Blomvåg kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Blomvåg kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneØygarden kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.530291,4.877176
FellesrådØygarden kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125900201
Soknekatalognr04030301
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Alt i 1900 vart tanken om ei eiga kyrkje for denne delen av Øygarden nemnt, sidan i 1913 -15. Det vart likevel ikkje gjort noko med saka før i 1930 då generalkonsul og grosserar Ingvald Nielsen, busett i Oslo, men fødd i Blomvåg, melde at han ville gjeva bygda ei kyrkje som minnegåve etter foreldre og besteforeldre. Kyrkja skulle leverast fullt ferdig, innvendes og utvendes, med vilkår om at kommunen stilte fri tomt og opparbeidde grunnmur og veg. Ved kongeleg resolusjon av 5. desember 1930 vart det fastsett at "Det tillates at der på en dertil utsett tomt av gården Blomvågnes i Herdla prestegjelds hovedsogn i Bjørgvin bispedømme opføres et Kapell efter en fremlagt, av arkitekt Carl Berner utarbeidet plan". (Kallsbok 2 for Herdla, fol. 40.) Grunnsteinen vart nedlagd 29.4.1931 og kyrkja vigsla 25. november same året. Ingvald Nielsen døydde 25. juni og fekk såleis ikkje sjå kyrkja ferdig.

Bygningen

Blomvåg kyrkje er ei einskipa langkyrkje med kor og våpenhus i same breidde og høgde som skipet og med eit lite tårn over våpenhuset i vest. Kyrkja er orientert aust - vest med altaret i aust. Vinkelrett mot sørsida av koret er eit tilbygg som inneheld møterom, dåpsventerom (tidlegare sakristi), gang og toalett. Hjørnet mellom kyrkja og tilbygget er bygt inn som eit atrium; "Borggarden", med yttervegger i flog med vestveggen i kyrkja og sørveggen i tilbygget. Tidleg i 70-åra vart det bygt nytt sakristi vinkelrett mot nordveggen av koret.

Fundament

Kyrkja har grunnmur av tukta naturstein lagd i støyp. Under austdelen av bygningen er det kjellar.

Vegger

Kyrkjebygget og tilbygga nord og sør for koret er oppførte i bindingsverk. Utvendes er veggene kledde med glattkanta sulagt panel som nede er avslutta med eit vatnbord over grunnmuren. Takskjegget er underkledd med panel. Treverket utvendes er kvitmåla. Innvendes er veggene i kyrkja kledde med liggjande skuggepanel. Skiljet mellom skip og kor er markert ved ei veggsøyle på kvar side. Ytterveggene i Borggarden er murte av naturstein med sement. I det sørvestre hjørnet og mot sidetilbygget i søraust, er det innafor yttermuren murt små rom. Murveggene står utvendes med bar mur, dette gjeld og dei to hjørneromma inn mot borggarden, medan innsida av ytterveggene er pussa og kvitmåla.

Portalar, dører

Kyrkja har fyllingsdører av to slag. Dei viktigaste har to fyllingar, den nedre rektangulær, nærast kvadratisk, den øvre portalforma med pålagd boga kronlist over fyllinga. Slike dører er det i hovudinngangen i vest. Dei er tofløya og av lakka eik. Utvendes har hovudinngangen klassiserande innramming med firkanta pilastrar av treverk på sidene. Pilastrane rammar inn eit felt over døropninga og er avslutta oppe ved kronlist. Feltet har relieff med krosslagde palmegreiner under kross. Framfor inngangen er det murt ei trapp i tre steg dekt med skiferheller. Mellom våpenhus og skip er det tilsvarande tofløya dører, her av furu og måla. Mellom orgelgang og galleri er det to enkle dører, mellom våpenhus og borggard tofløya, alle av furu og måla. Dørene elles har enkle, kvadratiske fyllingar, tre eller fire over einannan. Tofløya frå skip til gang i sørfløy, 5 faldedører mellom kor og møterom, tofløya dører frå møterom til gang og frå gang til borggard, dei siste i lakka eik. Framfor inngangen lengst aust i borggarden er det mura ei trapp med seks steg i full breidde pluss eit sentralt plassert steg framfor dørene. Dørene elles er enkle. Dørene i kyrkja har urneforma dørskilt. Vestinngangen til borggarden skil seg ut. Muren har ei vid, rundboga opning med runda, hellelagd trapp framfor. Opninga er utstyrt med tofløya portal med kraftige jarnbeslag, naglar og lås og dørringar med "Blomvåg kyrkje". Portalen har kledning av over- og underliggande bord på båe sider.

