Erdal kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Erdal kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneAskøy kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.439059,5.228016
FellesrådAskøy kirkelige fellesråd
Kirke-id124700601
Soknekatalognr11030602
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kyrkjegarden på Erdal på austsida av Askøy mellom Kleppestø og Ask vart anlagt i 1954. Kyrkja vart oppført ved kyrkjegarden og vigsla i 1995. Ho er oppført som eit første byggjesteg og ei førebels løysing. Det oppførte bygget er tenkt som kontorbygg og kyrkjelydssal, medan det er prosjektert eit større kyrkjehus sør for den oppførte bygningen.

Kyrkja er teikna av arkitekt Grete Sætveit.

Bygningen

Kyrkja har støypt sokkeletasje og hovudetasje i bindingsverk under saltak. Orienteringa er tilnærma nord-sør med altaret i nord. Grunnforma er rektangulær, men søndre del av bygningen er smalare enn hovuddelen. Vestveggen er sams. Her er inngang med garderobe i sokkeldelen og trapp opp til ein søndre tilleggsdel av kyrkjerommet. Hoveddelen har kontor, kjøkken, bårerom og ulike utrom i sokkeletasjen og sjølve kyrkjerommet i hovudetasjen. Kyrkjerommet med tilleggsrommet i sør rommar omlag 170 personar. Ekstra stolar kan setjast inn.

Muren i sokkeletasjen er utvendes kledd med raud teglstein på dei tre synlege sidene mot nord, aust og sør. Mot vest er bakkenivået lagt opp til hovudetasjen med direkte inngang sør i kyrkjerommet. Austveggen er broten i forhold til den rektangulære grunnforma. Hjørnet mot det smalare tilbygget i sør er knekt og nord for dette er det i hovudetasjen lagt ut eit karnapp med grunnplan som ein ulikesida trekant der den kortaste sida er mot sør. Hovudetasjen er utvendes kledd med liggjande, kvitmåla panel. Innvendes i kyrkja har veggene brystning av ståande umåla panel under plater med grønmåla strukturtapet.

Inngangen nede på austsida og oppe på vestsida har fløydører av teak med fyllingar i ramme. Dørene elles er fyllingsdører av furu, faldedører mellom kyrkjerom og tilleggsrom har glas i dei øvre fyllingane.

Kyrkjerommet har høge, smale, rektangulære vindauge på austsida, noko mindre på vestsida. Vindauga er delte i to ved losholt. På den lengste sida i karnappet er det lagt inn eit større vindauge mot byfjorden i nordaust med 4 x 4 kvadratiske ruter. Nordveggen har to vindaugsspalter i full høgd på kvar side av altaret og to trekantdekte vindauge utafor desse.

Kyrkja har støypte golv med teglraude klinkerfliser.

Taka i bygningen er sperretak som utvendes er kledde med svarte panner, innvendes har dei panelt, umåla himling som følgjer sperrene.

Søraust for kyrkja står klokkestopelen som er konstruert av fire skråstilte limtredragarar på kvadratisk betongsole. Klokkehuset er markert ved ståande spileverk mellom dragarane. Kvitmåla.

Interiør

Kyrkjerommet har salform med altar på podium ved gavlveggen i nord. Døypefonten er plassert i midtaksen framfor altarringen, preikestolen på golvet aust for altaret og orgelet på podium i det søraustre, avfasa hjørnet. Det smalare tilleggsrommet i sør kan skiljast frå ved faldedører. Stolar er plasserte i to hovudfelt med midtgang i sentralaksen i rommet.

Fargar

Interiøret er prega av umåla treverk i himling, brystning og inventarstykke, grøne veggplater og raude golvfliser. Beige løpar i midtgangen.

Inventar

Altar

Steinplate på fot av tre. Plata er grovhoggen på sidene og polert på oppsida. Fotstykket er forma som to bukkar og med tre ståande bord sentralt på framsida. H. 90 cm, br. 171 cm, dj. 71 cm.

På veggen bak altaret heng ein skulptur i bronse med ilagt glas, signert Arne Mæland. Aksmotiv med lys. På kvar side av altaret, på podiet mellom altarring og lysspalter, er det murt opp steinparti av naturstein i sement. Til steinane er det festa lyshaldarar i bronse for telys og på austsida er det lagt inn rennande vatn over steinane.

Altarring

Altarpodiet går på sidene ut til dei trekantavdekka vindaugo og har brotne hjørne mot sør. Altarringen føl kanten på podiet, med opning framme og ved veggen. Stoppa og skinntrekt pute langs podiekanten, flat handlist på rekkverk av doble bord i endane og i hjørna. Lakka furu.

Døypefont

Doble, krosstilte, lakka furuplater med ytre konturering.

