Stødle kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Stødle kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneEtne kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater59.673108,5.965728
FellesrådEtne kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121100101
Soknekatalognr02050101
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)


Anne Marta Hoff


Støle kyrkje ligg ute på kanten av ein terrasse over Etne sentrum med utsyn over Etnesjøen. Støle er først nemnt i Diplomatariet i 1329, men kyrkja må vera mykje eldre. Ho var i utgangspunktet ei einskipa steinkyrkje med eit lægre og smalare kor. Det er ikkje faste opplysningar om byggeåret, men det er mykje som peikar i retning av at kyrkja kan vera oppført kring 1160 av Erling Skakke som huskapell for Støle-Ætta. Seinare kom kyrkja til å fungera som soknekyrkje. Kyrkja var dedisert til Kristus og vert i det eldre, skriftlege kjeldematerialet kalla Christ Hoved-kirche. Ved det store kyrkjesalet i 1723 vart kyrkja selt til J.F. Tüchsen (L.L. Mykland 1976, s. 114). Kyrkja hadde ulike private eigarar fram til ho i 1860 vart kjøpt av Etne kommune. Kyrkja er framleis kovudkyrkja i Etne.

Kyrkja har sekundært vorte utvida vestover med eit skip i treverk. Det går fram av kyrkjerekneskapane og av synfaringa frå 1686 at dette har vore eit tømra skip, sjølv om det i meldinga om ”Kirchernes tilstand udj Bergens Stifft, Anno 1709” står at det nye skipet frå 1690-åra var oppbygt av tømmer, ”efftersom den gamble Stafve Kirche var aldeeles forfalden” (RA, Rentekammeret, real. Ordn. Avd., pk. 3). Det er ikkje sikre haldepunkt for kva tid utvidinga mot vest kan ha skjedd. Kyrkjerekneskapane for Støle er bevarte frå 1656 og framover, og utvidinga har skjedd før det. Over preikestolen i austveggen i skipet finst årstalet 1615 innskore på ein av tømmerstokkane. Om dette er ein gjenbrukt stokk frå den første utvidinga mot vest, har denne truleg vore så gammal eller eldre. I samband med det eldste tømmerskipet har det vore tårn, tårnet er nemnt fleire gonger i siste halvdel av 1600-talet.

Skriftlege kjelder gjer det klart at tømmerdelen av Støle kyrkje vart heilt nybygd i 1690-åra. Materiallista kan tyda på at delar av tømmeret frå den gamle kyrkja kan ha vorte oppattytta, men det meste er bygt opp av nytt tømmer, ny bordkledning og nytt sperreverk i taket. Det var Askild Tepstad og Erik Eide som oppførte dette kyrkjeskipet, bygningsmenn som i denne perioden bygde kyrkjer over heile stiftet. Tømmeret vart kjøpt hjå Hans Andersen Årvik i Skånevik, fløytt til Etne og frakta opp til Stødle. Andre delar av materialen vart kjøpt av kaptein Montagne og kyrkja og stiftsskrivaren har delt utlogene. Det vart ikkje bygt tårn i den nye kyrkja. I synfaringa frå 1721 står det at kyrkja er utan tårn, og tårn er heller ikkje nemnt i ei synfarings- og taksasjonsforretning frå 1824. Kyrkja fekk nytt tårn først i 1879 med tårntilbygg i 1960. Interiøret i kyrkja gjennomgjekk ei omfattande restaurerting i 1957-58 (sjå interiør).

Innhold

Bygningen

Den eldste kyrkja på Stødle står no som den austlege delen av kyrkja. Denne hadde frå først av eit einskipa skip under saltak og eit smalare, lægre kor under saltak. Vestre delen av kyrkja er av tømmer og fungerer i dag som skip, medan skipet i steinkyrkja fungerer som kor. Tømmerskipet er einskipa og under same saltak som steinkyrkja. Dei to skipa er omlag like lange, tømmerskipet er ein tanke breiare enn skipet i steinkyrkja. Tårnet frå 1879 er konstruert sentralt mot vestveggen i tømmerkyrkja. Sidetilbygga til tårnet som vart oppførte i 1960 har sakristi i sør, toalett og utgang i nord. Kyrkja har 220 sitjeplassar.

Det gamle koret har i periodar stått som ruin. I kyrkjestoleboka heiter det i 1699-1701 at ”Den forfaldne Mur bag Choret ved Christ Hovid Kirche, som Kirchen iche Kunde formaa sig till nogen Thieneste at reparere och ved lige holde: Er paa Høy Øfrighets Behag Bevilget Sognepresten Hr Hans Kamstrup for sig, sin hustru, Børn och Arfuinger till frj Grafsted at nyde, saaledis at ingen Liig maa der udj, uden deris Minde(?), Indsettis Saalenge de det paa deris egen Bekostning Vedlige holder effter Loven.” Også seinare har koret lege i ruin. I 1776 er ”Koret ... forfalden” (Andreas Christies optegnelser), sameleis i 1780: ”Et for Koret vedhefftet grundmuret Sacristie, har fra Umindelige tider av været Tagløs, og mest forfalden.” (SAB. Innberetning til biskopen frå sokneprestane i Sunnhordland 1780-1795.) I 1791 fortel same kjelda at kyrkjeeigarane er ”tilsagt av Hr. Provsten Selv at istand sætte det meget, og i mange aar forfaldne Capel bag alteret, hvorav er intet uden Rudera av gamle Mure tilovers”. I 1825 omtalar Neumann "det gamble kor" som "en herlig ruin med maleriske buske paa sine forfaldne mure" (Budstikken VII, sp. 349). Etter Bendixen vart det gamle koret oppussa utvendes og innvendes i 1872.

Kortilbygget i aust har som nemnt ovafor også vore i bruk som gravkapell. I visitasmeldingane frå 1860-åra er denne bygningsdelen omtalt med ein tredje funksjon som sakristi. No er han innreidd som eit lite kapell med eit smalt altar mot austveggen.

Det har vore problem med samanføyinga mellom tredelen og steinbygningen i kyrkja. I synfaringa som vart halden mellom 1661 og 1665, vert det notert at ”den træ Kke, som er opbygt til Steen kirchen hafr aff weyret giffuit sig fra hoffuit Kken, hvilket wil i tide flyes, och føres tilbage i sit rette sted igien, Siden wil dend offuenfor Lemmen med KaarsBaand och tuer Bielcher sambt fornøden Jern Bolter Well bebindis til Kirchens Muur”.

I 1721 vert måla på kyrkja oppgjevne til å vera: ”Corets Muur - 18 al. lang og 14 al. Bred, Kirchen - 20 al lang og 15 al Breed, Waabenhuuset - 6 al langt og 7 al. Bredt”.

Vegger

Mellomalderdelen av kyrkja har vegger murte opp av kistemur med etter måten små brotsteinar i ytterflatene. Veggene er omlag ein meter tjukke og pussa utvendes og innvendes. Hjørna utvendes er markerte med mørk grå kvaderstein. Austgavlen i steinskipet er murt heilt opp til mønet, innsida upussa. Gavlen har jamnt murverk med liggjande, mindre steinar og med pinningar. Det ligg mørtel oppå dei øvste steinane. Dette kan ha samband med at austgavlen kan ha vore murt opp i høgda for å gje ly. I synfaringa frå 1824 finst følgjande opplysningar. ”Udenpaa østre Brøst af Kirken er en gammel Mur omtrent ¾ Allen højere enn Kirketaget. Denne Mur som ikke [er] forsynet med Tag bør nedrives indtil Kirketagets øvrige Højde, da det i andetfald vil give anledning til at Vandet trænger ind og beskadiger den øvrige Deel af Kirkemuren. Til dette at faa istandsat udfordres 6 Favner Heller [og] 6 Tønder Kalk”. Over austsida av portalen mellom kor og skip i steinkyrkja er det eit 6-7 cm breitt sprang i muren. Vestveggen i steinkyrkja har vorte fjerna i samband med tretilbygget. Frå innerhjørnet går han no 40 cm inn i rommet på begge sider. Han er rett avslutta i høgd med langmurane og pussa. Pussen i det gamle koret er tynn og jamn, truleg nyare. I nordvestre hjørne av steinskipet har pussen restar av måla dekor, det er mindre restar av dekor andre stader på nordveggen. Nede på veggene i sør og nord felt med grovare, truleg nyare puss. Mindre dekorrestar også på sørveggen.

