Borgund kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Stavkyrkja på Borgund var for lita for kyrkjelyden etter lova frå 1851. Formannsskapet vedtok difor å utvida kyrkja ved å flytta ut sør- og nordveggene i skipet.

Fortidsminneforeninga, som ville hindra at den særeigne stavkyrkja vart øydelagd, ville heller at bygda skulle få hjelp til å byggja ei ny og betre tenleg kyrkje, og det vart løyvt midlar til dette frå Stortinget i tillegg til det som kommunen kunne skaffa. Fortidsminneforeninga vart ståande som eigar av den gamle kyrkja.[1]

Den nye kyrkja vart vigsla 20. august 1868 av sokneprest Henning Frimann Dahl. Byggmeistrar var F. Gade og C. Agthe.

Bygningen

Borgund kyrkje er ved sida av Stedje, Årdal og Hauge kyrkjer av dei prefabrikerte kyrkjene som vart teikna av Chr. Christie i andre halvdel av 1800-talet. Kyrkjene har mykje sams, men er ulikt store, og Borgund kyrkje er den minste av dei med plass til 175 sitjande. Den er også den einaste som ikkje har tårn, i det den gamle tårnstøpulen, som står mellom dei to kyrkjene på Borgund, ber klokkene.

Kyrkja er ei langkyrkje med smalare og lægre kor, med dei vanlege sideromma på kvar side av koret og med eit apside-liknande utbygg aust i koret. Framfor skipet er det laga eit forbygg med open sval i første høgda og med forrom til galleriet i andre. Kyrkja har ikkje våpenhus. Midt på taket over skipet står ein enkel takryttar.

Som dei andre Christie-kyrkjene er Borgund kyrkje ein variasjon over stavkyrkjetemaet med skip og kor med omgangar omkring midtrom. Det er her lagt stor vekt på at omgangane skal vera tydlege utvendes, i det austhjørna har ubrotne omgangar både i skip og kor og sideromma til koret er små og sette rett inn mot koromgangen i nord og sør. Koret strekkjer seg fram til midtromsstolpane i skipet og bakkanten av altaret står i skiljet mellom midtrom og omgang i koret.

Kyrkja fekk først ein beis/lasur utvendes som understreka treverket, etter kort tid vart ho måla i ein brungul farge med mørkare brune lister. Kyrkja stod lenge raudmåla med gule lister. Sist kyrkja vart måla, i 2006, vart også listene raudmåla. Vindauga er kvite.

Vegger

Kyrkja har vegger i bindingsverk som innvendes og utvendes er kledde med ståande staffpanel. Omgangsveggene er heile, med unntak av opningane i vest, midtromsveggene er understøtta av mellomstolpar og har store vindaugsflater. Mellomstolpane, saman med takverket over omgangar og midtrom, markerer ei inndeling av skipet i tre fag, og av koret i to fag. Mellom stolpane i lengderetning er det sett inn skråstøtter under midtromsveggen. Desse møtes midt mellom stolpane slik at opningane får ei slakt spissboga form. Faga er ikkje markerte i omgangane innvendes, men i eksteriøret er skilja mellom faga markerte med to ståande bord som ligg ei bordsbreidd lengre ute enn panelborda elles.

Portalar og dører

Kyrkja har opphavlege fyllingsdører med to x to høge fyllingar i dei fleste dørene. Det er fløydør vest i skipet og døropningar mellom kor og siderom. Døra til sakristiet i sør er erstatta med portiere. Frå korets siderom er det utgangsdører i vest.

Framfor hovudinngangen vest i skipet er det ein open sval med ark over portalen i vest. Svalen har brystning og pillarar skilde med kløverbladsbogar. Sjølve portalen har høgre kløverbladsboge og er stengd med fløyport av spiler med boga overside og kross sentralt.

Korskiljet

Korbogen er i prinsippet det vestre sperrebandet i koret (Sjå nedafor under tak). Mot skipet har det dekorelement der den kløverbladforma / spissboga opninga er dekt med vimperg med kross og krabbar, og flankert av stolpar utforma som fialar med kross. Desse er borne av hjørnestolpane mellom korets og skipets midtrom. Det er elles berre golvnivået som skil mellom kor og skip.

