Bakka kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Bakka kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneAurland
ProstiIndre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Koordinater60.9172712025299, 6.87026697961652
FellesrådAurland kyrkjelege fellesråd
Kirke-id142100401
Soknekatalognr7090204
BygningsgruppeKyrkje etter lova (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

I den vesle bygda Bakka på vestsida av Nærøyfjorden, eit stykke frå Gudvangen, står ei kvitmåla kyrkje. Ho er teikna av arkitekt Chr. H. Grosch og vart vigsla 11.5.1959.

Kyrkja framstår i dag som ein autentisk kyrkjebygning som har bevart mykje av dei særtrekka ho må ha hatt som ny for 150 år sida.

Bygningen

Vegger

Alle veggene er tømra av stort tømmer og lafta saman i hjørna. Indre hjørne har sinkelaft. Bygningen er sett saman av eit rektangulært skip med våpenhus i to høgder i vest og eit kort kor i tilsvarande høgd i aust. Over våpenhuset held det fram eit smalare og kortare støpultårn inntil vestveggen i skipet. Våpenhus, skip og kor er alle avslutta i same høgde, men våpenhuset og koret er smalare. I same breidde som koret, er det lengs aust eit lægre rom med sakristifunksjon.

Austdelen av hovudrektangelet rommar det meste av koret, medan det som i eksteriøret framstår som kor, er ein nisje for altar og altartavle der ein halvsirkelforma altarring går inn til sideveggene som avgrensar nisjen. I skip og kor er veggene avslutta oppe mot himlingen med ein gesims med skorne kartusjfelt over profilert list. Ved golvet er det ei enkel golvlist.

Overflata på tømmeret står utan måling eller anna handsaming.

Utvendes er kyrkja kledd med breie, sulagde bord avslutta oppe med flat, sekundær innkassing under kort takskjegg, og nede ved enkelt vatnbord. I langveggene er det store, tredelte vindauge sentralt. Kyrkja har døropningar i vest og sør i sakristiet, og eit lite vindauge vest på orgelgangen.

Dører

Dørene vest i skipet, vest i våpenhuset og aust i koret er opphavlege dører i nyklassisistisk stil med tilhøyrande dørvridarar. Døra vest på galleriet er ei enkel dør med ståande panel, truleg opphavleg. Døra sør i sakristiet har framleis opphavleg karm og gerikter, men sjølve dørbladet er utskift med ei sveitserstildør med tilhøyrande dørvridar. Utvendes er det her sett inn ei varedør av ståande bord.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip går på tvers av hovudrektangelet i kyrkja, i austre del. Det er markert ved at golvet i denne delen ligg tre steg høgre enn i resten av rektanglet. Trappa er flankert av breie, firkanta meklarar. Brystningar med ein balustrade i overkant, dekt med flat handlist, markerer skiljet mellom dei to delane av kyrkja. Bak balustradane har det tidlegare vore innbygde stolar på kvar side. Den nordre er fjerna for å gje plass til orgelet.

Ved altarnisjen i aust er sideveggene inndelte i øvre og nedre felt. Korbogen i nisjeopninga er forma som ein open eselryggboge av profilert listverk som går ned etter nisjehjørna på kvar side. Kapitelbanda er førte ut mellom felta på sideveggene. Nedre felt er innramma med lister.

Vindauge

På kvar av langsidene i kyrkja er det eit tredelt vindauge. Alle tre delar er avslutta oppe med spiss gavl. Midtdelen er høgre enn sidedelane. Forma er den opphavlege, men vindauga er fornya med kopla glas ytst i karmen. Midtdelen har to rammer med midtpost. I sidedelane er det ei ramme på kvar side. I ytre rammer er glaset inndelt i småruter med sprosser. I indre rammer er det heilt glas. Rammene er hengsla. Vindauget aust i sakristiet er lite og firkanta. Det er også nyare og kopla. Eldre ekstravindauge er lagra på loftet.

Golv og fundament

Golv av vekslande breie bord i fire jamne skift fram til korskiljet. Korgolvet ligg sameleis i to jamne skift, men tre steg høgre. Det austre skiftet går inn i altarnisjen slik at golvet i austre del av nisjen ligg i same høgd som i koret utafor altarringen. Altarringen og altaret står på ein altarfot eller eit podium som er eitt steg høgre enn korgolvet.

Kyrkja kviler på eit fundament av naturstein.

Tak

Taket over skipet er eit enkelt sperretak med pålagde skråsperrer. Sperrepara står tett og er tappa saman i mønet. Sperrene ber sutak som underlag for rekter, lekter og lappskifer.