Korskilje

Koropninga tilsvarar breidda på altarringen. Korskiljet på begge sider av opninga har brystning og spileverk flankert av søyler og toppa med kraftig kronlist. På nordsida tre søyler, ei på kvar side av preikestolsoppgangen og ei ved koropninga. På sørsida ei søyle ved veggen og ei ved opninga. Søylene står på firkanta postament i brystningshøgd. Søyleskafta er omgjevne av snodd vinranke i full høgd og er toppa med korintiske kapitél som ber kronlista. Spileverket består av slanke søyler på firkanta postament med basar og kapitél med utskore lauvverk. Brystningane har fyllingar i ramverk, den midtre fyllinga er sirkelrund. Fargar: Grå-blå lasur. Grå-marmorerte fyllingar. Grøn vinranke. Gull høglys på basar og kapitél. Høgde over korgolvet: 302 cm.

Vindauge

Vindauga er rektangulære og småruta med enkel innramming. I sørveggen i skipet er det fem vindauge med midtpost med tre fag på kvar side. Kvart fag har 3x4 små ruter av klårt glas. Det er no eitt vindauge i nordveggen, i trapperommet. Før sakristiet vart bygt, hadde nordveggen eit vindauge i koret. Aust i koret er det eit vindauge med glasmåleri på kvar side av altaret. To mindre vindauge flankerer inngangen til sørfløyen frå borggarden og hovudinngangen i vest. Over hovudinngangen i gallerihøgd er det eit tilsvarande vindauge. Tilbygga har elles fleire mindre vindauge av same form som vindauga i skipet. I borgmuren nord for vestinngangen er det eit lite vindauge med sprosser i rombeform. Dei kvadratiske lydgluggane i tårnet har doble, hengsla luker med pålagde, sirkelforma felt.

Golv

Kyrkjerommet og koret har bordgolv. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn i skipet. Stega formar eit podium som på sørsida går lengre fram enn korskiljet og fører til dei doble dørene til sørfløyen. I nord er høgdeskildnaden markert ved korskiljet. Våpenhuset har golv av skiferheller. Andre rom i bygningen har bordgolv. Borggarden har golv av skiferheller.

Himlingar

Skip og kor har flat himling boren av takbjelkar. Himlinga i koret er dessutan delt i fem på tvers av takbjelkane. Himlinga i møterommet har opphøgd, plant midtfelt over rette, plane sidefelt. Himlinga i våpenhuset har opphøgd midtfelt over skrånande sidefelt.

Tak

Skip, kor og våpenhus er dekte av eitt saltak med svai. Tårn over vestre del av kyrkja. Den brotne vestgavlen er noko framskoten i forhold til tårnet og har klassiserande preg. Taket er bore av åtte sperrefag aust for tårnet. Faga kviler på bindbjelkar og er sette saman av sperrer, dobbel hanebjelke, hengebjelke og skråband frå ytst ved hanebjelken til midten av bindbjelken. Sperrefaga ber åsar med ståande bordtak tekt med raud pannestein. Tilbygga nord og sør for koret har lægre, svaia saltak som dels skjer inn i taket over koret. Desse taka er også tekte med raud pannestein. Over ytterveggene i borggarden og over ei indre stolperekkje kviler eit enno lægre saltak tekt med raud betongstein. Taket er knekt i hjørnet som er markert med vindfløy med årstalet 1931.

Tårn

Tårnet går ei høgd over gallerihøgd. Den delen som er over taket utgjer nærast ein kube, understreka ved eit horisontalt bord tvers over vestgavlen. Tårnet har hjørnestolpar. Høgdene er skilde ved rammer. Låg svaia, pyramideforma hjelm med midtstolpe festa med doble, kryssande tenger på øvre ramme. Hjelmen er tekt med kopar og avslutta med kross over kule, vindfløy med IN og utsmidd jarnornament.