Motivet med vimperg og fialar er teke opp att i mindre målestokk i skiljet mellom korets midtrom og omgang / apside i aust og mellom vestgalleriet og galleriets forrom i vest.

Vindauge

Vindauga er sette saman av høge, sprosseinndelte rammer der den øvre ruta har kløverbladform. Vindauga i skipets midtromvegg har fem rammer, vindauga i koret tre. Det er ein karm i kvart fag. I vestre omgang er det lægre, torams vindauge, eitt på kvar side av innganspartiet. I korets siderom er det tilsvarande vindauge i endeveggen. Vest på orgelgangen er det eit vindauge med tre rammer der midtramma er høgst.

Vindauga har sekundært fått tilsett ekstra rammer med glas innvendes, desse er delte i to horisontalt med sprosse.

Golv og fundament

Golvet i skipet er eit bordgolv lagt i lengderetning, slipt og lakka. Sommaren 1956 vart det lagt nytt golv oppå det gamle, med glasvattisolasjon mellom golva. Koret har same slags golv, men borda ligg på tvers av lengderetninga. Korgolvet, som går fram til midtrommet i skipet, ligg to steg høgre enn golvet i skipet. Det er også avgrensa til midtrommet i breidda, men på nordsida er den vestre delen forlenga litt ut i skipets omgang for å gje plass til piano.

Kyrkja ligg i skrått terreng og har høgt fundament av naturstein under austre del, skrådd til bakkenivå i vest. Fundamentet har rektangelform og er større enn kyrkja, med tilkomst til dørene i sideromma for koret og til bruk ved utvendes vedlikehald av kyrkja. Grunnmuren i kyrkja er også av naturstein.

Tak

Kyrkja har sperretak og takkonstruksjonen er synleg nedafrå. Omgangstaket er bore av sperrer og av skråstøtter mot mellomstolpane. Over skipet er det to sperreband utanom gavlane. Desse har sperrer, bindbjelke understøtta av skråstøtter frå mellomstolpane og hanebjelke understøtta av knestokkar frå bindbjelkane. I hjørna under hanebjelken er det sett inn eit lite kne mot knestokkane.

Sperrebandet midt i koret er enklare med undrestøtta bindbjelke som ber knestokkar festa til sperrene med kne.

Taka er kledde innvendes med ståande staffpanel og utvendes med lappheller. Dei første åra var taka tekte med spøner som stavkyrkja.

Apsiden og korets siderom har saltak med valming i ytterkant. Alle møne har gjennombroten mønekam og på kvar gavl står ein utskoren kross.

Himlingar

Himlingane i skip, kor og apside følgjer takforma og er kledde innvendes med ståande staffpanel. I korets siderom er det flate himlingar av staffpanel.

Takryttar

Kyrkja har ikkje tårn, men det er sett ein liten takryttar midt på skipets tak. Den nedre delen som rir over mønet er firkanta, konvergerande og kledd med staffpanel. Over denne, på hjørna, står fire rette hjørnestolpar som er avslutta med ramme under hjelmen. Skråstøtter mellom stolpane og ramma formar ein kløverbladboge på kvar side. Den høgt pyramideforma hjelmen som kviler på ramma er tekt med lappheller og endar oppe med spir med flattrykt kule og kross. Klokkeringing skjer frå tårnstøpulen mellom Borgund kyrkje og Borgund stavkyrkje. (Sjå under stavkyrkja.)

Interiør

Altar aust i koret med bakkanten i skilje mellom midtrom og omgang / apside. Stor altarring med tre sider av eit rektangel. Flyttbar døypefont, lysglobe og piano nordvest i koret. Skipet har benker på begge sider av midtgang, benkene går heilt bak under galleriet. På nordsida midt i skipet står ein støypejarnsomn. Tverrgalleri i midtrommet i vest. Elektrisk lys vart montert i 1948 og omnar ti år seinare.

Fargar

Då Bendixen vitja kyrkja kring 1900 hadde interiøret den mykje vanlege gul-brune fargesettinga. Kyrkja vart måla i 1964 etter fargeskjema utarbeidd av kornservator Qvale hjå Riksantikvaren(Kallsbok).Sist kyrkja fekk ny fargesetting innvendes var i 1993 då ho vart måla i dagens fargar med okergule vegger, dempa mørkt raude konstruksjonselement og grå staffasje. Golvet er trefarga og lakka.

