Ølen kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Ølen kyrkje
FylkeRogaland fylke
KommuneVindafjord kommune
ProstiNordre Ryfylke
BispedømmeStavanger bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater59.603710,5.801990
FellesrådVindafjord kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121400101
Soknekatalognr08060401
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Dei første kyrkjene i Ølen stod på garden Nerheim på eit sandeid på vestsida av Eiodalen med utsyn aver Ølensjøen. Gravplassen til kyrkjelyden ligg framleis på Nerheim og våpenhuset frå den forrige kyrkja står enno att oppe på eidet som del av reiskapshuset på kyrkjegarden. Første gongen det er nemnt kyrkje i Ølen (”Aalund”) er i DN i 1326, sidan i 1329,1341,1347og 1360. Ei stavkyrkje er sidan omtalt i kyrkjerekneskapar og synfaringar i perioden 1627-1722. Presten i Fjelberg, Erland Michelsen, kjøpte Fjelberg kyrkje og underliggjande anneks ved kyrkjesalet i 1723. Kallsboka har ei opplysning om at han rundt 1733 skal ha bygd ny kyrkje i Ølen, dels med bruk av materialar frå den gamle: "Den skal være opbygget 1733 omtrent af Erland Michellsen og var tilforn en Stavkirke hvoraf endeel sees at være benyttet af Hr Erlend." (Fol. 20b.) Den kyrkja som vart oppført var ei tømmerkyrkje. Denne vart riva då den noverande langkyrkja i lafteplank vart oppført nede ved sjøen i 1874. Ei segn fortel at då det var slutt med hovet på Njardheim, ville innbyggjarane i Ølen byggja kyrkje på Eidehompen, ein homp i same høgd på andre sida av Eiodalen. Tømmeret vart bore saman, grunnen graven og grunnstokkane lagde. Då hende det underlege: Gjennom tre mørke kveldar vart tømmeret bore over til Nerheimshompen og lagt fint til rette der kyrkja skulle stå. Ølensbuen såg dette som eit Guds under og reiste kyrkja der (Eggestøl, 1990, ms.).

Stavkyrkja

Bygningen

Kyrkja er ved synfaringa i 1721 framstilt som ein stavbygning med tårn over, med kor og våpenhus og med ein sval på nordsida. Koret var 8,5 alen langt og 10 alner breitt, skipet (“Kirchen”) var 25 alner langt og 14 alner breitt, våpenhuset var 5 alner langt og 7 alner breitt. Kyrkja var bordkledd. Innvendes var ho måla og kyrkja var "temmelig velholdet". I rekneskapsperioden gjennomgjekk kyrkja fire større vøle: 1659-1661, 1665, 1686 (både ved tårn og kor) og 1699-1701. Det er i hovudsak desse som kan gje opplysningar om konstruksjonen. Bendixen (1904-13, s. 252) meiner at kyrkja må ha vore ei treskipa kyrkje av "den mangesøjlede sognske Type" og argumenterer med dei store dimensjonane skipet hadde og at grunnmåla liknar måla ved hovudkyrkja i Fjelberg (Årbok 1888 s. 94. Jfr. Lidén 1997, s. 149 f.). Kyrkja har vore lang i høve til breidda, og det går fram av rekneskapane at dei stavane som har vorte utskifte i korveggene og i vestgavlen i skipet har stått i samband med veggkledning. I samband med tre stavar som vart utskifte i skipet i 1659-61 er det festa krossband på utsida av stavane.

Vegger. Av konstruksjonselement er det i dei skriftlege kjeldene utanom sviller og betar ("Beeter", "Beiter") nemnt stavar, stavlegjer ("stafleyer"), tverrband, tverrbjelke og krossband både i kor og skip. På bakgrunn av dette kan kyrkja ha vore oppført i ei form for bindingsverk. Omgrepet 'stavbygning' vert i dette kjeldetilfanget brukt om konstruksjonar med ståande konstruksjonselement som motsetnad til tømmerbygg. Veggene var bordkledde og tjørebredde utvendes og panelte innvendes med bord festa til spikarslag ("bielker").

I 1659-61 vart tre stavar utskifte i skipet. Arbeidet er slik omtalt i kyrkjerekneskapen: "Indsat 3 store tyche staffuer i Kirchen i steden for de 3 andre som ware forrodnede – 9 allen lange, saa och ladet heffte toe Korssbaand Vden paa samme staffuer..." Høgda på stavane er over fem meter det er avgjerande for forståinga av bygningen om dette kan vera høgda på ytterveggen eller om det er stavar i eit høgre midtrom eller midtskip. I 1659-61 vart det laga ein åtte alner lang stege som vart nytta til å opna og lata att lukene framfor vindauga med, ein slik "Lugestige" på ni alner (oml. 5,5 m) vart også kjøpt i 1720-22.

I siste halvdelen av 1600-talet har det vore eit problem at veggene har sige frå einannan. Ved synfaringa i 1661-65 "Will indsettis oppe i Kirchen imoed Chorit, tuende Beeter at Heffte Kirchen sammen med, som hafr giffuit sig fra huer andre, dend ene 12, och den anden 14 allen lange, huilche faar at befestis i staufferne med 2 Jern bolter".

I 1678 - 79 er det kjøpt inn materialar til kyrkja til "dens egen forbedring". Kor omfattande denne vøla har vore, går ikkje klårt fram, men i åra etter (1680-82) er det lagt opp på begge sider av "den ny Kirche" 20 tylfter ni alner lange bord og ti ni alner lange kjølar, sett inn tre nye vindauge og dei gamle er vølte.

I samband med synfaringa i 1686 vert det i punkt 2 peikt på at "Den ny Beite ved Tornit som for nogle Aar siden er indlagt er iche till Gaufns bunden, vill ogsaa effterdj Veggene schyder sig fra huer Anden, bebindis med døgtige Jern baand och Bolter af den ene Beite i den anden". Dette arbeidet vart utført i 1687-89. Samstundes vart ein stav i koret som var "udsegen" vogen opp, skoren av og beinka, og eit nytt steinlag vart lagt under. Mot slutten av 1600-talet, i 1693-95, har ein i samband med oppføringa av nytt våpenhus voge opp vestgavlen av kyrka og skifta ut tverrsvillen som var roten. Samstundes har ein voge opp koret som hadde skilt seg frå skipet avdi den nordvestre staven hadde glede frå svillen. Her hadde kross- og tverrband rotna og panelet i brystet og på sørsida måtte takast ned og nye kross- og tverrband festast med jarnboltar før panelet vart sett opp att.

