Ask kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Ask kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneAskøy kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.476931,5.212505
FellesrådAskøy kirkelige fellesråd
Kirke-id124700201
Soknekatalognr02040703
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Ask kyrkje er oppført på Frugårdsbrotet på garden Ask. Tomt til kyrkje og gravplass vart gjeven av Wilhelmine Jachwitz. Kyrkja vart oppført under leiing av kyrkjebyggar Torgeir Tengesdal frå Sand i Ryfylke etter teikningar av H.S. Eckhoff og vigsla 8.10.1908. Teikningane var utarbeidde for Sandeid kyrkje og vart noko endra.

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje med skip med rektangulær plan, smalare, lægre polygonalt avslutta kor i aust og firkanta tårn i bindingsverk i vest. Indre søyler deler skipet i eit midtskip og to sideskip. Koret og tårnet har sidetilbygg i flog med langveggene i skipet. Kyrkja er orientert tilnærma vest - aust med altaret i vest. Frå først av stod tårnet utan tilbygg.Tilbygga til tårnet vart oppførte i 1987.

Fundament

Kyrkja står på eit fundament av naturstein med tynn utvendes påstøyp. Det er kryperom/blindkjellar under kyrkjegolvet. Fundamentet for tårntilbygga er av betong.

Vegger

Veggene i skip, kor og kortilbygg er lafta opp i plank. Alle veggene er utvendes kledde med liggjande, kvitmåla staffpanel, nede avslutta med vatnbord over grunnmuren, hjørna er kledde med avfasa bord. Innvendes har langveggene i skipet tre opplengjer som korresponderer med mellomstolpar og deler skipet i fire fag. Kortveggene har to opplengjer i flog med mellomstolpane. Langveggene i koret har to opplengjer kvar, i tillegg er det fire hjørnestolpar aust i koret. Ei profilert list markerer brystning i skip og kor. Veggene i skipet er avslutta oppe ved avfasa bord og profilert list. I koret ber opplengjene ein breiare gesims. Tårnfoten og gallerigangen har innvendige vegger av ståande staffpanel. Hjørnestolpane er synlege. Resten av tårnet er ikkje kledd på innsida. Tårntilbygga er kledde innvendes med plater i begge høgder.

Dører

Kyrkja har hovudinngang i aust med tofløya fyllingsdør, utvendes kledd med ståande, lakka bord. Inngangen har lågt gavlforma overlys og er dekt av eit saltak på skråstøtter mot veggen. Framfor inngangen er det murt opp trapp dekt med skiferheller og med rekkverk av svartlakkert metall. Rullestolsrampe opp til trappa frå kyrkja sin nordvegg. Mellom våpenhuset i tårnfoten og skipet er det tofløya fyllingsdør, innvendes kledd med plater. Framfor inngangane til kortilbygga er det murt opp trapper av naturstein med fire steg til kvar side. Døra på sørsida er ny, medan døra på nordsida er den gamle fyllingsdøra. Begge er kledde utvendes med ståande bord og brunbeisa. Dørene har overlys. Mellom kor og tillbygg er det fyllingsdører. Det har tidlegare vore dører frå skipet til vindfanga i kortilbygga. Dørene elles i kyrkja er enkle fyllingsdører.

Korskilje

Opphaveleg spissboga, gotiserande. Ny koropning 1954-55 av Alvsaker. Koret opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. Kortrappa er flankert av låge brystningar. I høgde med nedre steg går det ut ein base som ber innramminga av koropninga; ei rundboga, portalforma ramme. Rundbogen er halden oppe av frittståande, firsida søyler som står inntil siderammene. Søylene har firsida kapitél med lister over og under rifla felt med skore blomemotiv. Grønt og gult.

