Ulvik kyrkje

Fra Norges Kirker

(Omdirigert fra 123300101)
Gå til: navigasjon, søk
Ulvik kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneUlvik kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.567408,6.917499
FellesrådUlvik sokneråd
Kirke-id123300101
Soknekatalognr05130202
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Osafjorden er ein sidearm som skjer seg nordaustetter frå indre del av Hardangerfjorden. Han deler seg i to eit stykke inne, og den minste delen, Ulvikfjorden, går nordover og endar i ei vid bukt, Ulvikpollen, der kyrkjestaden ligg på garden Brakanes, sentralt i bukta.

Kyrkja er i alle fall den tredje i Ulvik, i det vi kjenner til ei stavkyrkje som vart revi i 1710 og ei tømmerkyrkje som vart oppført etter denne. Men sjølve kyrkjestaden har flytta seg, tidlegare låg kyrkja eit stykke lengre aust på ein flate bak prestegarden og noko lengre opp frå sjøen, på garden Hakestad. Her det enno er teke vare på nokre gravminne.

I 1859 laut tømmerkyrkja vika, og den nye kyrkja vart bygd nede ved sjøen, etter typeteikning for krosskyrkje av arkitekt Lindstow. Byggmeister Christian O. Valand var ansvarleg for tømmerarbeidet, innreiinga vart utført av lokale krefter. Kyrkja vart vigsla av biskop Kaurin 5. mai 1859. [1]

Stavkyrkja

Ulvik kyrkje vart i 1686 omtalt slik:

Ulfvigs Kirche, er og een af de gamble Stafue bygninger lang med choret 34 Alen, temmelig vell holden ved magt. Paa Kirchen staar Taarnet, och er Kirchen med Svale runden om.[2]

Ved melding om kirkenes tilstand i 1709 er kyrkja til nedfalls og ei ny kyrkje er under planlegging. Stavkyrkja vart då vurdert som følgjer:

Denne kirche er een meget gammel och forfalden Stafve-kirche, som Høylig Behøfendes at Bygges gandsche af nytt Tømmer, mens som Almuen af frøgt for det Behøfvende tilfang at forschaffe, vill endeleig hafue den gamble Conserverit, har ieg effter Allerunderdanigst Schyldighed nylig med Bygningsmend Veret der inde, och giort anstalt om Hvis tilfang dertill i Vinter schal forschaffes, efftersom den iche uden fore Lenger kand holdes tieniste udj … .[3]

Bygningsmateriale

Ljones nemner 12 store stavar med spretteljing på sidene som skal finnast i to løer på garden Oppheim, ovafor den gamle kyrkjegarden, og som fleire har undersøkt og nokon har sett i samband med stavkyrkja. Ikkje registrerte no.[4]

Stavkyrkjeportalen med dør og dørstolpar, men utan overliggjar (arkivolt), finst på Bergen Museum. Ikkje registrert.[5]

Inventar

Frontale. Altarfrontale på Bergen Museum, ikkje registrert.[6]

Døypefont. Døypefont av kleberstein frå ma. Flytta til dagens kyrkje (sjå nedafor).

Lysestake. Ein lysestake av gylt kopar i form av ein omarbeid monstrans, på Bergen Museum, ikkje registrert.

Skulptur. På Bergen Museum er det etter Bendixen to utskorne trefigurar, den minste ein biskop, den andre ei sitjande madonna.

Tømmerkyrkja frå 1711

Den forrige kyrkja i Ulvik vart oppført i 1711 og såleis ei ny kyrkje då det vart gjort synfaring over alle kyrkjer i 1721. Synfaringa omtalar kyrkja slik:

[Ulvik kyrkje] Er een Smuk nye Tømmer Kirche med Taarn paa og eet Kaars, som Ao 1711 af nye blef opbygt, med eet Enchelt Bordtag, som med Allerførste vil enten oplegges eet nyt Overtag av Kiøbmans Bord, eller og forsees med Pander, udj andre Maader er Kirchen i goed Tilstand, og iche behøver videre Reparation.-
Kierchens og Corets Lengde udj Eet, er 26 al. ,ang og 14 al breed, Kaarset er 9 al. Langt og 12 al. Bredt.[7]

Kyrkjerekneskapane fortel følgjande om den nyreiste tømmerkyrkja.[8]

Som denne Kirche Vdj Herrens nafn Ao 1711 af Nye er opbygt med et Kaars paa Søre Side hvor til tømmeret og Sperrerne af Almuen er givet og haver Kirchen Betalt effterfølgende Materialier: Indkiøbt og forbrugt 101 ½ tylt 8 allen bord til Taarnet, Kirechens og Kaarsets tag, Stiehuset, samt hele Kirchen at bordklede […]
Tømmeret til heele Kirchen, Taarnet, bindingsverchet, at flat øxe førend bygningsmendene Kunde foretage Arbeidet […]
Muret under Kirchen, Sillerne Rundt omkring saavelsom under tverSvillen […]

Same staden står det at det er innleigt eit par huseskruar til ”at schrue Coret udi sin forrige Sted”, noko som kan tolkast som om koret frå stavkyrkja vart brukt opp att.

Ljones går inn på striden med kyrkjeeigaren om tilstanden til tømmerkyrkja rundt 1850 før kyrkja vart revi. Han tek mellom anna med følgjande:

For å komma til eit endemål om striden, fekk formannskapet 2 arbeidskunninge menn, Nils Mjøs og Johannes Totland frå Hosanger til å sjå på tilstanden med [tømmer]kyrkja, og dei kom då til dette resultat: Kyrkjeskipet kan det med heller liten kostnad vera råd å få fullt trygt, men koret og tårnet er so forfalle at det må rivast ned, og våpenhuset må utvidast slik at tårnet kan byggjast oppå det.
So får me samstundes vita kor kor stor kyrkja har vore. I kyrkjeskipet var det stolar til 150 personar. I koret til 56 og på galleriet 60, med alle overbygg var det plass til 333 menneske. Folketalet var etter siste teljing 1.600, og då loven av 1851 krov at kyrkja skulle ha sitjeplassar til 3/10 av folketalet, kunne ein soleis med reparasjon få henne stor nok til å fylla lovens krav.[9]

Rekneskapen for bygningsåra gjer greie for kostnader ein hadde ved oppføring av tømmerkyrkja, og dette fortel oss noko om kyrkja. Fire vindauge med rammer og beslag vart til dømes kjøpte frå Bergen, frakta til Ulvik og sette inn i kyrkja.

Interiør

Tømmerkyrkja var tradisjonelt innreidd med altarrom i aust, korskilje med preikestol, benker på sidene i skipet og eit dåpshus eller ei gjennomsiktig avgrensing for dåpen nordvest i kyrkja. Galleri har det også vore.

