrat hvis sviller hadde same lengde som kirkens bredde og støttet sig umiddelbart til de 2 tidligere vestre hjørnestaver, bærende på den annen ende (vestre) 2 nye staver av same høide, de nye vesthjørner. Umiddelbart innenfor disse sviller sattes 4 andre og de på disse stående stolper bøiet sig innover mot hverandre, og hevet sig til tårnets fulle høide. For å støtte tårnet reistes mellem de 4 hovedstaver 1 likeledes hellende stolpe i nord, øst og syd, to i vest, som innesluttet inngangsdøren. Det hele kvadrat avstivedes ved to kryssende grunnsviller, den ene fra øst mot vest, den annen fra nord mot syd. Avstivningen av stolpene foregikk både nedentil og oventil ved rundbuete knær.[12]

Vidare skriv han at ein ikkje veit korleis tårnet var avslutta oppe. Truleg gjev framlegget i synfaringa frå 1661-65 svar på dette, i det det står at tårnhjelmen er for snau, tårnet har då mest sannsynleg vore avslutta oppe med hjelm, i alle fall i denne perioden.

I 1661-65 vart det peikt på at kyrkja var for lita og at dette kunne betrast ved at det vart laga eit tverrgalleri i full breidde nede i tårnet, tårnet var då truleg ope mot skipet. Også i golvhøgd meinte ein å finna plass til fire nye stolar på kvinnesida og to på mannssida, etter at golvet var ordna. Vidare skulle tårnet få eit nytt golv under klokkene.

I 1683-86 vart kyrkja skrudd opp og det vart lagt to 14 alner lange sviller under tårnet. Samstundes vart vestgavlen bordkledd med 6 tylfter bord og med 9 opplengjer under borda.

I 1693-95 vart det, etter stiftsskrivarens ordre, sett inn to kne for å binda saman kyrkja og tårnet, kvar arm to alner lang. Knea vart festa med store jarnboltar.

I 1702-04 vart det utført eit stort arbeid ved tårnet. I rekneskapen står at det er betalt for «taarnetz opbyggelse af ny», men utfrå materiallista og den arbeidsmengda som er oppført, kan det ikkje vera heile tårnet som er fornya. Bull si teikning har svakare streker i den øvre delen av tårnet, truleg fordi han ikkje ville teikna heilt ut det som han såg ikkje var frå mellomalderen. Det vert ved denne og andre kyrkjer skilt mellom «taarnet» og «stopelen» i samband med tjørebreing, og tårnet kan då oppfattast som den delen som stikk opp over taket på kyrkja. Materiallista nemner mellom anna 18 tjukke bjelkar, eit 20 alner langt tårnspir og åtte sperrer, truleg til hjelmen. Tårnstavar og kne er ikkje nemnde. Det var seks menn som arbeidde med tårnet. Dei tok det ned og bygde det opp att, tok ned svalene, bygde nytt våpenhus og meir på 11 dagar. Til sist vart det sett ein ny koparhane med knapp til tårnspiret og dette vart forgylt og måla.

Tilbygg. Ulike svalar, bordhus og stegehus har vore sett inn til veggene i kyrkja, særleg på nordsida der det var opnast ned mot fjorden. I 1672 er det nemnt eit «bordhus» på nordsida, 5 alner langt. I samband med tjørebreing er svalene i fleirtal nemnde i 1675-77.

Fordøra eller våpenhuset, det står ikkje kvar, skulle forbetrast noko i 1661-65. Det var forfalle og vart vølt i 1680-81. Til dette arbeidet vart det brukt ein stolpe, ein raftestokk («aalest.») og 2 renner og 1 tylft sperrer. Neste utgiftspost i rekneskapen gjeld mest sannsynleg også våpenhuset: Det er brukt 4 tylfter bord til sutak og golv.

