Austevoll kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Austevoll kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneAustevoll kommune
ProstiMidhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.104784,5.169821
FellesrådAustevoll sokneråd
Kirke-id124400101
Soknekatalognr02070301
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff, Ola Storsletten

Bakgrunn

Mellomalderkyrkja på Sandtorv†

I mellomalderen låg kyrkja for den nordlege delen av det området som idag utgjer Austevoll kommune på øya Sandtorv (Sandtor, Sandtorr, Sandtoðra), rett nord for Huftarøy. Kyrkja vert første gongen nemnd i samband med ei hending i 1240. Kong Håkon Håkonsson høyrde messe i kyrkja då han vart liggjande i vindstille utafor Sandtorv, på veg sørover til slag mot hertug Skule. Kyrkja på Sandtorr er også nemnd i Bergens kalvskinn - eit oversyn over eigedommane til kyrkja på 1300-talet. Truleg har kyrkja som er nemnd i dei skriftlege kjeldene vore ei stavkyrkje. Materialar frå kyrkja skal ha vore dekorerte med "den egne for stavbygningen retvinklede list", venteleg det grunne, rettvinkla høvelprofilet som er kjent frå fleire andre stavkyrkjer.

Kyrkja låg omlag midt på øya, på eit platå som ein ser frå sjøen vest for Sandtorv. Etter tradisjonen skal plasseringa av kyrkja ha gjeve namn til Kyrkjesundet. Skipet i kyrkja kan ha vore omkring 10 x 6 m. Det ser ut for at kyrkja har vore orientert på vanleg måte. I 1620-åra hadde kyrkja spontekt tak og svalgang. Spontekkinga vart oppattnya så seint som i 1646-47. Bygningen vart tjøra med jamne mellomrom. På 1600-talet har truleg dei opphavelege gluggane vorte utbytte med blyglasvindauge. Trass i at vindauga var verna med luker av tre, var utgiftene til vindauge eit punkt som gjekk att i rekneskapane.

Rundt kyrkja har det vore kyrkjegard. Tidlegare kunne ein sjå svake spor etter kyrkjegarden som ikkje var større enn omlag 15 x 18 m. I alle hjørna hadde det stått oppreist store steinar, to og to ilag. På den vestre sida av kyrkjegarden var det lagt ei omkring 2,5 m lang steinhelle, som kan ha markert inngangen til kyrkjegarden. I 1620-åra vart det laga ein ny kyrkjegardsport.

Kyrkja på Sandtorv vart truleg reven ein gong i perioden 1653-55 då den nye kyrkja på øya Hundvåkøy vart vigsla. I samband med kyrkjejubileet i 1995 vart det avduka ein minnestein over mellomalderkyrkja der ein meiner at kyrkjetomten låg.

Inventar

Altarskåp. (BM. Kat. nr. MA 283.) Altarskåp sett saman av korpusparti med skulpturar og to hengsla fløyar. Skåpet står på predella. Fløyar og predella har måla figurframstillingar. Bergen museum set proviniensen til Nederland/Nederrhinen - eller Nord-Tyskland og daterer skåpet til 1510 -1525. Eik.

Det kasseforma korpuspartiet er innvendes delt i tre femsida nisjar. Nisjane er skilde ved vegger med grindverksvindauge og overdekte med baldakinar som er kronte av fialar og trepassbogar. Skiljeveggene mellom nisjane er i framkant dekorerte med utskorne halvsøyler som endar i fialar. Nedre del av søylene har kvadratisk snitt, over denne er det skore ut runde søyler framme i veden. Framfor øvre halvdel av stolpen har det truleg vore nagla fast tilsvarande runde søyler. Berre naglane står att.

I kvar nisje er det ein ståande friskulptur. I midten St. Sunniva, noko større enn St. Peter i venstre og Maria Magdalena i høgre nisje.

St. Sunniva med svai underkropp er framstilt med langt, bøljande hår og krone på perlekrans. Ho ber underkjole, tettsittjande livstykkje avslutta nede med perlebord og overkjole. Vide erme over smale erme. Brei skosnyte. Attributt: Bok og steinblokk. Sunniva har blikket festa på ei oppslått bok eller eit bokbrett i høgre hand. Boka eller bokbrettet har bølja hengande stoff langs kanten. I venstre hand ber Sunniva steinblokka. Figuren står på ein runda sokkel.

Peter er framstilt med krølla, sneglehusforma, kort skjegg og hår. Hovudet vendt mot høgre. Karakteristisk framstilt med nyve mellom augnebrynene, liten oppstopparnase og munn. Peter ber ankelsid omslagskjortel med rette parallelle folder. Bluseliknande overdel med små, runde knappar og vid, liggjande, rett krage. Kappe som går ned i ei folde framme og ned til kanten av kjortelen bak. Berrføtt. Attributt: Bok med spenne over venstre underarm. Høgre handa har halde rundt ein nøkkel som no er borte. Runda sokkel.

Maria Magdalena har kroppen vridd mot venstre, med venstre kne framfor høgre fot. Ho ber kyse med brem som går ned bak, festa med tørkle under haka. Ho ber underkjole med knekte foldar, vid folderik kappe lagd i spiss over venstre underarm og tilsittjande livstykkje med kantband framme. I halsen viser ein serk. Ermene har oppskoren puff over alboge og handled. Brei sko. Attributt: Salvekrukke. Maria vender blikket mot ei kalkforma salvekrukke som ho held i venstre handa. Med høgre handa lyfter ho det hengsla loket. Krukka har flika stett, perlerad under og på kupa og langs kanten på loket.

Fargar på korpus: Sidene utvendes: raudt sjablon-mønster. Figurane har gylling og fargar på krittgrunn. Snittverket i nisjene gylt med mørk blå bakgrunn. Sunniva: Mørk grøn sokkel. Gylt underkjole med raud bord med gullornament, blått fôr. Gylt liv med blå kantar, gylt serk. Gylt hår og krune. Lys karnasjon. Raud bok. Steinblokka i fleire fargar. Peter: Mørk grøn sokkel. Gylt kjortel med raude border med gylt ornament på omslag og nedre kant. Kappa er gylt utvendes med raude kantborder med gylte gotiske majusklar. Blått fôr. Hår og skjegg, mørk brunt. Mørk karnasjonsfarge, mot raudt. Maria Magdalena: Mørk grøn sokkel. Gylt underkjole kanta med bord av raude ornament (bokstavar?), blått fôr. Kappen gylt med raud kantbord av gotiske majusklar, blått fôr. Liv og ermer gylte. Gylt hovudplagg og salvekrukke. Lys karnasjon.

Fløydørene er glatte med enkel ramme og profilert list i overgangen mellom ramme og biletflate. Dei er hengsla til korpuspartiets framsider.

