Dale kyrkje, Luster

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Dale kyrkje, Luster
FylkeSogn og Fjordane fylke
KommuneLuster kommune
ProstiIndre Sogn
BispedømmeBjørgvin bispedømme
FellesrådLuster kyrkjelege fellesråd
Kirke-id142600201
Soknekatalognr07090501
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Soknet er først nemnt i eit brev frå biskop Arne i 1306.[1] Gjennom ei runeinnskrift på sørportalen i skipet ("Sankte nikulaus kirkia") er kyrkja fastsett som dedikert til St. Nikolaus.[2] Kyrkja er no hovudkyrkje i Luster prestegjeld i Bjørgvin.

Alderen til kyrkja er til vanleg rekna til kring 1250, og det vart feira 750-årsjubileum i 2000. Det har vore utført dendrokronologiske prøvar av treverket på kyrkja for koma nærare ei tidfesting. Takverket over skipet vart datert til 1220-29, takverket over koret til 1241.[3] Det vanlege tykkjest vera at koret er eldst, men her ser det ut som om skipet er det eldste.

Det har skjedd mange endringar av kyrkja framover i tid, særleg på 1600-talet, sjå nedafor under tårn, vindauge med meir. Kyrkja vart restaurert under leiing av arkitekt J. Z. Kielland i 1903.[4]

Dale kyrkje ligg ved tettstaden Luster (Dale) i Luster kommune. Ho ligg på ei lett skrånande slette, dels på svaberg, ovafor fjorden og riksvegen. Prestegarden ligg nordaust for kyrkja, også den på oppsida av vegen. Tidlegare paktarbustad på garden er no borte. Vegen inn til kyrkjegarden gjekk før gjennom tunet i prestegarden. Han er no lagt om og det er laga eit parkområde nord for kyrkjegarden.

Bygningen

Dale kyrkje er ei mura kyrkje i soknekyrkjeform med rektangulært skip og smalare og lægre kor, begge dekte med saltak. Ved hovudinngangen i vest er det sekundært bygt til eit våpenhus av tre med gang framfor, begge med saltak. Over vestre del av skipet er det sekundært bygt ein tårn av tre. Kyrkja merkjer seg ut ved steinhoggararbeidet i portalane vest og sør i skipet.

Murar

Vegger av kistemur med gotisk murverk med flate steinar på høgkant i indre og ytre murliv og med stein i kalkmørtel i kjernen. Særleg i nedre del av murane er det nytta til dels store steinar. I sørmuren er det seks små hol under gesimsen, truleg nytta som feste for stilas. Murane er 1 - 1 1/2 m tjukke, noko tynnare i gavlane. Alle tre gavlane er murte heilt opp. Fugene i murane på nordsida har i seinare år vorte tetta med sement.

Korbogen i kyrkja skil seg frå andre opningar. Han er spissboga, brei og tung og tildels av rått murarbeid og utan bruk av kleberkvadrar. Vangane er rett avslutta mot svaberget under kyrkja og det kan sjå ut som bogen er opphavleg. Han kan ha vore innkledd med treverk.

Portalar og dører

Vestportalen

Vestportalen i Dale kyrkje er spissboga og skil seg ut i portalskulpturen i norske bygdekyrkjer ved at det her finst ein uvanleg rik ornamentikk og at portalen har så mange ledd. Lysopninga er 3,67 m høg og 1,21 m brei, medan portalen utvendes er 2,58 m brei. Muren er 1,5 m tjukk og døranslaget ligg 40 cm frå indre murliv.

Utvendes har portalvangane rettvinkla kvadrar i vestmurens ytre murliv. Opninga mot døra har store kvadrar med hjørnepilaster på ornamentert, sylinderforma base på rund fotplate i to steg. Hjørnepilasteren er ein vel halvrund vulst med innfelt band på hjørnet. Vulsten endar mot djup holrenne på begge sider, og denne er avslutta med fas mot dei rette sidene i kvaderen.

I resessane mellom dei ytre og indre kvadrane er det sett inn uthogne kvadrar med skrådd hovudform som tek opp overgangen mellom den indre og ytre breidda i portalen. På nordsida er det hogge ut tre basar der to av dei ber pilastrar i form av vulst med flankerande mindre vulstar. Mellom dei to pilastrane og innafor den inste, er det også rekkjer med hundetenner. På sørsida er utforminga tilsvarande, men her er det berre to basar, ein for kvar av dei to pilastrane.

Øvst er vangane avslutta med rikt skorne kapitelband med kalkforma kapitelformer i dei ulike nivåa utetter, avgrensa oppe og nede med lister. Sørsida er kapitelformene dekte av underskore rankeverk med treflika blad.

På nordsida er det uttrekte knoppar og ytst med to underlege, samansette figurar. Den avsluttande dekkplata har pålagt band og bryt ut frå murlivet i det profilet frå plata går over mot utsida av hjørnekvaderen der det knekkjer rettvinkla ned og går over i halsen på eit utettervendt dyrehovud.

På sørsida knekkjer profilet frå dekkplata også vinkelrett ned og går over i eit innettervendt dyrehovud som spyr ut ranken som breier seg over kapitela. Det mindre dyrehovudet på nordvangen spyr også ut ein ranke, men her berre som ei boble av treflika blad.

Portalbogen har fire rekkjer med kvadrar, ei i ytterlivet, ei i døropninga og to mellom desse. I grove trekk tilsvarar dei to siste resesspilastrane i vangane, men det er ingen organisk samanheng mellom vange og boge i det bogen også tykkjest vera litt skeivt plassert på vangane. Kvart av dei fire kvaderrekkjene har eit vulstforma framspring i hjørnet, det inste med innfelt spiss, det ytste med strykejarnsprofil. Den andre kvaderen innafrå har pålagt band, den tredje har hundetannsrekkje. På den inste kvaderrekkja er vulsten flankert med hundetenner, på neste med underskorne holrenner og vulstar med band og på den ytste med underskorne holrenner. Elles er det fylt ut med mindre vulstar, holrenner og fasar.

Dekkbogen har vulst med pålagt band. Vulsten er flankert av holrenner. Bogen har tre runde sluttsteinar, ein i spissen og ein under kvar side. Steinane er dekorerte med treflika blad.

Portalen innvendes har skrådde smiger inn mot døranslaget. Sjølve anslaget er rettvinkla. Det er feste for jarnlås, med jarnbeslag, i søre vange, ca. 120 cm over noverande golv. Høgre oppe, ca. 170 cm over golvet, er det eit djupt hol for bolt, 9x9 cm og 5 cm frå anslaget. I bogeanfanget er det på begge sider to festehol feor eit tverrgåande element.

Medan vangane er glatte, har bogen innvendes uvanleg nok hoggen dekor. Som i vangane er den indre delen ved anslaget rettvinkla og steinane har så ei skrå flate. Ut mot innerhjørna går denne i bogen over i ein smal fas som bryt over i ei djup holrenne og endar i vulst med strykejarnsprofil i hjørnet. På innsida er det tilsvarande utforming der vulsten går over i djup holrenne, så ut att i smalare vulst, ei mindre holrenne og til slutt ein fas mot murlivet. Portalen har dekkboge som bryt ut frå murlivet. Bogen har vulst med pålagt band. Innvendes er vulsten underskoren med smal holrenne og liten vulst. Utsida har berre ein enkel vulst. Nede på kvar side endar dekkbogen mot ornamenterte, runde sluttsteinar med ranke av treflika blad.

Utvendes er det dårleg samanheng mellom arkitekturelement i boge og vangar, men profilar og andre element tydar likevel på at dei er laga samstundes. Portalen står no utan dør.Portalen har venteleg stått synleg i eksteriøret frå først av, men vart bygt inn av våpenhus etter reformasjonen.[5]

Sørportalen eller "kongeportalen" (nytta i NIYR) i skipet har mange felles trekk med vestportalen og må vera laga samstundes. Portalen er svakt spissboga og høg og smal. Det mest særmerkte er dekkbogen med høge underskorne hundetenner som stikk ut frå murlivet. Opninga i muren er rett gjennomgåande og portalen har kleberkvadrar i hjørna også i indre murliv. Ved døranslaget i ytre murliv er opninga 2,95 m høg og 1,04 m brei.[6] Dørbladet er truleg frå 1903.

Korportalen. Presteinngang sørvest i koret. Lysopninga er 2,02 m høg og 0,52-55 m brei. Opninga har kleberkvadrar i ytre og indre hjørne. I ytre hjørna er det lagt på ein rundstav rundt heile opninga. Dørbladet er truleg frå 1903. Det er fløydører frå 1903 vest i gangen til våpenhuset og vest i våpenhuset.

Korskiljet

Det har mest sannsynleg vore eit oppbygg av treverk i og framfor bogen i mellomalderen.

Det er spor etter eit oppbygg sentralt over korbogen, dette kan ha hatt samanheng med krusifikset og eit eventuelt rodeloft.

Dei måla bordene på vestmuren i skipet viser truleg spor etter tre bogar, to over sidealtar, ein rundboge på nordsida og ein spissboge på sørsida, og ein spissboge sentralt over koropninga. Det er loddrette spor mellom desse bogane som har tynnare målingslag enn veggen elles. Desse kan i ein periode ha vore dekte med treverk. Så seint som i 1903 kan det ha vore restar i kyrkja etter dette oppbygget i tre i korskiljet. Det fanst då ein stok i kyrkja med delvis utskore kapitel. Fram til restaureringa var denne innebygt i trappa opp til preikestole, truleg på sin opphavlege plass som støtte for baldakin over søraltaret. I rekneskapen for 1690-92 er det opplyst at «Trende gamle hvelvinger [er] nedrefven». Dette må vera dei tre små kvelvingane over sidealtar og krusifiks.[7]

Vindauge

Det sørvestre vindauget i skipet er frå mellomalderen. Det skil seg frå portalane i bruken av profilar. Vindauget har to høge smale lysopningar skilde ved ei trekopla kvit marmorsøyle med kapitel. Opninga har enkel fas utvendes.

Dei enkle lansettforma vindauga aust og nord i koret er truleg også opphavlege, det same gjeld det uvanlege vindauget oppe i vestgavlen som har same profil som dei to store portalane. Vindauget på nordsida i skipet må vera nyare, det har kleberinnfatning utvendes, men skil seg på mange måtar frå andre vindauge i kyrkja.

I sørmuren i skip og kor er det bevart delar av dei mellomalderske smyga, men vindauga har vore skifte to gonger. Først på 1600-talet då det kom store, firkanta, småruta vindauge og så i 1903 då ein freista å rekonstruera mellomaldervindauga på grunnlag av vindauget sørvest i skipet.

Golv og fundament

Kyrkja har no golv av bord. I skipet kan det ikkje ha lege noko lægre, i det det ligg nær bakkenivå. I koret derimot har det i lang tid lege lægre enn golvet i skipet. Dette er dokumentert i skriftlege kjelder, og murane er også pussa opp til ein halv meter lægre enn dagens korgolv som ligg høgre enn golvet i skipet. Det er funne brot av raude og grøne golvfliser frå mellomalderen i grunnen.[8] Det er stadvis vanskeleg å komma til fundamentet. Veggmurane går fleire stader rett ned på berget. I det nordaustre hjørnet i skipet går fundamentet om lag 70 cm lengre inn enn indre murliv, denne hylla held fram vestover på nordveggen og kan ha fungert som opplegg for golvbjelkar. Utvendes er murane ikkje markerte med noko form for sokkel.

