Eksingedalen kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Eksingedalen kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVaksdal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.784663,5.959118
FellesrådVaksdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125100201
Soknekatalognr10060601
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Det budde folk på alle kjende gardar i Eksingedalen i tidleg mellomalder, men mange av gardane vart liggjande aude etter svartedauden før folketalet igjen tok seg opp att utetter på 1600-talet. Dei som tidlegare har skrive om kyrkjebygg i Eksingedalen, reknar ikkje med at det har vore kyrkje her før det kapellet som vart oppført på garden Flatekvål i etterreformatorisk tid, og som vart ståande til 1882 då ei ny steinkyrkje var under oppføring like ved kapellet.

I lang tid var det berre ei gudsteneste i året i Eksingedalen, det var på St Svittunsok eller Syftesok 2. juli. Folk frå nedre Eksingedalen laut elles søka over fjellet til Mo sokn, medan folk frå øvre Eksingedalen sokna til Evanger. Frå Eikemogardane og sørafor sokna folk til Stamnes kyrkje.

I samband med at Mo skulle byggja ny kyrkje kring 1880, oppsto ynskje om å få Eksingedalen lausrive frå Mo som eit eige sokn, og få fleire gudstenester i året i ei eiga kyrkje. Lausrivinga vart vedteken ved kgl. res. av 13. nov. 1880 og galt frå 1. januar 1881.[1] Det gamle kapellet stod fram til 1882 då det vart rive og sett opp att som stove på garden Binningsbø i øvre Eksingedalen.

Den murkyrkja som står på Flatekvål i dag, Eksingedalen kyrkje, vart fullført i 1883. Då det var klart at det skulle byggjast ny kyrkje i Eksingedalen, tok gardbrukarar kontakta med arkitekt Eckhoff i Stavanger som la fram fleire ulike teikningar.[2] Arkitekt Nordan (departementets konsulent) gjekk gjennom teikningsmaterialet i 1880 og kom med tilråding til forenklingar og betre takkonstruksjon, men også dette vert endra.[3] Kyrkja vart vigsla 12.juni 1883.[4] Den nye kyrkja vart soknekyrkje for det nyoppnemnde soknet og vart heitande Eksingedalen kyrkje.

Flatekvål kapell

Trass i at det finst mellomalderutstyr frå Eksingedalen, tilliks med tradisjonar som peikar på eit mellomaldersk gudstenesteliv her, meiner både Litleskare og andre forfattarar at det ikkje kan ha stått noko kyrkje her så tidleg. Litleskare peikar på ”Krossen” som ein mogeleg messestad, og plasserer denne i nedre Eksingedalen som ”var godt folka i mellomalderen”.[5]

Det som finst av førreformatorisk utstyr herifrå er eit seinmellomaldersk altarskåp, ein kalk og disk i tinn og ei lita lysekrone i tre. Dette er alt på Bergen Museum.

Når det gjeld tradisjonar, var Syftesok eller St Svithuns-messe ikkje berre ein fast gudstenestedag, men ein stor marknadsdag, slik ein også kjenner til at det har vore ved St Thomas-kyrkja på Filefjell og ved stavkyrkja i Røldal. Dette er ein tradisjon som tykkjest ha mellomalderske røter, og Litleskare knyter også denne tradisjonen til den nemnde ”Krossen”.[6]

Ein gong etter reformasjonen vart det oppført eit lite, nærast kvadratisk tømmerkapell med mindre kyrkjegard søraust for den noverande kyrkja.[7] Kapellet hadde namn etter garden Flatekvål, der det stod. Andreas Christie har skrive ned ei segn om reising av dette kapellet.[8] Segna knyter seg til andre vandresegner om kyrkjematerial som er lagt opp på ein stad, men som på uforklarleg vis flyttar seg over natta. I dette tilfelle skulle kapellet ha vore bygd på ’kyrkjesteinen’ på garden Lavik noko lengre aust i dalen. Kyrkjesteinen er ein karakteristisk, nærast sylinderforma stein eller eit lite berg med omkrins på vel 50 m og med om lag 5 meters høgde.