I 1686 ved synfaringa vert det nemnt at dei siste åra (1683-85) er det laga ny sval framfor vestre bryst av to 12 alner lange stavlegjer, 3 ½ tylft bord og to kjølar til skur over døra. Det er brukt ei tylft 2 alner lange sperrer.[13] Våpenhuset er så tjørebredt. Samstundes med fornyinga av tårnet i 1702-04, vart svalene tekne ned att, og det vart oppført eit nytt våpenhus framfor kyrkjedøra. Våpenhuset fekk også ny dør med klinke og hengsler.

I synfaringa frå 1661-65 var svalen på nordsida i dårleg stand. Både stavlegjer, svill og fire av stolpane var rotne og måtte skiftast ut med nytt. Våpenhuset på nordsida fekk nytt tak i 1705-07.

Interiør

I 1683-86 vart koret, altarfoten, pulpituret, preikestolshimlingen og kvelven i skipet måla. Målaren arbeidde med dette i sju veker, og kyrkjelyden betalte vel halvdelen av arbeidet. Nedre del av fontehuset og skipet vart måla i 1699-1701. Koret vart måla i 1708-10.

Ein del av målinga frå denne perioden er bevart i oppattbrukte materialar på bygningar i bygda.

Inventar

Altar og altarring. Det vart laga ein ny «altarfod» med to tylfter dreia pillarar kring i 1683-86.

Eit altar frå Rinde kyrkje er oppbevart på gardsmuseet til familien Rumohr i Frøningen.

Preikestol med himling. Kyrkja fekk ny himling over preikestolen i 1683-86.

Sitjeplassar. Oppussingsarbeid på stolane i kyrkja kom i 1670 etter at det var etterlyst ved synfaringa i 1661-65. Ein 14 alner lang benk vart langt langs etter stolane i 1675-77. Denne var truleg på sørsida. I 1683-86 vart det laga tilsvarande sete utafor kvinnestolane. Stolane på lemmen og i kyrkja vart vølte att i 1680-81, med 2 tylfter bord og 5 bjelkar. I 1696-98 vart det brukt seks tylfter bord til å setja i stand tre mannfolkstolar og to kvinnestolar med panel og dører, dei fem dørene vart forsynte med hengsler. Ein snekkar laga ti nye stolar nedst i kyrkja i 1705-07 av ti tylfter bord. 26 dagsverk vart brukte på arbeidet. I 1717-19 vart det sett opp ein ny stol ved kyrkjedøra, med nye benkar og hengsler.

Skriftestol. Ein ny skriftestol vart laga i kyrkja i 1720-22. Stolen hadde skammel og knefall.

Galleri. Eit nytt pulpitur vart oppført i 1667-69.

Skulptur. Kyrkja skal ha hatt eit krusifiks som var fint forgylt.[14] Vidare skal kyrkja ha hatt 12 store trefigurar. Då prosten Dahl skreiv sine notat, var seks av figurane alt brukte til brensel under tjørekjelane, medan seks framleis var ved kyrkja. Dei seks var:

St. Peter i kolossal størrelse, «et rett smukt stykke», 78’’ høyt (1,93 m h.) med forgylt hår og skjegg, det antas at Peter var kirkens skytshelgen – 3-4 madonnabilleder, et 48’’ høit, et 28’’, et 32’’, det siste i sittende stilling. – Et Michals billede 27’’ høit. Alle var sterkt mutilerede, men til dels af smukt arbeide. Disse billeder var forresten den gang flyttet fra Rinde til Leikanger […] Nu er disse ting forsvunnet.[15]

Rituelle kar. I den eldste inventarlista frå 1670 står det at kyrkja har ein forgylt kalk og disk og ei massingbekken i fonten. Kalken og disken vart forgylt i 1680-81. Inventaret i kyrkja er omtalt i synfaringa frå 1686, kyrkja har då kalk og disk av forgylt sølv. Inventarlistene frå 1693 og 1711 fortel at dei veg 22 lodd.