Tak

Skip og kor har saltak på sperreverk. Takkonstruksjonen er i hovudsak frå mellomalderen. Vinkelen på taket over skipet er 57 grader. Taket har 17 sperrepar som kviler på dei to murremmene på kvar murkrone. Kvart sperrepar har i mellomalderen hatt stikkbjelkar på tvers over murremmene, sperrer, høgtsittjande hanebjelke, undersperrer avslutta ved hanebjelken og knestokkar ved takfoten. I tillegg har det gått minst fire bjelkar på tvers av rommet. Sidene av sperreverket som vender inn mot rommet har ufarga, rettvinkla, nedsenkt profil. Sidene har sprett-teljing, det har også dei tverrgåande stikksperrene. Stikksperrene kan tidlsgare ha halde fram tvers over skipet som bindbjelkar.

Kortaket har noko spinklare materiale og konstruksjonen skil seg litt frå den i skipet. Vinkelen er 54 grader og taket har 10 sperrefag. Kvart fag har (hatt) sperrer, undersperrer med saks og knestokkar og stikkbjelkar som ligg på tvers over ytre og indre remstokk på murkronene. Over sperrene ligg det enno på nordsida slanke åsar som ber ståande bordtak, og sutak over dette. Stikkbjelkane er truleg sekundært avkappa inn mot koret. Synlege konstruksjonselement, også åsane, har nedsenkt rettvinkla og mørkfarga profil. Andre sider har sprett-telja overflate. Taket var truleg tekt av bord i mellomalderen, i 1658-60 vart det lagt pannetak på skipet, eit par år etter også på skipet.

Himlingar

Før restaureringa av skipet i 1903, låg det flat himling i skipet, men mellomaldersituasjonen er noko usikker. Dei som stod for restaureinga, meinte at det i mellomalderen hadde vore ope heilt opp til takkonstruksjonen. Hovudargumentet for dette var er at profilane i takverket skulle sjåast nedafrå. Den noverande tønnekvelven vart vald som eit kompromiss. Opninga i vestgavlen, målinga innvendes på murane som er avslutta i nivå med murkrona, og det at det opphavleg ser ut til å ha lege bindbjelkar over skipet, tydar derimot på at det kan ha lege flat himling i skipet lang tid attende, kan henda frå byggjetida.

I koret er profilane farga, og det er uvisst korleis situasjonen har vore frå først av. Før den tønnekvelven frå 1903 hadde koret ei trekanta himling av uviss alder. Det er ikkje spor av puss på murane over denne trekanta himlinga.

Tønnekvelvingane frå 1903 vart utette og trekkfulle, og i 1950 vart dei underkledde med eit ekstra lag bord og med papp mellom laga.

Tårn

Werner Olsen og tre andre bygde tårnet på ti veker. Arbeidet er rekneskapsført i 1634-35. Tårnet vart plassert sentralt lengst vest i skipet. Det hadde ikkje gjennomgåande tårnstolpar ned til grunn-nivå, konstruksjonen kvilte i hovudsak på to kraftige tverrbjelkar som låg på tvers over murkronene. Jarnarbeidet på tårnet vart utført av Iver smid.

Av seinare vedlikehald går det fram at tårnet har hatt bordkledd og tjørebredd hjelm med spir på toppen og fire fløyar i hjørna. I klokkerommet var det åtte opningar.

I 1702-04 vart det utført eit større arbeid med tårnet idet seks menn sette inn nye tårnsperrer og ein ny ny stokk som spiret stod på. Tårnet fekk då også ny kledning av kjøpmannsbord, og hanen, fløyane og "knappene" vart forgylte og måla.

Dagens tårn går attende til Kiellands restaurering. Han har nytta ein del av materialane frå det gamle tårnet. Tårnet kviler no dels på vestmuren, dels på fire stolpar som går frå grunnen og opp til dei vert utveksla ved ei ramme der tårnet er lagt opp i vestmuren. Over ramma har tårnet fire hjørnestavar, ein mellomstav i nord og ein i sør og to mellomstavar på austsida. Tårnet er avstiva ved skråstivarar. Klokkestova øvst i tårnet har åtte rundboga lydopningar, to i kvar retning og eit lite rundt hol dekt med glas under kvar av opningane.

Hjelmen kviler på den øvre tårnramma. Han er firkanta med gratsperrer i kvart hjørne og midt på kvar side. Hjelmen er ved rammer delt inn i fire høgder. Midtstolpen går omlag ein meter nedafor øvre ramme i tårnet. Den nye hjelmen vart kledd med lappheller, tårnet elles har bordkledning som før.

Tilbygg

Første gongen våpenhus er nemnt i kjeldenen er ved bygginga i 1646-48, vel 10 år etter at Werner Olsen hadde bygt tårnet. I 1661-65 ynskte kyrkjelyden seg våpenhus i mur, det vart ikkje noko av, men våpenhuset vart sett istand. I 1667-69 vart det lagt "lemb" i våpenhuset, og i 1670 fekk det pannetak. I 1683 vart loftet utskift med kvelving. Våpenhuset vart måla eitt eller to år etter.[9]

Ved restaureringa i 1903 vart våpenhuset nybygt. Huset er no ein konstruksjon i bindingsverk med utvendes bordkledning og med dei måla delane frå det gamle interiøret som innvendes kledning. Ettersom rommet no vart noko større enn det gamle, vart det sett inn nytt materiale i kvelv og vestvegg som vart tilpassa til det gamle i farge. Den enkle døra vart utskift med fløydør, og det vart bygt ein gang framfor inngangsdøra.

Det har ikkje vore eige sakristi i kyrkja. Parament og anna vert oppbevarte på nordsida i koret i ein innebygd stol, elles ligg kyrkja så nær prestegarden at kontoret her har hatt ein del av sakristifunksjonane.

Runeinnskrifter

Det er sju runeinnskrifter i Dale kyrkje. Fem av dei kom fram i samband med restaureringa i 1903, ei vart oppdaga i 1934, og den siste vart påvist i 1954.[10]

Sørportalen har to innskrifter på vestre vange. Den første står 140 cm over dørstokken. Noko nedafor denne til høgre. Begge har nokre få runer.

Den tredje innskrifta er på tredje kvader i «nordvesthjørnet» (det er truleg feilskrive for nordausthjørnet) i koret, på nordsida. Denne innskrifta er mykje lengre, i alt 43 cm lang, og runene er mellom 2,5 og 4,5 cm høge. Magnus Olson tydar denne innskrifta slik: nikol(a)us … (p)res(b)iter in lerþal – Nikolaus ... prest i Lærdal. Om denne innskrifta skriv han:

Innskriften antyder at en mann ved hovedkirken i Lærdal (Tønjum kyrkje), har besøkt, kanskje ved en særskilt leilighet, Nikolaus-kirken på Dale i Luster. Navneoverensstemmelsen kan ha foranlediget at hans navn da blev ristet på kirkeveggen. Innskriften er fra forholdsvis sen tid, ca. 1300 eller noget senere.[11]

Den fjerde innskrifta står på sørsida av vestportalen, om lag 158 cm over golvet. Innskrifta liknar på innskrifta iesu kri[st], men er usikker.

Den femte runeinnskrifta finst på austsida av sørportalen, 70 cm over dørstokken, på tredje stein nedafrå til høgre for søyla. Innskrifta er 23 cm lang og runene er 10-11 cm høge. Innskrifta vert lesen som sankte nikulaus kirkia, St. Nicolai kyrkje.

Innskrift nr seks står like under nr fire. Ho har tre sikre runer som er tolka enten som i my eller som i mn. Om ein vel den siste varianten, kan ei mogeleg tolking vera i(esus) m(aria) n(ikolaus).

Den sjuande innskrifta står på femte kvader sør for vestportalen, 110 cm over golvet. Lengda er truleg 20-25 cm, og runene er 6 cm høge. Runene er skadde og vanskelege å lesa.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonell innreiing med altar med altarring og altartavle sentralt nær austmuren i koret. Nord i koret står ein innelukka stol som vert brukt som oppbevaringsstad. I søraustre hjørnet er det ein innelukka benk. Døypefonten er plassert sørvest i koret, nord for sørportalen. Oppgangen til preikestolen i skipets søraustre hjørne, går frå midtgangen opp etter austmuren i skipet. Som ein pendent til denne er det på nordsida ein tilsvarande oppgang som fører opp til ein privat, innebygd stol. På begge sider av midtgangen er det benkeparti, og vest i skipet går det trapp opp til tverrgalleri med orgel i vest. Vestportalen i kyrkja, mellom skip og våpenhus, står i dag utan dørblad, og våpenhuset fungerer som ei utviding av kyrkja dersom det er fullt, med langsstilte benker på kvar side. Vest for våpenhuset er det eit nyare vindfang.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Gjennom ein periode på om lag 750 år må interiøret fleire gonger ha gjennomgått store endringar. I skipet er det måla ein type border på alle fire vegger. Bordene ser ut til å ha markert tidlegare interiørelement og viser mellom anna at det har vore altar nord og sør for korbogen, og truleg eit oppbygg framfor og over korbogen.

Frå nyare tid kan ein nemna følgjande endringar:

I åra kring 1700 skjedde det ei fornying av interiøret i kyrkja. Ein snikkar utførte då større arbeid i kyrkja, mellom anna med korskilje og benker og truleg var det også han som bygde opp «Fugleburet». I 1696-98 vart golvet ordna og det vart lage ein del nye stolar, det vart panelt ved preikestolen, kordørene vart ordna og det vart laga eit skåp til lysa. Det vart laga dreia pilarar til kordørene. Arbeidet heldt fram i 1699-1701 med å ordna alle stolane i kyrkja og å måla dei. Målaren måla også dåpshuset og dei faste stolane i koret, mellom anna truleg den stolen som no vert brukt som sakristi.

To hundre år seinare, ved restaureringa kring 1903 ved Kielland, skjedde det igjen store endringar i interiøret. Benkene vart skifta ut, ein del av det gamle inventaret kom til De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum. Galleriet vart endra og fekk nytt underbygg. Målinga av det nye inventaret vart tilpassa det gamle.

Avdekkinga av målingslag frå 1700-talet kring 1950 vart også ei vesentleg endring. Dette arbeidet vart utført av Ola Seter (sjå nedafor under Fargar).

Fargar

Dale kyrkje har ein komplisert fargehistorikk. Det er bevart måleri frå fleire ulike periodar, både frå mellomalder, 1500-tal, 1600-tal, 1700-tal og 1900.

