Flåm kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

På 1300-talet har det etter Bjørgvin Kalvskinn vore to kyrkjebygningar i Flåm, Flåm kyrkje og kapellet på Fretheim.[1] Kapellet er berre nemnt her, og har truleg vore eit gardskapell, men så seint som kring 1900 meinte Bendixen å sjå kvar tufta for dette kapellet har vore.[2] Flåm kyrkje, som mest sannsynleg var ei stavkyrkje, vart ståande fram til kring 1670. Då hadde ein fått på plass ei ny tømmerkyrkje, også den på grunnen som låg til garden Flåm.

Det går fram av kyrkjerekneskapane at det vart oppført ei tømmerkyrkje av kyrkjebyggjaren Magne Essen som var mykje brukt som kyrkjebyggjar i Bjørgvin, også i Sogn. Bendixen skriv at kyrkja bles ned året etter og vart nyoppført for byggmeisterens rekning. Dette går ikkje fram av dei primærkjeldene vi har hatt tilgang til, men Svein Indrelid, som har skrive Flåms-soga for Aurland Bygdeboknemnd, har leita fram kjelder som kastar lys over det som skjedde.[3]

Av grunnar som ikkje er kjende, vart den nye kyrkja oppført på flata nede ved fjorden, under Fretheims grunn, på det som seinare er kalla Kyrkjeøyni. Men denne kyrkja fekk eit kort liv, i det ho bles ned alt to år etter oppføringa. Kyrkja vart så oppført på nytt, med då på den gamle kyrkjestaden på garden Flåm, lengre framme i dalen. Indrelid fortel korleis Magne Essen, som hadde fått 60 Rdr. for oppføringa av kyrkja, slapp å ta heile utloga med nyoppføringa på eiga kappe, i det han fekk tilkjent ei erstatning på 30 rdr for ekstraarbeidet.

Ein må rekna med at mykje av materialen frå kyrkja vart brukt ved nyoppbygginga på Flåm gard. Rekneskapen frå 1667-69 gjev opplysningar om oppføring av den første av dei nye kyrkjene. Ein del materiale frå den gamle kyrkja vart oppattbrukt. Det er nemnt i rekneskapen for 1667-69 at det er “Bekostet [1 Rdr.] paa at lade needføre fra dend gamble kirche, adtschilligt bord och træverch, som udi dend nye kirche igien er bleffuen forbrugt”. Med “need” er det venteleg meint får Flåm gard ned til fjorden. Den nye kyrkja vart oppført frå 1670. I rekneskapen frå 1671 er det ei opplysning som underbyggjer att kyrkja vart oppført to gonger: “Thill den atter paa ny opbygte kirche forschaffet 9 tylter kiøbmandsbord … “.

Bygningen

Det som framleis finst av dei gamle kyrkjerekneskapane for Flåm kyrkje, tek til i det bygginga av kyrkja ved fjorden hadde teke til og utlogene for bygginga startar med at ein mann, saman med nokre “aff allmuen” har fått betalt for å henta tømmerflåten til bygginga ved Frønningen som har hatt tømmerproduksjon fram til vår tid. Dei brukte fem dagar på dette, og kom ut for uvær som førte til at dei i etterkant laut sanka inn stokkar som hadde reve seg lause frå flåten.

Kyrkja, og då gjeld det den ståande kyrkja, vart bordkledd utvendes i 1672. Ein ikkje namngjeven snikkar arbeidde i sju veker med loft (himling), fontehus, vindaugskarmar, dører og meir. Kyrkja vart vigsla av prosten etter biskopens “befahling”.

Kyrkja vart ved synfaringa i 1686 omtalt slik:

“Flombs Kirche, En Tømmer Bygning, med Thaarn och Vaabenhus. Kirken lang 14 ½ Alen, Bred 12 Alen, Chorit 9 Alen i Kant, Vaabenhuset 5 Alne i Kant”. I 1709: “Flombs Kirche, Er een Tømmer Bygning, med Taarn paa Pandetegt och Vell Holden inden och uden”, og i 1721: “Floms Kirche, er een Tømmer Bygning, med eet Taarn ovenpaa og en Svale ved Nordre Siide, og eet Waabenhuus for Kirche-Dørren, tægt ,ed Pander, Indvendig smuch mahlet, og eller temmelig Velhodet, Coret er 9 allen i Quadrat, Kirchens Lengde – 16 al. og Breden – 13 al, Waabenhuuset, 5 al i Kandt”.

Utvendes var kyrkja tjørebredd frå først av. Då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900, var ho kvitmåla. No er ho mørkt brun-beisa.