Vindauge

Langveggene i skipet har fire høge, smale, trekantdekte vindauge, inndelte med to ståande postar og sprosser. Utvendes med gavl og vassbord på konsollar. Koret har tilsvarande vindauge i dei skrå veggflatene. Dei har ei indre ramme med glasmåleri (sjå interiør). Den ytre ramma har klårt glas. Det er tilsvarande, men mindre vindauge i kortilbygga. Tårnet har eit tilsvarande nytt vindauge over inngangen i vest. I klokkerommet er det mindre vindauge i same form i tre retningar, det fjerde mot aust har flat avdekking. Andre høgda i tårntilbygga har mindre vindauge mot vest, tilpassa forma på dei gamle. Bortsett frå vindauga i tårn og tårntilbygg, har alle vindauge og overlys over dører farga glas i blyinnfatning frå 1958. Øvst i gavlen i vindauga i skipet er blyinnfatninga forma som kristne symbol. Det indre vindaugslistverket går opp på sidene mot ei flat avdekking. Sentralt over vindauget er plassert ei skoren stjerne. I sviklane er det måla ulike symbol. Vindauga i kortilbygga er flytta.

Golv

Kyrkja har bordgolv. Golvet i skipet er måla. Korgolvet ligg to steg høgre enn golvet i skipet og er dekt med teppe. Golva i tårnet er bordgolv på bjelkar som er innfelte i rammer i bindingsverket. Golvet i tårnfoten og på orgelgangen er dekte med vinyl. Kortilbygga har bordgolv dekte med vinyl. Dei ligg i høgd med golvet i skipet.

Tak

Skipet har saltak som no går fram på sidene av tårnet og dekkjer tårntilbygga. Koret har saltak som er valma mot aust. Kortilbygga har pulttak. Takutspringa er underkledde og har synlege stikksperrer. Alle tak er tekte med lappskifer. Taket over skipet har tre sperrefag i tillegg til gavlane. Kvart fag er sett saman av av sperrer og hanebjelkar som er festa til sperrene på halv ved og sikra med jarnbolt. Hanebjelkane kviler på mellomstolpane i skipet. Frå mellomstolpane er det lagt inn undersperrer mot sperrene. Sperrefaga ber åsar med ståande bordtak som utgjer underlag for skifertekkinga. Takkonstruksjonen i koret er ikkje tilgjengeleg.

Himling

I skipet har sideskipa flat himling, midtskipet gavlforma himling over knevegg, alle kledde med staffpanel og måla. Sideskipshimlingane er understøtta av bjelkar på kne mellom opplengjer og mellomstolpar, kneveggen av langsgåande bjelkar på kne mot mellomstolpane. Undersperrer, hanebjelke og hengebjelke viser under himlinga. Den austre hanebjelken er avsaga av omsyn til orgelprospektet. Himlinga i koret er sekundært kledd med glatte plater forma som tønnekvelv med stikkbogar mot vest.

Tårn

Tårnet er firkanta og oppført som ein bindingsverkskonstruksjon med rette vegger. Tårnet har gjennomgåande hjørnestolpar og rammer med ståande skrå og rette standarar mellom. Oppe er tårnet avslutta ved avskoren pyramide med innskotne spisse gavlar til alle fire sider og med inntrekt, åttekanta hjelm, tekt med lappskifer og avslutta med kule og kross i metall. Tårnet har fire høgder; våpenhus, gallerigang, lagerrom og klokkehus. Hjelmen er skilt frå klokkehuset ved golv. I tårntilbygga er det toalett og lagerrom i første høgda og barnerom og organistkontor i andre.

Sakristi og dåpsventerom

Dåpsventerommet er i søndre kortilbygg og sakristiet i nordre. Dei har opphaveleg ytre form. Sakristiet har dør til vindfang og til oppgang til preikestol. Dåpsventerommet er gjort større ved at veggen til vindfanget er teken vekk.