I 1699-1701 er det igjen ei omfattande vøle. Det vert då brukt tre 18 alner lange tre til tverrbjelke og to krossband, fire ni alner lange krossband og to krossband på åtte alner og i tillegg to kne til "at sammenbinde Kirchen och den vell befeste med forn. Materialier".

Kyrkja har vore bordkledd utvendes. Fornying av bordkledninga nemnt i heile rekneskapsperioden. Det er dels bruk "huggen Bord", dels "Kiøbmandsbord".

Innvendes kledning: I 1653-55 vart veggene panelte innvendes med 10 tylfter bord som vart festa til seks ni alner lange spikarslag ("bielcher"). Det vart samstundes også kjøpt fleire bord, men det er ikkje gjort greie for bruken av desse siste. Få år etter, i 1659-61, vart veggene måla innvendes.

Dører. I 1653-55 vart det kjøpt ein stor lås til kyrkjedøra. Andre opplysningar om dørene manglar.

Vindauge. Kyrkja vart utstyrt med mange nye vindauge utover på 1600-talet. I 1641-42 er det laga ei luke framfor vindauget. Dette kan lesast slik at ein då berre hadde eitt vindauge i kyrkja. I 1643-45 vart det sett inn 2 vindauge i koret, i 1653-55 har "goet folch" gjeve tre vindauge til kyrkja, medan kyrkja sjølv betalte karmar og luker. 1656-57 er det sett inn eit nytt vindauge på pulpituret. Når det i 1668-70 er sett opp to store luker framfor vindauga på sørsida av skipet – med skur over – kan det vera snakk om to store vindauge, men kanskje heller 2x2 vindauge, samstundes er det i alle høve kjøpt tre nye vindauge med karm, ramme, jarn og alt og sett inn på sørsida av skipet. I 1680-81 er det igjen laga tre nye vindauge i skipet, i 1690-92 to nye vindauge under lemmen. Samstundes er eit stort vindauge i koret vølt. Seinare er det nemnt vedlikehaldsutgifter som i 1714-16 viser at det har vore to vindauge på nordsida av skipet og i 1717-19 er det laga eit nytt vindauge ved preikestolen og eitt på nordsida i koret. At vindauga var plasserte høgt går fram av at det i 1659-61 er opplyst at det er laga ein åtte alen lang stege som vert brukt til "at oplade och tillucke Lugerne for Winduffuerne".

Golv/Fundament. Kyrkja har hatt bordgolv på golvåsar ("Tilaaser") i kor, skip og våpenhus.

Tak. Kyrkja hadde dobbelt tak av sulagde bord på sperrer. Bordtaket vart oppattnya fleire gonger i perioden 1640-1723. Taket har vore spontekt. I 1641-42 vart nordsida av skipet såleis tekt med 2000 nye spøner. Seinare er det berre 50 eller 100 spøner om gongen som vedlikehaldsarbeid. Siste gongen spøner er nemnde er i 1717-1719 då "de gamle Spoen imellem Nordre Tag og Taarnet" er tekne vekk og erstatta av breie bord. Det er tre gonger nemnt at det er lagt kjøl over kyrkja skipet, i 1668-70 "øffuerst paa kirchen", 18 alner, i 1687-89 "paa Store Kirchen j ofuerKiøhl – 18 Alen Lang" og i 1705-07 "een ny Kiøhl paa Lang Kirchen af 4 Hugen Bord à 10 Alen lang". I 1721 er lengda på skipet oppgitt til 25 alner. 18 alner kan vera lengda frå tårnet til austgavlen. Tårnet har i tilfelle vore sju alner langt og breitt. Det er mogeleg at taket på nord og sørsida ved tårnet har vore lægre enn taket elles, etter som det er omtalt for seg einskilde gonger.

Himling. Kyrkja har truleg hatt open takstol. Det er nemnt lem i kjeldene, men då truleg i meininga galleri.

Tårn. I synfaringsforretninga frå 1686 er kyrkja omtala som "een Stafue Kirche fuldKommen stor, med Thaarn og Vaabenhus". Tårnet kan følgjast i rekneskapane frå dei første opplysningane frå 1627-29. Tårnet har mest sannsynleg vore plassert lengst vest i skipet med vestsida i flog med vestveggen og dei tre andre sidene stikkande opp gjennom taket. Tårnhalsen var firkanta og bordkledd. I 1717-19 var sutaket på tårnhetta heilt opprotna og vart kledd på nytt med ni tylfter "Ahl Bord". Til denne vøla vart det også brukt ein tjukk tømmerstokk til å festa spiret i. På tårnhetta er det så lagt fire kjølar av gode, nye "Ahl Bord", med fire vinkeljarn på kvar kjøl. Tårnhetta har såleis hatt pyramideform.

Tilbygg. Våpenhus. Våpenhuset frå før 1693 har vore ein bordkledd bindingsverk-konstruksjon med sutak. Det har truleg vore seks alner langt. 1671 er det lagt opp ein seks alner lang kjøl på våpenhuset. 1673 er det lagt sutak på våpenhuset og "Bordtegt den Halfue deel". Til dette arbeidet er det brukt fem tylfter seks alner lange bord. Våpenhuset er samstundes oppvoge og det er sett inn ein ny stav med ein svill under. I 1693-95 vart eit nytt våpenhus oppført. Til dette er det brukt seks tre alner lange stavar, to stavlegje, to "Beiter" på seks alner, ein kjøl på seks alner og sju tylfter bord. I synfaringa frå 1721 heiter det at våpenhuset er fem alner langt og sju alner breitt.

Stegehus og sval. I synfaringa frå 1721er det opplyst at Kyrkja hadde "een Svale paa Kirchens Nordre Siide". Denne kan vera identisk med stegehuset som er nemnt i rekneskapane. Taket på stegehuset vart vølt i 1687-89. I 1717-19 vart heile taket på stegehuset rote og nytt tak vart laga av 11 fem alner lange sperrer og tekt med fem og ei halv tylft ni alner lange bord.

Smijarn. 1717-19: "Opsmedet 12 (pund) Jern til en Klæve og Store Spiger at befeste fløyen med."

Interiør

Midt på 1600-talet (1659-61) vart kyrkja måla over alt innvendes. Ein målar arbeidde i fjorten dagar med dette, dels frå stativ. I 1686 er det opplyst at kyrkja er "Inden till Malet och Vell fliid". I 1702-04 er det i samband med vøling av golvet opplyst at det er benker ("Stoler") på begge sider i skipet.

Inventar

Altartavle. Katekismetavle. Sjå kyrkja frå 1874.

Preikestol med oppgang. Preikestol nemd i 1711-13.