Vegger

Kyrkja har to tømra deler, skipet og koret som har tre vegger og er lafta inn i austveggen i skipet utafor koropninga, I opninga er laftet dekt av innkassing. Austveggen i skipet har tre gjennomgåande stokkar over koropninga. På undersida av raftestokkane er det felt inn fem bindbjelkar i langveggene i skipet, tre i koret.

Utvendes er veggene kledde med glattkanta, sulagde bord. Hjørna er innkassa. Det er opningar for vindauge nord og sør i koret og for dører sør i koret og vest i skipet.

Våpenhuset er oppført i bindingsverk under saltak. Nord-, sør- og vestveggen er kledde med over- og underliggjande bord. Austveggen, tømmerveggen, er kledd med faspanel.

Langveggene i kyrkja er avstiva med ei opplengje på kvar side festa med bolt med mutter og nagle. Det er også to opplengjer festa med boltar på innsida av vestveggen i skipet. Merke i taket på begge sider av koropninga viser at det kan ha stått stolpar framfor laftehjørna mellom kor og skip, desse kan ha hatt samband med eit korskilje.

Langveggene har 15 synlege tømmeromfar. Stokkane er flathogne på sidene og går kant i kant. Raftehøgda er den same i skip og kor, men koret er smalare.

Bindbjelkane under raftestokkane har profil med holkil og geissfuss på hjørna nede.

Portalar og dører

Vestdøra i våpenhuset har ståande bord innvendes, liggjande bord som mellomlag, og utvendes er døra dekt med profilerte bord lagde i gåsaugemønster. Døra har to dekkande hengsler utvendes, og ein liten jarnring midt i. Denne døra har eit halvsirkulært overlys, inndelt som ei oppgåande sol ved hjelp av sprosser. Geriktene er glatte.

Vest i skipet står det ei nyare dør, seinempire, i opninga, med ny karm. Døra har tre fyllingar og enkel, spissoval dørvridar i massing. Beitskiene frå ei eldre dør står framleis i veggen, på innsida glattkanta, utvendes er dei dekte av panel.

Sør i koret er det ei tilsvarande dør, men smalare. Klassiserande gerikter, hjørneklossane manglar no. Også her er det beitskier i veggen. Denne døra har vore lægre og breiare. Ytterkanten av beitskiene på begge sider av døropninga er synlege og har profil med holkil og geissfuss som på bindbjelkane.

Korskiljet

I 1673 vart det betalt for ni “dreyede piller” mellem choret och kirchen”. Også i 1675-77 er det oppført utloger for “nogle smaa dreyede piller ofuen mellem chorit och kirchen”. Korskiljet er truleg endra. Det er spor etter bjelkar i taket på begge sider av koropninga og avskoren måling i overkant av opninga.

Korskiljet slik det står i dag markerer skiljet mellom kor og skip. Golvhøgda ligg eitt steg høgre i koret. Under den nedre tømmerstokken i overkant av koropninga ligg det eit bord som er støtta opp av to bjelkar med rektangulært snitt, med dei lengste sidene mot aust og vest. Desse bjelkane flankerer koropninga. Bordet ligg over innkassingane av laftehjørna.

Nede på kvar side av koropninga er det brystningar med to fyllingar på nordsida og ei fylling og ei attfylling av nyare panel på sørsida. Både øvre og nedre rammetre og ramma mellom fyllingane har profilar inn mot fyllinga. Profilane har to v-forma snitt til kvar side av i smal holrenne med runda sider, det same profilet som på benkevangane.

Brystningane er innramma av ei enkel holkillist, og oppe er dei dekte av eit bord. Opninga over er todelt med ein losholt. Over og under losholten står det sju dreia pillarar på nordsida og tre på sørsida. Ved langveggen på sørsida er korskiljet gjennombrote for oppgang til preikestolen. Fyllingane er hogne på austsida – også ramtreet.

Vindauge

Ein snikkar fekk betalt for å laga vindaugskarmar i 1667-69. I 1672 er det opplyst at almuen har gjeve ni vindauge til kyrkja. I 1711-13 vart det sett opp ei luke og dei tre andre framfor vindauga vart vølte.

Kyrkja har no to vindauge på kvar side i skipet og eit på kvar side i koret. Vindauga er einsarta og nyare. Karmen er delt i to med midtpost og dei to ytre rammene er inndelte med profilerte sprosser i 2x5 ruter. Glaset er ujamnt. Dei ytre rammene på sørsida er hengsla, på nordsida er dei faste. Sekundært er det festa ei firkantlist inne i karmen der det er hengsla ekstra vindaugsrammer – to sidehengsla rammer i kvart vindauge, med enklare profil og glatt, heilt glas.