Holer i veggene. I det gamle koret er det tre nisjer/repositoria i veggene. På nordveggen eit lite, h. 18 cm, br. 17 cm, dj. 17 cm. Lengre aust på nordveggen eit større innfatta med kleberkvadrar: h.27 cm, br. 41 cm, dj. 29 cm. med eit fingerstort festehol innvendes på vestsida. Aust på sørveggen er enklare nisje, 22 cm høg og 41 cm brei. I opninga er det sett inn treramme med hengsla dør med jarnkrok. Nyare.

Tømmerdelen av kyrkja har vegger av 16 omfar breie, flattelgde tømmerstokkar i eit rektangel. Austveggen har ei stor, rektangulær koropning (sjå korskilje). På sidene går tømmerveggen omlag 1,5 m inn i rommet på kvar side og enden er innkassa. Tømmerveggene er kledde utvendes med glattkanta, sulagt panel og kvitmåla. Det går fram av kyrkjerekneskapen at også det gamle tømmerskipet var bordkledd utvendes (1656-58). Det var då tjørebredd. Kyrkja har ikkje alltid vore like godt panelt, soknepresten meldte slik til biskopen i 1780: ”Efter adskillige besigtelses forretninger er Kirken nu bordKlæd, og Ejere bræder paa den beskadigede side” (SAB. Innberetning til biskopen frå sokneprestane i Sunnhordland, 1780-1795). Takskjegget er underkledd og hjørna innkassa. Innvendes har veggene ei ein periode vore kledde med ståande panel. I 1885 handsama Stiftsdireksjonen ei sak som gjaldt ”Tilladelse til at forsyne Stødle Kirke med tyndt Panel”. På bilete frå rundt 1900 er kyrkja kledd innvendes. Panelen vart teken vekk ved restaureringa i 1950-åra.

Portalar og dører

I steindelen er det bevart to portalar/døropningar, opninga mellom kor og skip og ein liten døropning nordvest i skipet. Det må ha vore ein portal vest i kyrkja, denne finst det ingen opplysningar om.

Opninga mellom kor og skip i steinkyrkja er rundboga med hjørne av kleberkvadrar både mot koret og mot skipet. Lysopninga i portalen er omlag h. 310 cm, br. 148 cm. Portalen er 104 cm djup. På vestsida er sjølve bogen profilert med dobbel rundlist. Sokkelen og vederlagssteinar for rundbogen på kvar side stikk ut frå murlivet på vestsida og gjennomgåande i bogeopninga. Mot aust er dei rett avslutta i murlivsnivå. Både sokkel og vederlagsstein er profilert. Vederlagssteinane er noko avhogne på austsida slik at kvaderhjørna her samanhengande følgjer rundbogen. Over avsluttinga av vederlagssteinane mot aust er det hogge inn eit hol på kvar side, omlag 15 cm høgt, 4 cm breitt og 3 cm djupt på nordsida, 13 cm høgt, 5 cm breitt og 3 cm djupt på sørsida. Truleg for trabesbjelke eller for utfylling av bogefeltet. Rett under vederlagssteinen er det på sørsida inne i bogen hoggen ein spalte i hjørnekvadrane, omlag 38 cm høg og 4 cm djup. Breidda i nedre havdel er 6 cm, her ligg spalten 4 cm innafor hjørnet. I øvre halvdel går han heilt ut til hjørnet. På nordsida er det ein mindre spalte som tilsvarar nedre halvdel av den på sørsida. Spaltene må ha fungert som opplegg for ein bjelke som er stokken inn på nordsida og lagt på plass på sørsida, det er mogeleg at dette kan ha vore slåe for eit dørblad som då har kunna stengjast frå korsida. I portalhjørnet på austsida i nord er det 109 cm over golvet og 10 cm frå hjørnet eit blyanttjukt, 6 cm djupt hol. Portalen er heilt flat på austsida. I rundbogen er det målingsspor som tydar på at dei ytre 3 cm har vore dekte. I visitasmeldinga for 1830 forplikta kyrkjeeigarane seg til ”inden 1te Novembr. d. Aa. at indrette en passelig og tæt Fylding af Bord, i Aabningen paa Kordets Muur, bag ved Alteret...”. På interiørfoto frå rundt 1900 er opninga framleis attfylt.

Døropning i nordmuren, 110 cm frå nordvestre hjørne innvendes. Lysopninga er rundboga og 180 cm høg, 62 cm brei, muren er 100 cm tjukk. Sidene i opninga har hoggen, liggjande kvaderstein i kleber. Både utvendes og innvendes har opninga hjørne av kleberkvadrar, utan dekorative element. Kvelven er dekt med puss. På sidene i opninga er det rissa inn runer(?) og bumerkje. I det ytre murlivet er det sett inn ein rundboga trekarm. Ei rundboga dør av tre bord som er falsa ihop og fôra på innsida er festa med to gangjarn til kvaderen på austsida. Innvendes er ho festa til ringar i muren med to smidde jarnkrokar. Døra har utvendes ein hamra dørring av jarn. Synfaringsforretninga frå 1824 kan tolkast slik at denne opninga då var attmurt og at det var ynskje om at kyrkja fekk ei utgangsdør gjennom koret i steinkyrkja som då låg i ruin: "Hr. Pastor von der Lippe anmærkede at da Kirken kun havde en Udgang, ansaa han denne for utilstrækkelig, og troede at Kirkens Kor ogsaa burde forsynes med en Dør, hvortil der bag Alteret gaves god Anledning, da der fandtes en Aabning.." "... i hvilket tilfælde Kirkeejerne paatoge sig at forsyne ovenbemeldte Aabning med en udgaaende Dør, dog forlangte de at ej mer af ovenomtalte Indhegning (steinkoret) maatte nedrives end nødvendig, for ej at skade muren i kirkens Kor (steinskipet) og at den igjennem Indhægningen udbrydende Indgang ogsaa af Støle Sogns Almue maatte sættes i en forsvarlig og for stedet passende tilstand". Også i bispevisitasmeldinga frå 1824 er denne døra i koret omtalt. Kyrkjeeigarane vart då pålagde å ”foranstalte” at denne døra vart laga, dei ba om å få notert i meldinga at dei fråskreiv seg eit kvart ansvar dersom nedbrytinga av ”Muuren”, dvs. det gamle koret, kom til å skada kyrkjemuren elles. Døra er ikkje nemnd seinare.

Kyrkja har smal, to-fløya inngangsdør i vestveggen i tømmerdelen. Døra står i ein opning med beitskier på kvar side, dekt med profilert listverk. Høge fyllingsdører med fire rektangulære fyllingar over einannan i kvar dør. Dørene er måla. Ytterdører av eik, også desse med fire fyllingar over einannan i ramme. Utvendes er fyllingane diamantforma. Inngangen har overdekking i form av eit lite saltak på skråstøtter ut frå veggen. Taket er tekt med lappskifer. Tilsvarande enkel dør nord i nordre tårntilbygg. Kyrkja elles har enkle fyllingsdører, nokre av dei med plater som fyllingar.

Korskilje

I 1699-1701 er det i kyrkjerekneskapane innført utgift til ”et Sprjnchelverch i Chorit”. Det kan ha vore i korskiljet. På fotografi av Tomhaw frå rundt 1900 er korskiljet mellom steindelen og tømmerdelen i kyrkja markert med ein flat boge med ein gjennomgåande tømmerstokk øvst under opninga under den runda himlingen og tilskorne, bogeforma tømmerstokkar nedst. Ved restaureringa i 50-åra vart tømmeret og dei opphavlege fargane tekne fram og ei koropning med tverrgåande øvre stokkar i full breidde vart gjennomført. Sidene i opninga er som tidlegare innkassingar av tømmerveggen. Ettersom det vart lagt flate himlingar ved restaureringa er koropninga no såleis rektangulær og open i mest full høgde og breidde. På kvar side av midtgangen er det brystinar med fyllingar i rammer, sameleis rundt 1900, men med andre fargar.