Det er noko usikkert når kapellet vart oppført, men litteraturen viser til ulike årstal, t.d. 1627 og 1652 som finst på ulike bevarte bygningselement. Tufti etter kapellet stod framleis då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900, og denne var 6,7 m lang og 6,3 m brei.[9] Bendixen tenkjer seg, trass i årstala, at kapellet må ha vorte bygt etter 1722, etter som det ikkje er med i kyrkjerekneskapane.[10] Som nemnt i innleiinga ovafor hadde innbyggjarane ei anna soknetilknytting, og dei søkte soknekyrkjene for vanlege tenester gjennom året. Opphaldet av kapellet på Flatekvål var såleis ein sjølvpålagt kostnad for bøndene i dalen, og var ikkje rekneskapspliktig.[11] Kapellet har truleg vorte bygt på 1600-talet.

Anders Lavik har fortalt om korleis han hugsar det gamle kapellet.[12] Det var lite, men høgt og med bratt takvinkel og utan himling. Framfor tømmerstammen i vest var eit skot av reisverk med bratt trapp på sørsida opp til ”ytste lemmen” som gjekk både over skotet og vestdelen av kyrkja med klokkene lengst vest. Det var også eit smalt galleri i nord og eit tverrgalleri over altaret i aust, ”inste lemmen”. Alle galleria hadde brysvern med utsveifa fjøler. Utvendes var kapellet kledd med breie bord festa med trenaglar og tjørebredde. Benkane hadde rette, høge vangar som var nedfelte i høge benkestokkar ved midtgangen. Golvet i koret låg to steg høgare enn golvet i skipet og skiljet mellom dei to var markert med to stolpar og ”ein vegg i høgde med stolryggjer”. Altarringen var liten og firkanta og gav plass til sju personar. Altarskåpet frå mellomalderen var festa til veggen. Preikestolen var smal og høg, dåpsfatet (sjå nedafor under Rituelle kar) stod ved kordøri.

Kyrkja frå 1881-83

Bygningen

Kyrkja har rektangulær grunnplan der skip og kor er like breie og høge. Framfor vestinngangen er det eit mura tårn med kvadratisk grunnplan. Kyrkja har hatt eit mindre sakristi i aust frå først av, men dette vart erstatta med eit større austtilbygg i 1984 etter teikningar av Sigmund Lid, Vaksdal kommune.

Etter Bendixen sine mål er kyrkja 13,40 m lang og 9,30 m brei utvendes. Tårnbygget er 4,30 m breitt nede og 3,40 m langt.[13]

Murar

Murane i den opphavlege kyrkja er oppførte av gråstein i sement. Det var Anders Lavik som var leiar for murearbeida.[14] Ved døra aust i koret er han 100 cm tjukk. Muren er glattpussa og kalka både utvendes og innvendes.

Dører

Ei eldre dør frå den første kyrkja, står i tårnfoten. Døra er sett saman av to breie plankar og overkanten har flat boge. Plankane er samla på den eine dørsida med to labankar som er skorne inn i plankane og festa med jarnnaglane. Labankane har profilar med holkil og geissfuss. I utkanten av den eine dørplanken er utsparing for lås. På den andre sida av døra finst ei mengd innskorne namn, både gute- og jentenamn, forkorta og skrivne heilt ut. Om lag midt på døra står ANNO 1677. Døra vart sett inn i våpenhuset i 1925.[15] Døra er 187 cm høg og 109 cm brei.

Opphavlege dører finst aust i koret bak altaret, vest i skipet og mellom orgelgangen og tårnet. Døra i aust er ei dør med fire fyllingar med flat fris og spegel og grunn fas på rammene inn mot frisa. Dei øvste fyllingane er høgre enn dei nedste. Døra vest i skipet er ei smal fløydør med same preg, men med to fyllingar i kvart dørblad, den høgste øvst. Mellom orgelgalleri og orgelgang er det også fløydør, her med fire fyllingar i kvart dørblad, dei øvste høgst. Døra vest i tårnet er nyare, men står i den opphavlege opninga.

Muren har uvanlege opningar for dørene. I aust er det ei rektangulær opning med runda kant inn mot dørkarmen som står i vestre murliv. Gjennomskjeringa er rettvinkla og overkant i austre murliv er også rett. Men her har sidene fått ei særleg utforming i det det er skore ein 46 cm brei fas inn i hjørnet på kvar side. I overkant er fasane boga ut mot hjørnet som er rettvinkla dei øvste 3,5 cm-ane, nede er fasen skrådd ut mot rettvinkla hjørne om lag 3 cm frå golvet. Opninga får såleis eit bogepreg sett frå austsida. Vestinngangen i skipet har tilsvarande utforming innvendes, men fasen er avslutta lengre nede. Døra mellom galleri og orgelgang har opninga med fas mot vest. Inngangen vest i tårnet har tilsvarande utforming utvendes, men her går fasen over døra i ein regulær rundboge.