Parament. Ved synfaringa i 1686 er det nemnt eit randete altarklede og ein gammal kvit altarduk. Ein ny messeserk og ein blomstra messehakel av atlaskstoff er skaffa til kyrkja. Kyrkja hadde i 1670 ein ny messehakel som var betalt av Leikanger kyrkje, då hadde ho også ein ny messeserk. Messeserken kan vera ført inn i lista i etterkant. I alle fall er det i rekneskapen for 1675 – 77 notert at det er laga ein ny messeserk av 15 alner lerret. Messehakelen er i listene frå 1693 og 1711 nemnt som ein ny «blomet adlasches messehagell». Det er då også teke med ein lerrets altarduk, ein gammal ditto og eit stripete altarklede. Rekneskapen viser at den nye altarduken vart sydd av åtte alner lerret.

Lysstell. I synfaringa frå 1686 er det omtalt to massingstakar til voks og talg. Eit par store massingstakar (inventarlister 1670 og 1693).

Bøker. I synfaringsnotatet frå 1686 er det nemnt ei altarbok og ei salmebok. Inventarlista frå 1711 nemner ei gammal altarbok i oktavo, ei ny salmebok i oktavo og ei «fuldkommen» salmebok.

Klokker. Ei klokke i tårnet er nemnt i 1670. Ved synfaringa i 1686 er det nemnt to gode klokker. Ei klokke vart støypt av metallet frå ei bresta klokke og tillagt metall i 1692. I inventarlista frå 1693 er det nemnt to klokker, det er det også i 1723, men då er den eine av dei brosten.

Diverse. Ein ny fattigpung vart innkjøpt i 1701. I 1706 vart ei lysesaks gjeven av Niels Berdahl. I 1717-19 vart det kjøpt ei ny blokk til karnatet.

Kyrkja frå 1866

[…]

Bygningen

Den nye kyrkja i Feios vart teikna av arkitekt Nordan i 1864. Det er ei einskipa langkyrkje, ei hallkyrkje, med tårn framfor vestinngangen og smalare, lægre kor. Aust for koret er det eit sentrert lite sakristi med dør inn til kyrkjerommet bak altartavla. Ein del mindre deltaljar vart annleis enn på teikningane. Nordan har teikna sakristiet med vindauge på begge sider og dør ut i aust, medan det har vindauge i nord og dør i sør. Han hadde teikna ein altarring eller eit knefall som gjekk tvers over koret i slak boge, medan byggjenemnda valde ein meir tradisjonell altarring. Vidare har arkitekten teikna inn preikestolen på nordhjørnet mellom kor og skip, medan preikestolen vart oppført på sørhjørnet. Byggjenemnda gjekk også inn for ein lægre himling enn den Nordan hadde gjort framlegg om. I store trekk står kyrkja framleis slik ho vart oppført i 1866.

Vegger

Veggene er tømra både i skip og kor, tårnet og sakristiet er i bindingsverk. I sakristiet er det nyare ståande kledning.

I kyrkjerommet står tømmeret bert utan måling, slik det har stått frå kyrkja vart oppført. Det er tetta med ein svart masse i fugene mellom stokkane. Kvar av langveggene i skipet har fire par opplengjer som avstiving og desse deler veggene inn i fem fag. I dei tre faga mellom opplengjene er det vindaugsopningar på begge sider. Opplengjene korresponderer med bindbjelkar på tvers av rommet i raftehøgd. Bindbjelkane er støtta opp på kvar side av kne mot opplengjene. Veggene er avslutta med ei profilert taklist oppe og med enkle, sekundære fotlister nede.

Veggene i sakristiet er kledde innvendig med nyare ståande skuggepanel.

Portalar og dører

Dei fleste døropningane i kyrkja har opphavlege dører med tilhøyrande dørvridarar. Dørene har tre fyllingar. Ei av dei gamle dørene er lagra i tårnet. Sør i sakristiet er det ei ny dør med tre fyllingar. Døropninga innvendes har opphavlege lister.