Benker og faste stolar. Det er i 1702-04 opplyst at det var benker på begge sider i skipet.

Galleri. Det er nemnt "lem" to gonger i rekneskapane, dette er truleg å forstå som galleri. I 1690 er det laga vindauge under lemmen og i 1668-70 ny trapp opp til lemmen. Sist på 1650-talet vart det laga vindauge på pulpituret.

Skulptur. Epitafium. I samband med omtalen av den neste kyrkja i Ølen omtalar Kallsboka (fol. 20 f.) eit epitaf over presten Heldtberg og kona. Dette har truleg vore laga for stavkyrkja. Portrett av presteparet "findes anbragt paa en ..... stor Tavle omgivne af følgende i Tre udskaarne Zirater: Paa høire Side Fides holdende Bibelen i den venstre Haand og med den høire Arm et paa Skuldrene hvilende Kors, som bærer den korsfæstede; paa den venstre Side Caritas bærende paa den høire arm en liden Dreng, som hun Kysser og holdende med den venstre Haand en anden liden Dreng ved Siden af sig: ovenover Portraiterne Spes, der med begge Hænder holder et svært Anker, som vender opad og hviler paa Brystet, Henimod den venstre Skulder. – Dette Ornament skyldes Sognepræst Muus, der kalder sig inventor et fabricator huius epitaphii (:saa vidne fol. 24) – Han var Sognepræst til Storøen og udførte det heromhandlede Kunstværk som 70 aarig Olding. – “ På nemnde fol. 24 under "Series Pastorum" i Kallsboka står det om portretta at "Efter Hatting skal Mandens Portrait i særdeleshd ligne meget. – Han er iført sin præstelige ornat, har et ærværdigt Ansigt og et langt hvidt Skjeg ... Under dem [portretta] læses følgende:

Den hæderlig meget vellærde og ærværdige Mand Hr. PETER DIDRICHSON HELDTBERG som var Sognepræst til Fjelbergs Menighed 40 Aar, Præpositus over Søndhordlehn i 13 Aar. Han hensov i Herren den 18 October 1702 ud i hans Alders 66 Aar, samt hans elskelige Huustru den dydige og gudelskende Matrone MARGARETHE CLAUS datter HØNJCHEN som Gud henkaldede den 15 Januar 1697 udi hendes 54de Aar. De avlede tilsammen tre Døttre. Forældrene hviler samtligen her udi Choret, forventende Jesu Chresti herlige Aabenbarelses Dag til en glædelig Opstandelse.

Observantie promptæ frateniq. amoris' ductu Inventorem fabricatoremq. huius Epitaphii fuisse Dnum Dictric. Nicolai Musæum, Storøensium Pastorem ætatis sue 70 Ministerie 39 Anno Chresti 1703 Sicat (Sciat?) Lector curiosus. – “

Rituelle kar. Ein sølv kalk og disk (i inventarliste 1661). 1690: Ein liten forgylt kalk og disk, seinare ein forgylt kalk og disk. I 1711-13: "j forgylt Sølv Kalch og Disk, Veier 23 Lod 3 qvintin". Dåpsfat. I 1661: To "Bechener till fundten". I 1690 og seinare: eitt massing fontebekken.

Parament. Altarduk og altarklede. Frå 1690 og frametter er det opplyst at kyrkja hadde ein kvit altarduk. I 1661 hadde ho eit kvitt altarklede, i 1702-04 gav ålmenta eit raudt kledes altarklede (sjå kyrkja frå 1974). Messehakel. I den første inventarlista frå 1661 hadde kyrkja ein messehakel. Denne er sidan oppført som ein gammal messehakel fram til 1708. I 1705-07 har ålmenta gjeve eindel pengar til ny messehakel og resten skal utgreiast av kyrkja. I 1709 får ein så laga "j Ny Messehagel af blaat Trip med Crucifix", og etter det er ikkje den gamle messehakelen oppført. Messeskjorte. Ein messeserk eller ei messeskjorte er oppført i listene frå 1661 og fram til kyrkjesalet.

Lysstell. Stakar. 1661: Tre store lysestakar. 1690: Tre Lysestakar av massing, to med piper, den tredje med pigg. Same opplysningane repetert framover. Frå 1708 kjem i tillegg "j dito af Malm med pig". I 1675-77 er det kjøpt ei lykt for 2 ort. Krone. I 1696-98 står innført: "j Lysse Crone med 12 Armer, forærit af Probsten Hr Petter Heldtberg till Hans Sahl. Kierestes Begrafuelse". Denne er oppført frametter.

Klokker. 1627-29: Ei klokke er omstøypt i København. Presten Daniel Pettersen har fått refundert for utlegg han har hatt i samband med omstøypinga. Rundt 1633-35 har Ølen betalt for ei klokke som er kommen frå Øystese. (Kyrkjestolebok for Øystese, SAB, l.nr. 83.) I 1690 har kyrkja to små klokker, sameleis frametter.

Bøker. 1627-29 er det kjøpt ei salmebok til kyrkja, i 1661 ei altarbok. I 1699-1701 ei ny salmebok in oktavo i tillegg til den gamle salmeboka.

Blokk. I 1720-22 er det kjøpt ei blokk.

Diverse. Eit skip vart vølt i 1680-81 etter at det hadde falle ned.

Tømmerkyrkja frå 1700-tallet

Kyrkja skal som nemnt ha vorte oppført i 1733 av presten i Fjelberg som stod som eigar av kyrkjene, og han skal ha brukt ein del av materialane frå den forrige kyrkja ved oppføringa. Årstalet 1604 fanst etter kallsboka i kyrkja. Kyrkja vart ståande fram til den nye vart oppført i 1874. I kallsboka vert kyrkja omtalt slik: "Denne Kirke ligger paa Gaarden Nerems Grund, tet ved Postveien som fører til Sandeid. Den har en fri og seet fra AalundsFjorden kan man næsten sige imponerende Beliggenhed – Selv har den imidlertid det samme uhyggelige Ydre, som er sædvanligt for Kirkerne i disse Egne. Dens Indre svarer til det Ytre."

I 1780 (innberetning 1780-1795) var det ungkar Mons Larsen Ebne som eigde kyrkja. I 1793 hadde han selt kyrka til gjestgjevar Berge Næshavn i Tysnes. I 1824 var eigarane Jonas Neshavn, Franz Dueland og Nils Dueland. Kyrkja vart kjøpt av kommunen i 1870.