Inventar

Altar

Kassealtar med bordplate av plankar, sveifa, skråstilte hjørnestolpar og sokkel. Alle fire sider har kløverblaforma blindbogar, tre på forsida, to på baksida og ein på kvar side. Dei to kløverbogane på baksida er begge i dørblad til skåp i altaret. Altaret har dei opphavlege fargane med brun lasur.

Altartavle

Som altartavle nyttar ein framleis krusifikset som vart laga då kyrkja var ny. Jesusfiguren er skoren av Brynjulf Bergslien og er av nygotisk form.[2] Jesus heng med armane i boge og med hovudet, som ber tornekrone, bøyg ned mot hans høgre side. Augene er attlatne. Høgre hand viser signingsgest. Kroppen er framstilt i lett kontraposto og beina er nagla saman med høgre fotblad øvst. Kort lendeklede knytt på Jesu høgre side. Figuren og eit gloriefelt i krossmidten er gylt. Krossarmane har kløverbladforma endar og hovudstammen går ned sentralt bak altaret og er festa til dette. Krossen er måla i interiørfargane raudt og grått.

Altarring

Altarringen har tre sider av eit kvadrat og er open ved altarets sider. Han har flat handlist med indre hylle for særbeger. Handlista er boren av baluster med kløverforma bogar. Brei, stoppa og skinntrekt knelepute. Raudmåla med grå staffering.

Enkel kasseforma kneleskammel framfor altaret.

Døypefont

a) Døypefont som vart laga til kyrkja då ho var ny. Fonten har flat, sekskanta kum med profilerte sider. Skaft og fot går i eitt med seks radiert stilte bord. Raud- og gråmåla. Denne fonten er no i bruk.

b) Døypefont som vart gjeven til kyrkja saman med nytt dåpsfat og anna i 1965. Denne fonten er også sekskanta og er skoren ut av ein stamme. Kummen er innskrådd med ein rettsida øvre del med ulike skorne symbol. Skaftet er nærast rett, noko innskrådd nedover. Foten skrår ut mot rett standkant med skorne ornament. Gul- og brunlasert.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fire sider av ein femkant og opning mot oppgang frå aust mellom to stolpar i korskiljet. Stolen har handlist stoppa og trekt med raudt stoff med gullfrynser, bokbrett mot nordvest. Øvre smalfelt av enkelt listverk med dobbel tannsnittlist. Storfeltet har glatt fylling i ramme med fas og knopp inn mot fyllinga. Enkle hjørnestolpar. Glatt nedre smalfelt med enkelt profil. Stolen står på eit bordliknande understell med sarg og fem bein, dels dreia, dels sekskanta. Oppgang i tre steg frå koret. Raud- og gråmåla.

Lesepult

Då det vart aktuelt med lesepult i kyrkjene, vart eit bokbrett som tidlegare stod festa til nordre korvegg teke i bruk til denne funksjonen. Ein sokkel vart påmontert slik at pulten kunne stå fritt.

Benker

Originale, opne benker med rette vangar med kløverbladform ved stolryggen, sveifa fram som armlene over setehøgd. Gjenombroten firpass nede på vangen. Benkene har ei ryggfjøl der bakdelen er skrådd som bokhaldar, og fotstøtte. Setefjøla er halden oppe av vangane og ei ekstra støtte under midten av benken. Raud- og gråmåla. Lause seteputer.

Galleri

Galleriet fyller det vestre av dei tre faga i skipet og er støtta opp av mellomstolpar, veggstolpar og av to ekstra stolpar som flankerer midtgangen. Galleriet har no eit framspring over midtgangen, dette vart truleg laga i samband med nytt orgel tidleg på 1960-talet.

Gallerifronten viser bjelkelag under brystning av ståande staffpanel avslutta med ramme og handlist. Panelet er gulmåla, listverket raudt og grått. Himlinga under galleriet er flat og kledd med staffpanel. Det går trapp frå sørvest i skipets omgang opp til galleriets forrom over vestre omgang.