Korskiljet

Koret opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. Opninga er markert med gjennombrotne kne i dei øvre hjørna og med låge brystningar nede på kvar side av to boga steg som tek opp høgdeskildnaden mellom kor og skip. Brystningane har dreia spiler og endar i enkle, etter måten høge, meklarar.

Vindauge

Vindauga i kyrkjerommet, tre på kvar side i skipet, og eitt på kvar side i koret, er enkle, med tre profilerte postar festa direkte i karmen. Oppe i den gavlforma avdekkinga går dei ut i Y-form. I høgderetning er vindauga inndelte med sprosser som saman med postane dannar mest kvadratiske ruter.

Golv og fundament

Både skip og kor har bordgolv med bord lagde i lengderetning. Golvet i koret har breie, truleg opphavlege golvbord festa til golvbjelkane med grov spikar, medan skipet og det nedste trappesteget mellom kor og skip har eit nyare golv med smale bord utan synleg spikar. Golvet i sakristiet er kledd med vinyl og på denne eit heildekkande boucléteppe.

Fundament av tukta, dels skifrig stein med pinningar. Høgst i aust og nord.

Tak

Kyrkja har tre saltak, hovudtaket over skipet, eit kortare, smalare og lægre over koret og eit lite over sakristiet. Taka er ei blanding av sperre- og åstak. Med gavlane er det seks sperreband over skipet, desse har sperrer, hanebjelke og undersperrer frå raftet opp til hanebjelken. Sperrene ber kraftige åsar som opplegg for over- og underliggjande bord. Utvendes er taka tekte med ruteheller.

Himlingar

Himlingen i skipet er av profilerte, langsgåande bord. Han er flat i midtpartiet der han er festa opp under hanebjelkane, og skrå på sidene der han er festa til undersperrene.

Koret har flat himling av profilerte langsgåande bord. Borda ligg på oversida av bindbjelkane.

Tårn

Tårnet framfor vestenden av kyrkja har nærast kvadratisk grunnflate som er like stor i alle dei fire høgdene. Over desse er det dekt med saltak i lengderetning brote av ein diagonalstilt lanternin avslutta med firkanta hjelm og spir avslutta med kule, kross og hane.

Det er våpenhus i første, orgelgang i andre, lagerrom i tredje og klokkerom i fjerde høgd. Dei to nedste høgdene er kledde med breie profilerte bord innvendes.

Tårnet har fire hjørnestolpar og to mellomstolpar på kvar side, desse er stiva opp med høge skråstøtter og med horisontale rammer i etasjeskilja.

Øvste ramma har opplegg for saltaket og for lanterninen. Ho ber tre bjelkar i nord-sørleg retning som igjen ber ein kraftig bjelke i aust-vestleg retning. Inntil den siste er det laga ei diagonal, firkanta ramme med hjørnestolpar for lanterninen, og midtstolpen i hjelmen kviler på midtkrysset. Hjørnestolpane er stiva opp med høge skråstivarar og det er lagt ei ny ramme med kryss under sjølve hjelmen. Det er oppattbrukt materiale frå stavkyrkja i hjelmen.

Tårnet har vindauge mot vest over inngangen i andre høgd og mot nord i 1.-2. høgd.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt inventar med altar, altartavle og altarring sentralt aust i koret og preikestol på søre hjørne mellom kor og skip. Døypefonten står sentralt vest i koret. Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen. Vest i kyrkja er det tverrgalleri med sentralt plassert orgel. Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

[…]

Fargar

Då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900 var himlingane kvitmåla, sameleis stolpar og benker. Den gulmåla preikestolen hadde sju kvite, avlange felt. Altartavla var i lys og mørkare brun med forgylte fasar og lister.

Himlingen var då dekt med veggbord frå den gamle kyrkja, måla med raude ranker av vanleg type, figurar, rammemåling, mest i raudt, ein halv englefigur og restar av innskrifter, gule på svart, som dels tyktest vera tekne frå epitafier. Ei av innskriftene bar årstalet 1618.