Avdekking av murmåleri. Alt i samband med restaureringsarbeidet i 1903 vart det gjort forsøk på avdekking av kalkmåleria i koret, men arbeidet stoppa opp og vart ikkje gjennomført før 1950. Ola Seter var etter oppdrag frå Riksantikvaren i Luster i 1947 og utførte nokre små prøveavdekkingar som kunne påvisa dei tre målingslaga i koret. Sjølve hovudarbeidet med avdekkinga vart utført i 1950.[12]

Det vart ein periode diskutert hjå Riksantikvaren om ein skulle freista å løysa renessansemålinga frå muren og flytta denne, anten til ein annan stad i kyrkja eller eventuelt til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, slik at mellomaldermålinga også kunne avdekkast fullstendig. Ein valde å lata målinga frå 1560 verta ståande som den dominerande.

Mellomalderen

I koret er det avdekt to vigslingskrossar, ein på austveggen sør for altartavla, og ein på nordveggen vest for vindauget. Merka er først rissa inn i den harde mellomalderpussen med ein dobbel sirkel som omsluttar ein likearma kross av doble sirkelsegment. Krossen og sirkelen har så vorte måla. På austmuren er fargen usikker, men sirkelen kan ha vore raud. På nordveggen er krossen og sirkelen truleg sekundært overmåla med raudt. Sirkelen på austmuren har ein diameter på 19,4 cm, sirkelen på nordmuren 21,4 cm. Vigslingskrossane er no om lag 175 cm over golvet, tidlegare kanskje rundt 225 cm. Ein må rekna med at det har vore 12 slike krossar i kyrkja, og at dei går attende til vigslinga av kyrkja kring midten av 1200-talet.

Mellom det som vart avdekt av veggmåleri i 1950, var delar av ein figurfrise på austmuren i koret, truleg måla kring 1300. Ein ville venta å finna læresveinane i denne frisen, og det kan det også vera, men figurane har feminine drag som gjer dette usikkert. Dei delane av frisen som er avdekte, viser tre bogefelt på nordsida av altaret og at det truleg har vore tilsvarande bogefelt rett over desse. Det er også avdekt litt av eit bogefelt sør for altaret, og det er mogeleg å tenkja seg at det har vore seks figurar under bogar på kvar side, noko som i tilfelle ville forsterka tanken om ein læresvein-frise. Frisen er framstilt på det eldste kalklaget på murane, ein hard og glatt puss.

Dei tre avdekte felta fyller breidda på den nordlege delen av austmuren. Dei har kløverbladbogar med arkitekturelement i sviklane. Den nordlege bogen er berre avdekt ned til kløverbladforma, den midtre skrått nedetter frå skuldera ned til vestre overarm på figuren, den sørlege viser heile figuren.

Som skilje mellom øvre og nedre del av frisa er det måla eit band fylt med ein enkel ranke. Over ranken er lite avdekt, men over det midtre feltet har ein avdekt fremste delen av ein fot som viser likskap med føtene til den heilt avdekte figuren i den sørlegaste av dei tre bogane.

sørsida av altaret er det avdekt nedre del av to personar med føter og nedre del av kjortel.

Fargane som er brukte er svart eller mørk grått, blågrønt, blågrått og nokre raudfargar som ligg nær karminraudt der dei er sterkast.[13] Målaren har brukt enkle, mest svarte konturar og flatene er jamnt fylte med farge. Enkle liner formar figurane. Måleriet har høg kvalitet.

Border

Det er måla border etter dører, vindauge, hjørne, gesimsar og delar av innbuet. Nokre av desse rammene er frå mellomalderen og er måla rett på den harde, eldste pussen. Andre er måla seinare, kanskje så seint som slutten av 1600-talet. Somme stader er same type bord måla i fleire lag oppå kvarandre, og det har tydeleg skjedd eit vedlikehald av desse markørane. Bordene er 12-14 cm breie og har svarte eller grå konturstrekar. Mellom desse slyngar det seg ein raud strek, med litt ulik raudfarge, alt etter når dei er måla. I bogane mellom den raude streken og konturen er det fylt ut med symmetriske blomekroner. På kvar side av blomen er eit knippe av tre blad. På innsida av borda, mot det innramma feltet, er det måla ein bølja strek som går i spissar ut frå borda og på spissane er det vekselvis måla ein dusk av fem blad og eit trekløverforma blad. Nokre stader er det i tillegg måla ei kort rekkje av prikkar inn frå desse blada. Bordene er haldne i svart eller grått og raudt.

1560-talet

Den mest dominerande målinga i koret i dag vert datert til 1560-70-talet. Murmåleria i koret er oppdelte i rekkjer av biletfelt skilde ved breie, måla blomefriser. På vestmuren er det ei slik frise som skil bogefeltet over raftehøgd ut som eitt felt. Frisa er avskoren av øvre del av korbogen, og nede på kvar side av bogen er det eit biletfelt.

Nordmuren har to biletrekkjer. Begge er avslutta med blomefrise i underkant. Det kan også ha vore ei øvre frise som er øydelagd. Austmuren har to biletrekkjer i tillegg til det boga feltet under himlingen. Bogefeltet og dei to rekkjene er alle avslutta i underkant av blomefriser. Sørmuren har to biletrekkjer og har truleg hatt blomefriser over, under og mellom desse, men den øvre er vekke som på nordveggen, dei to andre er sterkt skadde.

Delar av måleria er så øydelagde at det er uråd å tolka dei. Dette gjeld delar av måleria på sørmuren og delar av måleria på vestmuren. Måleria er dels øydelagd av seinare arbeid med muren, som ved vindauget på sørmuren, dels er dei sterkt bleika. Fotografi frå rundt 1950 syner fleire detaljar enn det som er synleg i dag. Dei to bogefelta over raftehøgd i aust og i vest har ein annan let i målinga, litt gulare og ikkje så skarp i strekane. Ola Seter peikar også på dette.[14] Det er vanskeleg å finna ei forklaring på fenomenet, ettersom figurmålinga, særleg på vestmuren, er så lik figurmålinga elles.

Biletprogrammet må truleg lesast frå biletfeltet nord for korbogen på vestveggen, via nedre del av nordveggen, så austveggen under bogefeltet ov øvre del av nordveggen. Derifrå attende til søndre del av vestveggen, via sørveggen for så å enda opp i den øvre delen av austveggen, i bogefeltet under himlinga.

Arbeidet bak jubileumsboka for kyrkja førte fram til ei tolking av biletprogrammet i målinga frå 1560-talet.[15] Det ser ut for at det ligg eit gjennomtenkt og omfattande teologisk program til grunn. Programmet inneheld tre hovudforteljingar der bodskapen i kvar forteljing er ei scene framstilt i ei bogeforma ramme. I tillegg har programmet ei opning og ei avslutting.

David og Goliath på vestmuren er ein gammaltestamentleg prefigurasjon, eit varsel om sigeren over det vonde, slik Jesus skulle sigra over dauden. Motivet midt på vestmuren med den knelande kvinnefiguren går ikkje inn i hovudtolkinga, men Georgs siger over draken kan gå inn i ein slik samanheng.

Grunnlaget for den første forteljinga vert lagt ved Bodskapen til Maria, varslet om at Gud skal komma i menneskeskapnad. Forteljinga held fram på nord- og austmuren ved at dei tre kongane tek ut frå byen i aust for å møta den inkarnerte Kristus, barnet som skulle bli født, det evige som braut inn i det skapte som er avgrensa av tida.

Den andre forteljinga er vist oppe på nordmuren der læresveinane er oppstilte i rekkje vende mot, og for å møta, den oppstadne Kristus som vann over dauden, over den avgrensinga av livet som tida gjev. Saman med denne forteljinga høyrer også framstillinga av den krossfeste.

Den tredje forteljinga handlar om dei ti brurmøyane og at det er mogeleg å gjera seg klar eller ikkje gjera seg klar til å møta brudgommen som kjem, den eskatologiske Kristus, han som skal komma og føra det som er avgrensa av tida inn i den evige gleda. Dei som er klare, skal gå med han inn til det himmelske brudlaupet.

Oppe på austveggen finst ei framstilling av den siste domen, med Kristus på rengbogen, dei tilbedande sæle og truleg det himmelske Jerusalem til venstre og helvetet til høgre.

I tillegg er det ein del figurar som ikkje kan knytast til dette teologiske programmet. Det gjeld ein mann og ei kvinne inne i korbogen, kvinna på nordsida og mannen på sørsida. Desse kan vera donatorar, eller dei kan ha hatt samband med dei innbygde stolane som tidlegare stod i korbogen. I smigen i norvindauget i koret er det med svart kontur trekt opp to mannsfigurar, desse vert ståande som lause skisser.

1600-talet

I 1658-60 vart kyrkja kalkslegen utvendes og innvendes og delar av interiøret vart måla. Målinga vart utført av ”Niels Maller”. Det går ikkje heilt klårt fram kva som vart måla av Nils, han hadde også med seg ein dreng. Arbeidet hans er truleg avgrensa til skipet, ettersom ordet ”Kierchen” er brukt i rekneskapen. Han har truleg måla under galleriet.

Jesusmonogrammet sentralt på galleriet går att både i Gaupne og på bevarte benkedører frå Dale på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, som truleg også har vorte måla av Nils. Betalinga hans var på over 33 riksdalar, noko som tydar på at det var eit stort arbeid som vart utført.

Bjelkane under galleriet har inskrifter måla i svart fraktur på kvit botn. (Den nedste delen av galleriet har tilsvarande bjelkar med innskrifter, men desse er frå 1903.)[16] Undersida av begge delar av galleri-golvet, og skrågolvet mellom desse, har dekorativ måling som truleg er av Nils målar sitt arbeid. Motiv og fargar skil seg noko frå flate til flate. Undersida av den øvre, vestre delen har raud botn med regelfaste, repeterte ranker i grått med kvitt høglys og svarte konturar og med okerfarga tunger i bladhjørna. Blada er treflika. Rankene endar i ulike blomar og i eit druklaseornament. Midtfeltet på den skrå flata har oker botn og ei ståande oval raud ramme kring IHS. Rundt feltet er det måla ranker. Felta elles har mest ein stor sentral blom omgitt av ranker. I sør er målinga fornya i samband med flytting av oppgangen i 1903. Målinga på den austre delen av galleriet skil seg frå resten. Dei seks felta her har okergul botn i ramme. Mot aust er målinga sekundært avskoren i samband med ombygging. Kvart av felta har motstilte v-former med innrulla endar og blomeornament mot aust.

Etter overkalkinga i 1658-60 og før dei tre kvelvingane framfor korbogen vart nedtekne i 1690-92 har det skjedd ei fornying av dei nemnde bordene på veggene. Utapå kalklaget vart det også måla to store figurar på austmuren i koret, Moses nord for altaret og Aron sør for altaret. Små felt av desse figurane er bevarte på austmuren, og Ola Seter laga skisser av figurane før dei vart fjerna då målinga frå 1560 vart avdekt.[17]

Dekorasjonane i våpenhuset, både figurscener på vestveggen, rankemåling på langveggene og stjernehimling, har stundom vore tilskrivne Nils målar, men vart etter rekneskapane utført i 1685-86. Våpenhuset stod ferdig i 1660-åra og det vart laga kvelv over i 1683. Stiltrekka i denne målinga er også sikrare og meir elegante i uttrykket enn målinga under galleriet.