Måleri. Fløydørene utvendes. På kvar dør ein figur på trappe-liknande avsats framfor eit teppe som heng mot ein bakgrunn med brystning og himmel under baldakinforma flamboyant-motiv. Rammene har spor av svart med gullornament, listene har restar av gull og grønt. Venstre fløydør framstiller Olav den Heilage, vend mot høgre med langøks i høgre hand, tredelt ciborium eller hanap i venstre og uhyret under føtene. Krone med hue på skrå over. Platerustning. Vidt erme med snitt ved skulder og alboge. Blanke støvlar. Fargar: Grått flamboyantmotiv mot lys blå himmel. Mørkt blågrønt teppe med raude kantar. Trapp og brystning: Brune/grå-blå. Olav har gråleg karnasjonsfarge, gylt krone med raud hatt, brune attributt og kappe, svarte støvalar og platerustning. Blågrønt erme med raudt fôr. Uhyret har grønleg kropp, gråbrunt teppe over bakdelen, gråbrun krune og karnasjon. Høgre fløydør viser St. Sunniva, vend mot venstre. Steinblokk i høgre hand, bok i venstre. Bakgrunnsteppet er raudt med brun/orange bord rundt. Sunniva har krone over kyseliknande hatt og langt, brunt hår over grønt/svart skulderstykkje. Brun kappe, grøn kjole med raudt avsluttande band over brystet.

Fløydørene innvendes viser Jesu fødsel til venstre og kongane si tilbeding til høgre.

Venstre fløydør. Jesusbarnet på altarforma krubbe, nakent med strålekrans. Maria til venstre med strålekrans bøyger seg for barnet. Josef bak til høgre med lykt i høgre handa. Mellom dei okse og esel. Framme til høgre to små musiserande englar med lut og harpe. Ruin av kvaderstein med rundboga opningar mot bakkete landskap. Bak til venstre kjem tre gjetarar inn med horn og stav. Stjerne på himmelen. Stjerna og strålekransane har enkeltstrålar som går ut i stjerneform. Denne framstilingsmåten er også brukt i dei andre strålekransane på altarskåpet. Fargar: Maria i blå kjole med vide erme. Skinnfôr viser ved dei oppbrette erma og ved foldar nede på kjolen. Raud kappe. Langt brunt hår med gylt høglys. Gylt strålekrans. Josef har raud, folderik kappe og grøne vide erme med kvit oppbrett. Blått tørkle med raudt fôr over hovudet. Englane i framgrunnen ber blå kjolar, personane i bakgrunnen har blå og raude klede og mørk karnasjon. Landskap i ulike grøntonar. Himmelen kvit ved horisonten, mot mørkare blå oppe. Arkitekturelementa grå-brune med innslag av raudt.

Høgre fløydør. Kongane si tilbeding. Maria sit med det nakne Jesusbarnet på fanget, begge med stråleglorie. Ein konge, Caspar til venstre og Baltasar til høgre, knelar på kvar side. Den tredje, Melchior, med mørk hudfarge, står bak til venstre. Begge dei knelande har teke krona av, den eine har hengt ho over krosslagd pinne og stokk feste med nagle og stokne ned i golvet i framgrunnen. Den eldre kongen til venstre har sett frå seg den monstransforma gåva mellom pinnen og stokken og held med begge hendene om høgrehanda til barnet som vender seg mot han. (Motivet med pinne, stokk, krone og monstrans er truleg ei symbolsk framstilling av krossen, Kristus som konge og nattverden.) Ein pasje held kappa til den tredje kongen, bak desse tre-fire personar (gjetarar) med diskuterande gester. Fargar: Maria og Josef kledde som på fødselsscena. Kongane er framstilte med stor detaljrikdom. Den mørke kongen med gylt krone og gåve, kvit bluse, grøn tunika med gylte ornament, raud bluse med skorne puffar i to høgder. Gylt, ornert skinnfora kappe. Den knelande kongen til venstre: Lite, grått hår, utan skjegg, vid blå-grå kappe med brei, gylt fotlist og skinnfora, kvit/brun oppbrett på erma, horn og raud veske feste i sida. Smalare raude erme med blå oppbrett under kappa. Gylt gåve. Yngre konge knelande til høgre: Lengre brunt hår og skjegg. Raud/gylt hakel med dobbel frynserad på skuldrane over gråbrun kappe, svarte vide erme og turkis stoff hengande frå venstre skulder. Ruin i tre og stein med rundboga opningar mot bakkelandskap der ein veg snor seg innover. Landskap i ulike grøntonar. Himmelen lysast mot horisonten. Arkitekturelementa i overgangar i blått/grått/brunt med innslag av raudt og blått i bjelkelaget.

Predella. Kasseforma predella med profilert fotlist og topplist. Eik. På flatene er det måleri av Jesus og læresveinane. Jesus har stjerneforma strålekrans av enkeltstrekar og antyda krossglorie. Han løfter høgre handa i velsigningsgest. Jesus er framstilt sentralt mot blå himmel, læresveinane plasserte to og to mot opphengde raude og grøne teppe, fire på kvar side framme og to på kvart av endestykkja. Uttrykksfulle andlet. Læresveinane er utstyrte med attributt, Fillip med kross, Johannes med kalk og giftslange, Jacob den eldre med pilegrimsstav og hatt med skjell etc.

Mål: Korpus: 129,5 cm høg, 111 cm brei, 26 cm djup. Fløydørene: 121,5 cm høge, 55,5 cm breie. Predella med lister: 34 cm høg, 121,5 cm brei, 31 cm djup. Altarskåpet kom inn til museet i 1881.

Skulptur. (BM. Kat. nr. MA 284.) Olavsfigur med uhyre under føtene, sittjande på trone på podium mot tavleforma bakgrunn. Bergen museum set proviniensen til Nord-Tyskland og daterer arbeidet til 1450-70. Eik. Olav sit frontalt med venstre handa på rikseplet på venstre kneet og med høgre handa løfta. Han har smalt, fint skore ansikt. Kort krølla hår og skjegg. Krone der dei tidlegare innfelte taggane er vekke. Høgre handa er skadd, men har far etter langøksa, som no er borte. Olav har spisse sko, vid kjortel og kappe. Kjortelen har parallelle foldar og er knytt saman i livet med belte med spenne. Kappa opnar seg for armane frå høgre skulder, går tvers over brystet, bak begge albogane og fram over fanget frå venstre, halden fast under kula som han stør mot venstre kne.

Uhyret ligg med Olavshovud mot venstre og halen, som dels er vekke, mot høgre. Det har små bein under seg, vengje inntil kroppen og ring rundt halsen. Uhyret ber krone. Dei tidlegare innfelte taggane er vekke. Hovudet har kort, krølla hår og skjegg.

Olavsfiguren har restar av lerret, krittgrunn og måling. Hovudet har godt bevart måling. Grå-rosa karnasjon med raudskjær mot øyra. Mørk brunt hår og skjegg. Mandelforma auge med brun kontur, grå-blå netthinne og kvitt høglys. På venstre sida av brystet har Olavsfiguren restar av lerret dels med krittgrunn og forgylling. Kappa har også truleg restar av lerret i einskilde foldar. Kappa er raud med svart sjablonmotiv utvendes, særleg tydleg på den oppståande kragen. Fôr i skinnimitasjon - kvitt med lys blått mønster. Uhyret har mest ikkje fargespor.

Kasseforma podium med brotne hjørne. Podiet er sett saman av to plater, den øvste minst, skilde ved fem rette veggstykkje. På podiet trone av firesida setekloss med små vangar festa oppå klossen på kvar side. Ei større ryggplate utgjer bakvegg for podiet og rygg for trona og er avslutta oppe ved gavl. Øvre del av ryggplata har sidestilte fialar. Fialdelane som har stukke over ryggplata er øydelagde. Gavlen har profilerte lister og krabbar som i toppen har gått opp mot eit ornament som no er vekke. Trone og podium med bakgrunn har mest ikkje fargespor.