Vidare fortel kjeldene om figurmåleri på veggene i kyrkja. Ljones skriv følgjande om dette:

Denne kyrkja var og rikt pryda. For ikkje sers lenge sidan levde det folk som hugsa henne og kunde fortelja at der m.a. var måla både Paradis og helvit på veggene. Eit par steintrykk etter ein engelsk kunstnar frå 1845 viser og dette.
På veggene i storstova i prestegarden er felt inn ein heil del dekorerte plater nede ved golvet. Desse skal før ha vore på galleriet i gamlekyrkja. Det er truleg måla av Marcus Schnabel som og har måla altartavla i Eidfjord kyrkja.[10]

Under koret i dagens kyrkje er mange stokkar frå veggtømmeret i tømmerkyrkja nytta i bjelkelaget. Her er delar av veggmålinga bevart, mellom anna eit mannshovud i profil (raudbrunt) mot kvitbotn under bogeslag. På sidene er måla PROPETHEN IEREMIAS. Elles ranker. Stokkane er ikkje systematisk registrerte.

Inventar

Altartavle. Altartavla frå tømmerkyrkja er bevart (sjå nedafor). Vidare nemner Bendixeneit eit trekanta felt som kan ha hatt samanheng med ei altartavle:

Paa taarnopgangen hænger et tresidet stort stykke med straaler i hjørnene, hvor der tidligere var et maleri som imidlertid blev oversmurt, hvorefter der blev malet et hvidt kors paa dets plads. Paa Korsfæstelsesbilledet er der en underlig malet kirke.[11]

Rituelle kar. Dei rituelle kara i kyrkja vert alltid tekne med i inventarlistene for kyrkjene. Tømmerkyrkja i Ulvik hadde desse kara:

j Sølf Kalch og Disk, weier 32 ½ Lod, j Liiden Reise Kalch og Disk findes hoes SognePræsten, j Messing Bechen i funten”[12]

Parament. Av parament er nemnde ”j Nyt Røt alterKlæde givet af Christopher Ødven, j gammelt Dito” og ”j gl. Fiolen Brun fløyels Messehagel med eet Sort fløyels Kaars”, ”j gl. Messe Serch” og ”j Messe Skiorte”, alt i 1717-1719.

Lysstell. Ei lita, ny lysekrone av massing vart gjeven til kyrkja i 1714-16 av Anders Larsen Vambem. Kyrkja hadde seks lyspiper. I tillegg hadde kyrkja i 1717-19 ei mindre lysekrone, eit par store massingstakar, ein liten stake og ei lyssaks.

Klokker

Kyrkja hadde i 1717- 1719 ”j Goed Kloche – j Mindre dito”.

Bøker

Av bøker hadde kyrkja ”j Nye Psalmebog in octavo” ”j gammel alter Bog in qvarto”.[13]

Kollekthov

Ein ”fattig Pung” av raud fløyel er ogso nemnd i lista frå 1717-1719.

Diverse

I mange kyrkjer vart verdfulle gjenstandar oppbevarte i kister. Både tekstilar og lys vart gjerne lagra slik. Kiste til ”at forvare ornamenterne udj, med hengsler, laas og Arb.” og ”[…]en Mindre Kiste til at forvare Voxliusene udj med hengsler og hengelaas” er nemnde i 1711-13.

Vidare nemner lista frå 1717-19 eit timeglas, ei lykt, ei tavle, og to treflasker med jarnband.

Kyrkjegard og gravminne

Den gamle kyrkjegarden og kyrkjestaden like ovafor prestegarden på garden Hakestad, ligg ubrukt og utan inngjering. Det er sett opp ei tavle med informasjon om stadens historie og med illustrasjon av tømmerkyrkja.

Under golvet i tømmerkyrkja stod ein del kister. Desse vart lagde i ei fellesgrav. Steingarden og kyrkjetufta vart jamna ut, dei fleste gravene vart sletta og det vart planta fruktre på marka.[14] Berre nokre få gravminne er tekne vare på på Desse gravminna finst:

a) Enkel støypejarnskross med plate. Innskrift: TØRKEL POULSEN LEQVE / FØD DEN 26 MARTS 1792 / DØD DEN 7. MAI 1858.

b) Gravplate av stein med hoggen innskrift: BENDIX B. BÖTTING / FØD PAA TARVESTAD PRÆSTE / GAARD 30te OCTOBER 1775 / BLEV SOGNEPRÆST TIL / GRAVEN 1816 DØD 5te DECEMBER 1846 – UNDER DENNE GRAVSTEEN HVI / LER HAN I IORDENS MODERLIGE / SKIÖD FRED MED HANS STÖV.

c) Ei gravplate av stein utan innskrift ligg framfor gravminnet til Ambrosia Kølle, ein gjennombroten støypejarnskross med plate. Innskrift på plata: AMROCIA KØLLE / FØD DEN 28 MARTS 1796, / DØD DEN 22 JULI 1855.

d) Smijarnskross med utsmidde ornament og skjold i krossmidten. Innskrift på skjoldet. Christopher / Siursøn / Hieltnes / 1730 / 1804.

e) Gravplate i stein med hoggen innskrift: HER HVILER STØVET / AF / SOGNEPRÆST FOR GRAVENS MENIGHED / Frederik Christian Wolf / FØD D. 15 FEBR. 1767 / DØD D. 4. IUNI 1816 / EFTERLADENE SIN HUSTRUE / HENRICA CHRISTIANE B. MOLDE / MED 3 BØRN. / STILLE OG BRAMFRIE VAR HANS FÆRD / DOG DERFOR LIGE SKIØN / GUDS ÆRE VAR OG HANS ÆRE / SAMVITTIGHEDENS FRED HANS LØN / MENIGHEDENS OG FAMELIENS KIÆRLIGHED / HANS GLÆDE / DERFOR LEVER HANS MINDE / EIJ I KOLDE ÆRESTØTTER MEN I VARME HIERTER / ELSKET OG VELSIGNET.