Golv og fundament

Skipet har golv av bord lagde i lengderetning. Borda har vekslande breidde og er lagde i tre jamne skift. Dei er feste til golvbjelkar med smidd spikar.

I koret ligg golvet eit steg høgre enn i skipet. Borda, som er smalare enn dei i skipet, ligg i lengderetning. Golvet i våpenhuset er dekt med langsåande, smale golvbord.

Kyrkja har fundament av naturstein.

Tak

Etter rekneskapane vart det lagt nytt pannetak over kyrkja i 1696-98. Pannene vart henta i Undredal.

Det ligg tre saltak over kyrkja, eitt over skipet, eit mindre over koret og det minste over våpenhuset. Ein takryttar bryt taket over skipet ved vestre gavl.

Over skipet, aust for takryttaren, har taket fire fulle sperreband i tillegg til austgavlen. Sperrebanda har sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Sentralt er det lagt inn ein bjelke mellom aust og vest i raftenivå og på denne står det ved to av sperrebanda stolpar som er lagde inn på hanebjelkane på halv ved og festa til saksekrysset. Dei går ikkje heilt opp i mønet. Både den sentrale liggjande bjelken og dei to ståande er av oppattbrukt material. Dei to ståande har fas og kvit, svart og raud interiørmåling. Saksesperrene er felte inn i sperrene nede. Alle element elles er feste saman på halv ved og sikra med trenagle og nokre stader med jarnbolt. Sperrene under sidetaka som flankerer tårnet er dels av oppattbrukt materiale, kanskje frå stavkyrkja.

Også kortaket har sperrer, saksesperrer og hanebjelkar, og det ligg bindbjelkar i raftehøgd.

Takkonstruksjonen ber sutak av liggjande bord som er tekte utvendes med panner.

Himlingar

Alt i 1667-69 er det utgiftsført arbeid med loft i kyrkja. Materialar til loftet og for meir arbeid med det, er utgiftsført i 1672. I 1699-1701 vart det “giort nyt underslag under lemmen av 19 lange træer”. I koret vart det lagt kvelv i 1693-95.

I skipet ligg det flat himling oppå bindbjelkane av langsgåande bord med skiftande breidde. I vestre del, under tårnet, ligg himlinga noko høgre enn elles. Her er det eit innkassa, tverrliggjande underlag for dei to austre stolpane i takryttaren (sjå nedafor). Himlinga vest for underlaget er laga av same type bord som elles i skipet.

Koret har himling i form av ein spissa, rundboga kvelv. Borda er lagde i to jamne skift med unntak av midtbordet som er skøytt lengre vest. Kvelven er festa til takkonstruksjonen.

Våpenhuset har kvelv av nyare faspanel i første høgd.

Tårn

Tårnet har to hjørnestolpar som går ned til grunnen på innsida av vestre tømmervegg. Dei to indre hjørnestolpane er lagde opp på ein eller fleire dels innkassa tverrliggjande bjelke(-ar) i raftehøgd. Andre høgd i tårnet har golv i raftehøgd. Klokkerommet ligg i tredje høgd.

Dei fire tårnstolpane er støtta med skråstøtter frå raftet, dei to austre festa med innhakk og hakejarn. Dei er også avstiva med kryssband og losholtar på alle fire sider, losholtane er dels av oppattbrukt material. I den øvre delen av tårnet er det i hovudsak brukt ny material.

Kongen i hjelmen kviler på ein langsgåande, sentral bjelke over losholtar i aust og vest. Veggene har to mellomstolpar på kvar side og kryssbanda ligg innafor desse feste med stor, smidd spikar. Hjørne- og mellomstolpar går opp til ei øvre ramme som ber kryssande tang av oppattbrukte bjelkar med holkil og geissfuss.

Over ramma er takryttaren dekt av ein inntrekt, åttekanta hjelm der dei fire diagonale sidene i forhold til veggene skrår ut i spiss ved hjørna og nedre del får form som eit firkanta skjørt.

Tårnet over kyrkjetaket er kledd utvendes med liggjande bord. Hjelmen er også kledd med liggjande bord og er avslutta med spir med kule og kross.