Mål: H. figur: 92 cm. H. bakgrunn 132 cm. Br. 54 cm. Skulpturen kom inn til museet i 1891.

Lysestakar. (BM. Kat. nr. MA 285 (605?)) To like lysestakar i massing frå seinmellomalderen. Høg pigg, profilert, skålforma øvre og nedre del, svakt konisk skaft med tre plateforma ledd. Fleire horisontale markeringar i form av riller. Kvar stake kviler på tre sittjande løver på konsollar. Løvene er støypte for seg og festa på stakane. H. med pigg 54 cm, utan pigg 42,5 cm, utan pigg og løver: 39 cm. Br. øvre skål 14 cm, br. nedre skål 14,2 cm. Stakane kom inn til museet i 1891.

Kyrkjerekneskapane gjev få opplysningar om interiør og inventar i mellomalderkyrkja. I 1618 - 20 vart det laga ein ny "fundt" i kyrkja, truleg gjeld det eit dåpshus. Samstundes vart det og kjøpt eit dåpsfat. I 1624 - 26 skaffa kyrkja ny altarduk, i 1630 - 32 ein lysestake, eit timeglas og ei salmebok og to "døere Jern till Kirkedørren". "Lemmen", truleg eit galleri, vart vølt i 1633 - 35.

Kyrkja frå 1650-åra på Hundvåkøy †

Bygningen

Kyrkja på Hundvåkøy vart reist ved garden Austevoll og fekk namn etter denne. I kyrkjestoleboka vert nemninga "Santor eller Østewolds Kierckis Regenschab" brukt i 1653-55. I det same rekneskapsoversynet vert det vist til prostens visitas og vigsling av den nye kyrkja.

Ei segn fortel at kyrkja opphaveleg skulle reisast på Sandtorv, men at tømmerfloten som var kommen dit rak ned på Austevoll-landet i nordavinden. Ein annan variant er at kyrkja skulle reisast ved Hauglandsvågen på Huftarøy. Tømmeret låg i flåte der. Men flåten kom i drift og landa ved garden Austevoll på Hundvåkøy. Då folk kom dit og skulle berga flåten, la dei merke til ein krabbe som sat på han. Dei meinte då at det var lagnaden som hadde sendt krabben for å styra flåten til Austevoll-landet. I alle dei hundreåra som kyrkja sto, vart ho mann og mann imellom nemnd "Krabbekyrkja". Namnet "Crabbe Kirche" finst på eldre kart. Segna er såleis truleg ei sekundær forklaring på eit eldre namn.

Kyrkja var ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare, rett avslutta korparti. Kyrkja har truleg vore orientert på vanleg måte med koret i aust. Skip og kor hadde saltak som var tekte med tegl. Kyrkja hadde våpenhus som truleg var plassert framfor vestportalen i skipet, men det ser ikkje ut til at ho har hatt tårn eller takryttar. Rundt kyrkja var det ein inngjerda kyrkjegard.

I ei synfaring frå 1686 heiter det at "Østevolds Annex, Er en ny Tømmer Kirche |: uden Taarn :| tagt med pander och inden till Kiøn staferit och Malit, Kirchen er 20 Alne lang 14 Al. bred, Chorit 12 Alen lang 10 Alen breedt, Vaabenhuusit 5 Alen i Kant, (..)". Omrekna i meter har skipet vore 12,7 m langt og 8,9 m breitt. Koret har vore 7,6 m langt og 6,3 m breitt, medan våpenhuset har vore 3,2 m i firkant. I 1721 vart kyrkja omtalt som "een god Tømmer Kirche, foruden Taarn, med eet Stave Waabenhuus, Kirchen over alt tægt med Pander, og temmelig velholdet, Indvendig Smuch mahlet (..)".

Ved kyrkjesalet i 1720-åra vart Austevoll kyrkje kjøpt av B. Ulrich, truleg frå Bergen, som gav 70 rdl for denne og kyrkja på Møkster. Omkring 1860 vart kyrkja kjøpt av kyrkjelyden. I 1876 vart det klaga over at Austevoll kyrkje var for lita i høve til kyrkjelyden. Utviding eller nybygg var likevel ikkje aktuelt, ettersom ein på denne tida arbeidde med ei sokneregulering med Fitjar. Relativt kort tid etter valde ein likevel å riva kyrkja. I visitasprotokollen heiter det i 1891 at Austevoll kyrkje er reven og at materialane er selde. Samstundes vart det oppført ei ny kyrkje på Huftarøy. Materialane frå den gamle Austevoll kyrkje vart selde på ein offentleg auksjon.

Vegger. Veggene har vore av lafta tømmer. Stokkane har truleg vore flattelgd lafteplank som var kledd utvendes med supanel festa til opplengjer. Hjørna var kassa inn med bord. 1705-07 vart det betalt for "2de ny hjørnekiøhle af heelt træ opsat paa den søre side af Kirchen (..)". Gjennom 1600-talet og så langt inn som ein kan følja rekneskapane på 1700-talet ser det ut for at ytterveggene har vorte tjørebredde med jamne mellomrom. Innvendes var veggene måla.

Dører/vindauge. Hovudinngangen til skipet har truleg vore gjennom våpenhuset på vestsida av kyrkja. Det er også grunn til å tru at det har vore ein eigen inngang til koret. Både skip og kor har hatt vindauge av glas. Glasa har truleg vore feste i blyrammer og forsterka med jarnstenger. I 1653-55 vart det "forærit till Kierchen aff Boergere 5 Winduer, Huortill paa Kierchens Wegne bleff Bekostet Jeren for (..)". Dette kan ha vore vindaugsglas med initialane til gjevarane eller andre motiv måla på. Det kan sjå ut til at ikkje alle vindauga var på plass frå starten av. I rekneskapen for 1656-58 heiter det at det "Er Indsat i Kirchen paa den nordre side trej ny Winduer som er forÆrit for Rammerne dertill och for dennem at Indhugge giffuet (..)" og "for de andre Vinduer at lade fliche". I 1660-åra vart det sett inn "it Winduffue i Chorit". Framfor vindauga var det trelemmar. Ved hjelp av tau kunne lemmane firas opp og ned i "Lugestocher" på utsida av veggen. Nye vindauge og utgifter til "Glasmageren" er likevel eit punkt som no og då går att i rekneskapane.

Tak. Taket har vore konstruert ved takstolar med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. I tillegg var det lagt inn tverrgåande betar som batt saman langveggene. Den første tida sto taket utan panner. I 1659 vart det lagt tjøre "paa Sutaget førend det ny pandetag kom derpaa (..)". Takpannene vart lagde i 1660. I alt vart det beltalt for "4000 Pander at hendte 2 gange aff byen". Pannene vart festa til lekter med spikar. Mønekammen vart tekt med spesialstein lagd i mørtel. I alt vart det betalt for "100 Klincher at oplegge och udj Kalch nedlegge paa Kiøllen". Seinare vart det nytta mønebord. Til endane av takflatene vart det festa vindskier. Taka trengde jamnleg til vøling. Omkring 1700 vart taket på heile sørsida av kyrkja oppattnya med bord og takpanner. Etter ein storm i 1717 vart det kjøpt inn 1200 panner til nordsida på kyrkja. Det ser ut for at mønesteinane nokså fort har vorte skifta ut med mønekjølar av tre. I 1705-07 vart det betalt for "een ny Kiøhl och een ny Windschie paa Chortaget". Som treverket elles vart også takkjølane tjørebredde.