Himlingar

Alle himlingane i kyrkja er flate og samansette av over- og underliggjande bord i ulike breidder. Overliggjarane har profilerte kantar.

Tårn og våpenhus

Våpenhuset er lafta opp i same raftenivå som kyrkja elles, og er i to høgder med gallerigang i andre høgd. Frå raftet skrår sperrepar, inkludert vestgavlen i våpenhuset, opp mot mønet. Sperrene over våpenhuset er tappa i einannan. Over dei to vestre sperrepara er det lagt eit kort saltak. Austafor desse går det opp fire tårnstolpar frå grunnen av sentralt i våpenhuset. Desse utgjer hjørnestolpar i tårnet over våpenhuset.

Frå tredje høgd, over gallerigangen, er tårnstavane stiva av med kraftige kryssband. Det går ein losholt på tvers mellom kryssa i kryssbanda på nord- og sørsida. Kryssbanda er felte inn på stolpane på halv ved og sikra med jarnbolt. Tredje høgda er open i aust mot loftet over kyrkja. Fjerde høgda har lydluker i tre retningar, ikkje mot sør. Sjølve tårnveggene er avslutta over klokkerommet i fjerde høgd med ei ramme festa i stolpane. Over ramma ligg to bjelkar i lengderetning. Desse ber oppheng for klokka. Ramma ber eit firkanta skjørt. Over skjørtet står ei firkanta lanterne, også den med lydluker. Lanterna står med fire hjørnestolpar på dei tverrlagde bjelkane som held klokka. Fire kraftige skråsperrer er lagde på halv ved inn i hjørnestolpane og går opp omkring kongen i den åttekanta hjelmen som kviler på lanternas øvre ramme. Lanternen er øvst avslutta med metallkledd spir med stong med hane i toppen.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har altar og altarring sentralt i ein altarnisje i aust. Austre del av hovudrektangelet i bygningen er også skilt av som ein del av korområdet. Her er det orgel mot langveggen på nordsida og preikestol på sørsida. I skipet er det benkeparti som flankerer ein midtgang. På nordsida står det ein vedfyrt omn i benkepartiet ved midtgangen. Mellom omnen og nordre langvegg stod det tidlegare to kortare benker. Desse er tekne vekk for å gje rom for mindre born. Kyrkja har tverrgalleri i vest.

Fargar

Vegger og golv er i bart treverk. Lister og himling i kyrkjerommet er lyst grå. Korbogen er kvitmåla. Benker, preikestol og orgel er kvite med grå og gull staffasje. På benkevangane og ved kortrappa er det måla djupt raude sjablonornament henta fram frå eldre målingslag. Bendixen beskreiv også denne målinga, det har truleg vore meir av ornamenta kring 1900.[1] Altartavla har vore overmåla med grått, men fargane frå 1907 er henta fram att.

I midtgangen og fram til altarringen ligg eit plommeraudt boucléteppe. Plommeraude puter i benkene.

Innskrift over korbogen med gull fraktur på svart botn: Kom Jesum Christum ihu, som er oppreist fra de Døde! På sjølve bogen med svart skriveskrift på grå botn: Sandelig, sandelig siger Jeg eder at hvadsomhelst I bede Faderen om i mit Navn, skal han give Eder.

På sideveggene ved nisjeopninga er det innskrifter i dei øvre felta. På nordsida: <br\> Aar 1858 blev denne Kirke opbygget og bekostet af efternevnte Gaardbrugere Iver Anders Tufte, Enken Kari Pedersdatter Bakke, hver af dem 1/3 Deel. Prædikestolen er som en Gave bekostet af Peder Hansen Tufte.-

På sørsida: <br\> Samdt af disse Gaardbrugere bekostet hver af dem 1/6 Deel. Jens Johannsen Bakke, Enken Brithe Regnaldsdr: Bakke – Aae 1859 Onsdagen den 11 Mai blev Indvielsen i Høitidelighed forretet.

Inventar

Altar

Opphavleg hadde kyrkja eit klassiserande altar med boga front. Fronten er oppbevart på loftet.

I 1907 fekk kyrkja eit kassealtar med tredelt front inndelt ved fire framforstilte søyler på base under gesims av lister under bordplata. Spissbogeform i midtfeltet og mindre i dei to sidefelta. Altaret er kvitmåla med staffasje i grønt, raudt og gull.

Altartavle

Opphavleg hadde altaret ein enkel kross slik det var vanleg i kyrkjene frå midten av 1800-talet. Krossen står på loftet i kyrkja.

Nygotisk tavle som høyrer saman med altaret. Tavla har spissboga biletfelt flankert av smale sidefelt som endar oppe i fialar og med rest av venger på sidene. Vimperg med krabbar over midtfeltet avslutta oppe med hovud med tre ansikt. Kvit botn staffert med grønt, raudt og gull.