Interiør

Døypefont på sørsida av koret, preikestol nordvest i skipet ved koropninga. Tverrgalleri med orgel i aust. Elektrisk lys og oppvarming. Det vart utført omfattande endringar av interiøret i 1954-55 etter teikningar av Torgeir Alvsaker. Ny fargesetting, ny himling i koret, endring av koropninga og av altar og altartavle. Preikestolen med oppgang vart flytta og benkevangane vart endra. Kyrkja fekk ny døypefont. Gallerifront, innvendige dører og preikestol vart endra. Dørene frå skipet til vindfanga i kortilbygga vart tekne vekk. Fargar. Til 25-årsjubileet i 1933 vart kyrkja måla innvendes "i en brun tone" (Clausen). I 1954-55 fekk kyrkja dei fargane ho har idag, etter fargeplan utarbeidd av Torgeir Alvsaker. Golvet er grågrønt, veggene i to beige nyansar. Stolpar og bjelkar i skipet og benkene er gulbrune, laserte. Brunt/gult/grønt listverk som kapitél. Himlingane i skipet er lyst grågrøne. I korskiljet og i koret er stolpane grønlege, laserte, veggene har grønleg brystning, men er elles lys beige som i skipet. Himlinga kvit. Det ligg ein grøn løpar i midtgangen i skipet og i koret er det grønt teppe.

Glasmåleri

Glasmåleria i koret er signerte G. Rognaldsen 1933, og framstiller Paulus med sverd til venstre og Peter med nøkkel til høgre. Dei vart skaffa til 25-årsjubiléet og var for det meste kosta av Hops kvinneforening.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med ståande staffpanel og med dør til skåp på baksida. Sider og front er trekte med fløyel. Br. 200 cm, dj. 64 cm, h. 93 cm. Altaret er måla beige, fløyelen er vinraud. Altaret var større før 1954-55 og bar då altartavla. Denne vart flytta og det vart festa ei 37 cm høg skriftplate til bakkant av altaret. Sentralt på plata er eit utskore, krynt felt med kristogram, flankert av aks og druer, på sidene er det måla skriftfelt med ELSK HERREN DIN GUD AV ALT DITT HJERTE OG DIN NÆSTE SOM DEG SELV på venstre side og DET SOM VAR UMULIG FOR LOVEN DET GJORDE GUD IDET HAN SENDTE SIN SØNN til høgre. Plata har tverrrifla skoren kant og er måla i to grønfarger, gult og beige.

Altartavle

Signert nede i høgre hjørne: Marcus Grønvold. Cop. Julius Holch. 1908. Måleriet er ein kopi av Grønvold si altartavle frå 1894 i Johanneskyrkja i Bergen. Motivet er Jesus i bøn på ein aude stad. Han er framstilt i brunleg, sid kjortel med kappe over venstre skulder, ståande frontalt midt i biletet med hendene falda framfor seg og blikket vent nedover. Mørkt brunleg landskap, sjø og låge skyer i horisonten. Lysskinet om hovudet hans teiknar seg klårt mot den mørkt blå himmelen. Tavla hadde opphaveleg ei gotiserande ramme. I 1954-55 vart denne erstatta av ei ny og biletet vart flytta frå altaret og bak på korveggen. Den nye ramma er tverr-rifla innafor glatt ytre list. I ramma sidestilte, glatte pilastrar som ber ein rund boge med sol og strålar i sviklane. Sentralt er det rundboga biletfeltet toppa av ei skoren stjerne. Fargar: To grønfargar, gult og blått.

Altarring

Sirkelforma med opning på kvar side av altaret. Grønmåla knelebenk med pute stoppa og trekt med raud fløyel. Balusterrekkverk marmorert i grønt og beige. Flat, grøn handlist med indre hylle for særkalkar. Kneleskammel ved altaret. Stoppa og trekt med raud fløyel. Golvet i altarringen ligg i same høgd som golvet i koret og er dekt av eit raudt teppe.

Døypefont

a) Den opphavelege døypefonten var etter Clausen "berre eit simpelt stativ".

b) Ny døypefont teikna av Alvsaker, 1954. Flat, åttesida kum med rifla, innramma felt med skoren stjerne/gresk kross til kvar side. Åttesida, rett skaft av ståande bord med konkave hjørne. Låg avtrappa fot. Grøn/beige/gul. H. 96 cm, br. 48,5 cm.