Himling. Til undersida av saksesperrene og hanebjelkane var det i 1880-åra festa "forskalling". På same tid hadde både skip og kor "en lavtrykt hvelving", men det er uvisst om denne har vore der frå først av. Omkring 1680 lét ein "giøre en ny Lem inden offuer ald Kirchen (..)".

Fundament/golv. Kyrkja har truleg vore fundamentert på ein låg grunnmur av tørrmura stein. Under golvet var det plass for graver. Omkring 1660 vart det beltalt for eit "Leyersted i Kierchen". Golvborda har vore feste til golvbjelkar. Vøling av golva er eit punkt som går att i rekneskapane. I 1675-77 vart det betalt for bord for "Kirchens Gulff at forbedre". I 1696-98 vart det "Lagt nyt Gulf udj Choret, Kirchen och Waabenhusset". Samstundes vart det også betalt for "Tillaaser till Gulfuet i Choret". I visitasprotokollen heiter det i 1854-64 at golvet er noko svakt og ròte. I 1876 vart golvet sett i stand.

Våpenhus. Våpenhuset var av stav- eller bindingsverk. Delar frå den gamle stavkyrkja på Sandtorr vart oppattnytta i våpenhuset. Veggplankane hadde "den egne for stavbygningen retvinklede list" - truleg eit enkelt, rettvinkla høvelprofil. Det er uvisst om også andre delar har vore oppattnytta. 1696-98 vart det "giort Vnderslag under Stafuerne i Waabenhuset (..)". På våpenhuset har det vore saltak. Taket var tekt med takpanner, langs mønet låg det ein "Kiøl". Våpenhuset hadde bordgolv. Utbetring av golvet i våpenhuset er eit punkt som går att i rekneskapane.

Interiør

Bendixen (1904, s. 393) fortel om den innvendige målinga: "Billederne var utført i limfarve. Paa skibets langsider synes væsentlig at have været malet landskaber og blomster, men taget og især koret var saa rigt udstyret, at dens mage næppe har været i disse egne, ialfald i senere tider."... "I koret var malet i runde firkantede og polygone felter flere figurer og scener, saaledes var fremstillet de 4 kardinal dyder: justitia, fides o.s.v., s(c)ener fra Bibelen, hvoraf hr. J. Ross har aftegnet en scene, der vistnok maa fremstille Himmelfarten; i midten en houg, og over den nederdelen af en beklædt skikkelse, hvis overdel er indhyllet i skyer. Til den ene side staar en skare af 6 mænd i korte kofter og i side kjorteler, til venstre længst i forgrunden to lignende figurer, hvoraf dog den ene har vinger. Rundt omkring er malet store blomster og blade."

Glasmåleri. "I skibets nordre veg var et vindu med indbrændte figurer, aarstallet 1654 og navnet Niels Bjørnsen Stenvigen." (Bendixen, 1904, s. 395.)

Inventar

Kyrkjestoleboka har føljande opplysningar om inventaret:

Galleri. 1680 - 81: Nytt pulpitur †.

Rituelle kar. Kalk og disk. 1661: 1 liten kalk, 16 ½ lod † og 1 sund disk, 3 ½ lod †. Den gamle kalken og disken vart omgjorde i 1693 - 95, almuen gav sølv til ein ny disk †. Oblatøskje. Inventarlista frå 1687 - 89 nemner "j Sølf Esche Veyer 8 Lod ½ Qvintin gifuen af Sr Michell Oldrich". (Sjå kyrkja frå 1891.) I 1687 - 89 er nemnt eit massing dåpsfat †.

Parament. 1661: Eit altarklede † og ein duk over kalk og disk †, begge gjevne av kona til Christen Bertelsen. I 1722 gav Segr Beent Uldrich eit nytt kledes altarklede †. 1661: Ei messeskjorte †, ein messehakel †. I 1687 - 89 står det i inventarlista at messehakelen er gammal og kommen frå Sund kyrkje. I 1708 - 09 hadde kyrkja ein "god" messehakel † i tillegg til den gamle. Ny messeserk 1680 - 82 †, gåve frå soknepresten. 1722 fekk kyrkja ei ny messeskjorte † av Knud Salmonsen Eide.

Lysstell. Lysestakar. To små massing lysestakar † gjevne 1661 av enkja etter Rolf Gjerstad. Inventarlista frå 1661 nemner og eit par malm lysestakar †, truleg dei same som i inventarlista frå 1687 - 89 står opprekna som "2 store Malm stager till Woxlyss". "Desuden hang der i skibet en simpel lysekrone med 6 arme i en række, ifølge indskrifter skjænket 1728 af Maren sal. Ølrichs." (Bendixen, 1904, s. 395.)

Klokke. Ny klokke † 1656 - 58. Klokka vart omstøypt i 1700, arbeidet vart kosta av soknepresten. Klokka heng no ved gravplassen på Hundvåkøy.

Bøker. 1661: Ei altarbok †. 1687 - 89: Ei gammal altarbok og ei salmebok †. I tillegg ei ny salmebok † kjøpt 1700.

Møblar. Ny brudebenk 1668 - 70 †.

I 1661 er vidare nemnt ei gammal lykt † og eit timeglas †.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden på Hundvåko vart framleis brukt etter at den tidlegare Austevoll kyrkje vart reven. I visitasprotkollen heiter det i 1889 at "Kirkegaarden paa Hundvaagsøen Trænger fremdeles reparation paa Gjerdet samt paafylding". Sjå elles Hundvåkøy kapell.

Kyrkja frå 1891

Vedtaket om å byggja den nye kyrkja må ha vore klart alt i 1889 då ein tok til med grunnarbeidet ved Storebø på Huftarøy. I utskrifta frå Austevoll herradsstyres forhandlingsprotokoll for 1890 heiter det at "Der fattedes saadan Bestutning: Nye Tegninger blive snarest at anskaffe. Ved anskaffelse påsees, at kirken blir langkirke i spidsbuestil med frie søilebuer både i skib og kor, med endegalleri, men ikke sidegallerier, og med mindst 450 siddepladse. Korets endehjørner brekkes og i de derved fremkomne hjørnevægge anbringes korvinduerne, der ikke bør være altfor store og stå noget høit. (..)". Til arkitekt for den nye Austevoll kyrkje vart valt Hans Heinrich Jess (1847-1916). Byggjearbeida tok til omkring midtsommar 1890 og var ferdige til jul same år. Byggmeister var B. Skaare. Kyrkja vart vigsla av biskopen 22.1.1891.

I dag inngår Austevoll i tettstaden Storebø.

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare, polygonalt avslutta korparti og tårn i vest. Kyrkja er tilnærma orientert i aust-vest retning, med koret mot aust. Skipet har indre stolperekkjer som deler rommet i eit midtskip og to sideskip. I vestenden av skipet er det orgelgalleri. På nord- og sørsida av koret er det bygt til dåpsventerom og sakristi. Kyrkja har hovudinngang mot vest. Det er eigne inngangar til sakristiet og dåpsventerommet. Både eksteriøret og interiøret er dekorert med snekkardetaljar i sveitserstil. I 1952 vart kyrkjerommet overmåla innvendes. I 1987 vart dåpsventerommet og sakristiet på kvar side av koret utvida. I samband med oppussing for jubileet i 1991 vart det i 1990 mellom anna sett inn ei ny dør til dåpsventerommet frå skipet. I den sør-vestlege delen av skipet er det fundament for ein tidlegare omn. Kyrkja har idag elektrisk oppvarming. Utvendes er kyrkja kvitmåla med kvit grunnmur.