Interiør

Den salprega romforma i kyrkja gjev eit monumentalt inntrykk. Koret har markert breidderetning idet lengda berre er halvdelen av breidda. Lengst nord i korskiljet er det opning til preikestolen som står inntil nordveggen. Døypefont nord i koropninga. Lesepult sørvest for koropninga. Skipet har vestgalleri med orgel. Faste benker på kvar side av midtgangen.

Fargar

Kyrkja har ei gjennomført, opphaveleg fargesetting. Målinga er utført i ulike teknikkar som lasering, marmorering o.l. Veggene er gule med grønleg lasur. Himlingane grå med lys blå lasur. I våpenhus og møterom og over koret er det måla sølvstjerner på blå skyhimmel. Bjelkar og lister er laserte i ein djupare blåfarge. Benkene er laserte/marmorerte gråblå. Dei same fargetonane går att på altar, altartavle, altarring, korskilje, døypefont, orgel (nytt) og anna. Dørene har fyllingar med gråmarmorerte speglar i djupt gråblå fris og med raud rammme. Kronlist gråmarmorert. Preikestolen skil seg frå den vanlege fargeskalaen ved at han hovudsakleg er raudmåla. Golvet er brunlakka. Raud løpar i midtgangen fram til altarringen.

Glasmåleri

Glasmåleri i austveggen. Vindauge som i sørveggen. Innerglas med blyinnfatta, små, gråfarga glasruter med eit loddrett aksentuert motiv på kvar side av midtposten. Motiv frå nord: Nedoverretta due, nedoverretta hand, og på sørsida: kornband og kalk med oblat. Motiva er i raudt, gult, blått, lilla. Glasmåleria er signerte B. Hauglid og G.A. Larsen, Glassmester. Udaterte.

Lys og varme

Elektrisk lys. Oppvarming dels ved radiatorar, dels ved straum.

Inventar

Altar

Kasseforma altar. Framme og på sidene fyllingar i ramverk. På baksida tre hengsla, tofløya dører til skåp i altaret. Altaret er marmorert og lasert med blått på grått.

Altartavle

Rektangulær altartavle med fotstykke og to høgder. Fotstykket har midtfelt flankert av søylepostament. Hovudhøgda har kvadratisk biletfelt i smal ramme flankert av to kanellerte søyler mot glatt bakgrunn. Søylene har base, prydbelte med blomeskurd og korintiske kapitél. Kapitéla ber ei smal kronlist som dannar base for andre høgd. Denne har fyllingar i ramverk flankert av hermer toppa med joniske voluttar som ber øvre kronlist. Venstre herme held seg i det lange skjegget med venstre handa, og har ei bok under høgre. Hermen til høgre har kortare skjegg. Han har stav som kveilar seg som ein orm om handa og bok under venstre arm. Til den sentrale, diagonalstilte fyllinga er det festa ei due med olivenblad i relieff. Kronlista ber kross i strålekrans flankert av urner. Mellom fotstykket og biletfeltet er det festa ei skriftplate med gull fraktur på svart botn: Mig er given al Magt i Himmel og paa Jord mat. 28.18. Fargar: Grå-blå altartavle med marmorert ramverk. Den smale ramma rundt biletfeltet er gullfarga, sameleis krossen, dua og hermefigurane. Urnene lys blå. Gull høglys på kapitél og basar. Skriftplata har blåmarmorert ramme. Måleriet viser den oppstadne Kristus som syner seg for læresveinane ved Tiberias-sjøen. Eit svaberg til venstre i nedre halvdel av biletet, ein båt med mast og segl til høgre. Jesus er plassert ståande frontalt på svaberget i kvit kjortel. Blikket retta framover, hovudet omgjeve av stråleglans. Venstre handa framfor brystet, høgre handa retta ned mot sjøen i framkant som er fylt opp av ei fiskenot som fem av læresveinane held på å dra opp i båten. To læresveinar står og ser mot Jesus, ein på kvar side, ein i båten, ein på land. I bakgrunnen sjø, smal landstripe, himmel. Fargar: To læresveinar har blå korte kjortlar utan erme, ein er i raudt, ein i gulbrunt. To har stripete lendeklede. Landskapet er halde i lyse, kjølege grå-blå tonar. I Høgre hjørne: Johs. XXI Kaptl. Signatur i nedre venstre hjørne: Th. Matthiason 1931.