Preikestol med oppgang

Preikestolen sto tidlegare i koropninga og hadde oppgang frå koret. I 1954-55 vart han flytta til vestveggen i skipet og det vart laga oppgang gjennom dør frå sakristiet. Ved dette høvet vart han gjort noko lægre. Preikestolen har åttekanta grunnform og 6 felt med fyllingar i ramverk. Fyllingane er no utvendes forma som pålagde felt, det ytre i faldeverk toppa av stjerne. Profilert listverk over og under felta. Handlist og lesebrett er trekte med raud fløyel og kanta med gullfrynser. Stolen kviler på ein åttekanta stolpe med fire kne og base. Fargar: Grønt og gulbrunt. Faldeverket gråleg, marmorert, stjernene gule.

Lesepult. Metallstativ med midtplate og skrått lesbrett. To grønfargar. Nyare.

Benker og faste stolar

Det er faste benkefjøler langs langveggene og faste benker på kvar side av midtgangen i skipet. Benkene er dei opphaveleg, men vangane vart endra i 1954-55. Tidlegare hadde benkene "høge sidevangar med spir" (Clausen). Vangane har no rett bakkant toppa med liten, butt gavl og pålagt framfelt som svingar fram over benkefjøla. Benkefjøla er formskoren. Ryggane heile med tre liggjande fyllingar og salmebokhylle. Under dei fleste benkene er det hattehylle. Gulbrune rammer og vangar, grønbeige fyllingar, lyst brune sete.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i dei austre mellomstolpane og opplengjene og eit ekstra stolpepar som flankerer midtgangen. Det har eit framskote parti over midtgangen. Brystning med ståande fyllingar i ramverk. Mot skipet er brystninga no kledd med liggjande felt, forma som fyllingar (1954 - 55). Dekor på partiet over midtgangen: Kristogram på sol flankert av to mindre felt med latinsk kross på sol med stjerne over og tre kuler under. Under galleriet er det flat, stavpanelt himling. Golvet på galleriet er flatt. Fargar: Grønt og beige marmorerte plater, lys beige himling, gråmåla golv med grått teppe på sidene.

Orgel

a) Clausen opplyser at kyrkja frå først av brukte eit harmonium: "Då kyrkja vart vigsla, lånte dei eit vanleg husorgel (harmonium) hjå lærar Waagen. Orgelet vart ståande der, for dei hadde ofte bruk for det. Så gjekk der liste rundt - og det kom inn pengar til å kjøpa det."

b) Olsen & Jørgensen, 1917. Dette orgelet hadde sju stemmer fordelt på ein manual og pedal. Orgelet vart flytta til Bergen baptistkyrkje i 1964.

c) Olsen & Jørgensen, 1914. 15 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Mekanisk overføring. Orgelet vart overført frå Askøy (Strusshamn) i 1964. Spelepulten står på den framskotne delen av galleriet med organisten vend mot altaret. Orgelet fyller midtdelen av galleriet bak til veggen. Gotiserande prospekt med tre felt pluss mellomfelt. Midtfelt og sidefelt er toppa av eselryggbogar med krabbar, spir og innskrevne firpass borne av flate pilastrar med lauvverkskapitél. Felta er flankerte av krabbeprydde fialar.

Måleri

Måleri på vestveggen i sakristiet. Oljemåleri på lerret. Usignert. På baksida lapp med innskrift: "Gave til Ask Kapel (Til Præsteværelset) fra Bankkasserer Thommas Møller og Hustru Didrikke Møller født Fischer. Bergen den 19 septh. 1908." Måleriet framstiller Jesus som signar ein knelande person. H. 116 cm, b. 75 cm. Rundboga biletfelt: 91 x 52 cm. I våpenhuset heng eit foto-portrett av Kjøpmann Nils Olsen Aarskaug.

Rituelle kar

Kalk. Sølv, innvendes gylt. Djup, runda kupa med lite nebb. Forsterka kant. Halsen har innsvinga ledd over og under flatklemd nodus med fire kuleforma knuppar. Foten er flat, utsvinga mot liten, rett standkant. Gravert på foten med gotisk fraktur: Givet Ask Kirke af Frk. M. Møller 1908. Stpl: CH & Co, 830 S. H. 22 cm, d. 11,5 cm.

Særkalkar. a) 43 stk. Magnus Åse. Plett. Halvrund kupa, innvendes gylt. Halsen går ut i vulst som nodus og over i utskrånande fot med inngraver latinsk kross. b) 19 stk. Plett. Flat kupa. Liten nodus over høg skrånande fot som svingar ut mot runda standkant.