Vegger

Ytterveggene i skip og kor er av lafta tømmerplank. Innvendes er veggene avstiva med opplengjer og stolpar langs sidene og i hjørna. Utvendes er veggene kledde med sulagde bord. I nedkant vert veggene avslutta med eit vatnbord. I underkant av vindauga er det lagt inn ein vatnnase. Mot takutstikka er den utvenige bordkledninga avslutta med eit bord med blindarkadar. Innvendes er den nedre delen av veggene kledd med eit enkelt brystpanel av moderne plater og lister. Den øvre delen er kledd med papp, truleg som underlag for måling.

Portalar/dører

Vestportalen har ei to-fløya fyllingsdør med overstykke med glas. Sjølve døra er ettermåten ny. På eit fotografi frå rundt 1900 er portalen vist med fyllingsdører og eit trekantforma overstykke med glas i skråstilte sprosser. Over portalen er det eit takutbygg med utskjeringar i fronten. Framfor portalen er det eit støypt trappeanlegg med trappearmar frå sør og nord opptil ein platting med trapp opp til vestportalen. Ytterdørene elles er enkle fyllingsdører av moderne type. Framfor døra på sørsida av koret er det støypt trapp, framfor døra på nordsida av koret er det ein støypt rullestolsrampe. Bortsett frå døra mellom skip og dåpsventerom, ser dei innvendige dørene i skip og kor ut til å vera opphavelege fyllingsdører.

Korskilje

Koret opnar seg mot skipet i full breidde. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet. Stega er flankerte av stolpar og enkle rekkverk. Oppe er sidefelta avslutta ved horisontale bjelkar, midtfeltet med gavlform, alle tre utfylte med spissbogar. Høgdeskildnaden mellom kor og skip over korskiljet er panelt og har markerte konstruksjonselement.

Vindauge

Dei opphavelege vindauga i skipet er trefags med trekantforma overstykke. Vindauga på sørsida har moderne rammer og eitt glas. På utsida er det lagt lause sprosser som viser den opphavelege vindaugsoppdelinga. Innvendes har vindauga moderne rammer med bly-innfatta antikk-glas og farga glas. I skipet er det lagt inn symbol i farga glas i dei blyinnfatta vindauga. På sørsida ein raud kross og ei gul stjerne. På nordsida ein raud kalk og eit grønt palmeblad. Vindauga i koret er moderniserte. Frå først av hadde desse også tre fag. Vindauga har no utvendes enkle rammer under det trekantforma overstykket. Innvendes har vindauga blyinnfatta glasmåleri. Sjå interiør.

Himling

I skipet er midtskipshimlingen heva noko i høve til himlingane over sideskipa. Himlingane i sideskipa er horisontale, medan himlingen i midtskipet dannar eit slakt saltak. Himlingane over sideskipa er bordkledde og er festa til bjelkar mellom dei indre stolpane og opplengjene langs ytterveggene. Mellom sideskipa og himlingen over midtskipet er det ein bordkledd knevegg som øvst vert avslutta med ein blindarkade. Himlingen over midtskipet er bordkledd og er festa til takkonstruksjonen. Himlingen over koret har også salform og er bordkledd og er festa til delar av takkonstruksjonen. Mot aust er himlingen valma og følgjer den polygonale avsluttinga av koret.

Grunnmur/golv

Kyrkja ser ut til å vera fundamentert på fjell. Grunnmur og støttemurar er av brotstein med nyare påstøyp på utsida. På eit fotografi frå rundt 1900 er murane viste utan påstøyp. Under skipet og koret er det kryperom som dels fungerer som lagerrom. På grunnmuren og dei indre støttemurane er det lagt golvbjelkar. Både skip og kor har bordgolv. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet. Altarpartiet ligg eitt steg høgre enn korgolvet.

Tak

Både skip og kor har saltak med takvinkel omkring 43 o, som ligg noko over himlingane. Taket over skipet dekkjer både midtskip og sideskip. Over skipet er taket bore av sperrefag som er sette saman av sperrer, hanebjelke og hengestolpe. Hengestolpen er festa mellom sperrene og hengebjelken. Sperrene er understødde av langsgåande dragarar som vert borne av dei indre stolperekkjene. Mellom dragarane og hengestolpen er det lagt inn ekstra sperrer som utgjer feste for himlingen over midtskipet. På yttersperrene er det lagt åsar som ber bordtaket. Takkonstruksjonen over koret er ikkje tilgjengeleg, men er truleg av liknande type. Taka er tekte med diagonalt lagde skiferheller. Til takutstikka er det festa vindskier og bord. Til austgavlen i skipet var det tidlegare festa eit spir av tre.

Tårn

Vesttårn. Vesttårnet har grunnmurar av brotstein som utvendes er dekt av nyare påstøyp. Under vesttårnet er det eit lagerrom. Vesttårnet inneheld våpenhus, rom framfor orgelgalleriet, lagerrom og klokkehus. Veggene mot sør, vest og nord er av bindingsverk som innvendes er forsterka med stolpar i hjørnene. Utvendes er tårnet kledd med tilsvarande panel som skip og kor. Under lydgluggane er det lagt inn ein ekstra horisontal vatn-nase. Innvendes er veggene i nedre del av tårnet kledd med ståande staffpanel. Veggene i øvre del av tårnet er innvendes kledd med ukanta bord. Golvet i våpenhuset ligg i nivå med golvet i skipet. På kvar side av vestportalen er det trapper som fører opp til rommet framfor orgelgalleriet. Enkle trapper fører vidare til den øvre delen av tårnet. Golva/dekka elles er også av bord som er understødde av bjelkar. Den nedre delen av vesttårnet har to- og tre-fags vindauge med trekanta toppstykke. Vindauga er opphavelege. Klokkehuset har lydgluggar mot nord, vest og sør. Tårnet har inntrekt, åttekanta tårnhette. Tårnhetta er understødde av midtmast, gratsperrer og skråstivarar. Midtmasta er støtta av ein bjelkekrans og ført eit stykke ned i klokkehuset. Skjørt og tårnhette er kledde med bord som er tekte med koparplater. Tårnhetta er krona med eit jarnspir med kule og restar av annan dekorasjon.

Sakristi/dåpsventerom

Dei opphavelege tilbygga på nord- og sørsida av koret hadde same lengde som dei eksisterande tilbygga, men var berre omlag 2 m breie. Eit fotografi frå omkring 1900 viser at tilbygget på sørsida hadde tilsvarande utvendes kledning som kyrkja elles, dør og vindauge mot sør og pulttak som var tekt med diagonallagd skiferstein. Mot aust var taket valma. Tilbygget hadde utvendes trapp. Vindauget hadde tre fag og var av same sort som vindauga i skip og kor. Truleg hadde tilbygget på nordsida av koret ei liknande form.