Altarring

Altarringen er femkanta med rette sider framme og mot sidene og knekte hjørne. Han er open på begge sider av altaret. Golvet i altarringen ligg to steg over golvet i koret. Kneleputa er stoppa og trekt med lyst, naturfarga skinn. Rekkverk av konturerte bord. Profilert handlist med indre kant for særkalkar. Altarringen er raudmåla under kneleputa. Borda i rekkverket er marmorerte i grått og blått, hand- og fotlist har blå lasur.

Døypefont

Sekskanta. Kum av 6 kvadratiske rammer med utskorne fyllingar, avslutta oppe og nede med profilert listverk. Skaft av 6 kantstilte, utvendes konturerte bord på sekskanta fotplate. Motiv på relieffa i fyllingane: Skorne bokstavar BLOMVÅG KIRKE med ANNO 1931 under på ramma, engel med MATTHÆV på skriftband, ørn med JOHANNES på skriftband, lam med krossglorie og kross i bakgrunnen, løve og MARCVS, okse og LVCAS på skriftband. Fargar: Øvre list, fyllingar og fotplate lys blå, dels laserte. I fyllingane: sølv på bokstavar og som høglys på vengjer etc. Ramverk, nedre list og balusterskaft: Grå med mørkare grå lasering, marmorering. H. 85,5 cm, br. 57 cm.

Preikestol med oppgang

Stolen har 4 fag av ein 6-kant og kviler på ei sekskanta søyle som vidar seg ut mot botnen i stolen. Hengjeplate under kvart fag. Faga er skilde ved kanellerte pilastrar på base med skore lauvverk og tilsvarande kapitél med voluttar. Kvart fag har storfelt og smalfelt. Fyllingane er skilde ved ramtre, på sidene er dei lagde inn i hjørnepilastrane, nede i botnen og oppe i handlista. Storfelta har gotiserande faldeverk. Smalfelta har påsette rammer i flattrykt firpassform med spissar i hjørna. I desse firpassformene er skorne ulike motiv i relieff. Den mot nordveggen er utan motiv, så føljer Peters fiskefangst, Kristus som lærar med hav i bakgrunnen, fisk med hav i bakgrunnen og IXΘYN over bøljene. I eit smalare fag i forlenginga av preikestolen aust for korskiljet er ei nedovervend due med oljeblad. Fylt oppgangsrekkverk med utskore felt. Flat, høg meklarsøyle med relieff som viser ei oppovervend due med olivengrein i nebbet. Handlista og lesebrettet på preikestolen er trekte med djup raud fløyel og kanta med gullfrynser. Lesebrettkledet har gullkross. Fargar: Stolen er raud med mørkare, raudlaserte hjørnepilastrar. Gull staffasje på kontur på hengjebretta og på kapitél og basar. Firpass-relieffa er blå med høglys i sølv. Raud fot.

Lesepult. Lesepult sør for midtgangen framfor korskiljet. Nyare. Brystning med fylling i ramme. Tverrstilte sideplater. Opphøgd, skråstilt lesebrett. Lesepulten er lasert og marmorert som interiøret elles.

Benker og faste stolar

Benker på begge sider av midtgangen. Rette benkevangar med tverrtre oppe og nede. I framkant over setefjøla innhogg som er utfylt med baluster. Skrå ryggar med liggjande, rektangulære fyllingar i ramverk. Tilsvarande benker mot austveggen i koret og i møterommet. Enkle benker utan rygg på galleriet. Fargar. Grå med blå lasur. Grå-marmorerte fyllingar mot mørk grå-blå fris.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i langveggene, understøtta av to stolpar med utskorne kapitél. Brystninga har sju liggjande, rektangulære fyllingar i ramverk. Midtre del med fem fyllingar er noko framskoten over skipet. Flat himling under galleriet. Fargar: Blå laserte bjelkar. Ramverk og lister lysare blå laserte. Indre ramme rustraud med svart indre profil mot grå-marmorert, glatt fylling.