Tilbygget i aust har fløydør til bårerom på sørsida og tre enkle, nyare dører, ei aust i hovudrommet, frå gangen til toalett og frå gangen til kyrkjegarden. Det er rampe opp til denne inngangen.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er markert ved at golvet i koret ligg eitt steg høgre i koret enn i skipet, og at det på kvar side av midtgangen er eit brystvern med parstilte balustrar på sokkel dekte av høg handlist. Ved midtgangen er brystverna lagde opp i enkle, firkanta meklarar. Preikestolen står i korskiljet på sørsida.

Vindauge

Kyrkja har tre rundboga vindauge i kvar av langmurane. I tårnet er det tilsvarande vindauge i første og andre høgda på sørsida, i andre høgda på nordsida. På vestsida er ein rundboga nisje med tilsvarande utforming. Mot aust har tårnet ei rektangulær opning med bogeforma lysopning.

Vindauga står om lag midt i murlivet i ei rettsida opning. Utvendes og innvendes er sålbenken skrådd og smigene er skrådde og går opp i rundboge utafor den rettsida opninga.. Utvendes er vindauga innramma med glattare puss enn muren elles.

Vindauga er kopla og har ei indre og ei ytre ramme, begge inndelte ved sprosser i to x tre ruter, den halvsirkelforma øvre avsluttinga er delt i tre like segment. Vindauga i andre høgda i tårnet har to x to ruter. Kyrkja fekk nye vindauge i 1960.[16]

I vestveggen i skipet er det ei rektangulær opning i muren mellom tårn og skip. Tidlegare låg himlingen i overkant av denne opninga, no ligg han midt på. (Sjå nedafor under Himling.) Opninga var tidlegare stengt med enkel dør av tre i murlivet inn mot skipet. Døra er no delt i to. Den øvre delen opnar inn mot loftet over himlinga, den nedre til kyrkjerommet over orgelet. Eit lite vindauge er sett inn i den nedre delen.

Golv og fundament

Fundamentet er i naturstein med sekundært pålagd støyp. På nordsida av kyrkja kan det sjå ut som sokkelskiftet ligg i bakkenivå, men det er ikkje noko synleg sokkelskift over dette nivået.

Golvet i kyrkja er truleg det opphavlege med breie golvbord som følgjer stammeforma. Borda er lagde i jamne skift i lengderetning i tårnfot og skip og i breidderetning i koret. Borda er festa til golvbjelkar med jarnspikar.

Tak

Eit etter måten slakt saltak dekkar kor og skip. Dette saltaket går litt inn på sidene av tårnet. Tilbygget i aust er også dekt av eit saltak.

Taket over kyrkjerommet har ein kraftig ås i form av ein rund stamme i mønet. Åsen går gjennom tårnet i vest og gjennom muren i aust. På den indre murkrona ligg det også åsar eller dragarar som er avslutta utafor muren. På ytre murkrone og på desse åsane kviler sperrer som er samanbundne med hanebjelkar og ber liggjande bord som underlag for helletak.

Taka er no tekte med ruteheller. Nokre få år etter at kyrkja vart bygd, var ho tekt med spøner. Hjelm og saltak i tårnet er tekte med lappheller.

Himlingar

Kyrkja hadde opphavleg ein høgre tredelt himling med flatt midtfelt og skrå sidefelt i langsgåande staffpanel som var kvitmåla. Denne himlingen er bevart over den noverande, noko defekt.

Dagens himling har same form, men ligg lægre og er opphengd i takverket gjennom den tidlegare himlingen. Han vart oppført i 1960 av Johannes og Magnus Fosse.[17] Himlingen har langsgåande, pløygde bord kledde med papp og måla på undersida. I midtfeltet av himlinga er det festa to stjerner, den eine som festepunkt for lyskrone.