Tilbygget på nordsida av koret inneheld dåpsventerom og vindfang. I tilbygget på sørsida av koret er det sakristi og kjøkken. Veggene er av bindingsverk som utvendes er kledd med liknande panel som skip og kor. Innvendes er veggene kledde med ståande skuggepanel. Tilbygga har pulttak som er valma mot aust. Taka er tekte med diagonallagd skiferstein. Innvendige dører er dels opphavelege fyllingsdører, dels nyare fyllingsdører. Vindauga er gjennomgåande nye. Himlingane er kledde med plater. Tilbygga har støypt grunnmur. Under romma er det kryperom. Golva er av bord.

Interiør

Altar og døypefont i koret. Preikestol på sørsida i korskiljet med oppgang frå koret. I skipet faste benker på kvar side av midtgangen. Orgel og faste benker på galleriet i vestenden i skipet.

I skip og kor er golvet gråmåla. Veggene er måla lys beige med mørk raudbrun, sjablonmåla dekor. Opplengjer, stolpar og andre konstruksjonselement er måla brunraude med mørkebrune markeringar. Himlingane er måla bleikgule. Korskiljet har lysgrå balustrar og brun handlist. Interiøret vart restaurert i 1990 i samband med jubileet i 1991.

I koret er det vindauge med glasmåleri av blyinnfatta, farga glas på kvar side av altaret. På nordsida: Kristi himmelfart. Kristus med hendene vende utover og med raud glorie og orange/raud kjortel. På den eine sida av Kristus ståande mannsfigur med gul kjortel. På den andre sida knelande kvinne med raud/fiolett kjortel. På sørsida: Nedtakinga frå krossen. I bakgrunnen tom orange kross. Framfor krossen gruppe med kvinnefigur med gul kjortel og mannsfigur med grøn kjortel som svøyper den døde Jesus med lysegul glorie og blåleg lendeklede i eit raudt/orange klede. Signert E.R.52 (E. Rognaldsen 1952.)

Iventar

Altar

Kasseforma altar. Utvendes panelt. Dør på baksida til skåp i altarbordet. Altaret er bygt saman med altartavla. H. i altarringen 99 cm, bak 121 cm. Br. 251 cm, dj. 101 cm.

Altartavle

Nygotisk tavle med smale, spissgavla avslutta sidefelt flankerte av fialar. Midtfeltet er høgre med gavlforma avslutting toppa med kross. Nedre del har sentralt plassert skriftfelt i profilert ramme. Øvre del har måleri i svakt spissboga ramme med knekk på sidene. Bogen er innskriven i ein spissboge i listverk på gavlfeltet. Mellom bogane ein oval i listverk flankert av alfa og omega og med måla solkross og stjerner. I skriftfeltet er skrive med gull fraktur på svart botn: Kommer hid til mig alle som arbeide og ere besværede, og jeg vil give eder hvile! Math.ev. 11,28. Fargar: Varm grå botnfarge, brune sidefelt og fialar, dels staffert med gull. Midtfeltet over biletfeltet er gråblått. Listverket brunt, gull, grønt. Kross og fialtoppar er gylte.

Måleriet er signert nede i høgre hjørne: C. Brun efter C. Block. Motiv: Kristus som trøystar. Kristus med strålekrans om hovudet sentralt plassert med heva, framoverretta armar, med kvit kjortel og kappe. Omgitt av blinde og sjuke. Grå framgrunn, blå bakgrunn.

Altarring

Vel halvsirkelforma altarring med inngang på begge sider av altaret. Knefallet er stoppa og trekt med grøn, blomstra fløyel. Rekkverk av 8-kanta spiler som ber spissbogar, runda handlist og indre hylle for særkalkar. Panel under knefall: gulbrunt, rekkverk: varmt gråkvitt. Brun handlist. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn golvet i koret og er som dette dekt med raudt teppe.

Døypefont

8-kanta font av tre. 8-sida kum med rundt hol for dåpsfat. Kummen svingar inn mot skaft som er støtta oppe av fire utsvinga bein. H. 81 cm, d. 74 cm.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har seks sider av ein åttekant. Sidene har ramverk med ei ståande rektangulær fylling i kvar side. På utsida er fyllinga forma som spissboge med utvida sider og fasa kantar. Pålagt listverk oppe og nede og mellom felta. Handlista er stoppa og trekt med skinn. Botnen er 8-sida og innsvinga og står på ein 8-kanta stolpe med avtrappa base. Fargar: Beige fot, botn og fyllingar. Djup raud kanting og sjablonmotiv på botnen og i fyllingane. Brunt listverk og ramverk på stolen. Gylte kantlister. Oppgang frå koret. Trapp med 7 steg og vange mot nord. Brun med beige fyllingar.

Benker og faste stolar

Det er benker i skipet på begge sidene av midtgangen. Vangene er dei opphavelege med avrunda former på to utsvinga bein og med bakoverlent feste for rygg. Ryggen har tidlegare vore open. Ved restaurering i 1987 fekk benkene nye setefjøler og plate i ryggen som bakgrunn for sete- og ryggputer. Det er faste benkefjøler langs langveggene og bak. Benker og puter er raudbrune. På galleriet er det benker på sidene. Desse er uendra. Setefjølene er smalare og formskorne, ryggen har to horisontale fjøler og salmebokhylle.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i opplengjene, i midtskipsstolpane og i to galleristolpar som flankerer midtgangen og går opp til handlista på brystninga. I tillegg er det lagt bjelkar mellom opplengjene i vest og dei nemnde 6 stolpane. I hjørna mellom galleribjelke og stolpar er det lagt inn konturerte kne. Brystninga har fem felt med tilsaman 20 rektangulære fyllingar i ramverk, mot skipet forma som spissbogar med utvida sider. Profilert handlist. Golvet på galleriet er på sidene avtrappa i fire høgder. Det flate midtpartiet har trapp opp til dør til gallerigang mellom delar av det gamle orgelet. Himlingen under galleriet er flat og staffpanelt. Fargar: Nedre del av stolpane er brune, øvre del og knea er rosa, brunleg ramverk. Fyllingane er beige med raud kontur og sjablon.

Orgel

a) Det første orgelet var frå Olsen & Jørgensen, 1915. Orgelet hadde 6 stemmer på ein manual og anhangspedal. (Kolnes, 1993.)

b) Ombygd del av pipeorgel frå Krosskyrkja i Bergen. Claus Jensen. Orgelet sto i Krosskyrkja frå 1856 til 1892. Niels Pedersen Kvarme frå Voss kjøpte orgelet og laga fleire separate orgel av det. Den eine delen kom til Stord og skal ha hatt 13 stemmer, ein manual og pedal. Dette instrumentet vart fornya av Heggen & Ivers i 1917 og hadde då 15 eller 16 stemmer fordelt på to manualar og pedal. I 1957 kom det til Austevoll, også ved dette høvet vart det endra noko av H.R. Ivers og hadde no 14 stemmer fordelte på to manualar og pedal. (Kolnes, brev.) Orgelet fekk ikkje plass i det opphavelege orgelhuset, ei forlenging vestover sentralt på galleriet, og vart dels plassert frammafor. Her står orgelfronten enno. Fronten er av eik, tredelt med spisse gavlar over rundboga pipefelt med bronserte piper. Midttårnet toppa med kross. Tannsnittlister under gavlane. Tårna er flankerte av kannelerte stolpar og det er mindre pipefelt mellom tårna.

c) Digitalorgel: Allen digital Computer organ med to manualar og pedal. 6 høgtalarar på galleriet. Dette orgelet er plassert sentralt lengst aust på galleriet.