Orgel

a) Harmonium gjeve av Ingwald Nielsen.

b) Pipeorgel frå Jørgensen, 1938. 8 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Pneumatisk traktur. Manuelt dreven belg som i 1953 vart erstatta av motor. Orgelet er dels demontert. Spelepulten står no i våpenhuset. Dei fleste pipene står framleis i orgelhuset som fyller gallerigangen, nokre er plasserte på loftet. Frå galleriet er det ein sentralt plassert nisje inn i gallerigangen for spelepult. I nisjen er det laga lydopning for synlege piper. Nisjen har vore flankert av søyler, sameleis har lydopningane vore skilde frå einannan med søyler. Orgelhuset eller gallerigangen og nisjen er innvendes måla/lasert som kyrkja elles. Lydopningane er no tetta att.

c) Pipeorgel frå B. Grønnlund, Sverige, vigsla 15. desember 1993. 2 manualar og pedal. Mekanisk overføring. Orgelet er trekt heilt aust på galleriet og fyller rommet heilt opp til himlinga. I vest fyller det nisjeopninga. Austre og vestre del av orgelet er skilt ved ein gjennomgang. Spelepulten har broten gavl under brystverk der midtfeltet tek opp portalforma frå dørene i kyrkja. Flankerande, framskotne breie sidetårn med pedalverk. Hjørna markerte med glatte pilarar med forenkla kapitél. Fargar: Lys blå lasur. Rustraudt på kapitél og portal, grå-brun marmorering på portalgavl og fyllingar.

Måleri

Måleri på nordveggen i skipet. Motiv: Fiske. Signert i høgre nedre hjørne: Hyldingsø 25/8 1888, Lauritz Haaland.

Rituelle kar

Kalk. a) Kalk, sølv, gylt innvendes i kupa. Fordjupa halvkuleforma kupa med utsvinga kant. Skaft, nodus og fot i eitt stykke. Nodus har dreven dekor med fire blomar skilde ved ruteformer, skaftet rutemønster med prikkar. Utsvinga fot avslutta med standkant over fotplate. Sikksakkbord på standkanten. Gravert latinsk kross på strålekrans på kupa. Gravert på kupa med gotiske bokstavar: Blomvaag Kirke 1931. Under foten: FRA BERTA NIELSEN 1931. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat. Mål: h. 25 cm, diam. fot 13,3 cm. b) Kalk, sølv, gylt innvendes i kupa. Nyare. Nærast halvkuleforma kupa med forsterka utsvinga kant og nebb. Glatt skaft som under rifla nodus går over i utsvinga fot avslutta med vulst. Gravert latinsk kross på strålekrans på kupa. Stpl: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN. Mål: h. 19,2 cm, diam. 13,2 cm. Særkalkar. Omlag 100 av litt ulike typar, plett, nyare.

Disk, sølv. Tallerkforma disk med 6-flika rand. Gresk kross på strålekrans i botnen. Gravert på randa: Blomvaag Kirke 1931. Under i skriveskrift: Fra Bernt Nielsen 1931. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat. Mål: diam. 16,2 cm, rand 2,4 cm, h. 1,1 cm.

Oblatøskje, sølv. Øskja har rette vegger og svakt krumma lok toppa av ståande latinsk kross. Høyrer saman med kalk a) og disk. Gravert på sida med gotisk skrift som på kalk og disk: Blomvaag Kirke 1931. Under botnen i skriveskrift: Fra Bernt Nielsen 1931. Stpl: 830 S, MÅ, N i kvadrat. Mål: h. 6,5 cm, diam. 9,3 cm.

Vinkanne, sølv. Kuleforma korpus under rett hals. Stort nebb og kraftig hank. Hengsla lok med høgt, kvelva midtparti toppa med ståande kross. Loket har overdekking over nebbet. Utsvinga fot med to konkave ledd. Dreven vinrankedekor på hals og lok. Gravert på korpus i gotisk skrift: Blomvaag Kirke 1931. Innskrift under: FRA INGWALD NIELSENS NIECER OG NEVÖER 1931. Stpl: 830 S, MÅ, M. AASE. Mål: h. 25,2 cm, br.19 cm.