Tårn

Tårnet i vest er samtidig med skip og kor, i alle fall dei tre nedste høgdene. Etter soknerådsprotokollen laut ein då avslutta tårnet på grunn av mangel på stein. Dei tre første høgdene med dører, vindauge og golv er som i kyrkja elles. Dei to nedste er breiare og dekte med pulttak på sidene.

På grunnplan er eit lite våpenhus, ei trapp på nordsida fører opp til orgelgangen i andre høgd. På sørsida strekkjer eit vindauge seg over begge høgder. Frå gallerigangen fører ein fast stige/trapp ved vestmuren opp til ei tredje høgd der det er opning i muren i aust inn til kyrkjerommet og til loftet mellom himlingane (sjå ovafor). Her var det opphavlege klokkerommet med vindauge mot nord og sør og utvendes ein blindboge mot vest. (Denne kan tidlegare ha hatt vindauge.)

Vestportalen i tårnet er sett inn i eit framskote rektangulært felt som har same breidde som øvre del av tårnet og som når opp til utspringet for pulttaka og tek opp sålbenken i blindbogen. Over blindbogen er ei lydopning under hjelmen. Mot aust er ei firkanta muropning der det er sett inn eit vindauge med bogeforma lysopning.

Tårnet i tre høgder var dekt med ein åttekanta hjelm. I overkant av tredje høgd går to kraftige stammar gjennom murane i aust og vest. Den eine av desse er framhald av mønsåsen i kyrkjerommet. Dei fungerer no som støtte for klokkestolen i fjerde høgd, men ber spor av ein tidlegare situasjon der klokkene har hengt under stammane.

I samband med at kyrkjegardsmuren vart vekkteken på 1920-talet, fekk kyrkja tilgjengeleg stein til å byggja tårnet høgre. Ein bratt stige/trapp fører no frå tredje høgda opp til det vesle, sekundære klokkerommet som er ope opp mot pyramideforma hjelm med kort skjørt. Edv. Bruvik i Vaksdal utførte arbeidet med tårnet, og det var ferdigstilt i 1928.[18] Johs. Flatekvål fekk same året betalt for forgylling av kula, krossen og sjølve spiret, og for måling kring tårnet og lukene i tårngluggen.[19] Murverket her er råare enn i den opphavlege delen av tårnet. Det er lydopningar mot aust og vest, desse er ikkje overmura, men dekte av treverket i hjelmkonstruksjonen. Fundamentet for hjelmen kviler på murkrona og hjelmen har fire hjørnesperrer og to mellomsperrer mot nord, vest og sør og ei mot aust. Sperrene ber liggjande bord som underlag for heller.

Tilbygg

I aust er det som nemt eit tilbygg frå 1984, teikna av Sigmund Lid. Før tilbygget vart reist var det i følgje soknerådsprotokollen lenge planlagt å utvida det originale sakristiet utan at planane vart gjennomførte. Til dømes vart det på møte 23. april i 1955 vedteke å vøla det gamle sakristiet i staden for å byggja nytt. Det vart likevel til at ein bygde eit nytt. Tilbygget omfattar møterom lengst vest, bårerom i søraust og toalett i nordaust med ein sentral gang med utgang i aust. Eit presterom (sakristi) på nordsida kan delast frå møterommet med faldedør.

Bygget er i reisverk, kledd utvendes med liggjande glattkanta panel og innvendes med ståande panel. Fundamentet er støypt og golva er dekte med vinyl. Eit vindauge i nord og eit i sør i møterommet har to x to kvadratiske ruter av dobbelt termoglas. Bårerommet har fløydør mot sør, elles nye, enkle dører. Taket er ikkje undersøkt, men er som nemnt eit saltak med helletak. Himlinga er av panel.

Interiør

Kyrkjerommet har altar med altartavle og altarring sentralt framfor austmuren. Preikestolen har oppgang sør i koret og kviler på korskiljebrystvernet som markerer skiljet mellom kor og skip i det rektangulære rommet. På kvar side av midtgangen er det benker frå korskiljet bak til vestmuren. Over vestinngangen står eit tverrgalleri for orgel.

Fargar

Murar og vindaugsrammer er kvitmåla innvendes og med dei høge veggene vert dette den dominerande fargen. Golvet er lyst gråmåla, himlingen lys turkisblå. Altar, preikestol, benker og korskilje har i tillegg innslag av ein raudbrun farge. Løparen i midtgangen er av lys beige bouclé.