Rankemålinga er utført med oker, raudt, kvitt og svart på grå-kvit botn.

1900-talet

Prinsippet ved restaureringa tidleg på 1900-talet var å ta vare på det gamle og å måla nytt inventar som benkar, preikestoloppgang og delar av galleriet i harmoni med det eksisterande. Målinga vart utført av Einar Moberg. I 1951 vart kyrkja fargerestaurert att, i hovudsak etter prinsippa frå 1904.

Lys og varme

Kielland tala for å montera sentraloppvarming av kyrkja i 1903, men kyrkjelyden gjekk mot dette og det vart som alternativ installert ein stor klebersteinsomn innafor sørportalen i kyrkja. Denne viste seg å ikkje vera effektiv nok på kalde vinterdagar, og alt i 1910 vart det søkt om å få erstatta han med to støypejarnsomnar. Løyve vart gjeve 2. mars 1911.[18]

16. oktober 1941 gav Departementet løyve til installering av elektrisk varmeanlegg i Dale kyrkje, i samsvar med plan utarbeidd av A/S Per Kure. Elektriske varmeomnar vart først instalerte i 1949. Ny lysarmatur vart levert av Christiania glasmagasin og installert i 1951.[19]

Glasmåleri

I vindauget sør i koret er det sett inn tre farga medaljongar som framstiller Treeininga. Glasmåleria var ei gåve frå distriktslækjar Paasche og kona, og vart gjevne i samband med at det nye vindauget vart monter i 1903.[20]

I vindauget oppe i vestgavlen er det også glasmåleri med ei framstilling av Den heilage Ande, i form av ei due med stråleglans som viser seg i skya.

Inventar

Altar

Sidealtar

I tillegg til hovudaltaret aust i koret i kyrkja, er det spor etter sidealtar i hjørna aust i skipet. Måla border markerer det som truleg har vore omrisset til altara. Over altaret nord for korbogen er det måla ei bord forma som ein rundboge. På sørsida er det på tilsvarande plass måla border opp i ei gavlform over det tidlegare altaret. Desse bordene kan markera baldakinar som har stått over sidealtara. Under golvet er det fundament for sidealtara. Dei går om lag 70 cm fram frå vegglivet.

Del av ei profilert plate av kleber som truleg har vore mensa på eit altar, finst i ein mur i kjellaren.

Hovudaltar

Hovudaltaret er av stein og har fundament på bakkenivå. I fundamentet er årstalet 1682 eller 1686 hogge inn. Altaret vart murt opp i brotstein og pussa med kalkpuss. Den nedre delen av altaret, under golvet, står slik enno. Altarfundamentet går utafor altaret på aust- og vestsida og er dekt med leire. I 1639-42 vart det etter rekneskapane laga ”lister” omkring altaret, kvar list åtte alner lang, og fire menn bar sand og la omkring i ”alterfoeden”. I 1682 vart altaret ovekledd med bord.

På 1800-talet vart altaret gjort høgre ved eit påbygg av tre. Treoppbygget og kledninga av tre vart teke vekk ved restaureringa i 1903 og altaret vart murt høgre og glattpussa. I samband med dette arbeidet vart altaret dekt av ei 5 cm tjukk klebersteinsplate med skrådde kantar.

Frontale

Universitetsmuseet i Bergen har to frontaler frå Dale kyrkje, Dale II frå kring 1300 (MA 9), og Dale I (MA 5) som kan vera noko yngre.

Altartavle

På veggen bak altartavla i kyrkja finst det skuggemåling som tydar på at kyrkja før har hatt ei mindre altartavle, kanskje ei katekismetavle.

Altartavla i kyrkja (1708-10). Tavla er eit snikkararbeid i regence-stil i ei høgd med fotstykke og toppstykke og med gjennombrotne vengjer. Ho vart laga i Bergen av bilethoggar Schauer og måla av Hans Sager etter at ho var sett opp i kyrkja.[21]

Fotstykket er ei ramme med fylling flankert av akantusornament og avslutta nede mot altaret med breitt, profilert listverk. Til fyllinga er det festa to ovale biletfelt omkransa av og skilt ved akantusskurd.

Hovuddhøgda står på konsoll-list og har tre rammer med fyllingar. Sidefelta er smalare enn midtfeltet. Midtfeltet er flankert av runde, framforstilte søyler på postament med voluttbase og med korintiske kapitel. Sidefelta er flankerte av utskore vengjer forma som akantus-lauvverk med det karakteristiske regence-bandet med knekk som finst i fleire av Schauers arbeid. Gesimsen over hovudhøgda knekkjer ut over kapitela og ber eit rektangulært, sarkofagforma toppstykke under to-delt, svungen kronlist.

Altartavla har fleire figurar skorne i rundskulptur. Framfor midtfeltet er ei framstilling av Krossfestinga med Jesus hengjande på ein høg, smal kross som kviler på ein Golgata-haug med den gamle Adams kranium og knoklar. Krossen er flankert av Maria, Jesu mor, til venstre og truleg ein annan kvinneleg figur til høgre. Framfor sidefelta er det framstillingar av Moses til venstre, og døyparen Johannes til høgre. Over begge er det festa skjell til bakgrunnen. Moses er framstilt med stav og lovtavlene, Johannes med kross og lam.

På dei to svungne delane av kronlista kviler to romerske vaktsoldatar, medan Kristus tronar i sigersrik oppstode midt mellom dei.

Figurane til Schauer har ein karakteristisk tung stil, med breie, litt signe figurar. Dette kjem særleg fram her i Jesus-figuren på krossen med sine altfor korte bein. Det er elles særmerkt at figurane er framstilte i så ulik målestokk der Moses og Johannes er mykje større enn figurane i krossfestingsscena. Dette har vore tolka som eit forsøk på perspektivisk framstilling der krossfestingsscena skal oppfattast som lengre vekke.

Baksida av tavla er avstiva ved hjelp av tre opplengjer som også er festa til baksida av altaret.

Akantusornamenta er grønmåla med gullkonturar og med raud staffasje. Rammene i tavla er marmorerte hovudsakleg i gult og grått. Listverket er måla i raudt, blått og gull. I biletfelta på fotstykket er det måla framstillingar av Nattverden til venstre og Jesu dåp til høgre. I hovudfeltet er bakgrunnen for Krossfestinga måla som eit utydeleg landskap med lyse skyer nede, og mørkare skyer i øvre del. Moses og Johannes har blågrå bakgrunn. Figurane har lys hudfarge med raude innslag. Kleda er i raudt, blått, grønt og gull.

Altarring

Det vart laga ny altarring i 1667-69. Berre bord er utgiftsførte. Altarringen har vore mindre enn den som er i kyrkja i dag. Han har sidan vorte endra fleire gonger.

Altarringen som står i kyrkja no er frå 1843, då han vart utvida. Han er hesteskoforma med port på nordsida og går heilt inn til altaret. Ringen har rekkverk av kraftige balustrar, brunmarmorerte med raud staffasje. Handlist og knefall er stoppa og trekt med brunt skinn.

Døypefont

I 1639-42 er det opplyst i rekneskapane at det vart lagt sand rundt ”funten”. Det vart samstundes laga nytt spileverk ”omkring funntenn” der funten truleg er eit avlukke for dåpshandlinga. I 1700 vart dette fontehuset måla og i 1708-10 vart det lagt nytt golv.[22]

Før 1982 vart dåpsfatet sett opp i ein ring i korbogen.

Døypefont i kleberstein, plassert i kyrkja 24.10.1982, opphavleg truleg frå Nes kyrkje noko lengre ute i Lustrafjorden.[23] Kummen er fipassforma og runda inn mot ei firpassforma øvre skafttilslutting. Utvendes er dei fire delane i firpassforma skilde ved kjølforma lister, og oppe er kummen avslutta med rille. Innvendes i kummen er dei fire hjørna sekundært avskava for å gje plass for dåpsfatet. Kummen har sentralt hol i botnen. Skaftet er rett med firpassforma tverrsnitt. Øvst på foten er det firpassforma skafttilslutting som går over i fire glatte sider som skrår ut mot kvadratisk fotplate med rette sider. Fonten har vore raudfarga innvendes.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er eit snikkararbeid frå renessansen med fire fag med ei fylling i ramme i kvart fag. Utvendes er faga delte i storfelt og øvre og nedre smalfelt, rikt dekorerte med beslagornament. Storfeltet er portalforma og flankert av flate, kanellerte pilastrar med overstykke. Øvre og nedre smalfelt er flankert av konsollar og øvre smalfelt ber handlist over tannsnittsbord. Handlista er stoppa og trekt med skinn. Under nedre smalfelt er det konturerte hengebord. Botnen har fire sider som svingar inn i løkform mot ein knopp og er open mot aust. Ved veggen i aust og på sørsida ved inngangen til preikestolen er det kledd med panel.

Dei dominerande fargane er blått og grønt, men stolen har også innslag av raudt, svart, grått, gull og fleire fargar. Bogefelta har måleri av dei fire evangelistane med namn over. Botnen er måla med planteornament på okerfarga botn.

Oppgangen er frå restaureringsarbeida i 1903 og er ein spegelvend kopi av oppgangen til den private stolen "Fugleburet" på nordsida av midtgangen. Dette skaper symmetri i austre del av skipet.

Lesepult

Standard lesepult med skrått bokbrett, dreia skaft og tredelt fot. Lesepulten er måla i interiørfargar frå benker og trapper, engelsk raudt med grøn staffasje.

Benker og faste stolar

Benker

Før restaureringa i 1903 var det innbygde benker med fyllingsdører mellom høge dørvangar i kyrkja. Rekneskapane viser at det har vore arbeid med benkene med jamne mellomrom, men eit større arbeid vart utført i samband med den generelle fornyinga av kyrkjeinteriøret i 1699-1701. Nokre av dørene og vangane finst framleis på De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum. Eldre foto viser at det også var benker på begge sider i koropninga.[24]

Benkene som står i skipet no, er frå restaureringa i 1903. I ornamentikken er dei tilpassa det etterreformatoriske interiøret. Benkene har vange på begge sider, heil rygg av liggjande, skråstilte, profilerte bord, salmebokhylle i setehøgd og skrå fotstøtte. Vangane er rette og høge med rettvinkla framspring i setehøgd. Både framspring og vange er avslutta oppe ved eit skore ornamentalt toppstykke. På toppstykket på vangen er det skore ut eit skjold med kristogram flankert av alfa og omega. Benkene er raudbrunt marmorerte med grøn, blå og gul staffasje.

Frittståande liten benk i koret

Benken vert brukt som brurebenk. Alderen er uviss. Benken har vore datert til mellomalderen, men også til 1600-talet.