Kyrkja frå 1859

Bygningen

Kyrkja i Ulvik er ei krosskyrkje med tårn framfor den vestre krossarmen. Kyrkja er 18 m lang, og 20 m brei ved krossarmane. Kvar krossarm er 9 m brei. Armane i aust og vest er 4,5 m lange, medan dei i nord og sør er 5,5 m. Tårnfoten er 4,6 m lang og 4,10 m brei.[15]

Vegger

Kyrkja har vegger lafta opp med 4’’ lafteplank. Dei fire innovervende hjørna er sinkelafta. Krossarmane er breie og korte, og kyrkjerommet kjennest som eitt samla rom. I sideveggene i krossarmane er det høge vindaugsopningar, i endeveggene fløydør. I austarmen er fløydøra omgjort til enkeltdør i samband med sekundær oppføring av sakristidel i aust. Dei vestre hjørna av nordre og søndre tverrskip har det brannmur og pipe. Sinkelaftet i austarmen er dekt av pilastrar mot skipet. Sideveggene i krossarmane er avstiva med to opplengjer kvar, festa med bolt og mutter. Endveggene har også to opplengjer – ei på kvar side av døra. Utvendes er veggene kledde med enkeltfasa panel og hjørna er innkassa. Nede er veggen avslutta ved eit rett bord med staff i overkant over pussa grunnmur.

Portalar og dører

Fløydører, to i vest og i nordre og søndre krossarm, er like og har same utforming utvendes og innvendes. Kvart dørblad har fire fyllingar, dei tre øvste er kvadratiske, medan den nedste er rektangulær med portalform på spegelen. Over hovudinngangen vest i tårnet er det overlys med liggjande skråruter – på rutene er måla 18 – 58. Portalen har klassiserande gerikter og er dekt av flat gavl med tannsnitt og profilar. Inngangsdørene i nord og sør er dekte med enklare gavlar. I austre krossarm var det opphavleg ei breiare døropning for ei fløydør. Nye vindauge og dører i sakristidelen i aust har fått same form som dei originale, men er enklare utført. Opp til nordinngangen er det lagt rullestolrampe, inngangane elles har låge trapper dekte med skifer.

Bendixen skriv om ei dør frå tidlegare kyrkje som skal ha vore brukt i kyrkja frå 1859:

Paa en af kirkedørene er et vakkert jernbeslag, tykt og temmelig bredt, med udspring, der ender i rosetter. Det er overført fra den eldre kirke, ligesom den middelalderske dørring, der fremviser 2 mod hinanden vendte slangeformede dyr med kort hoved og but snude; paa ryggen har bidt sig fast et mindre dyr af samme form, men dekket af korte vinger, og med lang hale, der er slynget om det større og ender i en liljetagget spids.[16]

Korskiljet

Korskiljet er oppført i 1923, i samband med Lars Osa sine målingar. Lars Hæve frå Voss utførte treskjerararbeidet og Lars Osa måla mellom anna korskiljet (sjå nedafor under Interiør). To kraftige søyler flankerer kortrappa. Basen har vulst og holkil, i tillegg er det i nedre del to vulstforma ringar rundt søyleskaftet. I øvre del er det ein tilsvarande ring som ber eit toppsykke av skoren akantus over midtgangen. Over dette har søylene bandsnoing mot vest, oppe er dei avslutta med bladkapitel med plate som ber ein av takbjelkane. Mellom søylene og hjørnet i nord og preikestolen i sør er det låge, tette brystningar som ber høge, slanke balustrar, avslutta oppe ved innkassing. Den nemnde innkassinga av sinkelaftet på dei vestre hjørna i krysset er utforma og måla som ei ytre avslutting av korskiljet.

Vindauge

Dei åtte vindauga i kyrkjerommet har fire rammer med 2x6 ruter i kvar ramme. Ytre rammer er opphavlege, innvends er det sett til ekstra, udelte rammer festa med list. Innvendes og utvendes har gerikter klassiserande profilar, utvendes også ei dekkplate.

Golv og fundament

Kor og skip har golv av breie bord. Golvet i koret ligg fire steg høgre enn golvet i skipet, det ligg i lengderetning i tre klare skift. I skipet er det krossforma midtgang der golvplankane er lagde i same retning som krossarmane. Dei møtest i krossmidten i eit diagonalt kryss. Inne i benkeområda ligg golvet noko høgre enn i midtgangen. Det er her lagt i same retning som benkene. Golvet er festa til golvbjelkar som kviler på eit bjelkelag understøtta av steinlag. Mange av bjelkane i bjelkelaget er tømmerstokkar og bjelkar frå tømmerkyrkja frå 1711. Golvet er gråmåla.

Ytterveggene kviler på tørrmur av flate steinar som er pussa utvendes of på to langsgåande dragarar som også kviler på steinlag. Under austre krossarm ligg det tverrbjelkar over dragarane, dette er tømmer frå forrige kyrkje med ”not og fjør” og med dymlingar og målingrestar. Over desse att ligg det langsgåande dragarar som ber korte boksar som igjen ber langsgåande tømmer frå gamlekyrkja. På desse ligg så golvbjelkane som borda er feste til.

Tak

Dei fire krossarmane er alle tekte med saltak som møtest i same høgd på midten. Over bindbjelkar/loftbjelkar er det lagt eit loftsgolv som gjer nedre del av takkonstruksjonen utilgjegeleg, med unntak av sentrale dragarar i alle fire krossarmar. Desse, og dragarar mellom dei fire indre hjørna, er feste til bindbjelkar/loftbjelkar med jarnboltar og mutrar.

Takkonstruksjonen er ein sperrekonstruksjon. I vestarmen er det seks sperreband utanom krysset. Dei tre austlegaste av desse har hengestolpe, sperrer og hanebjelke. I dei tre andre armane er det tilsvarande i det sperrebanda nærast krysset har hengebjelke i tillegg til sperrer og hanebjelke.

Hengebjelkane kviler på dei sentrale dragarane som venteleg er understøtta av bindbjelkane. Krysset har ein sentral hengebjelke som går ned på kryssingspunktet mellom dragarane. Stolpen er øvst stødd av skråstøtter frå dragarane i aust og vest og gratsperrer ut til alle fire hjørne. Gratsperrene ber også sperrer til dei kryssande saltaka. Aust og vest for den sentrale hengebjelkene står kortare stolpar mellom dragaren i raftehøgd og skråbjelken. Mellom skråbjelkane er det også sett inn ein hanebjelke, over denne ligg eit diagonalt bjelkekryss som er festa til gratsperrene. Dei inste heile sperrebanda i kvar arm er doble.

Hanebjelkane er lagde på halv ved på midtstolpane og feste til sperrene med jarnhakar. I sør og nord har dei inste, heile sperrebanda ekstra stolpar på kvar side av hengebjelken. Hengebjelkane er feste oppe til sperrene mellom anna med jarnhaker. I krysset er dei kortare sperrene feste til gratsperrene på halv ved. Oppe i mønet er sperrene kløfta saman.

På sperrene ligg det åsar. Store ruteheller er feste direkte til åsane. Taket stikk noko utafor veggene. Utstikket er underkledd med horisontalt lagde bord borne av rettskorne bjelkar som sett saman minner om tannsnittlist.