Disk. Sølv. Flat botn med inngravert gresk kross, skrånande rand. Gravert under botnen i gotisk fraktur: Givet Ask Kirke af Frk. M. Møller 1908. Stpl: CH & Co, 830 S. Diam. 13,2 cm, rand 2,1 cm, h. 0,7 cm.

Oblatøskje. Sølv, innvendes gylt. Sylinderforma på avtrappa base. Skrått lok toppa av halvkule og gresk kross. Gravert med gotisk fraktur under botnen: Givet Ask Kirke af Frk. M. Møller 1908. Stpl: CH & Co, 830 S. H. 8,7 cm, diam. 10,5 cm.

Vinkanne. Sølv, innvendes gylt. Amfor-forma. Smal hals med opphøgd hellekant skrår ut mot knekk mot høg konisk korpus over fotplate med vulst. Øvst på korpus og midt på halsen er gravert ei meanderbord. Hanken svingar opp frå øvre kant og ned mot øvre del av korpus. Lite lok til å setja ned i halsen, toppa med kule og kross. Gravert med gotisk fraktur på foten: Givet Ask Kirke 1908. Stpl: CH & Co, 830 S. H. 30,5 cm, br. 14,5 cm. Plettbrett, engelsk med innskrift: Ask Kirke FRA ASK KIRKEFORENING 1962. Diam. 26,3 cm.

Dåpsfat. M. Hammer, 1908. Forsølva massing. Runda botn, brei, flat rand. I botnen gresk kross med ranker over sol. Langs randa inngravert dekorativ bord med ranker og ASK KIRKE 8 OKTOBER 1908 innarbeidd i borda. Gravert under randa med versalar: DETTE DØBEFAD ER SKIÆNKET "ASK KIRKE" AF JUVELER M. HAMMER BERGEN. H. 5,5 cm, diam. 52 cm, rand 7,6 cm.

Kanner. a) Tidlegare vart det nytta ei koparkanne. b) Tinnkanne med vid hals med hellekant. Rund korpus. S-forma hank. Inngravert på korpus: ASK KIRKE 1955. Stpl: Sirkel med TINN, NORGE og B M på sidene av ein fugl. 506/3 Made in Norway.

Parament

Altarduk. På altaret: Kvit toskafts linduk med 14,5 cm brei hardangersaumsbord med tunger på tre sider. Motiv: Vekslande kalkar og krossar. Andre dukar finst, men var ikkje tilgjengelege.

Messehaklar. a) Vinraud, rettsida messehakel av fløyel kanta med gullband og med brei gullkross på ryggen. Raudt fôr i silkesatin.

b) Raud messehakel. 1958. Rettsida. Raud fløyel med raudt fôr i rips. Kanta med gullband. På begge sider stor kross, applikert og brodert og kanta med gullband. Framme har krossmidten sirkel med lutherrose. Armane har ulike kristne symbol: Hand med strålar, IHS, due med strålekrans, aks med kross, druer med kross og trekant, alle plasserte i sirkel. Bak har krossmidten oval med kristogram i tornekrans. På øvre arm: krune, på sidene: Α og Ω, under: verdskule med kross, tre ringar, kristogram med tre stjerner og anker. Motiva er i kvitt, gult og grønt. Teikna av T. Alvsaker, sydd av Ingrid Andreassen og Borghild Bergersen.

c) Grøn messehakel frå Slabbinck, Belgia, 1993. Vid form. Viskose og lin, fantasibinding. Grønt toskafts fôr. Applikerte motiv i gullfarga snorer. Framme: kristogram, bak: aks på kross. Messeskjorter. Det er to messeskjorter i kyrkja, ei i lin, ei i bomull.

Lysstell

Altarstakar. To stakar. 1908. Plett. Vid lysskål med ståande, gotiserande krage av kløverbladskrossar. Balusterforma skaft. Vid fot med vulst. På standkanten er årstalet 1908 inngravert. Stakane har tidlegare vore monterte med elektrisk lys. Dei var ei gåve frå Jahn og Marie Møller. H. 46 cm, d. 22 cm.