Benken har to vangar bundne saman med ei fjøl. Begge vangane har rike utskjeringar. Den eine har mest dekor på innsida, mellom anna med ein stor karveskurdsrosett. Vangen er avslutta oppe ved to dyrehovud som er vende mot einannan. På utsida er det trekt opp strekar som kan tyda på at det var tanken at det også der skulle vera ein rikare skurd. Den andre vangen har mest dekor på utsida med ringkjede, bladfris og skolpesnitt. Også her er vangen toppa av to dyrehovud, men desse vender frå einannan. På innsida mellom hovuda finst eit bumerke. Vangar og setefjøl er profilerte etter kanten. Bendixen skriv at årstala 1649 og 1659 finst på benken.[25]

Innbygde stolar i koret

I nordvestre hjørne av koret er det ein stol som no fungerer som oppbevaringsrom. Stolen har brystning med tre fyllingar i rammeverk under sprinkelverk toppa med konturert bord. Det er sekundært sett inn glas bak sprinkelverket. Dør mot aust. Stolen er truleg laga i 1699-1701.

I nordaustre hjørne i koret er det ein innbygd stol med brystning mot sør, og dør flankert av vangar mot vest. Brystninga har tre fyllingar i ramme. Handlista kviler på hundetannslist over beslagornament. Vangane har skorne ornament, og toppstykket går opp i tre spissar. Under toppstykket er det på nordre vange skore AANNO og på søndre 1649 og HN. Søndre vange er sidan korrigert ved at årstalet er overmåla med 1699 og initialane med HHV. Døra har to fyllingar i ramme, den øvste med portalforma dekor.

Den innbygde stolen i søraustre hjørne har brystning av ramme med fem fyllingar mot nord. Den øvre delen av ramma har beslagornament. Brystninga har brei handlist med eit lite felt avgrensa med lister (for myntar). Døra mot vest er flankert av vangar, utforminga tilsvarar dør og dørvangar på stolen på nordsida. På nordre vange er initialane PH skorne på og ANNO under toppstykket. På sørvangen årstalet 1659. PH er seinare ved måling korrigert til CCs. Lengst aust i stolen er det sett inn eit skåp.

Pulpitur

I nordaustre hjørne i skipet står eit pulpitur med oppgang frå midtgangen rett vest for korbogen. Pulpituret, som vert kalla ”Fugleburet”, vart sett opp som privatstol av oberstløytnant von Krogh i 1699. Arbeidet minner mykje om arbeidet i nordvestre hjørne i koret. Det er mest sannsynleg utført av den snikkaren som arbeidde i kyrkja i 1699-1701.

Pulpituret kviler på fire runde stolpar som ber eit underbygg av bjelkar. Det har brystning av rammeverk med seks fyllingar, over brystninga er det rammeverk med seks luker med sprinkelverk. Oppe og nede er pulpituret avslutta med konturerte bord. Døra, som vender mot oppgangen i aust, er ei fyllingsdør med portalforma nedre fylling og dreia pillarar i staden for øvre fylling. I pulpituret står to benker med ulik høgd. Årstalet 1699 er måla nede på utsida av pulpituret.

Galleri

Det har vore galleri i kyrkja frå kyrkjerekneskapane tek til. Galleri eller ”paapeltur” er nemnt i samband med vindauget i vestgavlen i 1633. I 1639-42 er det bygt eit nyt popelthuur” av 12 18-alner lange tømmerstokkar og fire tylfter bord. I tillegg har ein brukt 12 kjøpmannsbord og det er sett inn nokre utskorne ”piller” på lemmen. I 1702-04 er galleriet skore av og ”fløtted bedre ned til veggen”, i 1708-10 er det laga ny galleritrapp og ny gallerifront, rekkverket vart måla i 1711-13.

Galleriet har tidlegare stått noko lægre enn det står i dag. Den vestre delen har dekt delar av bogen i vestportalen. Dei måla bordene på murveggen kan truleg gje opplysningar om den tidlegare situasjonen. Både under vestre og austre del av galleriet går desse bordene om lag ein meter under noverande gallerigolv, men det bratte, skrå mellompartiet som galleriet har no, er ikkje avmerkt. På nordveggen går bordene lengre aust, heilt fram til vindauget, og er markert med ”stolpar” av border. Dette kan tyda på at det tidlegare har vore eit nordgalleri i kyrkja.

Hevinga av galleriet skjedde i 1903, for at vestportalen skulle stå fritt. Truleg vart heile galleriet heva. Galleriet, som tidlegare var støtta opp av nokså spinkle materialar, fekk eit nytt og kraftigare underbygg, og ny oppgang på nordsida i staden for den tidlegare rette, bratte stigen på sørsida. Golv og benker på galleriet vart fornya heilt.

Underbygget frå 1903 har to bjelkekonstruksjonar som flankerer midtgangen frå utsida av portalkvadrane i indre murliv. Dei har ein stolpe ved muren og ein framme under vestre del av galleriet. Under gallerigolvet er dei feste med ei tang om stolpane og er bolta fast til dei tre golvbjelkane som ligg på tvers av lengderetninga i kyrkja. Det vestre nivået er også understøtta ved to stolpar ved kvar av langmurane i kyrkja, to av dei står i dei vestre hjørna. Frå dei to austre stolpane går det horisontale bjelkar austover under dei to gamle golvbjelkane i den austre delen av galleriet. På desse golvbjelkane ligg det gamle stikkbjelkar i lengderetininga i kyrkja, og desse ber breie, tverrliggjande golvbord. Mellom dei to golvnivåa står ein skrådd vegg festa til spinkle stikkbjelkar som står mellom austre golvbjelke i det høgste nivået og stikkbjelkane i det legste.

Orgelet står på vestre nivå. På austre nivå er det i tillegg til trappa i nord gjort plass til to benker på sørsida. Gallerifronten kviler på stikkbjelkane i austre galleridel. Her er tre felt med fire flate fyllingar i kvart av dei. Lengst nord er eit smalare felt med berre ei, noko breiare, fylling. Under den profilerte handlista er det ei forenkla tannsnittlist. Fyllingane på felta har måla blomedekor henta frå fyllingane på «Fugleburet».

Oppgangen i nordaustre hjørne i skipet går i vinkeltrapp frå vestportalen. Trappa fører opp til austre austre gallerinivå og vidare går det trapp til vestre nivå.

Skulptur

På Universitetsmuseet i Bergen finst to skulpturar frå Dale kyrkje, ei Olavs-skulptur (MA 49) og ei kapitelløve (MA 57).

Det vart i samband med arbeida tidleg på 1900-talet også funne ein hovudlaus kvinneleg figur som skal ha likna på Olavs-skulpturen. Denne vart ikkje send inn til museet eller teken vare på på annan måte.[26] Då Bendixen var i kyrkja, skreiv han at figuren kanskje var ein Maria-figur.[27]

Krusifiks frå omkring 1250

På austmuren i skipet heng eit krusifiks frå omkring 1250, men med nyare kross. Kristus er framstilt med hovudet bøygd mot si høgre side og med opne auge. Han ber tvinna tornekrone over langt krølla hår og har kort skjegg og bart. Armane er lett skrådde. Overkroppen er naturalistisk framstilt med brystvorter og navle og med mjuk markering av ribbebein og musklar. Sidesåret er sterkt poengtert. Det høgre beinet dekkjer venstre, føtene er samla med ein nagle. Lendekledet har markerte parallelle folder og er knytt saman under midjen. Det er kortast over høgre kne og heng ned på sidene. Figuren er uthola på baksida, truleg for å unngå sprekker. Kristusfiguren er 129 cm høg, 114 cm brei og 20,4 cm djup.

Då figuren kom inn til restaurering hjå Riksantikvaren i 1980-åra, viste det seg at han hadde tre lag måling. Den siste overmålinga vart teken vekk, men ein gjekk ikkje heilt inn til mellomaldermålinga. I mellomalderen har lendekledet vore gullfarga med blått fôr. Hår og skjegg har også vore gullfarga, medan tornekrona var grøn som no. Hår og skjegg er no brune og lendekledet rosa med eit mørkare blått fôr og med gullfarga kant.[28]

Epitafium, Anders Lauritzson

Epitafiet er eit snikkararbeid frå renessanse. Det har fotstykke, og to etasjar der den øvste er smalare og lægre. Fotstykket har skriftfelt i ramme flankert av postament. Hovudfeltet har nærast kvadratisk biletfelt, flankert av runde søyler på postamenta, og er tilsett vengjer. Feltet er avslutta oppe ved gesims under toppfeltet.

Toppfeltet har biletfelt flankert av karyatider og er tilsett vengjer. Oppe er det avslutta med gesims, og over denne er eit toppstykke med broten gavl og med ein Salvator mundi-figur på pidestall mellom gavlsegmenta. Figuren har lendeklede. Høgre handa er løfta i signingsgest og med den venstre held han verdskula.

Det er skoren dekor på postament, bakgrunn for søylene, dei to gesimsane, dei to vengjepara og på toppstykket. Dekoren er beslagornament og vekster, bandsnoingar og dukatbordet og eit liggjande, åttetalsforma rankemotiv. Nedre gesims er flankert av englehovud, Dei øvre vengjene er oppe på indre del avslutta ved fuglehovud og fugletunger som går som ranker over til ytre del av vengjene. Under postamenta heng dekorative flate kuler forma av to kryssande band. På vengjene ved hovudfeltet er det på kvar side skore ut eit skjold med initialane til stiftarane av epitafiet, ALS på venstre side og MTD på høgre.

Hovudfargar er blågrått, kvitt, rustraudt, rosa, gull og svart. Skriftfeltet under hovudhøgda har innskrift med gull fraktur på svart botn:

Gud Tillære denne Kierke till Zirat Er dette Epitafium <br\> Forærit af Sr Anders Lauritzøn Fordum fogit i Lyster <br\> 1630.

I hovudfeltet er familien til Anders Lauritzson framstilt: fire menn til venstre, så fire kvinner med konehuer, og lengst til høgre fire med jenteband, to av dei framstilte som born. Personane er viste i ei rekkje i det dei kneler på puter på eit sjakkruta golv. Den måla arkitekturen på sidene fører inn mot ein portal mot det frie i bakgrunnen til venstre. I bakgrunnen skimtar ein ein lys vegg med portal.

Mannen nærast midten er framstilt med hendene falda framfor brystet og med kross over hovudet, dette er truleg Anders Lauritzson sjølv. Ei av jentene, den minste, er også merkt med kross og må vera død som barn.

I toppfeltet finst ei måla framstilling av Kristi oppstode som går attende til eit stikk av Willem van Swanenburg 1610. Den opne sarkofagen står på skrå framover i biletet med engelen sitjande på bakkanten. Han peikar opp mot Kristus, som svevar i ei lyskjegle opp frå sarkofagen med sigersfana i venstre hand. Tre soldatar og ein hund er framstilte i framgrunnen. Soldaten til venstre vender seg mot den oppstadne og slær ut med armane. Ein ligg med utslegne armar og bein framfor sarkofagen, den tredje løyner seg med skjoldet. Hunden ber lansen i munnen.