Bygningen

Det vart halde ei syns- og takseringsforretning over kyrkja 30. mars 1824 og denne har følgjande opplysningar om kyrkja sine dimensjonar: Kyrkja (skipet) var 23 ¾ alner lang og 14 ½ alen brei "udennoves" og 23 alner lang og 14 alner brei "indennaaves". Høgda frå golvet og opp under lemmen var sju alner. Koret var 10 alner langt og 10,5 alner breitt utvendes og 9,5 alner langt og 9,75 alner breitt innvendes. Våpenhuset ("Forkirken eller Kirkedøren") var seks alner i lengde og breidde utvendes og 5 ¼ alen i lengde og breidde innvendes. Det er ikkje nemnt tårn i kjelda. Klokkene har truleg hange i ein frittståande stopel. Av tilbygg er nemnt "Skadet", "Skottet" og "Udkirken".

Veggene var tømmervegger av "fint øxede, firsidede bjælker" (Bendixen). I samband med vedlikehald (1824) er det opplysningar om at det var opplengjer festa til tømmeret på kvar side av vindauget i sørvindauget i koret. Ei ny opplengje vert då sett opp mellom vindauget og golvet for å styrkja veggen. Denne var fire alner lang og fem tommar tjukk og brei og festa til tømmeret med ti tommar lange jarnhakeboltar. Veggene har venteleg vore avstiva med opplengjer også andre stader, kanskje i nemnde dimensjon. Utvendes var veggene kledde med bordkledning og tjørebredde. Invendes i novene ved preikestolen vart veggen kledd etter 1824. Det er truleg våpenhuset frå denne kyrkja som står att på Nerheim.

Dører. Kyrkja hadde tre dører. Desse vart omhengsla etter forretninga i 1824, slik at dei gjekk utover. Det kan ha vore ei dør i koret og ei i skipet utanom vestinngangen. Korskiljet har vore utforma med sprinkelverk (”traleverk”) og med beitskier mot den tverrgåande tømmerveggen (1824).

Vindauge. Utvendes har vindauga hatt vernande luker eller lemmer som har gått i lukerenner. Vindauga fekk gjennomgåande nye karmar av to tommar tjukke og 12 tommar breie bord etter forretninga i 1824. Sameleis vart luker og lukerenner oppattnya. Koret hadde vindauge på sørsida, elles er ikkje plasseringa av vindauga kjend.

Golv og fundament. Bordgolv av 1½ toms tjukke bord på golvåsar. Lister rundt ved svillene (1824). Under koret har det vore ein likkjellar. "...der staar igjen muren af en kjælder under det forrige kor, 3.60 m. br., 2.90 m. lg." (Bendixen 1904-13). Kjellaren har altså vore mindre enn koret. Ein eldre mann fortel barndomsminne til Haugesund Dagblad 08.03.1929: "Bare gulvet i koret blev liggende urørt. Jeg og noen andre smågutter fikk høre tale om at det skulle staa likkister under gulvet. Vi besluttet straks aa undersøke dette. I gulvet var en luke som vi aapnet, og da fikk vi se at der var lag paa lag med kister. Vi aapnet lokket paa en av de nærmeste, og da viste det sig at det inne i denne var en meget pent forarbeidet kiste forsynt med haandtak av jern. Vi tok ogsaa lokket av denne, og der laa liket av en prest i full ornat. Det var meget godt bevart. Det fortaltes at Ølen en gang i tiden var hovedsogn, og at gaarden Roa da var prestegaard. Antagelig var det liket av en prest som hadde bodd paa Roa. Vi hadde nok ønsket aa undersøke flere kister, men en gammel mann kom og jaget oss bort. Siden blev det bragt et lag jord over likkjelderen." (Etter Eggestøl, ms.)

Tak. Kor, skip og våpenhus har hatt sperretak som har bore sutak med rekter og lekter og takpanner. Sperrene over skipet var firhogne femtoms og 12 alner lange. I 1822 er det i visitasmeldinga nemnt at våpenhustaket er rote, og kyrkjeeigaren vil be om løyve til å tekka dette med gråsteinsheller. Det er uvisst om dette vart noko av.

Himling. Når skipet var sju alner høgt under lemmen, vil det truleg seia at kyrkja hadde flat himling.

Tårn. Det finst ingen opplysningar om tårn til kyrkja.

Tilbygg. Forretninga frå 1824 nemner "Skadet" to gonger i samband med skipet og "Skottet" i samband med koret. Begge stader i samband med lukerenner. Så er det også nemnt "Renden paa Udkirkens søndre Side".

Våpenhus. Vestre delen av det noverande reiskapshuset på kyrkjegarden på Nerheim er våpenhuset som vart bygt til den gamle tømmerkyrkja då denne vart oppført på 1700-talet. Våpenhuset har tidlegare stått lengre nord-vest. Det vart flytta av praktiske omsyn då gravarane meinte det ville gje betre utnytting av gravplassen. (T. Wilson, Inspeksjonsrapport 10.1.1969, RAA). Det finst restar av grunnmurane under bakkenivå noko lengre nord på kyrkjegarden. Våpenhuset står no på ein grunnmur støypt av sement. Ein del av tømmerstokkane må vera feilplasserte ved flyttinga, idet ein har restar av draperimåling høgt oppe på veggen og innhogg på nokre stokkar som fortel om ein tidlegare situasjon. Huset har stått inn mot vestveggen i kyrkja og er lafta opp med tre vegger med dør i den vestre veggen. Ved døropninga er veggen avslutta ved beitskier. Mellom øvre tømmerstokk og raftestokkane er det lagt inn to bindbjelkar med profil og restar av dekorativ måling med raude og svarte skråstrekar på kvit botn. Begge raftestokkane har restar av dekorativ måling, den på sørsida har slik måling på undersida ned mot øvre tømmerstokk. Beitskiene har profil langs begge hjørna på den sida som vender innover i rommet. Austveggen i våpenhuset er no bygd opp av ståande under- og overliggande tjørebredde bord som går heilt opp, men med opning i gavlen til loft over austre delen.

Inventar

Altertavle. a) Katekismetavle, sjå kyrkja frå 1874. I 1824 var tavla ibruk i kyrkja, men det vart peikt på at det måtte skaffast to jarnhengsler til kvar av dei to fløyane ("Lugerne") for tavla. b) Altartavle skoren av Ingebrigt Gulliksen Brekke, 1850. Sjå kyrkja frå 1874.

Altarring. Altarringen vart stoppa og trekt i 1826/27.

Benker og fast stolar. 1829: det manglar tre ”stoldørre”. Bendixen nemner også at kyrkja hadde lukka stolar.