Måleri: Kopi av Jesu bøn i Getsemane av Heinrich Hoffmann 1890. Signert nede til høgre av N. Bergslien. Motivet er spegelvendt. På ramma under måleriet med gull fraktur: Mark. 14,32-42.

Altarring

Altaret står i ein nisje austover frå koret, og altarringen går i boge fram frå nisjehjørna. Han har flat handlist, urneforma balustrar og knefall som er stoppa og trekt med skinn. Kvitt rekkverk, grått knefall, mørkt raudbrunt skinn.

Døypefont

a) Ein døypefont i tre er teken vare på. Fonten har åttekanta, rettsida kum med nedsvinga botn, balusterforma skaft og trestegs, avtrappa, åttekanta fot.

b) No vert dåpsfatet sett i ein gulmåla jarnring som er festa til fremste benkevange på nordsida.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har sju sider av ein åttekant, kvar side har ei fylling. På hjørna skil runde søyler mellom felta. Desse kviler på ein kraftig gesims som dels kviler på oppgangen, dels på brystninga mellom kor og skip. Oppgangen har fem steg.

Benker og faste stolar

Benkene som er i kyrkja no er nyare enn kyrkja. Det er spor etter feste for rette ryggar i langveggene og eldre benkestokkar er bevarte ved midtgangen. Dei trapesforma vangane med rette sider som smalnar nedetter er også feste i dei gamle benkestokkane. Benkene har heile ryggar med to liggjande fyllingar og enkle seteplater. Som er understøtta med ståande bord under midten og under kvar ende. Ryggane er festa i langveggene. Under setet går det ein støtteplanke frå ende til ende.

I koret har det vore faste stolar både på nordsida og på sørsida mot brystninga. Den nordlege av desse er no teken vekk, medan den sørlege ved preikestolen står og har brystning og dør mot koret.

Galleri

Tverrgalleriet i vest er festa til veggene og til fire stolpar, to opplengjer og to frittståande stolpar ved midtgangen. Galleribrystninga ligg på austsida av stolpane. Brystninga har 12 fyllingar skilt med klassiserande pilastrar som står på kraftig profilert baselist og ber kraftig profilert gesims med flat overside. Golvet på galleriet er avtrappa og har ekstra sitjeplassar.

Tavler

To nummertavler er festa til dei nedre felta i sideveggene ved altarnisjeopninga. Dei har profilert ramme kring vertikalt todelt botn med stiftar for siffer, salmenummer til venstre og vers til høgre. Over øvre rammestykke er det festa eit sveifa toppstykke med hol for oppheng.

Rituelle kar

Kalk

Kalk med djup, rettsida kupa og rett rundt skaft med høgare nedre skaftledd, skaftledda er avslutta oppe og nede med flat ring. Kupa har vore gylt innvendes. Nodus er spissa mot pålagd tvinna rille. Både øvre og nedre del har spisse bladformer frå skaftet. 1858. Fullstempla: Bergen, HW, LH, 6M og (18)58. Innskrift på korpus: Nærøens Menighed. Høgde 20,6 cm, Diameter fot 10,7 cm. Foten har fått eit trykk inn på eine sida.

Særkalkar

a) Latinsk kross på foten, gylt i kupa. Stempel: GP og tårn. Rille på nodus. Diameter kupa 5,8 cm. Høgde 7,5 cm.

b) Latinsk kross på foten, gylt i kupa. Stempel 830 S, Magnus Aases meisterstempel og N i kvadrat. Diameter kupa 5,5 cm Høgde 7,4 cm.

Disk

Høyrer saman med kalken. Tallerkforma med opphøgd rand. Innskrift på randa: Nærøens Menighed. Fullstempla under botnen som kalken (1858). Diameter 112,9 cm. Rand 1,9 cm.

Vinkanne

Vinkanne av plett (?). Amforaforma. Ustempla. Høgde ved hanken 34,5 cm, diameter fot 10,7 cm.

Dåpsfat

Kopar, måla på undersida. Bendixen skriv om det same fatet at det er eit overmåla massingbekken.[2] Fatet har drevne ornament med ein emblematisk bukett av to tulipanar og ei rose(?) i botnen, ovalar i veggen og ei bord av sirkelsegment med naglehovud i sviklane på randa. Diameter 47,7 cm, høgde 7,3 cm.

Kanne

Sylinderforma kanne med innsvinga botn på utsvinga fot på standkant. Plett(?). 7-talsforma hank og djupt, isett nebb. Dreven kløverbladkross på begge sider av korpus. Innskrift med versalar på foten: TIL BAKKE KIRKE – FRÅ ANNA OG OLAV HATLELID 1953. Ustempla. Høgde 38,2 cm. Diameter fot 1,6 cm.