Epitafium, Søren Lauritzson

Epitafiet over futen Søren Lauritzson viser stor likskap med epitafiet over Anders Lauritzson. Hovudskildnaden er vengjene og feltet under hovudfeltet. Ein annan skildnad er at karyatidene her ikkje er så godt forma. Robert Kloster argumenterer for at begge epitafia er tinga og laga samstundes i 1630, og at nokre element på Søren Lauritzson-epitafiet er tilsette etter hans død i 1653.[29] Medan epitafiet elles har renessansepreg og er forma slik at det som ei altartavle kan stå på eit flatt bord, gjer dei bruskbarokke vengjene og underfeltet at dette epitafiet nærmar seg barokken, då dei meir vart som biletrammer til å hengja på ein vegg.

Det som elles er særmerkt for epitafiet er søylene som flankerer biletfeltet. Nedre delen av desse har skoren mosaikk i små diamantformer måla i ulike fargar.

Feltet mellom postamenta på fotstykket er utfylt med ornament, medan innskrifta står på eit ovalt skriftfelt på underfeltet:

Gud till ære Kierken till Zi <br\> rat, dette EPITAPHIUM Søffren Lau <br\> ridtzøn Foget i Indre Sogn Foræret <br\> haffuer. ANNO 1654.

I skjolda på sidene er det måla SLS til venstre og AMD (Anna Madsdatter) til høgre. Fargane på epitafiet er kvitt, svart, litt gull, grønt, ulike gråfargar, ulike brunraude fargar og sølv.

I hovudfeltet er det også her ei framstilling av ei rekkje knelande personar på sjakkruta golv, familien til Søren Lauritzson. Bakgrunnen er her ein rett vegg avslutta oppe ved horisontalt listverk. Bakgrunnen kan vera ei sekundær overmåling. Det er tre menn og ein gut til venstre, og to koner og to jenter til høgre. Mennene er kledde i embetsdrakt med pipekragar, damene er også svartkledde med kvite forkle, konene har konehuer og jentene band.

I toppfeltet er det her ikkje måleri. Feltet er portalforma og fylt ut med ornamental måling.

Epitafium, Stevelin Reutz

Reutz-epitafiet er eit reint bruskbarokk-arbeid med presten Reutz med familie framstilte i ein laurbærkrans med skoren ramme. Biletfeltet er liggjande, ovalt. Kring biletet er det ei rikt skoren ramme i bruskbarokk.

Biletfeltet er omgitt av ei profilert list, og utafor den ei opphøgd list forma som ein laurbærkrans med fire englehovud, sentralt over, under og på kvar side av biletet. Rammefeltet rundt kransen er sett saman av liggjande bord festa saman på baksida. Utvendes er ramma avgrensa ved ranker som saman med bruskornament også fyller flata. Ein femte engel avsluttar ramma i nedkant. Frå toppen og frå side-englane går det ut konsollar som ber obeliskforma spir på kuler. Rammefeltet er breiare oppe og nede enn på sidene, slik at epitafiet vert like høgt som breitt. Botnen i rammefeltet er nærast flat, men med einskilde opphøgde bruskmotiv. Rankene er dels glattkanta, dels kanta med rekker av runda former.

Over biletfeltet er det på ramma to ståande ovale felt der skjolda og initialane til presteparet er måla. Feltet til venstre har initialane HSAR, i skjoldet ein raud figur, truleg ein hjort med vengjer. Den same figuren er måla over skjoldhjelmen. Feltet til høgre har initialane EHD, i skjoldet er måla eit kranium over krosslagde bein, den same figuren over skjoldhjelmen.

Under biletfeltet er epitafie-innskrifta i eit rundt felt med opphøgd, pålagd skoren ramme forma som ein krans av blad og blomar. På feltet er skrive med gull fraktur på svart botn:

Til Guds ære <br\> og Kirkens Prydelse, hafuer <br\> Sognepræsten her paa Stædet, <br\> Hr Stevelin Adamsøn Reutz, <br\> Med hans Kiære Hustru, <br\> Elsebe Hans Datter, denne Tavle foræret. <br\> 1682.

Botnen er måla i broten kvitfarge med marmorering i blågrått, ornamenta er i grønt, blågrått, raudbrunt, brunt, gull og svart.

Biletfeltet har eit måleri i høg kvalitet. Måleriet er ei framstilling av familien Reutz. Stevelin Reutz står til venstre mot mørk, brunsvart bakgrunn og Elsebe til høgre mot eit raudbrunt draperi som skrår ned mot høgre biletkant. Framfor ekteparet er dei seks borna framstilte, fem gutar og ei jente. Guten lengst til venstre voks ikkje opp.

Stevelin Reutz er framstilt ståande i trekvart profil vend innover i biletet, den indre fjerdedelen av ansiktet ligg i skugge, resten er opplyst. Han har langt, brunt hår, tynn bart som går noko nedafor munnvikene, og hakeskjegg som kviler på pipekragen, han er framstilt med ei loddbein rynke mellom brynene, augene er vende mot venstre. Nasen er stor og boga, og uttrykket rundt munnen er bestemt. Hudfargen er lys og jamn. Reutz er framstilt i embetsdrakt. Han held høgre hand på høgre skuldera til ein av gutane som står framfor han.

Fru Elsebe til høgre er også framstilt i trekvart profil, vend innover i biletet og med heile ansiktet opplyst. Ho har litt skugge på høgre sida, i det biletet generelt har eit lys inn frå venstre side. Elsebe ber ein berrett-liknande hatt som går ut på høgre sida og eit tynt pannelin over det ovale ansiktet. Ho rettar blikket rett mot tilskodaren, auga har tunge augnelok og brynene er tynne, mørke og klart markerte. Nasen er stor og markert, munnen liten og stram. Uttrykket er alvorleg og ein tanke overberande. Kjolen er mørk, skuldrene dekte av ein stor, kvit kniplingkrage med rette hjørne framme, knytt saman i halsen av eit tynt, svart band. Kniplingen har store planteformer. Fru Elsebe har eit gullband på venstre hand, handleden kviler på skuldera til dottera, dei to held kvarandre i hendene.

Sonen lengst til venstre høyrer til i ei anna verd. Han er skuggefull med grønraud hudfarge, framstilt liten og med runde kinn i trekvart profil, håret hans forsvinn inn i bakgrunnen. Den andre guten frå venstre er også framstilt i trekvart profil vend innover. Han har langt, lysebrunt hår med lugg. I høgre handa held han ei bok med den eine fingeren som bokmerke. Med den venstre handa held han truleg handa til den tredje guten, dei klemmer tomlane til einannan. Han har svart jakke som dei andre gutane, og halspynt i to lag, eit kvitt skjerf er knytta rundt halsen og heng symmetrisk ned framme, lett falda og avslutta med ein brei knipling, over skjerfet ber dei ei gulbrun sløyfe. Den tredje guten ser yngre ut enn den andre, han har kortare, glattare hår. Faren si hand kviler på hans høgre skulder.

Dottera er den første av borna i høgre bilethalvdel. Ho har fått stor merksemd i biletet, særleg avdi ho skil seg frå brørne i klesdrakt og ved at ho og mora held kvarandre i hendene. Ho har brunraudt hår med midtskil dekt av ei hue av tynt, gjennomsiktig stoff. Hua er truleg glatt over bakhovudet, på kvar side går ho ut i rike faldar og dannar nærast ein parykk av lyse, lette krøllar, mellom hår og hue er det eit kvitt band. Ansiktet er alvorleg, ho er mørk rundt augo, har den same firskorne nasen som mora, og den litt stramme munnen. Kjolen er stramtsitjande, brun med blomemønster. Rundt skuldrene har ho som mora ein kniplingskrage halden saman i halsen av ein lysbrun rosett. Kjoleermene har utposingar av eit tynnare stoff. Over venstre handleden har ho eit band, truleg det same som går over i mora si hand.

Dei to gutane til høgre er svært like i uttrykk og utstyr. Dei har midtskil og halvlangt, lysebrunt hår. Hår og halspynt og anna er ikkje så detaljert måla som på gutane til venstre, og ber meir preg av rutinearbeid.

Rituelle kar

Ut frå inventarlistene i kyrkjestolebøkene var det ein kalk og ein disk av forgylt sølv i kyrkja. Dette settet har følgt kyrkja fram til kyrkjesalet. I 1690 finst ei sølvøskje til oblatane, ”1 sølv budiche at giemme ablaterne udi”. Ei tinnflaske til å ha vinen i vart kjøpt i 1646-48. I heile den perioden som er dekt av rekneskapane har kyrkja hatt eit stort dåpsfat av massing. Av dei rituelle kara som var i bruk i Dale kyrkje i tida etter reformasjonen, er berre dåpsfatet bevart.

Kalk

Kalk av sølv, innvendes gylt. Kupa er halvkuleforma med forsterka kant. Øvre og nedre skaftledd er innsvinga, nodus flattrykt med midtlist, foten svingar ut mot vulst over flat fotplate. Inngravert med prikkar oppe på kupa: IHS, og nede på fotplata: IPM og BECD, 1802. Stempel: Bergensstempel, PCB, 1802 og månadsstempel. Under fotplata er vekta prikka inn: V 21 lod 1 ½ qt. Kalken er 19,2 cm høg. Diameter fot 11,7 cm.

Vinause i sølv med avlangt, tverrstilt skeiblad med nebb. Rett smalt skaft som endar i kvadratisk ledd og tunge. På framsida har tunga kross over sol, på baksida kristogram.

Disk

Tallerkforma disk med nedsenka sekspassforma botn og opphøgd kant. Sentralt i botnen er inngravert eit krosslam med sigersfane. På kanten er årstalet 1802 prikka inn. Stempel: Bergensstempel, 85, DK, PCB, 3.

Oblatøskje

Nyare, sylinderforma oblatøskje med flatt lok og kross. Stempel 830 S, MÅ, N, 6.

Dåpsfat

Dåpsfatet er i massing, tallerkforma med drive og trykt mønster i konsentreiske ringar skilde med riller. Sentralt i botnen er det ei løve med vengjer og glorie, og med eit skriftband mellom framlabbane med driven innskrift: S. Marcus. Løva er i heilfigur og sett frå sida med hovudet vendt mot høgre. På skriftbandet er det ei uleseleg innskrift, eller det kan vera ”S. Marcus”. Rundt løva går ein ring av stempla, treflika blad, utafor denne følgjer ein ring med innskrift med uleseleg, gotiserande skrift, så ein ring av stempla ornament som liknar kornband. Denne er følgd av ein brei ring med driven vegetabilsk ranke, til sist ein ring med stempla bladmønster. I overgangen mellom botn og rand er det skråstilte, drivne tungeformer. Randa har to ringar med trykte motiv, fleirflika blad i den inste og treflika i den ytste. Fatet har ein diameter på 56,8 cm og er 6,5 cm høgt.

Kanne

Kanne av massing, med dekor inspirert av dåpsfatet. Innskrift: Dale Kirke, Til Minde om Dr. A. Laastad, Født 1866 – død 1921. Stempel. K. Hestnes.