Skulptur

Krusifiks på nordveggen i koret. Krisusfiguren og innskriftplata i lauvtre, krossen i eik. Kristusfiguren hallar hovudet til høgre. Han er framstilt med skjegg og langt hår og fletta tornekrune. Armane skrår, underkropp og kne er vridde mot venstre. Lendekledet går ned mot venstre kne og er knytt i høgre side der enden av kledet heng ned. Umåla. Krossen har fasetterte kantar. Han tidlegare stått på sokkel. Sokkelen som er teken vare på ber innskrift som fortel at figuren er skoren av Mathias Dadler(?), Bayern, og at krusifikset vart vigsla 29.3.1925. Det stod tidlegare på altaret. Mål: Kross: h. 80 cm, br. 44,2 cm. Kristusfigur: h. 47,7 cm, br. 35,5 cm.

Rituelle kar

Kalk. Sølv. Høg, slank kalk. Traktforma kupa med forsterka kant og nebb. Sekssida skaft. Flattrykt nodus, kanta med snodd band med seks kuler. Seksflika fot over rett standkant avslutta med snodd band over fotplate. Dekor: Gravert på kupa border med tre firpassmotiv med innskrevne krossar. På foten: stjernemotiv. Gravert under med skriveskrift: Austevoll kirke 1891. Stpl: 830. TOSTRUP. 1887. Stor gotisk S, St. Halvard, månadsteikn (V), 1977 (truleg reparasjon). H. 24,7 cm, d. 14 cm.

Særkalkar. 61 stk., plett. Flat kupa, rund nodus over høg, utsvinga fot med inngravert latinsk kross. Stpl. MÅ (Magnus Åse).

Disk. Sølv. Svakt skrådd rand, forsterka kant. Gravert dekor: Firpass med kross i botnen, bord rundt randa. Stpl. Tostrup 1887. D. 16 cm.

Oblatøskje. a) Sølv. Innvendes gylt. 1698. Sylinderforma øskje på flat fotplate. Loket som går utanpå korpus har utståande, bølja kant og er krumma opp mot flat toppspegel med gravering i skriveskrift: Zu Gottes Ehren Und das Heilige Altar zum Zirat. Hat Michel Olrich und seine Frauw Marren Bendtz Dochter Dieses Vorehret Zu Østewolds Kirche 1698. Gravert med skriveskrift på korpus: Ach du Alwissender Gott. Wo es dir Gefelt. Hilfe doch die Schwachen. Dobbelt stempel 1 i oval under botnen. H. 5,8 cm, d. 9,8 cm. b) Plett (?). Høyrer saman med kalk og disk. Sylindrisk korpus som ved profilering er utvida oppe og nede mot standkant. Loket har vulst under svakt skrådd lok toppa med flattrykt knopp som ber kross med kryssa tverrarmar. Gravert med skriveskrift under botnen: Austevold Kirke 1891. Stpl. Tostrup. H. 12,7 cm, d. 14 cm.

Vinkanne. Plett. Hengsla lok avslutta oppe med kross som på oblatøskje b. Loket dekkar nebbet. Glatt svakt skrånande øvre del med nebb. Glatt hals mellom riller. Omvendt traktforma korpus mot rille over innsvinga botn over profilert fot. S-forma hank festa til halsen, hengslet for loket, og korpus. Gravert bord på halsen. På korpus er gravert ein stor latinsk kross med kløverbladsarmar over sol med kryssande greiner. Gravert med skriveskrift under botnen: Austevoll Kirke 1891. Stpl. Tostrup. H. 34,5 cm, d. 16 cm.

Dåpsfat. Plett (?). Runda fat med svakt skrånande rand. Forsterka kant. Gravert i versalar rundt randa mellom doble prikka liner: GAAR HEN OG GJØRER ALLE FOLK TIL MINE DISCIPLE, IDET I DØBER DEM I FADERENS OG SØNNENS OG DEN HELLIGAANDS NAVN * . Gravert under randa: Austevold Kirke 1891. Ustpl. H. 8 cm, d. 41,1 cm. Br. rand 6 cm.

Kanne. Plett. Pæreforma kanne med skrådd øvre kant. Utsvinga fot over standkant. S-forma hank. Gravert på korpus: latinsk kross med kløverbladsarmar over lysande sol. Gravert langs standkant: AUSTEVOLD KYRKJE FRÅ STOREBØ BONDEKVINNELAG 1961. H. 33,5 cm, d. 17,7 cm.

Skei. Sølv. Ovalt blad med perforert latinsk kross. Snodd skaft som endar i flat dropeform med gravert dekor. Gravert med prikka skriveskrift: Austevold kirke. Stpl. NCB (?), Bergen. Lengde 14,3 cm.

Parament

Altarduk. a) Kvit toskafts linduk. Hekla bord, 33 cm brei med vekselvis krossar og blomar i tunger. b) Kvit toskafts linduk. 32 cm brei hardangersaumsbord på tre sider. Vekslande krossar og kalkar i tunger.

Antependium. Altarbordet er trekt framme og på sidene med djup raud fløyel kanta nede med gullfrynser. Framme er brodert Jesusmonogram med lys gul plattsaum i tornekrans av gulltråd.

Messehaklar. a) Eldre, djup vinraud fløyels messehakel med raudt silkefôr, kanta med breie gull-band. Rettsida. Ryggen har kross av breiare gullband på strålekrans. b) Vinraud brokade - rosa/raudt silkefôr. Rettsida. Kanta med smalare gullband. Kross på ryggen. Nyare. c) Grøn/turkis. 1991. Rettsida. Kan brukast begge veger. Taisilke. Same stoff brukt som fôr. Vattert. Begge sider har gaffelkross i gullstoff med applikert grønt blad nede på stammen. Kanta på sidene med gullstoff med applikerte blad. På ei side er det applikert ein rosa kalk over Y - en. På den andre sida er det rosa motivet ein gresk kross. Hakelen er kanta med gullsnor. Kyrkja har ei bomulls messeskjorte.

Preikestolsklede. a) Raud fløyel med gullkross og gullfrynser. b) Grønt. Ull/lin toskaft med brodert aksmotiv i gult og beige. c) Lilla. Ull/lin toskaft med krosstre der det frå armane dryp kvite dropar ned i døypefont og raude ned i kalk. Krossen er gul-brun, kara kvite. d) Kvitt. Ull/lin toskaft. Brodert motiv: Guds lam med krossglorie og sigersfane på boka med sju segl. Boka, fanestonga og glorien er gulbrune, krossen raud, lammet grått/beige/kvitt. e) Raudt. Brodert motiv: Nedovervend due med krossglorie og strålar. Kvit med grått. Glorien gul og raud. Motiva er utførte i plattsaum og knutesaum.

Lysstell

Altarstakar. På altaret 2 stakar, truleg av Jacob Tostrup. Plett. Brei fot, søyleforma skaft og kapitel, lyspipe omgitt av kroneforma lysmansjett. Sirklar med innskrevne firpassbogar graverte på foten. På undersida gravert: Austervold Kirke 1891. Ustpl. H. 64 cm, d. 27 cm.