Tilbygg

Eit våpenhus vart bygt til kyrkja i 1680-81. Våpenhuset fekk etter kvart golv og lem og pannetak. I 1717-19 vart det oppskrudd, ny svill vart lagt under, og bordkledning og vindskier vart vølte. I 1702-04 vart det bygt eit stegehus på nordsida av skipet. I 1717-19 vart det oppført eit nytt stegehus.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt interiør med altar og altartavle sentralt aust i koret og åttekanta altarring framfor altaret. Sørvest i koret er det oppgang til preikestolen, i nordvestre hjørne ein fast stol. Benker aust i koret ved langveggene. Flyttbar døypefont står nordvest i koret. I det vesle skipet står preikestolen i søraust, rommet har benkeparti på begge sider av ein midtgang i full lengde. Lengst vest på sørsida er det trapp opp til eit smalt vestgalleri med orgel.

Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming, men det vert nytta stearinlys i to kroner over midtgangen, på altaret og i dei to lampettane aust i koret.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

[...]

Fargar

Kyrkja vart måla overalt innvendes “Effter probstens ordre” i 1702-04. Sida, truleg på 1800-talet, vart interiørmålinga overmåla, og då Bendixen var i kyrkja kring 1900, var veggene innvendes lyseraude med ei gul brystning i skipet. Himlingane i skip og kor var kvitmåla. Benker og altarring hadde ein gulaktig farge.

Det særprega opphavlege fargeutstyret er henta fram at, for det meste er det måla i limfarge. Veggene i koret har store rankelyngingar med svarte konturar, fylte med kvite og raude streker på grå botn. Mellom rankene finst tulipanliknande blomar og runde bær eller frukter. I gavlane vest og aust i koret er det måla ein baldakin som er samla sentralt i ei krone. Draperiet er trekt ut til begge sider med flagrande stoff. Rommet mellom er fylt med eit fruktfat (?), dette motivet finst også over døra sør i koret. Nedre del av veggene har draperimåling.

Korskiljet, altarringen og den faste stolen i koret har ulike målingstypar, noko av det er truleg stilkopiar. Den faste stolen har tilnærma skilpaddemotiv. Galleribrystninga er måla som altarringen med mørke blærer på oker botn.

Også i skipet er det draperimåling under ein raud strek med svarte konturar, og rankemotivet i bogane mellom draperiopphenga er av same slag som i koret. Motivet over streken/stonga skil seg derimot sterkt frå det som er vanleg å finna på kyrkjeveggene frå denne perioden. Det er truleg måla tidleg på 1700-talet. Nedst mot streken er det rundt heile skipet måla haugar forma som bogar av tre eller fire svarte konturstreker med svarte grastuster under og over på grøn botn. Haugane er overlappande. På denne bakken er det plassert store tre- eller skoggrupper, kanskje furu eller pinjer. Desse gruppene er todelte i høgda, idet den nedste delen har tre stammar og samanhengande grøn krone, oppå krona er det ei tilsvarande tregruppe, men mindre. Mellom dei doble tregruppene er det på bakken plassert ulike eklesiastiske bygningar og ulike dyr som løve, hjort og andre. Nokre av bygningane er avskorne av sekundære endringar ved korskilje og vindauge. Bakgrunnen for motiva har truleg vore lys oker, tregruppene i grønt, brunt og svart og bygningar og dyr i svart, raudt og fleire fargar.

Himlingane, både i skip og kor, er måla lyst oker. Det ser ut til å vera limfarge i koret, medan himlinga i skipet er måla med oljemåling. Under den lyse målinga i korhimlinga ligg det ein gråfiolett farge. Bindbjelkane over koret har den gamle engelskraude limfargen med lyse og svarte konturar, i skipet er dei måla grå med kvite og svarte konturar i ei blank oljemåling.

Benkene er måla i ulike raudbrune fargar med rosa i ryggfyllingane og med svarte konturar og måla blomar øvst på vangen. Golvet, som før har vore grått, er no rustbrunt. På golvet i midtgangen fram til altarringen, i altarringen, og på begge sider i koret, ligg grøne teppe frå Ledaal.

Inventar

Altar

Då kyrkja var ny, vart det bygt opp eit altar av tømmer.[4] No har kyrkja eit kassealtar bygt opp med breie rammer med to enkle fyllingar i front og ei på kvar side. Ei list med karnissprofil ligg inntil rammene rundt speglane på utsida. Ramma er samla med tretappar. Altaret er truleg frå 1800-talet. Bordplate av bord med runda endar stikk noko utafor kassen. Baksida av altaret har to hengsla dører til rom inne i kassen. Høgde 105 cm i altarringen, 123 cm på baksida. Breidde 135 cm, djupn 87 cm.