Preikestol

Preikestol av lakka furu. Flate hjørnestolpar bundne saman oppe og nede med bord. I fronten tre ståande midtbord som ber skrått lesebrett.

Møblar

Bøkestolar av jær-type med sete av fletta salgjordsband. Hylle for salmebok bak under setet.

Orgel

Elektronisk orgel, Viscount, med 39 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Eikefinert kasse.

Rituelle kar

Kalk, plett, innvendes gylt. Halvrund kupa med forsterka kant og lite nebb. Kort skaft som avbrote av rifla nodus med ring går over i glatt, utsvinga fot avslutta med vulst. Stpl: tårn, TH. MARTHINSEN, N i kvadrat. H. 18,2 cm, d. 13,4 cm.

Særkalkar. 75 stk. Plett, innvendes gylte. Flat kupa, flat nodus med band, utsvinga fot med latinsk kross. Stpl: GP, tårn.

Disk. Plett, gylt. Svakt runda rand, flat botn. Stpl: tårn, TH. MARTHINSEN, N i kvadrat. D. 16,8 cm, rand 2.8 cm.

Oblatøskje. Plett, innvendes gylt. Sylinderforma, svakt, krumma lok med inngravert latinsk kross. Stpl: tårn, TH.MARTHINSEN, N i kvadrat, 8.

Vinkanne. Plett? Glatt pæreforma korpus som oppe går ut i hellekant. Vulstforma fot, S-forma hank. Inngravert latinsk kross på korpus. Stpl: tårn, N i kvadrat, TH.MARTHINSEN. H. 26 cm, d. 19 cm.

Dåpsfat. Bronse. Brei rand, djup, runda skål med liten, flat botn. Due støypt inn i overgangen mellom rand og skål. Signert A. Mæland. D. 46 cm, rand 9,5 cm, h. 9,5 cm.

Parament

Altarduk/klede, signert Bente Haugland 1995. Grov, kypertvevd linduk på tvers av altarplata. Duken er kanta med gullsnor og har grønt fôr. Aplikert motiv framme: brød, fiskar og aks over bøljeform. Preikestolsklede, Bente Haugland 1995. Materiale og motiv som altarduk.

Lysstell

Altarstakar. Bronse. Forma som firkanta søyler med pyramideforma base toppa av plate, og med terningforma kapitél. Aksmotiv framme og bak på søyla. Form: A. Mæland. H. 29 cm, br. 13 cm.

Lysestakar. Bronse. Skålforma med pigg på krossforma fot. H. 8,5 cm, d. 14,5 cm. Gravert: EN GAVE TIL ERDAL KIRKE FRA MARIE OG INGEBRIGT STRØMSNES.

Lampettar. På langveggene fire og på fondveggen to større bronselampettar for telys, A. Mæland. Lampettane er forma med akset som motiv.

Lysekroner. I taket lyspærer i massinghaldarar som heng i ledningar feste til sirkelrunde massingplater. Ledningane er hengde opp i himlinga på sida av massingplata. Lyspærene er omgjevne av lett brunfarga glaskuler. I midtaksen formar dei to kroner med sju kuler i kvar, over benkene fire lampar på kvar side med tre pærer i kvar lampe.

Punktlys mot altar, steinvegg, orgel.

Klokke

Nauen, Tønsberg. Fabrikknamnet mellom to riller øvst på halsen. Innskrift på korpus på ei side: ERDAL GRAVPLASS 1954, og på den andre: TONA OM FRELSA, KALLA OG HELSA. D. 65 cm, h. 60 cm.

Bøker

I tillegg til dei vanlege bøkene har kyrkja Olavsbibelen, Oslo 1991.

Blomstervase

Bronse. Sylinderforma med aksmotiv. H. 17,5, d. 14,5. Gravert: EN GAVE TIL ERDAL KIRKE FRA MARIE OG INGEBRIGT STRØMSNES.

Diverse

Salmenummer. Svarte siffer direkte på veggen.

Tekstile bilete. På vestveggen heng to applikasjonsarbeid i glas og ramme, begge signerte Bente Haugland 1995. a) Tekst og motiv: Han fører meg til vann der jeg finner hvile. b) Min hjelp kommer fra Herren. På sørveggen heng eit applikert triptyk signert AR 84 (Ann Rasmussen) med framstilling av kyrkjeåret i sirkelform og innskrift frå Johannesprologen på sidene.

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg i vest for kyrkja fremst i Sprengsdalen. Han har fire felt. Det nordvestre feltet er det eldste frå 1954. Den første utvidinga i 1980 omfatta feltet sør for dette. Fyllmasse frå den utsprengde kyrkjetomten vart brukt i grunnen under dei to felta i aust som vart vigsla i 1995.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)