Vindauge

I steinkyrkja er det eit rekonstruert rundboga vindauge midt på langveggen i sør. Vindauget har skråna smygar, sålbenken er avtrappa i tre steg. Lite, rundboga vindauge ytst i murlivet i treramme. Glaset er delt ved bly i små, diagonale ruter. Klårt glas. Aust for det vindauget som står no, er det merkje etter ei større endring. Eit nymurt felt viser at det her tidlegare har vore sett inn eit større vindauge. Smøyga i den noverande vindaugsopninga har puss, og pussen på vestsida går truleg attende til ein eldre situasjon der vestre smøyg og sålbenken kan vera frå eit opphavleg vindauge. Utvendes i murlivet står det ein kleberstein på høgkant som kan vera ei markering av eit tidlegare vindauge.

Aust i det gamle koret er det eit rundboga vindauge med skrå smøyg og kleberkvadrar rundt indre og ytre opning. Sålbenken er avtrappa i to steg pluss ein stein på høgkant under glaset. Lysopning skoren ut i kleber ytst i murlivet. Innvendes har denne opninga fals for treramme med glasmåleri. (Sjå interiør.) Utafor dette, i flog med ytre murliv er det sett inn eit klårt glas i treramme.

I 1702-04 er det opplyst at det vart kledd runt alle kyrkjevindauga med fire bord, truleg å forstå som ytre listverk. Samstundes er det gitt ei litt uforståeleg opplysning om at vindaugsluka ”paa nordre side Choret” er forbetra med bord og spikar. Opplysninga kan sjåast saman med ei anna opplysninga frå 1776: ”I Nordre Side af kirkemuren ved Enden af den er et hull ey høyere op end et lavt Menniske, Dannet som et vindue til ved en al. i firkant” (Andreas Christies optegnelser).

I den tida som er dekt av rekneskapane har det elles vore jamnlege utgifter til vøling av vindauga og av vindaugslemmane, særleg på sørsida av kyrkja. I 1687-89 vart det kjøpt eit nytt vindauge ved preikestolen. I samband med nybygginga av tømmerskipet vart det kjøpt nye vindauge frå Jens Snidker i Bergen. I 1696-98 vart han betalt for ”4 dobblete Windue-karmer”, smeden ”for Beslag till Dito Karmer”, vidare for ”2de Ny Winduer, ..., De øfrige Winduer er till Kirchen forærit”. I tillegg vart det kjøpt nye lemmar og tau til å heisa dei opp med: ”Luger dertill, med Lugebaand”.

Tømmerskipet har no to store, identiske vindauge på kvar langvegg. Vindauga har krysspost og fire rammer. Dei to øvre rammene er ved sprosser inndelte i 2x2ruter, dei to nedre i 2x3 ruter. Det er tresprosser i dei ytre og bly i dei indre, sekundært innsette vindauga. Yttervindauga har klårt glas, innervindauga frå 1957-58 har "katedralglas" i ulike duse fargar. Ytre rammer er midthengsla. Enkelt indre og ytre listverk. Kvitmåla.

I 1838 påpeikte biskopen at det måtte lagast eit lite vindauge oveer dørstolpen i våpenhuset ”til lysning under Barselsquinders Indledning”. (SAB, Bjørgvin Biskop, Visitasmeldingar 4 (1834-1837), det er uklart kva tid dette ev. vart gjort.

Før tårnet fekk sidetilbygg, var det seksdelte einrams vindauge i vestveggen i gallerihøgd på kvar side av tårnet. Tårntilbygga har enkle, torams vindauge delt ved midtpost i langveggene. I dei ytste vindauga er kvar ramme delt i seks ved sprosser, dei indre glasa er udelte. Vest i tårnet over inngangen er det eit mindre vindauge med ei ramme delt i seks ved sprosser. Sprossene har same profil som i yttervindauga i skipet. Rektangulært, liggjande vindauge mellom våpenhus og sakristi. Lause lydluker i klokkestova. Ein del eldre vindauge er lagra i tårnet.

Golv og fundament

Steinkyrkja har ikkje noko synleg fundament over bakkenivå. Murveggene går uformidla ned i singelen. Lufteventilar i muren under golvnivå. Innvendes går muren aust i skipet ut i eit 4-7 cm djupt steg 7-18 cm over golvnivå. I det gamle koret er det innvendes nytta store steinar i det nedste skiftet. Trekyrkja har no eit fundament støypt med sement.

Rundt 1900 låg golvet i koret eit steg høgre enn golvet i skipet. Koret og skipet i den noverande kyrkja har bordgolv i same plan, lagde i kyrkja si lengderetning i felt. Skifergolvet i det gamle koret og i døropninga nord i skipet vart også lagt i same plan under restaureringa i 1957-58. Tregolvet er dels festa med trenaglar, dels med spikar til golvåsar. Nokre få bord i koret har restar av raud-brun måling. Våpenhuset har nytt, gråmåla bordgolv. Tilbygga har smalare bordgolv. Gallerigangen har gråmåla bordgolv.

Under det noverande koret er det ein eldre, mura gravkjellar med tilgang gjennom luke i golvet. Kjellaren er omlag fire meter lang og to meter brei innvendes. Muren i kjellaren er gammal, til dels med eldre puss, og bevart i omlag ein meters høgd, tildels nedbroten i overkant. Gravkjellaren har jordgolv.

Grunnen under kyrkja vart i samband med restaureringa i 1957-58 dekt med små rullesteinar og det er støypt langsgåande dragarar som ber golvåsane. Oppa desse vart det lagt dobbelt golv. Smalt kryperom mellom betongdragarane. Situasjonen er no den same under heile kyrka, bortsett frå gravkjellaren.

Tak

Kyrkja har sperretak over noverande skip og kor. Over galleriet er det tre sperrefag av sperrer og to hanebjelkar over einannan. Sperrefaga er avstiva ved ein ås på kvar side. Delane i sperrefaga er blada på einannan og festa med trenagle, i mønet er sperrene tappa saman. Sperrene er kløfta over raftestokken. Det er lagt inn ekstra sperrer av gjenbrukte materialar. Resten av taket over kyrkja har sperrefag med sperrer, saksesperrer og hanebjelke, lagde på einannan på halv ved og feste med tretapp. Sperrene kløfta saman i mønet. Konstruksjonen har dels glede ut. Sperrene ber åsar/bord som ber bordtak av over- og underliggjande bord, dels gjenbrukte bord frå tjørebredt sutak, som underlag for ruteheller. Det vart lagt ruteheller på taka i 1820-åra. Tidlegare var det panner på kyrkjetaket, men det vert i samband med visitasmeldinga i 1820 framført at det ikkje nytta med panner etter som dei bles vekk med det same. I 1821 var det skaffa heller frå Stord, desse låg då ved stranda i vente på vinterføre slik at dei kunne transporterast til kyrkja (SAB, Bjørgvin biskop, visitasmeldingar 1, 1817-1824). I overgangen mellom noverande skip og kor manglar tre av faga saksesperrer. Over steinskipet tre fag med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Saksene står her lengre frå einannan enn over tømmerkyrkja. Det går kraftige jarnstag nord-sør rett over den flate himlingen i steinkyrkja. På murkronene ligg det dobbel remstokk som tang om stikkbjelkar som er sette inn med omlag ein meters avstand. Stikkbjelkane er truleg avsaga sekundært og kan tidlegare ha vore tverrgåande bindbjelkar.

Taket over koret i steinkyrkja er ikkje tilgjengeleg, men må vera eit enkelt sperretak. Dette taket er også tekt med ruteheller.