Himlingar

Det ligg bindbjelkar/loftsbjelkar på tvers over alle krossarmane og i nord-sørleg retning i krossmidten. Bjelkane i krossmidten er tappa inn i dei inste bindbjelkane i nordre og søndre krossarm. På tvers over desse bjelkane er det lagt himlingsbord, i same høgd i skip og kor.

Tårn

Tårnet har nærast kvadratisk grunnflate og står inntil vestveggen i vestre krossarm. Det har same breidde og lengde i fire høgder og er så avslutta med skjørt og åttekanta lanternin som ber åttekanta, svai hjelm toppa med jarnspir og stong med kule, hane og ornament. Skjørt og hjelm er tekte med heller. Takutstikka er understøtta med klassiske ornament.

Tårnet er oppført i bindingsverk og kledd utvendes med liggjande panel. Konstruksjonen har fire kraftige hjørnestolpar, to mellomstolpar og andreaskrossar og på kvar vegg. I klokkestova er andreaskrossane erstatta med skråstøtter som flankerer lydlukene. I første og andre høgd er veggene innvendes kledde med breie bord med staff på begge sider.

Oppgangen i tårnet er via to symmetrisk plasserte trapper innafor inngangen i vest og opp på kvar side. Indre gelender i trappa held fram rundt trappeopninga i andre høgda. Ved vestveggen går ei bratt trapp opp til tredje høgd. Herifrå går det trapp langs vestveggen opp til klokkestova i fjerde høgd.

Som etasjeskilje i tårnet ligg horisontale rammer som ber golvbord. Over ramma i fjerde høgd ligg ein kraftig dragar i aust-vestleg retning. Denne ber tre ståande bjelkar som er støtta med tang i overkant. Tidlegare var klokkeopphenget her, men det er no skaffa nytt, elektrisk ringjeapparat frå Olsen Nauen. Det nye klokkeopphenget er på sørsida i klokkestova.

Tårnet har gjennomgang via fløydører i våpenhuset i første høgd. Andre høgd har stor fløydør inn til galleriet. Frå golvnivå i andre høgd er det vindauge over trappene i nord og sør. Vindauga er torams med midtpost og 2x6 ruter i kvar ramme. Fjerde høgda har fløyluker med labankar mot sør, vest og nord og eit torams vindauge mot aust. Vindauget har midtpost og 2x3 ruter i kvar ramme.

Innafor og over den øvre ramma i klokkkehuset ligg det ei ekstra bjelkeramme. Denne er basis for ei åttekanta ramme som ber skråstøtter til kongen og veggene i lanterninen og vidare støttar gratsperrene i hjelmen. Fleire bjelkerammer er forma oppetter hjelmen ved at det er sett bjelkestykke vannrett i krans mellom gratsperrene. Hjørnebjelkar for det firkanta skjørtet kviler på den nedre av desse rammene. I skjørtet kviler rutehellene direkte på åsar på sperrene, medan hjelmen har underlag for hellene av ståande bord. To stjerner av doble tenger stør kongen i hjelmen.

Under trappene i våpenhuset er det sekundært bygt inn lagerrom med vask i sør.

Tilbygg

Tilbygg i to steg aust for koret, begge sekundære. Sakristiet, som ligg nærast koret, er oppført i lafteplank. Aust for dette er det tilbygt ein smalare og lægre gang i bindingsverk med ståande indre kledning. Gangen har inngang frå sør og inngang til kjellartrapp og bårerom i kjellaren frå nord. Sakristidelen har merke etter tidlegare oppdeling og dør.

I sakristidelen er det no eit møterom i nordre del og eit mindre kontor i søndre del. Det er dører sentralt mellom kor og møterom, mellom møterom og kontor og mellom møterom og gang. Døra mellom kor og møterom er ei nyare dør med tre fyllingar. Døra mellom møterom og kontor har også tre fyllingar, men er eldre, tynnare og med eldre profilar. Ei dør av same slag står mellom møterom og gang. Ytterdøra sør i gangen er truleg den opphavlege fløydøra mot aust, medan døra i nord må vera ein kopi av denne.

Vindauga sør og nord i sakristidelen har krysspost og fire rammer med seks ruter i kvar ramme. Vindauge aust i gangen har to rammer med åtte ruter i kvar.

Golvet i sakristidelen er eit lakka bordgolv, i gangen skifer med trapp ned til døra i sør. Fundamentet er støypt og det er laga kjellar med bårerom i underetasjen.

Takkonstruksjonen i tilbygget er ikkje undersøkt. Taka er tekte med ruteheller.

Smijarn

Eldre verhane i altaret. Dette kan vera den hanen som vart laga då kyrkja var ny av Sjur Brakanes.[17]

Interiør

Koret i austre krossarm er avgrensa med eit korskilje ved krossmidten. Sentralt aust i koret står altaret med altartavle og altarring. Preikestolen er plassert på hjørnet mellom austre og søndre krossarm og med oppgang ved sørveggen i koret. Døypefont på nordvestsida i koret.

Kyrkjeskipet har krossforma midtgang med innelatne benkeområde på alle sider. I dei vestre hjørna av tverrskipa er det støypejarnsomnar. På sørsida, mellom omnen og sørportalen, står ei kyrkjeklokke frå mellomalderen utstilt. På veggen aust for portalen heng ein kopi av Ulvikfrontalet. Vis-a-vis, på austsida av nordportalen, heng eit måleri av ein prestefamilie. Vestportalen er flankert av to tidlegare altartavler, på sørsida den som vart laga til kyrkja då ho var ny, på nordsida ei tavle frå 1600-talet.

Kyrkja har galleri i alle tre krossarmane, og galleriet rundar også dei indre vestlege hjørna i krossmidten. På vestgalleriet ein todelt, dekorativ, tidlegare orgelfront (?). Orgelet er i dag plassert aust på galleriet i nordre krossarm.

Fargar

Slik Bendixen skildrar interiøret i kyrkja rundt 1900, må ho ha vore svært ulik dagens kyrkje. Ho hadde då klassisk lyse fargar.[18] Det som den gongen fanst av dekor, var dei to utstrekt firpassforma felta ved lyskronefesta i himlinga. Desse finst framleis.

Ulvik-målaren Lars Osa fekk i oppdrag å måla kyrkja, og dette arbeidet var ferdig i 1923 og har ikkje vorte endra seinare. Osa har skrive ei kort bakgrunnsskisse for målararbeida der han mellom anna nemner dei to dekorative felta i himlinga og at han la ei kvit bord omkring desse og sette til englehovud. Han skriv at dei to ornamenta

skal vera måla av to bygdekunstnarar, eitt av O. Lokreim (innflytt frå Valdres) segjest det, og hitt av Magnus Øydvin, ulviking.[19]

I koret dominerer gule og gulbrune nyansar. Takbjelken over korskiljet har måla innskrift: Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje! Takbjelkane i koret elles har rankemåling. Høgt på veggene i koret er måla seks personar i kløverbladsbogar, evangelistane flankerer altartavla med to på kvar side, Peter er framstilt på nordveggen og Paulus på sørveggen.