Lysekroner. a) Lengst aust i skipet lysekrone med skaft, kule og 6 armar. På kula gravert: DENNE . KRONE . ER . FORÆRIT . AF . MAREN: SaL:. MICHEL . ØLRICHS . TIL . ØSTERWOLDS . KIRKE. Ao 1728 (..) 22. septr. H. 59 cm, d. 50 cm. b) Midt i skipet. Nyare massingkrone med kule nede og balusterforma skaft. Ring til oppheng. Tre plater med 6 S-forma lysarmar i kvar. c) Massing lysekrune. Noko eldre og større enn b. Kule nede avslutta med ring. Balusterforma skaft. Ring til oppheng. Armar som b, men kraftigare.

Elles har kyrkja moderne lysarmatur med åtte hengelamper, kvar med to lysrader av massing, i skipet, tre hengelamper med ei lysrad av massing under galleriet, to massing lampettar i koret og punktlys mot altaret og mot orgelet.

Klokke

I tårnet stålklokke med svakt boga kronplate, rett hals, boga kropp og slagring. På halsen skriftband: GEGOSSEN VOM BOCHUMER VEREIN 1880. D. 77 cm, h. 64 cm. Moderne oppheng, elektrisk ringing.

Bøker

Alterbog for Den norske kirke, Kria. 1893. Alterbok for Den norske kirke, Kria. 1920. Altarbok for Den norske kyrkja, Oslo, 1926. Altarbok for Den norske kyrkja, Oslo 1949.

Nummertavler

På austveggen i skipet 2 stk. av tre, måla. I tårnet 2 stk. av tre, kronte med gavl. Den eine merkt med bokstavene F og E, krossmotiv og rankemotiv på fronten, den andre gråmåla.

Møblar

I koret 2 brurestolar av tre med akantusutskjeringar, nyare. I koret nyare lesepult av tre. Ved austveggen i skipet, piano, Grotrian-Steinweg.

Offerkar

I tårnet kollekthov med tøy pose. 2 små tiner av tre/finer med teikning av kyrkja sitt eksteriør, alfa-omega teikn, kross og kristogram innskreve i sirkel.

Blomsterglas

1 vase av krystall, 2 keramiske vasar.

Diverse

Kyrkjeskip. Over midtgangen i skipet skip med 4 master av 1600-tals type, nyare.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden omgjev kyrkja på alle kantar og er avgrensa av steingard. Inngangen til kyrkja er frå sør og vest. Kyrkjegarden er utvida fleire gonger. I 1903 gav departementet løyve til ei utviding med omlag 1000 m2. På "Kart over Storebøs kirkegaard. Optaget i januar 1906, K. Kvamme", som heng i kyrkja, er kyrkjegarden vist som eit kvadratisk felt rundt kyrkja med totalt 357 graver. På kartet er inngangen til kyrkja frå sør. I 1944 gav departementet på ny løyve til utviding.

Dei eldste gravminna er steinstøtter og støypejarnsplater. Mellom dei eldste er Johannes J. Naustheller og Wensent L. Nauthella, f. 1847, d. 1902. Andre gravminne frå 1909, 1906, 1906 og 1908.

Kyrkjegarden er utvida mot vest og nord i nyare tid. Dei nye gravene er konsentrerte på den nordlege delen der det er brukt steinstøtter. Her er gravminne frå 1962 og frametter.

Sør for kyrkja er det reist ein bauta over folk frå området som fall i krigen 1940-45. Eit kombinert bårehus og service-hus vart bygt aust for kyrkja i 1975. Bygningen rommar bårerom, reiskapsbu og toalett. Bygningen har støypte vegger og gavlar av bindingsverk som er kledde med bord. Saltaket er tekt med glassert takstein.

Kjelder

Utrykte kjelder

  1. Det antikvariske arkiv, Riksantikvaren. Brev frå Austevoll kommune til Fylkeskonservatoren i Hordaland. Datert 6.3.1990.
  2. Brev frå S.J. Kolnes.
  3. Brev frå P.J. Lavik.
  4. Brev frå O.K. Riise til H.M. Schirmer. Datert 20.3.1900.
  5. H.-E. Lidén, Kirketuft, Sandtorv, Austevoll kommune. Rapport. Datert 20.7.1982.
  6. Bergen museum. B. Kaland, Rapport 1969. (Olavsfigur.)
  7. B. Kaland, Restaureringsrapport, Bergen 1966. (Altarskåp.)
  8. Kartotek over gjenstandar frå mellomalderen.
  9. Kyrkjedepartementet sitt arkiv. Austevoll kirke, 1890.
  10. Austevoll kirke, 1891.
  11. Austevoll kirkegård, 1903.
  12. Austevoll kirkegård, 1944.
  13. Statsarkivet i Bergen. Bispearkivet, visitasmeldingar, 10.9.1860.
  14. Kyrkjestolebok, l.nr. 117, 1618-1723.
  15. Prostearkiva, Midhordland prosti, visitasprotokoll nr. 4, 1852-1864.
  16. Prostearkiva, Midhordland prosti, visitasprotokoll 1864-80, fol. 64. 1876.
  17. Prostearkiva, Midhordland prosti, visitasprotokoll 1866-80, 17.8.1874.
  18. Prostearkiva, Midhordland prosti, visitasprotokoll 1880-94, 1889, 1891.
  19. Stiftsamtmannen, boks 1729, legg 3, synfaring 1686, Nordhordland.
  20. Stiftsamtmannen, boks 1719, legg 3, Sunnhordland, 1721.
  21. Opplysningar frå sokneprest Arne Eide.

Trykte kjelder

  1. A. Asphaug, Bygdesoge frå Sund; 1320-1660, Sund 1987, s. 89 f.
  2. B.E. Bendixen, "Fra kirkeundersøgelserne i Søndre Bergenhus amt", FNBF, årsb. 1901, s. 26.
  3. B.E. Bendixen, Kirkerne i Søndre Bergenhus amt, Bergen 1904, s. 392-401.
  4. B.E. Bendixen, "Aus der mittelalterlichen Sammlung des Museums in Bergen", Bergens museums aarbok 1911, hefte 3, s. 21-22 og 47-54.
  5. A. Eide, Austevoll kyrkje gjennom tidene, Øystese 1991. s. 26 f.
  6. E.S. Engelstad, Senmiddelalderens kunst i Norge ca 1400 - 1535, Oslo 1936. (Nr.28 og 29.) FNBF 1901, s. 26.
  7. F. Hodnebø (red.), Bergens Kalvskinn, Oslo 1989, fol. 29b og 86b.
  8. F. Hodnebø og H. Magerøy (red.), Norges Kongesagaer, bd. 4. Oslo 1979, s. 214.
  9. S.J. Kolnes, Norsk orgelregister, 1328 - 1992, Førdesfjorden 1993.
  10. L.L.E. Mykland, Guds hus under hammeren, Hovudfagsoppgåve, Universitetet i Bergen 1976, s.113.
  11. A. Mykleby, "Jess, Hans Heinrich (..)", Norsk kunstnerleksikon, bd. 2. Oslo 1983, s. 389f.
  12. A.H. Rasmussen, Våre kirker, Ålborg 1993, s. 377.
  13. O. Rygh, Norske Gaardsnavne, Søndre Bergenhus Amt, Kria. 1910, s. 251.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)