Måleri

Kyrkja har åtte maleri som framstiller dei fire evangelistane og fire profetar (Daniel, Esaias, Esekiel og Jeremias). Måleria vart innkjøpte for midlar som vart gjevne til kyrkja. Berre 2-3 av måleria er signerte Siv J. -77 [Siv Jørstad], men alle er måla av henne.

Tavler

To nummertavler med skoren ornamentikk på toppfelt og fotlist. Tavlene er delt i to vertikalt med list og merkte FØR og EFTER med skorne versalar. Toppfeltet har tre knoppar med skore draperi mellom over tannsnitt, fotlista er konsollforma med grunn tannsnittlist nedst. (Truleg frå Kyrkjelaget 1933 – sjå nedafor under blomstervasar). Tavlene er måla i to gråfargar og staffert med gull.

Rituelle kar

Kalk

Kalk i sølv med skrå kupa med runda botn, rund nodus, sekskanta øvre og nedre skaftledd nagla til kupa og seksflika fot. Foten har stankant på plate. Nodus har seks drivne tungeornament med mellomliggjande dekor. Skaftledda er avgrensa ved riller. På standkant og øvst på foten er eit ornament med rekkje av romber vekslande med ståande element. Kupa er gylt innvendes.[3] På ein av flikane på foten er det nagla fast eit gylt krusifiks. Innrissa vekt i lodd på undersida, to stempel på standplata. Det er i seinare tid sett til ein innsats med nebb i kupa. Denne er med ein krage tredd ned over kupas overkant. Innsida er ikkje gylt. Innsatsen er stempla JT (Tostrup), 830 S. Høgde 21,3 ved nebbet. Største vidde fot: 13,3 cm.

Disk

Disk i sølv med gylt overside. På randa siselert signingskross på ei side og innskrift med skriveskrift på den andre: Borgens Almuis Gafue 1684. Diameter 13,2 cm, rand 1,7 cm.

Vinkanne

To rebekkakrukker i steintøy med brunspetta dekor og opphøgd, brunfarga kross i front på korpus. Merkte Feyer. Høgde 34,3 cm ved hanken.

Vinnebb <br\> Ovalt blad, innvendes gylt og med nebb på ei side. Kross med strålekrans på framsida av skaftenden, Chi-rho på baksida. Stempel: 830, S og meisterstempel. Gylt innvendes. Ligg i originaløskje frå David Andersen. Lengde 18 cm.

Oblatøskje

Sylinderforma standard oblatøskje i sølv, innvendes gylt. Øskja har lett konvekst lok med siselert latinsk kross og innskrift 20-8-1968. Stempel: 830 S, Kalk i oval, TH MARTHINSEN og 2. Diameter 11 cm, høgde 3,7 cm.

Dåpsfat

a) Sekskanta dåpsfat i massing laga til kyrkja. Sidene svingar inn og ned mot sekskanta botn. Etter kanten er det drive inn ei rad med prikkar, og skøytane er ytst dekte av eit blad. Største vidde 51 cm, høgde 6 cm.

b) Rundt dåpsfat i sølv. Fatet har forsterka kant, flat rand og runda botn Rundt kanten er siselert med versalar: LAT SMÅBORNI KOMA TIL MEG, HINDRA DEI IKKJE! FOR GUDS RIKE HØYRER SLIKE TIL +. Innskrift med versalar under botnen: DØYPEFONT [b], FAT OG MUGGE ER GÅVE FRÅ KARI, ELSA OG HÅKON ERAKER. ANNO 1965. Stempel: DAVID-ANDERSEN, 830 S og skålvekt (meisterstempel). Diameter 40 cm, høgde 5,2 cm.

Kanne

a) Kanne til dåpsvatn, truleg plett. Ikkje i bruk. Standard sølvsmedvare med pæreforma korpus og vid hellekant. Kross på begge sider av korpus. Stempel K. Hestenes, Bergen. Høgde 29 cm, største vidde 25 cm.

b) Kanne til dåpsvatn, slank pæreform med rett hals, opphøgd hellekant og lett svungen hank. Latinsk kross med strålar på korpus. Stempel: DAVID ANDERSEN, 830 S, skålvekt. Høgde 28,4 cm, største vidde 13,5 cm.