Altartavle

Ved synfaringa i 1661-65 i den førre kyrkja, vart følgjande merknad om altartavla nedskriven:

Altertafflen er meget slett, ichon aff nogle støcher bord sammenslaget, hvorfor wel Behøffuedis En smukkere, efftersom der offte søger fremmede folch dertil [til kyrkja].

Ein snikkar fekk betalt for å laga ei ny altartavle i 1673. Altartavla vart måla i 1680-81.

Tavla er eit snikkararbeid i renessanse-stil. Ho er sett saman som ei ramme med to fyllingar og vengjer i første høgd og ramme med ei fylling, toppfelt og vengjer i andre høgd.

Dei to fyllingane utgjer biletfelt, og er flankerte av tre atypiske, runde søyler framfor rammene. Søylene har smale, runde kapitel som saman med tannsnitt og hundetannslist ber gesimsplate under andre høgd. Nedre ramtre er på framsida forma som eit fotstykke med profilert listverk oppe og nede og er inndelt i to skriftfelt og smale sidefelt med flate, firkanta diamantbossar. På dei smale ytterfelta er årstalet 1681 måla, og det stemmer med rekneskapsopplysningane, men tavla virkar eldre og kan vera ei omarbeiding av den tidlegare tavla.

Øvre del har eit nærast kvadratisk biletfelt med portalform, flankert av kannelerte pilastrar med skivekapitel med diamantbosse. Pilastrane ber gesims med eggstaff- og hundetannslist under broten, klassiserande gavl med hundetenner, flankert av kuleforma spir og med ei liknande kuleform sentralt.

Vengjene er sveifa i ytterkant. Vengjene i første høgd har eit skore band som kontur og har eit skore, sirkelforma ornament og typisk renessanseform, medan vengjene i andre høgd er glatte og framstår som sekundære.

Baksida av fyllingane er skava av med konkavt jarn. Siderammene i andre høgd går ned over øvre ramtre i første høgd.

Altartavla er måla i raudbrunt og brungule tonar med grønlege, svart kvite og grå nyansar og med gull. Det er brukt marmorering av ulike slag på søyler, ramverk og vengjer.

På skriftfelta på fotstykket finst følgjande innskrifter: Til venstre: HENRICUS REardi NIDROS – JOHANNA Hansdatter COLDING. Til høgre: CHRISTOPHER GIERDTZEN – BERGITE Luduigs DOTER MUNTHE.

Måleria i første høgd viser venteleg Maria, Jesu mor, til venstre og Johannes til høgre. Dei er begge framstilte i heilfigur i profil i det dei ser opp mot måleriet av den krossfeste Jesus i andre høgda. Begge er plasserte ei eit ørkenliknande landskap med svarte fjell i bakgrunnen og med kvite skyer på mørk bakgrunn.

Den krossfeste i toppfeltet er festa med tre spikrar til krossen. Bein og armar er sterkt bøygde. Jesus ber tornekrone og stråleglans og INRI er måla på eit felt øvst på krossen I bakrunnen Jerusalem symbolisert ved bygningar under kvite skyer på svart himmel. Måleriet har eit noko anna preg enn dei to i første høgd.

Altarring

Altarringen er åttekanta med altaret ved austre side og port i sørsida. Knefallet har rett vegg og er stoppa og trekt med skinn festa utvendes med saum. Flat handlist med runda hjørne er halden oppe av eit rekkverk av balusterforma bord. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn golvet i koret.

Døypefont

Klassiserande snikkararbeid. 1800-talet? Kummen er rund og forma som eit fat. Flatt band kring fals ned på innsida og på utsida mot fallande vulst over inn- og nedsvinga sider. Skaftet er todelt. Øvre del er rund og smal med eit kannelert, urneforma ledd og likearma, krossforma base som kviler på fire konsollforma ledd sette i krossform. Foten svingar åttesida ut mot standkant med innsvinga hjørne. Engelsk raud med svart og gull staffasje.

Preikestol med oppgang

I 1671, etter at kyrkja var nyoppført, vart det kjøpt ein ny preikestol frå Bergen (“fra byen”). Denne vart måla i 1680-81.

Preikestolen har sju sider av ein åttekant, der den åttande kanten mot oppgangen i aust er breiast. Kvart fag har ramme med ei fylling nede i kvar ramme. Felta er utvendes skilde med runde søyler. Dei rektangulære fyllingane er innramma av list med karnissprofil. På øvre ramtre er det utvendes forma eit øvre smalfelt med kartusj. På hjørna mellom smalfelta står det spirforma kuler over dei runde søylene. Preikestolen er avslutta oppe med enkel karnissforma profil under runda handlist. Nede tilsvarande profil over holkil, vulst og enkle hengjebord. Botnen har åtte rette sider som skrår inn mot åttekanta skaft på breiare, åttekanta fot. Preikestolen er raudbrun med grønlege fyllingar og sysare marmorerte søyler og øvre smalfelt.