Himlingen i skipet er no måla sterkt blå, som benkene. I koret er himlinga gul. Veggene er umåla, medan opplengjer, lister dører etc er ådra som furuådring. Nyare golv er beisa og lakka. Altartavla har framleis den opphavlege fargesettinga.

Glasmåleri

Bendixen skriv at det i Bergens Museum finst 19 glasruter frå Rinde med figurar og namn.

Inventar

Altar

Opphavleg altar bygd opp av ramme med fas og med ei fylling i kvar side. Ryggsida er panelt og har dør til skåp i altaret. Ramma er ådra som interiøret elles. Breidde 208 cm, høgde 124 og 96 cm.

Altartavle

Frå først av hadde alteret berre ein kross på grønt klæde.[16]

Altartavla er enkel, nygotisk med lågt, rundboga billetfelt under vimperg og flankert med framforstilte, firkanta søyler med fas. Søylene er toppa med fialar. Feltet i vimpergen har slyngingar måla i gult og brunt, eller er tavla måla i ulike bruntonar og staffert med gull. Biletfeltet har profilert ramme med fråskilt felt for innskrift: Vak og Bed, tidlegare: Vaager og Beder!

Biletet syner Jesu kamp i Getsemane. Han er framstilt sentralt i biletet, knelande og vend mot venstre med falda hender og med glorie om hovudet. Inn frå venstre kjem ein engel i lys. Han held hendene falda over bringa og breier venstre vengen over Jesus. I bakgrunnen til høgre dei tre sovande læresveinane i olivenlunden. Måleriet er signert nede i høgre hjørne: C. Brun, efter O. Mengelberg. Otto Mengelberg (1818 – 1890) var ein tysk målar.

Altarring

Altarringen er sirkelrund og endar bakre kant av altaret med port i sør. Han har runda handlist, rekkverk av smale, dreia pillarar stoppa og skinntrekt knelepute og vegg med profilert listverk. Lyst gulbrun.

Døypefont

Åttekanta døypefont med kum av åtte sider med vidare toppskive og avgrensa nede med profilert list. Kummen kviler på fire sveifa konsollar på noduslist på åttekanta skaft. Foten, fire krysstilte bein, har omvendte konsollar opp til skaftet. Lyst gulbrunt ådra.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har sju felt av ein åttekant, seks av felta med fylling i storfeltet og smalfelt over denne. På utsida er fyllingane flate og avgrensa med list mot ramma. Storfeltet er skilt mot øvre smalfelt med profilert listverk, sameleis er det profilert listverk oppe og nede på stolen. Handlista er flat og trekt med fløyel. Foten er ein firkanta stolpe med fire sveifa konsollar under botnen og med lister og fasar.

Oppgangen er via trapp med fem steg ved sørveggen i koret, over korskiljebrystninga. Trappa har ope rekkverk på begge sider.

Lesepult

Standard lesepult, umåla.

Benker

Benkene, truleg frå 1950- eller 60-talet, har rette vangar med nedsenka felt markert med lister og med flat handlist og rett fotlist. Ryggane har tre liggjande fyllingar i ramme og svakt skrådd sete. Benkene blå med raudoransje vangefelt og ryggfyllingar. Blå seteputer.

Galleri

Kyrkja har vestgalleri med framskote, femkanta midtparti. Sjølve galleribjelken kviler på veggstolpar og to stolpar der midtpartiet startar. Midtpartiet er elles støtta opp av fire stolpar, ein i kvart hjørne. Golvet er understøtta av tettstilte golvbjelkar. Fronten har ramme prydd med profilerte lister oppe og nede, nede er det lagt inn eit breidt bord over bjelken. Elles er fronten utfylt med ståande bord med lett sveifa sider. Gulbrunt ådra med kvite ståande bord.