Både skip og kor var kledd med sutak og tjørebredd før kyrkja fekk nytt skip. Tak over det gamle koret er ikkje nemnt i perioden. Etter at kyrkja var fornya bles heile kortaket og tredjeparten av taket over skipet av i 1719. Ved oppbygginga av nytt tak vart det kjøpt nye sperrer og ”underSpærer”. I staden for vindskier på koret valde ein å mura opp ein høg mur i austgavlen (jfr. Vegger) (Kyrkjestolebok 1717-19).

Himlingar

I kordelen av steinkyrkja ligg det seks kraftige, raudlaserte takbjelkar frå nord til sør over murkrona. Himlingsborda som kviler på desse er av ulike slag, for ein del gjenbrukte bord.

Over det noverande koret, skipet i steinkyrkja, ligg det tilsvarande kraftige, raudmåla takbjelkar (12 stk). Takbjelkane er feste med jarnstag til ein langsgåande dragar sentralt over himlingen. Dei ber flat himling av runda skuggepanel. Delar av ein tidlegare boga himling står att over den flate himlingen.

Over tømmerskipet er himlingen mest flat, men svinga ned mot langveggene. Himlingsborda er runda skuggepanel. Himlingen er festa til bogar av bord feste til takkonstruksjonen. På tvers av tømmerskipet under himlingen er det strekt to innkledde jarnstag, innkledinga er forma som firskorne bjelkar med profil (holrenne med v-forma snitt til begge sider) etter hjørna.

Rundt 1660 laut kyrkja vøla kvelvingen over skipet i kyrkja, kvelvingen var då ”af Storm nederslafet”. I samband med nybygget vart det i 1699-1701 lagt ein ny lem av pløygde bord i skipet. Prosten i Sunnhordland opplyste i 1849 at ”Nyt Loft er siden sidste Visitats nedlagt i hele Kirken” (Prosten i Shl. Synf. 1828-1891). I følgje opplysning i Norges Kirkers arkiv fekk skip og kor kvelva himling i 1880. Denne runda kvelven viser på bilete frå rundt 1900.

Tårn

I 1665-67 hadde kyrkja eit tårn, truleg eit vesttårn i bindingsverk, som var kledd med spøner (uvisst om det berre gjaldt hjelmen) og tjørebredt. Arbeidet på tårnet vart godt betalt, ”efftersom taarnit er Høit”. I åra framover mot nybygget vart det arbeidd med å sikra sambandet mellom tårnet og skipet, både med jarn og med tre. Særleg etter den store stormen i 1673 var arbeidet omfattande. I samband med vøling av tårnet i 1687 nytta ein termen ”Klochestoppelen” om tårnet. Siste gongen dette tårnet er nemnt er i kyrkjestoleboka i 1693-95 då fire menn er betalte for ”at tage Klochene ned af Taarnit, med Kost og alt, for Træer som blef brugt at tage Klochene ned med, sampt for 6 merker talg till samme brug”.

Kyrkja stod så truleg utan tårn fram til 1800-talet. I 1878 sende Sunnhordland prosti teikningar av tårn til Stødle kyrkje inn til approbasjon. (Bjørgvin stiftsdireksjon, Journal, 1878/599.) Eit firkanta vesttårn med inngang i vest vart oppført i .... . Tårnet stod først utan sidetilbygg og utan overbygg over inngangsdøra. Det hadde einrams vindauge med seks ruter, to over einannan på kvar side, eit over døra og firdelte lydgluggar. Inntrekt åttekanta hjelm toppa med kule og verhane. Kledd med lappskifer. Tilbygg til tårnet i nord og sør vart oppførte i 1960.

Tårnet har i alt fire høgder: Våpenhus, gallerigang, lagerrom og klokkerom. Dei to nedre etasjane er panelte innvendes med ståande panel, måla blågrå. Tårnet har gjennomgåande hjørnestolpar fastbolta til utvendige støttestolpar som ber rammer mellom høgdene. Rammene vert stødde opp av to mellomstolpar og ein andreas-kross på kvar side. Hjelmen kviler på ei øvre ramme og har åtte gratsperrer som ber bordtak som underlag for lappskifer. Midtmasta kviler på tverrstokkar på nest øvste ramme (eldre, gjenbrukt materriale). Masta er skøytt ved ein tverrbjelke på øvre ramme og støtta ved stjerne i hjelmen.

Tilbygg på nord- og sørsida av tårnet vart oppført i 1960. Tilbygga er av bindingsverk, panelte innvendes og bordkledde utvendes. Dei har bordgolv over ein sementsokkel og er dekte av pulttak med lappskifer. Veggene går i flog med tømmerkyrkjeveggene. Vestveggen i tårnet skyt nokre cm framom sidetilbygga. Tilbygget i nord inneheld toalett, kott og trapp til gallerigangen. I tilbygget i sør er det sakristi i første høgda og kott og oppgang til tårnet i andre.

Tilbygg

Dør og lås til ”Udkierchen” er nemnt i 1659-1661. I 1690-92 er det nemnt tre ”Opstandere” i våpenhuset under tårnet, truleg å forstå som eit våpenhus vest for tårnet. I 1705-07, etter at kyrkja hadde fått nytt skip, men stod utan tårn, er også våpenhus nemnt. I 1708-10 er dette våpenhuset tjørebredd.

Interiør

Koret i steinkyrkja har i dag ikkje nokon særleg liturgisk funksjon. Det er sett opp eit smalt altar konstruert av gammal brystningsmateriale mot austveggen. I det noverande koret er altaret plassert omlag ein halv meter framfor den rundboga opninga i austmuren. Knefallet fyller mykje av koret. Flyttberr døypefont i nordvest. Langs langveggene er det plassert lause stolar. Korskiljet har ein innebygd klokkarstol på nordsida og brystning og preikestol på sørsida. I tømmerskipet er det benker på kvar side av midtgangen. Det er no tverrgalleri i vest, tidlegare har det ein periode vore nordgalleri i skipet. Rundt 1900 hadde veggene i skipet lys gråblå måling, bjelkeverket var mørkare i same farge med raudbrune kantar, benkene var lyst raudbrune (Bendixen 1904, s. 159 og 1629). Interiøret i kyrkja gjennomgjekk ei omfattande restaurering i 1957-58. Restaureringsarkitekt var Johan Lindstrøm, riksantikvar Roar Hauglid følgde arbeidet og utøvande konservator var Ola Seter.

Det gamle koret har no eit tynt, kvitt lag med puss på murveggene. Ingen restar av dekor. Noverande kor har restar av eldre puss, dels med bevart dekorativ måling, truleg frå to ulike periodar, den eldste frå tida før dei braut ned vestmuren.

Dekoren i noverande kor. Rommet har hatt måla brystning, truleg med reint dekorative felt skilde ved svarte strekar. Brystninga er skilt frå veggen over med parallelle, vassbeine liner, dels svarte, dels raude. På vestveggen over brystninga ein gråsvart, nokså høg figur, truleg del av eit tre. Over figuren er det rankemotiv.

På nordveggen over brystninga er det lengst vest på veggen restar av ein stor medaljong. Medaljongen har framstilling av ein person med raud kappe festa framme med spenne, armane er bøygde og samla framme, raudleg kjortel (Kristus Majestas?). Over medaljongen er det utfylt med ranker. Dekorrestane på sørveggen er så fragmentariske at dei ikkje gjev grunnlag for noko tolking.

I tømmerskipet har nordveggen spor etter feste for tidlegare galleri. Her er det sett att nokre mindre felt med tidlegare dekorativ måling. Limfarge, svarte konturar mot gulkvit grunn. Også spor av grønt. Skiljeline mellom brystninga og feltet over er måla som på nord- og nordvestveggen i koret. Rest av raudmåling.