Parament

Altarduk

Ein ny altarduk vart gjeven til den nyrestaurerte kyrkja i 1903 av ”fru ingeniør Landmark, Fru skibsfører Døsen i Bergen og fl.”.[30] I 1938 gav søstrene Stina Berge og Anna Johanna Berge ein altarduk.[31]

Altarduken som er i kyrkja i dag er av kvit lin. Kring kanten av bordplata er det på tre sider ei smal bord av uttrekssaum flankert av austmannarenning. Den same borda er atteken innafor falden på tre sider. Mellom desse bordene er det på framsida fem felt med filerte motiv der det i midten er størst og viser ein kalkliknande figur flankert av åttebladroser. Motiva elles er frå nord ein kalk, jesusmonogrammet IHS, eit lam og ein kross.

Altarklede eller antependium

Altarklede i raudt klede med broderi sentralt på framsida. Her er det brodert ein brei, ledda ring med plattsaum i gult, kvitt, lyseblått, mørkeblått og svart. Oppe, nede og på kvar side på ringen er det brodert ein blom med fire tungeforma kronblad i blått og kvitt. Inne i ringen er IHS brodert i kvitt og utafor ringen årstalet ANNO 1675 og under ringen initialane ICS og AID. Laberg opplyser at dette venteleg må vera ”Jens Christensen paa For [Fuhr] og kona Anne Jakobsdatter”.[32]

Messehaklar

I 1633 hadde kyrkja ein ny messehakel, sidan har nokon sett til i margen at det også var ein gammal. I 1646-48 vart messehakelen vølt med to alner taft. Inventarlista frå 1690 fortel at kyrkja då hadde ein grøn fløyels messehakel med brodert krusifiks, og ein messehakel i raud taft med blomstrete kross.

Det ligg føre eit vedtak i kyrkjetilsynet 9.3.1903 om å søka soknestyret om å skaffa ein ny messehakel. Dette har vore den vanlege, skjoldforma typen av fløyel med kanting og kross av gullband.

Messehaklar som no finst i kyrkja:

a) Grøn messehakel 1987, formgjeven og voven av Oddlaug Fidjestøl. Hakelen har smal, innskrådd form. Hovudstoffet av ull med innslag i biletvev, fôr av lysare grøn silke. Forsida har stolpe med lilla midtband med kvitt kristogram, flankert av blå band med lyst gul-grøne bladfriser. Ryggsida har gaffelkross med blågrøn botn og sentralt ein lilla gaffelkross som formar stammen i eit blømande epletre med lyst gul-grøne blad og kvite blomar.

b) Raud messehakel 2000, laga av Borgny Farstad Svalastog. Hovudstoffet er av toskafts ullvev. Hakelen har vid, innskvinga hovudform. Broderia tek utgangspunkt i motiv i kyrkja som er brukte ornamentalt og er repeterte i liten målestokk. Som hovudmotiv formar broderia gaffelkross med gresk kross i krossmidten på begge sider av hakelen. Svalastog har også laga stola og antependium til lesebrettet på preikestolen i same stoff og formspråk som messehakelen.

c) Kvit messehakel 2002, laga av Borgny Farstad Svalastog. Hovudstoffet er av toskafts ullvev. Hakelen har vid, innsvinga form. Ornamentikken er ein variasjon over motiv funne i kyrkja og repeterte som dekor på botnstoffet. Som på messehakel b og d er hovudmotivet ein gaffelkross med gresk kross i sirkel i krossmidten. Dette motivet finst på begge sider. Høgde 119 cm framme og 122 cm bak, vidde ved skuldrene 132 cm. Stola og antependium til preikestolen er laga i same stoff og formspråk.

d) Fiolett messehakel, 2010, laga av Borgny Farstad Svalastog. Hovudstoffet er av toskafts ullvev. Hakelen har vid, innsvinga form. Ornamentikken er ein variasjon over motiv funne i kyrkja og repeterte som dekorasjon på botnstoffet. Som på messehakel b og c er hovudmotivet på begge sider ein gaffelkross med gresk kross i sirkel i krossmidten. Høgde framme 118 cm, høgde bak 123 cm, vidde ved skuldrene 132 cm. Stola og antependium til preikestolen er laga i same stoff og formspråk.

Messeskjorter

I 1633 hadde kyrkja ei ny og ei gammal messeskjorte. Ved synfaringa i 1661-64 er det laga ei ny messeskjorte av 11 alner lerret. I 1670 kjøpte kyrkja fire alner lerret for å laga nye ermer i den gamle messeskjorta.

Teppe

I altarringen ligg det eit vove teppe av ull med rutemønster i to gråfargar. Midtgangen fram til altaret har ein gråmelert løpar frå Ledaal.

Lysstell

Ein båtforma lysestake frå mellomalderen finst på Bergen Museum (MA 58). Han er 89 cm lang, 53 cm høg og 11 cm brei.

Første gongen kjeldene fortel om lysestakane i kyrkja er i 1633. Kyrkja hadde då to lysestakar i massing, kvar med to piper ”dend ene er afslagen”. Det finst også eit malmkar til å henta glør i ”naar lius tendis”. Kanskje var det den pipa som mangla som vert gjort greie for i same rekneskapsåret (1633). Då vart det ”Giffuet for en lusestage at ferdig giøre paa alterit som var ubrugelig …”. Lysestakane vart vølte ofte framover på 1600-talet. I 1720 kan kyrkja ha skaffa ein ny lysestake, då er ”den nye” lysestaken vølt. Inventarlista frå 1690 fortel at kyrkja då hadde to store massing lysestakar med ”2 piber og 1 pig midt udi”. Tre år etter er det ”2 store vmage messeingstager, af den ene er en arm afbrødt”. Den eine av desse stakane må vera ein av dei som er i kyrkja i dag. Den andre i kyrkja er kanskje den som er nemnt som ny i 1720. Utanom det lysstellet som er nemnt nedafor, har kyrkja moderne lysarmatur frå Høvik lys.

Altarstakar

a) Lysestake av massing. Flat og vid fotplate og balusterforma skaft som endar oppe i pigg. Fotplata er noko høgre enn fotplata på b, og sidene skrår innover, indre del av plata er noko opphøgd. Skaftet er sterkt konturert og over midten har det ei plate med feste for to sidearmar som er vekke. Piggen er ettermåten liten. Staken er ca 51 cm høg. Diameter fot 26,7 cm.

b)Lysestake av massing. Flat og vid fotplate og balusterforma skaft som endar oppe i pigg. Fotplata er lægre enn på a, og skaftet meir moderat konturert. Sjølve piggen er lægre enn piggen på a. Nedre del av piggen er dreia. Høgde ca 46 cm, diameter fot 33,1 cm.

c) Lysestake av smijarn i båtform. Kopi av den stake frå mellomalderen (på Universitetsmuseet i Bergen), laga til jubileet i 2000 av Olav Punt. Staken er 52 cm høg og vel 73 cm brei.

Lysekroner

a) Massing lysekrone i koret. Truleg frå 1800-talet. Krona har balusterforma stong med kule med knopp nede og ring for oppheng oppe. Stonga har to plater som kvar ber seks lysarmar. Høgde ca 65 cm.

b) Lysekrone midt i skipet, 1903. Krona har balusterforma midtstong med tre plater med lysarmar. Oppe er ho avslutta med ei lita kule under skålforma plate som løyner opphenget. Nede er ho avslutta med kule med knopp. Kvar plate har seks lysarmar i minkande storleik oppover. Armane er s-forma og endar med lysskål og lyspipe for talglys. Dei nedste armane har oppståande, liljeforma reflektorar inne på armane, dei øvste armane har skålforma reflektorar. På kula nede er gravert: Denne Krone er givet til KIRKEN af Dale Ungdomslag 1903. Krona er om lag 70 cm høg.

c) Under galleriet heng ei krone av same produksjon som den i skipet, men mindre. Krona har to plater med armar, den nedste har åtte lysarmar, den øvste åtte reflektorar. Krona er om lag 45 cm høg. Denne krona vart kosta av ein del kvinner og menn frå kyrkjelyden og gjennom ei ofring i kyrkja.

Klokker

Den eine av klokkene i kyrkja vart omstøypt i Bergen i 1631-32. Denne klokka vog 27 våger og klokkestøyparen la til to voger i den nye klokka. Etter at denne stolre klokka var montert i ein bjelke som lå ”tuert ofr ald Kierchen”, heiter det i 1633 at kyrkja hadde ”1 stor nye kloche udi kierch. Noch ii smaa udi taarnet”. Seinare inventarlister reknar opp to gode klokker og ei klokke som er mindre enn desse og sprukken.

a) Mellomalderklokke frå 12- eller 1300-talet. Krone med høg, kraftig midtboge og tunne, runde bogar der berre tre av seks er att. Kroneplata er flat, hua sterkt runda. Halsen har to riller, kroppen utskrådd og svingar ut mot nedbøygd slagring under to mest utviska riller. Slagringen skrår ein tanke nedover på undersida og har svake ringar. Diameter 58 cm, høgde 74 cm med krona.

b) Klokke frå 1631-32, omstøypt av ei mellomalderklokke. Klokka har oppheng med seks kraftige bogar og midtboge, flat kroneplate, runda hue, rett hals, utskrådd korpus og nedbøygd slagring. Mellom riller på halsen finst følgjande innskrift i to band:

IN GODTES NAMEN BIN ICH GEFLOSSEN MICHEL LINNI ZV PERGEN HAD MICH GOSSEN / S ANREAS LARSCHEN HADT DAS GIESSER LON ZV DISER GLOGEN BEZALD 1632.'

Diameteren er 94 cm, høgde med krone 90 cm.

Orgel

a) Dale kyrkje hadde orgel alt på 1800-talet. Orgelet var laga av orgelbyggjar Peter Nielsen Quarme frå Voss (d. 1853). Orgelet vart i samband med restaureringsarbeida i 1903 sendt inn til De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum, men finst ikkje i samlingane no.

b) Det andre orgelet kom etter restaureringa. Kontrakt vart teikna med Landrog 26.august 1912 og orgelet stod ferdig 14. august i 1913. Dette orgelet hadde seks stemmer fordelte på ein manual og anhangspedal, overføringa var pneumatisk.

c) Orgelet som står i kyrkja no vart innvigd 3. desember 1967. Det er av tsjekkisk fabrikat, Rieger-Kloss, og har 12 stemmer fordelte på to manualar og pedal.[33]

Bøker

Kyrkja hadde ein ny bibel i 1633, den gamel var utlånt til Jostedalen kyrkje. Det var kjøpt ny bibel kring 1650. I 1687 betalte kyrkja for å få ein gammal bibel i ”4 parter” innbunden, truleg den som er nemnd i inventarlista frå 1690 som ”1 C4 [Christian 4.] bibel i fire tommer nylig innbunden”. Elles var det i kyrkja ein gradual og ei altarbok i 1633, den nye altarboka som vart skaffa i 1689, brann i Bergen i bybrannen i 1702. I 1723 hadde kyrkja framleis ”Christian quarti bibel i 4re tomer”. I tillegg hadde kyrkja då ein ny gradual in folio, ein gammal gradual, ei ny altarbok in quarto, ei gammal altarbok og ein kyrkjeritual in quarto.