Lys og varme

Kyrkja er oppvarma med elektrisitet ved hjelp av røyromnar under benkene. Så seint som i 1960 meiner soknerådet at ein må venta med å installera elektrisk oppvarming av kyrkja ”til det vert sikrare kraft å få”.[20] Kyrkja vart verande utan straum heilt fram til 1974 då Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap bygde ut Eksingedalsvassdraget. I samband med installeringa gav kraftselskapet elektrisk lysekrone og lampettar til kyrkja, desse vart sette opp hausten 1975.[21] I søraustre hjørnet står det att ei loddpipe.

Inventar

Dei lokale drivkreftene bak reisinga av kyrkja laga også for mykje av inventaret, Knud Fladekvaal Ola Næse og ikkje minst Anders Lavik laga det meste av det som trongst.

Altar

Altaret har ei ytre ramme med fasa materialkantar, til denne er det festa ståande bord til innsida. Bordplata er av tverrlagde bord og har runda kantar. Altaret er sekundert måla brunraudt med mursteinmønster. Høgde 98/121, breidde 181, djupn 55.

Altartavle

Kyrkja har ei altartavle med spissboga biletfelt flankert av to smale pilastrar mot flat bakgrunn. I overkant vert pilastrane brotne av nedre del av ein vimperg som er avsluta oppe med eit liljeforma ornament. Under vimpergtoppen er det på flata sett inn ornament i form av to symetrisk skorne ranker, eit rosevindauge og tre trekløverar. Tavla er skoren av Anders Lavik.

I biletfeltet stod frå først av ein kross. Dette er det gjort framlegg om på ein av Eckhoff sine teikninar, og den krossen som heng på austmuren over altartavla har tidlegare stått i tavla. Biletfeltet har no eit måleri med olje på lerret av Jesus som den gode hyrden. Måleriet er signert A. Gundrosen og er laga i 1960.[22]

Altarring

Altarringen er oval og avslutta ved altarets bakre hjørne som på Eckhoffs teikningar. Handlista er runda og har indre hylle for særkalkaar, balustraden har parstilte balustrar. Knefallet er skrådd over rett vegg. Knefall og handlist er trekte med skinn. Port i sør. Grå, kvit og raudbrun.

Døypefont

Lokalt snekkararbeid (sjå ovafor). Fonten har liten kum for skåla i dåpsfatet, høgt og smalt åttekanta skaft og ein brei og høg utskrådd fot med pålagde, profilerte band som nede svingar ut og ned mot golvet.

Preikestol med oppgang

Lokalt snekkarverk. Preikestol med fem fag i tillegg til sørveggen som utgjer den eine sida. Felta er flate på baksida, medan dei frame har di fylling i storfelt og øvre og nedre smalfelt. Stolen hara flat botn og kviler på korskiljebrystvernet og på oppgangsvangen.

Oppgangen er ved sørmuren i koret i form av ei kort trapp. Vangen har ein panelt vegg i høgd med korskiljebrystvernet. Frå enden av vangen til øvre kant av preikestolens næraste storfelt er det sett inn ei handlist til støtte. Stolen er i hovudsak kvit, På feltet under lesebrettet er måla: Land! Land! Land! Hør Herrens Ord. Jer 27.29.

Benker og faste stolar

Lokalt snekkarverk (sjå ovafor). Benkene har skrådde, sveifa vangar, salmebokhylle, smalt ryggbrett og benkefjøler. Vangar og salmebokhyller er raudbrune, ryggbrett og seter lyst grå.

Det har vore faste benker i austhjørna i koret (spor i golvet).

Brurestolar frå Krogenes med stoppa sete og rygg trekt med rustraudt mønstra ullstoff.

Stolar på galleriet.

Galleri

Enkelt, kort galleri der galleribjelken, som er innebygd, berre kviler på to enkle galleristolpar og svaiar noko ned. Brystvernet har truleg ny utforming mot aust, medan det har staffpanel på vestsida. Også himlingen under har staffpanel, lyst brun-rosa. Brystvernet er grått og kvitt. Galleriet er under reparasjon. Amfi er demontert. Golvet var under reparasjonen kledd med sponplater.