Parament

Altarduk

Altarduk i kvit lin med 19 cm brei bord i svartsaum på tre sider. Sentralt framme har borda ein noko høgre kross, elles er motivet beger og kristogram (chi-rho) vekselvis, skilde med små åttebladroser.

Messehaklar

a) Raud, rettsida messehakel. Hovudstoff i viskosedreiel med krossar i mønsteret, fôr av gult lerret. Hakelen kanta med smalt gullband. Ryggsida har applikert kross kanta med det same bandet, forsida kristogram (chi-rho), begge med broderi i form av leggsaum i gulltråd. Festa med tre hekter på venstre skulder. Produsent: Den Norske Husflidsforening. Høgde 107 cm, breidde 64 cm.

b) Grøn, rettsida messehakel. Hovudstoff av lin (?) i krosskypert, gult fôr av lerret. Hakelen er kanta med smalt gullband. Forsida har stolpe med grunn markering av krossarmar der jesus-monogram er brodert på applikert rute i naturkvitt stoff. Ryggsida har kross med applikert rute med brodert sigerslam i krossmidten. Festa med tre hekter på venstre skulder. Produsent: Den Norske Husflidsforening. Høgde 104/97 cm, breidde 65 cm.

c) Kvit messehakel med rett ryggside og skjoldforma forside. Kvit kunststoff-damask med raudt fôr. Gaffelkross av breitt, vove band med krossmotiv, aks og druer på begge sider. Produsent: Casa Bochaca, Barcelona. Høgde 107/100 cm, breidde 59 cm.

d) Fiolett rettsida messehakel i dobbelvev i ull med lerretsbinding. Retta er mørk fiolett, vranga lyst fiolett. Forsida har jesusmonogram, IHS med i-en som kross. Ryggsida har kross der armane har liljeforma avslutting og krossmidten er omgitt av stor ring. Produsent: Marit Anny’s Vevstogo. Høgde 118/101 cm, vidde 69 cm.

Messeskjorter <br\> To messeskjorter.

Lysstell

Altarstakar

To kåpestakar av massing i barokk form på altaret, nyare. Høgde 37,5 cm, diameter fot 33 cm.

Andre stakar

a) To massingstakar, balusterforma, med pigg. Høgde 18 cm utan pigg, diameter fot 9,7 cm.

b) To standard lysestakar av sølv med lyspipe og jamnt utsvinga fot. Innskrift på foten i versalar: Gåve til Borgund kyrkje frå Anna Tufte 1989. Høgde 13,9 cm, diameter fot 11,7 cm.

c) Femarma sølv lysestake, standard sølvsmedvare med to bogar festa til midtskaft. På foten innskrift med Gotisk fraktur: Til minne om Hjæsa (?), Agrim og Ole A. Eraker, 20-8-1968. Stempel 830 S, kalk i oval og TH MARTHINSEN. Høgde 35 cm, største vidde 30,5 cm.

d) To sjuarma smijarns golvstakar.

e) Lysglobe.

Lysekroner

a) Lysekrone, truleg tidleg 1500-tal, massing. Krona har ringoppheng og toppfigur i form av løve i rundskulptur. Løva sit på topplata med gapande kjeft og med den stiliserte halen svinga opp over ryggen. Skaftet under er smalt og går over i eit traktforma nedre ledd med ein knekk inn under festet for lysarmar. Overkanten av den nedre delen har seks hakk som må ha vore feste for vekkomne lysarmar eller ornamentarmar/reflektorar. Dei seks armane som framleis finst, er sette ned i vertikale spor på traktforma og kviler på ein ring under desse. Mellom dei to festekrinsane er traktforma fleire stader gjennombroten av fem små runde hol i krossform. Armane er skorne ut av massingplater og har bogeform med liljeforma ornament på undersida og ein figur som fyller oversida av bogen. Figuren er ei havfrue med todelt, fiskeforma underdel som svingar ut til kvar side i bogen. Hendene grip om fiskesporen på begge sider. Lysarmane ber smale lysskåler og fastskrudde lyspiper.

b) Lysekrone, truleg frå kyrkjas oppføringstid. Krona har ringoppheng og kort, balusterforma stamme avslutta nede med kule med knopp. Stammen har ein breiare ring med feste for seks nedsvinga, S-forma lysarmar. Inne ved stammen deler armen seg og ein del svingar opp over feste som ornament. Midt på armen formar denne eit dyrehovud og resten av armen kjem ut av dyrets gap. Armen ber lysskål og rett lyspipe.

c) Lysekrone, nyare, med tre omfar boga lysarmar, seks + ti + seks, montert med elektrisk lys.