Tømmerskipet har veggdekor måla i limfarge med 13 figurframstillingar i bogar på øvre del av veggene. Dekoren er frå 1700-talet og er i samband med restaureringa på 1950-talet dels rekonstruert og supplert av Ola Seter. Figurane viser Jesus og læresveinane. Dei er framstilt ståande i gulbrune bogar med kvit bakgrunn og kvar figur har hatt namnet måla på bogen. Nokre namn er vekke, nokre er dels overmåla i samband med restaureringa. Over og under figurane er det utfyllt med raude rankar med svart kontur mot grågrøn bakgrunn. Frå vindaugshøgd og ned er det måla grågrøne draperi med svarte konturar som markerer folder i regelbundne bogar. Draperia er måla av Seter og er truleg ein rekonstruksjon.

Figurmålinga viser frå venstre på nordveggen: 1. Kristus vend mot venstre. Han er framstilt med svart hår og skjegg, berrføtt og med raud kjortel. Høgre handa løfta i signingsgest, i vensre held han verdskula framfor brystet. Rosa-raud karnasjon. 2. S.PEDER vend mot høgre. Framstilt berrføtt og med kort svart skjegg og hår. Raud kappe over grå kjortel, øvre del framstilt som jakke knept med svarte knappar. Bok i høgre hand, venstre hand er løfta og ber nøkkel. 3. AN(dreas), vend mot venstre. Berrføtt og med kort, svart skjegg og hår. Grå-grøn kappe, gulbrun kjortel. Andreaskross til venstre. Raudleg karnasjon med kvitt høglys. Uttryksfulle auge. Venstre arm kryssar kroppen og held om krossen. Detaljar utteikna av Seter. Kjortelen er snørt saman under magen og fell derifrå i rynker markerte med svart og lys oker. 4. Johannes (?) vend mot venstre. Berrføtt og skjegglaus med langt, mørkt hår. Lys oker kappe, kvit jakke med svarte markeringar. Kvit kjortel. Høgre hand lyft med kalk. Opp frå kalken står ein kross. Det kan også ha vore eit atributt i den venstre handa. 5. Figur vend mot høgre. (Dels dekt av nummertavle.) Brunleg kort hår og skjegg. Armane kryssa framme (?). Raud kappe, gråleg kjortel. Langt, svart spyd til høgre. 6. Figur med raudleg kappe og kjortel. Vend mot høgre. Raudt belte. Bok til venstre under beltet. Venstre handa lyfter noko (ei øks?). 7. Jacob (?) vend mot høgre. Raud kappe og kort, grøn kjortel. Han er framstil med støvlar med raud kant under kneet. Over høgre aksla ber han ein reiskap, ei stong. Under ytste enden på stonga eit månesigdforma merke. Veske, bok eller hattebrem over høgre handa. 8. Figur vend mot høgre. Halvlangt, mørkt rett avkutta hår. Kropp og klede utydelege, truleg raudleg kjortel. Løfta hand med kølle (?) 9. Tilsvarande, men andletet vendt rett fram. Berrføtt. Usikkert atributt. Raud kjortel. 10. S.PHILPPVS, frontalt framstilt. Kort, mørkt hår. Raudleg kappe og kjortel. Krosstav i venstre hand. 11. S.MATTHEVS, frontal. Halvlangt, krølla, brunleg hår, raudleg kappe, grå kjortel. Løftar høgre handa medan den venstre held om ein stav eller eit sverd. 12. S.SIMON, vend mot høgre. Halvlangt, mørkt hår. Okergul kappe, raud kjortel, svarte støvlar. Sag i venstre handa. 13. Figur med kort skjegg, hår på sidene og midt oppå. Usikker.

Glasmåleri

Glasmåleriet i austvindauget, signert: B.GREVE - A.D.MCMLVIII. Vindauget er rundboga og framstiller Krossfestinga. Kristus heng djupt på krossen. Hovudet er bøygd ned til venstre, med opne auge og med krossglorie. Knelangt lendeklede knytt på begge hofter. Beina står på fotbrett. Innskrifta INRI over hovudet, over denne ei skytunge. På sidene er det framstilt sol og måne og seks stjerner. Ramme rundt motivet med 12 krossar. Fargar: Kristus har brunt hår, lys karnasjon, lilla og turkis lendeklede, krossen er gulbrun. Innskrifta og skytunga er blågrå. Fotbrettet grønt. Bakgrunnen sterkt raud. Sol og måne er gulraude/gulgrøne. Stjernene blå, ramma er lyseblå innst og djupt blå med gule krossar ytst. Gulgrønt boucléteppe i midtgangen. Brunraude takbjelkar. Gulbrun lasur på himlingspanelet i noverande kor. Lysgrå himlingspanel i skipet. Fargar elles, sjå einskilde inventardelar.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming frå 1957-58.

Inventar

Altar

Kasseforma altar av furu med glatte fyllingar i ramverk, to på kvar side, tre framme og tre bak. To av fyllingane på baksida er dører til hyller inni altaret. Innfellinga av hyller er sekundær. Bordplate av finér. Ramverket har karnissprofil og andre profilar mot fyllingane. På hjørna framme er det på kvar side sett inn ny list på eit stykke som ein tidlegare altarring har dekt. På øvre ramme bak på altaret er det innskore initialar, truleg frå 1600-talet: KKS, NMS, BHS, (IGD?), MHB, HB, IHS, KKS, NHS. Mål: h.105 cm, br. 151 cm, dj. 87 cm. Umåla fyllingar, ramverk noko mørkare, men umåla. På ramma mellom listene er det i samband med restaureringa i 1957-58 måla svarte rankeslyng, truleg som rekonstruksjon. Rekneskapen frå 1690-92 har ei utgift til nytt lås til altaret.

Altaret i det gamle koret er konstruert av gamle brystningsfelt i samband med restaureringa. H. 107, br. 129, dj. 45 cm. Fyllingane har restar etter dekor med slynga, parallelle raude streker. Det er fleire stader rissa inn initialar i treverket. Delar av det gamle altarkledet er nytta som altarklede på dette altaret, med delar av brodert bord.

Altartavle

Altartavle med rekonstruerte delar på nordveggen i noverande kor. Den bevarte delen stod tidlegare som brystning i klokkarstolen. Øvst på veggen heng ei stor kvadratisk plate med rundt skriftfelt med andre og tredje trusartikkel. Gull versalar på svart botn, englehovud i medaljongar i sviklane. Grøn botn, raud og gul staffasje. Under heng ein rektangulær del av ei tavle der ”Fader Vor” er måla med oker versalar på svart botn. Ramma er måla i grønt og raudt. Denne delen er også rekonstruert og har i ein mellomperiode vore utskoren i bogeform. I 1776 vert det opplyst at "Øverst paa altertavlen staar. Christ. 4. Rex D. et N. forma Doctrinæ Eccl. Dei in Regnis Sept. Daniæ et N. iisqe (?) subjectis provinciis atqe insulis oceani borealis Ao 1600” (Andreas Christies optegnelser – Bendixen les 1636).

Altarring

a) Altarring kjend frå eldre foto (Tomhaw). Ettermåten liten rund ring med baluster rekkverk.

b) Noverande altarring frå restaureringa i 1957-58. Knefallet dannar tre sider av eit rektangel med opning på begge sider av altaret. Runda handlist av tre med indre hylle for særkalkar. 1950-tals balusterrekkverk. Stoppa og skinntrekt knelepute på tresokkel. Sokkel brun, skinn naturfarga, balustrar umåla med rosa staffering, handlista er raudrosa nede, øvre delen er gråsvart med raud marmorering, hylla er grå med marmorert list.

Døypefont

a) Åttekanta lok frå eldre døypefont. Flat plate med innsvinga overdel avslutta med knopp. Knoppen er måla raudbrun, resten lyst grågrønt. Br. 49 cm, h. 34 cm. b) Åttekanta døypefont av tre. Kummen utsvinga over vulst. Åttekanta skaft. Kum og skaft har pålagde ornament. Uttrappande åttekanta fot. Døypefonten er måla gråsvart med gull og raudrosa staffering. H. 85 cm, d. 48 cm.

