Mjølfjell kapell

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Mjølfjell kapell ligg i eit mykje brukt fritidsområde langt aust i Raudalen som går austetter frå Voss, og vart oppført som sportskapell i 1976. Kapellet ligg nede i dalen på nordvestsida av Mjølfjellet, nær veg og jarnbane.

Bygningen

Bygningen har rektangulær grunnplan under saltak, med våpenhus eller vindfang under eit lægre og smalare saltak nord på vestveggen. Kyrkjerommet ligg aust i hovudbygningen. Vindfanget har toalett på sørsida. Frå vindfanget går ein gang austover mot kyrkjerommet og med inngang på sidene til ulike nytterom vest i bygningen. På nordsida finst kjøkken og trappegangar til kjellar og galleri. Vest for galleriet ligg eit ekstra rom. På sørsida av gangen ligg møterom som er skilt frå kyrkjerommet med foldedører.

Vegger

Bygningen er oppført i bindingsverk og panelt utvendes med over- og underliggjarar. Innvendes er veggene i kyrkjerom, gang og møterom kledd med kraftig, ukanta ståande panel.

Portalar og dører

Det er fløydører vest i inngangen til vindfanget, mellom vindfang og gang og mellom gang og kyrkjerom. Alle desse dørene har blyglas i øvre del, inngangsdøra er sikra utvendes med smijarnsornament. Det er ei ytterdør sør i austveggen inn til sakristiet. Innvendige dører er glatte standarddører.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er markert med eit steg i golvet som korrsponderer med det austre sperrebandet i takkonstruksjonen.

Vindauge

Kyrkjerommet har vindauge mellom sperrebanda i heile sørveggen. Kvart fag har to kopla rammer i ein karm som er delt med post på midten. Dei ytre rammene er sprossedelte med tre x tre ruter, medan dei indre har ei heil rute.

Vest i nordveggen er eit vindauge til kjøkken og heilt aust i nordveggen er eit mindre vindauge. Oppe i vestgavlen er vindauge til rommet bak orgelgalleriet.

Golv og fundament

Kyrkja har støypt fundament med kjellar. Heile bygningen har lakka bordgolv.

Tak

Kyrkja har saltak. I tillegg til taket over sjølve bygningskroppen ligg det eit mindre saltak med same vinkel, men lægre og smalare over vindfanget nord i vestgavlen. Hovudtaket har sju store limtresperreband som innvendes er bogeforma i hjørna mellom tak og vegg og held fram til fundamentet som veggstolpar. Takflatene mellom sperrene er panelte med sulagde bord. Utvendes har taka bølja plater av eternitt.

Himlingar

Den indre takflata (sjå ovafor) fungerer som himling.

Takryttar

Over midten av saltaket står ein takryttar som ber kyrkjeklokka. Takryttaren har fire konvergerande hjørnestolpar som møtes i spiret. Stolpane står bare i nedre del og kviler på sperrene i kyrkjetaket. Frå eit stykke over mønet er takryttaren kledd med plater og formar ein høg, pyramideforma hjelm.

Interiør

Kyrkjerommet er ved hjelp av sperrebanda inndelt i sju fag. Det austre faget avgrensar altarrommet, dei fire neste skipet og dei to vestre galleriet.

Altaret er plassert mot gavlveggen nord for sentralaksen i rommet, med knefall i korskiljet framfor og med døypefont på sørsida innafor knefallet. I søraustre hjørnet i koret er det panelt inn eit lite sakristi som har direkte utgang gjennom gavlveggen. Preikestolen står i korskiljet framfor sakristiet. Inngangsdøra i vest ligg nord for midtaksen, og det er gangfelt frå denne fram til knefallet framfor altaret. På begge sider av gangen er det benker, korte på nordsida og lange på sørsida. Framfor benkene på nordsida er det plassert eit elektronisk piano. Orgel på galleriet.

Fargar

Golv og benker er av furu og lakka. Veggene har, grov, ukanta panel av over- og underliggjande bord som truleg er luta. Himlinga har rettkanta, sulagde bord som er lagde ovafrå, også desse er luta.Dei liturgiske møblane er også trekvite. Sperrebanda er måla med ein matt, djupt fiolett farge.

Tekstilar

I midtgangen ligg ein mørkt grårosa bouclé-løpar, golvet i koret har raudt og svartmelert heildekkande teppe. Mellom sperrebanda på nordveggen heng handvovne krokbragdåkle og på vestveggen nord for inngangen ei handknytt rye, alle i ull på lin. Gardinene på sørveggen er av bomull, med striper i kvitt og fiolett.

Lys og varme

Kyrkja har frå først av hatt elektrisk lys og varme. Oppvarminga skjer gjennom røyromnar og panelomnar.

Inventar

Altar

Altaret er av furu og sett saman av bukkar og ei bordplate. Bukkane har to vertikale, kraftige, parallellstilte plankar som er festa saman sentralt med liggjande dumlingar. På tvers over bukkane ligg bordplata som er skoren av senterveden på ein stamme og avstiva i ytterkantane med tverrbord festa med jarnnaglar, slik ein finn det på mellomalderbord i området.