Skulptur. Epitafium. Forfattaren av kallsboka finn berre ein ting av verdi som kan trekkast fram, og det er epitafiet etter Heldtberg og kona. (Sjå stavkyrkja.) Epifafiet vart etter Bendixen "strax efter kirkens nedtagelse solgt til guldsmed og antikvitetshandler Hellstrøm i Stavanger".

Rituelle kar. Visitasmelding 1825: "Kalken der for nærværende Tid er saa liden at Præsten ikke kan betjene paa en Gang saa mange Communicantere som rummes om Alterfoden, maae udvides saa meget at hiint kan skee." Dette er ordna i 1826.

Lysstell. Massing lysestakar. (Sjå kyrkja frå 1874.)

Klokke. Visitasmelding 1817: ”Den eene af Kirchens Klokker er brusten, men den anden i brugelig Stand.” Visitasmelding 1822: ”Kirkens mindste Klokke var brusten og burde istandsættes, og blev der i denne Henseende gjort samme Bestemmelse, som for Fjeldbergs Kirkes brustne Klokke”, nemleg at klokka "bør omsmæltes og istandsættes, saafremt der befindes nogen mand i Bergen, der forstaar sig paa klokkestøberie, ...”. Dette har truleg skjedd i 1824, dette årstalet er innstøypt i ei klokke som har stått i reiskapshuset på kyrkjegarden og som no er hengt opp i den nye klokkestopelen.

Møblar. "Endvider staar i det gamle vaabenhus en brudebenk[†] fra koret, med 4 sæder og for enderne læner, ryg og sæde udskaaret i felter".

Tømmerkyrkja frå 1874

Den nye kyrkja i Ølen vart oppført nede ved Ølensjøen på oppsida av riksvegen. Kyrkja vart ifølgje kontrakt 29.12.1871 (Festskrift, s. 11) oppført under leiing av kyrkjebyggar Tjerand Tjerandsen Søndenaa (medan Bendixen har byggmeister Solem, Bendixen 1904-13, s. 256). Kyrkja vart vigsla 20. november 1874 av prost Kierulff frå Stord. Kyrkja har 550 sitjeplassar. Kyrkja vart restaurert i 1940.

Bygningen

Ølen kyrkje er ei einskipa langkyrkje i lafteplank med skip med rektangulær grunnplan og smalare, rett avslutta kor i aust. I hjørna mellom kor og skip er det sakristi på sørsida og tidlegare dåpsventerom på nordsida, og gangar til skip og kyrkjegard. I vest har kyrkja eit tilbygg som vart utvida i 1990 både mot vest og med to sidebygg med toalett på nordsida og nytt dåpsventerom på sørsida.

Langveggene i skipet har fire høge, rektangulære vindauge, i koret er det eit nytt mindre vindauge i austveggen. Eit større, eldre er tetta igjen. Kortilbygga har vindauge i sideveggene. Utvendes er veggene panelte og kvitmåla og avslutta nede ved vatnbord over grunnmur av naturstein i støyp.

Inngangspartiet har saltak og pulttak over sidebygga, skipet har saltak, koret saltak, sidebygga til koret har valma tak. Alle taka er tekte med ruteheller. Takryttar over vestre gavlen i skipet. Skip, kor og tilbygg er lafta saman. Vesttilbygget er i reisverk.

Vegger

Tømmerveggene er synlege innvendes. Kvar av langveggene i skipet har innvendes opplengjer i form av runde veggsøyler på høge, firkanta postament. Desse ber innkassa dragarar. Koropninga vert flankert av tilsvarande halve veggsøyler som ber den flate korbogen. To firkanta opplengjer på vestveggen. Utvendes har veggene i kyrkja liggjande, høvla panel med profil.

Dører

Dei opphavlege dørene i kyrkja er fyllingsdører med fire tilnærma kvadratiske fyllingar over einannan i kvart dørblad. Fløydører i inngangen til våpenhuset i vest. Fløydører mellom våpenhus og skip, enkle dører frå gangane i kortilbygga til skip, sakristi/dåpsventerom og kyrkjegard og mellom kor og sakristi/dåpsventerom. Frå orgelgangen er det to dører inn til vestgalleriet.

Korskilje

Det opphavlege korskiljet hadde triumfbogemotiv med tre rundbogar under gavl. Sidebogane var fråskilde ved stolpar og utfylte med brystningar nede. Delar av dette korskiljet ligg no på loftet. Dagens korskilje fekk si form ved restaureringa i 1940 og er tilpassa forma på himlingen i skipet med ein flat rundboge. Bogen vert boren av to runde halvsøyler med kapitél med hengjande blad under skolpesnitt og perlestav dekt med plate. Søylene står på firkanta postament. Dei er forma som søylene i altartavla. Koropninga er flankert av brystningar dekte med bord som også dekkar søylepostamenta. Brystninga har liggjande bord med ei liggjande fylling øvst og er avslutta ved meklarstolpe mot trappa. Den flate bogen og bakgrunnen for søylene er mørk grågrøn. Søyler, postament og brystningsfyllingar er marmorerte med grått og brunt på gråkvit botn. Dekkplate og stolpar er raudbrune.

Vindauge

Skipet har høge, rektangulære vindauge med krysspost med fire rammer delte ved sprosser i mindre ruter. Opphavleg var det eit tilsvarande vindauge aust i koret. Det vart sett inn doble vindauge med katedralglas i samband med restaureringa i 1940, nokre ruter med farga glas i ulike sjateringar. Vindauget aust i koret vart i 1940 erstatta av eit mindre vindauge som vert dekt av altartavla. Vindauga i sakristi og dåpsventerom har midtpost og rammene er også her oppdelte ved sprosser. To små vindaugsluker på nordsida av taket. Tilbygget i vest har vindauge på nordsida i det nye dåpsventerommet (og over inngangen til organistkontoret).

Golv

Kyrkja har golv av langsgåande bord på golvåsar. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet.

Tak

Langveggene er bundne saman med seksten bindbjelkar på tvers av skipet. Desse er kløfta ned på remstokkane i nord og sør. Fire av bindbjelkane ber sperrefag med sperrer og undersperrer. Sperrene er festa oppe til midtbjelkar, sperrene kløfta inn, undersperrene festa med jarn, som står på ein kraftig langsgåande dragar som er lagd sentralt frå vestvegg til austvegg, skøytane er sikra ved jarnband. Sperrefaga er avstiva ved hanebjelke i form av tang som er festa til sperrer, undersperrer og midtbjelke ved gjennomgåande jarnboltar. I lengderetning er midtbjelkane avstiva ved hjelp av skråstivarar mot den langsgåande dragaren. På sperrene ligg sju åsar på kvar side og ein i mønet. Åsane ber bordtak med over- og underliggjande bord som underlag for ruteheller. Takskjegget er understødd med profilerte stikkbjelkar.