Dåpsfat, sølv. Sekskanta botn og rand. Overgangen mellom botn og rand er to-delt. Nedre del rett, øvre del skrår ut mot randa. Kanten markert ved snodd tau i sølv. Dreven dekor i botnen: i ein sirkel er tre fiskar fletta i einannan med to stjerner og skriftband med IXΘYN mellom. Gravert under randa: TIL BLOMVÅG KIRKE FRA ODD BLOM NIELSEN 1931. Stpl: HVAL & KRISTIANSEN, OSLO, 830 S. Mål: br. 50 cm, botn 27 cm, rand 7 cm, h. 5,7 cm.

Kanne, sølv. Sekskanta, rett korpus avsutta oppe og nede ved flatt dekorband. Det øvre bandet går fram i tuten og bak som øvre del av hanken. Det nedre bandet går bak som nedre del av hanken. Hanken mellom sølvbanda er rett og av mørkt tre, toppa av ei ørn i sølv og avslutta eit stykke under nedre band ved sølvbeslag. Sekskanta lok, svinga opp mot midten, toppa av kongle. Tverrstilt 8-talsforma hol framme i loket. Korpus kviler på eit sekskanta postament, avtrappa i tre steg og karnissprifilert fotplate. På kvar av sidene er festa ein fot forma av ei innrulla sølvplate. På øvre dekorband mellom blomar er gravert (frå tuten): BLOMVAAG 1931 - JEG ER - VEIEN - SANDHEDEN - OG LIVET - ANNO -. Sidefelta på korpus har dekor i enkle strekrammer: dei to fremste og dei to bakre felta har latinske krossar, sidefelta har sol med nedovervend due og blomar. Gravert under botnen: SKJENKET BLOMVAAG KIRKE I VENSKAP OG TIL ERINDRING OM INGWALD NIELSEN FRA WILHELM VEBSEN. Stpl: MAGNUS AASE, 830 S, MÅ, N i kvadrat. Mål: h. 28 cm, br. 27,5 cm.

Parament

Altarduk. Hardangersaum på kvitt aida-stoff. Brodert bord med kross-motiv mellom stjerner framme og på sidene.

Messehaklar. a) Raud fløyel kanta med breie gullband, stor latinsk kross av gullbandet på ryggen. b) og c) Kvit og grøn messehakel, nyare.

To messeskjorter av bomull, alba.

Lysstell

Altarstakar. To sjuarma massing lysestakar på altaret. Midtstong og tre bogar av aukande storleik nedetter. Armane har firkanta snitt og tre ledd skilde ved utviding av snittet. Stammen eller midtstonga er 8-kanta, svingar ut mot 8-sida vulstforma fot på rett standkant. Mål: h. 52 cm, br. 49 cm.

Lysestakar i tinn på konsollar ved vindaugo aust i koret, til kubbelys. Rett skaft med krossmotiv. Gravert på foten: FRA BYGDEFOLKET I BLOMVÅG 1964. H. 26,5 cm, diam. 14,7 cm.

Lysekroner. To lysekroner i barokk form i kyrkjerommet, ei over kortrappa, ei større midt i skipet. Begge med elektrisk lys. a) Den minste har 2 kuler med ring rundt midten. Ho har to plater med 6 S-forma lysarmar i kvar. Ei tredje plate ber 6 armar med blomeornament. Avslutta nede ved knopp under nedre kule, oppe med ring for oppheng over ørn med utspende vengjer. b) Den største har tre kuler, tre plater med 6 lysarmar i kvar ring, og ei plate med blomeornament. Knopp, ørn og ring for oppheng som a). c) Lita barokkforma lysekrone i våpenhuset.

Lampettar. På veggene i skip og kor og på og under galleriet lampettar i barokk form med to lysarmar på kvar.