Måleri og tavler

To portrett i tilbygget, begge er signerte L. Osa oppe i venstre hjørne.

a) Presteportrett. Olje på lerret. På baksida av ramma er svidd inn: Kr 440,-, 1918 og Frå Ljosheimarlaget. Lysmål i ramma: 84 x 66 cm.

b) Klokkarportrett. Olje på lerret. På baksida av ramma er svidd inn: Kr 440,-, 1921 og Frå Ljosheimarlaget. Lysmål i ramma: 84 x 66 cm.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga lesarar.

Parament

Altarduk

Kyrkja har tre altardukar.

a) Smalstripa bomullsdreiel med påsydd blonde på tre sider. Ikkje i bruk.

b) Panamavove bomullsstoff med hardangersaum i moullinegarn. Tunga, 19 cm brei bord på tre sider med vekselvis kalkar og krossar.

c) Som førre.

Messehakel

Messehakelen skjoldforma i tjukt, lyst, vinraudt fløyelsstoff kanta med gullband og med kross både på forsida og på ryggsida av doble gullband. Det vart sett i gang innsamling til messehakel i soknet i 1961.[23] Fôr av lysare raud silkesateng. Kortare forside. Breidde ved skulder: 54, høgde ryggside: 103 cm.

Messeskjorter

Det er oppbevart ei messeskjorte i kyrkja.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Klokka vart laga av metallstøypar F. Ingebrigtsen i Bergen til den nye kyrkja i 1881. Han fekk dei to gamle klokkene i kapellet som litt av betalinga, men dei var mindre, den eine ca 10 cm i diameter (ho ”var ’kje større enn ei skikkeleg kubjølla”),[24] den andre ca 25 cm, og det må ha vore andre klokker som har lege til grunn for den nye klokka.[25]

Kontrakten som metallstøyparen førte i pennen omtalar ei klokke som skulle verta 280-300 merker tung og ha ein diameter på 25 tommar. Ingebriktsen skriv at dersom kyrkja vil gje han dei to gamle klokkene, ville den nye klokka få ein diameter på 27 tommar og bli 50-60 merker meir.[26]

Klokka som heng i kyrkja i dag ser ut til å vera skøytt på midten. Både den øvre og den nedre delen har mellomalderform. Krona har seks runda bøylar og midtboge, runda hue, smal hals og utvida korpus som svingar ut mot nedbøygd slagring under to riller. Undersida av slagringen er oppskrådd innetter. Diameter 62,5 cm, høgde 56/66 cm.

Orgel

a) Harmonium frå A/S HENRIK EIDE – BERGEN. Instrumentet står i koret og vart bestilt i 1955.[27]

b) Orgel frå NORSK ORGEL-HARMONIUMFABRIKK, byggeår 1986, nr. 442. Orgelet har ein enkel fasade der dei ulike delane er markerte med listverk. Brystverket har metallpiper og sidetårna trepiper i opningane. Instrumentet har sju stemmer fordelte på eitt manual og pedal.[28]

Bøker

Bibel, Kjøbenhavn 1738, skinnband på tre, to hemper med massingbeslag.

Ein liten skinninnbunden bibel (oktav), defekt.

Tekstbok, Kra 1887. Innskrift: Flatekvals kirke.

Alterbok, Kra 1889, Innskrift: Flatekvals kyrkje.

Brochmands Huus-Postill, København 1760. Skinnband på treplate. Innskrift: Fladekval Kirke Tilhørende 1831.[29]

Ein liten (oktav) postil, tidlegare i privat eige skinnband med hempe, defekt.

Koralbok til Landstads salmebok, Chra 1878.

Forhandlingsprotokoll for Eksingedalen sokneråd 1922 – 1961.

Offerutstyr

a) Klingpung. Ein eldre klingpung er bevart. Han er festa til ein 115 cm lang stokk med kanta snitt og eit noko vidare handtak. Pungen har ring med jarn som er feste til sidene av enden på stokken. Sjølve pungen er truleg ei dåpshue med eit anna stoff festa i opninga framme på hua. Hua har kyseform med to sidestykke og eit mellomstykke. Hovudstoffet formar små, diagonale boblar og er truleg i gulkvit bomull. Fôret er eit stripa dreiels bomullsstoff med trykte prikkar i grupper på fire. Ut mot ein grøn kvaring er det festa ei stripe med grovare lerretsstoff. Stoffet som er sett til i opninga er eit lerretsstoff med trykt bladmønster. Dette er også festa inn på klinga og sekundært surra med tråd. Bjølla er uvanleg stor, og kan vera ei gjenbrukt handklokke eller tintinabula. Høgde 5,5 cm, diameter 7 cm.

b) Lagga skål til offer på altaret. Skåla er sylinderforma med innsett botn. Diverse innskrifter og symbol er brende inn på utsida, mellom anna Flatekvål Kyrkja 1983. Skåla er gjeven av Maria Fjellanger.