Altaret er 90 cm høgt, 289 cm breitt og 65 cm djupt ved endane. Bordplata er 59 cm djup og 15 cm tjukk, bukkane er like tjukke og 49 + 49 cm breie ved golvet (+ spalte). Sekundært er det sett til ei hylle på bakkant av altaret.

Altartavle

Som altartavle har kyrkja eit dupt relieff skore i importert limtremateriale av Lars Fletre.[1] Tavla viser Jesus ståande sentralt og frontalt med armane senka i det han femner om kvinner, kvinner med born og menn som sit eller knelar ved føtene hans. Tavla er heva frå altaret ved hjelp av to korte boksar i furu som kviler på den bakre del av bukkane i altaret. Relieffet er 125 cm høgt, 177 cm breitt og 11 cm djupt.

Altarring

Knefall på steget mellom kor og skip på tre lause puter, trekte med gråblå skai. Handlista som er eit kraftig bord med rettvinkla nedsenking i overkant er festa med metallstenger i golvet.

Døypefont

Utskoren av ein stamme, to tynne band av metall er lagde rundt oppe og nede mellom skorne vulstar som dekor.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er eit ”Ordets bord” i det det samstundes har bordform og lesepultform. Fronten er forma av to ståande, kraftige plankar med spalte mellom og med innskrådde sider. Over denne er tredd ei kort bordplate av det same kraftige treveket. Plata er avstiva på overkant i endane. På austsida av den oppstikkande delen av fronten er det skrådd lesebrett. Nede er fronten festa med naglar til steget mellom kor og skip.

Benker og stolar

Benkene har rette vangar, Opne, skrådde ryggar med to ryggbord, den øvste med salmebokhylle, formskoren setefjøl og avstivande bord med fotstøtte ved golvet. Lakka. I tillegg finst lause jærstolar.

Galleri

Stort galleri over dei to vestre faga med trapperom opp frå gangen. Galleriet er avtrappa i tre steg.

Orgel og andre instrument

Kyrkja har tre instrument:

a) Harmonium i møterommet. Einar Kaland, Bergen.

b) Elektronisk piano i skipet. Tecnics.

c) Elektronisk orgel på galleriet, Dereux.

Måleri

Måleri i møterommet. Jesu gravlegging. Olje på lerret. Truleg utkast til altartavla i Raundalen. Lysmål: 108 x 85 cm. Massingskilt nede på ramma: Gåva frå Anne og Sigbjørn Bernhoft Osa. Usignert.

Rituelle kar

Nattverdsutstyr vert truleg teke med når det er aktuelt.

Dåpsfat

Dåpsfat i plett med due på sky med strålekrans sentralt i botnen. Stempel: TH. MARTHINSEN, tårn og N i kvadrat. Diameter 37,5 cm, høgde 5 cm.

Kanne

Pæreforma kanne i plett med due på sky med strålekrans på korpus. Stempel: TH. MARTHINSEN, tårn og N i kvadrat. Høgde 34 cm, vidde ved hanken ca 20 cm.

Parament

Altarduk

Enkel løpar i gulkvitt, grovt linlerret, kanta med austmannarenning i gulbrunt moullinégarn med krossmønster på kortendane. Løparen går ikkje ut over bordkanten.

Messehaklar

Kyrkja har ein rettsida, innskrådd messehakel i raud og kvit dobbelvev som kan nyttast på begge sider. Ull, lerretsbinding.

Messeskjorter

Kyrkja har ei messeskjorte i bomull.

Lysstell

Altarstakar

  1. Eit par altarstakar i plett med utsvinga lyspipe, glatt, sylinderforma skaft med rilla nodus med midtskøyt, og vid fot under vulst. Stempel TH. MARTHINSEN, tårn og N i kvadrat. Høgde 29 cm. Diameter fot 15,5 cm.
  2. Eit par massinng altarstakar for kubbelys. Innskrift under den eine: MJØLFJELL KAPEL. MAGNUS JOHANNES VAKSDAL TIL MINNE 1928 – 1968. På den andre: MJØLFJELL KAPEL. MARTHA URDLAND KRISTI HYDLE TIL MINNE. Høgde 12,6 cm, diameter fot 12,7 cm.

Lysekroner

Pendlar i trespon. Sentralt sponband og avtrappa riller i spon over og under bandet.

Klokker

Klokka heng i takryttaren og er ikkje tilgjengeleg.

Offerutstyr

a) Skål i teak med treskurd i form av blomeranker. Produsert i Thailand. Høgde 12,5 cm, diameter 26 cm.

b) Kiste i gangen i furu med jarnbeslag. Kista er 24 cm høg, 39 cm brei og 26 cm djup.

Kyrkjegard

Kyrkjegard

Kyrkja er omgjerda, dels med plankegjerde, dels med netting, og har port mot stikkvegen i vest. Området som er inngjerda er dels planert, mest naturbakke. Området utafor gjerdet er open blandingsskog. Det er ikkje gravplass knytt til kyrkjegarden.

Bilete

Fotnotar

  1. Ei teikning i møterommet har følgjande innskrift: Lars Fletre – skaparen av altarskulpturet, teikna av Odd Kløve 1952.