Skipet har ein kjøleg lys grønfarge. Rundt øvre del av veggpartia, både over og under galleriet, går gulbrune rankeslyngingar. Nedst, over benkepartia, er det også ein smal ranke. Søyler og veggsøyler er kvit og blåmarmorerte. Gallerifronten og bjelkelaget under galleriet er dominerte av grønt, men med dekorinnslag i gult og gulbrunt. På speglane i fyllingane i gallerifronten er det måla ulike symbol som ring, alfa og omega, ulike krossar, sigerslam, krossblom og andre. Takbjelkane er gulbrune og himlingar, også dei under galleriet, er blåmåla.

Beige midtgangsløpar, kvite brannmurar, gråmåla golv. Inne i benkene: gult med grønleg tone.

Inventar

Altar

Altaret er bygd opp som kassealtar i tre med ståande bord og med dør til skåp på baksida. Det har i utgangspunktet vore nyklassisistisk eller seinempire, kvitmåla med forsiktig blå boblemarmorering, fris oppe markert med stafflist over og under og avslutta med holkillist med sprang under oppsvinga bordplate. Altaret er 263 cm breitt, 100 cm djupt og 105 cm høgt over golvet i altarringen.

Altartavle

a) Altartavle frå tidleg 1600-tal. Enkelt snekkararbeid frå tidleg 1600-tal. Tavla har fotstykke og to høgder. Første høgda er flankert av enkle vengjer og det smale toppfeltet som er bore av ein klassiserande gesims har sveifa kne i sviklane mellom gesims og felt. Biletfeltet i første høgd er måla på ståande bord som går ut på sidene som bakgrunn for kanelerte, flate pilastrar. Måleriet viser nattverden, med draperi og oljelampe. Vengjene har overmåla englefjes, fotstykket har truleg hatt ein ranke. Måleriet i toppfeltet viser den krossfeste med Jerusalem i bakgrunnen. På gesimsen over biletfeltet er tidlegare måling, truleg englar, overmåla. Også andre delar av tavla kan vera sekundært overmåla. Like under bordkanten i nattverden er det måla ein sirleg T med klår, blå skriveskrift. Fargane, slik dei no ter seg, er mørke og uklåre, mest gråbrunt i ulike nyansar med noko raudt.

b) Altartavle frå 1859. Enkelt snekkarverk frå seinempiren i ei høgd. Tavla har femkanta form med svai gavl og korte sider. Gavlen og sidene er kanta med profilert listverk påsett klassisk solornament i indre hjørne. Tavla er sett saman av sju liggjande bord. Sentralt er det ved hjelp av lister merkt av eit kvadratisk biletfelt som viser INIK (Jesus frå Nasaret, jødanes konge) på krossen. Til venstre for krossen ei borg, til høgre eit tre og to personar, ein mann og ei kvinne. Listverket er i gull, kvitt og brunt/bronse, solornamenta i gull. Botnen er gråkvit, kan ha vore boblemarmorert, målinga er sterkt falma.

c) Nygotisk altartavle. Stor oppsats i eik med eselryggboga midtfelt og spissboga sidefelt. Felta er flankerte av strepepilarar og fialar og midtfeltet toppa med latinsk kross. Nede i midtfeltet er det sett inn eit skriftfelt og oppe er det utfylt med ranker over måleriet som fyller hovudfeltet. Sidefelta er fylte med treplater og brunlaserte. Tavla har framskrådd basis som kviler på altaret, på sidene av altaret har oppsatsen vengjer som smalnar av nedover. I skriftfeltet: Han frembar Offer for Folkets Synder, een Gang for alle, der han offrede sig selv. Ebr. [!] 7.27. Måleriet i olje på lerret viser nedtakinga frå krossen. Det er signert nede i venstre hjørne: A. Askevold 1876 – Copi efter Hte Lazerues.

Altarring

Altaringen er bygd til kyrkja i 1859. Han er halvsirkelforma og i aust endar han i korte, rette stykke som går inn til bakre hjørne på altaret. Det er portar på begge sider ved altaret. Desse kan ikkje nyttast etter at den noverande altartavla vart montert, og det er laga port på sørsida av ringen. Golvet i altarringen ligg eitt steg høgre enn golvet i koret, det er av bord og måla. Sjølve altarringen har rett vegg under stoppa og fløyelstrekt knelepute, balustrar og handlist med same utforming som øvre del av altaret med to staff-forma lister, holkil og oppbøygd topp-plate.

Målinga på golvet i altarringen kan vera originalmålinga som dels er oppattnya. Det har gulbrun botn delt inn i langstrekte, diagonale ruter med svarte streker. Strekene dannar kvite ruter der dei møtest. Gelenderet har fått nye, blålege fargar, balustrane er bronsefarga.

Døypefont

Døypefont frå mellomalderen.[20] Fonten er av jamn grå kleberstein. Kummen er tønneforma med svakt runda botn inn mot rundt skaft og firkanta fot som oppe går over i skaftet ved broten pyramideform. Fonten er i to stykke, delt om lag midt på skaftet. Skaft og fot er uvanleg korte, og fonten er difor sett på ein sekundær firkanta steinsokkel som oppe har same storleik og form som fotplata, og som skrår ut nedetter.

På øvre og nedre hjørne av kummen, inn mot utholinga og nede på hjørnet av foten er det grunne, rettvinkla, nedsenkte profilar. Kummen har sentralt avrenningshol.

Kummen har diameter 56 cm, høgde mellom hjørna 26 cm, høgde mellom øvre hjørne og skaft om lag 30 cm. Skaftet er 4 + 7 cm høgt. Foten er 7,5 cm, av dette er fotplata 5,4 cm. Sokkelen er 29,3 cm høg.

Preikestol med oppgang

Preikestolen høyrer til det originale utstyret i kyrkja og har formelement som ein også finn på altaret, altarringen og altartavle b. Han har seks sider av ein åttekant og på handlista er lesebrettet vendt mot krossmidten i kyrkja. Kvart av dei seks felta har ramme med ei fylling. Fyllingane utgjer storfelt på framsida av preikestolen med portalform utvendes og solmotiv i dei øvre sviklane. Oppe, og ikkje så markert nede, har preikestolen avslutting med felt mellom to staffprofilar, holkil med sprang og opprunda handlist. Botnen er klassisk skjellforma, skaftet åttekanta med rifla sider, og foten åttekanta med holkil over rett standkant.