Blomstervasar

To standard vasar av tinn med innskrift på korpus: EKSINGEDALEN KYRKJA 1971. Merkt K.L. TINN under botnen. Høgde 21 cm.

Diverse

Det er bevart tre sponøskjer og eit skrin i kyrkja. På Vaksdal kyrkjekontor er oppbevart ei lita og ei større kiste frå Flatekvål kapell.

Skrin

Skrin av tre med bokseforma korpus og høgre sidedelar med runda avslutting i overkant. Den eine sidedelen er gjennomskoren og formar hank i øvre del. Han går i spor og kan trekkast opp for å opna skrinet.

Lita kiste

Kiste med sinkelafta hjørne og hengsla lok. Botnen er spikra til sidestykka. Kista har nøkkelbeslag og lås i front, men låsfestet i loket er vekke og erstatta med krok av spikar. Handtak av jarn på loket. Til dette og til ringar feste til baksida av botnen er det festa eit dobbelt tau slik at kista kan berast som ein ryggsekk. Kan vera ein av dei to ”ryggbyttene” til bering av tjøre som er nemnt i nokre kjelder. Loket har to ulike, enkle profilar, ein i framkant og ein i bakkant. Høgde 28 cm, djupn 24 cm, breidde 49,5 cm.

Større kiste

Kiste med lett boga lok og boga sidestykke under loket. Både sider, lok og botn er av heile trestykke. Sidestykka er felte inn i fram- og bakstykke og sikra med trenaglar. Botnen er sikra med trenaglar gjennom fram og bakstykket og til sidestykka nedafrå. Loket er festa til ryggen med to smijarnshengsler som går i ringar feste på utsida av baksida. Lås med utvendig nøkkelbeslag i framsida og låsfeste i loket. På høgre sida i kista er ein djup leddik. På undersida av loket er årstalet 1817 skore inn. Etter fram- og bakkant på loket er trekt ein profil (smal holrenne med snitt på kvar side). Heile kista er dekorert med eit innrissa mønster med diagonalt rutenett. Høgde 34,4 cm, djupn 39,5 cm, breidde 89,8 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkja og gravplassen er no omgjeven dels av nettinggjerde, dels av bøkehekk. Alle gravene ligg på sørsida av kyrkja. På 1920-talet var det på tale å utvida kyrkjegarden med om lag tre meter mot vest og tre meter mot aust.[30] Etter utvidinga vart det sett opp nettinggjerde rundt kyrkjegarden medan det tidlegare hadde vore steingard i alle fall i nord og sør. 26. juni 1926 sende Johan Flatekvål og Jakob Haugen rekning til Eksingedalens soknekasse for oppsetjing av ny kyrkjegard paa Flatekvål.[31] I 1926 skulle steinen frå kyrkjegardsmuren køyrast vekk, og i samband med det vert det påpeikt at det må liggja att stein til grunnmur for eit nytt sakristi og til ein tilsvarande benk som den som er mura opp ved nordvestsida av kyrkja. Året etter kjem det framlegg om også å nytta stein til å gjera tårnet høgre.[32] Den 15. august 1948 ”vart dei to stykki som er lagde til Kyrkjegarden på austre og vestre sida, vigsla ved prost E. Holm”.[33] Kring 1960 vart alle gravkarmar fjerna, marknivået jamna og graver i rette liner vart gjennomført.[34]

Gravminne og minnesmerke

I tårnet er oppbevart eit gravminne frå 1800-talet i tre forma som ein kross med kløverbladarmar og med plate nede på nedre krossarm. Gravminnet, som er sett over Halvard Johannesen Flatekval og kona Marie Johannessen er måla svart med no gule bokstavar.

Tradisjonen frå området i Voss og Hardanger med gravminne av skiferheller er også representert på denne kyrkjegarden .