Preikestol med oppgang

Snekkararbeid frå renessansen. Stolen har bevart tre (av fire?) fag og delar av oppgangen. Stolen er av vanleg type med nedre smalfelt, storfelt med rektangulær fylling og øvre smalfelt avgrensa horisontalt ved profilert listverk og tannsnittlist og vertikalt ved konsollar og hermer med kasetteverk og joniske kapitél. Portalformene i storfelta har kasetteverk. I bogen i portalfelta er det sett inn utskorne englehovud. I sviklane over bogane er det utskorne drueklasar. I tillegg til dei fire hermene på preikekstolen er det bevart ein herme som er plassert nedst på trappevangen. Fire av hermene har mannshovud, ein kvinnehovud, alle plasserte mot raudmåla strålekrans. Mellom voluttane på kapitéla er det sett inn del av kymation over perlestav, kan tolkast som krone. Figurane er avslutta nedafor navlen og har markerte kvinnebryst og navle. Armane er ulikt plasserte. To av hermene har armane ned langs sida, to har dei i kryss over navlen, ein har den eine armen nedover og den andre handa plassert mellom brysta. Nedre del av hermene er dekorerte med fruktklasar og kasetteverk. Smalfelta stikk noko fram i høve til storfelta, og er kledde på baksida.

Oppgang: Ny trapp i sju steg med heil vange med tre portalfelt, dels rekonstruksjon, dels renessansearbeid. Portalfelt med båndslyng, kasetteverk i sviklane og skrift i portalfelta. Tannsnitt under handlist. Fargar som preikestol.

Bendixen skriv at portalfelta har hatt evangelist-framstillingar. Dette er lite truleg etter Seter si avdekking av den sekundære målinga. Portalfelta har innskrifter som truleg har vore gule på raud botn. På den gamle delen av oppgansvangen er dei rekonstruerte omvendt, med raude bokstavar på gul botn. Dei rekonstruerte innskriftene på oppgangsvangen er følgjande. Under handlista: Lærer oc formaner eder sielff/ met Psalme oc loffsange. Collos 3. Første felt: "Mose Bog: Oc disse Ord som ieg binder dig idag/ dem skalt du legge..." Andre felt: Siette Cap.: "oc naar du gaar paa Veyen/ naar du legger dig ned eller opstaar oc du skalt binde dem til it tegen paa din baand (!?) oc de skulle være dig til en ihukommelse faar dine øyen/ oc du skalt skriffue dem paa dørretrærne aff dit Huss ..... Porttene". Preikestolen, første felt (avdekt, ikkje rekonstruert): Over englehovudet: "Ezechiel", okerfarga, markert med blyant. Under er det laga sju liner for skrift, mest uleseleg: "Oc du ....". I smalfeltet under har det vore innskrifter i to liner. Andre felt. Over englehovudet "33 C:p.", oker, markert med blyant, sju liner. I feltet på sørsida er rimeleg nok det meste borte. Her har det også vore sju liner. Listverk og dekor: Grønt og raudt, litt brunt med gull staffasje. Handlista er trekt med skinn. Preikestolen er no boren oppe av eit kne (1960).

Preikestolhimling

I rekneskapsperioden 1699-1701 vart det betalt for ei ”ny Krone ofuer Predichestolen ... samt guld og staffering derpaa”.

Benker og faste stolar

I 1693-95 er det betalt for ein stol i koret, i 1699-1701 for åtte bord til ”Bencher paa Gulfuet”. Benkeordninga frå rundt 1900 og frå 1957-58 er betre kjend.

a) Foto frå rundt 1900 viser at kyrkja har hatt attlatne stolestader der vangane har vore sette ned i benkestokkar og der det har vore hensla dører feste til vangane. Dørene hadde fyllingar i rammer. Stolestadene var rett avslutta i overkant. Det er teke vare på fleire ulike benkedører, den eine har påmåla No 1. b) 1957-58. Benker i skipet på sidene av midtgangen. Benkene er lagde opp i langveggene og har høge, rektangulære vangar mot midtgangen med dekor i form av nedsenka rombe med listverk. Skrå tett rygg av tre liggjande i fyllingar i ramme. Formskoren benkefjøl. Rygg og benkefjøl olja, vangen vinraud, svartmåla listverk.

Klokkarstol med rektangulære fyllingar, glatte på utsida, fasa innvendes, i profilert ramverk. Brystninga er måla, dels rekonstruert, i samband med restaureringa i 1950-åra med ulike dekorar med slynga raude streker i fyllingane og svarte auge på rammene. Svart handlist. Nokre av fyllingane har initialar og namn på baksida, den med flest innrissingar står umåla.

Galleri

I tillegg til vestgalleriet vart eit galleri langs nordveggen for sangkor truleg sett opp i 1860-åra idet det i 1862 i stiftsdireksjonenes journal "samtykkes i, at et Pulpitur i den nevnte Hensigt opføres i Stødle Kirke på det foranførte Sted i samme, dog at dets Dybde ikke bliver over 2 alen". Galleriet er vist på foto frå rundt 1900. I 1892 vart vestgalleriet utvida i bogeform for å gje plass til orgel. Nordgalleriet vart teke vekk i samband med restaureringa på 1950-talet, samstundes vart vestgalleriet endra, idet avdekte panel med framstilling av kvinner, tolka som dei kloke og dei dårlege jomfruene, vart brukte til brystning.

Tverrgalleriet vert bore av ein galleribjelke som er lagd inn i langveggene i skipet og som er understøtta av to stolpar som flankerer midtgangen. Ein tidlegare galleribjelke for eit smalare galleri er saga av i vegglivet omlag 80 cm innafor noverande brystning. Mellom vestveggen og noverande galleribjelke er det lagt ni bjelkar i tillegg til smale bjelkar ved langveggene. Tverrbjelkane er tappa inn i vestveggen og i galleribjelken. Bjelkane ber flatt bordgolv. Brystning av 15 flate, rektangulære fyllingar i profilert ramverk, dekt på baksida av runda skuggepanel toppa av flat handlist. Golv og panel grått. Handlist brunraud. Bjelkar: brunraude. Himling under galleri: rosa.

Avdekt dekor på brystningsfyllingane frå venstre: To med raudt, halvt utviska rankeornament på umåla botn, fem med ein kvinnefigur i kvar, midtfelt med slynga, raude streker, fem med kvinnefigurar og to med slynga strekornament. Bortsett frå feltet i midten, har alle fyllingane ei måla ramme med olivengrønt ytst og svart kontur mot biletfeltet. Kvinnene er utan atributt og dei fleste står med hender og føter utafor ramma. Bakgrunnen i nokre av figurfelta har spor av raud dekormåling. Kvinnefigurane er med noko variasjon kledde i langerma, ettersitjande overdel og utskrådd, sidt skjørt. Fargane på kleda varierer mellom gult, raudt, svart og olivengrønt.

Orgel

a) I 1893 vart det skaffa eit større harmonium til Støle kyrkje (Stiftsdireksjonen: journal, 1893/335).

b) Orgel frå Vestre, 1965. Orgelet har åtte stemmer fordelte på to manualar og pedal. Det noverande orgelet er bygt inn på begge sider av galleriet i bakkant. Delar av orgelet går over himlingen. På kvar side er det rektangulære pipefelt. Under pipefelta er det laga ei brystning av fyllingar i ramme, dekorert som elles med raude slynga streker og med auge-motiv. På sidene og over pipefelta og langs midtgangen på galleriet er det vegg av faspanel, gråmåla. Midtgangen vert flankert av søyler tilsvarande dei i koropninga, innkassingar med enkelt kapitél av listverk. Spelepulten er plassert på nordsida av galleriet.