Golvet på galleriet er flatt og borda ligg på tvers av lengderetninga i kyrkja. Orgelet er plassert midt på galleriet med ein del ut i framspringet. På sidene er det benker.

Rituelle kar

Kalk

Kalk, truleg frå 1600-talet, sølv med gylt skaft, nodus og fot, kupa har truleg vore gylt innvendes. Kupa er høg med skrå sider, runda botn og utbøygd munningskant. Kupa er forhøga og skøyten er synleg som ei rille utvendes og innvendes. Skaft, nodus og for er sekskanta og foten endar seksflika med standkant på plate. Nodus har seks bladformer som på over- og undersida går ut mot hjørna i ei rilleforma midtmarkering. På foten er det innrissa ein signingskross på ein av flikane, H.J.B. På ein flik og på ein tredje er det eit stempel, IR. Under foten er vekta innrissa på kanten: W – 17 L 3 q (17 Lod og 3 quintin). I tillegg er innrissa følgjande innskrift: Peder Rinde med Samptlig Rindis Almue. Skaft, nodus og fot er 10,1 cm høge, kalken opp til skøyten på kupa er 17 cm, total høgde er 21,2 cm. Diameter kupa 11,8 cm, diameter fot 10,1 cm.

Disk

Disken er venteleg av same alder som kalken. Han er av gylt sølv. Sekundært er også disken utvida, i det det er lagt til ekstra breidde som ein flat ring under randa. Utvidinga er ikkje gylt. Disken har flat, smal rand og runda side ned mot svakt runda botn. På randa er det rissa inn ein vigslingskross og midt i ei signande hand og bokstavane H.I.B. Midt under disken er vekta rissa inn: W – 4 L1 q. Diameter med utviding: 14 cm, diameter utan: 12,7 cm. Høgde 0,5 cm.

Dåpsfat

Massingbekken, truleg frå 1600-talet. Bekkenet har smal rand og runda korpus. Diameter 35,7 cm, høgde 11 cm.

Kanne

Kanne i massing, standard sølvsmedvare. På korpus nedovervend due på sky med lysstrålar i krossform. Innskrift på foten med versalar: Brynhild Tjønn til minne 1968. Stempel: Th Marthinsen. Høgde ved hanken 34 cm, diameter fot 14,2 cm.

Parament

Bendixen har følgjande merknad om parament: «Hos presten finnes bevart den gamle messehagl, der er mørk fiolett og av mønstret atlask med store og med små gule blomster, bredt kors, et smalt gult bånd over armene, og nedre rand og de to lange sider er kantet med en bred rand av lys fiolett tøi, dessuten har presten 1 gammel alterduk med fint kniplet rand».

Altarduk

Kvit altarduk i aidastoff med hardangersaum sydd i perlegarn. Duken har tunga kant og borda, som er 20 cm brei, viser vekslande krossar og kalkar.

Døypefontduk

Ein firkanta duk med tunga kant i hardangersaum ligg over døypefonten.

Messehaklar

a) Raud, skjoldforma messehakel av fløyel med ryggkross og kanting av gullband. 1900-talet. Fôret er fornya, det er av klårt, raudt lerretsstoff i kunstfiber. Festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde 91 og 99 cm, breidde ved skuldrene 66 cm.

b) Grøn messehakel med smal, spissa form. 1960-talet? Hovudstoffet er grovt, med ull og lin i ulike nyansar i innslaget. Fôr i grønt bomullslerret, kantar i grønt, skråstilt bomullslerret. I brysthøgd på framsida er det applikert eit rundt kvitt felt med tre broderte aks i ulike grøntonar. På ryggsida er det applikert ein y-kross med rundt felt tilsett i krossmidten. På krossarmane er det brodert vinranker, det runde feltet har alfa og omega, alt brodert i ulike grøne nyansar. Festa med seks hekter på venstre skulder. Høgde 98 cm, breidde ved skuldrene 71 cm.