På portalfelta er måla ranker i gult og brunt, rammeverket er kvitt med blå marmorering. Riller og profilar er bronsefarga, botnen er i bronse og sølv, skaft og fot gråbrune.

Benker og faste stolar

Kyrkja har innelatne benker på alle felt utanom dei kryssande midtgangane og koret i austre krossarm. Benkepartia er avgrensa mot midtgangane med rette vegger med stoldører og høgre, konturskorne vangeavslutningar. Dørene i aust-vestleg midtgang har to fyllingar i ramme, medan dørene i sør-nordleg retning berre har ei. Benkene er, så langt det er råd, vende mot preikestolen. Dei har svakt skrådde heile ryggar av ståande bord frå setefjøl til topp. Oppe er dei avslutta med kraftig handlist i same høgd som dørene. Setefjølene er formskorne og kviler på knektar som er avstiva på baksida med ei fotlist. Veggbenker sør og nord i koret.

Benkene har gul rygg, grønt sete, grøne dører med lysare grøne fyllingar med gulbrun dekor måla av Lars Osa. Motiva er i hovudsak ulike vekstformer, dels også kristne symbol. I benkene ligg sklisikre puter trekte med grønt toskafts ullstoff.

Galleri

Galleriet er ein integrert del av kyrkjerommet. Det fyller dei tre krossarmane mot nord, vest og sør og går ut i kvartsirklar frå innerhjørna i nordvest og sørvest. To veggstolpar ved kvar av portalane i vest, nord og sør pluss to stolpar som flankerer kvar av midtgangane, ber galleribjelkar. Også under kvar av dei to hjørnedelane av galleriet er det ein berande stolpe. Under tverrgalleria ligg golvbjelkane på tvers over galleribjelkane, medan dei går ut som radiar frå innerhjørna. Brystninga har ei rekke med fyllingar, med enkelt, klassisk profilert listverk over og under. På galleriet er det originale, faste benker på sørsida. På nordgalleriet står orgelet, elles er det lause jærstolar og benker. På kvar side av døra til gallerigangen i vest, bak tidlegare orgelfasade (?) er eit lite rom, lager på nordsida og rom for organisten i sør.

Orgel

Paul Ott, Göttingen, 1975. Orgelet har piper i to hjørnetårn, det austre tårnet går fram i vinkel, brystverk og ryggpositiv, alt plassert i rette, glatte element, utan ornament. Følgjande disposisjon er fordelte på to manualar og pedal:

Måleri

Aust på endeveggen i nordre krossarm heng eit større familieportrett av Thomas Samuelsen Uro som var sokneprest i Ulvik 1652 – 67. Måleriet er måla omkring 1650 av Elias Fiigenschaug. Olje på lerret. Presten er framstilt saman med kone og åtte born, eitt av dei dødt.

I sakristiet heng fleire presteportett:

a) Presteportrett. Olje på lerret. Signert oppe i venstre hjørne: L. Osa 1921. På massingskilt nede på ramma: Asbjørn Olafsen sokneprest 1916 – 1932.

b) Presteportrett. Olje på lerret. Signert oppe i venstre hjørne: L. Osa. På massingskilt nede på ramma: Peder Martin Blytt Daae, sokneprest 1903 – 1916.

c) Presteportrett. Teikning med kolstift (etter foto?). Signatur over venstre skulder: L. Osa. Paspartou med oval opning. På massingskilt: Rasmus Møgelstue Dometius, sokneprest 1865 – 1880.

d) Presteportrett. Kolstift på kartong (?) Truleg kopi etter foto. Avgrensa i oval form, men utan paspartou. Signert til høgre: L. Osa. På massingskilt: Frerik Chr. Wolff sokneprest 1809 – 1816.

e) Presteportrett. Kopi. Limt på kartong med trykt ramme. Signert nede til høgre: J. Gørbitz 1837. På massingskilt under: Bendix Bendixen Røtting, sokneprest 1816 – 1846. På baksida er det fastlimt eit brev datert 20.07.1938 til Herr kunstmaler Lars Osa, der han får løyve til å kopiera portrettet (”originaltegningen”) av eigarane.

I tillegg er det i sakristiet eit fotografert bilete av Jacob von der Lippe Frost, sokneprest 1847 – 1865, og fotografi av seinare prestar i Ulvik.

Kopi av Ulvik-frontalet i søndre tverrskip.

Kvinneportrett, trykk, på galleriet sør for inngangsdøra. Portrettet er signert Studio Dumisi(?), Genova.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament og tekstilar

Altardukar

a) Duk i bruk før 1940. Tynn lin med påsydd tunga kant i grov hardangersaum, sydd med bomull på bomull.

b) Duk i kvit lin med 26,5 cm brei bord av hardangersaum kanta med svartsaum, Sydd av Anna Aarekol ca 1940.

c) Altarduk i bruk på altaret. Fin, kvit lin med holfald og broderi i fri hardangersaum på tre sider. Motiv med tre samla aks flankerte av to latinske krossar og to kalkar. Fire små krossar på basislina skil mellom elementa. Motivet er framstilt ein gong på kvar av kortsidene og tre gonger i front. Duken er sydd av May Britt Øydvin i 2006.

Antependium

Grønt antependium inndelt i midtfelt og sidefelt ved ornamental bord. I midtfeltet drueklase. Formgjeving og veving: Myklebust kunst og handverk.

Messehaklar

a) Messehakel av klar raud fløyel. Hakelen har rette skuldre med 13 cm breie skulderstykke, rette sider, runda nedkant og halsopning. Forsida er kortare enn ryggsida. Frå halsopninga går det det ein 32 cm djup splitt ned på forsida. Hakelen har kanting av ei 1,8 cm brei sølvkniplingbord. Borda kantar også splitten og har tidlegare gått heilt ned på forstykket (enkel under splitten). Krossen på ryggen er av same type knipling, men 13 cm brei, sydd saman av fire 3,5 cm breie kniplingar. Krossendane er avrunda. Kniplingtråden ser ut til å vera av naturfarga silke surra med flat sølvtråd. Forstykket har ein loddrett saum til venstre for halsopninga, ryggstykket har ein loddrett saum som tangerer høgre sida ov krossen. Nede på venstre side av krossen er isett ein lapp av fløyel. Fôr av (no) rosa, blanka lin(?)lerret. Fôret har fem lappar på ryggstykket. Mål: Forsida er 72 cm brei og 89 cm høg, ryggsida er 78 cm brei og 110 cm høg.