Himling

Skipet har mest flat himling som svingar ned ytst ved langveggene. Himlingen har langsgåande skuggepanel. Koret har halvsirkelforma himling. Himlingane har ein ein periode vore kledde med hunonittplater oppdelte i felt ved hjelp av lister.

Tårn

Takryttar med firkanta grunnplan, inntrekt åttekanta klokkehus med fire lydopningar med sjalusiluker, og med åttekanta koparkledd hjelm avslutta med kross med kule ytst på krossarmane. Takryttaren kviler på to bjelkar som ligg parallelt med den sentrale dragaren i takkonstruksjonen over fire bindbjelkar lengst vest i skipet. Desse og to tverrliggande bjelkar ber tårnstolpane, to på kvar av sidene, berre spinkle hjørnestolpar i nedre del. Dei åtte tårnstolpane som dannar hjørne i klokkerommet, er dekte med ramme som ber dei åtte gratsperrene i hjelmen. Midtstolpen står på den sentrale dragaren i takkonstruksjonen. Han er seinare fornya og avslutta høgre oppe og festa ved hjelp av doble tenger oppe i hjelmen. I høgd med hanebjelkane i takkonstruksjonen er det lagt inn ei ekstra ramme. Her er tynne hjørnestolpar for den firkanta nedre delen av takryttaren festa.

Tilbygg

Nord og sør for koret er det i hjørna mot skipet lafta inn rom for sakristi på sørsida og dåpsventerom på nordsida. I vest vart det opphavleg oppført eit våpenhus i bindingsverk. Dette vart i 1990 utvida i lengderetning og ved tilbygg i sør og nord under pulttak, og gjev no rom for eit større venterom for dåpsborn og toalett, og i andre høgda for lagerrom og kontor.

Interiør

Kyrkja har flyttberr døypefont på nordsida i koret, preikestol lengst sør i korbogen. Tverrgalleri med orgel i vest.

Fargar

Fram til 1940 var veggene lysegule, benkene brune med gule fyllingar og taket kvitt. Kyrkja vart då restaurert og fekk nye fargar etter forslag frå Sigfrid Trondsen.

I den perioden himlingane var dekte med huntonittplater hadde skipet himling med kremgule felt på sidene medan dei sentrale felta var lyseblå, himlingen i koret var lyseblå, listverket var kvitmåla.

Med unntak av himlingane fekk kyrkja den noverande fargesettinga ved restaureringa i 1940. Fargesettinga er gjennomført med mykje bruk av svampmåling og noko marmorering utført av den svenske målaren Granberg. Veggene i skipet er svampmåla i ein grågrøn tone, veggene i koret noko lysare. Golvet er lyst grått, himlingane kvite. Korskiljebrystning, preikestol, døypefont, orgel og rammer i gallerifronten måla i ulike tonar i blått, grått og grønt. Fyllingar i gallerifronten, korskilje og på veggsøyler er marmorerte med brunt og grått på kvit botn. Dei fleste dører, benkene og veggbenkene har ein litt klarare fargetone med gråblått staffert med brunraudt og grønt. Dørene til sakristi og gangar er svampmåla i sennepsfarge, altaret rosa. Grårosa løpar i midtgangen til altarringen og på tvers framfor benkene.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med brotne hjørne i framkant. To dører til skåp inne i altaret på baksida. Altaret er kledd med ståande bord. Sidene og fronten måla med rosa grunnfarge og grå svampmåling, baksida raudbrun. H. 95 og 109,5 cm, br. 181 cm, dj. 85 cm.

Altartavle

a) Katekismetavle. Rekonstruert. Restaurert av Bjørn Kaland 1959 (Kaland, rapport RAA). Tavla heng på nordveggen i koret over døra. Konservativ skåpform med kvadratisk midtfelt og smalare, like høge fløyar. Felta har glatt ramme avslutta med profil mot flata. I midtfeltet er "VOR CHRISTELIG APOSTOLISKE TRO" innskreven i ein sirkel med gule versalar på svart botn. Sirkelen har lyst raudbrune konturar og ein mørkare botn med kvite renessanseornament. I hjørna mot ramma er måla englehovud i sirklar, på mørk raudbrun botn med lysraud kontur. Midtfeltet har svart ramme med gull-grønt profil. Baksida er etter Bendixen raud med gul skrift. På fløyane dåpens og nattverdens sakrament med gule versalar på svart botn. Rammene er raudbrune med gule renessanseornament og med oker profil. Midtfelt h. 176 cm, br. 170 cm. Fløyar h. 176 cm, br. 85 cm.

b) Tavle frå 1850, skoren av Ingebrigt Gulliksen Brekke. Altartavla vart demontert ved oppføringa av den nye kyrkja. Ein hadda då ein kross på altaret. Restaurert og utstyrt med nytt måleri av Målar Holgersen, Stavanger og sett opp i den nye kyrkja i 1909. Tavla har fotstykke, midtfelt og toppstykke i same breidde, flankert av vengjer. Fotstykket med skriftfelt og midtfeltet med biletfelt er flankert av to runde koniske søyler på høge firkanta postament. Søylene har vulstforma base og urneforma kapitél med fem bladflikar hengjande utover urnekanten, kront av skolpejarnssnitt og perlerand. Kapitéla ber kronlist under toppstykket. Grunnen på sidene av og over biletfeltet er flat med pålagd rankeskurd. I sidefelta på toppstykket ber kapitéla balusterforma spyd med to krinsar av tynne vertikale lister over einannan, den nedre størst, mot ornamentert bakgrunn som går opp i gavlform. Midtpartiet i toppstykket har rundboga avslutning og er ornamentert med skoren rankeslyng på flat botn rundt eit sentralt plassert krusifiks. Kristusfigur av romansk type på enkel kross over kranium og krosslagde knoklar. Vengjene har flat botn og pålagd rankeskurd med lange, tynne, svungne bladformer og med ein rund biletmedaljong på kvar side.

Fargar: Botnfargen er blågrøn, søylene marmorerte med gråbrunt på kvit botn. Listverk brunraudt og gull. Rankeverk: raudt, grønt, blått, sennepsfarga, gråkvitt o.fl. Medaljongane har englehovud med rosa-beige karnasjonsfarge, lys blå vengjer og auge. Blågrøn botn, lyst gult krølla hår. Gull skykrinsramme.