Skulptur

a) Latinsk kross med kløverbladarmar. Kanten markert med opphøgd, runda list. Tidlegare på altaret, no på veggen i trappehuset. Fargar: Krakelert kvitt med gullfarga list. Motiv sekundært måla, i hovudsak med gult, på krossen: Anker, kross, hjarte på tverrtreet, stjerne øvst, tre nedst. H. 152 cm.

b) Krusifiks, tidlegare på altaret, sjå Frette kapell.

c) Krusifiks på altaret. Signert T. Moseid. Romansk type. Kristus, med krone og glorie og med opne auge og med langt, rett hår står oppreist på fotbrettet med parallelle bein, rett kropp og armane rett ut til sidene. Festa med fire naglar. Knesitt, glatt lendeklede med belte og fangsprosse. Belte, krone, ring og glorie har rad av bora, små runde hol. Armane er påsette. Krossarmane endar i kvadratiske utvidingar. Krossen står på ein kube som er skrudd fast til altaret. På dei kvadratiske utvidingane, også framme på fotkuben og på baksida av hele krossen, er det rissa inn eit kantete rankemotiv med torner. Fargar: Mørk gråleg karnasjon, avpussa slik at treverket viser. Krone, glorie, belte, fangsprosse og naglar gullfarga. Lendeklede raudt - også markeringa av sidesåret. Krossen og fotbrettet er gråbrunt, lassert. Raud kantmarkering på krossen. Raud torneranke med gull staffasje. H. 100 cm, br. 68 cm. Innskriftsplate i metall festa nede på baksida: TIL MINNE OM SIGRID (-) GJØA OG GUDMUND STØDLE - NILSINE ØSTREM.

Tavler

a) Tavle med innskrift under galleriet på nordsida. Tre ståande bord festa saman med dumlingar og innsett i ei profilert ramme. Profilet har holrenne med v-forma snitt til begge sider og er skore to gonger parallelt. Innskrift med gullfarga fraktur på svart botn. Ramma er raud med svart dekor. Innskrift: "Gud til ære ær(!) denne Cirke bycht af træ ved naffn Støle af cirkefor Valteren velædle oc uel Byrdich man (S)rö (?) Harmen gaarm(an....). Maalet 1700. Heder-lig oc vel-ærde man Her Hans Olsen kanstrop Pastor sam stet oc lensman Erich Johansen Silde oc Lars iohansen fiossne kirckeVerger forærit hauer:” Ranke. Delar av innskrifta er utydeleg og for ein del overmåla.

b) Ny tavle opphengd på sørsida med ymse opplysningar om kyrkja si soge. Svart på trekvitt. Ola Seter.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. I inventarlista frå 1687-89 er nemnt ein gammal lerrets altarduk † og ein ny altarduk †. I 1711 var det to gamle lerrets altardukar i kyrkja. Altarduken no er i kvit, toskafts fin lin med 18 cm brei bord i hardangersaum på alle fire sider. Tunga kant. Motiv: Kruner og krossar. På altaret i det gamle koret duk av kvitt bomullslerret med innfelt 15 cm brei bord i hardangersaum sydd med bomull på bomull. Stjernemotiv i diagonale ruter.

Altarklede. Inventarlistene nemner eit gammalt raudt altarklede † og eit nytt raudt altarkledet med kvite silkefrynser rundt som vart gjeve av almuen i 1702. Det siste er truleg det som er i kyrkja. Raudt kledes altarklede. Kledet heng omlag 40 cm ned frå kanten. Det har ei fire cm brei rankebord sydd med stilkesting og plattsaum i tynn gulkvit tråd langs framkanten. Sentralt dannar broderiet eit høgre motiv (16 cm). På den delen som no ligg oppå altaret er brodert ANNO 1705 i same farge, men i leggsaum. Døypefontduk. Over døypefonten er lagt ein nyare kvadratisk duk i hardangersaum med rundt hol for massingbekkenet.

Messehaklar. I inventarlista frå 1662 er nemnt ein messehakel †. I 1687-89 har kyrkja ein gammal messehakel av raud damask † og ” j Ny Dito af skiønt røtt Rissett Fløyell, med huidt Atlaskes Kaars og Guld galuner af Sognepresten Hr Hans Kampstrup forærit” †. Kyrkja har idag desse messehaklane: a) Vinraud fløyels messehakel. Halvvid, smalare innsvinga framstykke. Skrå skuldrer. Fôr i vinraud bomullssatin. Hakelen er festa med 5 hekter på venstre skulder. Kanta med band med renning i lin og innslag i gullfarga meltall. Framsida har latinsk kross av metallband, ryggsida stort jesusmonogram IHS med I som kross. Motivet er sydd med gulkvit silkegarn i plattsaum. b) Raud messehakel med smal, rettsida form. Finnvev med raud ull i det eine laget og ubleika kvit lin i det andre. Framsida har midtstolpe med tre ringar i einannan, livstre, krosslam, livstre, korg med brød og fisk. Ryggsida har latinsk kross med kross i midten flankert av løve og okse. Over er det livstre, under ørn, livstre og engel. Botnen framme og bak har liljemotiv. Som kant rundt heile hakelen er det vove ei bord. c) Grøn messehakel med smal, rettsida form. Hovudsakleg grovt ullgarn. Design og utføring: Johanna Hardeberg. Dobbelvev. Kvart lag i toskaft. Kanta med band. Framsida har stolpe, ryggsida krossmotiv. Stripeeffekt i renningsretninga med innslag av trådar i lilla, raudt og gull. Preikestolsklede av same renning som den grøne messehakelen. d) Lilla messehakel. Vid, rettsida form med avrunda hjørne. Voven av Helene Paulsen. Dobbelvev i vinraudt, lys og mørk lilla, djupt blått og gråblått ull i jamnt liggjande rutemønster. Påmontert brei midtstolpe i rosebragd i dei same fargane med mønstring i kvit lin, på ryggsida som bakgrunnn for toskafts lys lilla kross med vinraud strålekrans. Kanten er lagd inn med lilla band. Messeserk. I inventarlistene er det rekna opp to messeskjorter †. Kyrkja har no ei messeskjorte i bomull. Katafalkklede av svart flanell med svarte frynser og dekor av sølvfarga band.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to mellomalderklokker. Inventarlista frå 1662 har berre ei klokke, medan lista frå 1687-89 nemner ”2 Maadelige Klocher”. a) Hank av midtboge og seks bøylar. Svakt boga kronplate, skrå hue. Rett hals med fire riller. Kropper rett øvst, skrår så ut mot brei rille over nedbøygd slagring. Nyare kolv. Klokka har merke etter vøle innvendes og utvendes. D. 77cm, h. 85 cm. Støypt merke på eine sida av korpus, forma som eit eittal med tverrstrek til begge sider nede og til venstre oppe og med ein boge ut til venstre mitt på den loddbeine streken. H. 6 ½ cm. b) Hank av midtboge og seks bøylar. Svakt boga kronplate, skrå hue. Svakt utskrådd hals med fire riller. Utskrådd kropp som svingar ut over rille over nedbøygd slagring. Nyare kolv. D. 84,5 cm, h. ca 85 cm. Støypt merke på korpus, forma som ein latinsk kross. Dei fire armane er splitta i endane og det er sett inn eit kryss ved kvar ende. Midt på nedre kross-stamme er ein boge ut til venstre, under bogen ein tverrstrek til venstre. H. 15 cm, br. 13 cm.

Bøker

I 1659-1661 vart det kjøpt ein gradual † og ei salmebok †, i tillegg viser inventarlista frå 1662 at kyrkja då hadde ei altarbok †. I 1687-89 har kyrkja ei gammal altarbok ”in octavo” † og ei ny ”in quarto” †, ein ny kyrkjeritual †, ei gammal salmebok † og ein gradual †, ein ny gradual ”in folio” † vart kjøpt i 1700.

To stk. Graduale. Messebok for den norske kirke v/ O.M. SANDVIK. Oslo 1925, den eine for organisten. Alterbok for den norske kirke. Kra. 1920. Tekstbok for den norske kirke. Kra. 1918.

Nummertavler

Stor enkel tavle av ståande bord i profilert ramme. Delt vertikalt i to ved list. Botn svart, lister svakt raudbrune. Store massingsiffer. (På baksida blyantskisse frå restaureringa av noverande draperi og altarring). Eldre enkle nummertavler lagra i kyrkja.