b) Bassgeige. Første halvdel av 1900-talet. Raud fløyels messehakel med kort innsvinga forside og sidare, inn- og utsvinga ryggside. Skrå skuldre og flat halsringing. Open med tre metallhekter på venstre skulder. Hakelen er fôra med (no) rosa silke(?)sateng og kanta med gullband. På ryggsida ein kross av gullbandet lagt dobbelt. Bandet har renning av gul ulltråd og innslag av (truleg) forgylt metalltråd. Forside 79x57, ryggside 95x68 (vidast nede).

c) Raud messehakel med skrå skuldrer og rette sider. Botnstoffet er ein silkebrokade med kross og krone som motiv. Forsida har stolpe og kanting av ripsvovne band i gult, grått og kvitt, ryggsida har kross av same banda. Frå øvre krosshjørna går det tre strålar av gule og kvite band som går over på forsida som markering rundt halsopninga. Fôr av naturfarga silkelerret. Hakelen er open med tre metallhekter på venstre skulder. Forsida er 64 cm brei og 98 cm høg, ryggsida er 68 cm brei og 105 cm høg. Umerkt.

d) Messehakel i dobbelvev med kvit lin og grøn ull. Hakelen har rette sider og svakt skrådde skuldrer. Han kan vendast og nyttast både som kvit og grøn. Hakelen er umerkt, men kjem frå Den norske husfliden. Forsida har stolpe med tre ringar, livstreet, sigerslammet og korg med brød og fisk. Ryggsida har kross med evangelistsymbola, gresk kross og livstreet. I sidefelta er det liljemotiv. Venstre skulder er opi og festa med tre metallhekter. Breidde 62 cm, forsida er 98 høg og ryggsida 101 cm.

e) Messehakel, grøn, frå Myklebust Kunst og Handvev 2006. Hakelen har skrådde og vide skuldrer, innsvinga og avrunda forside og runda ryggstykke. Symbol og mønster er vovne inn i stoffet. Forsida har brei stolpe eller midtfelt i roleg binding i grønt og sidefelt med stjerner/krossblomar i lysare grønt. Sentralt under halsen er ei bleikgul krone med lyst brune konturar. (98x119) Ryggsida har kross på midtfeltet i dei same fargane som krona og med ein krossblom med bleikgult sentrum i krossmidten. (98x126). Det er laga slitekant i halsen og på skuldrene. Fôr av lyst gulbrun fôrsilke. Hakelen har glidelås og hekte på venstre skulder og er merkt med firmanamn. Forsida er 98 cm brei og 119 cm høg, ryggsida har same breidde og er 126 cm høg. Saman med hakelen er levert tilpassa, kledd klehengjar og varetrekk. Det er også levert stola som høver saman med hakelen. Stolaen har spisst nakkestykke med kristogram og kross på kvar av stolpane.

I tillegg til dei messehaklane som er nemde nedafor har kyrkjelyden kvit, raud og fiolett messehakel frå Myklebust Kunst & Handverk.[21]

Kyrkja har fleire messeskjorter. Messehakel a) er pakka inn i ei defekt linskjorte. I tillegg er det ei eldre skjorte i fin lin med fine detaljar, ei enklare ny linskjorte og ei i syntetisk stoff.

Vindauga nord og sør i koret har gardiner i to lag. Dei inste dekkar lysopningane og er filerte med ulike motiv, øvst ein engel (putto) med girlander mellom hendene, under er det tre aks samla i midten med kalk til venstre og kross til høgre.

Kyrkja har elles fleire ruteåkle og hardangersausmdukar.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Mellomalderklokke, ikkje i bruk, står utstilt på eit bord i søndre krossarm. Diameter 78,5 cm, høgde med krone 93 cm, høgde utan krone 70 cm. Klokka har fem innstøypte merke mellom to riller på halsen. Dei framstiller alle biskop i ornat sitjande frontalt.[22]

b) Klokke frå 1932. Mellom to riller på halsen: O. OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI NAUEN PR TØNSBERG 1932. På korus på eine sida: LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD. På kolven støypt merke: W. Innskrive med tusj: L 365, Ulvik 180 kg (…). Diameter 55 cm, høgde med krone 49,3 cm.

c) Klokke frå 1996. Mellom to riller på halsen: OLSEN NAUEN – KLOKKESTØPERI – TØNSBERG – 1996. På korpus kristogram med alfa og omega og LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD. På kolven med tusj: Ulvik 280 kg, L 545. Diameter 78 cm, høgde med krone 71,5 cm. Det er instalert elektrisk ringjeapparat, klokkestolen er av treverk. I tillegg til dei nemnde klokkene registrerte Bendixen ei lita klokke, 35 cm høg og 47 cm vid med følgjande innskrift: ”Støbt i Bergen af Simon Henriksøn Anno 1702”. Denne klokka er ikkje i kyrkja no.

Nummertavler

Enkle todelte rammer med listverk rundt, meir markert oppe og nede enn på sidene. Metallsiffer.

Møblar

Karmstol i koret. Bjørk. Stolen vart innkjøpt i 1950-åra.[23] Han er av barokk type med med akantusskurd og stoppa sete og ryggfelt trekt med ullstoff.

Brurestolar. To stolar i eik med stoppa rygg og sete trekte med gyllenlêr. Ljones skriv følgjande om stolane:

To utskorne stolar med gamalt fint gyldenler er nyleg gjevne til kyrkja som brurestolar av Lars E. Osa og kona. Lars har og laga stolane.[24]

Offerutstyr

Fattigpung

Treskaft med ring, skjefte og bjølle i metall, pose av stoff. Posen har ytterstoff av raud fløyel i fire strykejarnsforma deler. Berre den fremste med broderi er nokolunde bevart, dei andre er rivna i lengderetning fleire stader. Felta har vore sydde saman med saum markert med metallsurra silketråd, eit smalt band med innslag av same tråden under ringen. Fôr av kypertvove, lingarn i fem felt, lappa med grovare linlerret. Rundt ringen har posen vore forsterka med eit fiskebeinsmønstra, raudt band. Broderiet på framsida er eit monogram omgitt av ranke og med årstalet 1770 under. På vranga er silketråden i monogram og årstal gul, ranken er gulgrøn. Dusken går ut over ei stoppa kule av rosa ull-lerret. Treskaftet er 175 cm langt, ringen er oval, største diameter 14,8, skjeftet er om lag 18 cm langt. Posen er 18,5 cm djup, silkedusken i underkant ca 10 cm. Bjølla på skjeftet er 3,6 cm i diameter, med siselerte bokstavar ARD.

Offerskål

Skål av tinn med runda korpus. Merkt HOLSEN TINN. Diameter 27,3 cm, høgde 9 cm.