Lysestake i dåpsventerommet. 7-arma. Th. Marthinsen, 1958. Plett. Gravert på foten: ASK KIRKE - FRA KIRKEFORENINGEN 1958. H. 42 cm, br. 46 cm.

Lysekroner. a) Lysekrone av massing framme i skipet. Krona har balusterforma skaft som endar oppe i ring, nede i kule med ring. Skaftet har to rekkjer med seks S-forma lysarmar i kvar. Gåve frå Lina Nybø. b) og c) To massing lysekroner på sidene i skipet, ved galleriet. Barokk form, større enn a, med tre rekkjer lysarmar. Gåve frå Aasa og Jens Oldervik. d) Lita lysekrone av barokk form i våpenhuset. Nyare. Lampettar. På orgelet to enkle lysarmar av barokk form montert med elektrisk lys. På opplengjene i skipet heng 8 lampettar av barokk form med to lysarmar. Patinert massing, nyare. På galleriet fire tilsvarande. Kyrkja har elles ny, standard lysarmatur. Punktlys mot altaret.

Klokke

Stålklokke frå Nauen, Tønsberg, 1908. Krone med seks bøylar og midtstong på flat kronplate. Nedsvinga hue mot rett hals med tre riller over krans med bladornament. Mellom dei to øvre rillene er ulike ornament, mellom dei to nedre: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØBERI NAUEN PR. TØNSBERG 1908. Korpus svingar ut mot to riller over nedbøygd slagring. På eine sida av korpus er støypt inn: LAND! LAND! LAND! HØR HERRENS ORD! JERM. 22,29. Diam. 63,5 cm, h. 61 cm. Gåve frå Elise Møller, Ole Eide og fru Krum. Ny kolv. Nytt elektrisk ringeapparat 1995.

Bøker

Utanom dei føreskrevne bøkene til bruk i kyrkja finst føljande eldre bøker: Bibel. Kra. 1907. Det Nye Testamente. Kra. 1912. Landstads Salmebok. Kra. M.B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix samt følgende Tillæg: Kirkesalmebøger og salmedigtere af Biskop J.N. Skaar, med 82 Portræter og Kirkemusikere og Kirkemusik af Statsraad Dr. A.Chr. Bang med 12 Portræter. - Olaf Husebys Forlag. Koralbog: Ludv. M. Lindemann, Kra. 1922. Koralbog for Den norske kirke. Oslo 1929, Messebok: Graduale v. O.M. Sandvik. Oslo 1925. (Do. for orgelet).

Møblar

Brurastolar. T. Alvsaker, 1955. Renessansetype. Eik. Sete og rygg stoppa og trekt med skinn. Ryggen krynt med utskoren krone og kross. Rette bein med stiliserte løveføter framme.

Piano, Weinbach, nordaust i skipet.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkja står på ein terrassert tomt. Det er singelgang frå porten i vest og rundt kyrkja. På sørsida av kyrkja ligg kyrkjegarden som og er bygd opp ved hjelp av ein høg mur av naturstein. Vestre delen vart først teken i bruk, sidan den austre. Siste utvidinga er eit nytt stykke sør for den vestre delen - dette er og heva ved ein lægre mur. Bårehuset ligg sør - vest på kyrkjegarden og vart oppført rundt 1952.

Mellom dei eldste gravminnene er ei gravplate over H.R.C. Jachwitz, * i Birid 1825 † paa Ask 1903, ei gravplate over Mentz Blix Paasche * 6/6 1829 † 19/4 1908 og ein steinkross over Britha Espedal * 4/6 1830 † 11/2 1908.

Kjelder

Trykte kjelder

  1. Clausen, Fluge og Skeie, Ask kapell i femti år 1908-1958, Bergen 1958.
  2. A. Skeie, Kyrkjehus og kyrkjeliv på Askøy 1864 - 1964, Bergen 1964.
  3. S.J. Kolnes, Norsk Orgelregister 1328 - 1992, Førdesfjorden 1993.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)