Parament

Altarduk

Altarduk av aidastoff med vekslande krossar og blomemotiv. Duken er sydd av ei kvinne i bygda.

Messehaklar

a) Høgraud fløyels messehakel i skjoldform med glatta fôr i linlærret, no bleikt raudt. Truleg siste del av 1800-talet. Hakelen er kanta med eit 2,7 cm breitt gullband. Forsida har latinsk kross av eit 5 cm breitt gullband, ryggsida ein større latinsk kross av det breie bandet lagt dobbelt. Høgde 88 og 108 cm, breidde ved skulder 61cm. Hakelen er festa med tre hekter på høgre skulder. Treng istandsetting.

b) Kvit messehakel i spiss, runda form. 1960-talet(?) Hovudstoffet er av ull i krosskypert. Fôr av grovt bommullslerret. Hakelen er kanta med skråband av sennepsfarga ullerret. Det same stoffet er brukt til ein applikert Y-kross på ryggsida og grunnlag for brystmotivet på forsida. Ein brodert bladranke i ulike grønfargar slyngar seg om y-krossen, og utafor denne er krossen markert med ein kontur av gullsnor. Brystmotivet er sirkelrundt med brodert kontur og jesusmonogram. Festa med hekter på venstre skulder. Hakelen er sydd på dugnad av kvinner frå bygda, truleg etter teikningar frå DNH. Høgde 98 cm, breidde 69 cm.

To messeskjorter.

Lysstell

Altarstakar

a) To altarstakar av plett. 1800-talet. Dei er no litt ulike i lyskragen, truleg skuldast dette ein reparasjon. Ustempla. Høgde om lag 23 cm. Diameter fot 11,5 cm.

b) To trearma stakar i massing i drakestil. Desse er no i bruk som altarstakar. Breidde 40,3 cm, høgde om lag 44 cm, diameter fot 18 cm.

c) To lysestakar av sølv. Merkte 830 S og PV (Pål Vigeland). Høgde 13, 6 cm, diagonalmål botn 12,2 cm.

Lysekroner og lampettar

To nyare kroner i patinert massing over midtgangen og i koret, ei med 2 x 6 armar, ei med 6 armar. To lampettar med to armar, også desse i patinert massing. Standard taklamper under galleriet (plafond).

Klokke

Klokka vart laga til kyrkja då ho var ny. Innskrift på den eine sida av korpus: STØBT I BERGEN AF J. F. BECKER 1859. På den andre sida: BEKOSTET AF NÆRÖENS MENIGHED. Diameter 60 cm, høgde med krone 60 cm.

Orgel og andre instrument

Eit orgel med eit manual og pedal er plassert mot nordveggen av kyrkja vest i koret. Det fyller rommet opp til raftehøgd og er todelt med spelepult og ulike dører i nedre del og tre spissboga opningar for metallpiper i øvre del. Orgelet er måla kvitt med staffering i grått og gull.

Bøker

Altarbok (nynorsk) Oslo 1926, Tekstbok (nynorsk) Kristiania 1922, Graduale (nynorsk) Oslo 1925.

Offerutstyr

To standard kollekthovar med motsette handtak av tre. Hovane er av grønt stoff med applikert likearma, gullfarga kross. <br\> Trebolle med svidd innskrift under botnen som fortel at skåla er laga av tre frå Gamleskulen i Gudvangen. Merkt JG -90.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg i hovudsak på sørsida av kyrkja, med utviding mot vest der det også ligg ein del graver på vestsida av kyrkja. På aust- og nordsida er det ikkje graver. Kyrkjegarden er omgitt av steinmur mot sør og dels mot aust, medan det står stakitt mot vest og nord og dels på austsida. Utvidinga mot vest er markert med ei loddbein fuge i kyrkjegardsmuren på sørsida. Det er portar inn til kyrkjegarden i sørvestre hjørne mot vegen og i austmuren til stig ned til bryggja ved sjøen.

Ved sjøen ligg ei steinhelle, «Likhella», der kistene vart plasserte mellombels etter at dei var frakta sjøvegen til kyrkja.

Gravminne

Nokre gravminne er fotograferte, sjå Bilete.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Det gamle uthuset til kyrkja ligg ved kaien. Det er eit enkelt lite hus med saltak og panelte vegger, truleg oppført på 1960-talet. Seinare er det bygt eit nytt, noko større uthus i bakken mot sjøen utafor kyrkjegardsmuren på austsida.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift av manus

Bilete



  1. Bendixens manus
  2. Bendixens manus