Lesepult

Standar lesepult måla i ein av interiørfargane. No brukt som støtte for gjestebok i våpenhuset.

Benker og faste stolar

Dei benkene eller stolane som vart bygde då kyrkja var ny, vart laga av Laurids Snediker som bygde 17 nye stolar.[5] Også i neste rekneskapsbolk er det ført utgifter for 17 nye stoler “paa begge sider udi kirchen”.[6] Ein snikkar, som også laga altartavla, fekk i 1673 betalt for å laga preste- og klokkarstol. I våpenhuset vart det sett inn benker i 1699-1701.

Dagens benker er tilpassa 1600-talsformene med rette, smale vangar som er avslutta oppe med ei sveifa rund form. Setefjølene har runda kantar og ved midtgangen svingar dei inn mot benkevangen. Setet er understøtta av to ståande plater og festa til langveggen og benkevangen. Det er laga dører til benkene. Desse er hekta av og lagra bak i kyrkja. Dørene har ramme med ei fylling og handlist og er festa med to smijarns-hengsler. Både vangane og ramma på dørene har eit høvelprofil med smal holrenne mellom doble v-snitt. Ryggane har to liggjande fyllingar i ramme og salmebokhylle bak på ryggen. Holkilprofil på ramverket. Lause puter.

Fast stol i koret. Stolen i det nordvestre hjørnet i koret har seteplate med plass for to, festa til nordveggen. Stolen har brystning mot sør med ramme og to fyllingar og dør mot aust med rammebord festa til veggen og hengsla dør med ei fylling. Utvendes er kvar fylling forma som to. Nedre del av fyllinga på døra kan ha opphavleg måling. Oppe på dørramma er årstalet 1673 skore ut under handlista. På brystninga mot sør er det forma eit øvre smalfelt med smale diamantbossar som oppe på altartavla.

Benk i koret, brukt som brudebenk. Benken har to sveifa og lett skrådde vangar som er sette ned i breiare fotstokkar. Rygg og sete er laga av breie bord, eitt i setet og to i ryggen. Det øvste ryggbordet er sveifa i overkant og har eit gjennombrote hjarte sentralt. Framfor setet er det festa eit hengebord med sveifa nedkant. Raudbrun med staffasje i svart og gult, tulipan på sidene.

Galleri

Det kan ikkje ha vore noko galleri i kyrkja då veggene vart måla tidleg på 1700-talet. Gallerigolvet dekkjer målinga, og det er ingen spor etter golv i eit anna nivå.

Galleribjelken er støtta av vertikale bjelkar med fas feste til langveggene på kvar side, Bjelkane går om lag 50 cm ned under galleriet. Vidare er det understøtta sentralt med ei bjelkeramme boren av to nyare, dreia stolpar som flankerer midtgangen og to nye firkanta stolpar som flankerer inngangsdøra. Denne nyare understøttinga har truleg samband med installering av dagens orgel. Brystninga, som er broten sentralt av orgelfasaden, er av balusterforma bord med base og overliggjar. Øvst ligg ei enkel handlist med karnissprofil. Golvborda ligg i lengderetning og er truleg av oppattbrukte bord. Oppgangen til galleriet er via trapp og luke sørvest i skipet. Sentralt på galleriet står eit kasseforma orgel. Del av orgelet er plassert i kasse nordvest på galleriet. Galleribjelken og delar av gallerifronten tykkjest vera laga av eldre materialar.

Nummertavle

Plate med sveifa sider brukt som nummertavle. Stiftar til oppheng av siffer. List oppe og nede. Lys beige plate, svarte lister.

Rituelle kar

Den første inventarlista i kyrkjerekneskapane er frå 1690. Kyrkja hadde då 1 kalk og disk av forgylt sølv som vog omkring 28 lodd. I fonten var det eit bekken av massing.

Kalk

Kalken har runda kupa frå 17-eller 1800-talet med rette vegger og er avslutt mot øvre skaftledd med ein krans av drevne, avlange blad. Kupa er gylt innvendes og etter utsida av kanten, avgrensa med dobbel innrissa strek.