Måleriet i biletfeltet er sekundært og viser Ecce Homo med framstilling av ansiktet til den lidande Jesus. Sign. 1909 Bernh. Holgersen. Open kvit kjortel, delar av raud kappe synleg over skuldrane. Langt, bølja lysbrunt hår, kort skjegg og bart, andletet vendt mot høgre, blå auge vende oppover, halvopen munn. Tvinna tornekrune med lange piggar som blandar seg med gullstrålar frå stråleglorien. Enkle, store bloddråpar. Bakgrunnen gulbrun, mørkare mot kanten. Skriftfeltet på fotstykket har innskrift i gull fraktur på svart botn: Jesus sagde: Fader forlad dem, thi de vide ikke, hvad de gjøre.

Altartavla er restaurert av konservator B. Kaland (Årbok 1960, s.123).

Altarring

Rund altarring med port mot sør. Knefallet stoppa og trekt med raud fløyel. Rekkverk av tettstilte balustrar. Flat handlist med hylle til særkalkar. Fargar: Grønt rekkverk med gull staffasje. Brun handlist og hylle. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn golvet i koret og er dekt med raudt golvteppe. Kneleskammel stoppa og trekt med djup raud fløyel kanta med gullfrynser.

Døypefont

Åttekanta døypefont av tre. Vid, vulstforma kum med profilert listverk oppe og mot skaftet. Rett, kort skaft. Høg fot med vulst over profilert fotplate. Fonten er svampmåla i ulike grøne og blågrøne tonar og staffert med gull. H. 70 cm, diam. 50 cm.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har åttekanta grunnform og seks fag med rektangulære fyllingar i ramme. Avslutta nede ved bord av liggjande romber over tannsnittsbord. Botnen er utsvinga i vulstform kledd med tunger og kviler på åttekanta skaft over vulst på åttekanta fotplate. Skaftet har tilsvarande tunger som botnen, to på kvar side. Oppgang til preikestolen via trapp frå koret over korskiljebrystninga. Vange på begge sider, den nordlege med falske fyllingar. Fargar som elles i inventaret. På preikestolen lesebrett med klede av djupraud fløyel kanta med gullfrynser.

Benker og faste stolar

a) På galleriet er nokre av dei gamle benkene, sameleis på loftet. Benkene har bakoverlente vangar med svungne kantar. Ryggfjøl oppe og nede på ryggen. Fargar: Blå setefjøler, elles raudbrune. b) Det er benker frå 1940 på begge sider av midtgangen i skipet med passasje på sidene. Benkene har rette vangar med kronlist og sokkellist. Oppe på kvar vange er innskore eit sirkelrundt felt med innskoren gresk kross. Ryggane er skrå og har ramverk med kryssfinérfyllingar. Langs langveggene er det faste veggbenker mot panel som er utforma som ryggane på dei frittståande benkene. I koret er det tilsvarande benker i alle hjørne utanom det sørvestre. Benken i det nordvestre hjørnet har brystning tilsvarande korskiljebrystninga og samanhengande med denne. Brystninga har tre enkle fyllingar. Benkene har monokrome fargar. Kryssfinérfyllingane er lakka, rammer i rygg, benkefjøler og innsida av vangane er mørk blåturkis. Yttersida av vangane og øvre lister er brunraude. Krossen i innfellinga er klart blå mot kvit botn.

Galleri

Tverrgalleri i vest med orgel i midten og avtrapping på sidene. Galleriet kviler på to tverrgåande galleribjelkar, ein ved brystninga og ein ved vestveggen. Bjelkane er lagde inn i veggene og er understødde, den i vest med to opplengjer, den i aust med to frittståande stolpar. Mellom bjelkane ligg det 12 bindbjelkar som ber flat himling under galleriet. Galleribrystninga har ramverk og åtte liggjande fyllingar. Bjelkane er måla raudbrune med mørk gråblå staffasje. Ramverk svampmåla i gråtonar. Fyllingar marmorerte med grått og brunt på kvit botn. Gallerigolvet er gråmåla. Himlingen under galleriet er i grøn svampmåling overstrødd med krossar, stjerner og blomar.

Orgel

a) 1909. Pipeorgel med fem gjennomgåande stemmer. Bygd av orgelbyggjar Landrog, Haugesund. b) Orgel levert av "NORSK ORGEL-HARMONIUMFABRIKK A/S. BYGGEÅR 1969". Orgelet har 16 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Prospektet er rektangulært med svakt markerte sidetårn med trepiper og fem midtfelt med symmetrisk plasserte metallpiper. Profilert topplist, elles glatte byggeelement. Prospektet fyller høgda frå gallerigolv til himling.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Klokke frå 1824, no i stopel på kyrkjegarden på Nerheim. Klokka har flat kronplate med seks bøylar og midtboge, profilert hue, rett hals med to doble riller, utsvinga korpus, karnissprofil over rettvinkla rille og utskrådd kant over slagring. Øvre del av slagringen har motivband med større og mindre fuglar mellom blomar og blad. Motivet vert avbrote av medaljongar opphengde i band. Innskrift på korpus: STØBT/ I BERGEN/ AF: M: K: SKIÖBERG/ AÑO 1824. Diam. 40 cm, h. 40 cm.

b) Klokke med krone av seks bøylar og midtboge, flat kronplate, runda hue, rett hals med tre riller, ornament og innskrift, utsvinga korpus med to riller over nedbøygd slagring. Over dei øvste rillene på halsen: 1874-1925 og eit greinmotiv, det heile repetert tre gonger. Mellom dei to rillene oppe: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN, TØNSBERG. Under rillene ein bladkrans, på den eine sida på korpus: FOLKET I ØLEN TIL GLEDE,/ SIGNING OG SÆLE, og på den andre: ALLFADER TIL VYRDNAD. Diam. 87 cm, h. 86 cm.

c) Klokke med krone av seks bøylar, flat kronplate, runda hue, skrå hals og korpus som nede svingar ut mot nedbøygd slagring. Mellom to riller på halsen: 1989 OLSEN. NAUEN KLOKKESTØPERI. TØNSBERG. På korpus: alfa og omega på kvar side av kristogram, og under dette: PRIS HERREN/ FOR HANS MISKUNN,/ VARER TIL EVIG TID. 2.KRØN.20.21. Innsida av klokka er rifla. Diam. 58 cm, h. 55 cm. Nytt ståloppheng på nytt tilbygg til klokkestolen.

Bøker

Vor Herre og Frelsers Jesu Christi Nye Testament. Chra. 1875. Kollektbok, Kra 1887. D. CASPARI ERASMI BROCHMANS, HUUS-POSTILL. KBH.1760. På innsida av omslaget: "Denne postill tilhører Aalunds Kierke". Alterbog for den norske Kirke, Kra 1889.