Framfor inngangen til kyrkja i vest står eit minnesmerke over Nils A. Lavik (1884 – 1966). Det er forma av ein høg, rettskoren granittstein krona av ein bronsebyste av Lavik signert Ø. Laupsa 1983 på baksida. På framsida av steinen står dei viktigaste data om Lavik som mellom anna var den første stortingsrepresentanten frå Kristeleg Folkeparti (1934 – 1953). Minnesmerket er reist av Kristeleg Folkeparti.

Inne på kyrkjegarden står eit høgt, rektangulært minnesmerke i granitt over Lærar Severin Nikolai Blindheim (1890 – 1925) og kona Ragna Lavik Blindheim (1891 – 1976). Minnesmerket er reist av Noregs Lærarlag.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Ei lita reiskapsbu vart oppført i 1999 etter teikningar av Svein Tøsse. Bua står i sørvestre hjørne, på utsida av kyrkjegarden. Ho er i bindingsverk, utvendes panelt og med saltak med ruteheller. Ei fløydør vender inn mot kyrkjegarden på nordsida av bua.

Kjelder

Utrykte kjelder

  1. Ulike utrykte kjelder oppbevarte i kyrkja og hjå kyrkjeverja i Vaksdal
  2. Opplysningar frå kyrkjeverja

Trykte kjelder

  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904 – 13
  2. Farestveit, O. og Farestveit, Å.: Kyrkje og kristenliv i Modalen og Eksingedalen, Bergen1983
  3. Kolnes, S. J., Norsk orgelregister, Førdesfjorden 1993
  4. Litleskare, J., Mo kyrkja og Eksingedalen kyrkja, Bergen 1933

Oppmålingsteikningar og fotografi

  1. Teikningar av tre ulike alternative kyrkjebygningar av arkitekt Hartvig S. Eckhoff er oppbevarte i kyrkja. Den eine er ei nygotisk trekyrkje som ikkje vart oppført, dei to andre murkyrkjer. Mange av ideane vart gjennomførte i den ståande bygningen.

Bilete




Fotnotar

  1. Litleskare 1933, s. 58
  2. Teikningsmaterialet finst i kyrkja
  3. Brev frå Nordan dagsett Christiania 5 Mai 1880, oppbevart i kyrkja.
  4. Litleskare 1993, s. 119
  5. Litleskare 1933, s. 16
  6. Litleskare 1933, s 92
  7. Litleskare 1933, s. 111 viser kartskisse. Sjå foto.
  8. Litleskare 1933, s. 86 som viser til BM, Manuskriptsamlinga, nr 197
  9. Bendixen 1904-13, s. 637. Bendixen viser til muntlege kjelder for desse opplysningane
  10. Same staden, s. 636
  11. Litleskare 1933, s. 92
  12. Litleskare 1933, s. 97ff
  13. Bendixen, 1904-13, s. 637
  14. Litleskare 1933, s. 116
  15. Soknerådsprotokoll fol 7a
  16. Soknerådsprotokoll fol 91a
  17. Soknerådsprotokoll fol 88b
  18. Soknerådesprotokoll fol 19a og b
  19. Rekining. Diverse arkivmateriale hjå kyrkjeverja, Vaksdal kommune
  20. Soknerådsprotokoll fol 91a
  21. Farestveit 1983, s. 174
  22. Soknerådsprotokoll fol 90a
  23. Soknerådsprotokoll fol 98a
  24. Sitat i Litleskare 1933, s 101
  25. Litleskare 1933, s. 126. Sokneprest Johan Lavik skriv følgjande om klokkene: Den mindste var som ei stor rund bjølla, nede vel ein decimeter i tverrmaal, den største umlag tvo og ein halv decimeter. Dei var støypte av klokkemalm.
  26. Originalkontrakt oppbevart i kyrkja. Ingebrigtsen støypte også ny klokke til Mo kyrkje. Også der tok han dei to gamle i byte.
  27. Soknerådsprotokoll fol 78a
  28. Kolnes 1993
  29. Etter kjelde i kyrkja vart ein Brockmands huspostill innbunden tidleg på 1800-talet
  30. Soknerådsprotokoll fol 8b og fleire stader
  31. Rekning i diverse arkivmateriale på kyrkjeverja sitt kontor, Vaksdal kommune
  32. Soknerådsprotokoll fol 12b og 13b
  33. Soknerådesprotokoll fol 59a
  34. Soknerådsprotokoll fol 92a og b