Av gamle bøker har kyrkja no ein gammal bibel, Frederik 4., Kbh. 1722. Bibelen har treperm i skinnband, beslag av massing og skinnhengsle og var ei gåve frå Alfred Langeteig.

Nummertavler

a) I våpenhuset heng to tavler som tidlegare har vore nummertavler, dateringa er usikker. På baksida har dei fleire spikarhol, og bruken som nummertavler kan vera sekundær. Tavlene er laga av enkle bord som er skorne i tredelt boge i overkant og svartmåla. Det er restar av kvit skriveskrift over svartfargen. Oppe har det stått Før Prædikenen og nede: Efter Prædikenen.

b) To ovale nummertavler med ramme forma som laurbærkrans, etter modell av den indre ramma på Reutz-epitafiet. På sidene og nede går blada ut frå ein ring. Talflata er kvitmåla, botnen i ramma er brunraud, ringane gylte og blada grøne.

Møblar

Skrin

Skrin med skoren beslagornamentikk og dekorativ måling. Årstalet 1843 er måla på skrinet, som var del av ei testamentarisk gåve frå familien Berge i Fortun.

Skåp

Ved austmuren i sørausthjørnet i koret står eit høgt, smalt skåp med ei dør og hyller innvendes. Skåpet er innpassa i den innelukka stolen i hjørnet.

Stolar

a) Barokkforma stol med rikt utskore toppstykke og ryggbrett. Ryggstolpar, armlene og h-kryss er dreia, medan armlener, frambein og bindingsbrett har rike utskjeringar. Setet er stoppa og trekt med skinn. Stolen er laga av Gunnar Øygarden som testamenterte stolen til kyrkja.

b) Karmstol med treskurd arbeidd av sløydlærar t. Asheim og gjeven til kyrkja av sokneprest Alfred Fidjestøl og kona Margit.

Offerutstyr

På 1600-talet hadde kyrkja fleire klingpungar, kollekthovar på stang. På De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum er det ei blokk til innsamling av pengar som kjem frå Dale. Det kan vera den blokka som vart laga i 1670: ”een nye fattig bloch, huor udi di fattiges penge indsamlis”.

Diverse

På 1600-talet hang det to skjold i kyrkja. Desse er vekke.[34]

Ein skipsmodell heng over midtgangen. Modellen har kanoner etter sidene og bak, og to master. Skipet er fullrigga og ber dannebrog bak og ein raud og kvit vimpel framme. Skroget er blåmåla.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

Kyrkjegarden kring kyrkja <br\> Kring kyrkja er det ein liten kyrkjegard med nokre graver vest og sør for kyrkja. Dette området må ha vore i bruk som kyrkjegard alt i mellomalderen. Kyrkjegardsportar i nord og sør, aust for kyrkja, kan påvisast attende til 1600-talet. Her var det tidlegare portar med overbygg med to portstolpar som bar eit lite, tverrgåande saltak. I 1817 er det rapportert problem med desse portane. Allfarvegen gjekk gjennom kyrkjegarden, og tenarane til presten måtte henta vatn til hushaldet på sørsida av kyrkja. Dette gjorde det vanskeleg å halda portane stengde og førte til at ein tok ned portane og oppbevarte dei i kyrkja. Problemet med den løysinga vart at geitene gjekk fritt på kyrkjegarden og planting av tre og mindre planter vart uråd. Utetter mot midten av 1800-talet vart det fylt på meir jord på kyrkjegarden, og murane vart tilsvarande oppbygde, det vart planta, og portane vart sette inn att.

Kyrkjegarden har gjennomgått visse endringar den siste tida. Det vart mura opp ny steingard av flate heller på nordsida av kyrkjegarden kring 1960. Til jubileet i 2000 vart det laga ny tilkomstveg til kyrkja, med port gjennom steingarden i nord lengre vest enn den tidlegare inngangen som hadde veg gjennom prestgardstunet.

Gravplassen nord for prestegarden <br\> Etter lova om kyrkjer og kyrkjegardar frå 1851 vart kyrkjegarden kring kyrkja alt for liten, og det vart arbeidd med å skaffa ein hjelpekyrkjegard. Det vart teke ut eit stykke av den dyrka marka under prestegarden, nord for prestegardshusa, til denne bruken. Det vart halde skjøns- og takseringsforetning over stykket 15. juni 1855. Ein steinmur rundt plassen vart laga på dugnad, og plassen vart vigsla 8. mars 1857.[35]

Den nye kyrkjegarden har vorte utvida fleire gonger. I tidsrommet 1924-28 er det kvart år meldingar i kyrkjetilsynsprotokollen om avsette løyvingar til utviding av gravplassen. 11. april 1923 gav departementet løyve til utviding med 500m2. 28. februar 1930 vart det gjeve løyve til ei utviding på om lag 700 m2.[36] Utvidingsløyve vart også gjeve i brev dagsett 30. september 1964. Planane for utviding vart då utarbeidde av hagearkitektane Fosså og Skjold. Arealet, 1864 m2, vart teke av prestegardsjorda.[37]

Gravminne

På kyrkjegarden ved kyrkja er det ein del eldre gravminne. Alle desse er fotograferte. På gravplassen nord for kyrkja er einskilde eldre gravminne fotograferte. Sjå Bilete.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Ei tid var det oppmura eit gravkapell utafor sørportalen i kyrkja, knytt til slekta Daae. Gravkapellet vart teke ned rundt 1850, og kistene vart sette ned på kyrkjegarden.

Toalettilbygget ved kyrkja er teikna av arkitekt Kielland og oppført i 1903. Bygget er seinare modernisert og har fått eit lite tilbygg på vestsida.

Bårehuset på nordsida av kyrkja er teikna av arkitekt Kristian Bjerknes og vart oppført i 1958. Det er integrert i nordmuren som vart oppført på same tid.

hjelpekyrkjegarden nord for kyrkja vart det oppført eit nytt servisebygg i 20..

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift av manus <br\>

Arkivverket, Statsarkivet i Bergen <br\> Bjørgvin Biskop, 023.120, Indre Sogn, kyrkjegardar <br\> Prestearkiva, Luster, Kyrkjetilsynsprotokoll 1898-1941 <br\> Prostearkiva, Prosten i Indre Sogn, Visitasprotokoll 1, 1819-1835 <br\> Rekneskapar, Kirkestolebok 1631-1683, L.nr. 68 <br\> Rekneskapar, Kirkestolebok 1690-1723, L.nr. 69 <br\> Stiftsamtmannens arkiv, 1680 – 1698, L.nr. 1725 <br\> Synfaring 1686, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3 <br\> Synfaring 1721, Stiftsamtmannen, nr. 1719, Sogn <br\>

Arkivverket, Riksarkivet <br\> Synfaring 1661 – 1665, Rentekammeret, Rekneskapar, A.d. Bergens Stift, 46, Sogn <br\> Synfaring 1709, Rentekammeret, realistisk ordnet avdeling, pk. 3, Sogn <br\>

Riksantikvaren <br\> Riksantikvaren, Antikvarisk arkiv, A – 283, Dale kyrkje, korrespondanse. <br\> Storsletten, O., Rapport, Riksantikvaren, Arkivet <br\>

Luster kyrkjekontor <br\> Kallsbok <br\> Kyrkjebok for presten 1849-1859, A7 <br\>

NIKU (Norsk institutt forkulturminneforsking) <br\> Norges Kirker, kopi av brev frå departementet til Bjørgvin Stiftsdireksjon

Trykte kjelder

Hoff A.M. m. fl., Dale kyrkje i Luster 750 år, Bergen/Luster 2000 <br\> Kloster, R., ”Snekkerhåndverket i Bergen under renessansen”, i Bergens Museums Årbok (BMÅ) 1942, historisk-antikvarisk rekke, nr 1, s 106-108 <br\> Kolnes, S.J., Norsk orgelregister, Førdesfjorden 1993 <br\> Laberg, J., Luster : Bygd og ætter, Bergen 1926 <br\> Norsk kunstnerleksikon, Oslo 1986 <br\> Olsen, M., Norges innskrifter med de yngre runer, band IV, Oslo 1957 <br\> Seter, O., Tre lag kalkmalerier i Dale kirke, Fortidsminner XXXVII, Oslo 1953 <br\> Solhaug, M.B., Middelalderens døpefonter i Norge, Vol II – Katalog, Oslo 2001

Nettsider

RN = Regesta Norwegica, Arkivverket, Digitalarkivet

Oppmålingsteikningar og fotografi

Brockmann, M., Skisse i Hoff 2000

Bilete




  1. RN III, nr 332
  2. Hoff 2000, s 21-23
  3. Storsletten, rapport
  4. Hoff 2000 s 89-97
  5. Sjå teikning av M. Brockmann i Hoff 2000 s 11
  6. Hoff 2000 s 14-17
  7. Hoff 2000 s 33f med teikning av M Brockmann same staden s 33
  8. Hoff 2000 s 20 og fig. s19
  9. Det kan altså ikkje ha vore Nils Målar som måla i våpenhuset slik ein har trudd. Han var i kyrkja i 1650-åra. Hoff 2000 s. 47.
  10. Runeinnskriftene er attgjevne etter Olsen 1957, s 87f
  11. Olsen 1957, s 90
  12. For ein detaljert gjennomgang av Seter sitt arbeid, sjå Seter 1953
  13. Seter 1953, s 5
  14. Seter 1953, s 28
  15. Detaljert beskriving hjå Hoff 2000, s 48f
  16. Transkripsjon av innskriftene i Hoff 2000, s 58f
  17. Riksantikvaren, Antikvarisk arkiv
  18. Riksantikvaren, Antikvarisk arkiv – A-283, Dale kyrkje, korrespondanse.
  19. Luster kyrkjekontor, Kallsbok, fol. 11b
  20. Luster kyrkjekontor, Kallsbok, fol. 10b
  21. Rekneskapsopplysningar og Norsk kunstnerleksikon, Oslo 1986, bd 3, s. 433
  22. Rekneskapane
  23. Kummens historie er attgjeven i Solhaug 2001, vol II, s 35. Ho gjev også ei nærare beskriving av fonten.
  24. Hoff 2000, s 87
  25. Bendixens manus
  26. Hoff 2000, s 39
  27. Bendixens manus
  28. Riksantikvaren, Antikvarisk arkiv, A-283, Dale kyrkje, Restaureringsrapport 1.8.1986, Havrevoll, og seinare rapportar.
  29. Kloster 1942, s 106-108
  30. Statsarkivet i Bergen, Prestearkiva, Luster, Kyrkjetilsynsprotokoll 1898-1941, Fol 8b.
  31. Luster kyrkjekontor, Kallsbok.
  32. Laberg s 54
  33. Kolnes 1993, s 370
  34. Hoff 2000, s 40
  35. Luster kyrkjekontor, kyrkjebok for presten 1849-1859, A7
  36. NIKU, Norges Kirkers, kopi av brev frå departementet til Bjørgvin Stiftsdireksjon
  37. Statsarkivet i Bergen, Bjørgvin Biskop, 023.120, Indre Sogn, kyrkjegardar