Skaft, nodus og fot er eldre, kan henda med unntak av øvre skaftledd som skil seg frå det nedste i det det er høgre og har enklare, siselert ornament. Nodus har ornament i djupt relieff med seks bladtunger med fiskeblæreornament på oppsida og seks på nedsida. Mellom blada går det kjølar ut mot dei seks knoppane på nodus som ber den vanlege innskrifta JHESUS. Nedre skaftledd har stilisert, gotisk ranke avgrensa med streker. Foten svingar jamt ut mot standkanten som er dekorert med smal vulst over rekkje med nailheads. I den eine sida er det to gjenombrotne hol til feste for krusifiksfigur, denne er no vekke. Under hola er det på undersida to stempel, det eine skjoldforma med ei femblada rose, det andre sirkulært med dobbelørn. Vekta er prikka inn med skriveskrift: 22 Lod. Høgde 19,5 cm. Diameter fot [...]

Særkalkar

a) Sølv, gylt innvendes i kupa. Latinsk kross på foten. Stempel 830 S, Magnus Aase sitt meisterstempel og N.

b) Sølv, gylt innvendes i kupa. Rett, latinsk kross på foten. Rille kring nodus. Høgre standkant enn a. Stempel 830 S og kalk i oval.

Disk

[...]

Dåpsfat

Fat av massing, 1600-talet. Fatet har smal rand og djup, runda skål. Lite hol på to motsette stader i randa. Skade på den eine sida. Diameter 42,5 cm, høgde 11,5 cm.

Kanne

Kanne i massing, standard sølvsmedvare. Innskrift på korpus med skriveskrift:

Til minne om Owen O’Neill

fødd i Melbourne Australia 10.2.1961

Han elska Flåmsdalen og døydde

her 16.9.1982,

Gåve frå fam. O’Neill

Kanna er stempla TH. MARTHINSEN. Høgde ved hanken 35 cm, diameter fot 14,3 cm.

Parament

Dei paramenta som er rekna opp i den første inventarlista for kyrkja i 1690 er ein liten altarduk, eit altarklede av raudt klede, ein blomstra fløyels messehakel, ei messeskjorte og eit tørkle om kalk og disk. Ei ny messeskjorte kom til i 1708-10.

Det er bevart rest av eit tekstil som sist vart brukt som underduk på altaret. Tekstilet, som har vore omsydd og tidlegare har hatt ein annan bruk, er ein venetiansk halvsilke med medaljongar og motståande fuglar. Det har vore til restaurering ved Kunstindustrimuseet, og ligg no i lukka monter i kyrkjestova.

Altarduk

Altarduk av aidastoff med 22 cm brei bord i hardangersaum. På oversida av altaret ligg ein vareduk av same stoffet med holfald.

Altarklede

Altarklede av gråbrun fløyel med border av påsydde sølvband. Kledet dekkjer tre sider, men heng over altarringen ved kortsidene av altaret.

Messehaklar

a) Svart, fløyels messehakel med rettsida form. Truleg 1800-talet. Forsida er smalare og kortare enn ryggsida. Hakelen er festa på venstre skulder med tre hekter. Fôr av grått linlerret. Hakelen er kanta med eit 0,5 cm breitt gullband i halsen og eit 1,3 cm breitt sølvband kring kanten. På forsida er det applikert ein liten latinsk kross av sølvband. Det 2,2 cm breie bandet i krossfoten er truleg fornya. Ryggsida har ein større latinsk kross av sølvband. Både for- og ryggsida er skøytte sentralt, vertikalt. Breidde ved skuldrene 70 cm, Høgde 82 og 104 cm.

b) Raud messehakel med rette sider. DNH 1944. Stoffet er ein kypertvariant, truleg i viskose. Fôret er av lyst brunt lerret, dette er også truleg i viskose. Ryggsida har applikert kross med broderi omgitt av større kross av gullband. I krossmidten brodert IHS. På forsida er det applikert eit gullband i v-form som held symbol for von, ankeret. Symbola for tru og kjærleik er broderte sentrisk over dette. Hakelen er kanta med gul og svart snor. Fire trykknappar på venstre skulder. Breidde ved skuldrene 63 cm, høgde 100 og 105 cm.

c) Kvit messehakel merkt Tone Moe design, Arendal. Hakelen har vid, runda form med svakt skrådde skuldrer. Hovudstoffet er eit naturkvitt ull-lerret, lett tova. Frå utsida av halsopninga er det både på forsida og ryggsida sett inn eit stykke tussa-silke som skrår innetter nedover. Silkefeltet har måla dekor, som eit aks i ulike gylne tonar, og er kanta med brodert gullsaum. I brysthøgd på forsida er det brodert ein ring med innskriven trekant. Ryggsida har tilsvarande ornament, med her er aksforma markert med gullsaum i form av y-kross. Glidelås på venstre skulder. Fôr av tussa-silke. Største breidde 122 cm, høgde 122 cm.

d) Grøn messehakel merkt Tone Moe design, Arendal. Form og oppbygging som c. Breidde 123 cm, høgde 125 cm.