Nummertavler

Nærast kvadratiske tavler med runda lister. Vertikalt delte i to ved list. Blågrøn botn, brunraudt listverk.Tavlene heng over dørene i austveggen i skipet.

Møblar

Brurastolar i eik nord i koret med sete og rygg stoppa og trekte med gyllenlêr. Nyare. Akantusskurd på toppstykket og på sprossa framme, elles dreia og firkanta ledd. Enkle stolar sør i koret. Piano, Schimmel nordaust i skipet.

Offerkar

Veggfast blokkforma bøsse i sakristigangen. Bøssa har lås, hengsle og naglar av jarn. På framsida er utskore: ITSK 1832. Bøssa er måla i same farge som veggen. To nye, djupe offerposar med to handtak. Skinnfôr, beige, grovt toskafts stoff i fire spissar med brune band over skøytane. Dreia handtak i mørkt treslag. På altaret ein stor trebolle med rosemåling og innskrift langs kanten: "Gjev så skal de få. Luk. 7.38" tre gonger. Merkt "Fatland tre og dekor, Etne".

Blomsterbeger

To traktforma sølv blomsterbeger på altaret. Inngravert med versalar på foten: MINNE FRA ANNA OG AASMUND EKRHEIM. Inngravert på korpus: ØLEN KIRKE/ 1954. Stpl. krus, 830 S, N, 60A.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden i Ølen ligg på Nerheim der dei tidlegare kyrkjene låg. Kyrkjegarden har i fleire etappar vorte utvida mot sør. Den siste utvidinga vart vigsla 19. sept. 1995. Samstundes vart det teke i bruk ein ny klokkestopel som er oppført ute på terrassekanten og der klokka frå 1824 er opphengd. Rundt den eldste delen er det steingard, rundt utvidingane er det sett opp nettinggjerde.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

På kyrkjegarden står idag eit reiskapshus med rektangulær plan, liggjande bordkledning og hellelagt saltak. Den austre delen av huset er i bindingsverk og vert brukt som opphaldsrom med toalett for dei som arbeider på kyrkjegarden, den vestre delen er i tømmer og vert nytta til oppbevaring av reiskapar. Den tømra delen har vegger frå våpenhuset i den forrige kyrkja, dette er flytta noko lengre sør enn det opphavleg stod.

Gravminne

På den gamle delen av kyrkjegarden finst ein del eldre gravminne. Det gjeld nokre enkle kløverbladskrossar frå slutten av 1800-talet og ein karm med plate, alt i støypejarn, frå same tida. Heilt i det nordvestre hjørnet to gamle steinminnesmerke utan namn, det kan ha vore forma som ein kross.

Nerheimsteinen. (BM) Ein runestein, visstnok ein likstein, er funnen på Nerheim. Etter utrykt oppteikning av W.F.K. Christie (UBB 262 f, nr. 9, 1842) skriv M. Olsen (Olsen, 1957, s. 11f.): "I en Steenbroe over en Bæk paa memeldte Gaard fandtes i 1841 en liden, i broen indmuret Steen, 2 Al. 2 T. lang, 16 T. bred oventil og 11 T. bred nedentil, samt 2 ½ T. Tyk. ... Paa denne Steen var indhugget et Kors, med Forziringer nedentil, og paa den ene Side til Højre var indhugget endeel Runer, hvilke dog, ligesom Korsets Forziringer, vare temmelig udslidte. Da Kirken staar paa en Part i Gaarden Neerheim, er det rimeligt, at Stenen har været en Liigsteen paa Kirkegaarden." Steinen smalnar av i den eine enden. På den eine breisida er han mest dekt av ornament, i den breiaste enden er rissa inn ein kross. Anders Bugge (munnleg) gav steinen ei stilhistorisk datering til 1050-90. Innskrifta må vera seinare. Ho følgjer kanten og følgjer så den boga enden. Aslak Liestøl las ifølgje M.Olsen innskrifta slik: Ormr Gunnhildarson gerði mik. "Orm Gunnhildson gjorde mig". Det kan vera Denne Orm som ved å rissa runnene på den ornamenterte steinen, laga gravstein til seg sjølv.

Plassen rundt kyrkja i Ølen har ikkje vore i bruk som gravplass. Kyrkja ligg på ein oppmurt terrasse rett oppfor vegen. Vegen har vorte utvida og teke ein del av kyrkjegarden si breidde. Oppå muren er det planta til med busker. På dei tre andre sidene, aust, sør og vest er det mur av flat naturstein, glatt på begge sider og omlag 1,5 m høg, lægre i vest. Inngang frå parkeringsplass gjennom smijarnsport rett aust for kyrkja. Singelgang rundt kyrkja, på nordsida fram til inngangen til dåpsventerommet og på sørsida ein tverrsti opp til toalett og reiskapshus ved muren.

Ved nordvesthjørnet er det reist eit minnesmerke over falne frå Ølen under krigen. Minnesmerket har ein oppmurt vid base med seks små steintårn som ber stålkjetting rundt bauta på sokkelstein.

På sørsida av kyrkjegardsmuren vert det no oppført eit kyrkjelydssenter som er venta fullført i år 2001.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Riksantikvarens antikvariske arkiv (RAA). Kaland, B. Restaureringsrapport. Altartavla.
  2. Statsarkivet i Bergen (SAB). Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 122, 1615-1682.
  3. Prestearkiva, Kyrkjestolebok for Fjelberg, 1615-1695 (1723).
  4. Prestearkiva, Kyrkjestolebok, l.nr. 125, Aalund 1830-1883.
  5. Prestearkiva, Fjelberg prestegjeld, Kallsbok 1828-1927.
  6. Stiftamtmannsarkivet, boks 1733, 1734, 1735 og 1736.
  7. Stiftamtmannsarkivet, boks 1719, legg 3, Sunnhordland, 1921.
  8. Bispearkivet, Avd. IV, Pk. 31. Innberetninger, Sunnhordland.
  9. Bispearkivet, Visitasmeldingar 1817-1847.
  10. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Kyrkjerekneskap, Pk. Nr. 46 og 48.
  11. Rentekammeret, Ulike rekneskapar, 1602-1815, A.d. Bergens Stift, 1659-1668, Synfaring 1661-65, Sunnhordland.
  12. Eggestøl, M.A.G., ms. Stavanger Lærarhøgskule, 1990.
Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-1913.
  2. Olsen, M., Norges Innskrifter med de Yngre Runer. IV. Oslo 1957.
  3. FNFB Årbok 1960, Det antikvariske arbeid, s. 123.
  4. Ølen kyrkje – 100 år, 1874-1974, Ølen 1974.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)