Klokker

To klokker i klokkestol i tårnet. a) Oppheng av 6 bøylar og midtstong. Flat kronplate krumma nedover mot rett hals, svakt skrånande korpus mot sterkt utsvinga og nedbøygd avslutning mot slagringen. Bøylane har blomemotiv. Øvre delen av halsen har vinrankemotiv mellom riller. Under rillene: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI NAUEN PR. TØNSBERG. På eine sida: BLOMVAAGS KIRKE/ BYGGET I 1931/ SOM GAVE / FRA / INGWALD NIELSEN/ OSLO/ FØDT I BLOMVAAG DEN 2 AUG. 1873. Bladornament over og under, enkle blomar på sidene. På motsett side: Kristogram med alfa og omega, over: KOMM[!]/ TIL/ GUDS HUS!/ ALLE ER VELKOMMEN. Diam. 88 cm. h. 86 cm.

b) Same form og dekor som a). Motiv og innskrift mellom øvre riller er også dei same. Innskrift på eine sida: BLOMVAAGS KIRKE/ BYGGET I 1931/ SOM GAVE/ FRA INGWALD NIELSEN/ OSLO/ FØDT I BLOMVAAG DEN 2. AUG. 1873. På motsett side: Kristogram med alfa og omega over: HØR! JEG KALLER PAA EDER! Diam. 71 cm, h. 70 cm.

Bøker

Altarbok, Kra. 1889, som etter innskrift på første sida "Tilhører Hjelmens Kirke".

Nyare bøker.

Nummertavler

Aust og vest på nordveggen i skipet, ei enklare på sørveggen ved døra til sørtilbygget. Tavlene er ved ramverk delte inn som triptykar med faste fløyar. Dei har konsoll-forma fotstykke og klassisk gavl over midtfeltet. Fløy-felta har motiv i relieff: Ei urne med veksande ranke. Øvst ei nedovervend due med blad i nebbet. Tavlene er grå med brun lasur. Talflata svart, vertikalt todelt med FÖR TALEN og EFTER TALEN. Tavla på sørveggen er utan sidefløyar.

Møblar

Brurastolar. To brurastolar i eik. Renessanseform, nyare. Lågt sete, høg, rett rygg. Sete og rygg er stoppa og trekte med gulbrunt skinn festa med metallsaum.

Piano. Schimmel, ved preikestolen.

Blomstervasar

To nyare vasar av sølv. Gravert på fot: TIL BLOMVÅG KYRKJA FRÅ TOFTØY HUSMORLAG 1968. Mål: h. 22,5 cm, diam. 11 cm.

Diverse

Minnetavle over Ingwald Nielsen i våpenhuset, søndre del, austvegg, i bronse. Støypt i Oslo Bronsestøperi 1931. Relieff av I. Nielsen (signert TS), av foreldre, besteforeldre og eit mindre av kyrkja i sirklar med opphøgde innskrifter mellom. Mål: h. 152,5 cm, br. 71 cm. Tavla vart gjeven av kommunestyret.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Den delen av Øygarden som låg i Herdla kommune førde tidlegare kistene i båt til Herdla og jorda dei der. Frå 1880-åra vart ynskje om ein eigen gravstad for denne delen av Øygarden fremja, men det vart ikkje noko av planane før i 1941 då dei tyske okupasjonsmaktene tok over kyrkja og kyrkjegarden på Herdla. Det vart då kjøpt dyrka mark vest for kyrkja i Blomvågen og stelt til gravplass der. Gravplassen er omgjeven av tørrmur av flate natursteinar og har eigen inngang nordvest for inngangen til kyrkja. I 1954 vart kyrkjegarden utvida. (Herdla Kommunesoge 1870-1963, s 47f.) I grensa til den eldste delen av gravplassen står eit reiskapshus. Dette var bårehus til det vart oppført nytt bårehuset nord-vest for kyrkja tidleg på 70-talet.

Minnesmerke

Byste på sokkel til høgre ved inngangen. Innskrift: INGWALD/ NIELSEN/ 2.8.1873/ 25.7.1931. Bysten er utført av Anne Grimdalen (1899 - 1961). Til venstre er eit felt med rullesteinar til MINNE OM DEI SOM KOM BURT PÅ SJØEN OG IKKJE VART ATTFUNNEN. På same sida minnestein over dei som GAV LIVET SITT FOR FEDRELANDET.

Kjelde

Trykt kjelde
  1. T. Skjelanger (red.), Herdla Kommunesoge 1870 - 1963. Herdla 1971. S. 47-50.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)