Diverse

Drikkekanne. Barokkforma nyare drikkekanne i sølv. Høgde 26 cm ved hengslet til loket, breidde 25 cm med hanken. Siselert monogram på korpus ESEE. Innskrift med skriveskrift under botnen: Til Ulvik kirke med takk 1976 Berit von Erpecom Dahl. Stempel 830 S, THORVALD OLSEN, BERGEN.

Solur. Treplate med hol for visarar, streker for skugge og romerske tal utafor ei opphøga ramme. Soluret er verslite og åringane er framheva i materialen. Mål: 51,5 x 38,5 x 3 cm.

Jordpåkastingsspade i eitt trestykke, klinka under i framkant. Skuffa har eit ekstra rom bak fremste delen. Initialar eller Jesusmonogram og årstal er skore inn på eine sida: IHS 1669 og initialar (dei to første skadde, den tredje S) og eit merke på den andre. Lengde 92,5, lengde blad 27, breidde 11 cm.

Skipsmodell, Isabella. Skipet låg på loftet då Bendixen var i kyrkja. Ljones fortel følgjande soge:

Eit tremasta selgskip som hekk i kyrkja, datt ned under bombardementet av Ulvik 25. april 1940. Ei kula råka rett på lekkjet som det hekk etter! Skipet er seinare vølt og er no hengt opp igjen. Ein sjømann frå bygdi, Isak Tveito, som i 1883 flytte til Amerika, gav skipet til kyrkja.[25]

Prosesjonskross. Standard massing prosesjonskross.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

a) Den eldste kyrkjegarden er den gamle kyrkjestaden som ligg noko lengre aust enn kyrkja, på garden Hakestad, rett ovafor prestegarden. (Sjå ovafor under Bakgrunn.)

b) Kyrkjegarden på Brakanes. Kring kyrkja er det gravplass på alle sider.c)

c) Rossvold gravplass vart anlagd i 1950-åra. Her er det laga eit reiskapshus. Midt på 1900-talet var kyrkjegarden rundt kyrkja fylt opp med graver, og det vart anlagt ny gravplass på Rossvoll som ligg høgre i terrenget nord for kyrkja. Frå denne gravplassen er det utsyn over Ulvikpollen i sør. Det er parkeringsplass og tilkomstveg i aust og blandingsskog i vest. Gravplassen er oppdelt i felt ved hjelp av grusveger som til dels er kanta med stein. Dei eldste gravene ligg nordaust på plassen. Mot nord er kyrkjegarden utvida med eit felt som ikkje er teke i bruk. Feltet har eigen port. Hovudporten i aust er av støypejarn festa i breie tørrmurte stolpar. Muren i aust er innvendes fylt opp med jordvoll. Elles er gravplassen avgrensa med gjerde med to liggjande bord feste til gjerdestolpar. I hjørnet i søraust står eit reiskapshus. Eldre og nyare bjørker, hengebjørker og andre, er dei viktigaste planteelementa på gravplassen.

Gravminne

Både Bendixen og Ljones omtalar ei tidlegare gravstein av marmor med ei innrissa teikning av ei kvinne med hovudlin, truleg frå 1300-talet. Steinen hadde innskrift i gotiske majusklar: HER:HVILIR:SIRIP:REIARS.DOTTR:ER:-HENR:ARTI(TH):EGI:FURIR:HVITR:SUNOR:. I Bendixenes tolking: Her hviler Sigrid Reiarsdotter er hennar artid degi forer hvitr sunor, d.e. Her hviler Sigrid Reiarsdotter, hendes dødsdag er dagen før pintsedag.[26] Denne steinen var vekke alt ved Bendixens registrering.

I våpenhuset står no ei gravhelle i raud sandstein. Skrifta er hoggen og dekkar det meste av steinen med unntak av nedst der det er hogge ein laurbærkrans. Steinen er over Malena Andersdotter, død 1674.

Kyrkjegarden på Brakanes har helst eldre graver, frå kyrkja vart oppført og fram til kyrkjegarden på Rossvoll vart teken i bruk. Nokre nyare gravminne finst og, men det vanlege no er at dei daude vert gravlagde på Rossvoll.

Kjelder

Utrykte kjelder

  1. Inventarlister, rekneskapar og synfaringar frå Statsarkivet i Bergen

Trykte kjelder

  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus amt, Bergen 1904 – 13
  2. Hohler, E. B., Norwegian Stave Church Sculpture, vol. I – II, Oslo-Stockholm-copenhaven –Oxford-Boston 1999
  3. Ljones, Torbjørn, Ulvik kyrkja : eit attersyn, Voss/Ulvik 1959
  4. Solhaug, M. B., Middelalderens døpefonter i Norge, vol. I – II, Oslo 2001
  5. Undeland, Sigurd E., ”Litt om prydnad og utstyr” i Ljones 1959, s. 74 – 83. (Dei fleste sitata frå Ljones er frå denne artikkelen)

Oppmålingsteikningar og fotografi

  1. Exterior of Ulvig church. 1845. Etter teikning av C.W. Rothery. Ljones 1959 s. 25.
  2. Frå gamle kyrkjegarden, Etter teikning av I.C. Dahl 28/7 1826, Nasjonalgalleriet, Ljones 1959 s. 58

Bilde


Fotnoter

  1. Ljones 1959, s. 91 f
  2. Synfaring 1686
  3. Synfaring 1709
  4. Ljones 1959, s. 75, også Bendixen 1904 – 13, s. 479
  5. Jfr. Hohler 1999, vol. I, s. 232 f
  6. Sjå BMÅ 1893 og Bendixen 1904 – 13, s. 476 f
  7. Synfaring 1721
  8. Rekneskapar 1711 - 1713
  9. Ljones 1959, s. 90
  10. Ljones 1959, s. 81
  11. Bendixen 1904 – 13, s. 479
  12. Inventarliste 1717 - 1720
  13. Rekneskap 1717-19
  14. Ljones 1959, s. 81 f
  15. Mål etter Bendixen 1904 – 13, s. 479
  16. Bendixen 1904 – 13, s. 480
  17. Ljones 1959, s. 83
  18. Bendixen 1904 – 13, s. 479
  19. Ljones 1959, s. 93-97
  20. Jf Solhaug 2001, vol II s. 98
  21. Desse tekstilane var i bestilling på registreringstidspunktet
  22. Jfr. Bendixen 1904 – 13, s. 481 f
  23. Ljones 1959, s. 83
  24. Ljones 1959, s. 83
  25. Ljones 1959, s. 83
  26. Bendixen 1904 – 13, s. 483. Sjå også Ljones 1959, s. 80