c) Kvit messehakel av same form og truleg same produsent som b. Fôret er i grovt, kvitt bomullslerret, kanting av gyllenbrunt grovt linlerret. På framsida er det i brysthøgd brodert ein gyllen sirkel med ei krone i midten, krona er i to gylne tonar og svakt grønt. På ryggsida har hakelen ein smal applikert y-kross i same stoff som kantinga. Krossen er omslynga av grøn, brodert ranke og kanta ytst med broderte striper i same farge som krossen. Festa med seks hekter på venstre skulder. Høgde 98 cm, breidde ved skuldrene 69 cm.

Messeskjorte

Kyrkja har ei messeskjorte i bomull.

Lysstell

Alterstaker. To alterstaker i sølv med tallerkenformet krage med lyspigg, balusterformet skaft og rund, flat fot. H. til krage: 40,5 cm, diam. fot 19,5. Lysekrone. Seksarmet fra 1661 i koret. Barokkform, med balusterformet midtstang avsluttet med kule med knott nederst. En krans med svungne armer, montert med elektriske lys i nyere tid. En større lysekrone fra Fedje henger nå i Austrheim kirke.

To store lysekroner i skipet, trolig nyere. Barokkform med balusterformet midtstang, avsluttet med kule med knott. Midt på midtstangen en krans med lyspærer i vinkel ut fra stangen, og to vanlige kranser med dobbeltsvungne armer.

En lysekrone er oppbevart på kirkeloftet, fra sent 1800-tall. Parafinlampe med tolv piper i en krans rundt en glasskuppel. Oppheng fra seks kjeder. Alterstaker. To alterstaker i sølv med tallerkenformet krage med lyspigg, balusterformet skaft og rund, flat fot. H. til krage: 40,5 cm, diam. fot 19,5.

Lysekrone. Seksarmet fra 1661 i koret. Barokkform, med balusterformet midtstang avsluttet med kule med knott nederst. En krans med svungne armer, montert med elektriske lys i nyere tid. En større lysekrone fra Fedje henger nå i Austrheim kirke.

To store lysekroner i skipet, trolig nyere. Barokkform med balusterformet midtstang, avsluttet med kule med knott. Midt på midtstangen en krans med lyspærer i vinkel ut fra stangen, og to vanlige kranser med dobbeltsvungne armer.

En lysekrone er oppbevart på kirkeloftet, fra sent 1800-tall. Parafinlampe med tolv piper i en krans rundt en glasskuppel. Oppheng fra seks kjeder.

Klokker

Kyrkja har tre klokker, alle frå Olsen Nauen, to i tårnet, a og b, og ei i klokkestøpul på kyrkjegarden.

a) Klokke merkt Olsen Nauen. Innskrift: Gjeve av Harald og Valborg Tjønn 1983 og på andre sida av korpus under latinsk kross: JESUS SEIER: EG ER VEGEN, SANNINGA OG LIVET. Diameter 58 cm, høgde 56 cm.

b) Klokke merkt Olsen Nauen 1983. Chi-rho med alfa og omega over innskrift: LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD! Diameter 69 cm, høgde 65 cm.

c) Klokke i klokkestøpulen på den nye kyrkjegarden. Klokka er merkt Olsen Nauen 1904.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgel frå Olsen og Jørgensen, 1913 med pneumatisk overføring og 4 stemmer på eit manual og anhengspedal.[17] Disposisjon: Principal 8’, Gamba 8’, Gedeckt 8’, Fløite 4’.

Orgelfronten er tredelt med vimperg sentralt over boga pipefelt og flate, låge sidetårn. Dei tre delene er skilde med flate pilastrar toppa med enkle fialar.

Piano, Schimmel

Nummertavler

To nummertavler med ramme. Ramma har profilerte sidestykke og boga understykke. Det rektangulære overstykket er forma som ein baldakin med tunger med duskar mellom. Øvst ei smal dekklist. Tavla har stiftar til feste for siffer. Kvit tavle, lyst gulbrun ramme med gull staffasje.