Klokker

Mellomalderklokka som står sørvest i skipet er 87 cm i diameter og 100/72 høg. Innskrift SANCTVS LAVRENCIVS.

Klokkene som er i bruk no, heng i støpulen mellom dei to kyrkjene på Borgund (sjå under Borgund stavkyrkje).

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgel frå Aug. Nielsen, Christiania. Fasaden er tredelt med tre spisboga felt som formar triumfbogemotiv. Felta er fylte med metallpiper. Kvart felt er rett avslutta oppe, og krynt med gotiserande dekorelement. Felta er skilde med stolpar som endar som fialar.

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på ein manual og pedal: Principal 8’, Gamba 8’, Gedact 8’, Octave 4’, Flöte 4’, Subbas 16’.

Piano– Schimmel

Bøker

Alterbok, Chr. 1826 <br\> Kollekter og tekster, Kra. 1887 <br\> Bibel, Kbh 1802 <br\> Landstads salmebok, Bergen 1874. Skinninnbunden med spenner <br\> + diverse liturgiske bøker frå 1900-talet

Møblar

To par stolar til bruk i koret.

a) To stolar av eik med krumma forbein og bakbein som over sargen er sveifa og går over i toppstykke. Høgt, hjarteforma gjennomskore ryggbrett. Bladornament med utgangspunkt i portalornamentikken frå stavkyrkjene. Setene er stoppa og trekte med grønfarga skinn. I skinnet er det prega eit dyr i portalornamentikk.

b)To nyare karmstolar i lyst lauvtre med enkel akantusskurd på rygg og armlener. Forbeina har løveføter. H-kryss. Sete og rygg stoppa og trekt med skinn.

Offerutstyr

To standard kollekthovar med ring og motstilte handtak av tre. Grøn pose, brunt skinn om ringen.

Blomstervasar

a) To blomstervasar i sølv med begerforma korpus under vid, traktforma og tiflika hals. Tisida flat fot på standkant. På den eine er følgjande innskrift med versalar: TIL BORGUND KYRKJE FRÅ KYRKJELAGET I BORGUND. MÅLING AV KYRKJA INNI OG UTANPÅ TVO STOLAR NUMMERTAVLOR GARDINOR EIN OMN ER GJEVE TIL KYRKJA AV ”KYRKJELAGET” 1933. På standkant GUNNAR FJELD med versalar og stempel på foten: 830 S, kalk i oval og A. Innskrift på den andre med gotisk fraktur øvst på korpus: Gåve frå Håkon A. Eraker 20-8-1968. Stempel 830 S, kalk i oval, 858 og A. Begge er 27 cm høge og 15, 8 cm vide oppe.

b) To blomstervasar med avrunda firkanta grunnform, svakt pæreforma korpus og låg fot. Innskrift på korpus med versalar: Gåve til Borgund kyrkje frå Anna Tufte 1989. Stempel 830 S, kalk i oval og B. Høgde 22 cm, største vidde fot 8,5 cm.

Diverse

Støypejarnsomn, merkt BJØRN.

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg nærare knytt til den gamle kyrkja, sjå under Borgund stavkyrkje.

Bygningar knytte til kyrkjegarden <br\> På sørsida framfor inngangen til kyrkja vart det i 1975 oppført eit bårerom med toalett inntil det stigande terrenget. Huset, som er teikna av arkitektane T.K. og H.J. Hansteen, har fløydør til bårerom og dør til toalett på nordsida. Veggene er kledde med naturstein og saltaket er tekt med torv.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixenes manus: Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt. Ca 1900 <br\> Synfaringar og rekneskapar frå Statsarkivet i Bergen

Trykte kjelder

Heiberg, G. F., Sogns Kirker i Fortid og Nutid, serprent av Tidsskrift for Historielaget for Sogn 1970 nr. 23, s 29 f, Leikanger 1970

Bilete



  1. Heiberg 1970, s 35
  2. Heiberg 1970
  3. Bendixens manus