Møblar

Brurastolar. To eikestolar med h-kryss, rette fram og bakbein, stoppa og skinntrekt sete og rygg. Lågt, gavlforma ryggbrett med skoren dekor. Også dekor nede på sargen. Langs korveggene 30 enkle, nyare stolar med stoppa sete og heil rygg, trekte med raudt ullstoff.

Offerkar

Tavle av tre. Sidene felte i einannan i hjørna og festa med trenagle. Lok over indre del festa med trenagle. Botn festa mellom veggene. Bakre vegg går opp som eit konturert brett. I rektangulært felt bakpå SOS mot utskoren bakgrunn. Under: B. På framsida 1821. Talet og bokstavane er markerte med svart. Elles brunraud lasur. Skaftet er brunt. Bøsse. Nærast kubisk. Festa til beitskia nord for inngangen vest i skipet. Tre sider spikra saman og omgitt av karnissprofilert listverk oppe og nede. Hengsla lok festa til ei høgre ryggfjøl. Hjørne og botn sikra ved jarn beslag. Lås i front med jarnbeslag. Jarntrakt og ring på loket. H. 36 og 22 cm, br. 22 cm, dj. 21 cm. To kollekthovar av tre, nye. Rektangulær ramme sinka saman i hjørna. Dreia skaft på kortsidene. Botn er ein pose av naturfarga skinn. Treverket raudbrunt.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv. Traktforma over ring og flat fot. Inngravert på foten: GAVE TIL STØDLE KIRKE 14-12-1958. Stpl. 830S, MÅ, 6, (?). H. 21,5 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Dei eldste delane av kyrkjegarden vest og sør for kyrkja har tørrmur, mot aust er kyrkjegarden avgrensa ved støypt mur, medan den siste utvidinga mot nord har gjerde av tre. Kyrkjegarden har hovudinngang sørvest for kyrkja med port gjennom den eldste delen av kyrkjegardsmuren. Inngang også i vest og aust for koret, alle tre med tofløya smijarnsport med kross og sol. Også grind til den nyaste delen av kyrkjegarden. Det går singelgang frå porten i sør, rundt kyrkja på nordsida og ut porten i aust.

I visitasmeldinga frå 1832 rådde biskopen til at ein for ettertida skulle gravleggja lika i liner. I 1862 er det meldt at ei utviding av kyrkjegarden på Støle skal vigslast same hausten.

Gravminne

Rett sør for koret ligg eit gravminne frå mellomalderen. Det er sett saman av tre steinar, ein avlang, liggjande stein med opphøgd rygg etter midten og to høgre runda endestykke. Gravminnet er nedslite, og det er idag ikkje råd å spora ev. innskrifter eller ornament.

På vestsida framfor våpenhuset nokre eldre graver, mellom andre ein enkel jarnkross med plate: HER UNDER VILER STØVET AF HALVAR HANSEN STØLE DØD D. 20 JUNI 1850 NÆR 70 AAR GAMMEL. SJENKET AF SAKARIAS ALVALSEN STØLE. To like støypejarnsplater med medaljong omkransa av eikelauv og støypt innskrift: HERUNDER HVILER SOGNEPRÆST PEDER NANDRUP TUXEN ABEL, FØDT DEN 12TE NOVEMBER 1807, DØD DEN 22DE NOVEMBER 1858. VELSIGNET VÆRE DIT MINDE! På den andre: HERUNDER HVILER EN ELSKET DATTER MARIE CHRISTINE ABEL, FØDT DEN 28DE OCTOBER 1836, DØD DEN 12TE FEBRUAR 1859. VELSIGNET VÆRE DIT MINDE! På ein støypejarns kløverbladskross med sommarfugl på øvre krossarm: Her under hviler Jomfru BERTINE WELTZIN fød 5te Juni 1818, død 5te Dembr 1845. Ved hovudinngangen to like, enkle steinar. På den eine er innhogge LHQ f.1814 d. 1891 I FRED.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Mykland, L.L., Guds hus under hammeren, Ms. Bergen 1976.
  2. Statsarkivet i Bergen. (SAB) Kyrkjestolebok, l.nr. 134, 1656-1722.
  3. Stiftsamtmannen, Nr 1718, Stiftskrivarreknesakpen.
  4. Stiftsamtmannen, Nr 1719, legg 3, Sunnhordland, år 1721, synfaring.
  5. Sorenskrivaren i Sunnhordland, IBa1, Ekstrarettsprotokoll 1804-1828, fol. 507 og 508.
  6. Bjørgvin Stiftsdireksjon, Journalsaker, diverse utskrifter. (1817-).
  7. Rikasarkivet. (RA) Rentekammeret, Ulike rekneskapar 1602 - 1815, A.a. Bergens Stift, 1659-1668, synfaring 1661-1665, Sunhordland.
  8. Universitetsbiblioteket i Bergen. (UBB) MS 135, Optegnelse af Andreas Christie, Capellan til Sund (1776).
  9. Norges Kirkers arkiv. Stødle kirke, Oversikt. Notat i NKs arkiv.
  10. Etne kommune. Kyrkjene i Etne. Manus.
Trykte kjelder
  1. Neumann, Budstikken VII, sp. 349. 1825.
  2. Tillæg til Norske Fornlevninger (Af N. Nicolaysen). Aarsb. 1866, s. 69.
  3. B.E. Bendixen. Fornlevninger i Søndhordland. Aarsb. 1898, s. 38-51.
  4. B.E. Bendixen. Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, s. 158-163. Bergen 1904-1913.
  5. O. Platou: Sprukne kirkeklokker som er reddet. Årbok 1954, s. 108 og 111
  6. Det antikvariske arbeid 1955. Årbok 1956, s. 174.
  7. Det antikvariske arbeid 1956. Årbok 1957, s. 166.
  8. Det antikvariske arbeid 1957. Årbok 1958, s. 180.
  9. Brekke, N.G., (red.) Kulturhistorisk vegbok. Hordaland. Bergen 1993.
  10. S. Dyrvik. Etne-soga. Band II, s. 147-165. Bergen-Etne 1972.
  11. T. Vinje: Frå Horg og Hov til Kross og Kyrkje i Etne. I: Sunnhordland 1955, s. 37-50.
Oppmålingsteikningar og fotografi
  1. Riksantikvarens antikvariske arkiv. (RAA) Usignert (Johan Meyer?). Stødle Kirkes Korboge med steinprofilar. Teikning. Kopi.
  2. Johan Lindstrøm. Diverse teikningar. 1929: Plan av salen, m 1:100, Snitt mot galleri 1:100, Snitt gjennom skib mot kor 1:10, Længdesnitt, 1:100, Snitt gj. kor (det gamle skib), Snitt gj. sakresti (det gamle kor) (loftet utilgjengelig), Snitt gj. kor, Snitt gj. Sakresti. Plan av galleri, Fasade mot nord, Fasade mot syd, Vestfasade, Østfasade, Prækestol (1:20). Korbogen med steinprofilar (1:20).
  3. Johan Lindstrøms kontor, 1959: Tilbygg av sakristi og dåpsrom, forslag mål 1:100, Nordfasade, plan. Tilbygg av sakresti og dåpsrom. (Ved norddøra i det gamle skipet). (Ikke godkjent. Jfr. brev av 5 III 59. Jfr. ny behandling. Jnr. 378 A - 59.) Alternativt forslag til tilbygg, mål 1:100. Sydfasade, Vestfasade, skisse.
  4. O.Seter, desember 1957, Støle kirke, Vinduer i Erling Skakkes skip, nå koret. Skisse av dekor i nordvestre krå i det gamle skipet, Stødle kirkes nordvegg, Bak galleriet mot aust slik som avdekt og delvis intakt dekor nå er synlig, mai 1957. Dekor i skipet.
  5. Chr. Christie, NTH, Støle kirke, Oppmåling: plan, korboge.
  6. H.E. Lidén 1978. Notat, Stødle kyrkje, oppmåling 1:1 av korbogeprofilar.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)