Ei messeskjorte.

Lysstell

I inventarlista frå 1690 er det nemnt ein gammal massing stake med tre piper, og ein ditto med to piper.

Altarstakar

To par massing altarstakar.

a) To massing kåpestakar, nyare, med laus mansjett, for standard stearinlys. Høgde 26,5 cm, diameter fot 14 cm.

b) To stakar med laus pigg for store altarlys. Høgde utan pigg 60 cm, diameter fot: 23,3 cm.

Lysekroner

Over midtgangen heng to like, barokkforma, nyare lysekroner for stearinlys. Dei har kort, balusterforma stamme som endar nede i lita kule med knopp og ring. Seks s-forma lysarmar med lyspiper.

Over benkepartia heng det to nye, små lysekroner med tre armar i patinert massing med elektrisk lys.

I kyrkjestova heng det to parafinlamper, ca. 1900. Desse kan tidlegare ha vore brukte i kyrkja.

Lampettar

Nokre av lampettane i kyrkja har ein konsollforma base av tre. På denne er det montert tre ståande pærer. Det er også nokre nyare barokkforma lampettar i massing med to armar til stearinlys.

Klokker

Inventarlista frå 1690 nemner to klokker. Det er tre klokker i kyrkja no.

a) Klokke frå seinmellomalderen, 1500-talet, ikkje i bruk. Klokka har krone av 6 runde bøylar og midtboge, svakt skrådd kroneplate, rett hals med to riller, utsvinga korpus mot rille over ut og nedbøygd slagring. Diameter 55 cm, høgde med krone 57 cm, høgde utan krone 46 cm.

b) Krone med seks runda bøylar, rett hals med to riller, utsvinga korpus som endar i skriftband mellom to riller over nedbøygd slagring. I skriftbandet ser støypt: LAXEVAAGS VÆRK 1864/ GUD ALENE ÆREN. Diameter 64 cm, høgde med krone 64 cm, utan ca. 54 cm.

c) Ny klokke. På korpus på ei side: Chi-rho med alfa og omega over årstalet 1992. På innskriftsband på halsen: OLSEN NAUENS KLOKKESTØPERI TØNSBERG. Diameter 46 cm, høgde 44 cm med krone, 35 cm utan.

Orgel

Lite orgel frå J. Starup & Søn, København 1979. Orgelet har følgjande disposisjon, fordelt på eitt manual og pedal: 1. Gedakt 8’, 2. Principal 4’, 3. Rørfløyte 4’ og 4. Gemshorn 2’. Orgelkrakken står ved vestveggen, orgelfronten skyt noko fram over galleribrystninga. Fronten er nærast kvadratisk og fylt med metallpiper i tre grupper.

Bøker

Altarbok (nynorsk) Kristiania 1920, Graduale (nynorsk) Oslo 1925 (to stk.), Tekstbok (nynorsk) Kristiania 1922, Koralbok (bokmål) Oslo 1936.

Møblar

Forlovarstolar, furustolar med stoppa sete, Krogenæs 1995.

Offerutstyr

To standard kollekthovar.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Det er kyrkjegard på alle sider av kyrkja, men på austsida er det berre eit smalt parti mellom kyrkja og vegen. Hovudmengda av gravene ligg på sør og vestsida av kyrkjegarden, men også på nordsida er det mange graver. Nordaust på kyrkjegarden ligg “Kyrkjestova” som fungerer som kyrkjelydshus med sanitæranlegg og bårerom.

[...]

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Ei gammal røykstove vart sett restaurert og sett opp i nordaustre del av kyrkjegarden i [...]. Stova har forsamlingsrom med kjøkken og gang, og i kjellaren er det toalett og reiskapsrom. Messehaklar og anna liturgisk utstyr er også oppbevart her. To oljelampar frå kring 1900 heng i stova. Dei manglar prismer kring kanten.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus

[...]

Trykte kjelder

Indrelid, S., Aurland Bygdebok : Soga om Flåm : Band I, Bygdi, Aurland 2003

Bilete



  1. BK 47 a og b
  2. Bendixens manus
  3. Indrelid 2003, s 102f
  4. Rekneskap 1671
  5. Rekneskap 1667-69
  6. Rekneskap 1671