Offerkar

Fattibøsse med innskrift: Til de Fattige.

Skrin av tre med jarnbeslag og slisse til myntar i loket. Loket er 32,7 x 20,3 cm, høgda er 14 cm.

Offeret i dag vert lagt i ei lagga treskål.

Blomstervasar

To blomstervasar av sølv med traktforma hals, runda korpus med avtrappa overside og låg, utsvinga fot. På foten innskrift med versalar: Brynhild Tveit-Notsund til minne 1966. Stempel: 830 S, Lo NR. 63. Høgde 26,6 cm, diameter fot: 11,3 cm.

Diverse

Blikklykt.

Inventar andre stader

[…]

Bendixen: Likeledes er til Bergens Museum innsendt fra kirken et krusifiks som nu ikke kan identifiseres.

Kyrkjegard

Kyrkjegard og ny gravstad

Kyrkjegarden ligg i terrenget i hovudsak på nordsida av kyrkja i hallinga ned mot vegen der det fylt på jord mot ein bakkemur. Vidare strekkjer kyrkjegarden seg eit stykke austetter frå kyrka. Inngangsportane, ein til tilkomsveg og ein til bårehuset, står begge i muren mot vest. Muren strekkjer seg kring heile kyrkjegarden.

[…] Ny gravstad er anlagt på nedsida av vegen, eit stykke lengre aust. Gravstaden har mur opp mot vegen, elles har han gjerde av fire liggjande bord festa til stolpar. Inngangen er frå vegen i sørvestre hjørne der muren knekker inn mot ein smijarnsport. Ein liten klokkestøpul er oppført i søraustre hjørne av gravplassen. Støpulen er oppført av to skråstilte stolpepar som går opp i eit møne og øvre del er dekt av eit spist, hellekledd saltak. Klokke frå 1903 er hengt opp i støpulen.

Bygning knytt til kyrkjegarden

Vest for kyrkja er det oppført eit bårehus […] med toalett og reiskapsbu. Huset er av bindingsverk på støypt såle, kledd utvendes med liggjande panel og dekt med saltak med ruteheller. Det har dør mot aust, to dører mot sør og to vindauge mot nord.

Kjelder

Utrykte kjelder<br\> Synfaring 1661-65, Riksarkivet, Rentekammeret, Rekneskapar, A.d. Bergens Stift 46, Sogn<br\> Synfaring 1686, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3, Sogn<br\> Synfaring 1709, Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordna avdeling, pk. 3, Sogn<br\> Synfaring 1721, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, nr 1719, legg 3, Sogn<br\> Bendixens manus, Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift i Antikvarisk Arkiv, Riksantikvaren<br\> Rekneskapar og inventarlister, Statsarkivet i Bergen, Kirkestolebok 1667-1722, l.nr. 66<br\>

Trykte kjelder<br\> Hauglid, R., Norske stavkirker : Bygningshistorisk bakgrunn og utvikling, Oslo 1976<br\> Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328- 1992, Førdesfjorden 1993<br\>

Oppmålingsteikningar og fotografi<br\> G. Bull, oppmålingsteikning av Rinde stavkyrkje, Antikvarisk Arkiv, Riksantikvaren<br\>



  1. Bendixens manus og Bulls teikning
  2. Synfaring 1686
  3. Synfaring 1709
  4. Synfaring 1721
  5. Bulls teikning
  6. Bendixens manus og Bulls teikning
  7. Hauglid s 238 og fig. 196
  8. Bulls teikning
  9. Bendixens manus
  10. Bendixens manus
  11. Hauglid 1976 s 396
  12. Bendixens manus etter Dietrichson
  13. Synfaring 1686
  14. Bendixen etter G.P. Blom
  15. Bendixen etter Dahls opptegnelser
  16. Bendixens manus
  17. Kolnes 1993 s 374